31
«Paula Fox er utvilsamt ein stor forfattar. Setningane hennar er små komprimerte mirakel, små romanar i seg sjølv.» Jonathan Franzen paula fox lånt stas

Lånt stas

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kritikarrost roman av Paula Fox

Citation preview

Page 1: Lånt stas

Paula Fox (f. 1923) er ein av dei viktigaste forfattarane i amerikansk etterkrigslitteratur. Den prislønte forfattarskapen hennar omfattar bøker for både barn og vaksne. Den har blitt løfta fram av ein ny generasjon unge amerikanske forfattarar, med Jonathan Franzen og David Foster Wallace i spissen. Romanane hennar blir omsette til stadig fleire språk og omsetjingane blir hylla av kritikarane. Paula Fox bur i Brooklyn, New York.

forfattarfoto: ulf andersen/getty images/all over pressomslagsfotografiet er trykt med løyve frå forfattarenomslagsdesign: johanne hjorthol

Lånt stas er ei gripande forteljing om Paula Fox sin høgst uvanlege, omskiftelege og fargerike oppvekst. Ein klassikar elska av både lesarar og kritikarar over heile verda. Kort tid etter Paula Fox blir fødd i 1923, plasserer foreldra henne på barneheim på Manhattan, medan dei sjølve reiser til Hollywood for å gjere karriere. Bestemora plukkar henne opp, og ho blir i løpet av kort tid flytta frå heim til heim, frå New York til Cuba til California og Hollywood. Dei mange møta med framande menneske blir avbrotne av gjensyn med dei omsynslause men også fortryllande foreldra. I dette portrettet om eit ungt liv i til feldig flyt, gir Paula Fox oss eit uforgløymeleg innblikk i kor mykje – og kor lite – eit barn treng for å overleve.

Romanen er omsett av Tove Bakke, og Brit Bildøen har skrive forordet.

www.samlaget.no

isbn 978-82-521-8036-7

xxxxxxxxxxx

Om Desperate personar

«… en roman som brutalt skjærer inn til benet og lar krisen og den tilbakeholdte fortvilelsen stå og dirre. Og selv om teksten beskriver omveltninger som fant sted for mer enn 40 år siden, kjennes den stadig relevant og moderne.»anne merethe k. prinos, aftenposten

«Virkelig god.»anne cathrine straume, nrk

«Paula Fox skriver så godt at det er en fryd.»heidi sævereid, vårt land

«Strålende»the new yorker

«Eit ruvande landemerke over etterkrigstidas realistiske litteratur»david foster wallace

«Nådelaust ærleg, strålande utført, lidenskapeleg»new york newsday

«Eit lite meisterverk»the new leader

Paula Fox Desperate personar

samlagetroman

P ox D S R

«Paula Fox er utvilsamt ein stor forfattar. Setningane hennar er små komprimerte mirakel, små romanar i seg sjølv.»

Jonathan Franzen

paula fox

lånt stas

pau

la fox

lånt stas

«Fox er ein meisterleg forfattar, med eit talent for å trengje heilt inn i hjartet av komplekse kjensler og kompliserte situasjonar»

sunday telegraph

«Originalt og elegant»

chicagotribune

«Overveldande»the times

«Djupt sjokkerande» sunday times

«Imponerande»new york review

of books

Fox_o3.indd 1 21.01.14 15:24

Page 2: Lånt stas

1

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 1

Page 3: Lånt stas

Paula Fox

LÅNT STASMinneroman

Frå amerikansk ved Tove Bakke

SamlagetOslo

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 3

Page 4: Lånt stas

: Borrowed Finery

© by Paula Fox , ,

Published by agreement with

Licht & Burr Literary Agency, Denmark

© norsk utgåve: Det Norske Samlaget

www.samlaget.no

: Johanne Hjorthol

: © Coliena Rentmeester

: Samlaget

: Minion ,/

: g Holmen Book Cream

: ScandBook AB, Falun

Printed in Sweden

----

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 4

Page 5: Lånt stas

:

Paula Fox. Dette namnet, som er ei nattklubbsonga -rinne verdig, lyser no på den litterære stjernehimmelen.Og der høyrer det heime, sjølv om det var tilfeldig -heiter som førte til at forfattarskapen for vaksne fekkein renessanse. Paula Fox gjorde det bra på - og -talet, fekk prestisjetunge prisar for barnebøkene sineog publiserte fleire sterke romanar, blant anna Despe-rate Characters (Desperate personar. Samlaget ),som blei filmatisert med Shirley MacLaine i hovud-rolla. Men nye forfattarar kjem til, og eldre bøkerhamnar hos antikvariata og i bibliotekmagasina. Detvar på eit bibliotek ein yngre forfattarkollega, JonathanFranzen, kom over ei utgåve av Desperate Characters.Han blei så fascinert over boka at han ville skaffe segeit eige eksemplar, noko som viste seg umuleg da bokavar gått ut av produksjon. Eit essay i tidsskriftet Harper’s i endra på dette, og dermed også på livettil den no nitti år gamle Paula Fox. Essayet til Franzenløfta denne bokperla og ein nesten gløymd forfattar-skap fram i lyset. No er mange av bøkene til Paula Foxute i nye utgåver, romanane hennar – inkludert Despe-rate personar og Lånt stas – er omsette til fleire språk,

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 5

Page 6: Lånt stas

det er intervju med henne i alle magasin med respektfor seg sjølv, og sist men ikkje minst fekk forfattarendet puffet ho trong til å gjere ferdig memoarane omsitt turbulente liv.

Borrowed Finery kom ut i USA i med under-tittelen «a memoir». I den norske utgåva har omsetjarenTove Bakke leita seg fram til undertittelen «minne -roman». Dette omgrepet skaper eit større og meirdynamisk rom enn «memoarar» ville gjort, og indikererat ein også diktar når ein skriv om sitt eige liv. I alleintervju seier Paula Fox at alt ho har skrive, er sterktsjølvbiografisk. Og når ein les denne boka, møter eindei verkelege personane bak forskjellige rollefigurarsom opptrer i dei andre romanane hennar. Lånt stas erforteljinga om livet til Paula Fox, slik ho hugsar det,frå ho er fire–fem år til ho er nærare tjue.

I starten ser Lånt stas ut som ein vanleg oppvekst -roman, ei i den lange rekka av forteljingar om barnsom har måtta leve med omsorgssvikt. Men etterkvart sprenger den seg ut av desse rammene, ikkjeminst fordi dei forsømmande foreldra også blir fram-stilte som «glamorøse og ekstraordinære». Det er slikPaula Fox omtalar mor si og far sin i eit intervju medmagasinet Paris Review. Faren skreiv m.a. filmmanus,gjorde det godt til tider, og ein periode budde dei iHollywood. Både han og mora må ha vore oppsikts -vekkande, ikkje berre for eit lite barn. Mora var tem-peramentsfull, vakker og omsynslaus. I eit intervjumed Telegraph karakteriserer Paula Fox mora som «aterror»: «Ho var spansk, men meir -tals spansk.

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 6

Page 7: Lånt stas

Ho var frå ein periode da folk fekk hovuda kappa av.Svært vakker på ein hard, spansk måte, som ein Veláz-quez.» Ho er klar over at ho skildrar foreldra sine somto Fitzgerald-figurar. Samtidig poengterer ho at nårdet gjaldt barn, var dei dummare enn det er muleg åtenke seg. Det er i dette spennet den sterke og skjøre«minneromanen» rører seg, og rører oss.

Romanen inneheld ingen vonde skildringar avbrutale overgrep, men byr derimot på ei lang rekkeepisodar, såre og sjokkerande så vel som komiske, somviser ein total mangel på forstand, i første rekke hosforeldra, men òg i miljøet rundt dei. Barnet somgjennomlever ein barndom der ho blir frakta rundtsom ein pakke og ikkje aner kva neste dag vil bringe,verken veit eller reflekterer over at det ho opplever, eruvanleg, for ikkje å seie uhøyrt. Forfattaren fortel detslik ho opplevde det, utan snev av sentimentalitet.Først da ho nærma seg tjueårsalderen, begynte det ågå opp for Paula Fox kva slags barndom ho hadde hatt.Ho opplevde at folk blei sjokkerte når ho fortalde fråoppveksten sin. Først da ho var over tretti, klarte hopå eit vis å kople saman det glamorøse og ekstra -ordinære ved foreldra med den behandlinga ho haddeblitt utsett for. Ho var over førti før ho for alvor begynteå skrive. Turbulensen heldt fram langt inn i vaksenalder. Ho var fattig, aleine i verda, satsa på feil menn.Måtte adoptere bort ei dotter, fordi ho ikkje skjønakorleis ho skulle greie det. Angra med det same. «Egtenkte ofte på å ta livet av meg,» seier ho i intervjuetmed Paris Review. «Men så fekk eg lyst på lunsj.»

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 7

Page 8: Lånt stas

Det er ei sjeldan kraft i dette mennesket, ei over -levingsevne, ein hard kjerne. Denne kjernen kan einkjenne som den plagsame erta under madrassen i altho skriv. Her er det lite overflate og småprat, PaulaFox sin skrivestil er rett på. Rett inn i det underlig-gande, det flaue og smertefulle. «Det er så dumt,» seierho i eit intervju i The New York Times, «når folk somopplever eit forferdeleg mord, seier at ‘dette har alltidvore eit fredeleg nabolag’. Verda er ikkje eit fredelegnabolag. Det finst ikkje noko slikt som eit fredelegnabolag. Folk spør seg sjølv korleis dei skal halde segreine og velstelte i syklonen.» Like direkte er ho medfolk som kjem til henne og seier at dei har lyst til åskrive, men at dei ikkje har nok sjølvtillit: «Du trengikkje sjølvtillit. Berre skriv. Alle er midt i ei forteljing.Så du må berre skrive slutten.»

Det var ikkje rare skolegangen Paula Fox fekk, medall flyttinga og alle innfalla til foreldra. Ho skjøna ikkjekvifor ho måtte slutte på high school i småbyen Peter-borough i New Hampshire, der det gjekk rimeleg bra.Først da ho mange år seinare bad om å få utskrift avkarakterboka si og såg kor gode karakterar ho haddefått, gjekk det opp for henne at det var på grunn avfaren si drikking ho blei utvist frå skolen. Etter eitmislykka år på Juilliard School of Music i New Yorkoverlevde ho på tilfeldige jobbar i California. Etter kvartnytta ho seg av faren sine kontaktar og fekk jobb somavisreporter, noko som førte henne vidare ut i verda.No har ho budd i Brooklyn, New York, i over førti årsaman med den tredje ektemannen sin. Ho har fått

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 8

Page 9: Lånt stas

fleire barn, og har også kontakt med dottera ho adop-terte bort. Dette har gjort henne til bestemor, og eit avbarnebarna heiter Courtney Love. Fox skriv enno oghar sosial omgang med ikkje berre Jonathan Franzen,men også andre litterære storleikar, som Philip Rothog Jonathan Lethem. Ho ironiserer over sin nyvunnelitterære status, men tør òg å seie at ho er takknemlegfor å oppleve at bøkene hennar blir lesne på nytt.

Også her i landet har vi sett ei ny interesse for amerikansk litteratur frå - og -talet. Paula Fox-omsetjinga av Desperate personar har godt selskap i tonyleg omsette romanar av Richard Yates: Både Revo -lu tionary Road og Påskeparaden er tilgjengelege i godenorske omsetjingar. Og eit nytt, stort namn er på vegut til norske lesarar; James Salter. Romanen Lysår frå kom ut på norsk i og lever opp til tittelen.Felles for desse romanane er at dei er lysande. Her fårein det beste frå amerikansk romantradisjon, stilistiskog språkleg utsøkt prosa med sylskarpe miljø- ogmenneskeskildringar. Og her er det meir å hente. Berrei Paula Fox sin forfattarskap er det fleire romanar somer vel verdt å få med seg: debutromanen Poor George,den skumle The Widow’s Children, meir familie historiei A Servant’s Tale, og den relativt ferske The God ofNightmares. Men først altså denne minneromanen,som handlar om å vekse opp i total uorden og over-leve, reise seg, gå vidare.

Oslo, . november

Brit Bildøen

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 9

Page 10: Lånt stas

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 10

Page 11: Lånt stas

Tileigna familien min, mannen min Martin Greenberg

og Sheila Gordon,som støtta meg med endelaust tolmod og kjærleik

mens eg skreiv denne boka.

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 11

Page 12: Lånt stas

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 12

Page 13: Lånt stas

«Etter så lang sorg, slik nyfødd fødselsfryd!»The Comedy of Errors

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 13

Page 14: Lånt stas

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 14

Page 15: Lånt stas

å eg var sytten år, fekk eg meg arbeid i det som varsentrum i Los Angeles den gongen, i ein butikk

som selde kjolar for ein dollar stykket. Det var opp-høyrssalet kvar månad som heldt butikken gåande.

Fleire gonger i veka var det jobben min å gå ned ikjellaren etter nye forsyningar å fylle opp stativa med.Kjellaren var enorm – i det dimme lyset frå den eins-lege lyspæra som hang under det låge taket, såg det utsom han strekte seg vidare enn sjølve butikklokalet. Idei fjerne og fuktige krokane fekk eg av og til skimtenav ei rotte som pilte langs eit røyr med den nakne halensom ein meitemakk etter seg.

Langs eine veggen, stabla i provisoriske, grove tre -reolar, stod skrøpelege pappesker med kjolar. Ved veg-gen midt imot stod ein gigantisk flat pappfigur av einto meter høg julenisse oppstilt, med slede og reinsdyr.Eg tippa at dei sette han oppe i butikken i julesesongen.

Ein morgon dei hadde sendt meg i kjellaren etterfleire kjolar, oppdaga eg sveittedropar på panna til nissen. Seinare kom eg på at røyret eg hadde sett rot-tene springe på, sikkert fortsette over staden der papp-figuren stod, og at det var det som lak og sørgde forsveitten. Men der og då fekk eg føre meg at det var

D

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 15

Page 16: Lånt stas

drakta si skyld. Han var like feil kledd for klimaet iCalifornia som eg i den tjukke, blåe tweeddrakta mi.

Eg har for lenge sidan gløymt kven eg hadde fåttdrakta av. Det eg ikkje gløymer, er at ho var minst tostørrelsar for stor til meg og laga av ein så nådelaustusliteleg og kraftig ulltweed at både jakka og skjørtetkunne stått av seg sjølv.

Eg fekk like ynkeleg betalt same kva arbeid eg fannog miste det året, så vidt nok til å betale for hus og matog ingen ting til overs til klede. Alt eg eigde av kles-plagg, hadde fått plass i det dei i dagens reiseutstyrs -reklame kallar ein «weekendbag», nokre filler somkunne dekke meg til, men ikkje duge i verkeleg dårlegvêr – og sjølvsagt den blåe tweeddrakta eg gjekk medpå arbeid i Los Angeles dag ut og dag inn.

På den tida forstod eg meg på musepengar, menikkje på kattepengar. Fem dollar var pengar eg faktiskhadde. Eg kunne strekke dei og få dei til å vare. Menfemti? Eg vart svimmel berre eg tenkte på ein slik sum.Kor mykje var femti dollar?

Filmstjerna ZaSu Pitts stod for meg, slik ho på einreklameplakat for filmen Greed frå , det året eg vartfødd, sit på huk mellom store dungar gullmyntar, halv-naken og med eit sinnssjukt og rovgriskt uttrykk iansiktet, som sjølve inkarnasjonen av amerikanskkapitalisme då eg var ungjente. Etter kvart som eg varteldre, endra innstillinga mi til pengar seg. Eg begynte åsjå kor samansett alt det der var, korleis somme men-neske samlar seg pengar for penganes skyld, drivne avkrefter like mystiske for meg som dei som får termit-

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 16

Page 17: Lånt stas

tane til å bygge tuer som somme stader i verda er bådeti meter høge og meir.

Då eg først fekk råd til kjøpe meg ting, vakna appe-titten min for materielle gode. Men for mitt indre augeser eg stadig ZaSu Pitts som strekker fram hender fulleav gullmyntar, ikkje for å dele dei med nokon, men ifryd over at ho har dei, eit bilde som uttrykker så velfornedring som triumf.

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 17

Page 18: Lånt stas

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 18

Page 19: Lånt stas

BALMVILLE

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 19

Page 20: Lånt stas

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 20

Page 21: Lånt stas

astor Elwood Amos Corning, soknepresten som tokseg av meg i nokre år frå eg var eit spedbarn, og

som eg kalla onkel Elwood, var alltid nøye på at egskulle vere ordentleg i kleda. To gonger i året, vår oghaust, kjøpte han eit nytt plagg eller to til meg for dethan var i stand til å avsjå av den årslønna kyrkja gavhan. Andre klede var slikt mødrene i kyrkjelyden kommed og deira eigne ungar hadde vakse ut av. Dei vartlappa, vaska og strokne før vi fekk dei.

Tidleg i april like før eg fylte fem år, kom det eit brevfrå far min til onkel Elwood med to femdollarsetlar ogein papirlapp i. Eg ser han for meg der han står og lesmens éi hand held lappen og pengane, og peikefinge-ren på den andre pressar brillebrua godt mot naseryg-gen fordi han har brote av eine stonga. At akkurat detteminnet står så tydeleg for meg, har dels å gjere med atdet var så sjeldan far min skreiv – for ikkje å snakke omla ved pengar – dels med den nye kjolen som nokre avdei ti dollarane gjekk med til. Slik innbiller eg meg iall-fall at det var.

Dagen etter køyrde onkel Elwood og eg i den gamlePackarden frå det viktorianske huset vi budde i øvst ibakken i Balmville, New York, til Newburgh, ein by i

P

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 21

Page 22: Lånt stas

ein dal ein halvtimes køyring og tjue kilometer nordfor Storm King-fjellet, i sig ut i Hudsonelva som pannapå ein elefant.

Vi parkerte framfor barbersalongen på Water Street,der onkel Elwood regelmessig fekk meg klipt. Ein for-middag vi kom ut derifrå og eg gjekk og drøymde megbort og derfor stirde i fortauet utan å sjå det, greip egetter handa til onkel Elwood og kom nesten eit kvartalfør eg enste at eg gjekk og leidde ein framand mann.Eg sleppte taket og snudde meg, og der stod alle i heilegata og venta på kor langt eg kom til å gå slik, og kor-leis eg kom til å reagere når eg såg opp. Begge barbera -r ane var ute i døra og følgde med, onkel Elwood gjordedet òg, med hendene folda framfor seg, og tre, fireandre som hadde vore på veg einkvan stad, og den fra-mande som eg hadde gått og halde i handa. Alle smilteog gledde seg til å sjå kor overraska eg vart. Ein augne-blink var gata forvandla til eit lunt rom i eit kjært hus.Likevel vart eg lite grann forskrekka og skunda megattende til onkel Elwood.

Målet vårt denne dagen var varehuset Schoon -maker’s, som låg dør i dør med barbersalongen. Då vikom ut på fortauet igjen, bar han på ei eske med einkvitprikka musselinskjole i. Den hadde Peter Pan-krage,rysjar i halsen og rett fall heilt ned til kjolekanten.

Onkel Elwood hadde skrive eit dikt som eg skullelese opp under påskegudstenesta i kyrkja der han varprest. No hadde eg noko nytt å ha på meg til eg skullestå framfor kyrkjelyden og seie fram orda hans. Egelska han, og eg elska den prikkete kjolen av musselin.

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 22

Page 23: Lånt stas

Mange år seinare, då eg las gjennom dei få breva oglappane som far min hadde skrive til onkel Elwood, ogsom han hadde tatt vare på, gjekk det opp for meg atpappa alltid berre hadde kokettert når han unnskyldteseg for å ha forsømt livsopphaldet mitt. Unnskyldning-ane var framførte med ein pompøs hjartevarme, detvar som om han brauta, ikkje kraup til krossen. Hand-skrifta hans var derimot nydeleg, eit vakkert fugletrekkover dei gulnande sidene.

Onkel Elwood drog nesten kvar søndag på soknebesøki Washingtonville, på den tida framleis liten nok til åbli kalla ein landsby, i Orange County, New York tjue-fem kilometer frå Balmville, der dei fleste soknebarnabudde. Kyrkja han var prest i, låg i Blooming Grove,ein liten tettstad eit par kilometer vest for Washington-ville, og ho ruvde slik oppe på åsryggen over den smalevegen at ho – såg eg for meg – kunne vore eit digertskip som låg til ankers der oppe, om det ikkje haddevore for spiret som strekte seg mot himmelen somhender i bøn, handflate mot handflate.

Bakanfor kyrkja låg ein tom prestebustad og bortan -for den att ein liten gravlund. Til høgre for kyrkjedørastod ein forfallen stall med dunkle båsar fulle av spin-delvev, ein av dei framleis i bruk av ein av kyrkjegjeng-arane, gamle skjeggete Mr. Howell, som dreiv trilla oghesten opp grusvegen, heilt opp til kyrkja. Han komalltid eit minutt eller to før søndagsgudstenesta skullebegynne, og var uansett årstid kledd i ein utsliten, svartfrakk der ei stor sikkerheitsnål heldt kragen på plass

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 23

Page 24: Lånt stas

inn mot halsen. I mine auge var han klippa som brast isalmen vi song.

Etter gudstenesta hende det vi drog på besøk til tokvinner, ei eldre dame og dotter hennar, som var ugiftog såg like gammal ut som mor si, begge to medlem-mer i kyrkjekoret, der dei skjelvande, spinkle sopra-nane deira heldt det gåande lenge etter at alle andrehadde avslutta songen og sett seg ned. Dei lét ikkje til åmerke at dei var dei einaste som framleis stod opp-reiste i korstolen.

Dei budde i eit smalt, toetasjes hus som likna på deifleste andre hus i Washingtonville. Dei serverte søn-dagsmiddagen i eit rom på baksida som utnytta heilehusbreidda og hadde plass til eit bord alle fire kunnesitte ved. Det var eit godt stykke til kjøkenet, der deisjølve vanlegvis åt, og det vart alltid mange fram- ogtilbaketurar når dei skulle bringe inn fata og ta dei utigjen, noko som fekk ventetida til å kjennast som år,syntest eg, målt mot dei få minutta det tok oss å etematen. Om sommaren la heten seg tungt i det bakrerommet. Varmen var kvelande som i ein knitrandeomn når middagssola stod på. All ting skein og blenkte– bestikket, vassglasa, vindaugsrutene – og saug allfarge ut av maten.

Når vi besøkte Emma Board og familien i ein annandel av landsbyen, kjende eg ei form for lykke og sam -tidig ei uro – som den ein reisande får når ho kjem til-bake til eit land der ho har lidt mykje uforklarlegvondt.

Eg hadde komme til det huset to månader gammal

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 24

Page 25: Lånt stas

med Katherine, den eldste av dei fire Board-barna. Hohadde tatt meg med til Virginia på den stutte bryl-laupsreisa med Russell, den nye mannen sin. Då deikom tilbake, var mor hennar friskna såpass til etterspanskesjuka at ho var i stand til å ta seg av eit sped-barn.

Eg høyrde historia fleire tiår seinare av Brewster,den eine av Katherines to brør, som den gongen haddebudd i New York City saman med Leopold, den eine avdei fire brørne til mor mi. Eg hadde vorte etterlaten påein barneheim på Manhattan nokre få dagar etter at egvar fødd, av den motvillige far min og av Elsie, mor mi,som hadde eit panisk og ustyrleg hastverk med å blikvitt meg.

Bestemor mi, Candelaria, som var på ein snartur tilNew York City frå Cuba og sukkerplantasjen ho buddepå stordelen av året, spurde Leopold kor syster hans ogbabyen som ho visste var fødd nokre veker tidlegare,oppheldt seg. Han sa han ikkje visste kor foreldra minevar, men at dei imot hans protestar hadde plassert megpå ein barneheim og reist frå byen – om det då var santat dei hadde reist.

Då bestemor fekk høyre kor eg var, drog ho rett tilbarneheimen og tok meg ut derifrå. Men kva skulle hogjere med meg? Ho var nøydd til å reise attende tilCuba om eit par dagar. Der var ho mot eit lite månad-leg beløp selskapsdame for ein rik, gammal slektning,ei kvinne som eigde plantasjen og rett som det var fekkanfall av sinnssjukdom.

Det var Brewster som hadde foreslått at ho kunne

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 25

Page 26: Lånt stas

gi meg vidare til Katherine, som bar meg i armane sinepå bryllaupsreisa til Norfolk.

Ved eit tilfelle, eit reint lykketreff, hadde eg kommei hendene på livreddarar, ein vaktbrigade som sendemeg frå person til person til eg var trygg. Når vi be -søkte den gamle dama og dottera eller andre medlem-mer i kyrkjelyden til presten, var eg alltid usikker og for -knytt den første stunda. Men aldri heime hos Board-familien.

Ei kort, kort tid i min spedaste barndom hadde eghøyrt heime i det huset og i den familien. Før eller sei-nare på besøka våre der måtte eg ned kjellartrappa ogsjå etter om den brune korgbarnevogna og den knir-kande gamle vogga, som var brukte av alle Board-barna etter tur og av meg i tre månader, framleis stodder. Eg trur familien tok vare på dei for at eg alltidskulle finne dei.

Eg var fem månader då presten, som hadde fått nyssom meg og den spesielle måten eg hadde komme tilWilliamsburg på, ei hending som hadde laga krusingarpå landsbyens elles nærmast blikstille overflate, einsøndag kom innom og ville sjå til meg. Han visste godtkor usikker framtida mi var, sia Boardane til liks medstorparten av innbyggarane der var fattige folk i deiåra. Eg var vaken då han steig fram til vogga. Kanskjesmilte eg opp mot han. Kor som er må eg ha vekt bådeinteressa og medkjensla hans. Han tilbaud seg å ta megtil seg, og blant anna fordi dei sat så trongt i det, gjekkBoard-familien med på gi meg ifrå seg.

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 26

Page 27: Lånt stas

Når onkel Elwood var ferdig med preika, kom hanfram frå preikestolen. Mens koret reiste seg for å synge,folda han hendene og stod og titta ned på meg der egsat for meg sjølv i fremste benken. Eit ørlite smil kunneskimtast i ansiktet hans då og letta den høgtidelegesøndagsmaska.

Denne fortrulege vesle stunda mellom oss veikstraks kyrkjetenaren tok til å gå rundt med kollektskålaog kyrkjelyden enno sat og kjende det heilage fylle segetter skriftlesinga. Når han kom til min benk, sleppteeg oppi ein mynt onkel Elwood hadde passa på å gimeg.

Etterpå, når eg stod ved sida av han i kyrkjedøra ogfolk kom ut i ei lang rekke og tok han i handa og gamleMr. Howell skunda seg forbi mens han mumla takk forpreika med den rusta, hole røysta si, kom den fortru-lege kjensla att.

For kyrkjelydsfolket var eg veslejenta til presten, ogeg vart alltid glad når eg tenkte på det. Eg snudde megmot han etter at Mr. Howell hadde forsvunne inn i stal-len, og la som vanleg merke til kor høgtidelege preste -kleda hans var, perlenåla i det svart- og sølvstripete slip-set, silkestripa nedover sidene på den svarte buksa, deisvarte jakkesnippane som likna på billevenger.

Det var som søndagen veka før og alle søndaganeeg kunne hugse. Eg stakk handa mi i hans, og han greipfast om henne. Eg heldt auge med Mr. Howell, somhadde rygga trilla og hesten ut av stallen og tok fatt påheimvegen.

Mi urokkelege tiltru til onkel Elwoods kjærleik og til

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 27

Page 28: Lånt stas

den trygge hamna eg hadde hatt hos han i åra sidan Katherine tok meg med til mor si, svikta så brått. I einkort augneblink såg eg kor usikkert alt var for meg. Egkjende grunnen smuldre under føtene. Eg rava på kantenav eit stup. Fall eg, visste eg at eg kom til å falle i all æve.

Dette hende òg kvar søndag etter kyrkjetid. Men detvarte ikkje lenger enn den tida det tar å skildre det.

Kraftige uvêr sopte ned gjennom Hudsondalen omsommaren, særleg i august. Tora skrall, lynet spraka.Vinden jaga rundt Balmville-huset på byer av blen-kande regn. På den andre sida av dei svarte og utviskaglasrutene svaia trea og bøygde seg liksom nærmare ognærmare heilt til ein ring av lauv og opprørte greinertrua med å svelge både huset og oss.

Når stormen slo til seint på kvelden, vekte onkelElwood meg først – om ikkje tora alt hadde gjort det –og gjekk deretter inn til mor si. Han lyfta henne opp avsenga og bar henne forbi den store konsollspegelen ogbort til trappa, og saman gjekk vi ned i inngangshallenmidt i huset, der han sette mora i ein lenestol hanhadde flytta inn dit frå stova før på dagen straks hanhadde sett at svarte skyer drog seg i hop på himmelen.

Emily Corning hadde vore forkrøpla av leddgikt iatten år og bar si pine tolmodig og fast, som om pla-gene hennar var ei prøve som skulle vise kor sterk hovar i gudstrua.

I det flakkande, gule skjæret frå parafinlampa pres-ten hadde i bakhand – straumen gjekk støtt når det varuvêr – glante eg på den gamle dama, som sat i skuggen

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 28

Page 29: Lånt stas

inni kroken og nesten, men ikkje heilt, vart borte i sjalet sonen hadde pakka rundt henne. Eit mildt smilrørte ved dei fargelause leppene om ho vart var grans -kinga mi. Ho var ikkje i stand til å lyfte hovudet ogmåtte kike på folk frå nedunder bryna. Ho snakka nes-ten aldri til meg, men eg kunne kjenne den varmeutstrålinga frå henne, slik eg kunne kjenne den fjernevarmen frå sola om vinteren. Orda hennar var få ognesten alltid om utsikta mot Hudsonelva, som hokunne nyte frå rullestolen, presten plasserte han fram-for det store, tredelte vindauget i karnappet på rom-met hennar kvar morgon så lenge eg budde i det huset.

Om kveldane, sjeldnare om dagen og berre når hohadde det frykteleg vondt, høyrde eg ofte tvers gjen -nom den lukka døra mellom soveromma våre kor hogispa etter luft og jamra stilt, og onkel Elwood somprøvde å trøyste henne. Då låg eg pinnestiv under detroseraude ullteppet i senga og bad Gud tynt om å fåein slutt på dette som aldri såg ut til å ha nokon ende,og la henne få sovne.

Nokre gonger når tora hadde roa seg og rumla langtborte, tende presten eit stearinlys og bar mor si inn istova så ho kunne sjå på det mørke tapetet med selje-greiner med gåsungar på. Ho hadde valt det ut sjølv forfleire tiår sidan, den gongen mannen hennar levde ogho greidde å gå rundt i huset som ho ville.

Kom det eit uventa torebrak nær oss, bar han henneut i hallen att og sette henne til rette i stolen som omho var ei dokke.

Han fortalde meg i ein spøkefull tone, for at eg

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 29

Page 30: Lånt stas

skulle skjønne at eg ikkje skulle tru på han, at det varHenry Hudson og laget hans som var ute og bowla einplass oppmed elva. Men eg trudde halvveges på det.

Når den einaste søstera til presten var på besøk ogeit fælt uvêr kom farande nedover elva og bles ut lysa,kom ho òg ned i hallen til oss andre og sat og hekla ilyset frå lampa med hengekinna nedi hekletøyet. Hoville at eg skulle kalle henne «tante», men det gjorde egså sjeldan eg kunne.

Når torebulderet begynte å døy ut, sat den gamledama og dotter hennar og døste. Ansikta deira sågtriste ut når dei kvilte, som om dei hadde sovna utkjasaetter å ha sørgt over einkvan dei hadde mist. Eller kan-skje var det berre skuggane som spelte meg eit puss.

Eg òg sovna. Onkel Elwood bar meg opp og i seng.Når han breidde over meg, vakna eg, og då såg eg lysapå Mattewan, sinnssjukehuset på hi sida av elva, gjen -nom vindauget, dei glitra mellom lauvet og greinenesom piska mot rutene i vinden.

Tante hadde ei gift dotter som budde i Massachusetts.Slik eg oppfatta det, delte ho tida si mellom den hei-men og vår.

Om vinteren klaga ho vedvarande og høgrøystaover at varmen som kolfyren sende opp gjennom deistøvete ristene i golvet på stova og spisestova, ikkjenådde opp til soveromma; om sommaren over at eglaga eit så frykteleg spetakkel når eg sprang opp og nedtrappene på veg ut eller inn, at ho fekk hovudverk avdet – korfor var det ikkje teppe i trappa? – og over at

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 30

Page 31: Lånt stas

måltida broren stelte i stand, var knipne og einsfor-mige – kunne han ikkje leige ei kvinne som kom ogkokte og vaska, i staden for desse dann-og-vann-avta-lane med Mrs. Dittendatten nedi vegen?

Ho klaga til bror sin, mens eg høyrde på, over at hanbrukte altfor mykje tid på den og den av soknebarna –men gudstenestene hans var ho slavisk med på og satmed ei olm mine mellom kyrkjefolket.

Stemma hennar skar ofte ut i hosteanfall. Ho røyktesigarettar, liksom i smug, pakken hadde ho i hand -arbeidsposen saman med masse tøystrimlar av bomulleller ull som ho i ein fei hekla små ryer og teppe av ifargar som minte om søle eller blod eller urin.

Handarbeidsposen hadde trehandtak og var bro-dert med eit mønster som gjorde meg uroleg. Kanskjedet var dei raude, samanfiltra løkkene i mønsteret somfekk meg til å tenkje på dei giftige mokasinslanganeonkel Elwood åtvara meg imot, og som låg på lur i sko-gane om våren.

Tante brukte ettermiddagane på å mumle til mor simens ho lente seg så langt ut av ein stol ho hadde dregeinntil rullestolen, at eg trudde han skulle velte. Ho sågut som ho var i ferd med å krype opp i fanget på dengamle dama.

Men denne posituren kom ikkje av at ho stod morsi nær, tenkjer eg no, eller av ein sort barnsleg binding.Sjølv den gongen sansa eg at det låg eit nag i måten hotrykte kroppen sin mot mor si på, som om den gamledama framleis skulle vere ansvarleg for alt som var gåttgale.

Lånt stas ferdig_A 20.01.14 10.01 Side 31