6
Fylkesmannen i Telemark Sakshandsamar, direktetelefon og e-post: Kristin B. Vindvad, 35 58 61 31 [email protected] Vår referanse Vår dato 2008/4392 23. jan. 2012 Dykkar dato Dykkar referanse REFERAT Meklingsmøte vedr. Kommuneplan for Vinje, arealdelen Statens Hus, torsdag 15. desember 2011 Til stades: Vinje kommune: Miljøvernavdelinga: Landbruksavdelinga: Arne Vinje, ordførar Tone Edland, leiar plan- og miljøutvalet Nils Vågslid, nestleiar plan- og miljøutvalet Lotte Næss, arealplanleggjar Morten Johannessen, avdelingsdirektør Sigurd Lenes, rådgjevar Helge Nymoen, avdelingsdirektør Marita Oxum, underdirektør Ole Jørgen Wefald, fylkesskogsjef Telemark fylkeskommune: forfall Fylkesmannen i Telemark: Kari Nordheim-Larsen Kristin B. Vindvad, seniorrådgjevar Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen leda møtet. Det var kalla inn til meklingsmøte etter førespumad frå Vinje kommune. Det er fremma motsegn frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling og landbruksavdeling. Det har i tillegg vore fremma ei rekke motsegn som har vore løyst i løpet av planprosessen, mellom anna gjennom drøftingsmøte halde 08.06.2011. Arealdelen til kommuneplanen vart vedtatt i kommunestyret 01.09.2011, der dei områda som står att med motsegn er unnateke rettsverknad. Miljøvernavdelinga har fremma motsegn til område for spreidd hyttebygging på SH 40 Torvebeitet ved Møsvatn, ut frå omsynet til villreinen. Landbruksavdelinga hadde motsegn til spreidd hyttebygging på områda SH 42 Lundarvollen, SH 44 Haugestøylmarki og SH 26 Våmarvatn, ut frå omsynet til skogsnæringa. SPostboks 2603 Besøksadresse E-post 3702 Skien Gjerpensg. 14, Bygg F, Skien [email protected] Telefon 35 58 61 10 Organisasjonsnummer Internett Telefaks 35 52 85 90 974 762 684 www. Ikesmannen.no/telemark

i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

FylkesmanneniTelemark Sakshandsamar, direktetelefon og e-post:

Kristin B. Vindvad, 35 58 61 [email protected]

Vår referanseVår dato 2008/439223. jan. 2012Dykkar dato Dykkar referanse

REFERAT

Meklingsmøte vedr. Kommuneplan for Vinje, arealdelen

Statens Hus, torsdag 15. desember 2011

Til stades:

Vinje kommune:

Miljøvernavdelinga:

Landbruksavdelinga:

Arne Vinje, ordførarTone Edland, leiar plan- og miljøutvaletNils Vågslid, nestleiar plan- og miljøutvaletLotte Næss, arealplanleggjar

Morten Johannessen, avdelingsdirektørSigurd Lenes, rådgjevar

Helge Nymoen, avdelingsdirektørMarita Oxum, underdirektørOle Jørgen Wefald, fylkesskogsjef

Telemark fylkeskommune: forfall

Fylkesmannen i Telemark: Kari Nordheim-LarsenKristin B. Vindvad, seniorrådgjevar

Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen leda møtet.

Det var kalla inn til meklingsmøte etter førespumad frå Vinje kommune. Det er fremmamotsegn frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling og landbruksavdeling. Det har i tillegg vorefremma ei rekke motsegn som har vore løyst i løpet av planprosessen, mellom anna gjennomdrøftingsmøte halde 08.06.2011. Arealdelen til kommuneplanen vart vedtatt i kommunestyret01.09.2011, der dei områda som står att med motsegn er unnateke rettsverknad.

Miljøvernavdelinga har fremma motsegn til område for spreidd hyttebygging på SH 40Torvebeitet ved Møsvatn, ut frå omsynet til villreinen.

Landbruksavdelinga hadde motsegn til spreidd hyttebygging på områda SH 42 Lundarvollen,SH 44 Haugestøylmarki og SH 26 Våmarvatn, ut frå omsynet til skogsnæringa.

SPostboks 2603 Besøksadresse E-post3702 Skien Gjerpensg. 14, Bygg F, Skien [email protected] 35 58 61 10 Organisasjonsnummer InternettTelefaks 35 52 85 90 974 762 684 www. Ikesmannen.no/telemark

Page 2: i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

Innleiing ved fylkesmannen

Fylkesmannen innleia med å gå gjennom meklarrolla. Fylkesmannen meklar i plankonfliktar forå forsøke å få partane til å fmne ei løysing. Meklinga gjerast av fylkesmannen med nødvendigplanfaglig bistand frå fylkeskommunen. Mekling er likevel ikkje lovpålagt.

Fylkesmannen har delegert retten til å fremme motsegn til fagavdelingane. Det inneber atfylkesmannen i løpet av meklinga ikkje har instruksjonsrett overfor avdelingane. I meklarrollaer derfor fylkesmannen nøytral, men vil ta stilling dersom partane ikkje kjem til semje, og sakenblir sendt til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd.

Vinje kommune

Vinje kommune har gjennom utarbeiding av kommuneplanens arealdel gjort heilskaplegevurderingar. Det er tatt overordna grep der den massive, store hytteutbygginga er lagt innaforområda omfatta av kommunedelplanane Vågslid og Rauland.

Ein hovudmålsetting i kommuneplanen er å få til positiv folketalsutvikling. Hyttebygging ermedverkande til dette, og gjev dei fastbuande eit heilt anna utval varer og tenester enn dei ellesville ha hatt. Det er forståing i kommunen for at det ville vere politisk feil i høve til busetting åavgrense hytteutbygging berre til områda innafor kommunedelplanane. I desse små, spreiddefelta er det lagt opp til ein heilt anna standard enn i dei store satsingsområda.

Konflikt mellom utbygging og beiteinteresser har vore diskutert. Det er eit faktum at det ikkje ersau på beite i delar av Rauland, men årsaka er uklar. For ein del grunneigarar er inntektene fråreiseliv mykje større enn frå landbruksverksemd. Vinje kommune har ønskje om å utarbeide einbeiteplan, knytta mot eksisterande støylar.

I arealdelen er det hovudsakleg opna for nokre område med spreidd hyttebygging. Det er komeinnspel som blir veid mot det prinsipielle i konsekvensutgreiing for kvart område. Det erforståing i kommunen for at det vil vere politisk feil både i høve til busetting og også fagleg, åavgrense hytteutbygging berre til kommunedelplanane. Det står no att fire område som erunnateke rettsverknad.

SH 26 VåmarvatnKommunen ønskjer å leggje til rette for 10 hytter bygd spreidd, noko som vil styrkelandbruksverksemd som har satsa. Det er fleire hytter i området, og skog av låg bonitet. Etterdrøftingsmøtet juni 2011 er området avgrensa i høve til opphavleg framlegg.

SH 42 LundarvollenDet er ønskje om 8 hytter bygd spreidd. Utbygginga vil styrke busettinga. Utbygginga villeggast i skog med låg bonitet, og hyttene vil plasserast utan at det blir til hinder for vidareskogsdrift. Området er i stor grad hogd.

SH 44 HaugestoylmarkiOmrådet ligg godt til rette for hyttebygging, og det er ønskje om å leggje til rette for 8 hytterbygd spreidd. Det er nokre støylar i området frå før. Forstmessig vil det ikkje vere problematiskmed utbygging, sjølv om det er eit nytt område som blir tatt i bruk.

Page 3: i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

SH 40 TorvebeitetDet er ønskje om å leggje til rette for 4 nye hytter bygd spreidd. Det er relativt få, i alt 6 hytter iområdet frå før. Dette inneber ei svært moderat fortetting. Området ligg fint til, og det vil opnastfor lav standard. Ei moderat utbygging vil ikkje vere til belastning for fuglefredingsområdet inærleiken. Når det gjeld omsynet til villrein, ligg området i bygdeutviklingssona rundt Møsvatn,der det skal kunne gjevast høve til næringsmessig utvikling i tråd med Regional plan forHardangervidda.

Landbruksavdelinga

Avdelinga er opptatt av den overordna retninga på arealbruken. Dei ser at den tunge turist-utbygginga er lagt innafor områda Rauland/Rukkemo-Torvetjønn og Vågslid, og er omfatta aveigne kommunedelplanar. Avdelinga er likevel skeptisk til at det er liten retning på arealbruken iresten av kommunen. Det verkar som at grunnlaget for arealplanen blir grunneigarstyrt ut fråønskje om utbygging, og område for område blir vurdert for seg i staden for å sjå heilheita iplanen. Avdelinga kan ikkje sjå at temaet klima/energi er tatt omsyn til i kommuneplanen,særskilt innanfor tema transport og oppvarming.

Landbruket tapar seg, og det er til dels vanskeleg å drive landbruk pga anna næring. Det ersærleg beiting av sau som kjem i konflikt med turistutbygging. Det er viktig å få til einbalansegang mellom ulike næringar, og landbruksavdelinga håpar at kommunen lykkast medutarbeiding av ein beiteplan. Det vil vere viktig å halde på store, samanhengande areal for åoppretthalde dei tradisjonelle næringane.

Kommunen har utarbeidd konsekvensutgreiing for alle enkeltområde, men konsekvensutgreiingav utviklingsretning manglar. Det er mekling i sluttfasen, etter at mange saker er rydda opp iundervegs. Landbruksavdelinga ønskjer å sjå alle områda som no står att med motsegn isamanheng.

SH 26 VamarvatnEtter drøftingsmøtetjuni 2011 har kommunen flytta utbygginga vekk frå det besteskogsområdet. Omsynet til skogbruket er derfor i stor grad ivaretatt.

SH 42 LundarvollenUtbygging vil kome i område med skog av middels bonitet. Dette er ein liten eigedom, og 8hytter vil bety mykje. Skogbruket vil bli marginalisert. Hyttebygging her vil gje samanblandingav formål, ettersom det innafor dette området er nærings- og busettingsområde. Plasseringen avhyttene vil vere avgjerande for dette området.

Landbruksavdelinga er og bekymra for dyrka mark, og er oppteken av dei langsiktigeverknadene for landbruket. Avdelinga ser at hyttebygging fører til auka inntekter. Det bleilikevel kommentert at det generelt er feil å bruke hytteutbygging for å styrke busettinga påeinskilde bruk. Dette gjev kortvarig gevinst i forhold til å skape varig inntekt.

Page 4: i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

SH 44 HaugestoylmarkiSkogen er her av middels/høg bonitet, og er av den beste skogen i Vinje. Området ligg midt i eitstort samanhengande skogsområde, og opning for utbygging vil gje ein annan type bruk avområdet. Generelt har vi dårleg erfaring med å blande hyttebygging og landbruk/skogbruk.

Miljovernavdelinga

Motsegna er grunna i forståing av korleis nyleg regional plan for Hardangervidda skalpraktiserast.

Villreinomsyn er heimla i St.meld. nr. 21 (2004-05) og St.meld.nr. 26 (2006-07) Regjeringensmiljopolitikk og rikets miljotilstand. Det er vidare deflnert nasjonal villreinområde, som i løpetav 2012 vil bli europeiske villreinområde. Det er gjennomført regionale planprosessar fleirestader, og villrein har framleis høg fokus.

Nye hytter langs Møsstrond var tema i førre rullering av kommuneplanen sin arealdel.Resultatet var då ca 30 —35 hytter/utleigehytter for å styrke busetting på gardsbruk rundtMøsstrond. Ved Torvebeitet vart det då godkjent 2 hytter.

Handsaminga av regional plan har gått parallelt med handsaminga av arealdelen tilkommuneplanen. Det har vore diskusjon om avgrensinga av villreinområdet i området vest forMøsstrond. Moglege utvekslingskorridorar mot Brattefiell-Vindeggen er vist i villreinutgreiing.Denne trekkorridoren har vore ute av bruk lenge.

Det er i regional plan lagt ut relativt lange strekk langs Møsstrond som sone E "Fjell- ogfjordbygder", som opnar for ei viss utbygging. Denne skal styrke grunnlaget for fast busetting.Miljøvernavdelingahadde ønskje om ei meir målretta avgrensing rundt gardsbruk for betre åivareta gamle villreintrekk, men rettar seg no etter vedtatt plan.

Regional plan for Hardangervidda inneber ei liberalisering i forhold til tidlegare Fylkesdelplanfor Hardangervidda Aust, og tidlegare praktisering i Vinje. Regional plan gir store moglegheiterfor tolking, og det er ei utfordring å trekke desse grensene.

SH 40 TorvebeitetDet er ikkje klart om utbygging av 4 nye hytter vil ha verknad for busetting på område SH 40Torvebeitet. Dei som er grunneigar bur på landbrukseigedompå Rauland, og ikkje vedMøsstrond.

Det er eit tolkingsspørsmål korleis ein skal forstå at utbygginga skal bidra til utvikling i områdalagt ut som sone E "Fjell- og fjordbygder" i regional plan. Det er utfordring å trekke grensenefor kva for utbygging som skal styrkast. Omtala i regional plan av sone E er at utbygging skalstyrke næringsgrunnlaget, og styrke grunnlaget for den faste busettinga i området. Det bleisemje i møtet om å tolke dette som busette i same område.

Page 5: i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

Konklusjon

Det var semje om å sjå samanhengen mellom motsegna til dei ulike områda, og heilskapenmellom områda. Dersom det ikkje vart semje om alle områda, går partane attende til opphavlegstandpunkt. Motsegna til alle områda vil då framleis stå ved lag.

SH 26 VåmarvatnAvdelinga kan akseptere 10 nye hytter bygd spreidd innafor ny avgrensing. Motsegna blir trektpå vilkår av at utbyggingsområdet blir trekt vekk frå det beste skogsområdet, i tråd medframlegget på drøftingsmøtet juni 2011.

SH 42 LundarvollenLandbruksavdelinga ser at området er viktig for busetting og utvikling på landbrukseigedomen.Det kan derfor aksepterast 8 hytter bygd spreidd iimafor området, og det blir overlete tilkommunen å lokalisere desse nærare. Lokaliseringa må vurderast nøye for å få reduserekonsekvensane av utbygginga mest mogleg, det gjeld forholdet til skog, dyrka mark,landskapsverknad og avstand til vassdrag, i tillegg til tilkomst.

SH 44 HaugestoylmarkiOmrådet ligg midt i eit stort samanhengande skogsområde. Motsegna blei ståande, og det bleisemje om å ta området ut av arealdelen.

SH 40 TorvebeitetMiljøvernavdelinga trekker motsegna til SH 40 Torvebeitet.

Vurderinga gjeld tolking av retningsliner i regional plan for Hardangervidda om bygging av nyefritidsbustader for å styrke lokal busetting, og kan ha konsekvens for komande arealplanar ogbyggesaker.

Kommunen vil leggje fylgjande prinsipp til grunn i område som er lagt ut til Fjell- ogfjordbygder i regional plan for Hardangervidda:

I utgangspunktet kan det berre opnast for nye fritidsbustader når busettinga ligg i same område,slik dei er vist i regional plan (Møsvatn, Totak og Grungevatn).I særskilte høve kan det opnast for nye fritidsbustader når busettinga ligg utanfor, men busettingog eigedom må då ligge slik til at område for fritidsbustader naturleg "soknar til" busettinga.

Samla belastning, jf. naturmangfaldlova § 10,vil bli vurdert i komande saker.

Oppsummering

Partane kom fram til semje om følgjande framlegg til løysing:SH 26 Våmarvatn —10 nye hytter bygd spreidd innafor ny avgrensing. Motsegna blei trekt.SH 42 Lundarvollen —8 nye hytter bygd spreidd. Vidare lokalisering må vurderast nøye.

Motsegna blei trekt.SH 44 Haugestøylmarki —Området takast ut av planen. Motsegna står ved lag.SH 40 Torvebeitet —4 nye hytter bygd spreidd. Motsegna blei trekt.

Page 6: i 31 2012 REFERAT arealdelenwebhotel3.gisline.no/GisLinePlanarkiv/0834/20030003/Dokumenter/20030003 KPA Referat...SH 40 Torvebeitet Det er ønskje om å leggje til rette for 4 nye

Forslaget er ei samla løysing. Dette inneber at om eitt av hytteområda ikkje blir vedteken isamsvar med ovannemnde forslag, vil og motsegna til dei andre områda bli ståande.

Fylkesmannen ser at både Vinje kommune, fylkesmannen si landbruksavdeling ogmiljøvernavdeling har vist vilje til å kome fram til ei løysing. Fylkesmannen takka for møtet.

Kari Nordheim-Larsen Kristin B. Vindvadseniorrådgjevar, ref.

Referatet er godkjent elektronisk og har derfor inga underskrift