28

Mitt bankande hjarte

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Mitt bankande hjarte er ikkje ei sjukdomshistorie. Det er ei kjærleikshistorie. Om Amanda, 14 år. Det er historia om det aller finaste og det aller fælaste på same tid.

Citation preview

Page 1: Mitt bankande hjarte
Page 2: Mitt bankande hjarte

Alf Kjetil Walgermo

Mitt bankande hjarte

Roman

Page 3: Mitt bankande hjarte

AV ALF KJETIL WALGERMO:

Mor og far i himmelen. Barnebok. Cappelen Damm, 2009Keegan og sjiraffen. Barnebok. N.W. Damm & Søn, 2007

Mestermøter. 100 opplevelser av Jesus fra Nasaret.Korttekster. Lunde, 2006

Eselhistorier. Bakspark fra verdenslitteraturen.Antologi. Dinamo, 2003

© Cappelen Damm AS 2011ISBN 978-82-02-33378-2

1. opplag 2011Omslagsdesign: Johanne HjortholSats: Type-it AS, Trondheim 2011

Trykk og innbinding: Livonia Print, Latvia 2011Settmed 10,5/13,5pktSabonog tryktpå80 gMunken PocketCream1,8.

Føresegnene i åndsverklova gjeld for materialet i denne publikasjonen.Utan særskild avtale med Cappelen Damm AS er all

eksemplarframstilling og tilgjengeleggjering berre tillate så langtdet har heimel i lov eller avtale med Kopinor, interesseorgan for

rettshavarar til åndsverk.

www.cappelendamm.no

Page 4: Mitt bankande hjarte

PROLOG

Eg var tretten og eit halvt då eg blei forelska i David.Det var berre Jenny som visste at eg likte han. Vi snakkasaman om nesten alt.

– David kjem aldri til å bli interessert i meg, sa eg.Vi sat på rommet mitt og målte puppane våre med eit

målband eg hadde funne i verktøykassa til pappa.– Eg ser ut som ein liten unge, jo.Eg såg ned på målbandet som Jenny hadde stramma

rundt den nakne overkroppen min. Ved å måle like un-der puppane og deretter rett over brystvortene kunneein finne den rette BH-storleiken. Det hadde søstera tilJenny sagt.

Men det var håplaust. Kva skulle eg med BH? Eg haddenesten ikkje puppar i det heile. Jenny sine var store somto knyttnevar. Det var dei vi hadde målt først.

– Tøys, sa Jenny. – Puppane dine er heilt fine. Dess-utan er eg sikker på at dei kjem til å bli større i sommar.

Eg var ikkje så sikker på det. Kor mykje kunne pup-par vekse på eit par sommarmånader, eigentleg?

Eg rulla saman målbandet og la det på skrivepulten.– Du må ikkje fortelje dette til nokon, sa eg lågt.– Ta det med ro, sa Jenny. – Du veit at du kan stole

på meg.

5

Page 5: Mitt bankande hjarte

Det var sant. Jenny var bestevenninna mi. For nokremånader sidan hadde eg fått mensen for første gong.Mamma begynte nesten å gråte då eg fortalde henne det.Men ho visste ikkje at Jenny hadde fått vite det først.

– No er vi blodssøstrer, veit du det? hadde Jenny sagt.– Og dette er pakta vår: Vi skal aldri, aldri svikte kvar-andre. Uansett kva som skjer.

Page 6: Mitt bankande hjarte

DEL 1

Page 7: Mitt bankande hjarte
Page 8: Mitt bankande hjarte

Eg hadde ikkje tenkt å seie noko om David til mammaog pappa. Men det glapp ut av meg ein dag eg og pappasat på kjøkkenet og åt frukost.

– Det har begynt ein ny gut i B-klassen, sa eg.Eg tok ein stor bit av brødskiva, som for å tygge bort

det eg hadde sagt. Det var jo tre månader sidan nyttår.Så rart det måtte verke at eg fortalde om David no.

Pappa visste kven eg snakka om. Han visste iallfallkven mor til David var. Ho hadde flytta hit til bygda attetter å ha budd i Oslo i mange år. Ho var visst nettoppblitt skilt.

– Eg hugsar henne frå oppveksten, sa pappa. – Ho varveldig ung då ho blei gravid. Det var så vidt ho var ferdigmed vidaregåande. Ho flytta ned til Oslo like etterpå.

– Kjenner du henne? spurde eg.– Nei, eigentleg ikkje. Ho er ein del år yngre enn eg,

sa pappa.– Å, sa eg.Eg prøvde å ikkje høyrast skuffa ut.– Er det ikkje David han heiter, guten hennar? Er du

blitt kjend med han? spurde pappa.– Nei, han går jo i B-klassen. Og han speler berre fot-

ball i friminutta, sa eg.

9

Page 9: Mitt bankande hjarte

– Så han vil ikkje prate med jenter, altså?– Det kan vel vere det same.Eg smurde ferdig matpakken, pakka sekken og gjekk

opp på vegen for å ta skulebussen. Det var to veker tilpåske. Vinden var framleis sur, men snøen hadde be-gynt å forsvinne frå hagen. Det var ikkje lenge sidan egog Jenny hadde bygd ei snølykt nede ved naustet. Nostakk det grågrøne tustar opp overalt.

Det kunne vere det same med David. Det var lengesidan det hadde flytta nokon hit til bygda. Jentene haddesverma rundt han heilt sidan han begynte på skulen ijanuar. Var det fordi han var ny? Fordi han var høg oghadde mørkt, krøllete hår? Eller kanskje fordi han varså god i fotball?

Gutar som var gode i fotball, trong ikkje å bekymreseg for noko som helst. Det var vanskelegare for jen-ter. Åttande klasse var noko heilt anna enn sjuande. Dethadde eg merka nokså fort. No handla alt om mote oggutar. Men helst gutane i niande og tiande, ikkje gutanei klassen vår. Bortsett frå Eli, ho var heilt garantert for-elska i Trond.

Eg trippa litt med føtene for å halde varmen. Der sågeg endeleg den grøne og gule skulebussen komme rundtsvingen. Eg gjekk eit skritt fram på busshaldeplassen,strekte ut handa, kom på at eg hadde gløymt refleks.Men bussjåføren såg meg og blinka inn.

Eg sette meg ved sida av Jenny på bussen, som vanleg.Ho hadde fått ny bukse i helga. No dreiv ho og gnei påein våt flekk på låret.

– Kan du sjå noko, Amanda? spurde ho. – Typisk,altså! Første dag med nye jeans og så ser det ut som eghar tissa på meg.

Eg fniste.

10

Page 10: Mitt bankande hjarte

– Kva skjedde, eigentleg?– Ein idiotbil klarte å sprute vatn på meg. Eg stod til

og med nesten heilt inne i busskuret, sa Jenny.– Det er så vidt eg kan sjå at der er nokon flekk, sa

eg. – Og han tørkar sikkert ganske fort.Jenny gnei endå litt til. Eg blei sittande og tenke på

den raude flekken i trusa som eg hadde oppdaga for eitpar månader sidan. No kunne eg bli gravid og alt. Egsom ikkje hadde kyssa ein gut eingong.

Gutane i klassen vår var heilt greie. Finn hadde fått svartskinnjakke til jul, med namnet til eit eller anna heavy-metalband på ryggen. Han hadde mørkt hår som hanbrukte å legge i ein kraftig sideskil. I fjor haust haddehan spurt Jenny om dei skulle vere saman.

– Du er den penaste i A-klassen, hadde han sagt.– Så derfor passar eg perfekt til deg? svarte Jenny.Finn var blitt knallraud i ansiktet og hadde ikkje sagt

eit ord til Jenny igjen etter det. Han la henne for hat.Han snakka nesten ikkje med meg heller.

Perry hadde piggsveis og var mest interessert i å teiknepikkar på tavla. Dess større pikkar, dess betre. Og spe-sielt i friminutta før vi skulle ha engelsk. Då pynta hangjerne på tavlepikken med å skrive «DICK» ved sida av,med store bokstavar.

«La stå!» brukte han også å skrive. Det var faktisklitt morosamt.

Så var det Ole-Petter, som aldri sa noko. Eg haddehøyrt at han var flink i sjakk. Og han brukte alltid å fåalt rett på matteprøvene.

Trond hadde ofte ein vittig kommentar på lur. Oftefor vittig. Det skaffa han ein del trøbbel med lærarane.

Til slutt kom Jonny og Tor Ivar, som var likte av alle.

11

Page 11: Mitt bankande hjarte

Dei var rett og slett hyggelege. Tor Ivar var den beste iklassen i fotball.

– Og Tsjekkoslovakia blei oppløyst i kva år, Amanda?Eg stokk til. Holten hadde nok sett at eg sat og tenkte

på heilt andre ting enn Europas historie.– Eh … Hugsar ikkje. Før eg blei fødd, iallfall, sa eg

brydd.– Det rette svaret er 1993, sa Holten. – No må du

følgje betre med!

I friminuttet gjekk eg og Jenny ned til murkantender vi brukte å sitte og prate når det var opphalds-vêr. Muren var kald mot rumpa. Det var ikkje akku-rat vår enno, sjølv om snøen hadde begynt å smeltebort.

Nede på fotballbana såg eg det mørke og flagrandehåret til David.

– Han er litt ego, er han ikkje? sa eg.– Kven? sa Jenny.– David, vel. Han driblar jo heile tida.– Du liker han litt, du, smilte Jenny.– Njei, sa eg. – Eg vil ikkje bli saman med ein

ego.Det var det mange andre som ville. Jentene hang rundt

David når han ikkje var på fotballbana. Han brukte åsmile til alle, men det verka ikkje som om han forstodat dei var interesserte i han.

– Han er iallfall ingen playboy, sa Jenny.– Nei, kanskje ikkje, sa eg.Eg visste ikkje heilt korleis playboyar var. Men slik

som David var dei nok ikkje.– Han er jo skilsmissebarn, sa Jenny. – Dei er ofte

modne for alderen.

12

Page 12: Mitt bankande hjarte

Skuledagen var omtrent som dei fleste andre skuledagar.Timane gjekk langsamt, og friminutta gjekk fort. Perryteikna nye pikkar på tavla, og ordenseleven – denne vekavar det Julie – måtte vaske dei bort med svampen. Finnsat bakarst og vippa på stolen mens han las teikneseriarhan hadde smetta inn i samfunnsfagboka. Ole-Petter satfremst og hadde rekna ferdig alle matteoppgåvene, såhan fekk begynne på niandeklassebøkene allereie no.

Og så var det Eli og Trond.– Ho er forelska i han. Det er iallfall heilt sikkert, sa

eg då vi sat på murkanten i storefri.På hjørnet av ungdomsskulebygget, bort mot Preste-

marka og stallen, stod Eli og Trond og prata og lo. Imattetimen hadde Eli kasta sikkert femten små viske-lêrkuler på Trond. Og Trond hadde kasta mange av deitilbake.

– Trur du han er forelska i henne? spurde Jenny.– Veit ikkje. Men det ser jo slik ut, sa eg.Både Eli og Trond stod med hendene i bukselomma.

Det såg litt merkeleg ut. Kanskje dei var nøydde til åputte hendene ein stad for at dei ikkje skulle begynne åklå på kvarandre?

Eg sukka. Tenk å kunne vere så forelska somEli.

– Trur du det er noko gale med meg? sa eg.– Kva meiner du? sa Jenny.– Eg har jo ikkje kyssa nokon enno, sa eg. – Kanskje

eg aldri kjem til å treffe ein gut eg liker.– Eg trudde du likte David, eg? sa Jenny.– Du! sa eg og dulta henne i skuldra.Eg kikka raskt rundt meg, som om eg nettopp hadde

gjort noko gale.– Kanskje litt, kviskra eg.

13

Page 13: Mitt bankande hjarte

– Eg visste det! sa Jenny. – Han har dødsfine lepper,har du sett det?

På kvelden skreiv eg og Jenny liste over gutane vi haddelyst til å kysse. Eg skreiv lista mi rett i dagboka. Eg setteDavid på førsteplass, mens Jenny ikkje hadde han medpå topp ti eingong.

– Har du ikkje lyst til å kysse David? sa eg forskrekka.– Jo! Eg meiner nei. Det er jo du som …, stotra Jenny.Eg begynte å le.– Kva er det med deg? Du er jo heilt raud! Er du for-

elska i han, eller?– Iallfall ikkje meir enn du!Jenny dytta meg bakover i senga. Så førte ho opp

David på ellevte plass.– Sånn! Men du har førsteretten, altså!Ho teikna nokre trutmunnar under kysselista. Eg fiska

ein tusj opp av pennalet og teikna nokre små, raudehjarte med piler igjennom under lista mi.

– Kan eg få låne tusjen? sa Jenny.Eg gav han til henne. Ho tok dagboka mi, bladde om til

ei blank side og teikna eit stort, raudt hjarte. Eg fann framein lilla tusj og teikna eit nytt hjarte ved sida av Jenny sitt.

– David er så kjekk, sukka eg.Eg fylte ut hjartet eg hadde teikna, med lilla farge.

Det såg nokså stilig ut.– Ingen av dei andre kjem i nærleiken eingong. Ikkje

kjangs!– Du er skikkeleg forelska, du! sa Jenny.– Neei …, sa eg.Eg var ikkje forelska. Ikkje snakk om. Eg var inter-

essert. Det var ein viktig forskjell. Men eg visste ikkjekva eg skulle gjere med det.

14

Page 14: Mitt bankande hjarte

For kva gjorde ein når ein var interessert?– Har du ikkje lese kjærleiksromanar? tøysa Jenny.

– Først møter du han under eit tre i skogen, så kyssardu han, og så kan du risse inn Amanda + David i treetetterpå.

– Med kniv? sa eg.– Ja, kva elles? sa Jenny. – Nei, forresten. Du må berre

risse inn David. Med eit hjarte rundt. Amanda + Davidser litt barnsleg ut.

Ho teikna eit nytt stort hjarte i dagboka mi. Med eipil igjennom som fekk det til å blø.

– Du? sa ho plutseleg og rekte meg tusjen. – Kan dugjere meg ei teneste? Kan du risse inn eit hjarte på rumpami og skrive Amanda i det?

Jenny snudde seg og bretta ned buksa og trusa sårumpeballane hennar lyste kvitt mot meg. Så såg ho påmeg med store, bedande auge.

– Please!Eg såg forskrekka på henne. Risse på rumpa hennar?Jenny begynte å le. Ho lo så ho måtte legge seg ned

på golvet, framleis med halve rumpa bar.– Du skulle sett deg sjølv, Amanda! Å, eg trur eg døyr!– Du er galen! hiksta eg og slo ei pute mot rumpa

hennar.Jenny berre lo.Ho hadde fin rumpe. Og ho hadde fine puppar. Ho

hadde kjangs på alle gutane i åttande. Sikkert mange avdei i niande og tiande også.

*

Veka etter hadde snøen smelta nesten heilt bort, og ve-gane var tørre. Eg og Jenny begynte å sykle til skulenigjen. Det kjendest bra å sleppe skulebussen.

15

Page 15: Mitt bankande hjarte

I friminutta kasta eg lange blikk etter David.– Du må snakke med han, sa Jenny. – Det nyttar ikkje

å gå rundt og vere avstandsforelska.Det var lett for henne å seie. Eg hadde ikkje noko

problem med å snakke med Tor Ivar, Trond eller deiandre gutane i klassen min.

Men med David var det annleis.Så fort han var i nærleiken, låg tunga mi like slapt

i munnen som på hunden til Eli og dei når han varvarm.

Resten av kroppen min var heilt stiv.– Du ser ut som ein zombie, fniste Jenny etter at David

hadde gått forbi oss ute i skulegarden.Ho heldt armane opp framfor seg, rulla med auga og

ralla i veg.– Du! ropte eg og hoppa på henne. – Zombie kan du

vere sjølv!Jenny lo. Eg prøvde å legge henne i bakken. Ho kunne

ta plass blant dei levande døde sjølv. Gå rundt i bygdanattetider med armane strekte ut framfor seg. Og medlange remser av tøy og dopapir hengande etter.

– Jenny og Amanda slåst! ropte Eli.Ho kasta seg inn mellom oss og la begge armane rundt

magen til Jenny.– Gi deg, Eli! lo Jenny. – Du er så kåt på kroppskon-

takt at du snart sprekk. Kan du ikkje hoppe på Trondi staden?

Eli klemde berre endå hardare.– Du din frekke …! Berre pass deg! flirte ho.Så sleppte ho taket, og knuten løyste seg opp.Jenny lo framleis. Eg børsta av jakka mi med hen-

dene. Ho var ikkje blitt skitten. Det var mest for synsskuld.

16

Page 16: Mitt bankande hjarte

Eg stivna til igjen med det same eg såg opp. Davidstod berre eit par meter unna og smilte.

– Skikkeleg catfight, sa han. – Kven vann?Han gjekk før nokon av oss rakk å svare. Eg greip

Jenny i armen og trekte henne inntil meg.– Såg du det? sa eg. – Han såg på meg, ikkje sant?

Resten av skuledagen klarte eg ikkje å tenke på nokoanna. David hadde sett på meg. No visste han at eg fanst.

Eg drøymde meg heilt bort i den siste norsktimen.Holten las frå ein roman om vikingar. Eg lurte på kor-leis vikingjenter oppførte seg når dei var forelska. Gjekkdei heilt berserk?

Eg ville ikkje høyre om vikingar. Eg ville høyre om jen-ter frå vår eiga tid. Eg bestemte meg for å dra innom bib-lioteket og låne ein kjærleiksroman etter skulen. Jennyskulle i bryllaup til søskenbarnet sitt i Oslo. Eg gleddemeg ikkje akkurat enormt til å vere heime heile helgasaman med mamma og pappa.

Ved undergangen i sentrum sykla Jenny heimover, forbimatbutikkane, mens eg sykla andre vegen, forbi sam-funnshuset og bort til banken.

Biblioteket låg i andre etasje i bankbygningen. Eingong hadde pappa spurt meg kva eg likte best av pengarog bøker. Bøker, hadde eg sagt. Pappa hadde ikkje all-tid så mykje pengar. Det hadde ikkje eg heller. Men påbiblioteket var det heldigvis gratis å låne bøkene.

Bibliotekaren var ei hyggeleg dame i slutten av førti-åra. Eg hugsa ikkje namnet hennar, men hadde lånt bø-ker av henne mange gonger før.

– Hei, er det du igjen? sa bibliotekaren. – Det varhyggeleg. Er det noko eg kan hjelpe deg med?

17

Page 17: Mitt bankande hjarte

– Eg skulle hatt ein kjærleiksroman, sa eg. – Ein or-dentleg ein. Der jenta er skikkeleg forelska. Og guten erskikkeleg kjekk.

Eg såg ned. Det var litt flautt å spørje på denne må-ten.

– Hm, sa bibliotekaren og smilte. – Eg trur eg veit omei bok som passar for deg.

Ho gjekk inn og leita litt i hyllene. Så kom ho tilbakemed ei passe tjukk bok.

– Du kan kikke litt på denne, sa ho.– Takk, sa eg.Eg sette meg ved eit av leseborda og slukte dei første

sidene. Dette var viktig. Eg kunne ikkje vente eit sekundlenger med å lære om livet. Livet og alt som venta meg.

– Hei.Eg kikka opp. Det var David!Eg klappa saman boka som om eg var teken på fer-

sken.– Kva gjer du her? spurde eg.Eg stokk litt av mi eiga stemme. Ho høyrdest skarp

ut.– Eg meiner … bruker du også å gå på biblioteket? Eg

trudde du berre spelte fotball, sa eg i ein mildare tone.David svarte ikkje. Han prøvde å lese kva som stod

på framsida av boka eg heldt mellom hendene.– Å, den! Den er fin! sa han.– Eg har ikkje komme så langt enno, sa eg.Eg kjende varmen i kinna.– Du kan gle deg til slutten, sa David og smilte.Så forsvann han mellom bokhyllene. Litt seinare kom

han tilbake med ei fotballbok og ei bok med bilete avein tiger og ein bjørn på.

18

Page 18: Mitt bankande hjarte

– Ei barnebok? spurde eg overraska.David smilte igjen.– Eg les bøker for vaksne også. Men akkurat denne

er skikkeleg bra!Eg pakka saman mens David registrerte bøkene hjå

bibliotekaren. Vi gjekk ned trappene og ut på plassenutanfor biblioteket. Det var ein stor, asfaltert parkerings-plass. Biblioteket hadde sikkert parkeringsplass nok tilhalve bygda. Men dei fleste som parkerte her, skulle velheller i banken eller til rådhuset.

Her stod eg saman med David. Hjartet hamra. Eg anteikkje kva eg skulle seie.

– Du syklar, du også? spurde han.– Eg syklar alltid, sa eg. – Så lenge det ikkje er snø.Både David og eg hadde parkert sykkelen utanfor

lensmannskontoret vegg i vegg med banken. Eg håpteat mamma ikkje kunne sjå oss frå vindauget. Ho haddesagt det sjølv for eit par månader sidan: Som lensmanni ei lita bygd får ein med seg nesten alt som skjer. Detvar annleis då ho jobba på politistasjonen i byen.

Vi trilla syklane ut på plassen og gjorde oss klare til ådra. David hadde ein offroadsykkel med 21 gir og ski-vebremser. Det var ein ganske dyr modell. Eit kvalitets-merke.

– Har du ny sykkel? spurde eg.– Eg fekk han til bursdagen for ein månad sidan, svarte

David. – Men mamma sa at eg ikkje får julegåve i år …Eg smilte. Eg også ønskte meg ein slik sykkel. Eg

måtte hugse å forklare pappa kva slags modell detvar.

– Ei veke igjen til påskeferie no, sa eg.– Ja, sa David.– Skal du nokon stad?

19

Page 19: Mitt bankande hjarte

– Berre til Panama.Han lo.– Panama? spurde eg.David vifta i lufta med boka han hadde lånt.– Elles blir eg nok heime.Han såg bortover mot rådhuset, som om han tenkte

på noko. Så snudde han seg mot meg og strekte uthanda.

– Vi har vel faktisk ikkje helst ordentleg enno, sa han.– David heiter eg.

Eg tok handa hans. Eg kjende at eg var klam i hand-flata.

– Amanda, sa eg.– Eg såg deg i friminuttet i dag, sa David. – Du leike-

slost med ho høge, lyse. Jenny, eller kva det er ho heiter.Du hadde skikkeleg taket på henne.

Eg raudna.– Eg veit ikkje akkurat det, sa eg.David smilte.– Eg må stikke no, sa han. – Eg ser deg vel på skulen

på måndag?Han bøygde seg fram og gav meg ein klem. Varmen

frå kinnet hans spreidde seg vidare i kroppen min på re-kordtid. Eg pressa kinnet mitt tilbake mot hans. Eg varsikker på at eg skulle svime av.

David hadde klemt meg!

Eg song og tralla mens eg sykla heim att. Borte vedmatsenteret var det ei dame som snudde seg ettermeg.

– Hei! ropte eg og vinka energisk.Eg hadde aldri sett henne før. Iallfall ikkje som eg

kunne hugse.

20

Page 20: Mitt bankande hjarte

For kvart nye trakk på pedalen sveiv namnet hansein runde til i hovudet mitt.

David.David.David.Han hadde lagt merke til meg!– Hei, Amanda, sa pappa då eg kom brasande inn

kjøkkendøra.Han var i gang med å lage ein vegetarrett av gulrøter,

sopp og brokkoli. Vi hadde alltid vegetarmat på freda-gane. Det var noko pappa hadde funne på etter at hanplutseleg hadde bestemt seg for å bli sunn. Førtiårskrise,kalla mamma det.

– Kva står på? Du ser jo ut som om du har sett MichaelJackson stå opp frå dei døde, sa pappa.

– Ny rekord opp bakken frå sentrum, pesa eg ogsmilte. – Har vi vegetarmat? Hurra!

Pappa stod som eit spørsmålsteikn over grytene. Egsprang ut av kjøkkenet igjen og opp trappa til rommetmitt.

Eg kasta meg ned på senga og ringde Jenny på mo-bilen. Ho hadde han ikkje på. Kanskje ho allereie varkommen ut på flyplassen?

Gråpus kom smygande over golvet. Eg løfta han oppmot taket og dansa rundt med han ei stund. Han mjauanoko heilt vilt.

– Kva er det som skjer der oppe? ropte pappa opptrappa.

– Ingenting, ropte eg attende. – Eg berre dansar medGråpus!

Pulsen begynte å slå rolegare. Men inni meg bobla detframleis over. Eg var ikkje interessert. Eg var forelska!I David. Den kjekkaste guten på skulen.

21

Page 21: Mitt bankande hjarte

Eg prøvde å ringe Jenny igjen. Mobilen hennar varframleis avskrudd. Då var ho sikkert på flyet. Eg fekkheller ringe henne seinare i kveld.

Eg plukka opp kjærleiksromanen og las nokre sidervidare. Så låste eg opp skrivebordsskuffa og tok framdagboka. Dei store og små hjarta lyste mot meg frå dag-boksidene. «David» skreiv eg i det største.

Om kvelden laga pappa pizza. No var det både peppe-roni og skinke på pizzaen. Det var likevel chilismakeneg kjende best. Pappa likte sterk pizza.

– Kva er det? spurde mamma då vi begynte å ete. – Duser så glad ut. Har det skjedd noko?

Eg rista på hovudet, men klarte ikkje la vere å smile. PåTV-en gjekk det eit underhaldningsprogram. Det bruktevanlegvis berre å irritere meg. No lo eg av nesten allevitsane.

– Hadde eg ikkje visst betre, ville eg trudd ho var for-elska, sa pappa og strauk mamma over ryggen.

Eg blei raud.– Eg må på do, sa eg og styrta ut på badet.Pappa lo.– Hysj, Gunnar! høyrde eg gjennom dodøra.– Unnskyld, sa pappa då eg kom inn i TV-stua att.

– Eg meinte ikkje å le.Han strekte ut handa.– Peace?Eg måtte smile. Pappa skulle alltid overdrive.– Ok, sa eg.Eg tok handa hans og klemde litt ekstra hardt.– Kanskje vi kan spele Super Mario i staden for å sjå

på fjernsyn? spurde han og såg frå meg bort på mamma.– Er det greitt for deg, Grete?

22

Page 22: Mitt bankande hjarte

Pappa var nesten meir glad i Nintendoen enn eg. Oghan var ganske god til å finne skjulte stjernemyntar. Må-let hans var å finne absolutt alle. Då skulle det dukkeopp eit skjult brett i den siste verda.

Mamma sette seg ut i stua med eit par aviser menseg og pappa spelte Super Mario. Vi spelte i nesten einog ein halv time. Pappa var sjokkert då han oppdagakor seint det var blitt. Han hadde tenkt seg ut på einkveldssykkeltur.

– Eg står over i dag, sa eg. – Eg må ringe Jenny.– Men du har fått fem allereie? spurde han.Eg og pappa hadde ein hemmeleg avtale. Dersom eg

sykla minst fem kilometer kvar dag, skulle eg få ny syk-kel til bursdagen. Fem om dagen, kalla vi det. Mammatrudde framleis at vi snakka om frukt.

– Klart det, sa eg.– Bra, sa pappa.Han blunka.– Det er viktig å ete mykje frukt.Frukt var endå eit utslag av førtiårskrisa til pappa,

meinte mamma. Ho syntest at han var blitt eit nytt men-neske det siste året.

Det var eigentleg mamma som var topptrena. Hohadde drive aktivt med langrenn. Men no var det pappasom kunne finne på å sykle ein tur til nabobygda og til-bake etter middag. Ofte drog han også ut på joggeturari skogen. Eg brukte av og til å bli med han.

– Faren din er ei tikkande energibombe, haddemamma sagt for nokre veker sidan.

Så hadde ho klaska pappa på baken.– Forsiktig! Bomba går av! ropte pappa.Dei var i grunnen ganske barnslege, begge to.– Korleis var det du og pappa trefte kvarandre no

23

Page 23: Mitt bankande hjarte

igjen? spurde eg mamma då pappa hadde drege ut påkveldssykkelturen.

– Vi møttest i Oslo mens vi studerte, sa mamma. – Såklarte han å lokke meg hit til denne vesle, vakre bygda.Og her laga vi ein liten, vakker unge.

Ho smilte og ruska meg i håret. Eg vrei meg unna.– Mamma! sa eg.Det var så pinleg.

Endeleg fekk eg tak i Jenny. Dei hadde nettopp kommefram til staden der dei skulle overnatte.

Det var så vidt eg oppfatta kva ho sa. Eg var sprek-keferdig etter å fortelje.

– Eg møtte David på biblioteket, busa det ut av meg.– Han klemde meg!

– Seriøst? sa Jenny.Ho høyrdest overraska ut.– Eg trur ikkje han bruker å klemme kven som helst.

Det har eg ikkje sett han gjere på skulen iallfall, sa ho.– Tenk om han er interessert i meg! Tenk om! ropte

eg.Eg laga ein liten kvinelyd i telefonen, slik vi ofte gjorde

når vi var begeistra.– Så fantastisk, sa Jenny. – Men du, eg må nesten legge

på no. Vi skal ete kveldsmat med onkel og tante. Så blirdet full fart her resten av helga. Vi snakkast på skulenpå måndag!

Eg blei litt skuffa. Hadde ho ikkje meir tid til å prate?Om dette som var så viktig!

– Ok, sa eg. – Ha det fint i Oslo!

Dagen etter kjende eg meg tullete i hovudet. Eg haddekjempelyst til å besøke David, men eg torde ikkje gjere

24

Page 24: Mitt bankande hjarte

det åleine. I staden sykla eg forbi huset hans i håp om athan skulle vere ute i hagen. Dersom han kom ut, kunneeg seie at eg var på veg opp til Eli, som budde nokre huslenger oppe.

Men kanskje han ikkje var heime?Eg snudde litt før Eli og sykla den same vegen tilbake.

Berre det å gløtte opp mot vindauget til det eg truddevar rommet hans, sende små, herlege gys gjennom krop-pen.

Mamma smilte då eg kom heim att. Heldigvis sa hoingenting om forelsking eller slike ting.

– Kvar har du vore? spurde ho.– Eg har berre sykla ein tur, sa eg. – Det er så kjedeleg

når Jenny ikkje er heime.Heldigvis hadde eg boka eg hadde lånt på biblioteket.

David hadde sagt at eg kunne gle meg til slutten. Ogslutten var verkeleg bra. Jenta og guten fekk kvarandre,og dei kyssa for aller første gong.

Eg hadde aldri kyssa ein gut. Eg lurte på korleis detkjendest ut. Korleis det smakte!

Mamma kyssa jo pappa. Kva smakte det som?Eg grøssa.Eg håpte ikkje det var som pepperoni og skinke.Heller sterkt. Som chili.

*

Eg hadde vondt i magen under frukosten på måndagen.Eg var så spent. Korleis ville det bli å sjå David igjen?

Eg henta sykkelen under altanen og gjekk opp på ve-gen for å vente på Jenny. Det tok ikkje lang tid før hokom.

– Korleis var det i bryllaupet? spurde eg.– Litt kjedeleg, eigentleg, sa Jenny. – Det var iallfall

25

Page 25: Mitt bankande hjarte

ingen kjekke gutar der. Men vi rakk å shoppe litt påKarl Johan.

Mens vi sykla innover, fortalde eg om alt som haddeskjedd på fredagen. At David hadde klemt meg. At hansa eg skulle gle meg til slutten av kjærleiksromanen. Athan sjølv hadde lånt ei barnebok.

– Barnebok? sa Jenny. – Er det noko kult?Ho lo.– Eg synest det er litt kult, sa eg. – Han verka ikkje

eingong flau for det.– Berre han ikkje er eit slikt pent og pynteleg engle-

barn, sa Jenny. – Som aldri gjer noko gale.Eg trudde vel ikkje at Jenny brukte å gjere så mykje

gale heller. Men kanskje var det nokre ting eg ikkje vissteom henne, når alt kom til alt.

I vinter hadde ho klint med ein av dei kjekkaste gutanei niande. Eg ante ingenting før ho fortalde det nokre ve-ker seinare.

– Det var berre ein stor feil, hadde Jenny sagt.Ho ville ikkje snakke så mykje om det. Ho hadde blitt

med Anja på ein heime-åleine-fest. Eg kunne ikkje hugseat eg hadde høyrt om den festen i det heile.

Eg såg ikkje David før i storefri.– Hei, sa han.Så sprang han ned på fotballbana igjen, slik han

brukte.Eg kjende hjartet banke som eit lite dyr under

T-skjorta. Eg følte meg litt dust. Det var så vidt eg haddefått sagt hei tilbake.

Eg såg etter dei mørke, flagrande krøllene nede påfotballbana. Brått forstod eg kor håplaust det var. Eg ogDavid hadde møtst over ei bok på biblioteket. Det var alt.

26

Page 26: Mitt bankande hjarte

Men noko hadde det vore. Hadde det ikkje? Kviforsa han berre «hei»?

– Gutar er ikkje flinke til å prate, sa Jenny.Det hadde søstera hennar sagt. Ho var nitten og hadde

erfaring.– Du må spørje han om hjelp til noko. Alle gutar els-

kar å ordne opp i ting.– Men då vil han jo skjønne at eg er forelska i han!

sa eg.– Ja? sa Jenny.– Då røper eg meg jo, sa eg.– Det er jo heile poenget, sa Jenny. – Dersom han

skal bli forelska i deg, må han forstå at du er forelska ihan!

Eg visste ikkje kva eg skulle spørje David om hjelp til.Men i neste storefri spurde eg om han hadde lyst til åvere med på kanonball.

– Du meiner den leiken vi har i gymmen? sa David.– Ja, sa eg.Eg blei litt flau. David hadde kalla det ein leik. Leikar

var jo noko ein heldt på med på barneskulen.– Er det mange som skal vere med, då? spurde Da-

vid.– Eli, Jenny og Julie, iallfall, laug eg. – Og sikkert

Trond og Tor Ivar. Det blir sikkert med fleire når vi be-gynner.

Det stemde. Då David blei med, kom mange av jen-tene. Og då jentene kom, var det fleire av gutane somville bli med også.

– Amanda må vere konge på laget vårt, sa Jenny.– Greitt for meg, sa Tor Ivar.Han var den beste på laget vårt til å kaste. Men eg

27

Page 27: Mitt bankande hjarte

var ikkje så dårleg, eg heller. Iallfall betre enn dei andrejentene. Både Jenny, Eli og Julie kasta underarmskastnesten utan kraft.

– Fint, sa eg.Eg sprang bort til den andre sida av bana. Det var

ikkje ei ordentleg bane, berre eit felt som var måla opppå asfaltplassen med kvitmåling. Men det heldt i mas-sevis for oss.

– Då begynner vi, ropte David og kasta ballen høgtopp i lufta.

Han var blitt vald til konge på det andre laget. Ganskeraskt klarte han å stikke Tor Ivar med ein ball i ryggen.No kunne vi få det tøft. Også Eli og Julie rauk ut medein gong.

– Hit med ballen! Hit med ballen! ropte eg.– Gi ballen til Tor Ivar! ropte Jenny. – Det er betre

viss han klarer å stikke nokon, så han kan komme innpåigjen!

I det same blei også Jenny teken. No hadde vi berreTrond og Ole-Petter igjen på bana.

Trond var nokså flink til å kaste, og han klarte å stikketo av gutane på det andre laget før han var uheldig ogsklei på asfalten. Dermed var det rett ut. Tor Ivar setteein enkel ball i rumpa på Siri og kom innpå igjen. Hanstakk to andre før han sjølv fekk ein ny ball i ryggen.David hadde fått inn ein fulltreffar til.

Til sist rauk Ole-Petter ut. Det var eigentleg utrulegat han hadde halde seg innpå så lenge.

– Amanda! Du må innpå! ropte David.Eg sprang over til vår banehalvdel. Eg var konge. Det

betydde at eg hadde tre liv.Spørsmålet var om det var nok. Det andre laget hadde

berre Jonny og Cecilie igjen inne på bana, men bak vår

28

Page 28: Mitt bankande hjarte

banehalvdel stod det ein heil horde av hoiande kanon-ballkastarar og venta på å ta meg. Kunne eg overlevedette?

Ballen suste mot meg frå ein av gutane på baklinja. Eghoppa til sides. Bom. Ein ny hard ball. Eg dukka unna.Bom igjen.

– Bra, Amanda! ropte Jenny. – Klarer du å få tak iballen? Kast han over hit!

Cecilie på det andre laget kasta ein nokså laus ballmot meg. Eg tok sjansen på å ta imot. Før eg rakk åtenke på å kaste han over til dei andre på laget, plantaeg ballen i nakken på Jonny.

– Stikk! ropte eg og plukka opp ballen igjen.Eg kasta ballen mot Cecilie. Ho hylte. Ballen trefte

henne i armen og gjekk i asfalten. Ho var ute.David sprang ut på bana og stilte seg opp med brei

beinføring og overkroppen lent framover.– No er det oss to, sa David og gliste.Tor Ivar hadde fått tak i ballen. Han kasta han tilbake

igjen til meg. Eg kylte ballen mot David. Ballen streifalåret hans.

– Stikk! ropte eg.– Æsj, sa David. – Det blir det siste stikket du tek på

meg i dag!Tor Ivar prøvde å treffe David frå baklinja vår, men

ballen blei ikkje hard nok. David tok imot og heldt hani fast grep. Lynraskt snudde han seg rundt og kasta bal-len mot meg. Eg prøvde å dukke unna, men det var forseint. Ballen trefte meg i skuldra.

– Eitt! ropte David. – To liv igjen!– Då står vi likt, ropte eg tilbake.Eg sprang etter ballen for å plukke han opp, men

var for sein. Ballen rulla inn på banehalvdelen til David.

29