12
«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen på innlegget eg skal halde. Det var ikkje akkurat dette eg hadde foreslått sjølv, men overskrifta kan likevel vere eit godt utgangspunkt for refleksjon rundt to ulike storleikar: ei faktisk fortid, slik det eigentleg var, og minnet om denne fortida, altså det som ei ettertid av ulike grunnar festar seg ved som betydningsfullt og verdt å hugse på. Oppgåva mi er altså i følgje overskrifta å ta den faktiske fortida som utgangspunkt og sjå korleis ho kan tene som premiss for kva som får status som kulturminne. Men for å forstå prosessen med konstruksjon av kulturminne, kan ein ikkje ta fortida som utgangspunkt. Utgangspunktet er i staden at eit minne alltid og utan unntak har sitt utsiktspunkt i ei gitt samtid som ser bakover mot fortida. Det er ettertida som bestemmer kva i fortida som er verdifullt og verdt å minnast. 1

«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert

kulturminne?»

Slik lyder overskrifta i programmet for dagen på innlegget eg skal halde. Det var ikkjeakkurat dette eg hadde foreslått sjølv, men overskrifta kan likevel vere eit godt utgangspunkt for refleksjon rundt to ulike storleikar: ei faktisk fortid, slik det eigentlegvar, og minnet om denne fortida, altså det som ei ettertid av ulike grunnar festar seg ved som betydningsfullt og verdt å hugse på. Oppgåva mi er altså i følgje overskrifta å ta den faktiske fortida som utgangspunkt og sjå korleis ho kan tene som premiss for kva som får status som kulturminne. Men for å forstå prosessen med konstruksjon av kulturminne, kan ein ikkje ta fortida som utgangspunkt. Utgangspunktet er i staden at eit minne alltid og utan unntak har sitt utsiktspunkt i ei gitt samtid som ser bakover mot fortida. Det er ettertida som bestemmer kva i fortida som er verdifullt og verdt å minnast.

1

Page 2: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Historie,«faktisk fortid»

Minne,«Kulturminne»

Overført på kulturminne, er det altså ikkje den faktiske fortida som produserer kulturminne, men det er ei gitt samtid som ser bakover. Men fortida – eller rettare –dei hendingane og handlingane i fortida som har etterlatt seg bevarte spor, dei blir eitråstoff – så å seie ei stor, usortert samling av leivningar. Og om vi arbeider som historikarar, prøvar vi etter beste evne å bruke desse leivningane til å lage oss bilde og skrive tekstar om korleis det faktisk var i fortida. Men parallelt med dette foregår det også prosessar der vi brukar spora frå fortida til å skape meining i samtida, og til det vel vi meir eller mindre bevisst ut element frå fortida som er tenlege til dette formålet. Desse elementa blir til saman vårt minne om fortida. Kort oppsummert: Kulturminne blir ikkje produserte av fortida, men er produkt av ei samtid som vel å framheve dei som kulturminne.

2

Page 3: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Lov om kultur-minner § 2

«Med kulturminner menes alle spor etter menneskelig virksomhet i vårt fysiske miljø, herunder lokaliteter det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til.»

No kan eg høyre ei innvending som nok melder seg hos dei som kjenner norsk kulturminnelov godt. For i følgje lova er kulturminne «… alle spor etter menneskeligvirksomhet i vårt fysiske miljø…». Altså: alle spor av fortid, er pr. definisjon eit kulturminne, det er ikkje snakk om noko utval. Eller kanskje er det det likevel. Eg vil hevde at det alltid foregår utvalsprosessar. Alle fortidsspor kan ikkje bevarast, så i kvardagen til dei som forvaltar kulturminne, må det takast stilling til kva som skal betraktast som verneverdig og ikkje. Men også i kulturen i vidare forstand foregår det prosessar som sorterer og vurderer kva slags spor som skal betraktast som så betydningsfulle at vi ønsker at dei skal inngå i det kollektive minnet i ein kultur.

3

Page 4: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

”[…] kulturarven blir kulturarv fordi han ergjenstand for ein forvaltnings- ogbevaringsprosess, ikkje fordi han heilt enkelt ‘er’. Denne prosessen er meir enn å ‘finne’ stader å forvalte og verne. Han er i seg sjølv eingrunnleggande kulturell prosess som identifisererdei tinga og stadene som kan gjevast meining ogverdi som “kulturarv”, og speglar samtidaskulturelle og sosiale verdiar, debattar ogførestillingar.”

Laurajane Smith: Uses of Heritage, Routledge 2006, s. 3. Mi omsetting

Berre for å avslutte denne innleiande runden om kulturminne som ein kulturell konstuksjon, eller kanskje heller som ein kulturell prosess som ikkje står i noko eintydig forhold til ei faktisk fortid, har eg lyst til å sitere Laurajane Smith, ein av dei fremste teoretikarane innan feltet i dag. Som vi veit, er «heritage» det vanlege ordet på engelsk om kulturminne, og eg har valt å oversette det med «kulturarv» her, uavhengig av at ordet har litt andre konnotasjonar på norsk enn på engelsk. (les frå skjermen) Overført på arbeidet med å lage ein kulturminneplan for trøndelagsregionen, vil det seie at han er ei form for konstruksjon av kulturminne, og at arbeidet nødvendigvis blir ei form for spegling av samtidas verdiar og førestellingar. Planarbeidet er eit element i ein stadig pågåande forhandlingsprosess om å konstruere, sortere ut og gi offentleg sanksjon til kva kulturminne som skal kunne reknast som verdifulle i denne regionen. Den som lagar planen, må vere seg bevisst kva slags verdiar og førestellingar som ein speglar, og som ein ønsker å spegle.

4

Page 5: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Kulturminne er altså både spor etter fortidig verksemd og eit resultat av ettertidas forestillingar og verdiar. Det er denne dobbeltheita eg har tenkt å drøfte litt nærmare ved hjelp av ein del eksempel frå denne landsdelen. Eg meiner også at kompleksiteten i denne dobbeltheita på ein eller annan måte må reflekterast inn i arbeidet med den nye kulturminneplanen. For på ei side gjev ikkje fortida i seg sjølv gyldige haldepunkt for kva som er bevaringsverdig og fortener å bli framheva. På den andre sida vil kulturminnevernet miste legitimitet dersom fokus i fortidsminnevernet ikkje også reflekterer inn kva som har vore historisk viktige hendingar, vendepunkt eller tendensar, uavhengig av kva slags type spor desse historiske hendingane har etterlate seg.

5

Page 6: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Eg synest Steinvikholmen er eit godt eksempel å begynne med. Borgruinen er for lengst kanonisert som kulturminne gjennom at Fortidsminneforeninga har innlemma det i sin eigedomsportefølje. Kanoniseringa skuldast ikkje berre at festningen er gammal og unik, men at han også kan assosierast med eitt av dei viktigaste vendepunkta i norsk historie, nemleg samanbrotet av den siste sjølvstendige norske institusjonen frå middelalderen og overgangen frå katolisisme til lutheranisme. Festningen har dermed også rikshistorisk betydning.

6

Page 7: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Her er kontrasten – to eksempel på dagleglivets kulturminne. Mjølkerampa frå Selbu til høgre er til og med freda, ikkje fordi ho er unik, men fordi ho er representativ og er eit minne om ein bestemt utviklingsfase i norsk landbruk, etter at handelsjordbruket med mjølkeleveransar til meieri tok til og etter at lastebilen vart utbreidd i mjølkehentinga, men før mjølketanken og tankbilen vart den vanlege oppbevarings-og fraktemetoden for mjølka. Dei øydelagte ljåorva som er oppstilte mot ein vegg i Oppdal på det venstre bildet er også minne om eit fortidig daglegliv, og det er felles for både mjølkerampa og ljåorva at dei blir interessante som kulturminne først når dei har mista dei opphavlege kvardagsfunksjonane sine. Forskjellen mellom bilda ligg framfor alt i at mjølkerampa er iscenesett som eit autentisk objekt – slik var det da ho var i bruk, mens ljåorva er synleggjort og oppstilte ut ifrå ei eller anna form for estetisk opplevingskriterium. Detter er heller ikkje berre ettertidas tilskriving av estetisk verdi, også handverkarane som laga orva gjorde meir enn å lage dei funksjonelle, dei skulle også vere vakre.

7

Page 8: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Enkelte kulturminne er laga bevisst for å minnast – for å synleggjere fenomen eller hendingar i fortida som samtida ser som verdifulle og ønsker å bruke som lærestykke. Dette er den typen kulturminne som mest direkte prøvar å knytte band mellom fortida og den notida da dei vart reiste. Men nettopp av den grunn, at dei er reiste av intensjonelle aktørar med bestemte verdisyn, kan også føre til at dei blir kontroversielle. Bautaen på lovhaugen på Frosta har aldri vore kontroversiell, tvert om uttrykker han ein konsensus som blir så allmenn at han blir uinteressant. Som vi ser, er det store likskapar i forma – heilt ned til typografien - mellom bautaen på Frosta og den som vart reist på Stiklestad i 1944, så når den siste vart så kontroversiell at han våren 1945 vart velta og usynleggjort og relieffet på talarstolen vart knust, så skuldast det ikkje estetisk form, men at det var det lokale NS som hadde stått bak prosjektet, og med dette prøvde å annektere minnestaden Stiklestad for si tolking. Begge bautaene er primært minne om den tida da dei vart reiste og om verdisyna til dei som reiste dei, ikkje om det dei tilsynelatande skulle vere eit minne om.

8

Page 9: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Thams-paviljongen Chicago 1893, Orkanger 2017

Kva slags kulturminne er så dette?Dragestilen kan gje overflatiske assosiasjonar til ei stavkyrkje, men det er den norske paviljongen til verdensutstillinga i Chicago i 1893, skoren opp på Strandheim bruk på Orkanger som eit ferdighus og montert da materiala kom fram. Etter å ha stått på eit norsk-amerikansk museum i mange tiår, vart paviljongen henta tilbake til Orkanger av lokale entusiastar og gjenreist i 2017. Paviljongen er på ei side eit minne om moderne norsk byggeteknologi mot slutten av 1800-talet, men han fortel også om djuptgripande kulturhistoriske straumdrag i denne perioden, med både vikingtidsromantikk og hyllest av midddelalderske kulturminne, i dette tilfellet stavkyrkjene, som vart rekna som det mest unikt norske kulturminnet og dermed det ypparste sett ut frå ein nasjonal synsvinkel. Datidas estetiske blikk verdsette også eit slikt bygg høgt, og eg meiner for min del at det er verneverdig både fordi det er unikt i sitt slag og på grunn av den kulturhistoriske kunnskapen som kan lesast ut av bygget.

9

Page 10: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

La meg avslutte med det mest unike og nok høgast versette kulturminnet av alle i landsdelen. Det øverste bildet er teke etter at restaureringa var vedtatt, men før ho tok til. Konverteringa av domkyrkja frå menighetsgudshus til nasjonalsymbol hadde kort sagt teke til. Det nederste bildet viser resultatet av ein hundreårig byggeprosess der det er feil å snakke om restaurering av noko som hadde eksistert før for meir enn ein mindre del av kyrkja. Det meste er, som vi veit, ein nykonstruksjon etter middelalderske stilideal, men til dels med moderne byggeteknikkar og bygningselement, slik som stålkonstruksjonane i taket i langskipet. Nidarosdomen blir dermed det vi kan kalle eit plastisk minne som er ope for fleire tolkingar og fleire forteljingar om fortida. Dei to viktigaste er nok for det første forteljinga om rikdomen og makta til erkebispesetet i middelalderen. Den andre er foreljinga om restaurering og nybygging, om romantiske draumar om gjenføding og ny stordom i den unge norske staten. I tillegg innbyr Nidarosdomen til fleire forteljingar om Trondheim. Kyrkja blir fokuspunkt for både nasjonale, regionale og lokale forteljingar.Kulturminne i Trøndelag innbyr kort sagt til å fortelje historier som ikkje berre er regionale, men i minst like stor grad lokale, og ofte også nasjonale eller transnasjonale. Men no mot avslutninga vil eg gjerne snu spørsmålet: Er det viktige forteljingar om Trøndelags fortid som ikkje kan knytast til eitt eller anna kulturminne.

10

Page 11: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

Etter mitt skjønn må dei materielle kulturminna som det blir fokusert på i kulturminnelova, nok i mange tilfelle strekkast ganske mye for at vi skal få fortalt dei viktige forteljingane. Da må vi også dra inn dei immaterielle kulturminna. Bildet viser eit utval renessansedokument på Vitskapsmuseet, med Missale Nidrosiensis som det fremste. At bildet også illustrerer den immaterielle kulturarvens materialitet, er eit poeng eg ikkje skal gå nærare inn i her. Men om vi vurderer kulturminna ut ifrå spørsmålet om det kan skrivast ei fullverdig trøndelagshistorie med utgangspunkt i kulturminne, så er det også eit sentralt poeng at ulike delar av kulturarven blir forvalta av ulike institusjonar som til og med sorterer inn under ulike departement i statsforvaltninga. Mange av dei mest interessante kulturminna som kan brukast som kjelder for historieskriving finn ein på museum, når det gjeld immatereriellekulturminne også på arkiv og bibliotek. Den gjeldande kulturminneplanen for Sør-Trøndelag, som på mange måtar er eit både godt og grundig dokument, tek i praksis høgde for at eigedomsrett og forvaltning er spreidd på ulike instansar, men eg meiner det nye dokumentet bør løfte fram dei samordnings- og overlappingsproblema som ligg i dette forholdet enda tydelegare. For min del synest eg generelt det er problematisk at musea og kulturminneforvaltninga i såpass liten grad ser over sine eigne institusjonsgrenser – og det gjeld forvaltning av både materiell og immateriell kulturarv. Under alle omstende må det nye plandokumentet gje langt betre rom for

11

Page 12: «Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?»...«Korleis har Trøndelags faktiske fortid produsert kulturminne?» Slik lyder overskrifta i programmet for dagen

den immaterielle kulturarven enn kva som var gjort i Sør-Trøndelagsplanen.

11