19
Årsmelding 2011

Enivest årsmelding 2011

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Om verksemda, organisasjonen, års- og resultatrekneskap.

Citation preview

Page 1: Enivest årsmelding 2011

Årsmelding

2011

Page 2: Enivest årsmelding 2011

Side 2Enivest årsmelding 2011

2011 - eit vekstår 3

Om verksemda 4

Organisasjonskart 5

Styret si melding for 2011 6

Årsrekneskap 8

Resultatrekneskap 11

Balanse 12

Rekneskapsprinsipp 14

Notar 15

Revisjonsberetning 18

«For oss i Enivest handlar breiband om:nyskaping, betra konkurransekraft, desentralisert offentleg forvaltning og eit effektivt næringsliv.

Enivest vil halde frem med å vere ein pådrivar for breibandsutbygginga og framtidig digital infrastruktur i Sogn og Fjordane – også i morgon!»

Innhald

Page 3: Enivest årsmelding 2011

Året 2011 har vore nok eit godt vekstår for Enivest. Vi har nytta åretgodt i lag med eigarar og samarbeidspartnarar til både å styrke vårgode infrastruktur i fylket, men og til å tilby framtidsretta og ny infra-struktur i Sogn og Fjordane.

Inngangen på året var ein kald vinter med vanskelege forhold forinfrastrukturbygging. Dette i kombinasjon med høge ambisjonarknytt til leveransetal og press på arbeidskapa-sitet med tanke på utføring av fiberbygging,har gjort at vi har måtte ha eit sterkt fokus pågjennomføring av våre planar og ambisjonar.

Vi ser at stadig nye tenester og aukande brukav tenester over internett har ført til eit vek-sande behov for bandbreidde. Dette er eintrend i Sogn og Fjordane så vel som i Norge ogresten av verda. Den stadig auka mengda avsmarttelefonar med tilhøyrande bruksmønsterer med på å forsterke dette. I tillegg er framto-get av såkalla OTT (Over The Top) tenestermed på å utfordre tradisjonelle måtar å leveretenester på, samt at det set krav til oss somkommunikasjonsleverandør å kunne levere stadig meir og betreinternett-tenester. Ein flyttar gjerne bruksmønsteret frå til dømes tra-disjonell TV-distribusjon over til distribusjon av innhald og tenester tilpc, smarttelefonar og nettbrett der ein er, og til den tid det passar forbrukaren.

Sogn og Fjordane er dessverre det fylket som ligg på botn når detgjeld tilgangen for innbyggjarane til høghastigheits internettlinjer.Årsak til dette er samansett. Enivest som aktør har teke ansvar for ågjere noko med situasjonen. Vi har i 2011 bygd ut stadig fleire byg-gefelt og tettstader rundt omkring i fylket med fiberinfrastruktur somdekkjer framtidas behov, og vi har i tillegg supplert med oppgrade-ring av teleinfrastrukturen med nye DSL-teknologiar der vi ser atdette har vore hensiktsmessig.

Den aukande veksten av bandbreiddebehov som stadig gjer seggjeldande, gjer at vi som breibandsoperatør har nytta året til å opp-gradere nettet i Sogn og Fjordane med tanke på transportkapasitet.

Vi utnyttar stadig fordelen vi har i fiberinfrastruktur med å tilføre nyteknologi og elektronikk for å utvide kapasiteten til den auka vekstenbåde i bedrifts-, privat- og det offentlege segmentet. I tillegg har vinytta 2011 til å fokusere meir på å sikre eit mest mogeleg robustnett og styrke sårbare punkt.

Dagmar, Berit og andre dagar med uvêr har tydeleg vist behovet forå byggje robust, samt sikre tilførslevegar medredundante løysingar. Vi blei på lik linje medandre kommunikasjonsleverandørar råka avDagmar sine hendingar på slutten av året.

Ein blir fort audmjuk i forhold til styrke og kon-sekvensar med slike naturkrefter, og vi får settpå dagsordenen rolla og ansvaret til bådestraumleverandørar så vel som telekomleve-randørar, som oss, i ein slik situasjon. Hendin-gane har gitt oss gode indikasjonar på at vihar eit godt og robust nett, men har og gitt osslærdom om kva vi kan gjere betre.

Gjennom utbygginga av stadig ny framtids-retta infrastruktur og samstundes styrking av eksisterande transport-nett i fylket, meiner vi at Enivest jobbar for å ivareta si rolle somsamfunnsbyggjar, samtidig som vi forsterkar våre kompetansear-beidsplassar og tilrettelegg at kundane våre framleis skal ha god ogstabil tilgang til telekomtenestene vi leverer.

Vi vil med dette takke våre kundar som viser oss tillit, og våre sam-arbeidspartnerar som har bidrege til å styrke vår posisjon som tele-kommunikasjonsaktør i Sogn og Fjordane.

Mvh

Nandor Helgheim Dagleg leiar

Side 3Enivest årsmelding 2011

2011 – eit vekstår

Året som har gått

Page 4: Enivest årsmelding 2011

Enivest sitt styre er samansett av: Fast medlem: Vara: Fredrik Behrens (styreleiar) Svein O. Lien (møter fast) Bjarne Skaar Asgeir Aase Roger Flølo Helge Robert Midtbø Ingvild Ragna Myhre Kevin Barry Shanks (tilsettrepresentant) Torild Skogsholm Torbjørn Os (tilsettrepresentant)

Eigarskap

Verksemdasitt fulle namn: ENIVEST ASFøretaksnummer: 982 503 620Hovudkontor: Firdavegen 5, 6800 FørdeAvdeling Sandane: Strandtun i Bukta, 6821 Sandane

Selskapsinformasjon

Side 4Enivest årsmelding 2011

Aksjonær Tal aksjar Eigarandel Stemmeandel

Sunnfjord Energi AS 9.041 49,2 % 49,2 %Sogn og Fjordane Energi AS 7.114 38,7 % 38,7 %Nandor Helgheim 918 5,0 % 5,0 % BKK Marked AS 661 3,6 % 3,6 %Stryn Energi AS 396 2,2 % 2,2 %Førde Kommune 66 0,4 % 0,4 %Naustdal Kommune 66 0,4 % 0,4 %Hyllestad Kommune 33 0,2 % 0,2 %Jølster Kommune 33 0,2 % 0,2 %Gloppen Kommune 31 0,2 % 0,2 %

Totalt antal aksjar 18.359 100 % 100 %

Om verksemda

Page 5: Enivest årsmelding 2011

Side 5Enivest årsmelding 2011

Organisasjonskart

Kontorstruktur Hovudkontor Førde 34 tilsette Avdelngskontor Sandane 2 tilsette

Verksemda har eigarpartar i Sandane Næringshage og Bedriftsnettverket Sogn og Fjordane.

Organisasjon Enivest har endra organiseringa av selskapet i 2011 og aktivitetane er delt inn i følgjene hovudområde:

• Sal BM blir leia av Ole Ingar Haaland og har ansvar for sal og oppfølging av bedriftskundar.• Sal PM blir leia av Margrete Lunde og har ansvar for sal og oppfølging av privatkundar, der i blant drift av leveranse- og kundeservice.

Avdelinga har òg ansvar for verksemda sine kunderetta aktivitetar innan sal og marknadsføring.• Nett og tenester blir leia av Arild Fleten og har ansvar for utbygging, leveranse og drift av verksemda sin infrastruktur• Økonomi/stab blir leia av Gerry Eikeland og har ansvar for selskapets økonomi- og regnskapsfunksjon, personal og andre stabsrelaterte

oppgåver.

Nandor Helgheim

Dagleg leiar

Gerry Eikeland

Tal tilsette: 4

Tal tilsette: 19 Tal tilsette: 9Tal tilsette: 3

Økonomi/stab

Margrete Lunde

Sal PM

Ole Ingar Haaland

Sal BM

Arild Fleten

Nett og tenester

Om verksemda, framh.

Page 6: Enivest årsmelding 2011

Side 6Enivest årsmelding 2011

Styret si melding for 2011

Enivest har også i 2011 lagt bak seg et år med stor aktivitet, medvekst både i omsetning og tal kundar. Veksten er et resultat avEnivest si bevisste satsing på utbygging av fiber til heimen (FTH)samtidig som ein har vidareutvikla tilbodet knytt til DSL (leveringgjennom kopar) gjennom utbygging av fleire VDSL-sentralar.

Utbygging av fiber til heimen har sidan 2009 vore eit viktig satsings-område for Enivest og vil vere det også i åra framover. Ved utgangenav 2011 er det levert nesten 3000 fiberkundar og det er ei viktigårsak til omsetningsveksten til selskapet.

I 2011 har det vært utbygging av fiberfelt i Florø (3), Gloppen (1),Stryn (4), Eid (1) og Førde (4) i tillegg til fleire mindre prosjekt knytt tilburettslag og leilegheitskompleks.

Utbygging av fiber er ein viktig og riktig satsing i forhold til å gi inn-byggarane i Sogn og Fjordane tilgang til andre generasjon breiband.Sogn og Fjordane er i dag det fylket med dårlegast dekning av andregenerasjon breiband med ei dekning på 26% mens ein i Oslo har eidekning på 95%*

Enivest gjennom det siste året

70 000

60 000

50 000

40 000

30 000

20 000

10 000

Utvikling driftsinntekter

2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 *) Kjelde: Post- og Teletilsynet

Page 7: Enivest årsmelding 2011

Side 7Enivest årsmelding 2011

Styret si melding for 2011 framh.

Privatmarknaden knytt til andre teknologiar, såkalla DSL-teknologi(kopar og radio) syner ei utflating samanlikna med tidlegare år nokosom dels skuldas at fleire skiftar frå DSL til fiber i takt med utbyg-ginga av FTH.

I bedriftsmarknaden har det og vore god vekst i 2011 og også herser ein ei overgang frå DSL-teknologi til fiber. Årsaka til dette erbehov for større kapasitet og meir stabile linjer og ein forventar atdenne trenden vil fortsette også i 2012.

Drifta av nettet har i 2011 vore stabilt med lite feil eller driftsavbrot.Største enkelthendinga var uveret «Dagmar» som sette beredskapentil Enivest på ei krevjande prøve. Takka vere gode rutinar og god inn-sats frå tilsette i Enivest og dei ulike nettselskapa, kom ein gjennomhendinga på ein god måte utan langvarige brot for dei fleste kun-dane.

Frå fiberutbygging i Farsund-feltet i Førde, hausten 2011.

Page 8: Enivest årsmelding 2011

Side 8Enivest årsmelding 2011

VerksemdaVerksemda sitt formål er, på forretningsmessig basis, å opprette ogtilby framtidsretta kommunikasjonsnett og tenester knytt til dennetypen nett, her medrekna deltaking i og kjøp/sal av andre verksem-der med liknande formål. Verksemda kan også engasjere seg i andreforretningsområde og verksemder når dette er eigna til å styrkjehovudforretningsområdet, eller føre til meir rasjonell utnytting avverksemda sine ressursar.

DriftsinntekterSum driftsinntekter for 2011 er kr 70,0 millionar som er ein auke påkr 8,5 millionar eller 13,8 %, frå føregåande år.

DriftskostnaderSum driftskostnader for 2011 er kr 63,5 millionar som er ein auke påkr 7,4 millionar eller 13,3 % frå føregåande år.

ResultatDriftsresultatet for 2011 er kr 6,5 millionar mot kr 5,4 millionar i2010, noko som utgjer ein auke på 19,2 %. Årsresultatet etter skatt har auka frå kr 3,8 millionar i 2010 til kr 4,6millionar i 2011.

BalanseVerksemda sin balanse syner ved utgangen av 2011 ein eigenkapitalpå kr 36,1 millionar noko som utgjer 58,5 % av totalkapitalen på kr 61,7 millionar. Tilsvarande tal for 2010 var ein eigenkapital på kr 31,6 millionar som utgjer 57,8 % av totalkapitalen på kr 54,6 mil-lionar.

Likviditetsbehaldninga utgjer ved utgangen av 2011 kr 3,9 millionarmot kr 3,5 millionar i 2010.Varige driftsmidlar utgjer ved utgangen av 2011 kr 44,9 millionarmot kr 41,4 millionar i 2010.Langsiktig gjeld til kredittinstitusjonar utgjer ved utgangen av 2011kr 7,6 millionar mot kr 9,7 millionar i 2010.

Verksemda si stilling og resultat av verksemdaUtover det som kjem fram av årsoppgjeret kjenner ikkje styret tilandre forhold vedrørande marknad og prisutvikling som er av inte-resse for å vurdere verksemda.

Framleis driftRekneskapet er oppgjort med føresetnad om framleis drift.

Årsrekneskap

Styret si melding for 2011 framh.

Page 9: Enivest årsmelding 2011

Side 9Enivest årsmelding 2011

Styret si melding for 2011 framh.

Disponering av årsoppgjeretVerksemda sitt årsresultat etter skatt er på kr 4.564.201.Styret gjev overfor generalforsamlinga framlegg om at årsresultatetvert disponert slik:

Avsett til utbytte: Kr 0,-Overførast eigenkapital: Kr 4.564.201,-Totalt disponert: Kr 4.564.201,-

Helse, miljø, tryggleik og klimaSjukefråværet i verksemda var i 2011 på 5,84 %. Dette er for Enivestein liten nedgong frå 2010 (5,96%), men likevel ein stor auke settopp mot tidlegare år.

Alle avdelingsleiarane har tett oppfølging med dei som er sjukmelde,og gjennomfører dialogmøter og utarbeidar handlingsplanar somstettar dei nye reglane for oppfylging av sjukemeldte frå 1. juli 2011.Det skal arbeidast ytterlegare målretta for å få ned sjukefråværet i2012 for å komme i mål om eit sjukefråvære på under 3%. Det har ikkje vore ulykker eller skader forbunde med arbeid i verk-semda som har ført til fråvær. Vi har heller ikkje registrert at noko avfråværet skuldast forhold på arbeidsplassen. Vi har investert i heve-/senkepultar og trådlause headset på nesten samtlege arbeidsstasjo-nar for å unngå slitasjeskadar.

Resultat frå medarbeidarsamtalar tyder på at tryggleik og trivsel harhøgt fokus, og at det er eit godt arbeidsmiljø i verksemda.

På lik linje med tilsvarande verksemder tilfører ikkje Enivest miljø-forureiningar eller utslepp i særleg grad. Selskapet har i 2011 blittmedlem i RENAS, noko som ivaretek det lovpålagde ansvar selska-pet har som importør av elektiske og elektroniske produkt til å sørgjefor innsamling og miljøriktig behandling av kasserte produkt.

Selskapet har fokus på å ikkje forbruke meir energi enn naudsynt forå produsere tenester for elektronisk kommunikasjon. Kommunikasjonsløysingar og internett som verktøy er i fleire tilfellemed på å redusere behovet for reiser for kundar som er medvitne påå unngå ytre forureiningar.

LikestillingAv Enivest sine 36 fast tilsette er det 23 menn og 13 kvinner. Selskapet har fremma like mogelegheiter for menn og kvinner vedtilsetjingar. Selskapet er opptatt av mangfald og inkludering, og atingen skal oppleve ulik handsaming og mangel på likestilling i detdaglige arbeid.

Framtidsutsikter Styret meiner det både forretningsmessig og finansielt er lagt eitgodt grunnlag for ein tilfredsstillande utvikling for Enivest i 2012.

Page 10: Enivest årsmelding 2011

Førde, 1. mars 2012

Side 10Enivest årsmelding 2011

Styret si melding for 2011 framh.

Det er i 2011 satt i verk eit strategiarbeid for utviklinga av breiband iSogn og Fjordane i regi av IT-Forum Sogn og Fjordane med tanke påutbygging av neste generasjon breiband. Resultat av dette arbeidetog den politiske handsaminga av dette, gjev signaleffekt for oss somaktør så vel som for alle andre aktørar i marknaden.

Resultat av arbeidet seier mykje om den retning myndigheitene i fyl-ket ynskjer å bevege Sogn og Fjordane som samfunn. Val av defini-sjonar og målsettingar må i sin tur føljast opp i marknaden i form av

teknologiske løysingar og investeringar frå aktørane. Vi ser medspaning fram til å følje dei politiske drøftingane og ikkje minst deiavgjerder ein tek for kommande generasjonar i Sogn og Fjordane.

Styret meiner det er god grunn til å takke alle tilsette i verksemda,som gjennom året har arbeidd målretta for å oppnå den utvikling avverksemda som har funne stad. Det er god og samla innsats somgjer at verksemda har lukkast med å skape framgang, auka aktivitetog positiv resultatutvikling.

Fredrik BehrensStyreleiar

Bjarne SkaarStyremedlem

Roger FløloStyremedlem

Torild SkogsholmStyremedlem

Ingvild Ragna Myhre Styremedlem

Torbjørn OsStyremedlem

tilsetterepr.

Nandor HelgheimDagleg leiar

Fredrik Behrens

Ingvild Ragna Myhre

Roger Flølo

Torbjørn Os

Svein Olav Lien

Torild Skogsholm

Styret i Enivest for 2011, med dagleg leiar Nandor Helgheim og fast vararepresentant Svein Olav Lien.

Nandor Helgheim

Bjarne Skaar

Page 11: Enivest årsmelding 2011

Notar DRIFTSINNTEKTER OG DRIFTSKOSTNADER 2011 2010

Salsinntekt 69 456 266 60 979 147

Anna driftsinntekt 516 675 512 657

Sum driftsinntekter 69 972 940 61 491 805

Varekostnad 24 618 067 21 599 617

1 Lønnskostnader m.m. 16 181 984 14 638 095

3 Ordinære avskrivingar 13 332 906 10 792 682

1 Andre driftskostnader 9 367 449 9 032 800

Sum driftskostnader 63 500 405 56 063 194

Driftsresultat 6 472 535 5 428 611

FINANSINNTEKTER OG FINANSKOSTNADER

Anna renteinntekt 245 049 195 914

Anna finansinntekt 0 9 113

Anna rentekostnad 369 217 269 933

Netto finansresultat -124 167 -64 906

Ordinært resultat før skattekostnad 6 348 368 5 363 705

4 Skattekostnad på ordinært resultat 1 784 167 1 556 031

ÅRSRESULTAT 4 564 201 3 807 673

OVERFØRINGAR

Avsett til anna eigenkapital 4 564 201 3 807 673

Sum overføringar 4 564 201 3 807 673

Side 11Enivest årsmelding 2011

Resultatrekneskap

Page 12: Enivest årsmelding 2011

Notar EIGEDELAR 2011 2010

Anleggsmidlar

4 Utsatt skattefordel 846 968 440 417

Sum immaterielle eigedelar 846 968 440 417

Varige driftsmidlar

3, 5 Maskiner og anlegg 43 080 192 36 645 126

3, 5 Driftslausøyre, inventar, edb m.m. 1 708 300 2 209 492

3, 5 Anlegg i arbeid 125 000 2 574 777

Sum varige driftsmidlar 44 913 493 41 429 394

Investeringar i aksjar og andelar 15 000 15 000

Sum finansielle anleggsmidlar 15 000 15 000

Sum anleggsmidlar 45 775 460 41 884 811

OMLØPSMIDLAR

Varer 3 004 313 2 822 944

FORDRINGAR

5 Kundefordringar 6 701 284 3 941 702

Andre fordringar 2 342 179 2 499 236

Sum fordringar 9 043 463 6 440 938

7 Bankinnskot 3 904 523 3 497 775

Sum omløpsmidlar 15 952 299 12 761 657

SUM EIGEDELER 61 727 759 54 646 468

Side 12Enivest årsmelding 2011

Balanse pr. 31. desember

Page 13: Enivest årsmelding 2011

Notar EIGENKAPITAL OG GJELD 2011 2010 Eigenkapital Innskoten eigenkapital 2 Aksjekapital 18 359 000 18 359 000 Sum innskoten eigenkapital 18 359 000 18 359 000

Opptjent eigenkapital Annan eigenkapital 17 773 128 13 208 927 Sum opptjent eigenkapital 17 773 128 13 208 927

6 Sum eigenkapital 36 132 128 31 567 927

GJELD Anna langsiktig gjeld 5 Gjeld til kredittinstitusjonar 7 604 391 9 684 399 Øvrig langsiktig gjeld 1 584 468 1 806 495 Sum anna langsiktig gjeld 9 188 859 11 490 894

Kortsiktig gjeld Leverandørgjeld 6 867 476 5 737 771 4 Betalbar skatt 2 190 718 1 657 493 Skuldig offentlege avgifter 1 103 521 950 281 Anna kortsiktig gjeld 6 245 058 3 242 102 Sum kortsiktig gjeld 16 406 773 11 587 647

Sum gjeld 25 595 632 23 078 541 Sum eigenkapital og gjeld 61 727 759 54 646 468

Førde, den 01.03.2012

Side 13Enivest årsmelding 2011

Balanse pr. 31. desember, framh.

Fredrik BehrensStyreleiar

Bjarne SkaarStyremedlem

Roger FløloStyremedlem

Torild SkogsholmStyremedlem

Ingvild Ragna Myhre Styremedlem

Torbjørn OsStyremedlem

tilsetterepr.

Nandor HelgheimDagleg leiar

Page 14: Enivest årsmelding 2011

Side 14Enivest årsmelding 2011

RekneskapsprinsippÅrsrekneskapen er sett opp i samsvar med Regnskapsloven av 1998og god rekneskapsskikk i Norge. Verksemda følgjer rekneskapsreglane for små føretak etter Regn-skapsloven og NRS nr. 8 Små Foretak.

Generelle inntekts- og kostnadsføringsprinsippInntekt vert resultatført når den er opptjent, normalt på leveringstids-punktet ved sal av varer og tenester. Driftsinntekter er fråtrekt meir-verdiavgift, rabattar og bonusar. Forskotsbetalte abonnement, sompå betalingstidspunktet gjeld for ein periode på meir enn 12 måna-dar fram i tid, vert balanseført som anna langsiktig gjeld, og inn-tektsført etter kvart som tenestene blir levert.

Utgifter vert samanstilt med og kostnadsført samtidig med dei inn-tekter utgiftene kan visast til. Utgifter som ikkje kan visast direkte tilinntekter vert kostnadsført når dei påløper. Mottatt driftstilskot blirbokført som reduksjon av dei driftsutgifter tilskotet er meint å dekke.Ubenytta driftstilskot blir bokført som anna kortsiktig gjeld.

Hovudregel for vurdering og klassifisering av eigedelar og gjeldEigedelar bestemt til varig eige eller bruk er klassifisert somanleggsmidlar. Andre eigedelar er klassifisert som omløpsmidlar. For-dringar som skal tilbakebetalast innan eit år er klassifisert somomløpsmidlar. Ved klassifisering av kortsiktig og langsiktig gjeld ertilsvarande kriterie lagt til grunn.

Anleggsmidlar vert vurdert til anskaffelseskost, men vert nedskrivetil verkeleg verdi når verdifallet ikkje forventast å vere forbigåande.Anleggsmidlar med avgrensa økonomisk levetid vert avskrive plan-messig. Mottatt anleggsbidrag vert samanstilt med dei investeringarbidraget er gjeve for og reduserer årets tilgang. Ubenytta anleggs-bidrag vert bokført som anna langsiktig gjeld.

Omløpsmidlar vert vurdert til lågast av anskaffelseskost og verkelegverdi.

Rekneskapsprinsipp

Page 15: Enivest årsmelding 2011

NOTE 1 – LØNNSKOSTNADER, TAL TILSETTE, GODTGJERSLER, LÅN TIL TILSETTE MM.

Lønnskostnad 2011 2010Lønn 15 541 022 13 931 511Folketrygdavgift 1 668 107 1 506 628Pensjonskostnader 302 777 336 274Andre ytelsar 420 167 524 094Sum 17 932 073 16 298 507- Aktiverte eigne investeringsarbeid 1 750 090 1 660 413Netto lønnskostnader 16 181 984 14 638 095 Tal sysselsette årsverk 36 29

Føretaket er pliktig til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon,og har pensjonsordning som tilfredsstiller krava i denne lova.

Dagleg leiar StyretYtelsar til leiande personar 2011 2010 2011 2010Dagleg leiar 871 991 843 657 51 500 45 000Pensjonskostnader 18 966 18 162 0 0Annan godtgjersle 112 834 113 623 0 0Sum 1 003 791 975 442 51 500 45 000

Ytelsar til revisor Deloitte AS 2011 2010Revisjon 105 000 64 000Revisjonsrelaterte tenester:– Anna rekneskapsbistand 0 52 500– Andre revisjonsrelaterte tenester 0 2 600Sum 105 000 118 850

NOTE 2 – AKSJEKAPITAL OG AKSJONÆRINFORMASJON

Aksjekapitalen Antal Pålydande BokførtA-aksjar 18 359 1 000 18 359 000Sum 18 359 18 359 000

Aksjonærane Antal aksjar Eigarandel StemmeandelSunnfjord Energi AS 9 041 49,2 % 49,2 %Sogn og Fjordane Energi AS 7 114 38,7 % 38,7 %Nandor Helgheim 918 5,0 % 5,0 %BKK Marked AS 661 3,6 % 3,6 %Stryn Energi AS 396 2,2 % 2,2 %Førde Kommune 66 0,4 % 0,4 %Naustdal Kommune 66 0,4 % 0,4 %Hyllestad Kommune 33 0,2 % 0,2 %Jølster Kommune 33 0,2 % 0,2 %Gloppen Kommune 31 0,2 % 0,2 %Totalt antal aksjar 18 359 100 % 100 %

Aksjar eigd av styret og dagleg leiar A-aksjar Eigarandel StemmeandelStyret 0 0 0,0%Dagleg leiar 918 5,0% 5,0%

Side 15Enivest årsmelding 2011

Notar

Page 16: Enivest årsmelding 2011

NOTE 3 – ANLEGGSMIDLAR Maskiner Anlegg og anlegg Driftslausøyre i arbeid SUMAnskaffelseskost 01.01. 83 891 585 8 165 919 2 574 777 94 632 281Tilgang kjøpte driftsmidlar 18 727 877 538 904 -2 449 777 16 817 004Anskaffelseskost 31.12. 102 619 462 8 704 823 125 000 111 449 285– herav er årets tilgang redusert med anleggsbidrag 0 0 0 0

Akkumulerte avskrivningar 01.01. 47 246 465 5 956 429 0 53 202 894Årets avskrivningar 12 292 810 1 040 095 0 13 332 906Akkumulerte avskrivningar 31.12 59 539 275 6 996 524 0 66 535 799

Bokført verdi pr. 31.12. 43 080 192 1 708 300 125 000 44 913 493 Økonomisk levetid 3 - 20 år 3 - 10 år ingen avskrivingAvskrivningsplan Lineær Lineær

NOTE 4 – SKATTEKOSTNAD OG UTSETT SKATTEFORDEL/-FORPLIKTINGAR

Årets skattekostnad framkjem slik: 2011 2010Betalbar skatt 2 190 718 1 657 493Korreksjon skatt tidlegare år 0 55 615Endring i utsett skatt -406 551 -157 076 Årets skattekostnad 1 784 167 1 556 032 Spesifikasjon av skatteeffekten av midlertidige skilnader Driftsmidlar -549 607 -168 817 Fordringar -297 360 -271 600Netto utsett skattefordel/-forpliktingar -846 968 -440 417Ikkje balanseført utsett skattefordel Netto utsett skattefordel/-forpliktingar i balansen -846 968 -440 416

Side 16Enivest årsmelding 2011

Notar, framh.

Page 17: Enivest årsmelding 2011

NOTE 5 – LANGSIKTIG GJELD, PANTESTILLINGAR OG GARANTIAR M.V.

Spesifikasjon av anna langsiktig gjeld: 2011 2010Forskotsbetalte abonnement, breibandskundar 0 0Ubenytta anleggsbidrag og driftstilskot 1 584 468 1 806 495Sum 1 584 468 1 806 495

Gjeld som forfell meir enn fem år etter rekneskapsårets slutt: Øvrig langsiktig gjeld 0 0Sum anna langsiktig gjeld 0 0

Bokført gjeld som er sikra ved pant o.l.: Øvrig langsiktig gjeld 7 604 391 9 684 399Sum 7 604 391 9 684 399

Bokført verdi av eigedelar stilt som sikkerheit for gjeld: Maskiner og anlegg 43 080 192 36 645 126Driftslausøyre 1 708 300 2 209 492Anlegg i arbeid 125 000 2 574 777Kundefordringar 6 701 284 3 941 702Sum 51 614 776 45 371 097

NOTE 6 – EIGENKAPITAL Aksje- Anna kapital eigenkapital SumEigenkapital 31.12.10 18 359.000 13 208 927 31 567 927

Årets endring i eigenkapital:Avsett utbytte 0 0 0Årets resultat 4 564 201 4 564 201Eigenkapital 31.12 18 359 000 17 773 128 36 132 128

NOTE 7 - BANKINNSKOTBankinnskot, kontantar o.l. omfattar bundne skattetrekksmidlar med kr 658 475.

Side 17Enivest årsmelding 2011

Notar, framh.

Page 18: Enivest årsmelding 2011

Side 18Enivest årsmelding 2011

Revisjonsmelding

Page 19: Enivest årsmelding 2011

Side 19Enivest årsmelding 2011

Revisjonsmelding