14

Kjærleikens geometri av Odveig Klyve

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Klyve si dikting held fast ved håpet. Det vil seia, ho gjer meir enn det. Ho gir oss håp. Ho skriv fram den menneskelege erfaringa som ei lekkje i ein kjede. Me kan finna denne samanhengen ved å følgja eit einaste bilete i hennar dikting, nemleg fingeren som stryk. Gjennom bruken av møtet mellom fingertuppar og verda lar ho oss sjå og møte barnet, elskaren og den gamle

Citation preview

Odveig Klyve

Kjærleikens geometriDikt i utval

Med etterord av Helge Torvund

© CAPPELEN DAMM AS 2014ISBN 978-82-02-45173-8

1. utgave, 1. opplag 2014

Omslagsdesign: Asbjørn JensenOmslagsfoto: Odveig Klyve

Sats: Type-it ASTrykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2014

Satt i 12 pkt. Janson Text og trykt på Munken Print Cream 115/1,5

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i dennepublikasjonen. Utan særskild avtale med Cappelen Damm ASer all eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate

så langt det har heimel i lov eller avtale med Kopinor,interesseorgan for rettshavarar til åndsverk.

Bruk som er i strid med lov eller avtale, kan føre tilerstatningsansvar og inndraging og straffast med bøter eller fengsel.

www.cappelendamm.no

frå

Rift(1993)

Kvar kan me buMe veks ut av linjene i

landskapetmen kviler ikkje her

Me fell mjukt gjennom luftasom slør

Me spjærer dei fallandedraumar

med våre skarpe konturar

Me gøymer våre fargar i nattaKvar kan me bu

med våre kvite paradoks

7

Herkastar fjellet songane sine

utDen gamle hausten

hentar dei varsamt inni vinterens forkle

8

Stjerner og steinarer gøymt under skorper og vevi våre svarte åkrarpressar seg opp gjennom porenestjerner og steinar

Me lyfter steinog vert lokka avstjerner

Våre kroppar er lysande og tunge

9

Fossane stansar ikkjeDet som var

er ikkje borteDet som er

renn bort

Fjelletein finger langs æva

Vatngjennom nevane dine

Reisene som aldri endar

10

Gledenegøymer seg

under ripsbuskaneunder den tikkande klokka

langs rytmeni underlege ord

langs kraftlinjene

Lettar som fiolette kråker

Pustari den usikre vinden

11

Her Dei gamle vognene dei høge lydane den grøne ramlingaav stein og metall Den gamle vegen Du går forbi Me hentar fiolinarog gitarar Me reparerer trommene Me held fram

Kroppane har stivna i gammal smerte Her vil me buog leita etter rørsla den mjuke den hastige

12

Eg syng for brødet Det er ein kvit sommar Me syng Me hentartrommene og trampar gjennom skogane Sårføtte går meutan å stansa Dagen har ein framand gud.

Me leitar gjennom brødet av sommar gjennom den dødeskogen

13

Eg frys men gardinene er raudeKvifor rekker du handa ut Det er betre å vera på botnenav altGlaset kvitt Glaset pulverisertEg veit ikkje orda for dette Du spør Eg svarar ikkjeDu svarar Eg spør ikkje

14

I vinteren av våte ullteppe og salt kjøtkjem du til meg Med pust av krystall og kråker

Seint vert alt synleg mot våre trommehinnerSmå små pupillar mot morgonen sin munnMe fangar sitrande isflak som filter for bitreløgner

15