Upload
krimfest-vest
View
232
Download
5
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Krimfest program 2009
Citation preview
TOM EGELANDYYrrssaa SSiigguurrddaarrddoottttiirrGGuunnnnaarr SSttaaaalleesseenn
OOllaauugg NNiillsssseennMMaayy GGrreetthhee LLeerruumm
Foto
:Jor
id M
athi
asse
n
2244..––2266.. sseepptteemmbbeerr 22000099
Årets tema:
HEKSER
wwwwww..kkrriimmffeesstt..nnoo
2
Så er vi her igjen – med nytt namn og nye tilbod til alle som likar krim
og spenning. Krimfest Sunnfjord heiter vi no, og målet er at du på våre
krimfestar skal få møte aktuelle forfattarar som skriv krim og andre
spenningsbøker.
Årets tema er hekser. Vi kjenner dei dramatiske heksejaktene i eldre
tider, og jaktene var gjerne knytt til sterke kvinner. Dette er eit tema der vi trekkjer trådar til notida ved at
vi set fokus på det mange meiner er media si heksejakt på syndebukkar.
I år har vi også gleda av å presentere den første utanlandske forfattaren på Krimfest Sunnfjord – Yrsa
Sigurdardottir frå Island. Vi gler oss til å høyre på ho saman med mange solide norske namn, ikkje minst
Tom Egeland.
Tom har skrive mange bøker med handlinga lagd til okkulte miljø. Bøkene hans er omsette til ei rekkje
språk, og handlar om myter og mystikk, teologi og historie, svik og løgn. Lucifers Evangelium kom ut i vår,
og fekk strålande mottaking. Nytt høvet til å møte mannen som mange meiner for tida er vår beste spen-
ningsforfattar.
May Grethe Lerum har fascinert mange gjennom bøkene Livets døtre som handlar bl.a. om medisin-
kunnige damer, kvinnefellesskap og mykje anna. Vi får møte May Grethe både i Angedalen og på Quality
Hotel Førde.
Gunnar Staalesen er Krimfest Sunnfjords gode støttespelar. I krimfjøsen i Angedalen får vi i år høyre
Gunnar lese frå boka Hekseringen – og fortelje om heksene på Lyderhorn.
Sidan temaet i år er hekser, blir det på laurdagskvelden sjølvsagt ein hekse-
middag! Her skal lokale aktørar bidra med med interaktivt teater.
Vi gler oss og håpar du gjer det same. Velkomen til krimfest!
JUDITH HEGRENES
programansvarleg
TORSDAG 24. SEPTEMBER
20.00–22.30 Opningskveld med Tom Egeland, Yrsa Sigurdardottir og Sigrid Moldestad
Quality Hotel Førde. Billett kr 195,-
Møte med ein av Norges absolutt beste spenningsforfattarar, Tom Egeland. Hans
siste bok Lucifers Evangelium klatra raskt til topps på bestseljarlistene, og har fått
strålande kritikkar. Arkeolog Bjørn Beltø er hovudperson i fleire av Egelands bøker.
Du møter også islandske Yrsa Sigurdardottir som skriv både
kriminalromanar og barnebøker. Første boka hennar, Det tredje
tegnet kom på norsk i 2006. Ho har gitt ut tre bøker på
norsk, den siste boka hennar var Den som graver en grav.
Musikalske innslag med Kvitt magisk orkester som er leia
av Ivar Orvedal.
Sigrid Moldestad frå Gloppen er etablert som musikar med
eit rikt repertoar. Ho held ein spesialkonsert med ekstra fokus
på overtru i folkemusikken, hekser og sterke spelkvinner.
Nytt stoff frå komande plate.
Opninga blir leia av Anne-Mette Hjelle.
FREDAG 25. SEPTEMBER
10.00–14.00 Bokbakkeløp
Angedalen skule. Lukka arrangement.
Skuleborna får møte Tom Egeland som skal lese og fortelje for dei ute i naturen.
TOM EGELANDFoto: Jorid Mathiassen
SIGRID MOLDESTADFoto: Magnus Skrede
YRSA SIGURDARDOTTIRFoto: Cappelen Damm
3
10.00–14.00 Skulekino Uten dekning
10.30 Heksestund på Førde bibliotek
Førdehuset. Gratis. Alder 3-6 år.
Vi les heksehistorier og lagar heksebrygg.
18.30–20.00 Familiefilmen Uten Dekning
Kino Førde. Aldersgrense 7 år.
Billett vaksen kr 65,-. Barn kr 55,-
Ein fartsfylt og spennande film frå det spekta-
kulære islandske landskapet. Den unge guten
Kalli er oppvaksen i Reykjavik med mor si.
Han elskar filmar og dataspel, ei verd full av
imaginære karakterar. Når han skal feire jul
hos faren og den nye familien hans på ein
gård langt frå folk møter han stesøster si, som
han ikkje kjem overeins med.
19.30–21.00 Lindetreets løyndom av Conor McPherson
Førdehuset, Teatersalen.
Billett vaksen kr 170,-. Student/honnør/gruppe (min. 5) kr 110,-
Tre unge menn frå ein liten kystby nær Dublin fortel om sine flokete relasjonar og den ekstraordinære
veka som kom til å forandre livet deira for alltid. Tenåringen Joe kjedar seg på skulen og ser etter
spenning i den nye klassekameraten Damien. Broren hans Frank jobbar i familiens fish & chips restaurant
LINDETREETS LØYNDOMFoto: Vidar Helle. Grafisk design: Eva Tuft.
4
og vil hjelpe faren mot den sleipe Simple Simon som pressar han på gjelda.
Universitetsprofessoren Ray er kjæraste med syster deira, men er meir oppteken av
å nedlegge damer enn å forelese.
Lindetreets løyndom er ei fantastisk, underhaldande og nervepirrande historie
der du får innsyn i dei inste fantasiane til tre unge menn. Stykket hadde Norden-
premiere på Sogn og Fjordane Teater 2. september.
Regi: Rita Abrahamsen. Scenografi: Åse Hegrenes. Lysdesign: Tobias Leira.
Medverkande: Mads Sjøgaard Pettersen, Kyrre Eikås Ottersen og Kristoffer Sagmo
Aalberg. Mads Sjøgård Pettersen vann i år Amandapris i kategorien beste mann-
lege birolle som den homofobe Ulrik i filmen Nord.
20.00–23.30 Heksenatt i Angedalen
Hegrenes Bruk. Billett kr 250,-
Kvelden på Hegrenes Bruk i Angedalen er blitt eitt av dei mest populære arrange-
menta under krimfestane. I år vil Gunnar Staalesen lese frå boka Hekseringen, og
fortel dessutan om heksene på Lyderhorn.
Du møter også May Grethe Lerum i fjøsen. Ho er mest kjend for bokseriane Livets
døtre og Solgudens krukke. Begge seriane er omsett til ei rekkje språk, og er
selde i fleire millionar eksemplar. Lerum vil snakke om temaet
Kvinnekunnskap på liv og død.
Lena Skjerdal og Kari Malmanger bind det heile saman med mystisk
musikk.
Sal av kveldens suppe. Øl- og vinservering. Møt opp ved den gamle
skulen i Angedalen eller ta gratis buss frå Quality Hotel Førde kl. 19.40. Vi går i
fakkeltog til Hegrenes Bruk.
5
MAY GRETHE LERUMFoto: Schibsted Forlag
GUNNAR STAALESENFoto: Helge Skodvin
OLAUG NILSSENFoto: Jens Helleland Ådnanes
6
HELENA BREMERFoto: Grete Iren Hansen
LAURDAG 26. SEPTEMBER
12.00–15.00 Bokkafé med tema om sterke kvinner – heksejakt før og no
Quality Hotel Førde. Billett kr 95,-
Olaug Nilssen tek turen heim til Førde for å snakke om sitt forfattarskap og Skrive-
kunstakademiet som ho leiar. Det blir dessutan historisk og moderne heksejakt ved
Gaute Losnegård og May Grethe Lerum. Leiar i Sogn og Fjordane journalistlag, Terje
Gilleshammer, vil saman med May Grethe Lerum og Gaute Losnegård debattere
Heksejakt før og no - media og kyrkja si rolle i samtale med Olav Sigurd Gundersen
som er prest i Gloppen. Musikalske innslag med Distriktsmusikarane.
18.00–19.30 Lindetreets Løyndom av Conor McPherson
Teatersalen Førdehuset. Billett vaksen kr 170,-
Student/honnør/gruppe (min. 5) kr 110,-
20.00–22.30 Heksemiddag med interaktivt teater
Quality Hotel Førde. Billett kr 450,-
Helena Bremer og Reidun Støfring underheld under heksemiddagen med dei siste
heksebrenningane som atmosfære kring måltidet.
«Mangt blir brent på bål, ved fest og skrål,
på 1600-talet var det kvinner av stål...?»
Heksemiddag
MENY
FORRETTSmilande, krema
neslesuppe
HOVUDRETTVi slaktar gjøkalven og
tilbereder han i ei heksegryte full av
skogens herlegdomar.Ris, salat og brød
som tilbehøyr.
DESSERTBlodig riskrem
med haustens bær
7
Quality Hotel FørdeQuality Hotel Førde
Arrangert av:
Andre sponsorar:
Sogn og Fjordane Fylkeskommune
Førde Kommune
Hovudsponsorar:
Støtta av:
Førde kommune kultur
BBiilllleettttiinnffoorrmmaassjjoonn:: Billettar kan bestillast på tlf. 57 72 19 00. Hentefrist tre dagar etter bestilling på Førdehuset og på Servicetorget.
Billettar til arrangement på Quality Hotel Førde til sals i resepsjonen, tlf. 57 82 81 10.Evt. restbillettar vert selde ved inngang.
Krimweekend på Quality Hotel Førde: Overnatting med halvpensjon kr 850,- p.p. i dobbeltrom pr. natt.Overnatting med halvpensjon kr 1050,- i enkeltrom pr. natt.
Reisemål Sunnfjord, postboks 133, 6801 Førde. Telefon 57 72 19 53, faks 57 72 19 55.www.krimfest.no. Ansvarleg utgjevar: Tom Farsund F
ird
a M
edia
AS
, F
ørd
e
«Hun var en kvinne av det slaget
som kan få en til å ane hvilken
kraft det er som har forårsaket
ni millioner heksebål»
Gerd Brantenberg