17
1 Har vi mista att det Aasen fann? Helge Sandøy Universitetet i Bergen 1) Innleiing Eg er sikker på at de alle har høyrt utsegner om at ‘ungdommen her snakkar ikkje dialekt lenger’. Mange av dokker har sikkert òg sagt slikt sjølv. Eller ytra oppgitte utsegner om ei negativ og trist utvikling i dialekten som de sjølve snakkar. Slike replikkar kjem lett når folk pratar saman i kaffipausar og så vidare. Me sukkar over utviklinga og klagar på ungdommen, som om det skal vere noko gale med dei og med holdningane deira. I aviser og skrifter finn me stadige oppslag om dette, jamfør. for eksempel her på bilde 2. Me ser vel knapt oppslag med titlar som for eksempel «Her lever og blomstrar dialekten?». Når denne bodskapen blir repetert så ofte, set han djupe spor i hjerneborken vår. Difor pregar han perspektivet vårt og observasjonane våre. Annleis kan det ikkje bli når det er eit så einsidig bombardemang. I moderne kulturdebatt brukar ein ofte begrepet ‘den store samfunnssamtalen’, om det som gjennomsyrar temaa som massemedium, vanlege folk og det offentlege livet er opptekne av. I denne samfunnssamtalen er det negative perspektivet på dialektane sjølvsagt. Eg skal bruke stordelen av tida til å prøve å finne ut kva som er realiteten. Det spørsmålet har eg arbeidd med svært lenge innafor eit fag me kallar historisk sosiolingvistikk eller historisk dialektkunnskap. De anar sjølvsagt allereie no at eg kjem til å fortelje ei anna historie enn det som den store samfunnssamtalen formidlar. Dessutan skal eg bruke litt tid på å stille spørsmål om korfor den store samfunnssamtalen (diskursen) er slik han er. Det er eit språksosiologisk spørsmål. Ivar Aasen har no vore svært aktuell i arbeidet mitt i mange år. Innsatsen hans blir somme tider omtalt slik at han oppdaga dei norske dialektane eller fann det norske språket. Difor kan me spørje om me no held på og misser det han fann.

Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

1

Har vi mista att det Aasen fann? Helge Sandøy Universitetet i Bergen

1) Innleiing Eg er sikker på at de alle har høyrt utsegner om at ‘ungdommen her snakkar ikkje dialekt lenger’. Mange av dokker har sikkert òg sagt slikt sjølv. Eller ytra oppgitte utsegner om ei negativ og trist utvikling i dialekten som de sjølve snakkar. Slike replikkar kjem lett når folk pratar saman i kaffipausar og så vidare. Me sukkar over utviklinga og klagar på ungdommen, som om det skal vere noko gale med dei og med holdningane deira. I aviser og skrifter finn me stadige oppslag om dette, jamfør. for eksempel her på bilde 2.

Me ser vel knapt oppslag med titlar som for eksempel «Her lever og blomstrar dialekten?». Når denne bodskapen blir repetert så ofte, set han djupe spor i hjerneborken vår. Difor pregar han perspektivet vårt og observasjonane våre. Annleis kan det ikkje bli når det er eit så einsidig bombardemang. I moderne kulturdebatt brukar ein ofte begrepet ‘den store samfunnssamtalen’, om det som gjennomsyrar temaa som massemedium, vanlege folk og det offentlege livet er opptekne av. I denne samfunnssamtalen er det negative perspektivet på dialektane sjølvsagt. Eg skal bruke stordelen av tida til å prøve å finne ut kva som er realiteten. Det spørsmålet har eg arbeidd med svært lenge innafor eit fag me kallar historisk sosiolingvistikk eller historisk dialektkunnskap. De anar sjølvsagt allereie no at eg kjem til å fortelje ei anna historie enn det som den store samfunnssamtalen formidlar. Dessutan skal eg bruke litt tid på å stille spørsmål om korfor den store samfunnssamtalen (diskursen) er slik han er. Det er eit språksosiologisk spørsmål. Ivar Aasen har no vore svært aktuell i arbeidet mitt i mange år. Innsatsen hans blir somme tider omtalt slik at han oppdaga dei norske dialektane eller fann det norske språket. Difor kan me spørje om me no held på og misser det han fann.

Page 2: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

2

2) Forestillingar og verkelegheit Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita. Dette er eit viktig generelt skilje – sjølv om det objektive er eit litt farleg og ambisiøst begrep. Dét når me kanskje ikkje heilt ut, men det tilnærma objektive er målet, og det kan me finne gjennom systematisk observasjon og systematisk bearbeiding av observasjonane. Det var for eksempel systematisk bearbeiding av observasjonar som gjorde at me i dag erkjenner at det er jorda som går rundt sola. Hadde ikkje denne systematikken vore teken i bruk, hadde me framdeles trudd at sola går rundt jorda, for dét får me subjektivt stadfesta kvar einaste dag livet igjennom. Språket gir oss grunnlag for uendeleg mange observasjonar. Lydbølgjene som går gjennom lufta og inn øyret inneheld enormt med informasjon, der berre ørlite når bevisstheita vår. Dei som arbeider med talemål, får tidleg lære kor lite ein kan stole på det folk påstår om det språklege. Ja, ikkje eingong det folk påstår om korleis dei sjølve snakkar, kan ein lite på. Så snart ein informant har snudd seg, avslører han ofte at han seier noko heilt anna. Så lite kontroll har han eller ho på eigen tale. Denne upålitelegheita i det subjektive kan illustrerast med kor lett observasjonane våre blir styrt. Me kan sjå på måleriet gjengitt i bilde 3. BILDE 3-6.

Det kan ligge mykje informasjon i eit slikt måleri. Viss de no ser vekk, og eg spør kva de har sett, kan eg få skiftande svar. Det er ikkje opplagt at de hadde noko fokus. Me kan så styre fokuset med at legge inn f.eks. nokre siktelinjer, og då oppdagar alle plutseleg ting akkurat i

Page 3: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

3

fokuspunktet, for eksempel denne embetsmannsfrua. Men legg me linjene inn ein annen stad i bildet, oppdagar me for eksempel geita som me ikkje oppdaga i stad. Slik er det med alt me ser. Fokuset og perspektivet blir styrt av noko, og då ser me noko som festar seg på minnet og resten blir vagt. Det me observerer, er altså styrt. 2.1. Systematisk studium av endring Her må fagarbeidet begynne: Sikre seg pålitelege opplysningar om korleis folk faktisk snakkar i samfunnet. I dag er vanlegaste arbeidsmåten å få avslappa, frie samtalar inn på lydband. Ein skal ha tilfeldig utvalte, for eksempel etter loddtrekking, slik at ikkje ei spesiell gruppe språkbrukarar får rang framom hine. Og så vidare. Det er ein god del slike reglar for materalinnsamling som ein skal halde seg til for å unngå at det subjektive verkar inn på dataa ein får. Det gjer at me i dag kan skaffe oss nokså pålitelege opplysningar om faktisk tale i samfunnet. Med å bruke datamaskiner kan me få ut opplysningar om kor ofte det eller det blir sagt, og kor ofte det blir uttalt på den eine eller andre måten i bestemte lokalmiljø. Har me så opptak frå ulike tidspunkt (for eksempel 1970 og 2020), kan me òg seie nokså sikkert korleis språket i samfunnet da har forandra seg på 50 år. Berre for å illustrere arbeidsmåten vår, kan eg ta med at me ved Universitetet i Bergen har eit prosjekt kalla Dialektendringsprosessar. Der har me undersøkt dialektutviklinga mange plassar på Vestlandet på den måten eg no fortalte om. Og me har funne svært skiftande resultat rundt om. Ei svært stor forandring såg me for eksempel på Midøya over ein perode på 41 år (1969–2010). Fram til 1965 var søre delen øya del av Sunnmøre, og folket snakka fullstendig sunnmøringar, likeins som dei nordom grensa på øya, snakka reinhekla romsdalingar. Men frå og med 1965 blei sørdelen lagt inn under romsdalskommunen Midsund. BILDE 7 gjev geografisk orientering

Harald Grytten hadde samla materiale til ei dialektgransking der i 1969, og så kom ein medarbeidar i prosjektet vårt, Marie Fossheim, og laga ei gransking i 2009. Resultatet var eintydig: Frå 1980-åra begynte dei sunnmørske ungane på Søre Midøya å gå over til å snakke romsdalsk, og i 2009 var situasjonen slik at dei unge var nesten fullstending romsdalingar i språket. Resultata kan beskrivingast i prosent av produsert språk i dei to lokalsamfunna på Midøya. Her er resultata om den romsdalske tjukke l-en og pronomenet i – altså for ‘eg’. BILDE 8.

Page 4: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

4

Den røde streken viser auken i bruken av tjukk l; den blå viser pronomenet i for ‘eg’. Begge fenomena nådde nesten 80 i 2009. Me kan sjå at det framdeles er att nokre fåe prosentar før sunnmøringane er heilt like romsdalingane. Dette er eit eksempel på ei språkforandring, ei svært stor forandring faktisk. Men no må me presisere spørsmålet vårt: Har ungdommen på Søre Midøya slutta å snakke dialekt? Nei, dét ville i så fall vore ein heilt meiningslaus påstand, for romsdalingane snakkar dialekt like mykje som sunnmøringane. Men søre-midøyingane snakkar ikkje same dialekten som foreldra. Og på dialektkartet har det skjedd at fleire dialektgrenser har flytta seg. Presist kan me kalle dette eit dialektskifte. Me må altså skilje mellom ‘slutte å snakke dialekt’ og slutte å snakke dialekten’. BILDE 9.

Presiserer me spørsmålet til det første, så har vel folk i tankane at alternativet til ‘å snakke dialekt’ då er å snakke bokmål. Men det som skjer på Midøya, har ingenting med bokmål å gjere, heller ikkje med skriftmål eller fjernsyn eller andre medium å gjere. Det berre skjer. Kan hende beklagar dei unge midøyingane det òg at dei snakkar annleis enn foreldra, men dei kan ikkje mykje for det, for slik ‘blei det berre’. Med eit slikt uttrykk ‘blei det berre’, kvittar dei seg med (det personlege) ansvaret, og med all rett. Samfunnsforandringar og dei som gjore politiske vedtak må ta ansvaret.

Page 5: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

5

3. Den lengre historia Levande språk er alltid i forandring. Det er ein typisk eigenskap ved språk, og det må me legge inn som grunnlag for forståinga vår. Eg seier dette fordi kanskje dei fleste av oss har eit ubevisst ønske om at alt skal vere som då me sjølve voks opp. Men det ønsket er naturstridig. Det er berre daude språk som ikkje forandrar seg. Me må anstrenge oss for å slutte å ta utgangspunkt i eit nullperspektiv. I ein fagleg samanheng er det svært interessant at språkforandringane kan vere store eller småe, og dei kan skje raskt eller sakte. Me kan difor snakke om endringstempo. Og endringstempoet i språket vårt siste to tusenåra kan teiknast som i kurva på BILDE 10.

Kurva viser kva spidometeret for språkforandringstempoet viser til ulike tider i historie. To gonger har det komme langt over fartsgrensa. Ser de på kurva der ho er i dag, ute til høgre, blir heilt gale å hevde at me i dag er inne i ei stor språkendring. Tempoet er lågt no. Aller galnast er det å seie at det er meir forandringar enn nokon gong før. Kan hende har endringane aldri vore færre nokon gong enn i vår tid! Ei slik framstilling av endringstempoet kan gjere det lettare å forstå kva som er årsakene til forandringane. Og ikkje mindre: Korfor forandrar ikkje språket seg meir enn det gjer i visse periodar. Første toppen i endringstempoet blir omtalt som overgangen frå urnordisk til gammalnorsk (eller norrønt). De har sikkert sett runeinnskrifter på urnordisk, altså språket før sirka 700 e.Kr. Der er det gjerne lite å kjenne att, sjølv om det blir skrive med våre bokstavar, som f.eks. Ek HlewagastiR holtijaR horna tawido. Det er frå Gullhorn-innskrifta frå sirka 400 e.Kr., som kanskje er den mest kjente innskrifta. Den er frå Danmark, som hadde same urnordiske språket som Norge. Viss runeristaren hadde levd på Harald Hårfagre si tid, ville han ha sagt: Ek Légestr á Holti hornit gerða. Og dét er straks lettare å forstå for oss. Men på den tida fanst ikkje dette namnet Legestr lenger, det gjekk med i dragsuget av forandringar. No kunne han for eksempel heite Óláfr, og då blei det: Ek Óláfr á Holti hornit gerða. Men viss tipp-tipp-tipp-osv.-olderbarnet hans skulle seie det kring år 1400, og viss han var sunnmøring eller romsdaling, sa nok han Ei Óla på Hòlta gjóre hònnje. Og ætlingen frå reformasjonstida

Page 6: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

6

hadde nok begynt å bruke verbet lage i denne betydninga, slik at han sa – viss han var romsdaling: I, OLa på Hålta, laga hånnje. BILDE 11.

Slik kan me framstille språkhistoria vår på 2000 år. Største forandringa kom mellom 500 og 700 e.Kr. Og korfor? Jau, det skjedde pga. ei stor katastrofe me kallar den justinianske pesta, som i på 540-talet herja i Aust-Europa, og som truleg sette i gang store folkevandringar i resten av kontintentet, og dei att forandra mykje på befolkningsstrukturen i landa våre. Etter desse urolege hundreåra roa samfunnet seg, og språket blei meir stabilt i fleire hundreår. Men ikkje meir enn at me kan peike på småe forskjellar frå den norsken Harald Hårfagre snakka, til slik nordmenn snakka rett før svartedauden. Men det var då trass i alt gått snart 500 år. Men så kom svartedauden i 1349 og dei mange etterfølgjande sottene fram til første delen av 1500-talet. Folketalet gjekk ned med snart to tredelar, noko som igjen sette i gang store folkeflyttingar, fordi folk no flytta frå dei tungdrivne fjellgardane til dei billige og lettdrivne gardane nede i låglandet og langs kysten. Det førte til ei stor omkalfatring i befolkninga. Nå gjekk språket over frå gammalnorsk til moderne norsk på kanskje 150-200 år. Den forandringa er òg stor. Men etter reformasjonen ser de av kurva at lite har skjedd. Dei forandringane me registrerer med eksperimentet mitt her, må i alle hovudsak ha skjedd før 1600. Mange har følt ein gong i skulegonga at gammalnorsken var vanskeleg og langt unna moderne norsk. Dialekttekstar frå 1600-talet er nesten som dei var skrivne i går kveld. Me skal komme tilbake til andre faktorar òg, men folkeflyttingar brukar å forklare det meste. Det vil seie at stor innflytting over ein viss prosent, kanskje over 20 % per tiår i minst to tiår, kan forandre dialekten radikalt, men ikkje totalt. Endå større tilflytting aukar endringane mykje, men er tilflyttinga mindre enn 10 %, er påverknaden minimal. Øygarden utafor Bergen fekk for eksempel 40 % tilflytting på 30 år, og påverknaden frå bergensk er merkbare. Men ungdommen snakkar framdeles strilemål, men ei ny form for strilemål. Aasen kjem inn i forskinga Skal me sikre oss meir kunnskap om endringar og årsaker, må me lage konkrete studiar i mange dialektar og helst over lengre tid. Her er det at Ivar Aasen kjem inn i prosjektet mitt.

Page 7: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

7

Når ein vil etterprøve dei lettvinne påstandane om språkendringstempoet, jamfør sitata tidlegare, kan ein ikkje halde seg til lydbandopptak. Det nest beste er å bruke skrivne tekstar som er tenkt framført muntleg – altså dialekttekstar. Eg tok då nordmørsteksten frå Prøver af Landsmaalet frå 1853 og førte den over til nordmørsk i dag, altså ein versjon frå sirka 2000, og så til ein klassisk gammalnorsk versjon, det vil seie frå sirka 1250. Aasen-teksten kan me tenkje oss representerte den dialekten som blei snakka av dei som var fødd sirka 1800, dvs. slike som var vaksne då han kom pål Dønnem-garden i Gjemnes kommune sommaren 1846. Første delen av dei tre tidsversjonane av nordmørsk ser slik ut BILDE 12:

Þar er garðr, sem heitir Stim; hann liggr yzt úti við hafit, þétt aftr við fjall þat, sem þeir kalla Stimshest. Þar váru tvær gentur einu sinni, sem róa skyldu út á holm nǫkkurn at mjolka nǫkkurar kýr, sem þær hǫfðu gangandi þar.

Nordmøringane kring 1800 fortalte historia slik ifølge Aasen i Prøver af Landsmaal, men i mi lydskrift for å gjere illustrasjonen meir nøyaktig:

Der e_ ezin gar_ så_ _ezite Stemme; han9n9 ligg_ yst utme have_, tett attme de fjel9l9e så_ dæmm kal9l9a Stemshæst4n. Der va_ de tvo tAse ezin_ gåMM så_ skul9l9a ro_-ut på ezin håqm å mjø_k nåkkår_ Jy_, så_ dæmm ha__ gaMMan9_ der.

Her har eg markert med rødt der lydar og ord er forandra, eller har falle vekk. Og dermed kan me telje opp kor mange forandringar som har skjedd. I heile teksten som Aasen gir oss, som er sirka åtte gonger lengre, er det i alt 151 forandringar i lydar, endingar ord og ordstilling. Slår me dette saman, blir det 151 forandringar. Deler me dei jamt på 5,5 hundreår, blir det vel 27 per hundreår! Så fører me eksperimentet vidare og legg teksten opp til eit ungt gjennomsnittsnordmørsk for år 2000:

De e ezn gar så hezte Stemme; han9n9 ligg yst utme have, tett attme de fjel9l9e så dæmm kal9l9a Stemshæst4n. Der va de t_o jæntå ezn gåMM så skul9l9a ro-ut på ezn håqm å mjøqk nåkkår Jy så dæmm ha gaMMan9 der.

Når me her reknar ut forandringane som må til frå 1800 til 2000, blir det berre 6 per hundreår. Altså 6 mot 27. Dét er verkeleg stor forskjell i tempoet! (Sandøy 2011: 56ff.) Med å arbeide på denne måten, kan ein lage samanlikningar i tid. Når me stadig snakkar om stor eller lita forandring, forutset det at me kvantifiserer i resultata våre, for det er stort i forhold til noko anna. 27 er mykje berre fordi me samanliknar med talet 6.

4. PLm-prosjektet Så tek me fram att Aasen og boka hans Prøver af Landsmaalet. Dialekttekstane hans Aasen i denne boka er i all hovudsak frå dialektreisene på 1840-talet. På desse reisene skreiv han òg opp grammatiske notat på kvar plass. Dermed er me her faktisk privilegert når det gjeld historiske dialektopplysningar om norske dialektar. Prøver af Landsmaalet har dialekttekstar

Page 8: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

8

frå 20 plassar i Norge. Og informantane hans var godt vaksne folk, det vil seie at dei lærte seg å snakke kring 1800. Når eg så har skaffa meg opptak med informantar fødd kring år 2000, har eg fått eit flott jamføringsmateriale over ein lang tidbolk på 200 år. Spreiinga av dialektane representert i PLm ser de på dette bildet. BILDE 13.

Desse tjue plassane kan sjølvsagt ikkje seie oss alt om endringane i norsk språk, men dei gir uansett eit tilnærma gjennomsnitt.

5. Kva ser me? Kva avslører me så om endringstempoet på dei to hundreåra når me ser på fleire av dei tjue dialektane? I og med at tekstane Aasen har i boka si, har ulik lengd, må eg lage ein eit snitt rekna etter ein fast målestav. Då blir det muleg å samanlikne endringstempoet på fleire stadar. Eg har valt å rekne mengda av forandringar i ei tekstlengd på 100 ord, og som de såg, held eg meg til ei tidslengd på 100 år. På denne måten kvittar me oss med subjektiviteten, og reknemåten er så fri for skjønn som det er muleg å få til. Den historiske linja eg viste tidlegare (BILDE 10), var utrekna på denne måten. No skal me sjå på fleire resultat. Me kan begynne med å nemne ein dialekt som har eit høgt endringstempo, 18 forandringar, nemleg på Osterøya i Nordhordland. Her viser nok resultatet at det er tale om ein dialekt som kanskje er på veg til eit dialektskifte, nemleg til å bli ein variant av bergensk. Det kan tolkast som eit resultat av at kommunen har fått stor tilflytting. Berre på 1970-talet auka folketalet med 17,8 %, og for tidbolken 1960–2001 auka det med 31,3 % (Sandøy 2019). Det er kontakten med Bergen som slik blir avspegla. Me kan rekne med at det er fleire slike plassar kringom i landet der tradisjonelle bygdesamfunn kjem inn i sirkumferensen åt ein storby, det vil seie at dei blir integrert i storbyen. Då er det ikkje berre tilflytting som gjer det, men òg at heile samfunnet blir svært orientert mot byen som sentrum. Dei foreløpige resultata eg har klare til no i arbeidet mitt, viser desse tala for endringstempoet kringom i landet: BILDE 14.

Page 9: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

9

De ser at tala skiftar ein del, frå 6 til 22. Ser me på den historiske kurva att, ser me at sjølv dei høge tale for Voss og Osterøy ligg svært lågt i eit historisk perspektiv.

6. Kan me forklare noko av dette?

a) Folkeflyttingar kan forklare mykje av desse endringane me ser. Det har me allereie vore inne på, og etter mange studiar av endring ser me at tilflyttingar kan forklare minst halvparten av den endringsprosessen me ser. Når me får det presentert slik, blir me kanskje ikkje heilt overraska over forklaringa.

Her har eg lyst å vise til ein interessant resultat som Olav Aasmundtveit (2008) fann då han samanlikna endringane i dei to kommunane Vinje og Seljord i Telemark. Han undersøkte

Page 10: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

10

språket åt elevar i vidaregåande skule, og samtidig studerte han foreldrebakgrunnen åt elevane. Då såg han at heile 42 % av elevane i Seljord hadde begge foreldra som tilflyttarar, mens berre 3 % av elevane i Vinje hadde to tilflyttarforeldre. Talet på elevar med ein tilflytta forelder var noko jamnare. I den samla foreldregruppa var det i Seljord berre 34,5 % seljordingar, mens det i Vinje var 68,5 % vinbygger. Dette er ein nokså stor forskjell, og særleg når det gjeld tilflytta foreldrepar. I dei språklege resultata ser ein konsekvensane, for fleire dialektdrag forsvinn i Seljord, mens dei står seg svært godt i Vinje, og dei dokumenterer godt samanhengen mellom tilflytting og dialektforandring. Og aller mest: Forskjellar i lokalsamsfunna. b) Skulestrukturen kan spele ei stor rolle, for den legg vilkåra for nettopp gruppedanningar for ungdommen som er i viktige dialektformingsår. Blir elevane skulependlarar, for å kalle dei det når dei må skyssast til sentralskular, ser det ut til å innverke sterkt. Her er ikkje statistikken lett å lage, men skulen er ei god forklaringsfaktor på for eksempel Midøya, som ikkje har noko tilflytting. Det finst ein del observasjonar andre stadar òg som støttar opp om det same: at ungane skiftar raskt språk når dei kjem til sentralskulen. c) Urbanisering. Ofte blir det nemnt at urbaniseringa av samfunnet vårt fører til dialektforandring. Dei som har lese litt historisk statistikk, kjenner tal frå Statistisk sentralbyrå som viser at berre 10 % av befolkninga i landet budde i urbane miljø i 1801, men det to hundreår etterpå er 76,5 % som gjer det. Men dette argumentet skal vi ikkje bite på med éin gong. Urban i slike offentlege statistikkar betyr tettstadar, som er definert som busetnadar med minst 200 innbyggarar der det ikkje er meir enn 50 m mellom husa. Men viss ei bygd hadde 39 innbyggarar i 1801 og denne bygda følgte den normale netto folketalsauken i landet, ville bygda i 2001 ha fått 200 innbyggarar og dermed blitt ein del av det urbane Norge. BILDE 15, 16, 17.

Dette kan ha skjedd utan at det har komme ein einaste tilflyttar. Dét treng sjølvsagt ikkje ha forandra på språket ein millimeter. Heller er det slik at den tradisjonelle dialekten har styrkt seg på grunn av at han har fått over fem gonger så mange brukarar. Bygda er blitt mindre sårbar, kan me seie. Offentleg statistikk gir på dette punktet altså ikkje relevant informasjon.

Page 11: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

11

d) Befolkningssamansetning og levealder. Men samfunna våre har forandra karakter dei siste to hundreåra på ein annen og meir relevant måte. Gjennomsnittleg lever me mykje lenger i dag. Kva betyr det? Enklaste måten å vise relevansen på, er å tenke seg kor mykje som blir prata i samfunnet. Det språket som me møter i kvardagen i bygda vår/byen vår/samfunnet vårt, brukar me rekne med betyr noko for kva me opplever som normalspråket, og normalspråket er det viktigaste den nye generasjonen legg seg etter, for å seie det nokså enkelt. I 1801 utgjorde dei unge under 20 år heile 42,9 % av befolkninga. Og resten – befolkninga over 20 år – utgjorde då 57,1 %. Det var ikkje heilt jamvekt, men ikkje så langt unna. Og det var kanskje ikkje langt unna jamvekt i taleproduksjonen heller. I 2001 var tala mykje forandra, for då utgjorde ungdomsgenerasjonen berre 25,8 %, mens vaksengenerasjonen utgjorde 74,2 %, altså nær tre gonger så mykje. Eldre talemål dominerte altså i samfunnet mykje meir enn nokon gong før. BILDE 18.

Viss ein tenkjer seg ein enkel modell der språkendringane skjer frå generasjon til generasjon, må rask utskifting av generasjonane bety noko for endringsprosessen. Og tenkjer me oss no tilbake til svartedaudetida, må den reduserte levealderen og rask befolkningsutskifting ha auka vilkåra for rask språkendring. Og ut frå dette kan ein sjå for seg i det historiske perspektivet at lengre gjennomsnittleg levealder, som me har opplevd siste hundreåra, seinkar språkendringane. e) Todialektalitet. Før eg diskuterer neste faktor, kan det vere interessant å sjå korleis dei norske forholda ser ut i forhold til utalandske, f.eks. utviklinga i Danmark. Eg fekk hjelp til å lage ei utrekning for dialektutviklinga på Lolland, ei øy sør for Sjælland i Danmark. Der er endringstempoet 44 per 100 ord per 100 år. Dobbelt så mykje som dei høgste tala i Norge altså! Og dette svarar til den framstillinga dei danske kollegaane mine har gitt, nemleg at etter 1980 har det gått eit ras igjennom dei danske dialektsamfunna, og ungdommen har ang mass gått over til eit københavnsk talemål, som då begynner å fungere som rikstalemål. BILDE 19.

Page 12: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

12

Kva var så situasjonen før dette skjedde? Jau, det normale i Danmark har vore at folk har vore tospråklege og skifta språk etter kva situasjon dei var i. Sia det er tale om same språket dansk i begge tilfella, kan me godt snakke om at danskane var ‘todialektale’. Mønster har vore at ein snakka tilnærma det danske riksmålet på skulen og i offentlege samanhengar, mens ein brukte den lokale dialekten lokalt og i familien. Idealet har vore å meistre standardspråket eller riksmålet så godt at ingen kunne høyre kvar ein var frå. Som ein dansk kollega sa til meg: Når de i Norge spør «Kvar kjem du ifrå?», blir det oppfatta beærande, som å ein måte å vise positiv interesse for samtalepartnaren på. Spør du ein danske om kvar han kjem ifrå, blir han fornærma, for han får ei kjensle av at den som spør, lastar han for ikkje å meistre riksmålet godt nok. Danmark har språkkulturelt blitt ei klår motsetning til Norge. Her til lands har me òg kjent til eit standardspråk, som folk brukte ved sida av dialekten i visse situasjonar. Han me feirar med desse festspela, Ivar Aasen, snakka klokkardansk det meste av livet sitt, for han hadde vore huslærar, og som lærar måtte ein det, og for å vere åndsarbeidar måtte ein det. Det mønsteret rådde lenge i Norge òg. I etermedia gjeld det framdeles krav til standardtale. Norge og Danmark likna kvarandre lenge. Men det oppstod ein forskjell – som de veit – i 1878 med paragrafen om at undervisningen skal foregå «på Børnenes eget Talemaal». Sjølv om den paragrafen ikkje blei etterlevd 100 % overalt i byane, har dette stortingsvedtaket likevel hindra at skulen i Norge blei ein opplæringsanstalt for standardspråket og for å vere todialektal. Det har skapt ein norsk språkkultur som er heilt annleis enn den som er vanleg i Europa. Men så kom 1970-talet og skapte ei dialektbølgje som undergrov det meste av det som var att av standardspråksideologi. Min påstand er at dette har berga norske dialektar. Eller sagt tydelegare i det perspektivet me held oss innanfor i forelesinga her: Å ha eit standardtalemålssamfunn eller ikkje er ein viktig faktor for korleis dialektane kan utvikle seg. Dette minner meg mykje om noko ein kollega formulerte i ein artikkel som dreia seg om trusselen for norsk språk, nemleg at skal morsmålet døy ut i språksamfunn, forutset det at samfunnsmedlemmene først er blitt tospråklege (Trosterud 2003: 202ff.) .

Page 13: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

13

f) Prestisje. Så sit sjølvsagt mange og ventar på at eg skal kommentere prestisjen, som får ungdommen til å legge av dialekten. Det kunne eg gjerne sagt mykje om. Men då må me først spørje oss: Kva meiner me med prestisje? Prøv å formulere eit svar på det, og det vil seie eit svar som ikkje berre er ein sirkeldefinisjon. I prosjektet Dialektendringsprosessar har me samla materiale frå 1600 ungdommar for å undersøkje holdningane ut frå tre definisjonar av begrepet prestisje. Materialet har gitt svært interessante resultat, spesielt av den grunn at me har gjennomført granskingane med akkurat same metode som er brukt i mange andre europeiske land for å kunne få til interessante samanlikningar. Men akkurat i denne samanhengen kan me gjere framstillinga kort: Ingen av dei tre prestisjebegrepa viser noko samsvar med dialektendringane. Eg vil ikkje avvise at prestisje kan bety noko, for i Danmark ser det ut til å vere slik. Men dei norske granskingane viser det ikkje, og det tolkar me som ein effekt av at me ikkje har noko sterkt standardtalemål i landet. Same resultatet som Norge viser, har ein òg funne på Færøyane (Bugge 2018). Og likskapen er tydeleg med landet vårt, der er det heller ikkje noko standardspråk. Alle kan bruke dialekten sin i alle situasjonar.

7. Sentralaustlandet – unntak? Så til slutt: Rett skal vere rett. Dei store holdningsgranskingane har me gjennomført berre på Vestlandet, nemleg frå Jæren i sør til Romsdal i nord, og både i by og på landet. Men me som arbeider med desse granskingane, trur ikkje at Trøndelag og Nord-Norge vil gi andre resultat. Det me er spent på, er Austlandet, det vil seie eigentleg Sør-Austlandet. Kan hende ville resultata bli noko annleis der. Det er fleire ting som får oss til å ta eit slikt atterhald: a) I dette området har me sett siste hundreåret, kanskje siste 50 åra, at grensene for inndelinga vår i dialektområde må forandrast. Elles i landet er det minimalt med forandringar på dialektkarta. Men området som me kallar midtaustlandsk, som er det området folkemålet i Oslo høyrer til, har utvida seg ein god del. Jf. kart på BILDE 20. (Sandøy 2015: 160f.)

Det har ete seg utover. Og det er eit resultat av folketilflyttinga til hovudstadsregionen. Me ser det for eksempel på at folketalet i det midtaustlandske området utgjorde 5,3 % av befolkninga

Page 14: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

14

i Norge i 1801; i 2001 er det 21,4 % av heile befolkninga (Sandøy 2015: 162, 168). Dette dialektområdet er det nære opplandet for Oslo. b) I dette området ser det ut til å vere svært vanleg at folk endrar talemålet sitt etter situasjonen, og at dei er todialektale. Det ser me òg i det at dei tradisjonelle dialektane frå nettopp dette området sjeldnare blir brukt i det offentlege rommet og i etermedia. Dette er den delen av landet der dialektrørsla etter 1970 ikkje fekk særleg effekt. Altså: Det er ingen urimeleg hypotese å antyde at dette området er språkleg avvikande frå resten av landet, at dette området har ein språkkultur som liknar meir på den me kjenner frå kontinentet, eller får Danmark og Sverige for den del. Men her treng me gode jamførande granskingar som kan gi pålitelege opplysningar om språkkulturen og språkpraksisne. Og så vil neste spørsmål dreie seg om kor langt oppover Austlandet dette rekk. I byane og tettstadane rekk det truleg lenger inn på bygdene. Under innsamlingsarbeid eg har drive med, har eg merka at det er ein påtakeleg stor variasjon i målet for eksempel i Aust-Telemark, og den kan kanskje vitne om at opplandet for Oslo begynner å tøye seg så langt. Kan hende ser me det på Tynset òg, men det treng ikkje gjelde allstad i bygdene synnom. Her treng me meir pålitelege tal. De såg ovafor at sjølv på Otta i Sel er endringstempoet svært og overraskande lågt. Men i denne landsdelen er det nok stor variasjon i korleis språksamfunna fungerer. Konklusjonen min er dermed at i stordelen av landet vårt – men altså ikkje i heile – er det ikkje store dialektforandringar som skjer når vi vurderer og måler det gjennom systematiske og jamførande studiar. Og historisk sett skjer det overraskande lite i vår tid. Me i Norge er eit annleisland. Og garantien for at me kan vere det vidare, er berre at me kan unngå ein todialektal situasjon der det blir venta av oss at me skal hoppe mellom to dialektar, og at den eine er til offentleg bruk, hin til heimebruk. Då er slaget tapt. Difor er det trist at forslaget til ny språklov for Norge ikkje seier eitt einaste ord om dialektkulturen og talemålssituasjonen i landet. Den viktigaste delen av språket vårt har regjeringa heilt bevisst utelate – eller ignorert for å bruke eit penare ord. Det er svært kortsynt og sneversynt.

8. Kva funksjon har diskursen kring dialektendringar? Når eg no har framstilt at den norske dialektsituasjonen er svært annleis enn det som blir framstilt i den store norske språksamtalen, så er me komne dit at me kan spørje: Korleis har det seg at me har denne store avstanden mellom forestillingar og den verkelege verda? Det har ikkje alltid vore slik at folk var opptekne av kor mykje dialektane blei utvatna og forandra. For eksempel gjorde ikkje Ivar Aasen det. Han var oppteken av det han fann, likna det gamle målet, altså gammalnorsken. Han understrekar også ein gong han avla eit nytt besøk i Hallingdal utpå 1860-talet, at det der hadde skjedd lite språkleg sia første gongen han var der. Då M.B. Landstad gav ut Norske Folkeviser same året som Prøver af Landsmaalet kom, skriv han i forordet at det språket ein møter i folkevisemålet, altså dialektane, viser seg å vere det same som det gamle målet, altså gammalnorsk. Her greidde dei altså å oversjå alt som skjedde då me hadde det rasande endringstempoet på 1400-talet. [Repeter bilde 10.]

Page 15: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

15

Når me ser på slike utsegner ut frå samtida, forstår me at auga som ser, er styrt av kulturinteressene i samtida. Midt på 1800-talet gjekk mykje av interessa hos kultureliten på å oppdage at bondekulturen hadde teke vare på så mykje frå den gammalnorske stordomstida. Sjølv borgarskap og embetsmenn var med på å løfte fram det som kunne rettferdiggjere eit sjølvstendig Norge, og dette fokuset kunne gi dei styrke i det kulturpolitiske programmet. Dei forestillingane som blir formidla til oss i dag, har eit anna perspektiv. Kven er det som oppnår styrke av det rådande perspektivet i dag? Kven tener på det, for å seie det enkelt. Jau, det rådande perspektivet formidlar eit bilde av kven som er sigerherrane, kven som er dei sterke. Perspektivet er altså det me kallar hegemonisk, som betyr at ein sosial og kulturell elite dominerer og får andre til å godta sitt perspektiv. Her finn me eit tradisjonelt herre-knekt-forhold, men det er svært tilslørt, for det er ikkje brukt våpen og fysisk makt, men dominans i den store samfunnssamtalen. Det er i denne samanhengen nærliggande å dra fram endå eit poeng med herren og knekten, nemleg at herren er herre berre så lenge knekten godtek dei verdiane og dei forestillingane om at han sjølv er knekt. Difor er me sjølve òg ei av årsakene til at me er undertrykt. Poenget mitt er då at det totalt dominerande og gjennomsyrande perspektivet i språkdiskursen vår, nemleg at dialektane er på retur, at ungdommen går over til bokmålstale, formidlar den verdien at bygdene er svake, at dialektane ikkje er på parti med framtida osv. Det som har framtida for seg, er bymål og standardmål og bokmål. Det urbane perspektivet er godt illustrert i sitatet på BILDE 21.

Page 16: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

16

9. Sluttord Den sannheita me er flaska opp med, stemmer ikkje. Ved å vere med på å føre vidare og å halde oppe forestillingane om dialektraseringa i Norge, øydelegg me for vår eigen språksituasjon, for me påfører folk ei kjensle av eit nederlag, av å vere på parti med taparane og ikkje «på parti med framtida». Me tek frå folk den språklege sjølvtillita. Me bør heller skaffe oss systematisk og jamførande kunnskap som kan vise oss dei språklege realitetane, og må prøve å forstå meir av kva som er samfunnskreftene som skaper forandringane. Då kan me få eit meir nøkternt syn på det som skjer, og me kan hjelpe fram den språklege fridommen som ligg i dialektbruken, enten morsmålet åt folk er ein gammal dialekt eller ein ny dialekt. Med ei realistisk innsikt i språkendringar og samfunnskrefter vil ein kanskje òg ha betre grunnlag for å diskutere kva som er verdiane i dei faktisk levande dialektane.

Litteratur Bugge, Edit. 2018. Attitudes to variation in spoken Faroese. I: Journal of Sociolinguistics 22/3:

312–330 Eriksen, Trond Berg. 1999. Nasjonal stolthet og selvhevdelse. I: Bjarne Rogan (red.), Norge

anno 1900. Kulturhistoriske glimt fra et århundreskifte, 17–33. Oslo: Pax. Fossheim, Marie. 2010. Språket på Midøya ‒ en sosiolingvistisk oppfølgingsstudie av

talemålene på ei øy i Romsdalen. Upubl. masteroppg. Bergen: Universitetet i Bergen. Grytten, Harald. 1973. Ei gransking av talemålet på . Bergen, Upublisert hovedfagsoppgave. Sandøy, Helge. 2011. Språk i endring − i struktur og i tanke. I: Jon Gunnar Jørgensen & Lars

S. Vikør (red.), Nordiskfaget – tradisjon og fornying. Maal og Minne 100 år¸ 55–68. Oslo: Novus.

Sandøy, Helge. 2015. Austlandsk etter 1800. I: Helge Sandøy (red.), Talemål etter 1800. Norsk i jamføring med andre nordiske språk, 159-179. Novus.

Page 17: Har vi mista att det Aasen fann? - nynorsk.no¸y-Minnef… · Nokre ord må seiast først om at det ofte er forskjell på dei subjektive forestillingane våre og det som er verkelegheita

17

Sandøy, Helge. 2019. Osterøymålet – som kom i den språklege skyggen frå Bergen. I: Jan Kristian Hognestad, Torodd Kinn & Terje Lohndal (red.), Fonologi, sosiolingvistikk og vitenskapsteori. Festskrift til Gjert Kristoffersen, 273–294. Oslo: Novus

Trosterud, Trond. 2003. Språkdaude, purisme og språkleg revitalisering. I: Helge Sandøy, Randi Brodersen & Endre Brunstad (red.), Purt og reint. Om purisme i dei nordiske språka, 181–216. Volda: Høgskulen i Volda.

Aasen, Ivar. 1853. Prøver af Landsmaalet i Norge. Kristiania. Aasmundtveit, Olav. 2008. Ei sosiolingvistisk gransking av talemålet til unge i Vest-Telemark.

Upubl. masteroppg. Bergen: Universitetet i Bergen.