Upload
nifes
View
221
Download
8
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Nye analysar 2006 - samanlikning med data frå 2004 og 2005
Citation preview
1
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning
Adresse: Postboks 2029 Nordnes, 5817 Bergen, Norway Telefon: +47 55 90 51 00 Faks: +47 55 90 52 99
E-post: [email protected]
KVIKKSØLVINNHALD I FISK OG SJØMAT VED
SØKKT UBÅT (U864) VEST AV FEDJE
- NYE ANALYSAR 2006 -
SAMANLIKNING MED DATA FRÅ 2004 OG 2005
Amund Måge & Kåre Julshamn NIFES Arne Storaker & Dag Furevik Havforskingsinstituttet
3. november, 2006
2
Samandrag Den torpederte tyske ubåten U864 ligg på ca. 150 meters djup 3 kilometer vest av Fedje. Den vart søkkt i 1945 og kan ha hatt ei last på 60-70 tonn kvikksølv (Hg) då den vart torpedert. Dette er eit stort kvanta av denne miljøgifta og det er difor vesentleg for tryggleik til sjømat at eventuell spreiing og opptak i sjømat vert overvaka. På oppdrag frå Kystdirektoratet vart det i januar 2004 gjort ei innsamling av aktuelle artar, torsk, sei, lange, uer og krabbe for kvikksølvanalyse. Dette vart følgt opp av ei ny undersøking i 2005 og no i 2006, som er det som vert rapportert her. Vi har etter første prøvetaking teke ut sei og tek inn brosme i programmet. I 2006 vart programmet utvida med at det for brosme og krabbe vart samla inn materiale ved ubåtvraket, men også i to avstandar frå vraket langs hovudstraumretning mot nord. Ei samla vurdering av resultata så langt viser at det for fleire artar, spesielt torsk og uer er overkonsentrasjon av Hg i høve til det vi vurderer som normalverdiar. I høve til grenseverdiar for kvikksølv i fisk og sjømat er det likevel få overkonsentrasjonar og i 2006 var dei få som vart observert like over grenseverdien på 0,5 mg/kg. Det er ingen påfallande endring i høve til resultata funne i 2005 når det gjeld kvikksølv i fisk og krabbe fanga ved vraket. Det er ein aukande trend for høgare kvikksølvinnhald i torsk, men her har vi lite data sidan det er vanskeleg å få nok torsk på staden der vraket ligg. Vi ser vidare at det er liten skilnad i kvikksølvkonsentrasjonen i fisk fanga på vraket og ut til dei stasjonane valt i større avstand frå vraket. Dei observerte overkonsentrasjonane for nokon av artane og fare for endring i spreiingsbiletet, gjer at vidare oppfølging i form av overvaking og vurdering av eventuell tiltak er påkravd.
3
Bakgrunn Den tyske ubåten U864 vart senka av engelskmennene i februar 1945. Vraket er lokalisert på
ca. 150 meters djup om lag 3 km vest av Fedje og nøyaktig posisjon til ubåtvraket er
N6046,20 – E0437,25. Ubåten vart brukt til transportoppdrag og var ved senkinga på veg til
Japan, mest truleg med ei last som blant anna inneheldt 60-70 tonn metallisk kvikksølv.
På oppdrag frå Kystdirektoratet undersøkte NIVA for første gong sediment ved ubåtvraket
U864 i desember 2003 og fann svært høge konsentrasjonar av kvikksølv (Hg) i tre av
sedimentprøvane tett opp ved ubåtvraket. Dette stammar truleg frå lasta til den torpederte
ubåten som frakta si last av metallisk kvikksølv i mindre jernflasker. Kystdirektoratet, som
har det administrative ansvaret for eventuell forureining frå vraket av ubåten, bestemte i
etterkant av dette funnet, at det skulle utførast ei undersøking av kvikksølvinnhaldet i fisk og
krabbe frå nærområdet ved ubåten. For å kunna vurdere risiko for spreiing også til sjømat har
det vorte fiska og analysert fisk (bl.a. brosme, torsk, lange, sei og uer) og krabbe både i 2004
og 2005.
Både i 2005 og 2006 har det vore mykje fokus på kva som skulle skje med ubåtvraket slik at
den satsinga Kystdirektoratet har gjort på overvaking har vore i tråd med behova for
kunnskap. I 2005 vart det bl.a. arrangert eit seminar med ubåten som tema i regi av
Naturvernforbundet på Fedje og eit Brennpunkt-program på NRK hadde og same tema.
Denne interessa, og det generelle kravet om at all sjømat skal vera trygg, har gjeve behov for
oppdaterte data på innhald av Hg i marine artar fanga i området med den søkkte ubåten ved
Fedje. Kystdirektoratet har starta eit større forprosjekt for å gje grunnlag for endeleg politisk
vedtak om kva som skal gjerast med vraket, men dette vert ikkje presentert før etter at data frå
nye undersøkingar i 2006 er ferdigstilte og vurdert.
På bakgrunn av dette er det på oppdrag for Kystdirektoratet og med innspel frå Mattilsynet
teke nye prøvar i 2006 av fisk og krabbe for å studera utviklinga av kvikksølv i sjømat frå
området nær ubåten. Prøveinnsamling har som tidlegare år gått i regi av
Havforskingsinstituttet, mens analyse og rapportering vert utført av NIFES.
4
Prøveinnsamling 2006
Det vart også i 2006 gjort avtale med Helge Torsvik som er eigar av Selfa-sjarken Vikingfjord
(H-19-A) på 35 ft. Han driv kystfiske i Nord-Hordaland og er godt kjent i området. Det vart
fiska i to tidsperiodar, i juni 2006 og oktober 2006. Fiskinga i juni var mest omfattande og
det vart brukt både teiner og line.
Det som var nytt i 2006 i høve til tidlegare år var at det vart fiska i tre definerte område kalla
0, 1, og 2. Tidlegare fiske er vist i figur 2., mens årets fiske er vist i figur 1.
Område 0 vart definert som området nær ubåten. Område 1 var 1 nautisk mil nord for ubåten
og område 2 var 2 nautiske mil nord for ubåten. Det vart totalt satt 40 teiner 12 gonger og 3
stampar line á 400 krokar i juni. Line vart berre brukt i område 0.
I oktober vart det igjen fiska med 40 teiner 6 gonger ved ubåten og i tillegg vart det brukt
handsnøre for å prøve å fange uer nær ubåten. Makrell vart brukt som agn.
Ubåten kunne lett lokaliserast med ekkolodd, og reiskap vart sett så nært som mulig og frå
fleire retningar. I arbeidsnotat som omtalar fiskerimessige tilhøve ved Fedje (Anon 2004)
vert det oppitt at straumen i området ved ubåten stort sett går i nordleg retning. Dette var også
vår erfaring bortsett frå nokre gonger då straumen snudde og hadde meir sydleg retning.
Dette, saman med variasjonar i straumfart, gjorde det av og til vanskelig å få reiskap ned
akkurat der ein ønska det.
Det vart raskt fiska 25 individ av brosme og taskekrabbe med teiner i første fiskeperiode på
alle tre stasjonar/område. I periode 2 prøvde vi å få mest mogeleg av artane torsk, lange og
uer i område 0. Det vart då fiska ein del lange. Dei fleste vart tekne i teiner mens kun 1 ble
tatt på line. Det vart også teke ein del individ av trollkrabbe samt noen få hyse, raudhai,
svarthai, sei, lyr og pigghå.
5
Figur 1. Figuren viser fisket ved stasjonane 0 og 1 i 2006 samt tidlegare fiske i 2005 og 2004.
Stasjon 2 er utanfor kartet mot nord.
Tidlegare prøveinnsamlingar
Desse er beskrivne i rapporten frå i fjor haust (Måge m. fl., 2005). Men nokon opplysningar
som kan vera relevante for diskusjonen vert tekne med her. Det gjeld at tidspunktet på året for
prøvetakinga ved vraket i 2004 var i januar. Unntaket var den ekstra prøvetaking retta mot
6
kommersielt krabbefiske utført i perioden 8. – 12. mars 2004 ved Sandholmen ca. 2 nautiske
mil nordaust for ubåtvraket, på ca. 30 m djupn.
Prøvetaking i 2005 vart utført i oktober/november 2005 også gjort av Helge Torsvik med sin
Selfa-sjark Vikingfjord (H-19-A). Fisket då gjekk føre seg i perioden frå 15.10 til 06.11 med
totalt 10 fiskedøgn. Det vart då, som i 2004, berre fiska ved vraket. Fiskestadene frå 2004 og
2005 er teikna inn på kart på figur 2.
Figur 2. Kart over området ved søkkt ubåt. Line og teinelenker frå prøveinnsamling oktober –
november 2005 er vist saman med garnfisket frå 2004..
7
Analysar
Prøvane vart levert isa til NIFES for opparbeiding på laboratoriet. Filetprøvar av fisk og
prøvar av krabbeklør og krabbesmør (brunmat) vart tekne av kvart individ, homogenisert og
analysert for kvikksølv med ICP-MS. Før sluttbestemmingane av kvikksølv vart utført vart
prøvene dekomponert med syre i mikrobølgeovn slik at kvikksølvet låg føre som jonar i
løysning. Kvikksølvbestemminga med ICP-MS er ein akkreditert metode ved NIFES. Det er
berre målt for totalkvikksølv i desse undersøkingane ut frå at det er det som er grunnlag for
grenser i matvarer.
Prøvematerialet vert i år vidare utnytta av ein hovudfagsstudent som skal studera
samanhengen mellom kvikksølv og selen i fisk og sjømat. Det vart difor også teke ut data på
selen og ei rad andre grunnstoff (arsen, kadmium og bly). Utvalgte data frå dette vil verte
presentert i samband med ferdigstilling av studenten si oppgåve.
Prøvane som vart tekne ut etter prøvetaking i sommar vart også frysetørka, mens dei som vart
teke ut ved fisking no i oktober vart oppslutta direkte på våtvektsbasis.
Resultat
Resultata frå årets undersøkingar (2006) er samla i tabell 1, mens resultata frå tidlegare
undersøkingar er gitt i tabell 2 (2005) og tabell 3 (2004). Desse to siste er diskutert i fjordårets
rapport (Måge m. fl., 2005)
Resultata frå dei tidlegare undersøkingane er oppgjevne for å kunne gje eit større bilete av
situasjonen og eventuelt indikera noko om utvikling i tid, men som diskutert tidlegare år er
det mange moment som gjer at ein må vera varsame med slike direkte samanlikningar. Dette
gjeld blant anna årstidsvariasjon, beitevariasjon, storleik på fisk, vandring av fisk ut og inn av
området og fyllingsgrad i krabbe i tillegg til gjennomsnittleg nærleik til ubåtvraket. Dette er
faktorar ein ikkje har full kontroll over.
8
Tabell 1. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhold (mg/kg våt vekt) og minimum og maksimumsverdiar for kvikksølv i torsk, lange, brosme, uer og krabbe fanget utanfor Fedje i Nordhordland i juni-oktober 2006. Talkode etter artsnamn betyr; 0: ved vraket, 1: 1 sjømil nord for vraket og 2: 2 sjømil nord for vraket. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen. Art Tal
Prø- var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks (kg) 1)
Kvikksølv Snitt±SD (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdier Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk-0 5 5,1 1,5-6,4 0,21±0,14 0,07-0,44 0,01-0,08 0,50 Brosme-0 25 1,0 0,34-2,1 0,22±0,07 0,13-0,49 0,05-0,17 0,50 Brosme-1 25 1,2 0,36-3,5 0,28±0,08 0,19-0,53 0,05-0,17 0,50 Brosme-2 25 1,1 0,28-3,0 0,28±0,09 0,16-0,53 0,05-0,17 0,50 Lange - 0 27 3,9 0,86-7,9 0,26±0,13 0,11-0,55 0,03-0,15 0,50 Lange - 1 4 3,2 1,2-5,9 0,19±0,07 0,08-0,27 0,03-0,15 0,50 Uer – 0 4 1,4 1,2-1,5 0,22±0,13 0,08-0,34 0,01-0,02 1,0 Krabbe-klokjøtt-0
25 443 1) 247-758 1) 0,15±0,11 0,04-0,60 0,50
Krabbe-klokjøtt-1
25 429 210-677 0,15±0,09 0,05-0,45 0,50
Krabbe-klokjøtt-2
25 346 191-497 0,12±0,05 0,05-0,21 0,50
Krabbe-smør-0
25 443 247-758 0,20±0,07 0,06-0,34 0,06-0,15 0,50
Krabbe-smør-1
25 429 210-677 0,22±0,08 0.04-0,41 0,06-0,15 0,50
Krabbe-smør-2
25 346 191-497 0,18±0,06 0,08-0,33 0,06-0,15 0,50
1) For krabbe er vekta i gram (etter koking)
Dei nye resultata viser framleis relativt låge gjennomsnittsverdiar for alle artar som er
undersøkt samanlikna med EU sine øvre grenseverdiar, og det er liten endring frå i fjor på
artar der vi kan samanlikna data.
9
Tabell 2. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhald (mg/kg våt vekt) og minimum og maksimumsverdiar for kvikksølv i torsk, lange, brosme, uer og krabbe fanget utanfor Fedje i Nordhordland i oktober 2005. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen. Art Tal
Prø- var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks (kg) 1)
Kvikksølv Snitt (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdiar Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk 5 2,1 1,0 - 3,4 0,15 0,09-0,22 0,01-0,08 0,50 Brosme 25 1,0 0,54-2,2 0,20 0,08 – 0,35 0,05-0,17 0,50 Lange 25 4,7 1,3 – 13,3 0,27 0,11 – 0,77 0,03-0,15 0,50 Uer 2 1,1 1,0 – 1,1 0,24 0,23 – 0,25 0,01-0,02 1,0 Krabbe-klokjøtt
25 3501) 199-4861) 0,18 0,08 – 0.37 0,10-0,14 0,50
Krabbe-smør
25 3501) 199–4861) 0,26 0,09-0,56 0,06-0,15 0,50
1) Vekt i gram. Tabell 3. Gjennomsnittlig kvikksølvinnhald (mg/kg våt vekt) samt konsentrasjonsområde i torsk, sei, lange, uer og krabbesmør fanget ved søkkt ubåt utanfor Fedje i Nordhordland i januar 2004 og krabbe fanga frå kommersiell fangstad 3 km frå ubåtvraket i mars 2004. Normalverdiar er henta frå NIFES sin Miljødatabase der analyser er gjort på fisk frå ope hav og krabbe frå reint vatn. Fisken i Miljødatabasen er fanga i Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen. EU sin øvre grenseverdi (Kommisjonsregulativ EC 2001/446) er også gitt i tabellen. Art Tal
Prø-var (N)
Vekt Snitt (kg)
Vekt Min.- Maks. (kg)
Kvikksølv Snitt (mg/kg v.v.)
Kvikksølv Min.- maks. (mg/kg v.v.)
Normalverdiar Min. - maks (mg/kg v.v.)
EUs øvre grenseverdi (mg/kg v.v.)
Torsk 20 4,1 2,3 - 10,7 0,047 0,013-0,087 0,01-0,08 0,50 Sei 25 3,1 2,0 - 5,0 0,043 0,011-0,094 0,02-0,12 0,50 Lange 20 6,5 3,4 – 13,5 0,13 0,032-0,35 0,03-0,15 0,50 Uer 25 1,3 1,0 – 1,6 0,22 0,10-0,38 0,01-0,02 1,0 Krabbe-smør
24 14,4 1) 11 – 17 1) 0,20 0,08-0,50 0,06-0,15 0,50
Prøvar 3 km frå vraket, mars 2004. Krabbe-klokjøt
20 i.r. i.r. 0,05 0,02-0,13 0,10-0,14 0,50
Krabbe-smør
25 i.r. i.r. 0,05 0,02-0,10 0,06-0,15 0,50
1) Skallengde i cm.
10
Lange (Molva molva) har vorte fiska ved alle tre prøvetakingar. Her får ein relativt stor fisk
nær ubåtvraket. Begge dei første åra var største fisk rundt 13,5 kg, mens største fisk i 2006 var
7,0 kg. Snittvekta gjekk såleis ned frå 4,7 kg til 3,9 på ubåtvraket frå 2005 til 2006
Langene tekne i 2004 hadde eit gjennomsnittleg Hg-innhald i fillet på 0,13 mg/kg våtvekt,
mens det i 2005 vart funne eit snitt på 0,27 mg/kg våtvekt og 0,26 ved vraket i 2006. Frå 2005
til 2006 gjekk målt gjennomsnittsverdi ned, men det er ingen statistisk skilnad. Det vart fanga
kun fire langer på stasjonen 1 sjømil nord for vraket. Verdien er her i snitt noko lågare (0,19
mg/kg våtvekt), men her er heller ingen statistisk skilnad.
Det var både i 2005 og 2006 tre langer av totalt 25 respektive 27 som viste ein Hg-
konsentrasjon over EU sin grenseverdi for denne arten på 0,5 mg Hg/kg våtvekt.
Det vart i 2006 prøveteke og analysert 75 brosmer (Brosme brosme) frå tre stasjonar i
arbeidet. Brosme er den fisken som ein no får mest av. Arten vart i 2005 valt til å koma inn i
staden for sei som er ein meir pelagisk fisk, der det er vanskelegare å kopla Hg-konsentrasjon
i fillet til fangststad. For brosme kan vi no samanlikna fisk ut frå avstand frå vraket. Det er
fiska fulle sett både ved vraket, 1 sjømil nord for vraket og 2 sjømil nord for vraket.
Brosmene ved vraket viste ein gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon på 0,22 mg/kg våt vekt i
2006 mot 0,20 mg/kg våtvekt i 2005, begge verdiane var noko høgare enn det som ein finn
som normalverdi. Det er i tid ingen signifikant utvikling her. I rom ser vi også at det er funne
høgare verdiar på dei to andre stasjonane lenger vekk frå vraket der Hg i snitt var 0,28 mg/kg
våtvekt mot 0,22 mg/kg våtvekt ved vraket. Brosmene er relativt små, rundt 1 kg i
gjennomsnitt.
Kvikksølvinnhaldet i torsk (Gadus morhua) fanga ved vraket hadde ut frå tidlegare arbeid
stege frå 2004 til 2005 og vi fekk ein ytterlager liten stigning i verdi frå 2005 til 2006. Her er
det dessverre berre analysert 5 torsk begge dei to siste år. Hg-konsentrasjonen i dei fem
torskane gjekk frå 0,15 mg/kg våtvekt til 0.21 mg/kg våtvekt, men her er standardavviket stort
og det er ingen signifikant auke. Verdiane er framleis relativt høgt over normalverdiane for
torsk, sjølv om det er langt frå grenseverdien, og ein igjen skal vera varsame med å
konkludere mykje med så få individ.
11
Uer (Sebastes spp) måtte vi bruka handsnøre for å få nokre individ av, men vi har lyst å fylgja
denne arten også i og med at det var den arten som hadde høgast verdi i fillet i 2004. Dei fem
uerane vi fekk viste eit gjennomsnitt i Hg-konsentrasjon på 0,22 mg/kg våtvekt mot 0,24
mg/kg våtvekt i 2005 (n=2) og 0,22 mg/kg våtvekt (n=25) i 2004. Her ser vi for øvrig at vi
ligg relativt høgt over det vi har karakterisert som normalverdiar. No er det eit lite
prøvevolum vi samanliknar med og på bakgrunn av erfaringar vi har gjort med blåkveite siste
året trur vi no at det godt kan vera eit større normalområde for kvikksølv i uer, dersom vi får
analysert uer frå større havområde slik som har skjedd med blåkveite. Vi håpar å koma vidare
med dette i 2007.
For taskekrabbe (Cancer pagurus) fekk vi gjennom årets innsamling eit godt datagrunnlag i
og med at det var lett å få nok krabbe (n=25) frå alle tre stasjonar. Dersom vi først ser på
historisk utvikling ved vraket ser vi at konsentrasjonen i brunmat var 0,20 mg/kg våtvekt i
2004, 0,26 mg/kg våtvekt i 2005 og 0,20 mg/kg våtvekt i 2006. Med den variasjon som ligg i
målingane viser dette at det ikkje er nokon signifikant utvikling. Men det er i øvre sjikt i det
som kan seiast å være normalverdiar for kvikksølv i krabbesmør (0,05 – 0.2 mg/kg våt vekt).
Når det gjeld geografisk variasjon ser vi at det heller ikkje der er noko skilnad frå stasjonane
lenger vekke frå vraket, og verdiane er reelt sett i same område.
Det vart ikkje analysert for Hg i klokjøt i 2004, men dette vart inkludert i 2005. Her vart det
funne eit gjennomsnitt på 0,18 mg Hg/kg våtvekt i 2005 og 0,15 mg/kg våtvekt i 2006.
Dette er ein tre gonger det som er funne på grunnare vatn nordaust for vraket ved Fedje, men
likevel ikkje spesielt høgt samanlikna med normalverdiane gjevne i tabell 1 og 2.
12
Diskusjon og oppsummering
Målet for overvakinga av fisk og sjømat rundt u-båtvraket vest av Fedje er både å kunne gje
råd om sjømattryggleik og å kunna spore endringar i tryggleiksbiletet i høve til sjømat. Ut frå
historiske fakta og sedimentanalysar utført av NIVA er fokuset på kvikksølv.
Det er etablert ein øvre grenseverdi for kvikksølv i fiskefillet på 0,5 mg/kg våtvekt for dei
fleste fiskeartar. Det er likevel ein del artar, spesielt store predatoriske fisk, som har fått ei
høgare grense på 1,0 mg Hg/ kg våtvekt. Kva grenseverdi som gjeld for ein spesiell fiskeart,
burde i prinsippet vera styrt av at ein kan tolerere høgare konsentrasjon av ein fisk som har
liten andel i eit kosthald. Men det er også, i tillegg til inntaksnivå og toksisitet, eit innslag av
såkalla ALARP (As Low As Reasonalbly Practicable) vurderingar.
Ut frå vurderingar i høve til grenseverdiar er det framleis trygt å ete brosme, torsk, uer og
krabbe frå området der ubåten U864 ligg. Når det gjeld lange vart det også i år funne 3 (av 27)
som hadde eit kvikksølvinnhald over grenseverdien for arten på 0,5 mg Hg/kg våtvekt. Den
høgste verdien i 2006 på 0,55 mg Hg/kg er dog relativt nær denne grensa. I 2005 var høgste
målte Hg innhald i lange på 0,77 mg/kg. Liknande fann vi i år ein enkeltverdi av kvikksølv i
klokjøt frå krabbe på 0,60 mg/kg våtvekt, mens nest høgaste verdi var på 0,27 mg/kg våtvekt
slik at dette eine individet var spesielt høgt.
Figur 3 viser gjennomsnittsverdi for alle data på fisk og krabbe ved vraket i 2005 og 2006.
Den generelle trenden i kvikksølv i sjømat ved ubåtvraket frå år 2004 til år 2005, var ein
stigande trend. Problemet med den samanlikninga var at spesielt i 2004 var det vanskeleg å
fiska nær nok vraket. Som nemnt er det og mange andre forhold å ta når ein samanliknar slik i
tid for fisk/krabbe som jo vil vandra naturleg. Når vi no ser på samanlikninga frå år 2005 til
2006 ved vraket der vi meiner at fisket no har vore meir konsentrert, ser vi eigentleg små
endringar (figur 3). Trenden er ein nedgang for fire indikatorar og ein oppgang for to. Av det
som er minst positivt, er auken i Hg i torskemuskel, men her har vi få data og det er ingen
signifikant auke.
13
0.1
0.15
0.2
0.25
0.3
0.35
0.4
2005 2006
Tid
Hg
(m
g/k
g v
.v.)
Torsk
Brosme
Lange
Uer
KrabbeKlo
KrabbeInn
Figur 3. Utvikling av gjennomsnittleg Hg-konsentrasjon frå 2005 til 2006 i alle artar som er
fiska i overvakingsprogrammet ved u-båtvraket.. Sjå tabell 1 og 2 for å finna kva antal fisk
kvart punkt representerer.
Årets fangst gav også eit høve til å studera og vurdera korleis kvikksølvkonsentrasjonen i
sjømat endra seg med avstand frå vraket og dei forureina sedimenta der. Hovudbiletet er gjeve
i figur 4, og som vi ser er det liten effekt av å flytte seg bort frå til dei to nære fangstområda vi
har brukt.
14
0
0.05
0.1
0.15
0.2
0.25
0.3
0.35
0.4
På vraket 1 sjømil N 2 sjømil N
Stad
Hg
(m
g/k
g v
.v.)
Brosme
Krabbeklo
KrabbeInn
Figur 4. Samanheng mellom fangstavstand frå u-båtvraket og kvikksølvkonsentrasjon i
brosme og krabbe. I krabbe er både brunmat (KrabbeInn) og klokjøt (Krabbeklo) analysert.
Som beskrive i fjorårets rapport, er det hos fisk som er utsett for jamn miljøpåverknad, også
ein jamn auke i Hg-konsentrasjon med storleik. I år såg vi verken for brosme eller lange ved
vraket nokon slik samanheng. Dette kan tyda på at det for brosme og lange ved vraket er
andre tilhøve enn storleik som påverkar Hg innhaldet og dette kan i tilfellet vera at
enkeltindivid vert utstett for spesielt høge verdiar ved at dei beiter på organismar som er
spesielt forureina. For brosme fanga to sjømil nord for vraket kunne ein imidlertid sjå ein
samanheng mellom storleik og kvikksølvkonsentrasjon.
Det er no sett i verk tiltak i form av restriksjonar på ferdsel i området ved ubåten. Ut frå våre
tidlegare vurderingar er dette hensiktsmessig i og med at ein av mange grunnar ikkje ynskjer
ukontrollert aktivitet der.
NIFES er vidare glade for at det vart gjort ei oppfølgande undersøking også i 2006. Den
spesielle situasjonen som har oppstått ved funnet av ubåten, der endringar i
utsleppssituasjonen kan skje ganske brått, fordrar vidare tett overvaking. Dette gjeld spesielt
under ein tiltaksfase der ein enten prøver å heve, flytte ubåten eller å tildekke den.
15
Som tidlegare nemnt, så er det i dei fleste samanhengar der ein har erfaring med Hg-tilførsel
til miljø, andre kjemiske former enn metallisk kvikksølv som har vorte sleppt ut eller spreidd.
Kunnskapen og mulgheiten til å predikere effektar på biota vil difor vere avgrensa, og for å
gje godt datagrunnlag for forvaltning er det vidare å anbefala at det her vert utført nye
undersøkingar jamleg.