12
Side 1 Masordingen Meldingsblad for Masorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn Masordingen Nr.3 - 2014 Desember Julesalme av Eyvind Skeie Til jul for eit år sidan, kunne vi fortelje at vi var i ferd med å få ny salmebok i kyrkjene våre. No har den vore i bruk i snart eit år, og har lyst å presentere ei av dei nye julesalmane vi finn der. Salmen står på nr 71, og det er Eyvind Skeie som, fritt etter eit polsk motiv, har skrive teksten, til ein polsk folketone. Her er salmen – «Røster frå himlen bryter nattens fred» Røster fra himlen bryter nattens fred. Gjeterne finner Jesu fødested. /: Under stjerner barnet hviler, griper krybbens strå og smiler. Det er julenatt. :/ Kom, la oss følge englers glade bud! Tilbe den lille, kalle ham vår Gud. /: Jordens folk skal juble sammen, himlens engler rope amen. Frelseren er født. :/ Barn, du som kjente Paradisets vår, deg har vi ventet mer enn tusen år. /: Konger og profeter så deg, alle slekter håpet på deg. Du er født i dag. :/ Syng, engleskarer, i det store kor! Syng, du Guds kirke, overalt på jord! /: Han som troner i det høye, og til jorden lot seg bøye, er i brød og vin. :/ Julesalme Gud sin eigen son oss gav, no ved juletide. Difor går eit lovsongshav over verda vide. Difor frå det høge kor, lyder det her nede: Gjeva er di sak på jord. Gjev og gjev med glede. Gjev til Gud så hjarta ditt. Finn det sikre feste. Gjev til alle, du er kvitt: Gjev dei av det beste. Gjev til du vert tom og arm, inkje skal du missa. Gjev til du vert rik og varm. Rikare er vissa. Frå bokmål v/ Jon Hope Velkomen til Julekonsertane 2014 Tid og stad : Sandnes kyrkje laurdag 13.desember kl. 18.30 Solheim kyrkje søndag 14.desember kl. 15.00 Frøyset kyrkje søndag 14.desember kl. 18.00

Masfjordingen nr. 3/2014

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 1

MasfjordingenMeldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn

Masfjordingen Nr.3 - 2014Desember

Julesalme av Eyvind Skeie

Til jul for eit år sidan, kunne vi fortelje at vi var i ferd med å få ny salmebok i kyrkjene våre. No har den vore i bruk i snart eit år, og har lyst å presentere ei av dei nye julesalmane vi finn der. Salmen står på nr 71, og det er Eyvind Skeie som, fritt etter eit polsk motiv, har skrive teksten, til ein polsk folketone. Her er salmen – «Røster frå himlen bryter nattens fred»

Røster fra himlen bryter nattens fred. Gjeterne finner Jesu fødested. /: Under stjerner barnet hviler, griper krybbens strå og smiler. Det er julenatt. :/

Kom, la oss følge englers glade bud! Tilbe den lille, kalle ham vår Gud. /: Jordens folk skal juble sammen, himlens engler rope amen. Frelseren er født. :/

Barn, du som kjente Paradisets vår, deg har vi ventet mer enn tusen år. /: Konger og profeter så deg, alle slekter håpet på deg. Du er født i dag. :/

Syng, engleskarer, i det store kor! Syng, du Guds kirke, overalt på jord! /: Han som troner i det høye, og til jorden lot seg bøye, er i brød og vin. :/

JulesalmeGud sin eigen son oss gav, no ved juletide.Difor går eit lovsongshav over verda vide.Difor frå det høge kor, lyder det her nede:Gjeva er di sak på jord. Gjev og gjev med glede.

Gjev til Gud så hjarta ditt. Finn det sikre feste.Gjev til alle, du er kvitt: Gjev dei av det beste.Gjev til du vert tom og arm, inkje skal du missa.Gjev til du vert rik og varm. Rikare er vissa.

Frå bokmål v/ Jon Hope

Velkomen tilJulekonsertane 2014Tid og stad :

Sandnes kyrkje laurdag 13.desember kl. 18.30

Solheim kyrkje søndag 14.desember kl. 15.00

Frøyset kyrkje søndag 14.desember kl. 18.00

Page 2: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 2

GudstenesterSjå også www.masfjorden.kyrkja.no

7.des. 2.søndag i adventstida. 1 Kor 15,50-57

Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer til Bergen Søndagsskulekrins. Søndagsskule under gudstenesta. (Kyrkjeskyss)

21.des. 3.søndag i adventstida. Luk 1,39-45

Granneheimen 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Familie og Medier.

24.des. Julaftan. Luk 2,1-20Frøyset kyrkje 14.00: Julegudsteneste

v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Misjonsprosjektet i Mukdahan, Thailand (NMS).

Solheim kyrkje 16.15: Julegudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Misjonsprosjektet i Mukdahan, Thailand (NMS).

25.des. Juledag. Joh 1,1-14Sandnes kyrkje 12.00:

Høgtidsgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til Misjonsprosjektet i Mukdahan, Thailand (NMS).

26.des. 2.juledag. Joh 1,1-14Solheim kyrkje 11.00:

Høgtidsgudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer til Fjon Fjellkyrkje.

4.jan. Kristi openberringsdag. Luk 2,40–52

Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer. (Kyrkjeskyss)

11.jan. 2.søndag i openberringstida. Mark 1,3–11

Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer. (Kyrkjeskyss)

18.jan. 3.søndag i openberringstida.

Ef 6,10-18Solheim kyrkje 11.00: Misjons-

og familiegudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til misjonsprosjektet i Mukdahan, Thailand. (Kyrkjeskyss)

1.febr. Såmannssøndagen. Mark 4,26–34Frøyset kyrkje 11.00: Misjons- og

familiegudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til misjonsprosjektet i Mukdahan, Thailand. (Kyrkjeskyss)

15.febr. Fastelavnssøndag . Joh 12,20–33Sandnes kyrkje 11.00: Misjons-

og familiegudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til misjonsprosjektet i Mukdahan, Thailand. (Kyrkjeskyss)

22.febr. 1.søndag i fastetida. Matt 16,21–23

Solheim kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer. (Kyrkjeskyss)

Granneheimen 17.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer.

8.mars 3.søndag i fastetida. Mark 9,17–29

Fjon Fjellkyrkje 12.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. I samband med konfirmantleir. Takkoffer til Fjon Fjellkyrkje

15.mars 4.søndag i fastetida. Joh 3,11–16Frøyset kyrkje 11.00: Gudsteneste

v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer. (Kyrkjeskyss.)

Solheim kyrkje 16.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til fasteinnsamlinga/Kirkens nødhjelp.

22.mars Maria bodskapsdag. Luk 1,46–55

Sandnes kyrkje 11.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Nattverd. Takkoffer. (Kyrkjeskyss.)

Frøyset kyrkje 16.00: Gudsteneste v/ Knut Fr. Sørheim. Takkoffer til fasteinnsamlinga/Kirkens nødhjelp.

KyrkjeskyssNår ei gudsteneste i lista er

merka med ’(Kyrkjeskyss)’, er det mogeleg å tinga skyss. For å tinga skyss, må ein seinast (laur)dagen før ringa tlf som er oppgjeven for kvart sokn. Prisen er kr 50,- tur/retur.

Sandnes sokn: Ring Harald Mjanger Tlf 56 36 55 49 / 478 88 857 eller Magne Andvik Tlf 56 36 51 13 / 908 97 721

Solheim sokn: Ring Lise Dyrhovden Tlf 56 36 72 57

Frøyset kyrkje: Ring Harald / Olga Birkeland Tlf 56 36 71 10.

Døypte :08.06 William Sverre Ynnesdal Mona Karin Ynnesdal og Kjell Åge Ynnesdal Fadrar: June-Iren Sleire-Ynnesdal, Snorre Folke Karlsen

17.08 Sandra Strand Andvik Lillian Andvik og Jon Kjetil Strand Fadrar: Kristin Andvik, Siri Andvik, Katrine

Skjelanger Kvinge, Petra Bolset

17.08 Oline Krossøy (Døypt i Haus kyrkje) Hilde Sofie Krossøy og Tom Krossøy Fadrar: Mariann Fløtre, Nutinee Håland,

Christian Krossøy, Per Marcus Pedersen

17.08 Oskar Krossøy (Døypt i Haus kyrkje) Hilde Sofie Krossøy og Tom Krossøy Fadrar: Katrine Birkeland, Nicolai Krossøy,

Alexander Krossøy, Tore Rosnes

14.09 Sivert Steinestø Stusdal Randi Steinestø og Håvard Prestnes Stusdal Fadrar: Ida Duesund, Natalie Kjetland, Marit

Steinestø, Audun Stusdal, Anders Stusdal

14.09 Emil Hindenes Haugsvær Kristine Hindenes og Andreas Solheim Haugsvær Fadrar: Frida Solheim Haugsvær og Ingvild Hindenes

Page 3: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 3

Fredsministeren«For eit barn er oss fødd. …. Han

har fått namnet .. Fredsfyrste» ( Jes 9,6)Kvar gong det kjem ei ny regjering,

så lurer folk på kor mange ministrar og departement det vert. Kva med ein fredsminister? Er ikkje fred like viktig som jordbruk, fiske og kultur?

I Jesaja 9,6 står det eit ord som elles ikkje finst i Bibelen. Fredsfyrste. Ordet vart truleg laga av Luther, for i Luther-bibelen av 1545 står ordet Friedefürst. Og så kom ordet etter kvart inn i dansk-norske omsetjingar. Fyrste var ein alminneleg tittel i Tyskland på Luther si tid. Men er eit noko framandt ord i det norske samfunnet i 2014. Det hebraiske ordet som står i Jes 9,6 tyder leiar, sjef, høvding, og det er i dette verset knytt til eit anna ord som betyr fred. Så ein kunne kanskje i moderne norsk omsetjing nytta «fredsminister».

Vi vil nok tenke at ein fredsminister må vere ein person med lang og brei erfaring og med doktorgrad i konflikthandsaming. For det å skape fred kan vere ei usedvanleg krevjande utfordring anten det er i heimen, i lokalsamfunnet, i kyrkja eller i den store verda.

Det overraskande i Jes 9 er at fredsministeren skal vere eit barn. Ikkje eit barn som skal vekse opp og etter lange studiar gjere seg kvalifisert til å verte valt til fredsminister. Nei, han skal vere fredsminister frå fødselen av. Som ein arveprins er berar av det kongelege frå fødselen av, er fredsministeren frå opphavet av berar av freden. Fredsarbeid

er ikkje noko han kvalifiserer seg til. Han er eitt med freden i heile sitt vesen

«Ære vere Gud i det høgste og fred på jorda», song englane på Betlehemsmarkene. Dette var ikkje eit godt juleønskje om noko som kanskje kunne kome til å skje i dei neste åra. Det var ei melding om at freden alt var komen til jorda. Freden kom med barnet.

For ein del år sidan snakka eg med ein gamal mann som var dårleg til mote. «Når eg tenkjer attende på livet», sa han, «så er det så mangt som eg angrar på. Det er så vanskeleg å finne fred». Eg kunne seie til han at det er ikkje umogleg for noko menneske å finne fred. Jesus er komen med fred. Han er fredsministeren som har fred som sitt program. Men han er ingen diktator som tvingar folk til fred med makt. Han kom som eit barn. Freden vert teken i mot som ei gåve. Ei gåve som kan gjevast av eit barn. «For eit barn er oss fødd. …. Han har fått namnet .. Fredsfyrste»

Det er vanskeleg å vinne freden med våpen, og fredsdiplomati gjennom forhandlingar er serdeles krevjande. Rettssaker skaper ofte ikkje ro, men gjerne meir strid. Gudsbarnet som vart fødd til jord, kom med ein alternativ veg til fred. Ein veg gjennom det å oppgje sin eigen kamp, ta imot Guds gåve og gjennom det å gje medmenneske ei utstrakt og forsonande hand.

Jesus sa sjølv: «Fred etterlet eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det.» ( Joh 14,27), og «Sæle er dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born» (Matt 5,9).

Kva er julefred? Er det nysnø og juleferie, varme frå peisen og duft av granbar og pinnekjøt i huset? Den kristne julefreden går djupare. Fredsministeren viser oss ein veg til fred med Gud og til fred med dei medmenneska som vi vore i strid med.

Med ynskje om ei god og fredfull julehøgtid.

Geir Sørebø prost

05.10 Emil August Reknes Larsen Anne Merethe Reknes og Odd-Gunnar Heggernes Larsen Fadrar: Mary-Ann Heggernes Larsen, Kolbjørn Reknes

19.10 Vegard Kjetland Silje Vågseth Kjetland og Åsmund Kjetland Fadrar: Ingebjørg Kjetland, Laila Vågseth,

Bente Matre, Stian Tverberg

16.11 Eliane Haukeland Nystrand Sissel Haukeland og Endre Tynning Nystrand Fadrar: Susanne Daae Børnes, Trude

Tynning Nystrand, Bergit Ynnesdal

30.11 Thomas Totland Rong Roger Rong og Silje Totland Fadrar: Yvonne Rong, Leif Rune Rong,

Elin Totland, Kristin Møvik

Saman med kyrkjelyden vår og heile kyrkja har de fått del i eit heilagt ansvar: Å visa omsorg for borna, be for dei, læra dei sjølve å be og hjelpa dei å bruka Guds ord og delta i den heilage nattverden, så dei kan leva og veksa i den kristne trua.

Page 4: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 4

Avlidne :27.06 Ingeborg K. Døssland .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1923

30.06 Arne Birger Haugsdal .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1938

10.07 Ragnhild Haugsdal .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1925

22.08 Annlaug Skuggedal .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1949

23.08 Kåre Ynnesdal .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1942

29.08 Torger Molland .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1924

07.11 Inger Johanna Nordland. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1934

10.11 Olav A Kvinge. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .. .f.1927

Eg er oppstoda og livet, seier Herren. Den som trur på meg, skal leva om han så døyr. Og kvar den som trur på meg, skal i all æva ikkje døy.

Glimt frå barneforeiningsarbeidet på SandnesOnsdag 26.november var det

barneforening i kyrkjelydssalen på Sandnes, slik som de plar vera annankvar onsdag. Dette var siste barneforeininga før adventtida begynner. No er det berre ei barneforeining att før jul. Me nytta denne anledninga til å snakka litt saman om advent og jul. Mange visste at det no nærmar seg adventstid og at søndag 30.november er første søndag i advent. Då tenner me eit lys og det er berre 4 veker att til jul. Det var også klart at det er 4 søndagar i adventstida og at me skal tenna 4 lys før det vert jul.

Kvifor har me så advent? Borna hadde klare tankar om at adventstida er ei ventetid der me skal førebu oss til jul. Me snakka ein del om at det me skal forbereda oss til og tenkja mykje på i adventstida er at Jesus kjem til jorda og vert født som eit lite barn.

Neste spørsmål er om borna kan nokon adventssongar og det kan dei. Dei kan "Tenn lys" og "Adventlysa".

Julepakker høyrer også med når jula nærmar seg og nokon har allereie

begynt på julehandelen. Det kan ikkje røpast kva som er inni pakkene, i allefall ikkje når pappaen sit lenger bak i kyrkja. Det var enighet om at det er kjekt å kjøpa pakker til andre, men det er aller kjekkast å få pakker. Det var mange forskjellige ønske kva som skal vera inni pakkene. Det er monopol, regnfrakk,, doktorting, tegnesaker, legofriends, legocity, prosjektor eller trylleting.

Kvifor har me så jul og julepakker? Jau, det veit borna og. Me har jul fordi Jesus vart født, og det er hans bursdag me feirar når det er jul. Mange kan allereie julesongar og. Det er songen om Julebestemora ( Julekveldsvisa), Jul på Sandnes, En stjerne skinner i natt, Nå har vi vaska golvet og På låven sitter nissen. Så gled me oss til jul og til neste barneforeining. Neste barneforeining vert ei julebarneforeining.

Frivilligsentralen i Masfjorden når du på tlf. 56 16 62 62 / 950 41037Dagleg leiar: Gunvor FyllingsnesAdressa er: Frivilligsentralen i Masfjorden, 5981 Masfjordneseller e-post: [email protected]

Ny kyrkje i KnarvikKnarvik har fått ny kyrkje som var vigsla

30.november, 1.søndag i advent. Vi gratulerer og ynskjer Guds rike velsigning over kyrkja

og gudstenester og arbeidet som skal ha sin plass der.

Page 5: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 5

Helsing frå ThailandBåde Sandnes, Solheim

og Frøyset sokn gjev stadig støtte til misjons- og kyrkjelydsarbeidet som skjer i Mukdahan i Thailand – mellom anna gjennom kyrkjeofringar i julehøgtida. Støtten vår går spesielt til prosjektet som har som mål å bygge opp og ruste ut lokalt leiarskap. Dette er eit prosjekt og eit arbeid som i

høgste grad har gjeve resultat. Leiaren for prosjektet no heiter Onchan Phuyafa er sjølv thai og prest i Phibun kyrkjelyd, og leiar av distrikt 4 av Den evangelisk-lutherske kyrkja i Thailand. Han har på nettsida http://disippeloppdrag.blogspot.no/ skrive denne helsinga til alle som støttar prosjektet:

Der skjer ting i Thailand:

No arrangerer ungdom sjølv leirarFrå nettsida http://

disippeloppdrag.blogspot.no/Ved starten av året tok planlegginga

av den første leiren til, Go On, som skulle bli arrangert i april. Det var fleire møte i løpet av februar og mars, blant anna i Fahuan. Go On, som er ein leir for ungdomsleiarar, og som er en førebuing til den store leiren Impuls i oktober kvart år, samla litt over 60 ungdomar i år. Her er bilde frå leiren:

Menighetene i distrikt 4 har opplevd store forandringer etter at lekmannsprosjektet startet. Mange er blitt døpt og flere leke ledere tjener i lokale kirker. Nye medlemmer kommer til kirkene. Menighetene i distrikt 4 ønsker å takke alle som bidrar til støtte og forbønn. Gud velsigne deg og menigheten. Vi vil be for dere, og er takknemlig for deres forbønn.

Endringar i kyrkjestabenI løpet av vel det siste halvåret har det skjedd fleire endringar i kyrkjestaben.

Organisten i permisjon.I slutten av mai fekk organisten vår,

Anne Merethe Reknes, sitt tredje barn, og har sidan då vore i omsorgspermisjon. Vi var heldige, og fekk ja frå Johannes Lyngset til å gå inne i størstedelen av stillinga (50 av 70%). Han er til dagleg lærar ved Nordhordland Folkehøgskule, men hadde planlagt å gå ned til 50% undervisning dette året, og har først og fremst teke på seg å spele til gudstenester og andaktane ved Sjukeheimen. I tillegg har Ann Jorun Hopen frå Bergen lova å vere til disposisjon for gravferder.

Barne- og ungdomsarbeidaren slutta.

Marit Nesse som har farta litt rundt i fjorden sist året, har sagt seg opp i stillinga som barne- og ungdomsarbeidar hos oss. Grunnen

er at ho ynskjer å satse for fullt på firmaet sitt, ‘Edel Formidling’. Vi ynskjer Marit lukke til med arbeidet i ‘Edel Formidling’. (Kva det handlar om, kan du f.eks. lese litt om på nettsida hennar, edelformidling.no.

Vi fekk då ein 30% stilling ledig. Det er ikkje alltid enkelt å få nokon i ei så lita stilling når det nesten berre er arbeid på kveld og i helgar. Men vi har no fått på plass to ungdomar som deler stillinga. Ei av dei, Siri Bernssen, er med på Fredagsklubb og FemPluss, den andre, Jeanette Brakvatne, er på Haugsvær Yngres og Tenklubben. Siri og Jeanette er på plass gjennom ein samarbeidsavtale med Nordhordland Indermisjon. Vi trur at dette er ei god ordning som vil fungerbra for oss i Masfjorden. Vi seier takk til Marit, og velkomen til Siri og Jeanette.

Diakoni- og undervisningsleiaren i AFP

- eller betre kjent berre som Gunvor. Ja, etter nær tretti år tilsett i ei stilling som sidan ho tok til i den midt på åtti-talet, har skifta både karakter og tittel, er Gunvor Fyllingsnes på veg inn i 70% AFP, og reknar også med å gå heilt over pensjonisttilvære om ikkje lenge. Det er ei svært omfattande teneste ho har utført gjennom desse åra, ei teneste vi har stor grunn til å vere svært takksame for, og vil nok kome tilbake til dette når vi er over i året som kjem. Stillinga som diakoni- og undervisningsleiar (som også omfattar stillinga som dagleg leiar i Frivilligsentralen med 20%), blir i desse dagar lyst ledig – heile eller delstilling, og det er med stor spenning vi håper at nokon vil fatte interesse for dette arbeidet som serleg gjeld ansvar for å legge til rette og leie den kyrkjelege trusopplæringa – eit arbeid som soknene akkurat no er i ferd med å vedta dei nye planane for.

Page 6: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 6

«Menneske treng menneske»Denne høsten

er me 3 damer i kommunen som har fått tildelt ei ny rolle. Ei i kvar del av kommunen vår. Me skal koordinere frivillighetsarbeid som forebyggjande tiltak. Dette er ein del av satsinga i tråd med samhandlingsreformen: Frivillighetssatsing som forebygging i eldreomsorgen. Målet er å få gode møteplasser for våre sambygdinger, som ikkje lenger er i aktivt arbeidsliv. Andre er og velkomne innom for ein prat. Ein møteplass der ein kan ha samvær med andre. Denne møteplassen ønsker me å drive saman med primært helselaga. Me ønsker også velkomment samarbeid med andre frivillige organisasjoner, bedrifter og personer i kommunen.

Me arbeider for at møteplassen skal vera ein arena der ei kjenner tilhørigheit med andre. Der ein kan ha gode samtaler, mimre og skape

nye minner i kvardagen. No er det eit tilbod om ein slik møteplass kvar 14 dag i alle delar av kommunen. Dette er i samarbeid med helselaga og frivillige. Dei tilbakemeldingane me får om verdien i desse treffa er utelukkande positive. Dei som deltar koser seg og praten går flittig.

Me treng fleire frivillige. Dette skal ikkje vere ein erstatning for manglande politiske beslutningar og økonomisk sparetiltak.

Dette skal vere eit tillegg til det offentlege ansvaret.

Me ønsker i denne sammenheng å framsnakke helselaga under «Nasjonalforeningen for folkehelsa sine helselag» som viktige i forebyggjande sammenheng. Ein sterk lokal forankring av helselaga treng me etter vår meining. Dei bidrar på mange ulike arenaer og gir midler til aktivitetsfremmande tiltak for både små og store. Dessverre slit helselaga med rekruttering som mange andre lag og organisasjoner. Me oppfordrar både yngre og eldre krefter til å spandere litt nysgjerrighet på kva helselagsarbeid egentlig er. Er det noko for deg? Er det noko du brenn for og kunne tenke deg å drive med ? Er det greit å miste den type organisasjon i bygda grunna rekrutteringsmangel? Kva verdier mister me då ? Me opplever helselaga som gode samarbeidspartnere med gode fellesverdier.

Frivilligheit handler om å hjelpe kvarandre til å leve eit godt liv. Alt er ikkje målbart og skal heller ikkje vere det. Å måle kvaliteten på ein relasjon og verdien av den, lar seg vanskelig gjere. Gjennom frivillig arbeid skaper me eit felleskap der me løfter i flokk og denne dugnaden skaper ei kraft i vårt samfunn.

Det ligg i ordet frivillig det å være fri og villig til innsats. Alle kan være frivillig. Alle kan ikkje gjere like mykje men alle kan gjere

Page 7: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 7

Reduksjon av prestetenesta i kommunen?I ein kort notis om at Knut Sørheim sluttar som

prest i Masfjorden til sommaren, vart det også nemnt at bispedømet frå då av truleg vil gå inn for ein reduksjon av prestetenesta i Solund, Gulen og Masfjorden, og sjå prestetenesta i desse tre kommunane under eitt.

Det er no klårt at dette kan bli ein realitet. Fellesråda og sokneråda i desse kommunane fekk siste veka i november brev frå bispedømeleiinga at ein der vil gå inn for reduksjon av prestetenesta frå 300% til 200%, og at den overskytande delen skal gå til styrking av prestetenesta i sør, serleg Meland.

Brevet er sendt til høyring, med ein høyringsfrist til 2.februar, og med avgjerd i bispedømerådet 2.mars.

Det er no opp til sokneråd, fellesråd og alle som vil engasjere seg i saka – inkludert kommuneleiinga – kome med innspill og framlegg i saka.

I brevet frå bispedømet blir det altså gjort framlegg om reduksjon med ein tredel av den ressursen ein har i dag. Men leiinga har tydelegvis eit stykke på veg høyrt på det som har vore sagt om denne saka til no, og tek høgde for at dersom ein verkeleg skal gjere eit slikt inngrep, kan der vere ulike måtar å gjere det på, og har teke med fire ulike modellar – i tillegg til at dei er opne for eventuelle andre løysingsforslag.

Og dette er dei fire alternativa frå bispedømet: • Den eine av dei tre stillingane som er der no, vert

trekt inn og overført til Meland. Dette kan gjerast ved vakanse i stilling, det skjer sommaren 2015.

• re prestar skal arbeida i sokna i desse kommunane, til saman i 200% stilling. Dei må då også gjera

teneste i andre sokn i prostiet. Det er prosten sitt ansvar å fordela ressursane på best mogeleg måte.

• Dersom Mo sokn (Modalen) går til Hardanger og Voss prosti, eit samarbeid med Vaksdal eksisterer allereie på ein del område, kan omfordeling i Nordhordland vert enklare ved at soknepresten i Ostereidet og Vike sokn også vert ansvarleg for Sandnes sokn. Då kan presten i Solund også ha ansvaret for Brekke sokn og presten i Gulen ha sokna Frøyset og Solheim i Masfjorden i tillegg til Gulen og Mjømna sokn.

• Dei tre kommunane beheld tre prestar i kvar sin 100% stilling, men berre 200% av kostnadene med dette vert betalt av Bjørgvin bispedøme. Resten, til saman 100% stilling + andre kostnader, må sokna i kommunane henta frå andre stader. Det kan t.d. vera trusopplæringsmidlar, innsamla midlar eller auka overføringar frå kommunane.

Så langt Bispedømet sitt brev. Det er klart at uansett vil ein slik reduksjon få tydelege følgjer uansett. Til dømes er det slik alt i dag at når ein ikkje kan setje inn ordinær vikar dei søndagane presten skal ha frihelg – kvar fjerde søndag – og ein skal redusere stillinga med ein tredel, så vil talet på gudstenester gå ytterlegare ned, altså ei gudsteneste annankvar søndag fordelt på tre kyrkjer. Det blir ei utfordring som vil krevje at fleire let seg engasjere og tek ansvar om ein vidare framover skal halde oppe eit så levedyktig kyrkjelydsliv som mogeleg.

litt. Det handler ikkje nødvendigvis om å ta dei tyngste taka, dei største verva eller vere mest effektiv. Du er med på det du syns passer deg og når det passer deg. Og du tar fri frå det frivillige når det passer deg. Å være med å skape kan gi eigen indre vekst, tenk på det

Me ønsker alle velkomne både deltakere og frivillige.

AktivitetsoversiktIkkje alle aktivitetene herunder er drevet i denne

regien men me tar med dei tilboda me veit om.Onsdagsturer i regi av Den Norske Turistforeningen,

fordelt over heile kommunen. Informasjon om tid og sted finnes i egne brosjyrer for DNT.

IndrefjordenOnsdager i partallsveker: Vaksenkafè

kl.11.00 – 14.00 Kafètreff på helselagsstova på Haugsværtunet kl.11 - 14.00.

Torsdag: Seniordans kl.17-19.00.Første fredag kvar måned : Pensjonistmøte.

Sørsida Andre mandag i måneden. Kl. 17.00 – 19.00.

Bok- og strikkekafè på biblioteket v/Sandnes skule.Tirsdag : Seniordans kl. 17.00 – 19.00.

Onsdag ein gong i måneden. Føremiddagstreff Nord-Kvingo/Sandnes kl.11 – 13.30.

Onsdag ein gong i måneden. Seniortreff på Sandnes kafèen kl. 11.00 – 14.30.

Nordbygda Tirsdager i oddetallsveker. Tirsdagstreff

kl. 11 – 14.00 på Sleire grendahus.Andre tysdag i månaden. Bok- og strikkekafè kl.

17.00 – 19.00 på biblioteket v/Nordbygda skule.Onsdag ein gong i måneden: Kafè på sjukeheimen.Skjer det andre aktivitet i bygdene som de meiner

me burde vite om så ta gjerne kontakt med oss.

Me er tilgjengelige for innspel, ta gjerne kontakt. Om du ønsker å delta i aktiviteter men møter utfordringer for å få det til så ta gjerne kontakt med oss.

Frivillighetskoordinatorer Masfjorden kommune.

Indrefjorden: Torill Storsæter tlf.nr. 90 58 26 98

Sørsida : Jorunn Færevaag tlf.nr. 99 47 88 93

Nordbygda . Laila Haukeland tlf.nr. 41 04 73 26

Page 8: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 8

Glimt frå grunnlovsjubileumsmarkeringa i MasfjordenMasfjorden kommune markerte grunnlovs-

jubiléet med tre høgst ulike tilskipingar i kvar del av kommunen. Men om tilskipingane var

svært ulike, hadde dei det til felles at dei var svært vellukka, og at dei kvar på sitt vis gjorde markeringa til ei verdig hending.

Markeringa på Sandnes : Måndagskonsert med noko attåt

Sandnes skulemusikk har i fleire år hatt måndagskonsert for foreldre og bygdefolk etter at dei har vore utanbygds og spelt konkurranse i helga. Slik også denne måndagen.

Korpset kom att frå Mangerfestivalen med famnen full av pokalar. Men måndagskonserten var denne gongen utvida til å vera del av Masfjorden kommune si markering av grunnlovsjubileet.

Korpset spelte programmet dei hadde framført på Manger laurdag, solist etter solist steig fram og gjorde sine ting, og som publikummar og medarrangør sit ein og kjenner at dette var ein rett måte å feira jubileet på. Ei gruppe unge framstormande aspirantar spelar så nokon kvar kjenner ei tåre i augnekroken.

Korps, 17. mai og Grunnlova høyrer saman. Korpsrørsla var ein del av nasjonsbygginga. Korpsforkjempar Vibeke Valestrand delte tankar og røynsler frå si tid som musikant, korpsmor og korpsleiar lokalt og regionalt og sette korpsrørsla inn i ein nasjonal samanheng. Det er t.d berre knapt 60 år sidan jenter fekk bli med og spela i korps, og kven er det no som i stor grad er dei berande i skulekorpsa rundt i Noregs land?

Men alt dreia seg ikkje om korps denne kvelden. Pianist Frode Skag Storheim akkompagnerte solistane slik han òg gjorde på Manger og let oss i tillegg få høyra noko av det norskaste som finst: Lyriske stykker av Edvard Grieg.

Aspirantane i korpset er 8-9 år gamle. Seniordansarane som slapp til etter matpausen har naturleg nok ein noko høgare snittalder. Fleire av dei var korpsforeldre den gongen Sandnes skulemusikk vart. starta og har brukt atskillige timar på sying av uniformer og anna dugnadsarbeid for korpset. Men mjuke og ledige er dei, og dansegleda har dei i rikt mon enno.

Skulemusikforeldra varta opp med jubileumskaker pynta i raudt, kvitt og blått. Dei hadde pynta og laga til i salen, dei bar stolar,dei selde kaker og kaffi. Nok ei understreking av kor viktige foreldra er i arbeidet med korpset og i kulturlivet i det heile. «Det er typisk norsk å vera god», sa landsmoder Gro ein gong. Det mest typisk norske er kanskje alt dugnadsarbeidet som blir lagt ned for å halda kulturlivet i gang i dei tusen små og store lokalsamfunn. Og tenkjer ein i dei baner, var den utvida måndagskonserten ei fin markering av ånda i Grunnlova.

Så vart kvelden avslutta med at ei korg med «smaken av Masfjorden» trekt ut på inngangsbilletten. I korga låg det ulike produkt frå Masfjorden, både av åndeleg og fysisk art. Liknande korger skal trekkast på dei to andre arrangementa denne veka, på Matre onsdag og på Hosteland fredag. Grunnlovsjubileet i Masfjorden er i gang.

Tekst: Alf Strand Foto: Tove Kristin Sleire Tistel

Page 9: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 9

Markeringa på Matre : Dei verste åra i norsk historie

Statsarkivar Yngve Nedrebø fanga alle tilhøyrarane då han onsdag kveld heldt føredrag om «Strilane og 1814». Dette var ein del av Masfjorden kommune si markering av grunnlovsjubileet.

Statsarkivar Yngve Nedrebø fanga alle tilhøyrarane då han onsdag kveld heldt føredrag om «Strilane og 1814». Dette var ein del av Masfjorden kommune si markering av grunnlovsjubileet.

Krigsåra 1807-14 var også uår med kaldt og surt ver, dårlege

avlingar og borkebrødstider. Særleg var 1812 eit hardt år, og statistikken viser at det i fleire av desse naudsåra døydde fleire personar enn det som vart fødde. Folketalet gjekk med andre ord ned pga svolt og sjukdom. For folk flest var desse åra verre enn okkupasjonsåra 1940-45.

Den vanlege mann var meir oppteken av kampen for det daglege brød enn kva som gjekk føre seg på Eidsvoll. Gjennom små episodar frå historiske dokument gav Nedrebø oss smakebitar på strilane sin kamp for tilveret gjennom desse åra, ein kamp som toppa seg med det han kalla den andre strilekrigen. Då fekk strilane kjempa gjennom maksimalprisar på korn og ein heil del andre varer dei måtte kjøpa gjennom handelsmenn i Bergen.

I ettertid merka ein ikkje mykje til at embetsmennene med Christi i spissen hadde vore med på å vedta grunnlova, hevda Nedrebø. Dei framsynte ideane frå Eidsvoll i vårdagane 1814 forsvann som dogg for sol då utsendingane kom tilbake til kvardagen. Då dømde dei etter Christian den femtes lov som før! Ytringsfridomen var berre ein paragraf i Grunnlova,

og stemmeretten som vart innført, har vist seg å gjelda berre mellom 2 og 3 % av den norske befolkninga i mange år etter 1814.

Før Nedrebø heldt sitt føredrag var 1.- 5. klasse på Matre skule i elden med ein del norske songar dei hadde lært seg til jubileet i vår, og kulturkvelden vart avslutta med tonar frå vår tid, representert ved bandet «Life On Mars» frå kulturskulen. Innimellom hadde både vaksne og unge fått prøvt seg på quis med spørsmål som m.a. hadde med Grunnlova å gjera, og Matre helselag hadde sørgt for mat og drikke undervegs. I pausen kunne folk sjå på utstillinga om grunnlova som småskulen hadde laga i vår og den innramma plakaten frå sommaren 1814 der innbyggjarane i Nordhordland vert oppmoda om å skriva seg i manntalet for å få røysterett ved stortingsvalet.

Det er alltid eit godt teikn når arrangøren må til å bera inn fleire stolar, og slik var det i gymsalen på Matre denne kvelden.

Dette var det andre arrangementet denne veka i kommunen si markering av grunnlovsjubileet.

Tekst og foto: Alf Strand

Søknad om spelemidlarFristen for å søkja spelemidlar for 2015 er

måndag 15. desember 2014 Ein søkjer på elektronisk skjema som ein finn på www.idrettsanlegg.no eller via heimesida/Skjema/Kultur og idrett

Dersom du treng hjelp til å fylla ut søknaden, kontaktar du rådgjevar Alf Strand, tlf. 56166241, epost [email protected]

Page 10: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 10

Markeringa i Nordbygda : Song og dans til ære for Grunnlova

Song og dans stod i sentrum då det fredag vart sett punktum for grunnlovsjubileet i Masfjorden med kulturkveld i gymsalen på Nordbygda skule.

Også her måtte arrangøren inn med meir stolar, det vart ganske fullsett i salen etter kvart. Lokale krefter saman med gode naboar gav oss ei god kulturoppleving. Dalsøyra og Nordbygda skulekorps slo an tonen alt i sitt fyrste nummer, og me kjende med ein gong at dette kom til å bli bra.

Sidan overtok Strilaringen med norske dansar og songkoret Spleis med norske songar. Innimellom var det tid for allsong leia av Ottar Wiik og Jens Brekke frå Vik i Sogn. Dei hadde plukka ut nokre av dei gamle, norske songane som tilhøyrarane var godt kjende med. Dei to karane både song, spelte og fortalde og leia oss gjennom kvelden på ein framifrå måte med sin lune

humor, gode historier og sprelske formuleringar. Dei fekk med sine innslag sett lyset på det nasjonale, på korleis framveksten av norsk språk og kultur gjekk parallelt med det politiske sjølvstendet. Jens Brekke gjorde òg stor lukke i rolla som Kolbein Hausa i eit par av Per Sivle sine Vossastubbar.

Klassisk gitarspel med Ådne Matre Andersen sette eit verdig punktum for kvelden og for ei veke med mykje kultur. Og heilt til slutt kunne ordføraren fortelja at han var stolt av den kulturelle breidda som hadde vorte presentert denne veka. Og frå publikum var tilbakemeldinga klar: Dette var kjekt å vera med på! Om lag 400 menneske har vore innom dei tre arrangementa som var Masfjorden kommune si markering av 200-årsjubileet for Grunnlova.

Tekst : Alf StrandFoto : Tove Kristin Sleire Tistel

Om julestjerner og allergiJulestjerner er vakre plantar og populære gåver. Dessverre er det

også slik at mange reagerer allergisk på dei. Av omsyn til dei det gjeld, har ein bestemt at julestjerner ikkje skal nyttast på sjukeheimen.

Vi vil difor oppmode dei som planlegg å ta med ein juleplante til bebuarane, at dei unngår å ha med julestjerner, men heller finn ein annan vakker juleblome.

Venleg helsing

Helga Ellingsen rådgjevar helse, omsorg og sosial

Page 11: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 11

FJONFRÅ

FJELLTIL

FJORDGamalt og nytt frå Masfjorden

Årgang 24Hausten 2014

FJONFRÅ FJELLTIL FJORDGamalt og nytt frå Masfjorden

Årgang 24 Hausten 2014

Fjo

n frå

fjell til fjord

Årg

an

g 2

4 H

au

sten 2

014

Fagdag om samordning av beredskap i eit samfunn i endring

Alle tilreisande fekk høyra og sjå korleis lokalmiljøet vårt samhandlar om å handtera akutt sjukdom og andre uønska hendingar i vårt distrikt.

Mandag 24. november vart det gjennomført eit møte om korleis ein har organisert brann og beredskapsarbeidet i Gulen og Masfjorden. Møtet vart avhalde i det nye Sløvåg næringsbygg AS, med mange deltakarar både frå lokalt beredskapsmiljø, regionalt beredskapsnivå samt lokalpolitisk nivå og nasjonalt politisk nivå. På deltakarlista var kjende sentralpolitiske skikkelsar som Peter Christian Frølich, Ruth Grung, Liv Signe Navarsete for å nemne nokon.

Det vart også gjennomført ein presentasjon av bilar og utstyr i brennvesenet.

Alle tilreisande fekk høyra og sjå korleis lokalmiljøet vårt samhandlar om å handtera akutt sjukdom og andre uønska hendingar i vårt distrikt. Det var

fleire av dei tilreisande som såg utrusting og løysningar som dei ville ta med seg heim og implementera i eigne system.

Sigvald Kvinge

Tidleg på 1900-talet kom grytekluten i bruk på kjøkkenet i norske heimar for at husmora skulle verna seg mot varmen frå store tunge gryter, panner og ulike jern

Grytekluten har vore lite påakta og har ikkje hatt særleg prioritet som utstillingsobjekt . Det er heller ikkje skrive så mykje om temaet. Bok- og strikkekaféen på Hosteland har i haust jobba med å samla inn gryteklutar. Det vi har fått inn, heng på biblioteket. Så er det meininga å laga ei utstilling på sjukeheimen. Men vi ynskjer endå fleire. Det er facinerande å sjå kor mange ulike mønster som finst. Det viser vel at grytekluten etter kvart har fått ein tilleggsfunksjon. Frå å vera ein nyttig bruksgjenstand, har han og vorte ein dekorativ pyntegjenstand.

Det finst nok ulike mønster rundt i heimane. Vi ville bli veldig glade om vi kunne få låna nokre. Dei kan leverast på biblioteket på Hosteland godt merka med namn. Også filialane på Matre og Sandnes kan ta i mot.

GryteklututstillingSandsekkar til eldre

Også denne vinteren vil Masfjorden kommune hjelpe til med å skaffe sandsekker. Fristen er 12. desember.

Ordninga i år blir slik:Sandsekker på 15 kg kan tingast på telefon

56166292 eller e-post: [email protected] innan 12. desember 2014.

Masfjorden kommune køyrer ut sekkane som er bestilt innan denne datoen.

Pris pr sekk er kr 75,-.Tekst: Liv Oda Dale

Også i år kjem det ut ei utgåve av ”Fjon frå fjell til fjord”. Dette er 24. utgåva.

Prisen er like tradisjonsrik som heftet sjølv - det kostar framleis kr.100. Det vil vere å få kjøpt på dei same plassane som har seld heftet før.

Redaksjonen nyttar med dette høvet til å ynskje gamle og nye lesarar ei hyggeleg stund med heftet.

Page 12: Masfjordingen nr. 3/2014

Side 12

Masfjorden kyrkjelydKyrkje- og prestekontor i kommunehuset: ............................................... 56 16 62 00Direktenummer:Kyrkjeverja: ............................................................................................... 56 16 62 61Diakoni- og undervisningsleiar: ............................................................... 56 16 62 62Sokneprest: ............................................................................................... 56 16 62 63Kyrkjegardsarbeidar: ................................................................................. 56 16 62 66

Bustadtelefon / mobiltelefon / e-post:Sokneprest Knut Fr. Sørheim: ............................................. 56 35 60 29 / 996 42 575 E-post: [email protected] Svein Kvamsdal: ..................................................................... 945 06 949 E-post: [email protected] Anne Merethe Reknes:............................................................... 474 13 141 E-post: [email protected] og underv.leiar Gunvor Fyllingsnes: .................... 56 35 32 55 / 950 41 037 E-post: [email protected] Kolbjørn Reknes: ................................ 56 36 71 59 / 990 27 121 E-post: [email protected]

Kyrkjeleg fellesråd:Fellesrådsleiar: Arne J. Riisnes ................................................................... 913 62 788 E-post: [email protected]

Sandnes sokn:Soknerådsleiar: Ragnhild Skuggedal: .................................. 56 36 50 56 / 906 13 181Klokkar/kyrkjetenar Sandnes kyrkje, kontaktperson: Vebjørn Aasgard: .... 976 06 840Klokkar/kyrkjetenar Granneheimen Eldbjørg Mjanger: ..... 56 36 55 50 / 908 00 160

Solheim sokn:Soknerådsleiar: Lise Dyrhovden: .............................................................. 56 36 72 57Klokkar: Mary Truwerk Kvamsdal ............................................................ 414 86 090Kyrkjetenar, kontaktperson: Marit Steinestø ....................... 56 36 61 70 / 959 43 709

Frøyset sokn:Soknerådsleiar: Terje Myrvang ............................................ 56 36 71 26 / 934 52 085Klokkar Lovise Matre: .............................................................................. 915 29 766Kyrkjetenar Kolbjørn Reknes: ............................................. 56 36 71 59 / 990 27 121

“Masfjordingen” er eit meldingsblad for Masfjorden kommune og Frøyset, Sandnes og Solheim sokn. Bladet vert gjeve ut av sokna i samarbeid med kommunen. Redaksjonsnemnd for bladet er Gunvor Fyllingsnes, Frode Vee-Haugen og sokneprest Knut Fr. Sørheim. Formgjeving er ved Rune Garmann.

Adressa til bladet er Masfjordingen, Masfjorden kommune, 5981 Masfjordnes.

Bankgiro 3635.71.04216

Fellesmøte våren 2015

Gjennom fleire år har Masfjorden Indremisjon arrangert møte på Fjon Fjellkyrkje ein torsdagskveld kvar månad.

Desse møta er felles for heile Masfjorden. Ein talar innleier over eit tema, så et me kvelds saman, og etter det er det anledning til innlegg frå dei som er til stades. Kjekke kveldar.

Våren 2015 vert det fellesmøte desse torsdagane: 29.januar, 12. februar, 12.mars, 9.april og 7.mai.

Det vert forskjellige talarar, men alle kveldane kjem til å ha eit tema ut frå forskjellige sider ved Paulus sitt liv.

Set av dagane og vert med på fellesmøte.

Masfjorden Indremisjon

Gjekk juleknasket hardt ut over tennene ?

Eg kjem til å arbeida som tannlege i Knarvik frå januar.

Tannbehandling for vaksne kan ein då få hos :

Tnl Johannes ØpstadTnl Tor Olav Nordvik

Burkhovdane 15914 Isdalstø Tlf 56351570

Kontora ligg i 2. et hos Lindås Rør og sanitær.

Venleg helsing

Johannes Øpstad Tannlege