8
Valprogram 2011-2015 Ny kurs for Fjell

Fjell

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Fjell program 2011

Citation preview

Valprogram 2011-2015Ny kurs for Fjell

Raudt går til val på å styrkja den offent-lege velferda og arbeida mot forskjells-Noreg. Vi arbeider eit samfunn der omsynet til folks behov og dei tilsette sin medverknad står i sentrum, ikkje pengemakt og profitt.

Privatisering, konkurranseutsetjing og markadsløysingar har breia om seg dei seinare åra. Private bedrifter har suger-øyr ned i kommunekassa og har tent seg rike på dårlege arbeidsforhold og kvaliteten på velferdstenestene. Raudt vil fjerna dei kommersielle aktørane og gje dei tilsette tryggleik, tid og tillit til å skapa eit godt velferdstilbod.

Raudt mener gode og trygge arbeids-forhold er ein føresetnad for å kunna gjera ein god jobb over tid. I omsorgs-sektoren er det avgjerande at dei tilsette har nok tid til å gje god omsorg. Og dei som faktisk gjer jobben veit best korleis han skal gjerast og korleis tenestene kan verta betre. Då må dei tilsette få meir å seia. Ordna løns- og arbeidsforhold for offentlege tilsette sik-rar gode velferdstenester.

Velferda skal vera offentleg – ingen butikk

Kunnskap og læring er berebjelken for alle samfunn. Det er på skulen ungane skal tileigna seg kunnskap og sosiale ferdigheiter. Me må gje dei unge dei beste føresetnadene for å lukkast, og då må det satsast meir på skulen. Det må verta fleire og betre utdanna læra-rar og betre læremateriell.

Raudt Fjell arbeider for:• Gratis SFO for 1.-4. klasse• Kraftig auka vedlikehald av sku-

lane. Riktig vedlikehald sparer kommunen for mykje pengar på lang sikt.

• Skulebygga som i dag har dår-lig standard må oppgraderast. Kommunestyret må forplikta seg

gjennom plan til å gjennomføra vedtekne opprustningar.

• For at folk skal ha tilbod om barne-hageplass i nærmiljøet.

• For rimelegare barnehagar. På sikt bør barnehagane vera gratis til liks med skulen. Raudt vil prioritera gratis kjernetid i barnehagane i neste periode.

• For auka satsing på pedagogikk og læring i barnehagen.

• For gratis varme måltid i skule og barnehage.

• At Fjell kommune ikkje skal gje dis-pensasjonar frå kravet om peda-gogisk kompetanse i private eller kommunale barnehagar.

Skule og barnehage

Foto: Jeff Prieb/sxc.hu

Klima, miljø og samferdselDen rike delen av verda må ta sin del av ansvaret for å redusera klimagass-utsleppa. Problema vert ikkje mindre av å utsetja dei, likevel vert politikken lagt opp som om klimaendringane er noko me kan handtera i framtida. Her og no legg fleirtalet i kommunestyret opp til ein kraftig auke i bilbruken.

Raudt meiner arbeidet mot eit meir be-rekraftig og miljøvennleg samfunn må starta no. Det tyder at ein må gå mot tiltak som aukar utsleppa og arbeida for tiltak som senkar dei. Raudt Fjell vil føra ein slik politikk.

Raudt går difor mot vidare utbygging av bilbaserte handlesentra på Straume og det framlegget til nytt Sotrasamband som no ligg føre.

Raudt vil demokratisera byutviklinga på Straume – utviklinga må skje i kom-munal regi der omsynet til folk og miljø kjem før omsynet til handel, butikk og profitt.

Berre 14 prosent av skatteinntekene går til kommunane. Det er og staten som tek inn veg- og bensinavgifter. Så lenge det er slik må vegar og samferd-sel vera eit statleg ansvar. Raudt vil gå mot forslag om bompengefinansiering av eit nytt Sotrasamband.

Raudt Fjell arbeider for:• Gratis busstilbod til alle i rushtida

og betre og rimelegare kollektiv-transport.

• Å oppretta eit miljøfond for medfi-nansiering av private ENØK-tiltak.

• Pålegg om vassbåren varme i private og offentlege nybygg.

• Forpliktande ENØK-program i alle eksisterande kommunale bygg.

• Ein lokal femårsplan for reduserte klimagassutslepp

• Nei til utbygging av bilbaserte handlesenter og kommunesenter. Heile kommunen må utviklast slik at bilbehovet reduserast kraftig.

Tilhøva for dei tilsette og tilbodet til dei pleietrengane heng tett saman. Raudt meiner det viktigaste tiltaket for å betra helse- og omsorgstilbodet er å auka grunnbemanninga og gje rom for meir personleg oppfølging. Eit arbeidsliv der turnusordningane er avhengige av små og fleksible deltidsstillingar må motar-beidast og avviklast. Raudt arbeider for forsøksordningar med seks timars arbeidsdag i dei tunge omsorgsyrka.

Raudt Fjell arbeider for:• For tilbod om gratis eldretrim i

kommunen.• For forsøksprosjekt med seks

timars arbeidsdag i omsorgsyrka• Mot stoppeklokkeomsorg

• For fleire lokale helsetenester• For utviding av det kommunale

jordmortilbodet• For utvida samarbeid med Bergen

kommune for beredskap mot fami-lievald og kvinner i krise

• At sosialhjelpssatsane skal liggja på SIFO-nivå, det vil seia det be-løpet Statens Institutt for Forbruks-forskning meiner trengst for å sikra eit rimeleg livsopphald.

• At alle som ynskjer det skal få tilbod om heiltidsstillingar i skule og helse- og omsorgssektoren.

• Nei til bruk av vikarbyrå, mellom-belse tilsette og konkurranseut-setjing i helse- og omsorgssekto-ren.

Helse og omsorg

Industri og nærings-utviklingIndustrien i Fjell kommune er den vik-tigaste inntektskjelda for både innbyg-gjarane og kommunen.

Raudt vil arbeida for å ta vare på og vidareutvikla industrien gjennom ein aktiv industri- og næringspolitikk. Me vil arbeida for at det vert sett av tilstrekke-leg areal og infrastruktur for ny indus-tri. Raudt vil gå mot omregulering av industriområde til handels- og senter-område.

Raudt vil støtta arbeidet i fagrørsla mot kontraktørverksemd, mellombelse til-setjingar, svart arbeid, sosial dumping og useriøse verksemder i byggje- og anleggsbransjen. Raudt vil arbeida for at Fjell kommune stiller klare og føres-

eielege krav til leverandørar ved bruk av anbod.

Raudt vil arbeida for å selja kommunen sin aksjepost i pengesluket Business Region Bergen AS.

Raudt Fjell arbeider for:• Å støtta og utvikla arbeidsplassar

gjennom god kommunal planleg-ging og om nødvendig kommunalt eigarskap.

• At selskap kommunen kjøper te-nester og varer frå så langt råd er lokale selskap med ordna tariff- og arbeidsforhold.

• Raudt vil innføra eigedomsskatt på luksusbygg, men med botnfrådrag for bustader av vanleg standard

Foto: Jasper Morse/sxc.hu

Kultur og idrettDet rike kulturlivet i Fjell må tryggjast og vidareutviklast. Raudt vil særskilt arbeida for at kulturskulen vert rime-legare. På sikt må målet vera å gjera kulturskulen gratis, men fyrst vil Raudt prioritera auka syskenmoderasjon.

Raudt Fjell arbeider for:• Å etablera eit aktivitetshus for

ungdom med øvingslokaler for band, teatergrupper, dansegrupper og kafé.

• For at kommunen skal stilla lokale fritt tilgjengeleg for livssynsnøy-

trale seremoniar som namnefest, borgarleg konfirmasjon og liknande slik ein stiller lokale til rådvelde for kyrkja.

• For reduserte eigendelar på kultu-relle aktivitetar

• For flere offentlege tilgjengelege datamaskiner

• Å auka løyvingane til det frivillige kulturlivet og sikra at skulekorpsa lever vidare.

• Å utvida symjetilbodet i kommu-nen. Skulebassenga skal kunne nyttast heile året

Foto: sofamonkez/sxc.hu

Fylkeskommunen har ansvar for kollektivtransporten og annan sam-ferdsel, dei vidaregåande skulane og tannhelsetenesta. På fylkestinget har Raudt dei seinare åra mellom anna arbeidd for å stansa konkurranseut-setjinga av Skyss og for å hindra kutt i den vidaregåande skulen. Sjølv med eit stadig større press for bompengar i Hordaland har Raudt røysta mot alle framlegg om bompengefinansiering dei fire siste åra.

På fylkestinget vil Raudt arbeida for:• At Skyss skal gjerast om til eit

fylkeskommunalt kollektivselskap med ansvar for heile Hordaland. Nei til anbodspolitikk og oppstyk-king av rutenettet.

• Nei til bompengar. Riksvegnettet er eit statleg ansvar.

• Nok ressursar til den vidaregåande skulen.

• Ein aktiv næringspolitikk for å sikra og vidareutvikla industrien og næ-ringslivet i heile Hordaland.

• Å stansa bygginga av monster-mastene i Hardanger.

• Styrking av det fylkeskommunale tannhelsetilbodet.

• At ubåten utanfor Fedje vert heva snarast mogleg.

• Å forsvara lokalsjukehusa i heile Hordaland.

Les heile programmet på raudt.no/hordaland

RaudtHordaland

raudt.no/fjell