20

Lev vel, alle

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Roman av Hilde K. Kvalvaag.

Citation preview

Page 1: Lev vel, alle
Page 2: Lev vel, alle

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 220

Page 3: Lev vel, alle

Hilde K. Kvalvaag

Lev vel, alle

Roman

SamlagetOslo

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 1

Page 4: Lev vel, alle

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 38

Page 5: Lev vel, alle

Should we have stayed at home, wherever that may be?

Elizabeth Bishop: Questions of Travel,

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 3

Page 6: Lev vel, alle

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 4

Page 7: Lev vel, alle

Vancouver

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 5

Page 8: Lev vel, alle

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 6

Page 9: Lev vel, alle

På nært hald løyser ansiktet hans seg opp, er delt i ulikebitar, bleike kinn, eit tynt forsøk på bart over den fintforma munnen. Auga er gråblå, augnebryna mørke ogtydelege, det brune håret er kort, etter at ho tvinga hantil å klippe det før avreise. Han kunne vore kven somhelst. Men han er hennar son. Han er seksten år og sjumånader, men ho kan ikkje la vere å stryke han overkinnet. Han snur seg vekk i det ho rører ved den varmehuda hans.– God natt, vennen min. No må du sove.Han begynner å le.– Bra hotell du har funne, mamma. Hilton.Han ler så han ristar, og ho må le litt, ho òg.– Det er berre éi natt. Du klarer det.Latteren hans stoppar like fort som den begynte.– Har dei nett her. Eg må ha nett. No.Ho kjenner trøyttheita dirre i hårrøtene, sukkar.– Det er ikkje sikkert at det er nett her, men eg skal

høyre.Ho lukkar seg ut av rommet hans, går på toalettet på

gangen. Verken i magen dunkar når ho går gjennom densvakt belyste gangen. Ei stram lukt av piss slår mot henne.Dopapiret blir blodig når ho tørkar seg, den skitne do -skåla er full av blod. Ho drar i snora, må trekke ned fleire

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 7

Page 10: Lev vel, alle

gonger før ho får skylt vekk alt. Ho støttar seg til veggender målinga flassar av, står slik nokre sekund. På rommet hennar heng støvet tjukt i lufta. Det luk-

tar surt, og gardinene heng som filler i vindaugskar-men, vegg-til-vegg-teppet har ein ubestemmeleg fargemed mørke flekkar. Ho hadde ikkje førestilt seg at hotel-let skulle vere så grufullt. Murray Hotel? hadde taxi -sjåføren sagt. Er du sikker på at du ikkje tar feil? Bråtter det over henne: Hjartet aukar takten, klemmer motbrystkassen. Ho prøver å dytte opp vindauget, men detstår fast. Ho dyttar hardare, slår i det, men det rikkarseg ikkje.

– Unnskyld, men er det Internett på romma? spør ho.Den vesle resepsjonsdisken minner om ei hytte i dennorske fjellheimen med gammalt panel og rutete gar-diner. Mannen med dei lurvete kleda som sjekka deiinn, ser opp frå avisa gjennom ei sky av sigarettrøyk.Ansiktet hans er raudmosent, blikket uinteressert.– Nei, dessverre.Ho går ut gjennom glasdøra ved sida av resepsjo-

nen, ned den knirkande trappa. Ute på gata hiv hoetter pusten, ser bremselysa på bilane skine raudt iskumringa, skyskraparane reflektere den vilt rosa ogoransje sommarhimmelen. Ho blir ståande på fortauettil grepet i brystet berre er ein ulmande rest. Det blirbetre når dei kjem seg ut på landevegen. Dei treng friskluft, hav, natur. Han treng det. Det vil gjere han godt.Hotellet ser malplassert ut ved sida av alle dei høge

husa. Fleire av rutene i den raude murbygningen er

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 8

Page 11: Lev vel, alle

knuste og lappa med plast, vindaugskarmane er fyltemed søppel. På sida av bygget står det MURRAY HOTELmed store blokkbokstavar. Det er noko insisterandeover dei svære bokstavane, som om nokon har skrivedet med kjærleik. Her budde han i alle desse åra, olde-faren. Han sende brev heim til Noreg, til barna ogkona, frå Hornby Street, Vancouver, British Columbia.Kva skulle han her, og kvifor vende han aldri tilbake?Under hotellet lyser det frå ein kafé. Indian Takeaway,står det på døra. Knut liker indisk, det kan få han i godthumør.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 9

Page 12: Lev vel, alle

Med dampande tandoori i ein pose bankar ho på rom.– Knut, er du der. Eg har mat til deg.Han svarer ikkje, og ho bankar igjen. Bankar har-

dare, tar i døra. Den er låst. Ho tar opp mobilen, slårnummeret hans. Det ringer der inne, ring etter ring.Herregud, at han ikkje kan opne, ho orkar det ikkje.Ho går ned trappa til resepsjonisten.– Har du ein ekstranøkkel til rom ?Han legg sigaretten oppi eit overfylt oskebeger, rei-

ser seg. På den mørkeblå T-skjorta hans står det Van-couver Canucks. Ho klarer ikkje å la vere å stire på denfalma tatoveringa på armen hans av ei storbrysta hav-frue.– Du vil ha ein nøkkel til ? Den blei levert inn for

ei lita stund sidan.– Levert inn?– Ja, den er her, seier han, peiker mot nøkkelskapet

på veggen bak han.

Sengeteppet ligg i ein krøll oppå lakena, sekken hansstår uopna ved sida av. Berre hettegenseren er vekke.Ho stiller seg ved vindauget, ser ut, men det har blittmørkt. Menneska på fortauet har blitt til skuggar utan

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 10

Page 13: Lev vel, alle

ansikt. Kvar kan han vere? Kva skulle han? Han haddejo ledd, verka glad. Men mørket uroar henne. At han erder ute i dei framande gatene no når natta held på åfalle på. På himmelen glir fly lik blinkande rovfuglarover skyskraparane. Han kjem snart. Om litt er hanher. Lysflekkar dansar over veggane når trafikken i lys-krysset utanfor stoppar, ventar, køyrer. Ein stor pus-tande organisme.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 11

Page 14: Lev vel, alle

Ho tenner ein sigarett medan ho går, røyker med raskepuff. Hornby Street har få fotgjengarar så seint. Ho ser tilhøgre og venstre, framfor seg og bak seg, høyrer latterentil unge jenter i sommarkjolar, lukta av parfymen deira idet dei passerer, bilar som gir gass og speler høg musikkmed dunkande bass. Med eitt knasar det under skoahennar. Ho har trakka i glasbrot, kjenner at eit av dei setseg fast under skoen. Ho stoppar, prøver å dra det ut,men det har trengt langt inn i solen. Alle glasbrota ho harmåtta samle opp frå golvet dette halvåret. Ho ser ansiktethans for seg meir livaktig enn om han hadde stått fram-for henne. Enno, seint i puberteten, er det ein rest avbarndom igjen i han. Noko mjukt, hjelpelaust. Ho haddegått tom for moglegheiter. Etter rettssaka hadde han iso-lert seg, forsvunne inn i seg sjølv, så ho tok han med hit.Du kjem til å angre, sa han. Han sa at han kom til å lageeit helvete. Var det dette han meinte? Har han planlagt åforsvinne her? Ho skjelv på fingrane når ho tar oppmobilen, ringer nummeret hans. Ho ser namnet hans pådisplayet, ser for seg ringe lyden fylle det tomme rommetpå hotellet. Eit lite stykke ned i gata sit ein ung gut på for-tauet og tigg. Ho går bort til han, bøyer seg ned.– Har du sett ein gut med raud T-skjorte gå forbi?

Kanskje hadde han på ein svart hettegenser.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 12

Page 15: Lev vel, alle

Tiggaren vender blikket sakte opp mot henne.– Han er høg, mager, brunt kort hår … Ver så snill,

prøv å hugse om du har sett noko.Ho gir han to dollar. Han ser på myntane, seier: – Eg

veit ikkje. Ein gut?Han er kanskje ikkje meir enn , han heller. Han er

også nokons son. Knut kan ha komme tilbake no. Hosnur og går mot hotellet igjen. Tar opp mobilen, ringernummeret hans, det ringer og ringer, under skoenkjenner ho glasbrotet. Det kjem til å komme gjennomsolen om ho ikkje får det ut.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 13

Page 16: Lev vel, alle

Resepsjonisten ristar på hovudet då ho spør.– Nei, han har ikkje komme enno.Han ryddar vekk papir på resepsjonsdisken, stum-

par røyken i oskebegeret.– Set deg ned her så lenge, seier han, skyv ein stol fram

til henne. Han finn fram ei flaske øl frå under resepsjons-disken, opnar den og rekker henne. Nølande tar ho einstor slurk. Det verkar så endeleg å drikke igjen, samtidigvil ho drikke fort, drikke seg full. Ho drar ein sigarett utav pakken, ho som aldri skulle røyke igjen, lar han tenneden for henne, trekker røyken djupt ned. Når ho nårenden av sigaretten, sig ho saman, held seg for auga for åskjule tårene. Kjenner handa hans på armen sin.– Det er ikkje noko å uroe seg for.– Han er berre seksten år.– Det går bra med han, garantert. Vancouver er

trygg, bjeffar litt, men bit ikkje.Stemma hans er roleg, minner om stemmer ho

høyrde på radioen som lita. Lukta av tobakk og øldampar ut av huda hans. Han luktar som onklane hen-nar.– Eg fattar ikkje kva han skulle gå ut for no så seint

på kvelden, seier ho, tørkar vekk tårene. – Takk for ateg får sitte her. Eg veit ikkje eingong kva du heiter.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 14

Page 17: Lev vel, alle

– Eg heiter Darren.Han er ein liten mann, håret er tynt i vikene. Det

raudflekkete ansiktet røper at han drikk for mykje.– De er bra folk. Eg såg det med ein gong de kom.

Han dukkar opp snart. Ikkje ver redd. Korleis gjekk detmed romma? Er det noko de treng?– Nei, alt er fint.– Så oldefaren din budde her?Ho hadde sagt det då dei sjekka inn, at dei reiste i

oldefarens fotspor. Ho hadde vore spent på å sjå hotelletder han hadde budd alle desse åra, tenkt at ho skulle tilbotnars i historia. Men kva speler det for rolle no. Hotenner ein ny røyk, seier matt: – Ja. Han drog til Canadai , kom aldri igjen. I lange periodar budde han herpå hotellet. Han jobba som tømmerhoggar, døydde påVancouver Island i . Han reiste frå kone og seksbarn, det siste var ikkje eingong fødd då han drog.Darren reiser seg, går bort til eit bilde. Tar det ned

frå veggen og viser henne.– Dette er Murray på -talet. Då var det respek-

tabelt.På fotografiet er dei halvsirkelforma vindauga ski-

nande. På døra står det Murray Hotel med runde,nytrykte bokstavar. Ho kubbar røyken, glørne freser ioskebegeret, ser på mobilen igjen. Klokka er ..– Han kjem ikkje. Han er forsvunnen, utbryt ho. – Eg

må ringe politiet.– Nei, vent. Dei gjer ingenting enno uansett. Kan-

skje har han gått feil når han skulle tilbake hit. Ny by,veit du, framande gater.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 15

Page 18: Lev vel, alle

– Eg skulle ønske at du hadde rett, men han er i dår-leg form. Har vore det lenge.Det går i ytterdøra. Så steg i trappa. Tause ser dei mot

trappeavsatsen. Ein ung gut kjem opp trappa, går forbimed eit sløvt nikk. Ho skjuler ansiktet i hendene igjen.Darren reiser seg, finn fram to flasker til med øl,

opnar, rekker henne den eine. Ho drikk fort, ho må utog leite, men ho blir sittande.– Har du barn? spør ho.– Ja. Eg har ei dotter. Ho bur på den andre sida av

Canada.– Ein trur at alt skal bli bra om ein får eit barn, seier

ho. – At ein aldri meir skal bli aleine. Eg ønskte meg såveldig barn, heilt frå eg var ung. Ein gong heldt eg eibabyape i handa ein heil dag. Det var på Bali. Nokonhadde fanga den i skogen, tatt den frå mora. Den skalv.Eg sat i skuggen med apa, kunne ikkje forlate den,kunne kjenne apehjartet banke i den vesle brystkassen.Den heldt hardt rundt fingeren min, ville ikkje sleppe.Eg ville adoptere den, ta den med til Noreg. Herregud,så naiv eg var. Eg kan enno sjå for meg dei brune småapefingrane, det desperate blikket. Apa var fortapt, tru-leg døydde den rett etterpå, av sorg.Ho drikk resten av ølet, kjenner det suse i hovudet,

høyrer ei kyrkjeklokke i nærleiken slå eitt einaste slag.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 16

Page 19: Lev vel, alle

Glasbiten under skoen skrapar mot fortauet då hospring frå kafé til kafé, ser etter ansiktet hans i mengda.Ho møter blikket til ein mann gjennom eit kafévind -auge, han er på hennar alder, sit aleine med ein ølframfor seg. Skuggen hennar veks og minkar i lyset frågatelampene medan ho spring. Når den er på det kort-aste, liknar den skuggen til ei dokke. Ho passerer einpark, lukta av blomstrar gir henne lyst til å grine. Guletaxiar rullar forbi, og ho løftar handa, stoppar ein bil,set seg andpusten inn i baksetet.– Eg leitar etter sonen min. Han har forsvunne, frå

Murray Hotel. Køyr rundt i Hornby Street og tverrga-tene, er du snill.– Kor gammal er sonen din? spør sjåføren på ge -

brokkent engelsk. Frå bilradioen strøymer arabisk pop-musikk, lufta er stinn av parfymen hans.– Han er .– Bruker han stoff? For då er det nokre gater det kan

tenkast at han har gått til.– Gud, nei. Det er ikkje noko sånt. Berre køyr.Taxisjåføren set i gang taksameteret og gir gass. Var-

men i taxien legg seg rundt henne medan dei køyrergjennom gatene. Ho studerer menneska som går gate-langs, held pusten kvar gong ho ser nokon som liknar.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 17

Page 20: Lev vel, alle

Dei raude tala på taksameteret lyser som eld i mørketdå ho får ei melding. Ho held pusten, opnar den. Deter frå mora hennar. Er de vel framme?– Kvar vil du eg skal køyre? spør sjåføren.– Berre køyr. Køyr til vi finn han.

Lev vel alle ferdig_A 18.08.15 09:58 Side 18