12
Informasjon Døgnvakt 57 74 36 00 - www.krisesenteret.sf.no Søstre for søstre Desiree Øvretveit på Sande fekk ein god idé - og gjorde noko med det. Ein idé som gjer ein forskjell for mange kvinner i heile Norge, både på gjevar- og moakarsida. Les meir på side 11 Barn på krisesenter 30 år i kampen mot vald Krisesenteret er familien min Sjå side 4 Sjå side 7 Sjå side 6 FYLKESMANNEN SITT ANSVAR Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine eer føresegnene i krisesenterlova. Fylkesmannens tilsyn rear seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.

Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Informasjon

Døgnvakt 57 74 36 00 - www.krisesenteret.sf.no

Søstre for søstreDesiree Øvretveit på Sande fekk ein god idé - og gjorde noko med det. Ein idé som gjer ein forskjell for mange kvinner i heile Norge, både på gjevar- og mott akarsida. Les meir på side 11

Barn påkrisesenter

30 år i kampen mot vald

Krisesentereter familien min

Sjå side 4 Sjå side 7

Sjå side 6

FYLKESMANNENSITT ANSVAR Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine ett er føresegnene i krisesenterlova. Fylkesmannens tilsyn rett ar seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.

Page 2: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE2

Utgjevarboks

Med hjerte som banker for krisesenteret!

I 2003 takket jeg ja til å ta på meg et verv som medlem i styret for Stiftinga Kri-sesenteret i Sogn og Fjordane. Jeg endte etter hvert også opp som styreleder, og dette vervet har jeg hatt siden februar 2008. Det har vært både spennende og utfordrende, spesielt i møte med konkurre-rende virkelighetsoppfatninger, med tanke på hva krisesenteret er, alvorlighetsgraden av vold som utøves, hvem voldsutøveren er, og hvilken kompetanse som behøves for å jobbe med dette. Det har til tider stor-met, og min fars sitat om at «når vennene får nykker og vennskap går i stykker, så vis at du allikevel kan gå foruten krykker» har hjulpet meg til å stå støtt og ikke å miste fokus i en del prosesser. Det har vært en

glede å oppleve samarbeidet i et hand-lekraftig og høyst kompetent styre, noe som har vært fundamentalt for å holde fast på det gode tilbudet. Opprettelsen av krisesenteret som en stiftelse, ble også en direkte følge av å sikre tilbudet til en gruppe mennesker som få får øye på i det daglige. Jeg opplever at dette har vært et godt valg. Det aller viktigste for å kunne gi et kvalitetsmessig godt og hjertevarmt tilbud er imidlertid våre høyst kompetente ansatte, som brenner ekte for arbeidet og får de aller beste skussmål fra våre gjester. De har virkelig inspirert meg til å holde fast på roret.

Som styreleder er det med stolthet og takknemlighet jeg kan se tilbake på en sta-dig utvikling av tilbudet ved krisesenteret gjennom 30 år. Arbeidet vårt for voksne og barn som utsettes for vold i egne hjem er blitt synlig og anerkjent over hele landet.Siden mer enn 90 % av dem som søker vår hjelp er kvinner og deres barn, har

krisesenteret tatt på alvor forsknings- og erfarings-basert kunnskap om virkningen av menns vold mot kvinner, og vi arbeider ut fra erkjennelsen av at denne volden er et hinder på veien mot mål om likeverd, utvikling og fred. Vi har derfor høyt fokus på stadig å utvikle metoder og strategier som skal gjøre Sogn og Fjordane til et tryg-gere sted for voldsutsatte kvinner. På tross av dette fokuset har krisesenteret erfart at også menn søker hjelp hos oss. Med innføringen av krisesenterloven, og lovpå-lagte tilbud til både voldsutsatte kvinner og menn, kan vi nå gi et tilrettelagt tilbud til begge, i atskilte boliger. Krisesenteret er tydelig på at ingen skal tåle å utsettes for vold uansett alder, kjønn eller etnisk bakgrunn!

Vold i hjemmet er en mørk fl ekk i vel-ferdssamfunnet vårt. Kunnskapen om den-ne fl ekken har åpnet vinduet til en verden jeg nok hadde vært lykkeligere med ikke å vite noe om, men som er viktig å være bevisst på. Myten om den alkoholiserte mannen som slår kona si, er sprukket, og det er på tide å «henge bjella på katten» for å bli mer årvåkne. Det sies at du ser det ikke før du tror det; Voldsutøveren kan

være den suksessrike og sjarmerende for-retningsmannen, legen, politimannen, so-sialarbeideren, sykepleieren, ordføreren, rådmannen eller politikeren, like gjerne som den alkoholiserte mannen. Betyd-ningen av å være en selvstendig tjeneste er derfor uvurderlig, med tanke på at den som utsettes for vold skal våge å ta kon-takt, uten fare for å møte på egne eller voldsutøverens kolleger.

Vi har i dag et moderne bygg som både er vennlig og funksjonelt. Dette takket være innsats fra gode støttespillere fra organisasjoner, enkeltpersoner og enga-sjerte kommune- og fylkespolitikere, og det varmer å se engasjementet. Med økt pågang av mennesker som trenger hjelp, er vi i dag også i gang med planlegging av et nytt bygg på egen eiendom. Det ligger stadig nye oppgaver foran oss, og med hjerte og klokskap som ledetråder vil Stif-tinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane fort-sette å utgjøre en reell og positiv forskjell for mennesker som utsettes for vold i sine egne familier.

Vold i hjemmet er en mørk fl ekk i

velferdssamfunnet vårt

Styreleiar Siv Førde

Krisesenteret Sogn og Fjordane vil rette ei stor takk til alle som gjennom 30 år har støtta krisesenteret sitt viktige arbeid for valdsutsette.

Lag, organisasjonar, bedrifter og pri-vatpersonar i Sogn og Fjordane har gjennom alle år vist eit fantastisk engasje-ment for krisesenteret.

Pengegåver og andre gåver vert nytta på best mogleg måte til arbeidet med vaksne og barn som søker hjelp på Krise-senteret. Dette har betydd svært mykje for at vi i dag har eit kvalitativt godt krisesen-tertilbod i fylket vårt.

Takk for gåver

gjennom 30 år

Magasinet er utgitt av Krisesenteret i Sogn og

Fjordane i samarbeid med A til Å Grafi sk Design og Media

Prosjektleiing, tekst, grafi sk design og utforming: A til Å Grafi sk Design og Media

www.atilaa.no

Foto: Egil Aardal, Oskar Andersen, iStockphoto, Krisesenteret.

Page 3: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE3

Verdien av å vere ei stiftingEtter at den nye Krisesenterlova kom, er fleire krisesenter i Norge blitt kommunale – Vi meiner det er viktig å bevare

Krisesenteret i Sogn og Fjordane som ei stifting. Det handlar om å vere fristilt, seier Wenche Skorpen Hovland, som er tilsett som dagleg leiar av stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane. – Å vere ei stifting betyr at ingen eig oss. Plattforma vår er at vi er ein politisk og religiøs

nøytral organisasjon, og den viktigaste oppgåva vår er å støtte menneske som er utsette for vald og truslar om vald.

– Det er utruleg viktig at vi er nøytrale, og ikkje har lojalitet til andre enn brukarane. Det er ein av dei viktigaste grunnane til at brukarane stolar på oss, meiner Hovland. Vi samarbeider tett med kommunane og andre institusjonar, men med vår organi-sasjonsform klarer vi å opprette den hand-lekrafta som brukarane sjølve framhevar som noko av det viktigaste. Om krisesen-teret blir kommunalt er vi redde det blir meir institusjonsprega og byråkratisert, og terskelen for å ta kontakt blir høgare.

Ingen eig krisesenteretSuksessen bak krisesenteret er ideologi-en, og at vi er eit lågterskeltilbod. Wen-che Hovland trekkjer fram at ho har eit svært engasjert og høgt kompetent styre med seg. Dei gjer ein svært god jobb og er viktige for meg som dagleg leiar. – Vi ser det slik at ei stifting er det som best kan ivareta føremålet om å hjelpe valdsut-sette. Krisesenteret er basert på tilskot frå kommunane og gåver frå lag og organisa-sjonar, men det er ingen som eig krisesen-teret. Det er føremålet som eig stiftinga, og styret er valt for å verne om føremålet. – Folk i Sogn og Fjordane har eit fantastisk

engasjement, og årleg får Krisesenteret i Sogn og Fjordane mellom 100 og 150.000 kroner i gåver frå enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Vi har og mottatt testa-mentariske gåver. Det betyr at folk flest har eit eigarskap og kjenner ansvar for krisesenteret. Organisasjonsforma, der in-gen eig stiftinga, er truleg ei viktig årsak til at folk er så rause. Det er vanskeleg å sjå føre seg at foreiningar og enkeltpersonar rundt om i fylket ville sende gåver og pen-gestøtte til eit kommunalt føretak.

Folk i fylket har eigarskapKrisesenteret i Sogn og Fjordane har eit Samarbeidsutval som er samansett av representantar frå ulike delar av fylket, og vertskommunen. Desse har uttalt eit ønskje om å løyse opp stiftinga og gjere krisesenteret kommunalt. Samtidig har dei i si evaluering sagt seg fornøgde med drifta av eksisterande krisesenter, både med tanke på økonomisk drift og teneste-ne som er levert. Wenche Skorpen Hovland er skeptisk, og meiner at ei kommunal drift vil forringe tilbodet. – Vi må ikkje ta frå brukarane den tryggleiken dei har med at vi er fristilte, og vi må heller ikkje ta frå folk i Sogn og Fjordane eigarskapen til og lysta til å støtte opp om eit livsvik-tig arbeid. Kvinnerørsla i fylket starta opp krisesenteret i 1985, og det første huset vart kjøpt på grunnlag av ei kronerulling. Inventaret var innsamla møblar og heime-sydde gardiner. Hovland meiner at folk i Sogn og Fjordane har eit eineståande en-gasjement og givarglede. – Det er rørande å oppleve, og dette må vi også verne om.

Eg har tidlegare vore rettleiar for Kri-sesenteret i Sogn og Fjordane, og kjenner godt til både personalgruppa, leiarteamet og drifta, fortel Irmelin Bødtker Christen-sen, som er spesialkonsulent RVTS-vest. - Krisesenteret er prega av god struktur og eit godt arbeidsmiljø. Leiarteamet på krisesenteret har lagt vekt på ein svært viktig ting, nemleg vidareutdanning og kompetanseheving av dei tilsette. Høg

kompetanse og tydelege leiarar er avgje-rande for at ein gjer ein god jobb. Det er og med å bygge opp om arbeidsmiljøet.

Mitt inntrykk er at dei tilsette er glø-dande interessert i faget, og at det er ei personalgruppe som er rause med kvar-andre. Arbeidsmiljøet er spesielt viktig når ein har ein såpass tøff jobb. Har ein det bra på jobb, gjer folk ein god jobb.

Ein annan ting Irmelin Bødtker Chris-tensen vil trekkje fram med Krisesente-ret i Sogn og Fjordane er bygningsmassen. Det er tilrettelagt for folk med funksjons-nedsetting. - Det er med å gje eit likever-dig tilbod til alle, samtidig som det er ein viktig ressurs for andre krisesenter som ikkje er tilrettelagt på same måten.

Suksessen bak Krisesenteret

er ideologien, og at vi er eit

lågterskeltilbod

FAKTA om stiftelseKjernen i stiftelsesbegrepet – det som skiller stiftelser fra andre rettsdannelser – er at formuen må være stilt selvstendig til rådighet for formålet (selvstendig-hetskravet). En stiftelse har ingen eiere. Stiftelsen er et selveiende rettssubjekt. En stiftelse har derfor heller ikke medlemmer med organisatoriske rettigheter.

KJELDE Lotteri- og stiftelsetilsynet

Eit engasjert og kompetent krisesenter

Irmelin Bødtker Christensen – Ressurssenteret om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging.

Krisesenteret i Sogn og Fjordane er veldrive

Takk for gåver

gjennom 30 år

Page 4: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE4

Barn på krisesenterEin trygg omsorgsbase for barna

Barn som er utsette for vald, anten det er direkte eller dei er vitne til vald i familien, har bruk for tryggleik. Ein trygg omsorgsbase er det aller viktigaste for barna si sosiale og emosjonelle utvikling, seier psykolog og traumespesialist Judith van der Weele.

Då er det einaste alternativet å komme til ein plass der dørene er låste og det er trygge rammer rundt ein.

Det er ein myte at barn og foreldre som møtes på krisesenter nærmast skrur kvar-andre opp, og er med på å forsterke dei negative opplevingane dei har med seg i bagasjen, seier Weele, som mellom anna jobbar som sakkyndig i barnefordelingssa-ker. – Det som er realiteten er at dei fl este helst ikkje vil snakke med andre om det dei har opplevd. Det dei treng er å komme vekk frå valden og kaoset, og oppleve ein trygg omsorgsbase.

Levd under stressAlle som kjem til eit krisesenter – både vaksne og barn – har levd under stress i lengre eller kortare tid. Folk taklar dette stresset og opplevingane ulikt. Mødrene som kjem i lag med ungane sine er ikkje alltid i stand til å gje barna nok omsorg og støtte. Enkelte er så prega av stress at dei kollapsar når dei kjem i trygge omgjevna-der, og dermed treng barna all den støtte og omsorg dei kan få av andre personar. For barna er det viktig å møte andre som er i same situasjon. Det er viktig at dei tilsette på krisesenteret hjelper til å lage grupperelasjonar. Barna møter likesinna, som har opplevd det same som ein sjølv, og saman kan dei bygge kvarande opp.

Ulike kulturar møtestVi skal likevel vere obs på at folk på krise-senter kjem frå ulike kulturar, og har for-

skjellig innfallsvinkel når dei møter andre barn. Ein lever tett på kvarandre og det kan i enkelte tilfelle fører til konfl ikt. Støy og utagering kan vere naturleg for somme i krise, medan andre blir inneslutta og nærast apatiske. I enkelte kulturar er det naturleg å irettesette andre sine barn, for andre kan det kjennast heilt feil. Slike ting kan vere med å forsterke det kaoset man-ge kjenner på.

Beste alternativetVi skal ikkje stikke under ein stol at det er utfordrande med mange ulike menneske samla på eit stort krisesenter, seier Weele og legg vekt på at utfordringane er størst på store senter, og når kapasiteten er sprengt. For dei fl este fi nst det ikkje noko betre alternativ. Det viktigaste er at barna blir skjerma frå valden dei opplever direk-te eller indirekte heime. På krisesenteret er barn og vaksne trygge for valdsutøva-ren, og dei har folk rundt seg som kan støtte og hjelpe til.

Mindre einingarJudith van der Weele seier at det viktigaste er at vi klarer å ta barna på krisesenter på alvor. For dei fl este er det ei stor lette å i første omgang komme til ein trygg stad med låste dører og trygge rammer. – I den ideelle verda burde ein ha satsa på mindre einingar, der ikkje alle må dele kjøkken og opphaldsrom. Spesielt ved langtidsopp-hald bør ein jobbe mot mindre bu-einin-gar. Det viktigaste vi kan gjere er å legge krisesentera best mulig til rette for barna, og å ha nok folk tilsette som har spesielt ansvar for dei.

For barna er det viktig å møte

andre som er i same situasjon

«Gratulerer med morsdagen til alle dere mødre som er en del av dett e fantastiske teamet på krisesenteret. Tusen hjertelig takk til alle dere som tok i mot meg og min datt er med all proff esjonalitet, engasjement og ga oss sikkerhet som et barn i mamma sine armer.

Vi skal aldri glemme dere».- Kvinne, 32 år, 1 barn -

Hjertelig takk for all hjelp jeg og barna har fått her på krisesenteret.- Kvinne, 27 år, 2 barn -

Tusen takk for all omsorg, hjelp og støtt e i ei vanskelig tid. Uten dere hadde jeg aldri klart det. Dere reddet vårt liv.

- Kvinne, 35 år, 3 barn -

Page 5: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE5

grunnmuren for barnTryggleik er

- Barna som kjem til krisesenteret forstår ikkje heilt kva slags hus dette er, fortel Anne-Britt Aase, som er barnefagleg ansvarleg på Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Det første ho gjer når nye barn kjem hit er å vise dei rundt

og fortelje litt om huset – og så får alle ein kosebamse. – Mi hovudoppgåve er at dei skal kjenne seg trygge og at dei får ro rundt seg. Det er dramatisk å plutseleg fl ytte frå heimen, og ofte er mødrene som kjem her med barna svært slitne.

– Det er viktig å bygge tillit til ungane, og at dei kjenner seg trygge her. Samtale er det viktigaste middelet vi har for å trygge barna i tillegg til dei fysiske rammene rundt. Anne-Britt presiserer at dei aldri har samta-ler med barna før dette er avtala med mor. – Først snakkar vi med med mor der ho for-tel kva ho meiner ungane har opplevd, sett og høyrt av valden i heimen. I samtalene med barna prøver vi å få fram kva dei har opplevd, og kvifor dei er på krisesenteret. Mange barn vegrar seg for å snakke om det, og mange er ikkje vant med slike samtaler. Dei fl este barna er lojale og er naturleg nok glade i både mamma og pappa. Det er det viktig å vise respekt for.

KommunikasjonsverktøyDet er utfordrande å få ungane til å fortelje direkte, men bilde kan vere ein god innfalls-vinkel. Anne-Britt viser plansjar som blir brukt for å få dei minste barna til å snakke om eigne tankar, kjensler og opplevingar. For dei større barna har dei eit hefte som kan gjere det lettare å snakke om følelsane rundt det dei har opplevd. Ofte kan teikning og samtale rundt teikning vere ein god måte å få i gang ei samtale, fortel Anne- Britt. – Eg ber gjerne barnet om å teikne familien sin og fortelje litt om dei ulike familiemed-lemmane. Både teikningane og det dei då fortel er ofte til god hjelp.

Hjelpe foreldre å vere foreldreMødrene som kjem hit i lag med barna sine er ofte ekstremt slitne etter eit kaotisk til-være og oppbrot. På mange måtar har dei mista autoriteten sin som mor, og den må vi hjelpe dei med å bygge opp igjen. Dei er gjerne så slitne og frustrerte at dei ikkje klarer å vere der for barna sine. Samtidig opplever barna at mor har latt overgrepa skje, og at det er akseptert å skrike til og slå mor. Mange barn strekker grensene sine mot mor. Her på krisesenteret legg vi vekt på å bevisstgjere mor og hjelpe ho til å ta autoriteten tilbake. – Vi kan ikkje hjelpe barna utan å hjelpe mor, seier Anne-Britt. – Foreldre skal vere trygge og sterke perso-nar, som kan støtte barne sine og vere gode rollemodellar.

Gode rutinar og aktivitetarVi legg vekt på å ha faste rutinar og rammer rundt vaksne og barn som bur her. Det er mor som har ansvaret for å lage frukost, lunsj og kvelds til barna sine. Middagen er felles for alle som bur her, og blir laga av brukarane på omgang. Her er også faste

tider på kor tid barn i ulik alder skal vere på romma sine, og kor tid det skal vere stille i heile huset. Det er viktig at livet her er likt eit vanleg familieliv, og at både barn og vaksne får tid til ro og fred. Samtidig legg vi vekt på aktivitetar som er kjekke for un-gane og aktivitetar som kan vere kjekke for foreldre og barn å gjere saman. Vi brukar ein del tilbod utanfor krisesenteret som til dømes bowling og symjehall. På krisesente-ret er det plass for leik og aktivitetar både ute og inne.

Positiv responsVi organiserer også eigne barnegrupper

for barn i ulike aldrar. Her treff est vi og har felles aktivitetar som for eksempel teikning, spel og konkurransar. Her legg vi og vekt på lesing og samtaler, og å fortelje at ungane er verdifulle. Vi har ein unik sjanse til å sjå kvart enkelt barn her på krisesenteret, og vi prøvar å jobbe etter prinsippet «Catch a child being good». Det betyr at vi legg meir vekt på dei gode og positive tinga som bar-na gjer, i staden for å fokusere på negativ oppførsel.

Trygge barn ute og inneDersom mor og barn blir buande på krise-senteret over lang tid, går barna på ein av skulane her i Florø. Det fungerer veldig bra, men det kan vere eit problem for ungane at dei ikkje kan fortelje kvar dei bur, og at dei ikkje kan ta med seg venner «heim», fortel Anne-Britt. – Det er ingen ting i vegen for at barna kan vere i lag med andre barn utanfor krisesenteret på fritida, så lenge det er trygt for dei. Ein del av barna kan vere bekymra for at valdsutøvaren skal dukke opp. Då tar vi ei runde og viser dei at området her er overvaka og at dørene er låste. Det er berre dei tilsette på senteret som kan opne døre-ne og sleppe folk inn. – Det viktigaste er at barn får vere barn, og at dei opplever leik og aktivitetar i trygge rammer.

DiktNår vi har barnegruppe les vi alltid dette diktet, og fortel ungane kor verdifulle dei er:

Det viktigaste er at barn får vere barn, og at dei opplever leik og aktivitetar i trygge rammer

Vi kan ikkje hjelpe barna utan

å hjelpe mor

Jeg er verdifullakkurat sånn, som jeg er.Om jeg er sur og leivet jeg at det er OK.Noen ganger har jeg det fi ntandre ganger kan jeg bli li� sint.Men uanse� jeg vetjeg er verdifull, sånn som jeg er.

- Kva trur du er innanfor døra til musa? kan vere eit innleiande spørsmål som kan utløyse ei god samtale med eit lite barn. Elles kan teikning vere gode samtaleverktøy, fortel Anne-Britt Aase som er barnefagleg ansvarleg på krisesenteret.

– Vi har en unik sjanse til å sjå kvart enkelt barn her på Krisesenteret, fortel barnefagleg ansvarleg Anne-Britt Aase

Page 6: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE6

– Vi møttes først på internett, så kom ho frå Norge til heimlandet vårt for å besøke meg og familien. Jacob, som vi kallar han her, er 41 år og fortel at han var enkemann med to søner. Internettvenninna hans som hadde budd i Norge i 11 år hadde mista sin norske ektemann. – Vi hadde ei fin tid saman og ho ville ta meg med tilbake til sitt nye heimland. Der skulle vi få det så fint. Ho skulle adoptere dei to sønene mine, og eg kom til å få ein god jobb og eit trygt liv. Vi hadde lange samtaler og stor respekt for kvarandre. Vi gifta oss med ei felles forståing for at vi skulle få eit godt liv saman, i Norge.

– Den første månaden i det nye lan-det hadde vi det fint. Kona mi var snill og kjærleg. Så kom endringane steg for steg. Ho vart veldig hissig, og eg fekk heile tida høyre kor dum og udugeleg eg var. Vi kunne sitte å ete heilt fredeleg, så begynte ho berre å kjefte og fortelje meg at eg var dum og lat, og endå verre at sonen min var dum på grunn av meg. Både stygge ord og gjenstandar fauk i lufta rundt meg. Kona mi hadde lova å adoptere og hente begge sønene mine, men det var plutseleg ikkje aktuelt. Ho hadde ombestemt seg.

– Når vi var ueinig om noko så truga ho med at politi-

et ville komme å sette handjern på meg

og sende meg ut av landet.

Då var livet mitt fortapt. Eg var framand i eit nytt land, og kunne ikkje språket eller lovene i landet. Den einaste eg hadde å stole på var kona mi. Ho hadde full kontroll over meg, fortel Jacob. – Eg fekk ikkje pengar og eg fekk ikkje ha kontakt med kyrkja som betyr mykje for meg. Eg fekk rett og slett ikkje lov til nokon ting. Jacob er ein kristen mann, og trur på harmoni og eit ekteskap utan vald eller truslar. – Sjølv om ho heile tida provoserte meg, kunne

eg aldri tenke meg å ta igjen med vald. Eg prøvde å vere snill og skape fred i heimen ved å gjere som eg fekk beskjed om, men det var aldri nok.

– Heile tida fekk eg høyre kor dum og udugeleg eg og sønene mine var. Kona mi banka inn i hovudet mitt at eg var ei skam. Når du får høyre det nok gongar, så trur du nesten på det. Heile tida vart eg truga med å bli sendt ut av landet, om eg ikkje gjorde som ho sa. For Jacob var det umulig å rei-

se tilbake til heimlandet. – Eg hadde ingen pengar. Alt eg eigde der

har eg selt, og den faste jobben er sagt opp. Det er veldig vanskelig å få jobb i heimlandet mitt. Familie og venner trur eg lever

eit godt og lykkeleg liv i Noreg.

Jacob fortel at kona blei berre verre og verre etter som tida

gjekk. – Eg fekk al-dri fred, sjølv om

ho gjekk på jobb

kvar morgon. Han var hushjelp og slave. – For at ho ikkje skulle kalle meg lat gjor-de eg alt av husarbeid, medan ho var ute av huset, og hadde maten klar når ho kom heim. Likevel ringte ho meg midt på dagen og kommanderte meg til ulike oppgåver. Trakkaseringa og truslane vart berre verre og verre. – Ho fortalte meg at sidan No-reg har kvinneleg statsminister, så er det kvinnene som bestemmer alt. Menn har ingen rettar i dette landet. Eg hadde ingen venner og kunne ikkje språket, så eg var prisgitt kona mi og det ho sa.

Eg var heile tida redd for kva ho kunne finne på. I periodar måtte eg bu i kjellaren, og det kunne gå 2 til 4 døgn utan at eg fekk mat. Ho fortalte meg heile tida at eg ikkje måtte ta kontakt med politiet eller UDI om heimesituasjon min. Då ville dei komme og hente meg og sende meg ut av landet. Det var vinter, kaldt og mykje snø – og Jacob hadde ikkje fått mat på 3–4 døgn. Han hadde berre lyst til å forsvinne, men var forvist til å bu på ei madrass i kjellaren. Då innsåg han at ting ikkje kunne bli stort ver-re. – Eg ville komme til å dø eller bli heilt galen om dette skulle fortsette.

Så ein morgon etter at kona hadde gått ut av huset tok han mot til seg og ringte UDI. – Eg ville berre ha råd, om kva eg kunne gjere. Der fekk eg snakke lenge. Eg gret og fortalde historia mi og korleis eg hadde det. Eg bad ikkje om anna enn gode råd. På same tid var eg veldig redd og usikker på om eg kunne stole på UDI. Personen eg snakka med der sa at eg var utsett for overgrep og at eg ikkje kunne bu med kona mi. Eg fekk tips om å ringe Krisesenteret i Oslo.

Rett etter samtala med UDI ringte eg Krisesenteret i Oslo, og der fekk eg be-skjed om å pakke litt saker og gå til det lokale politiet. Det var januar og kaldt då eg pakka sekken og gjekk til politiet. Der fekk eg til og med snakke med politisje-fen. Midt i samtala reiste politisjefen seg, la hendene på skuldrane mine og sa; – Eg har det veldig travelt. Vi har ein storbrann i nabokommunen så det er fint om du kan komme tilbake i morgon. – Nei, sa eg. – Eg kan ikkje komme tilbake i morgon. Eg hadde ingen plass å overnatte så eg snakka fort og fortalde historia mi i korte trekk. – Bli med meg, sa politiet, og så køyrde dei meg til NAV kontoret. Der fekk

eg snakke med ein person som lurte på kvifor eg ikkje snakka med politiet. – Eg forklarte situasjon, og NAV kontoret tok meg heldigvis på alvor.

– NAV kontoret tok kontakt med Kri-sesenteret i Sogn og Fjordane, og for første gong sidan eg kom til Norge fekk eg eigne pengar mellom hendene. Eg fekk 1700 kroner og ei drosje som køyrde meg til krisesenteret. Det var ei fantas-tisk oppleving. Eg var forvirra, prega av stress, redsel og kaos då eg kom fram til krisesenteret. Endeleg fekk eg nokon eg kunne snakke med, og som eg stolte på. Her var det trygt, og eg blei behandla som eit familiemedlem. Jacob bur ikkje på kri-sesenteret lenger, men er ofte innom og kan ringe når han treng nokon å snakke med. – Eg har lagt det vonde bak meg, men det har tatt lang tid å bygge seg sjølv opp igjen. Eg er eigentleg ein glad og blid person, smiler han.

Enno plager det han å høyre at kvinner hevar stemma og kjeftar. Då kjenner eg eit stikk i magen, og trekkjer meg unna. – Men, eg er ingen kvinnehatar, presiserar han, men eg er heller ikkje klar for å gå inn i noko nytt forhold. – No er eg opptatt av å ha gode venner og det einaste eg ønskjer er å leve eit sjølvstendig liv. Eg vil sjå søne-ne mine igjen og eg ønskjer meg mest av alt eit arbeid, slik at eg kan vere ein fri og glad mann. Å reise tilbake til heimlandet utan pengar er utenkelig. – Det ideelle vil-le vere å hente sønene mine hit og leve det gode norske liv. Det er det UDI som må av-gjere. Han takkar krisesenteret for at dei har gitt han livet og håpet tilbake. - Dei er gode samtalepartar og er med og bygger meg opp med positiv tenking. – Eg håpar at historia mi kan hjelpe andre menn, som er i liknande situasjon som meg, avsluttar ein smilande Jacob. – Sjølv om folk har vanskeleg for å tru og forstå historia mi, så trur eg ikkje at eg er den einaste mannen som er trakkassert og mishandla av kona.

- Sjølv om folk har vanskeleg

for å tru og forstå historia mi, så trur

eg ikkje at eg er den einaste mannen som

er trakkassert og mishandla

av kona Eg var heile tida redd for kva ho kunne finne på

Krisesenteret er familien min

Page 7: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

30 år i kampen mot vald

– Kvinnene sitt engasjement må halde fram

– Pengane har alltid vore den store bøygen, fortel tidlegare dagleg leiar på Krisesenteret i Sogn og Fjordane, Liv Teigen. – Frivillig arbeid har alltid vore lett å få til. Då det heile starta midt på 80-talet var det alltid mange kvinner som stilte opp for å hjelpe

sine medsøstrer med å sleppe vekk frå valden. Det var kvinnerørsla som tidleg tok tak i problemet med vald mot kvinner og barn. Vi opplevde likevel at mange avviste at dette var eit problem i bygdene i «snille» Sogn og Fjordane.

Det heile starta med Krisetelefonen, både her i Flora og andre stader rundt om i fyl-ket. – Vi hadde eit rom på aldersheimen, der vi kunne vere telefonvakt, fortel Liv. – Eller ein kunne velje å sitte heime. Dei fleste ville helst ikkje ha vakttelefonen hei-me, valden kom på ein måte for tett inn på livet. Det gjer noko med deg å vere vitne til kva kvinner og barn rundt deg gjennom-går. Det kunne vere lange og tøffe samta-ler, og ofte måtte vi rykke ut og hente folk på avtala stad midt på natta. Sjølv om vi ikkje hadde krisesenter vart det naturleg å ta i mot folk på rommet på aldersheimen.

Frå krisetelefon til krisesenter– Vi såg tidleg, sjølv om vi ikkje forstod omfanget, at det var behov for eit hus for å hjelpe kvinnene og barna. Det var først usikkert kvar i fylket det skulle vere. Flora kommune var behjelpelege med å finne hus til oss, og dermed vart det her. Liv Teigen presiserer at dei måtte ordne øko-nomien sjølv. – Vi starta med 2 rom i eit eldre bustadhus, og framleis var alt basert på frivillig arbeid. Vi trengte stadig større plass, og var på flyttefot fleire gonger frå 1985 til 1989 – då vi endeleg flytta inn i eige hus.

Ulike kvinner jobba godt samanSjølv vart Liv Teigen verva inn i arbeidet i 1986, og minnest ei travel tid med telefon-vakter ved sidan av eige arbeid og familie. – Det var eit krevjande arbeid, men veldig gjevande når vi såg resultat. Noko av det

eg sette mest pris på var at vi var kvinner frå ulike lag av folket, med ulike yrke, interesser og politisk ståstad, som jobba godt i lag. Eg har erfart i mange saman-hengar at det å jobbe i lag med folk som er ulike er svært gjevande, og ofte gir det beste resultatet. Liv dreg og fram politiet og advokatane som gode støttespelarar og sanningsvitne.

Kronerulling skapte engasjementDet var ein stor jobb å få til eit krisesen-ter, og ikkje minst det økonomiske kravde mykje. Liv fortel at medlemmane ordna alt utstyret, frå maling til møblar av alle slag og dekketøy og sengetøy. – Det vart arrangert kakelotteri og diverse utloddin-gar, men dei store pengesummane kom ikkje inn på denne måten. Det var både slitsamt og dyrt å stadig vere på flyttefot og pusse opp nye hus. I 1988 innsåg vi at vi trengte eit eige hus, med plass til både kontor og meir plass til brukarane. – Men, korleis skulle vi skaffe pengar? Kronerul-ling var inn i tida på 80-talet og samtidig håpa vi på banklån. Alle krisetelefonane i fylket var aktiv med i kronerullinga, og vi brukte både media og bankane aktivt. Håpet var at vi skulle få inn rundt 100.000 kroner. Resultatet vart den overveldande summen 730.000 kroner. Liv Teigen skryt av engasjement og gjevargleda i fylket.

Motiverande dugnadFlora kommune ved ordførar og rådmann gjekk i forhandlingar med ein huseigar.

Med lån i banken og mykje dugnadsarbeid kunne vi endeleg flytte inn i eige hus. Det var travelt, men vi gleda oss stort over å få ei meir permanent ordning. Alt dugnadsar-beidet vi la ned var ein viktig motivasjons-faktor, og vi tenkte at no er vi berga - med mykje plass og til og med eige vaktrom, smiler Liv Teigen.

Nytt hus og dagleg leiar– I 1990 vart det så trongt at vi fekk pro-blem igjen, seier Liv og ristar på hovudet. – Det var litt tøft å sjå, at etter alt slitet, så var det for få overnattingsplassar. – I 1991 vart eg tilsett som dagleg leiar, og dermed var problemet mitt, ler Liv. Valet stod mellom å bygge på eller kjøpe nytt. Så oppdaga vi eit stort eldre og sjølvei-gande hus til sals – nær sentrum. Etter forhandlingar med seljar, som sette pris på formålet vårt, var vi på nytt på flyttefot. Her var det til og med mulig å utvide ved behov. Hus og økonomi har kravd mykje av oss gjennom desse 30 åra. På 2000-talet kom det krav om universell utforming, noko som resulterte i nybygg som stod ferdig i 2011.

Profesjonelt krisesenterFrå 1995 vart krisesentertilbodet meir profesjonalisert, og det var slutt på hei-mevaktene med krisetelefonen for med-lemmane. Dette var ei naturleg utvikling, og det var enklare for dei som jobba på krisesenteret å svare på telefonar, enn dei som sat meir på utsida. Medlemmane sitt

arbeid vart likevel ikkje lagt ned. Kvinnene rundt om i fylket stilte opp når noko måtte organiserast og var viktige medspelarar for å skaffe midlar til krisesenteret.

Engasjerte kvinnerSjølv om vi har eit profesjonelt og døgnope krisesenter treng vi framleis engasjerte kvinner som står opp og kjempar kvinnene si sak mot vald og for likestilling. - Det er mi hjartesak, fortel Liv Teigen, at kvinner i Sogn og Fjordane framleis skal engasjere seg og ha eit eigarskap til krisesenteret. Det er sjølve grunnpilaren til krisesenteret.

Hald fast på ideologienFor Liv Teigen er det viktig å halde fast på ideologien til krisesenteret. – Det er likemannsarbeid, med hjelp til kvinner på kvinners premissar. Krisesenteret skal ikkje vere noko sosialkontor, men med-menneske som hjelper deg i ein vanskeleg situasjon. Liv legg vekt på at dei som kjem til krisesenteret må føre si eiga sak, og ta sine eigne avgjerder. – Dei skal få hjelp til å sortere slik at dei ser muligheitene. Vegen vidare må dei finne sjølve. Det er inga lettvint løysing, der andre kan kom-me med ei oppskrift på kva kvinnene skal gjere, presiserer Liv. – Vi som vil hjelpe må vere flinke å fortelje om valden som bru-karane er utsette for. Det er viktig at vi alle er med og engasjerar oss slik at samfunnet kjenner til den usynlige og skjulte valden. Eg ønskjer dei engasjerte kvinnene på bana, på same måte som for 30 år sidan.

Liv Teigen som har vore engasjert i kampen mot vald i 30 år ønskjer at kvinner i alle samfunnslag engasjerer seg. Vi må opplyse samfunnet om den skjulte valden og kva krisesentera gjer for dei som er utsette for vald.

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE7

Page 8: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE8

Eg visste ikkje kva krisesenteret var

– I starten av eit forhold er ein forelska og ser ikkje alle problema. Mannen min had-de depressive periodar om hausten, men stort sett hadde vi det bra. Vi fekk ungar og dei tok stor plass i livet mitt. Eg hadde stort sett hovudansvaret for ungane og huset vårt, i tillegg til jobb. Mannen min var opptatt med andre ting, og ikkje så en-gasjert. Han tok aldri ansvar for noko med ungane eller huset.

Så skjedde det plutseleg ei stor for-andring med han. Han kom heim etter å ha vore vekke på arbeid i ei veke, og var heilt forandra. Han var svært høgt oppe, manisk og paranoid. – Eg hadde aldri opp-levd han slik før. Han snakka og snakka, og røykte og røykte, fortel Maria og ristar på hovudet. – Han påstod mellom anna at eg var sjuk, og at han flytta på hotell for å beskytte seg sjølv. Så plutselig kunne han påstå at det var folk etter oss, som ville drepe oss. Då måtte heile familien halde seg innesperra i huset. Han hadde ein paranoid tankegang, var hissig og snakka veldig høgt og veldig mykje.

Det var utruleg slitsamt å vere i lag med han, for både meg og ungane. Uansett kva eg sa eller foreslo, så fekk han det til at eg var vanskelig og dum. Mannen til Maria var svært oppfarande og alle andre var det noko gale med – heile tida. Det var mykje bråk og uro og alt fokuset var retta mot han. – Vi andre gjekk på tå hev. Han var den einaste som forstod og hadde rett, og andre folk var ute etter han. Når han møtte andre folk klarte han likevel å oppføre seg skikkeleg. Maria hugsar spesielt ein episo-

de der det parkerte ein framand bil utan-for huset. Mannen var heilt hysterisk, han sprang frå vindu til vindu og meinte det var ein person som ville drepe dei. Då den fra-mande viste seg å vere ein slektning, var han smørblid, la om stemmeleiet og tok varmt i mot gjesten.

Maria tok etterkvart kontakt med fast-legen og fortalde korleis dei hadde det. – Først då fekk eg vite at han hadde ein diagnose, og at familien og legen visste om det. Han hadde vore slik sidan han var ung, og skulle gå på medisin. Fastlegen fortalde at eg burde vurdere å ta kontakt med krisesenteret, men eg forstod ikkje kva krisesenteret var. Eg forstod ikkje at det var eit heilt hus med snille folk som ville hjelpe meg og ungane mine.

– Mannen min slo meg aldri, men eg fekk heile tida høyre at skallen min var tom og at eg var sjuk og vanskeleg. Han var stor og sterk og oppførte seg veldig truande, og hadde alltid rett. Han fortalte stadig merkelege historier, der han var for-følgt av andre. Inn i mellom kunne han ha rolege periodar og skulda på at han hadde blanda alkohol og medisin. Då lovde han bot og betring - og eg ville gjerne tru på han. Etter kvart vart eg redd for kva han

kunne finne på. Etter ein lang manisk peri-ode toppa deg seg ei natt. Klokka to skulle han plutseleg ut for å lufte seg. Eg måtte forstå at han måtte hente hjelp for å be-skytte seg mot han som skulle drepe oss.

Då han var ute av huset ringte eg politi-et, som igjen bad meg ringe fastlegen. Der fekk eg beskjed om at eg burde kontakte krisesenteret. I første omgang flykta eg med ungane over til nabohuset, og fekk etter ei stund beskjed frå politiet om at dei hadde funne han og fått han innlagt på psykiatrisk avdeling. Han skreiv seg sjølv-sagt ut igjen neste dag, men då var eg reist til krisesenteret. Eg var redd og frustrert og torte ikkje å vere heime i mitt eige hus lenger. Mannen min var rasande sint og påstod at eg hadde stole bilen og ungane hans. Etter at vi hadde flytta ut raserte han nabohuset og bilen til slekntingane mine, fordi han trudde vi hadde gøymt oss der. Eg er glad for at vi kom oss derifrå.

Eg gløymer aldri dei tre månadane un-gane og eg budde på krisesenteret. Det kjentest heilt rett frå dag ein. Her fekk eg nokon å snakke med, som forstod kva eg hadde opplevd. Det er eit veldig godt sam-hald her, sjølv om vi budde mange ulike kvinner saman. Det viktigaste eg har lært her er at eg må sjå framover, smiler Maria. Her på Krisesenteret tenkjer dei på alt, og er fantastisk flotte menneske. Ungane mine er den største bekymringa mi, og eg er glad for at vi no har fått ro rundt oss. Det er urettferdig at det er vi som har mista alt, på grunn av ein sjuk mann – men eg flyttar aldri tilbake.

- Det er utruleg kva ein må tape på grunn av ein mann. Maria som sit framfor meg ser ut som ein energibunt. Ho gestikulerer med hendene og ler og smiler innimellom tårene som kjem rennande etter kinnet.

– Energien og det gode smilet har ikkje alltid vore på plass, fortel Maria. Ho har vore sambuar og gift med ein norsk mann i 10 år. Eit forhold som har svinga i takt med mannens bipolare liding. På grunn av det har ungane mine og eg mista hus og heim, vi har flytta frå staden vi er glad i og der vi har familie og venner.

Det viktigaste eg har lært her er at

eg må sjå framover

Gratis juridisk

rådgjevingKrisesenteret har tilbod om gratis juridisk rådgjeving for menneske som er utsette for vald i nære relasjonar. Tilbodet starta i 2007 med støtte frå Justisdepartementet. Krisesenteret har knytt til seg 2 advokatar, som dekkjer heile fylket. Du treng ikkje bu på Krisesenteret for å nytte deg av dette tilbodet, men kontakten må gå via oss for å få gratis juridisk rådgjeving. Advokatane kan hjelpe med saker som til dømes:· Kontakt med politiet· Bistandsadvokat· Søknad om fri rettshjelp· Separasjon / skilsmisse· Skifteoppgjer / oppgjer av bu · Omsorg for barn· Besøksforbod / brot på besøksforbod· Valdsalarm· Namneendring· Å leve skjult – på kode· Valdsoffererstatning· Opphaldsløyve etter samlivsbrot

ROBERT FONN, som har samarbeidd med krisesenteret via Justisdepartementet si-dan 2007, fortel at det viktigaste er at det er eit lågterskeltilbod, der mange får hjelp på eit tidleg stadium. – Vi møter eit vidt spekter av brukarar, og ofte er det svært unge barn med i bildet. Avklaringane vi kan bistå med er like viktige for barna som for foreldra. Svært mange av klientane våre er feilinformerte om eigne rettar, og er bekymra. Valdsutøvaren har gjerne trua med at dei ikkje kan klare seg åleine, og at dei vil misse retten til å vere i lag med bar-na sine. – Vi driv med mykje informasjon og realitetsorientering, seier Fonn.

ANETTE STEGEGJERDE NORDBERG, har bakgrunn som politiadvokat i Sogn og Fjordane og har jobba spesielt med fami-lievald og vald retta mot barn. Ho meiner det er viktig at ein som advokat forstår me-kanismane som føregår når kvinner lever i ein valdsspiral. Mange lever under svært uverdige forhold over lang tid. – Jobben vår går ofte ut på å peike i rett retning, ut av kaoset. Då kan praktiske spørsmål som skifteoppgjer vere viktige. Det er viktig at vi er tilgjengelege når krisa er der.

Page 9: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE9

Kva skjer på krisesenteret?

Vårt utgangspunkt er at alle menneske er ekspert på eige liv. Kvar enkelt definerer sjølv sin eigen situasjon og bestemmer sjølv kva ein vil ha hjelp til. Dei tilsette på Krisesenteret har god kunnskap om hjel-peapparatet og kva rettar og mulegheiter som finst. Vi støtter og hjelper både under opphaldet på Krisesenteret og i re-etable-ringsfasen, dersom det er behov. Ein treng ikkje bu på Krisesenteret for å få hjelp. Mange kjem hit til samtalar.

Krisesenteret skal vere ein trygg plass- Det grunnleggande for oss og brukara-ne er at krisesenteret skal vere ein trygg plass og eit lågterskeltilbod, som i første omgang får barn og foreldre vekk frå val-den. Sikkerheita er viktig, og mange som kjem hit er svært trua - ja ofte på livet. Då må vi kartlegge sikkerheitsbildet. I nokre

tilfelle treng vi eksterne sikkerheitstiltak i samarbeid med politiet, som valdsalarm og kontakt- og besøksforbod. Vi har gode sikkerheitstiltak på Krisesenteret, som til dømes videoovervaking over heile områ-det, alarm og gode sikkerheitsrutinar.

Skape roI den første fasen er det viktig at vi skaper ro rundt dei som kjem hit, og vi prøver å få ei oversikt over kva som har skjedd. Det er viktig at vi er tilstades og hjelper dei å ryd-de opp i alt som skaper uro. Det kan vere å rydde opp i praktiske ting som å melde frå til skule og barnehage og arbeidsplass om situasjonen. Mange som har levd med vald over lang tid er ofte så prega av dette, at dei dissosierar. I slike tilfelle må dei tilset-te på Krisesenteret ta i bruk stabiliserings- teknikkar. Mange som har levd lenge med vald treng behandling hos psykolog og dei får ofte diagnosen posttraumatisk stress-liding. Ta eigne valPå krisesenteret har vi samtalar med be-buarane for å sortere tankar og følelsar og hjelpe dei til å sjå framover. Det er viktig at vi er medmenneske og har tid til å lytte samstundes som vi skal vere profesjonelle

hjelparar. Dei må få sette ord på dei kren-kingane og valden dei har vore gjennom. Dei må få hjelp til å bygge seg opp att, og bli sterke nok til å ta eigne val. Vi opplever

at mange har vore så undertrykte at dei aldri har vore vande til å ta eigne val. På Krisesenteret har vi respekt for dei vala brukarane tek.

Å bli mishandla av nokon som står deg nær er spesielt vondt og set djupe spor. Ingenting rettferdiggjer vald. Mange vert likevel verande i eit valdeleg forhold i håp om at det skal bli betre seinare. Krisesenteret arbeider for å beskytte,

støtte og rettleie valdsutsette kvinner, menn og barna deira. Dei tilsette på krisesenteret er gode omsorgspersonar, som har lang erfaring og god kompetanse på vald i nære relasjonar og konsekvensar av valden.

Sikkerheita er viktig, og mange som kjem hit er svært trua - ja,

ofte på livet

Aktiv og meinings-full kvardag

Gratis juridisk

rådgjeving

For alle som er her, anten det er vaksne eller barn, er det viktig at vi finn på ting saman. Difor legg vi opp til mange ulike ak-tivitetar her på huset og andre stader. Folk lever tett inn på kvarandre her - i eit bufel-lesskap, og vi legg vekt på at alle må bidra. Matlaging, måltid og det å halde orden i huset er viktige fellesaktivitetar. I tillegg så har vi ei lang liste med hobbyaktivitetar som vi driv med her.

Frå bingo til yogaBingokveldane er ekstra populære. Vi fekk enormt med julepakkar i samband med julepakkeaksjonane som næringslivet og private har bidrege til. Det vart så mange pakkar at vi har spart ein del, som vi brukar til premiar på bingokveldane. Då rungar det av liv og glede her i huset. Sanitetsfor-einingane har bidrege med mykje materia-le til hobbyrommet vårt, og det er og svært populære aktivitetar. Det er mange som

har funne fram til nye kreative sider her på huset, anten det gjeld strikking, sying eller maling. Det siste nye er at vi har yoga- kveldar. Det var vi litt spente på, men det er veldig populært. I tillegg blir det turar ut i naturen og Havhesten og bowlingen er i flittig bruk.

Aktivitet og opplevingarVi driv ikkje med behandling på krisesente-ret, men viser vidare til lege eller psykolog når det er nødvendig. Det vert likevel gjort svært godt psyko-sosialt arbeid som har god terapeutisk effekt. Aktivitetar og opp-levingar har god terapeutisk effekt. Mange barn manglar gode opplevingar. Dei har gjerne hatt det vanskeleg lenge, og gått på tå hev før dei kjem hit. Vi har spesielt fokus på barna når det gjeld aktivitetar, samtidig som vi legg vekt på å involvere forelderen som er her saman med barna, slik at den og har fokus på barna.

Page 10: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE10

Medmenneskeleg og nøktern drift- Det er utruleg dyktige damer som jobbar på Krisesenteret i Sogn og Fjordane. Dei tar ansvar både for medmenneske og økonomisk drift, seier Ole Petter Westbø Olsen. Han er dagleg leiar i selskapet Solvens, som har ført rekneskapet til stiftinga gjennom ei årrekkje. Han fortel at krisesenteret heile tida jobbar under usikre budsjett, fordi dei aldri veit kor mange som treng hjelp gjennom eit år.

Olsen er imponert over det mellommen-neskelege arbeidet kvinnene på krisesen-teret gjer. - Dei tek seg av ei brukargruppe som ingen andre tar ansvar for, og dei gjer ein jobb som er svært ressurskrev-jande, både på det menneskelege og det økonomiske planet. Hittil har dei klart å halde seg innanfor rammene fordi dei driv nøkternt. Krisesenteret er ikkje eit skatte-subjekt og stiftelsen har ikkje som mål å drive næringsverksemd.

Ole Petter dreg fram verdien av gåve-ne som krisesenteret får inn. – Folk vil gjerne hjelpe, og både privatpersonar og

næringslivet i fylket er rause. Eg trur at eit viktig punkt her er at folk veit at gåvene kjem fram til dei det er tiltenkt. Om krise-senteret skulle gå frå å vere ei stifting til å bli kommunalt, trur eg gjevargleda hadde dala fort.

Olsen viser til at det dei siste åra har kom-me inn mellom 100 og 150.000 kroner i gåver til senteret. – Dette går ikkje inn i den daglege drifta, men kjem brukarane til nytte som til dømes aktivitetstilbod, leikar til barna, møblar og blomster til hage og liknande. Det er med å gjere kvardagen betre for dei som må fl ykte frå vald.

Det har skjedd mykje på utbyggings-sida på Krisesenteret i Sogn og Fjordane dei siste åra, og rekneskapsføraren håpar at det blir litt ro rundt drifta. - Det er slit-same prosessar i tillegg til den krevjande kvardagen. Det er utfordrande å få det til å gå i hop økonomisk, men dei er dyktige og nøysame folk. Ole Petter Westbø Olsen håpar at tankane om å gjere det om til eit kommunalt føretak blir lagt vekk. Både dei som driv stiftinga og gjevarane har eit eigarskap til krisesenteret. Om det blir kommunalt, som ein del har snakka om, er eg redd at ansvaret blir pulverisert.

– Eg er sikker på at krisesenteret fun-gerar best som ei stifting, der både tilsette og frivillige tek eit stort ansvar for medmenneska sine.

Krisesenteret er eit mellombels butilbod som tek imot personar som er utsette for vald i nære relasjonar

Krisesenterlova

Fylkesmannens ansvar

Det er kommunen som skal sørgje for at det fi nst eit tilbod om krisesenter for alle som treng det. Kommunen skal òg sørgje for at krisesenteret oppfyller krava i krisesenterlova. Formålet med denne lova er å sikre at det fi nst eit godt tilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald frå nokon som står dei nær.

Eit krisesenter er eit tilbod om ein mellombels stad å bu. Det skal vere gratis, døgnope og tilgjengeleg heile året.

Tilbodet skal vere tilrettelagt for kvar enkelt brukar.

Krisesenteret og andre off entlege tenester skal vere samordna og gi brukaren heilskapleg oppfølging.

Dei som har budd i krisesenter, skal få tilbod om oppfølging etter at dei har fl ytta ut.

Krisesenterlova pålegg kommunen å føre internkontroll med at krisesenteret og den verksemda krisesentertilbo-det omfattar, er i samsvar med gjeldande regelverk.

Fylkesmannen fører tilsyn med at kommunen følgjer opp oppgåvene sine etter føresegnene i krisesenterlova. Fylkesmannens tilsyn rettar seg mot kommunen, ikkje det enkelte krisesenteret.

www.fylkesmannen.no

– Dei tek seg av ei brukargruppe som

ingen andre tar ansvar for …

Page 11: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

KRISESENTERET I SOGN OG FJORDANE11

Søstre for søstreDesiree Øvretveit på Sande fekk ein god idé - og gjorde noko med det. Ein idé som gjer ein forskjell for mange kvinner i heile Norge,

både på gjevar- og mottakarsida. Sidan starten av mars har det gått ein jamn straum med fargerike og fl otte toalettmapper, med rikhaldig innhald, inn og ut av stoff butikken Desiree Lappeteknikk til krisesenter rundt om i landet.

- Eg har ei svigerinne som jobbar på eit krisesenter, og det har gitt meg eit lite innblikk i livet på krisesenteret. Ofte kjem kvinner og barn inn på krisesenteret med berre det dei står og går i. Tanken min var; - kva kan eg gjere? Då ideen om å gje ei toalettmappe til kvar kvinne som kjem til krisesentera var fødd, sende eg eit formelt spørsmål, først til eit krisesenter. Etter-kvart var det 48 krisesenter rundt om i lan-det som fekk e-post. Desiree Lappeteknikk er ein nettbutikk med kundar og nettverk over heile landet, og då ideen vart presen-tert på Facebook tok det heilt av.

Folk vil hjelpe- Som fi rma og privatperson ønskjer eg å støtte gode prosjekt. Med denne ak-sjonen, som har fått namnet «Søstre for søstre» kan eg famne om alle kundane mine. Eg har 8-9000 unike brukarar av nettbutikken, og eg er audmjuk over den gjevargleda eg opplever. Noko av grunnen trur eg er at folk kan relatere seg til pro-sjektet, og folk ønskjer å hjelpe andre. Det er både quiltelag og enkeltpersonar som syr og leverer toalettmapper til aksjonen. Kvar mappe skal fyllast med innhald til ein verdi på 200 kroner. For dei som ikkje kan sy passar det difor fi nt å betale inn pengar til innhaldet i mappene. Desiree jobbar grundig med prosjektet, og har funne ut at det kvart år kjem om lag 2000 kvinner til krisesentera i landet. - Så eg har ein del mapper å pakke, smiler den blide gåvefor-midlaren.

KvalitetsgåvePå spørsmål om ikkje dette tek mykje tid, er svaret klart og tydeleg. – Tid har eg nok av. Vi har uendeleg med tid, det spørs berre kva vi fyller den med, seier Desiree medan ho fyller ei rad med toalettmapper med sjampo, balsam, hudkrem, tannkost, tannkrem, deodorant og intimsåpe. Ho

legg vekt på at det skal vere ein viss kvali-tet over varene. Somme har stilt spørsmål ved innhaldet, men Desiree er klar på at det skal vere ein fast standard. For som ho seier; - Kva ville du lagt i mappa om det var di eiga dotter som var på krisesenteret? Det skal ha ein fast verdi på 200 kroner, og om dei som syr ikkje har anledning til å gje 200 kroner, så kan det vere eit godt sam-arbeidsprosjekt med folk som ikkje syr.

Engasjement og respektDet viktigaste er eigentleg ikkje toalettm-appene i seg sjølve, seier Desiree. Det vik-tigaste er å gjere folk bevisste på kva som skjer, og at vi gjennom dette engasjemen-tet viser respekt for og støtte til kvinnene som er utsette for vald. – Eg ser føre meg at dei som får toalettmappene kan sjå på den som eit symbol på at dei har mange kvinner i ryggen. Tenk å stå på badet og sjå på ei slik fl ott toalettmappe, og vite at det er nokre der ute som støttar ein. Det at ei

kvinne er kommen til krisesenteret er teikn på styrke i seg sjølv, meiner Desiree. – Då har ein tatt eit viktig val i livet.

Kjærleik i kvar toalettmappe- Eg har fått tilbakemeldingar på at toa-lettmappene blir godt mottekne, og samti-dig er eg mektig imponert over responsen prosjektet har fått mellom alle quiltarane. Prosjektet vil følgje butikken, og når vi har levert dei første 2000 mappene, er eg klar for ei ny runde, smiler ei engasjert dame. – Når ein er ein dedikert syar har ein ka-

pasitet til å sy meir enn gåver til familie og venner, slår ho fast. - Dette arbeidet rommar mykje kjærleik, seier Desiree og fortel om 3 kvinner som nett har levert 29 toalettmapper. Dei fekk innhaldet donert av Lilleborg. Det er fl eire slike eksempel der til dømes lokalbutikken sponsar sjam-po og anna innhald.

Frå kvinne til kvinnePå spørsmål om kva som er bakgrunnen for engasjementet, er ikkje svaret heilt enkelt. - Det er mange ting som har forma meg gjennom livet, og eg har etterkvart innsett at eg ikkje kan forandre andre menneske, seier ho alvorleg. - Kvar må ta sine val. Dette er ein måte å vise at ein bryr seg, og å vise respekt for dei som treng det meir enn dei fl este. I mange situasjonar er det vanskeleg å både gje hjelp og å ta i mot hjelp. Kanskje kan ei sjølvsydd toa-lettmappe frå ei kvinne til ei anna – søstre for søstre – likevel gjere ein forskjell.

Vi har uendeleg med tid, det spørs

berre kva vi fyller den med

Desiree Øvretveit inviterer kundane sine til å støtt e prosjektet «Søstre for søstre», ved at dei syr ei toalett mappe og fyller den med innhald. Ho har fått 3 av dei største quilte-designarane i Noreg til å lage mønster til toalett mappene.

«Krisesenteret var helt annerledes enn jeg trodde. Det var utrolig godt å være der. Alle var så snille, og jeg fi kk hjelp til barna slik at jeg kunne hvile»

- Kvinne 26 år, 2 barn -

«Uten krisesenteret hadde jeg aldri klart det. Både barna og jeg ble møtt med respekt og forståelse. Vi skulle bare reist dit lenge før. Det var også fi nt å treff e andre mennesker i samme situasjon»

- Kvinne, 37 år, 4 barn -

«Alle burde visst om krisesenteret. Jeg følte meg trygg der. Der var alltid noen som hadde tid til å lytt e. Jeg fi kk den hjelpen jeg trengte for å komme ut av den vanskelige livssituasjonen jeg var i».

- Kvinne 56 år -

Page 12: Informasjonsmagasin frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane

Er du utsett for vald eller mishandling?Valden kan vere fysisk · psykisk · seksuell · materiell

Krisesenteret kan hjelpe deg!

Krisesenteret tilbyr tryggleik og hjelpDagtilbod · Mellombels butilbod · Telefonteneste · Råd og rettleiing · Beskyttelse · OmsorgAdvokatbistand · Støtte og hjelp på dine eigne premissar · Fellesskap med andre i same situasjonHjelp til søknader · Informasjon om rettar og muligheiter · Bistand i kontakt med hjelpeapparatetOppfølging og hjelp i re-etableringsfase

A til Å - www.atilaa.no I Foto: Egil Aardal

Butilbodet vårt til kvinner og butilbodet til menn er ikkje samlokaliserte

Samtale, råd, rettleiing ... Krisesenteret sitt tilbod er gratis for deg

Ekte kjærleik er fri for vald