29
Gloppen kommune Møteinnkalling Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Gloppen heradshus Dato: 03.06.2020 Tid: Kl. 09:00 Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er til tlf. 57 88 38 00 eller til [email protected] slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Møte vert i kommunestyresalen Sakliste Sak nr. Sakstittel 016/20 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 017/20 Referat og orienteringssaker 018/20 Forslag til endra bibliotekstruktur 019/20 Orientering om arbeidet med nye Hyen skule pr mai 2020 020/20 Planstrategi 2020 - 2024 - Gloppen kommune - til uttale i råd og utval i høyringsperioden 021/20 Mottak av mindreåringe flyktningar 022/20 Akuttberedskap i barnevernet - vidareføring av samarbeid mellom Stad, Gloppen og Stryn 023/20 Datamaskiner i Gloppenskulen framover 024/20 Barnehageopptaket 20/21 025/20 Husbankfinansiering - Austrheim barnehage Sandane, 28.05.2020 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand oppvekstsjef

Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Møteinnkalling

Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Gloppen heradshus Dato: 03.06.2020 Tid: Kl. 09:00

Den som har lovleg forfall eller er ugild i nokon av sakene, må melde frå så snart råd er til tlf. 57 88 38 00 eller til [email protected] slik at varamedlem kan bli kalla inn. Varamedlem møter etter nærare innkalling. Møte vert i kommunestyresalen Sakliste Sak nr. Sakstittel 016/20 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste

017/20 Referat og orienteringssaker

018/20 Forslag til endra bibliotekstruktur

019/20 Orientering om arbeidet med nye Hyen skule pr mai 2020

020/20 Planstrategi 2020 - 2024 - Gloppen kommune - til uttale i råd og utval i høyringsperioden

021/20 Mottak av mindreåringe flyktningar

022/20 Akuttberedskap i barnevernet - vidareføring av samarbeid mellom Stad, Gloppen og Stryn

023/20 Datamaskiner i Gloppenskulen framover

024/20 Barnehageopptaket 20/21

025/20 Husbankfinansiering - Austrheim barnehage

Sandane, 28.05.2020 Bernt Reed utvalsleiar Per Arne Strand oppvekstsjef

Page 2: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FE-033

JournalpostID: 20/4637

Saksbehandlar: Jan Kåre Fure

Saksnr. Utval Møtedato

016/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Vedlegg i saka: 30.01.2020 Protokoll - Oppvekstutvalet - 30.01.2020

Utvalsleiar si tilråding:

1. ...........utvalet godkjenner møteboka frå sitt møte den ..... 2. ...........utvalet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den ......

Møteboka frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet.

Page 3: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FE-033

JournalpostID: 20/8566

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

017/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Referat og orienteringssaker

Orienteringssaker: Oppvekstssjefen orienterer om aktuelle saker i oppvekstsektoren. - Økonomi/Sjukefråvær - Koronasituasjonen - Innsparingsprosjektet/økonomisk analyse - Ymse

Ordet fritt...

Page 4: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FA-C61

JournalpostID: 20/8455

Saksbehandlar: Liv Jorun Andenes

Saksnr. Utval Møtedato

018/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

026/20 Teknisk, miljø- og kulturutvalet 04.06.2020

Formannskapet

Kommunestyret

Forslag til endra bibliotekstruktur

Kort samandrag av saka Prosessen med nytt skulebygg i Hyen har skapt behov for ei politisk avklaring om framtidig bibliotekstruktur i kommunen. Ei endring i strukturen er eit tiltak som rådmannen opphavleg hadde tenkt å tilrå som ein del av innsparingssaka, som skal leggjast fram i september. For å samkøyre med ei avgjerd om nytt skulebygg, vert saka lagt fram no. Rådmannen tilrår ei umiddelbar avvikling av bibliotekfilialen i Hyen, og ei gradvis avvikling på Byrkjelo. Dette kan gje ei årleg innsparing i driftsutgifter på kr 677 000, med full virkning frå 2024. Tilrådinga inneheld også avbøtande tiltak av ymse karakter, for at innbyggjarane i Hyen og på Breim framleis skal ha god tilgang til bibliotektenester.

Rådmannen si tilråding 1. Kommunestyret vedtek ein slik endring av strukturen til Gloppen folkebibliotek:

· Filialen i Hyen vert avvikla, og utforming av nytt skulebygg tilpassa deretter · Filialen på Byrkjelo får reduserte opningstider frå og med hausten 2020, og vert avvikla når

husleigekontrakten går ut 1. juni 2023 · Ordninga «meirope bibliotek» vert innført på Sandane bibliotek

2. Kommunestyret ber administrasjonen om å arbeide med avbøtande tiltak for å gje innbyggjarane i Hyen og på Breim tilgang til gode bibliotektenester i framtida.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Som ein del av det igangsette innsparingsarbeidet til kommunen, har administrasjonen i kultursektoren arbeidd fram ei førebels liste over tiltak for å redusere driftsutgiftene i sektoren. Ei tilråding om å gjere om strukturen på kommunens folkebibliotek er mellom innsparingstiltaka som skulle leggjast fram for politisk handsaming over sommaren. Prosessen med bygging av nye Hyen skule gjer at det allereie no bør avklarast om ei endring i bibliotekstrukturen skal gjennomførast, slik at det nye skulebygget kan tilpassast deretter. For å kunne vurdere heile bibliotekstrukturen samla, legg rådmannen i denne saka fram si tilråding for både Hyen, Byrkjelo og Sandane. Fakta i saka Hyen bibliotek Filialen i Hyen har vore stengt sidan 2017, i påvente av nye Hyen skule. Opningstida før 2017 var totalt 9,5 timar i veka fordelt på to vekedagar gjennom skuleåret. Biblioteket fungerte som både folkebibliotek og skulebibliotek, dette utan at skulen har vore med å finansiere denne tenesta. Det

Page 5: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

var knytt om lag 0,3 årsverk til biblioteket, og det har ikkje vore budsjettert med desse lønsmidlane på biblioteket sitt budsjett sidan 2016. Utlånsstatistikk frå filialen i Hyen viser ein nedgåande trend i perioden 2000 til 2016, dette på grunn av ein sterk reduksjon i utlån av bøker til vaksne. Utlån i Hyen utgjorde 7,5 prosent av dei totale utlåna hjå Gloppen folkebibliotek i 2016.

Utlånstal Hyen 2000 2005 2010 2016 2019*

Bøker til vaksne 1016 648 523 393 0

Bøker til barn og unge 2 048 3 426 3 120 2 264 0

Bøker totalt 3 064 4 074 3 643 2 657 0 * biblioteket har vore stengt sidan 2017

Ifølgje tidlegare vedtak i kommunestyret skal bibliotekfilialen gjenopnast i nye Hyen skule når denne står klar. Planarbeidet for nye Hyen skule har tatt høgde for dette, og teikningane som no ligg føre ser ut til å ha gode løysingar for eit felles bibliotek for både skule og for bygda, med høveleg plassering ved inngangspartiet. Oppstart av folkebiblioteket i Hyen vil medføre ein monaleg driftskostnadsauke for Gloppen folkebibliotek. Det vil ikkje vere mogleg å starte opp att i Hyen, med ein struktur og eit tilbod som tidlegare (jamfør vedtak i KOM-019/17), utan ei auke i driftsbudsjettet på minimum kr 250 000. Byrkjelo bibliotek Filialen på Byrkjelo held ope to dagar i veka, totalt 12 timar, gjennom store delar av året. Årlege driftsutgifter knytt til denne filialen er kring kr 377 000. Det er knytt ei 40 prosent stilling til biblioteket. Personen som er tilsett i denne stillinga har sagt opp stillingsforholdet gjeldande frå og med hausten 2020. Dagens husleigeavtale går ut 1. juni 2023. Utlånsstatistikk frå Byrkjelo-filialen viser ein svak nedgåande trend i utlån av bøker til vaksne, medan det har vore ei auke i utlån til barn og unge. Totalt sett ligg utlånstala dei siste åra stabilt. Utlåna på Byrkjelo utgjorde 14,5 prosent av totale dei utlåna hjå Gloppen folkebibliotek i 2016, medan Hyen framleis var ope, og kring 10 prosent av dei totale utlåna i 2019.

Utlånstal Byrkjelo 2000 2005 2010 2016 2019

Bøker til vaksne 2 391 2 850 1 698 1 739 2 011

Bøker til barn og unge 2 734 2 558 1 876 2 287 3 154

Bøker totalt 5 125 5 408 3 574 4 026 5 165

Sandane bibliotek Hovudbiblioteket i Trivselshagen på Sandane held ope seks dagar i veka, 37 timar totalt, 52 veker i året. Opningstidene er noko redusert i skuleferiane. Det er i dag knytt 2,7 årsverk til biblioteket. Årlege driftsutgifter knytt til hovudbiblioteket er 2,57 millionar kroner. Biblioteket har ei avtale med Firda vidaregåande skule om sal av skulebibliotektenester. Biblioteket på Sandane utgjer «motoren» i folkebibliotektenesta i Gloppen, og er dermed ein viktig premissleverandør for tilbodet folkebiblioteket kan gje til alle innbyggjarane i kommunen. Det gjeld til dømes utvikling av biblioteksamlinga, digital infrastruktur med biblioteksystem tilgjengeleg for alle heimanfrå 24/7, oppdateringar, innføring og kunngjering av ulike digitale tilbod via eiga nettside, aktivitet i sosiale media, arrangementsutvikling, lesekampanjar og andre tiltak innan lesestimulering, kunnskaps-, litteratur- og kulturformidling, og i siste instans også demokratiutvikling. Biblioteket har aktive brukarar i alle aldrar i heile kommunen, og nokre av desse set aldri sin fot i dei fysiske biblioteka. Dei nyttar i staden biblioteket sine digitale tilbod, der dei t.d. les bøker og aviser gratis via nett. Lisensar til fleire slike tenester vert også dekkast av biblioteket sitt budsjett.

Page 6: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Utlånstal Sandane 2000 2005 2010 2016 2019

Bøker til vaksne 13 655 10 387 9 423 10 397 14 722

Bøker til barn og unge 13 976 12 951 11 879 18 749 28 519

Bøker totalt 27 631 23 338 21 302 29 146 43 241

Utlånsstatistikk frå biblioteket på Sandane viser ei kraftig auke i utlån av bøker, spesielt til barn og unge. Utlåna på Sandane utgjorde 78 prosent av dei totale utlåna hjå Gloppen folkebibliotek i 2016, medan Hyen framleis var ope, og nærmare 90 prosent av dei totale utlåna i 2019. Biblioteket har også vorte ein viktig møteplass, med fleire arrangement gjennom året, t.d. debattar, høgtlesing og konsertar. I 2019 hadde biblioteket på Sandane meir enn 58 500 registrerte besøk. Etter eit initiativ frå IKT Nordfjord på nyåret, vert det arbeidd med planar for å kunne tilby det som vert kalla meirope bibliotek ved biblioteket på Sandane. Eit meirope bibliotek gir tilgang for brukarane utover ordinær, bemanna opningstid. Med ei brukaravtale i botn og eit lånekort, vil enkeltpersonar sjølv kunne låse seg inn alle dagar i veka året rundt, i ein tidsperiode bestemt av kommunen. Vanleg opningstid for meiropne biblitek er frå klokka 07.00-23.00. Brukarane og biblioteket sin tryggleik vert sikra gjennom kameraovervaking. Ei slik løysing vil auke tilgangen til biblioteket frå 37 timar til over 100 timar i veka, utan at driftskostnadane aukar vesentleg. Sjølvbetjening vil gje høve til utlån og innlevering. Meiropne bibliotek er etter kvart blitt heilt vanleg i Noreg, og per dags dato er fleire hundre av landets folkebibliotek meiropne. Stryn kommune var klar med dette tilbodet rett før koronastenginga. Der bidrog Stryn vidaregåande skule med kring kr 100 000 i medfinansiering for å få på plass dette systemet, då dette er ei ordning elevane ved skule nyt godt av. Meiropne bibliotek har gode erfaringar, med besøk også på dagar som julafta. For å kunne etablere eir meirope bibliotek på Sandane er det naudsynt med ei eingongsinvestering i diverse utstyr, system og installering av dette. Når det gjeld driftsutgifter, så er det snakk om ei minimal auke til betaling av ei årleg lisensavgift. Budsjett Gloppen folkebibliotek har i 2020 eit samla budsjett på kring 2,95 millionar kroner (sjå tabell under). Dette utgjer 16,2 prosent av det totale kulturbudsjettet på kring kr 16,87 mill.

Budsjett Gloppen bibliotek 2020

Lønn og sosiale utgifter 2 150 000

Driftsutgifter 1 311 000

Overføringar 225 000

Finansieringsutgifter 130 000

Salsinntekter -16 000

Refusjonar -853 000

Finansieringsinntekter 0

Totalt 2 947 000

Rammer og føringar for bibliotekdrifta i Gloppen I formålsparagrafen til lov om folkebibliotek står det: «Folkebibliotekene skal ha til oppgave å fremme opplysning, utdanning og annen kulturell virksomhet, gjennom aktiv formidling og ved å stille bøker og andre medier gratis til disposisjon for alle som bor i landet. Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt. Det enkelte bibliotek skal i sine tilbud til barn og vaksne legge vekt på kvalitet, allsidighet og aktualitet. Bibliotekenes innhold og tjenester skal gjøres kjent. Folkebibliotekene er ledd i et nasjonalt biblioteksystem.»

Page 7: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

I paragraf 4 står det: «Til formål nevnt i kapittel 1 skal alle kommuner ha et folkebibliotek». Regjeringa sin bibliotekstrategi «Rom for demokrati og dannelse» legg vekt på at biblioteka skal nå fram til fleire, også dei som sjølv ikkje oppsøkjer biblioteket, og at det digitale tilbodet skal aukast. I samfunnsdelen til kommuneplanen står det at «Gloppen kommune skal utvikle Gloppen folkebibliotek som møteplass og verkstad for oppleving og læring i kvardagen, både fysisk og digitalt. (…) Styrkje arbeidet med aktiv formidling av kunnskap og kultur inn mot alle aldersgrupper» I Opplæringslova §9-2 står det følgjande om skulebibliotek: «Elevane skal ha tilgang til skolebibliotek. Departementet kan gi nærmare forskrifter.» I Forskrift til opplæringslova §21-1 vert det presisert at: «Skolen skal ha skolebibliotek med mindre tilgangen til skolebibliotek er sikra gjennom samarbeid med andre bibliotek. Bibliotek som ikkje ligg i skolen sine lokale, skal vere tilgjengeleg for elevane i skoletida, slik at biblioteket kan brukast aktivt i opplæringa på skolen. Biblioteket skal vere særskilt tilrettelagt for skolen.» Følgjande står å lese på Norsk Bibliotekforening avd. skole sin nettstad: «Skolebiblioteket regnes ikke lenger som en statisk boksamling, men er en måte å organisere skolens arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle fag. Denne læringsarenaen er et tillegg til klasseromsundervisningen, på tvers av fag og studieretninger og henger nøye sammen med læreplanene og skolens virksomhetsplan. Det er derfor ikke kun fysisk boksamling som er vesentlig her, men også at det prioriteres kvalifisert personalressurs til dette arbeidet.» Det er skulen sjølv, og opplæringssektoren i kvar kommune, som sjølv må gjere eigne prioriteringar, og såleis definere kvalitets- og kostnadsnivå på sine skulebibliotek. Det er stor skildnad på satsinga på skulebibliotek i landets kommunar. Mellom anna på bakgrunn av dette har Utdanningsdepartementet no ei fleirårig satsing på skulebibliotek, der kommunar som har ein skulebiblioteksplan kan søkje om midlar. Tenestenivå i forhold til andre kommunar For å samanlikne Gloppen kommune sitt nivå på bibliotektenester med liknande kommunar, har vi sett på utgiftsbehov-justerte tal i KOSTRA for Gloppen. Utgiftsbehovet per innbyggjar i ein kommune blir rekna ut på grunnlag av alderssamansetnad (demografi), geografi og sosiale tilhøve (andel uføre, ugifte eldre, innvandrarar og så vidare). Tala for Gloppen er samanlikna med gjennomsnittet for kommunar i KOSTRA-gruppe 11, som Gloppen kommune er ein del av. Dette er ei gruppe mellomstore kommunar med middels bundne kostnader per innbyggjar og middels frie disponible inntekter.

Nøkkeltal folkebibliotek i 2019 Gloppen KOSTRA-gruppe 11

Reelt avvik

Avvik i % ift. gruppe 11

Netto driftsutgifter per innbyggjar (NOK)

472 329 143 43,5

Løns- og medieutgifter per innbyggjar (NOK)

417 276 141 51

Andel av kommunens totalutgifter (prosent)

0,6 0,5 0,1 20

Andel av kulturbudsjettet (prosent) 14,8 12,4 2,4 19,4

Page 8: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Tal innbyggjarar per årsverk 1 888 3 116 - 1 228 - 35

Besøk per innbyggjar 9,5* 5,0 4,5 90

Utlån alle medier per innbyggjar 6,4 3,1 3,3 106 * Gloppen har berre tal frå Sandane bibliotek

I 2019 hadde Gloppen folkebibliotek 43,5 prosent høgare netto driftsutgifter per innbyggjar samanlikna med gjennomsnittet for kommunane i KOSTRA-gruppe 11. Dette skuldast mellom anna at medie- og lønsutgiftene per innbyggjar var 51 prosent over gjennomsnittet. Tal innbyggjarar per årsverk viser også at biblioteksbemanninga ligg godt over gjennomsnittet i KOSTRA-gruppa. Gloppen kommune brukte 2,4 prosentpoeng meir av kulturbudsjettet sitt på bibliotek i 2019 enn KOSTRA-gruppe-gjennomsnittet, og låg også høgare enn gjennomsnittet når det gjeld netto utgifter til bibliotek som del av kommunens totale nettoutgifter. Dei gode bibliotektenestene våre er mellom årsakene til at kommunen skårar godt Norsk kulturindeks. I 2019 var det registrert over dobbelt så mange utlån og nesten dobbelt så mange besøk per innbyggjar på biblioteka i Gloppen samanlikna med gjennomsnittet i KOSTRA-gruppe 11. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ved å redusere frå tre til eitt bibliotek, vil kommunen samla sett kunne spare kr 677000 i årlege driftsutgifter frå og med 2024, utan å måtte redusere kvaliteten på innhaldet i bibliotektenesta. Eit vedtak om å legge ned filialen i Hyen vil spare kommunen for ei framtidig auke i driftsbusjettet på minimum kr 250000. I tillegg er det forventa at investeringskostnadane for nytt skulebygg, knytt både til tal kvadratmeter og inventar, vil kunne reduserast noko. Reduserte opningstider (frå 12 til 6 timar i veka) på Byrkjelo filial frå august 2020 og fram til husleigekontrakta går ut 1. juni 2023 kan gje ei innsparing i driftsutgifter på kring kr 300000 i denne perioden. Dersom ein vel å legge ned filialen allereie frå august 2020, vil innsparinga i perioden fram til juni 2023 bli dryge kr 600000. Deretter vil nedlegginga gje ei årleg innsparing på kring kr 427000, med full effekt frå og med budsjettåret 2024. Eit vedtak om å gjere biblioteket på Sandane meirope krev ei eingongsinvestering i utstyr, system og installering. Dette vil erfaringsvis koste mellom kr 150000-200000. Når det gjeld driftsutgifter, er det snakk om ei lita, årleg lisensavgift. Det er uavklara kor mykje av investeringskostnaden kommunen vil måtte ta sjølv. Ein formell førespurnad til Firda vidaregåande skule om medfinansiering avventar eit kommunalt vedtak om innføring av ordninga. Rådmannen si vurdering Rådmannen ser det som ein styrke for å sikre spreidd busetnad i kommunen at Gloppen har ein filialstruktur som dagens. Planane for nye Hyen skule ser ut til å ha lagt godt til rette for eit felles bibliotek for skule og folkebibliotek. Samstundes har den økonomiske situasjonen endra seg til det verre for kommunen, og generelt veks driftsutgiftene meir enn inntektene. Rådmannen meiner at ei endring av bibliotekstrukturen er eitt av tiltaka som bør gjennomførast for å få ned kommunens driftsutgifter, og vil i det følgjande grunngje denne tilrådinga. Dersom kommunen vel å legge ned filialane i Hyen og på Byrkjelo, vil ein stå att med eitt fysisk folkebibliotek i kommunen. Dette er i tråd med det lovpålagde kravet. Mange kommunar på storleik med Gloppen har teke dette grepet tidlegare, mellom andre naboane Stryn og gamle Eid kommune. Som KOSTRA-tala viser, så har Gloppen kommune særs gode og mykje brukte bibliotektenester sett i høve til andre, samanliknbare kommunar. Hovudbiblioteket på Sandane kan tilskrivast det meste av den positive utlånsstatistikken, då nærmare 90 prosent av alle utlån skjedde der i 2019. Besøkstala

Page 9: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

kan utelukkast tilskrivast Sandane, fordi dette biblioteket er det einaste i kommunen som registrerer sine besøk. Statistikken viser samstundes at det gode tilbodet også har ein kostnad, og at Gloppen på dette området ligg betydeleg høgare enn gjennomsnittet for si kommunegruppe. Mellom anna er løns- og medieutgiftene over 50 prosent høgare per innbyggjar i Gloppen enn gjennomsnittet for gruppe 11-kommunane. Utviklinga innan digitalisering av biblioteksmateriale, som har skutt fart som følgje av koronastengde bibliotek, gjer at fysisk nærleik til bibliotek ikkje treng å bety at lånematerialet er utilgjengeleg. Samstundes er biblioteka si oppgåve no mykje breiare enn å låne ut bøker og anna fysisk materiale. Funksjonen som fysisk møteplass er blitt framheva særleg dei siste åra, og då er sjølvsagt fysisk nærleik og tilgjengelegheit viktig. Men med korte opningstider og få personalressursar har bibliotekfilialane på Byrkjelo og i Hyen særs begrensa moglegheit til å utvikle sine møteplassfunksjonar, og syte for arrangement og aktivitet som forsvarer kostnaden ved å ha fleire enn eitt fysiske bibliotek i kommunen. Utan ein filial frå Gloppen folkebibliotek vil Hyen skule få ansvar for sitt eige skulebibliotek, og vil i større grad kunne ta dette i bruk som dei ønskjer i sitt pedagogiske arbeid. Skulen kan sjølvsagt vere med i tenlege samarbeidsordningar med folkebiblioteket, på lik linje med dei andre grunnskulane i kommunen. Det same vil gjelde for Breim skule. Introduksjonsopplegget for 1., 2. og 3. trinn, der Gloppen folkebibliotek i nokre år har arbeidd med å få til eit fast og likearta tilbod til alle skulane uavhengig av avstand, er døme på slike samarbeidsordningar. Depotordningar for bøker, litteraturtilbod via Den kulturelle skulesekken, opplegg for felles lesekampanjar, informasjon til lærarar og deltaking på foreldremøter er andre døme. For å kompensere for den reduserte tilgangen på eit fysisk bibliotek for vaksne lokalt i Hyen og Byrkjelo, kan biblioteket på Sandane tilrettelaggast som eit meirope bibliotek med utvida opningstider på kveldstid, i helgar og feriar. Dette vil gjere biblioteket meir tilgjengeleg for alle, og spesielt for innbyggjarar som har eit stykke å reise. Biblioteket kan også legge til rette for henting og levering av bøker lokalt i Hyen og på Breim, til dømes «bibliotek-i-butikk»-løysing etter inspirasjon frå «post-i-butikk»-systemet. Dersom kommunen vel å oppretthalde og drifte Gloppen folkebibliotek med ein tredelt struktur, samstundes som ein kuttar ned driftsutgiftene for å spare, vil det føre til eit svekka bibliotek som heilskap. Attraktiviteten, relevansen på samlingane og kompetansen til dei tilsette vil bli mindre på alle avdelingar. Det er viktig å vere klar over at ressursar og personale knytt til biblioteket på Sandane er avgjerande for eit godt tilbod for heile kommunen, uavhengig av struktur. Å endre bibliotekstrukturen er ein måte å få ned driftsutgiftene utan å redusere kvaliteten på innhaldet i tenestene som biblioteket leverer. Difor er dette tiltaket tilrådd av rådmannen. Eit meirope bibliotek på Sandane, som rådmannen også tilrår, vil ikkje redusere driftskostnadane. Men med ei eingongsinvestering kan ein gjere det fysiske biblioteket på Sandane langt meir tilgjengeleg for alle. Kommunen vil dermed sikre betre utnytting av allereie investerte ressursar og årlege husleigeutgifter for lokalet i Trivselshagen. Rektor ved Firda ser dessutan svært positivt på planane om meirope bibliotek, og peikar på at dette passar godt inn i Open skule-tilbodet deira. Utan å forskottere, men med utgangspunkt i dette og i avtalen mellom Stryn kommune og Stryn vidaregåande skule om medfinansiering, ser vi for oss at ei liknande avtale kan vere realistisk å få til også her. Oppsummering For å redusere driftsutgiftene utan å verte nøydde til å redusere kvaliteten på innhaldet i kommunens bibliotekteneste, går rådmannen inn for ei permanent endring av strukturen til Gloppen folkebibliotek frå tre fysiske bibliotek til eitt. Gloppen folkebibliotek vil arbeide vidare med å sørge for å vere eit godt og relevant tilbod til heile kommunen. Med denne strukturen kan Gloppen sørge for å ha eit meir robust bibliotek, som kan vere i stand til å gje ulike tilbod som kjem heile kommunen

Page 10: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

til gode, og som kostar mindre enn med dagens struktur.

Page 11: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FE-613, FA-A20, HIST-16/1353

JournalpostID: 20/8564

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

019/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Orientering om arbeidet med nye Hyen skule pr mai 2020 Vedlegg i saka: 28.05.2020 200525 HYEN SKOLE KOSTNADER ENTREPRISE FRAMDRIFT

Rådmannen si tilråding Oppvekstutvalet tek saka til orientering

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Arbeidet med planlegging av nye Hyen skule er i gang. Skisser og planar vart presentert for oppvekstutvalet i møte den 14. april 2020. Saka her er meint som ei kort orientering om kva som er gjort sidan det og plan framover. Fakta i saka Vedlagt saka ligg eit notat frå Arkitektkontoret Ola Roald AS. Det tek for seg kostnadsvurderingar, framdrift og entrepriseform. I korte trekk vert houvdelementa oppsummert her. Kostnader. Det har vore jobba med å få eit så godt bilde på kostnadane som mogeleg. Den viktigaste einskildfaktoren for kostnader er kvadratmeter. Romprogrammet er jobba mykje med og minimert utifrå det som var lagt til grunn i grunnlaget før arkitekt byrja å jobbe med skulen. Det som er eit spørsmål no er areal til bibliotek, som heng saman med kva vedtak som vert gjort om det i kommunestyret i juni. Eiga sak på det vert presentert. Det vil og verte gjort vurderingar kring takløysinga på bygget for å sjå om det kan spare pengar. Ulike byggemåtar vert sett på frå eit bygg i massivtre til meir tradisjonelt reisverkbygg. Det må og jobbast vidare med mellombelse løysingar for skulen i rive og byggetida og kostnadane med det, samt framføring av varme, vatn , straum osv. Det er dialog med Husbanken om bygget vert definert som grønt bygg og såleis kan oppnå 0,5- 1% billegare rente. Det vil ha mykje å seie på kostnaden. Det er og eit arbeid opp imot løysingar med solceller. For uteområdet vil vi sjå på om det er mogeleg med spelemiddelsøknader på delar av anlegget som ei delfinansiering og som kan bidra positivt. Entrepriseform. Arkitekten anbefalar oss å sjå på to entrepriseformer. Totalentreprise med samspel og «vanleg» totalentreprise. Arkitekten har gode erfaringar med samspelsvarianten, spesielt opp imot det å jobbe med kostnader og løysingar for å få ned prisen. Gloppen kommune har ikkje erfaring med denne entrepriseforma, men vil vurdere det. Det er arkitekten si anbefaling.

Page 12: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Framdriftsplan. Avhengig av når vi får eit vedtak er det skissert to ulike framdriftsplanar basert på dei ulike entrepriseformene. Overordna kan vi seie at det vil ta litt over eit halvt år med planlegging og rundt eit og eit halvt år med riving/bygging. Avhengig av vedtak om oppstart vil vi kunne vere klar til innflytting til skulestart i 2022. Økonomiske konsekvensar for kommunen Det er sett av 40,8 million i økonomiplanen til kommunen for å bygge nye Hyen skule. Før vi legg fram ei sak for politisk vedtak vil vi jobbe med kostnadsoverslaget og skissene til Hyen skule, slik at vi kan legge fram ei løysing som er så godt opplyst som råd i eit skisseprosjekt og har med alle kostnadselement så langt det er mogeleg å finne ut. Rådmannen si vurdering Saka er ein liten statusrapport på framdrifta i prosjektet nye Hyen skule. No vert det ikkje gjort meir med skisseprosjektet før vi har eit vedtak om bibliotek i Hyen. Då vil det vert jobba vidare med for å kunne legge fram ei komplett sak til politisk behandling i septembermøta. Kostnadskalkylane ligg i dag i overkant av det som er sett av i gjeldande økonomiplan. Dette vert det jobba med fram til ei vedtakssak om igangsetjing er klar.

Page 13: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FE-140

JournalpostID: 20/8031

Saksbehandlar: Beate Kornberg

Saksnr. Utval Møtedato

013/20 Eldrerådet 25.05.2020

013/20 Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 25.05.2020

020/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

028/20 Helse- og omsorgsutvalet 03.06.2020

036/20 Teknisk, miljø- og kulturutvalet 04.06.2020

Planstrategi 2020 - 2024 - Gloppen kommune - til uttale i råd og utval i høyringsperioden Vedlegg i saka: 02.04.2020 Planoversikt med forslag til nye planar og rulleringar - med formannskapet sine

endringar 02.04.2020 Formannskapet sitt framlegg til planstrategi for Gloppen 2020-2024

Rådmannen si tilråding Kommunestyret vedtek formannskapet sitt forslag til Planstrategi for Gloppen kommune 2020 – 2024.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Etter plan- og bygningslova §10-1 skal alle kommunar utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi seinast eitt år etter at det nye kommunestyret er konstituert. Planstrategien skal gje ei tydeleg retning for ønska samfunnsutvikling i kommunestyreperioden, og har som mål å styrke den politiske styringa. Kommunestyret vedtok i sitt møte 30.10.2019, sak 76/19, å starte opp arbeidet med kommunen sin planstrategi for perioden 2020-2024, med mål om endeleg vedtak i kommunestyret 17. juni 2020. 13. februar 2020 vart det gjennomført ein planstrategiverkstad, der kommunestyret, sektorleiarar/ nokre einingsleiarar og rådmannen sitt planforum kom fram til ei prioritering av kva for utfordringar kommunen skal legge vekt på å jobbe med i denne kommunestyreperioden. Planstrategien bygger på oppsummeringane frå verkstaden. Formannskapet vedtok i sitt utsette møte 1. april 2020, å legge rådmannen sitt framlegg til ny planstrategi ut på høyring og til offentleg ettersyn med justert høyringsfrist til 15. mai. I formannskapet sin opprinnelege framdriftsplan vart det lagt opp til at råda og utvala skulle behandle saka etter høyringsperioda. P.g.a fleire møteendringar og oppgåveendringar pga. koronasituasjonen, får nå råda og utvala saka til behandling som ein del av høyringa. Fakta i saka Planstrategien inneheld eit kapittel (2) om viktige føresetnader for kommunal planlegging – nasjonale og regionale forventningar, lokale føringar gjennom nyleg vedtekne planer og planverkstaden sine prioriteringar. I kapittel 3 finn de dei fire utfordringstema det skal prioriterast å

Page 14: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

finne løysingar på i perioden: 1. Klimaomstilling 2. Sosialt berekraftige lokalsamfunn 3. Sunn økonomi, demografi og folketalsvekst 4. Nytenkande næringsliv og attraktive arbeidsplassar Her er utfordringane utdjupa og kopla saman med framtidsmåla i vedteken samfunndel og FN sine berekraftmål. Formannskapet sitt framlegg til planstrategi for 2020 – 2024 har lagt ute på høyring i perioden 3. april til 15. mai 2020. Det har i høyringsperioden komt inn fem uttaler/ fråsegn. Desse vil bli omtalt og kommentert i saka til formannskapet 10. juni og kommunestyret 17. juni. Økonomiske konsekvensar for kommunen Ingen direkte økonomiske konsekvensar utover kostnadar til kommunen sine eigne planressursar. Rådmannen si vurdering Målet med at råda og utvala skal få planstregien til uttale, er å sikre at råda får høve til å peike på viktige utfordringar de ser med utgangspunkt i brukargruppene de representerer, og at utvala får vurdere om planstrategien i tilstrekkeleg grad bidreg til å løyse sektorane sine utfordringar. Med bakgrunn i erfaringar frå førre planperiode, ser rådmannen på høyringsframlegget til «Planstrategi for Gloppen kommune 2020 – 2024» som realistisk og mindre ressurskrevjande. Dette vil gje kommunen eit større handlingsrom, og naudsynte ressursar til oppfølging av vedtekne planar. Ved å avgrense tal planar som skal utarbeidast årleg, hindrar vi at planprosessane trekk uhensiktsmessig ut i tid, og frigjer ressursar til anna viktig utviklingsarbeid. I ein kommune på vår storleik med avgrensa planressursar, der planleggarar og sakshandsamarar har fleire roller og oppgåver, er det viktig å sikre at vi også har ressursar til å følgje opp planane. I vedlagt planoversikta er det difor kun oppstartsåret som er lagt inn. Dette med unntak av arealdelen og områdereguleringsplan for Sandane sentrum som etter planen skal ferdigstillast i 2020. Meir detaljert framdriftsplan for kvar plan/strategi vil bli lagt fram i starten på kvart planarbeid. Vidare er det viktig å vurdere kor mye ressursar som skal settast av til dette arbeidet, i ei tid då heile organisasjonen er satt til å vurdere korleis sektorane i lag kan drive meir økonomisk. Noko av ressursane innan planlegging kan til dømes i større grad nyttast til å bistå sektorleiarane til å drive fram nødvendig endringsarbeid. Rådmannen vil gjere råd- og utvalsmedlemmar merksam på at formannskapet, i si behandling av høyringsutkastet, tok rullering av «Bustadpolitisk handlingsplan» og utarbeiding av «Frivillegheitsstrategi» ut av oversikta. Det er viktig at råd og utval vurderer dette opp i mot dei oppgåvene og utfordringane de skal finne løysing på i kommunestyreperioden. Eldrerådet 25.05.2020 Behandling ELD- 013/20 Vedtak Eldrerådet støttar formannskapet sitt utkast til planstrategi. Eldrerådet ønskjer å kome tidlegare inn i planprosessane i perioden. Vedtaket var samrøystes.

Page 15: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne 25.05.2020 Behandling RAD- 013/20 Vedtak Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne meiner at plan for smittevern bør reviderast, med tanke på pandemi. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har elles ikkje merknader i saka. Vedtaket var samrøystes.

Page 16: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FA-F31

JournalpostID: 20/8258

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

021/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Formannskapet

Kommunestyret

Mottak av mindreåringe flyktningar

Rådmannen si tilråding Kommunestyret tek saka til orientering og går ikkje vidare med å etablere mottak for mindreårige flyktningar.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Kommunestyret vedtok i kommunestyresak 37/20 ein uttale slik: Hent borna ut av Moria no! Situasjonen i Moria er uhaldbar, kritisk og vanskeleg. Frå å vere eit transittland vidare inn i Europa, har Hellas blitt ein varig bustad for titusenvis av flyktningar. Over 20 000 menneske bur i dag i ein leir som er bygd for 3 000, og mengda aukar. Leirane på dei greske øyane er overbelasta og har ikkje kapasitet til å ta imot nye store grupper flyktningar. Flyktningkonvensjonen, Tyrkia-EU-avtalen og Dublinavtalen har gjort at Hellas har endt opp åleine med ansvaret, medan andre europeiske land står handlingslamma og ser på. I Moria døyr små barn av dehydrering og barn ned i toårsalderen driv med sjølvskading. Ein ser sjølvmord og sjølvmordsforsøk blant barn og unge som er alt for små til å miste lysta til å leve. At vi aksepterer slike umenneskelege forhold og lidingane det fører med seg i dagens Europa når vi openbert har ressursene til å hindre det, er eit stort svik. Dette er eit svik mot borna i Moria og eit svik mot dei ideala vi byggjer samfunnet vårt på. Dette er ikkje Norge verdig. Gloppen kommune meiner at Norge må sette i verk hastetiltak. I nærområda må det straks takast grep for å sikre grunnleggjande menneskerettar, vatn og sanitærforhold og verdige levekår. Gloppen kommune krev at Norge skal vere ein pådrivar for å overhalde menneskerettane i europeiske flyktningleirar, og at born sine grunnleggjande behov blir tekne vare på. Gloppen kommune krev at: · Norge bidreg til at borna i Moria blir evakuerte straks. · Norge skal bidra til a finne ei felles europeisk løysing pa flyktningsituasjonen pa dei greske

øyane. · Norge hentar einslege mindrearige flyktningborn fra Moria/Hellas. · Norge gjev ekstraordinær stønad til dei norske frivillege organisasjonane (NGO) i Moria-leiren.

Som del av uttalen:

Page 17: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Til neste møte ber Gloppen kommunestyre radmannen om a greie ut om kommunen har kompetanse og kapasitet til a busetje (fleire) einslege mindrearge, dette i tillegg til det kommunen allereie har meldt inn til UDI. Fakta i saka Gloppen kommune hadde mottak av einslege mindreårige flyktningar nokre år, tiltaket vart avslutta formelt i 2019 etter nedtrapping eit par år. I perioden Gloppen hadde mottak av mindreårige flyktningar så var det knytt til aldersgruppa 15-17år. Erfaringsgrunnlaget er difor knytt til aldersgruppa 15 – 17 år. Kompetansen vi hadde i tiltaket er ikkje tilgjengeleg i dag som følgje av naturleg avgang og overgang til andre jobbar. Generelt har vi kompetanse i Gloppen på mottak av flyktningar, inkludert dei som er mindreårige i dei ulike tenestene som får ei rolle. Tilsette og kompetanse Skal vi organisere opp eit nytt tiltak må vi lage ein organisasjon knytt til det. Det vil krevje ein leiar som har ansvar for den daglege drifta, turnus, planar og så vidare. Så er spørsmålet om vi skal legge tiltaket under ei anna eining eller organisere det som eit eige ansvar, der leiar har budsjett og personalansvar og. Eit tiltak vil krevje bemanning heile døgnet, heile veka. For å bemanne opp eit tiltak må vi ha minimum 5 årsverk, pluss noko vikarar i feriar osv. Dei som skal jobbe i eit slikt tiltak bør ha miljøterapeutkompetanse. Det vil i tillegg krevje opplæring og planlegging i forkant. Bustad og bil Fysisk må vi ha lokale som kan huse dei mindreårige med eigne rom. Det bør vere fellesareal, samt rom for personale. Erfaringane tilseier at tiltaket må disponere ein bil på dagleg basis. Her kan det vere at vi har eigne kommunale lokale som kan nyttast og vere eigna, alternativt må vi leige desse lokalitetane med private. Skule og barnehage Tek vi imot mindreårige flyktningar må vi ha plass i barnehage og skule og tiltak til å følgje dei opp med språk, sosialt og andre praktiske sider. Det er difor viktig at vi set av pengar til dette av dei tilskota vi får. Hjelpetenester. Mottak av mindreårige flyktningar vil medføre eit stort oppfølgingsbehov av våre eksisterande tenester som NAV, Barnevernet, Helsestasjon, PPT, Psykisk helse og Fysio/Ergo. Tannhelsetenesta, BUP og andre som ligg utanfor kommunen må og rekne med auka pågang. Det er viktig at det i planlegging av eit mottak vert teke omsyn til desse tenestene og. Økonomiske konsekvensar for kommunen Tilskot til einslege mindreårige flyktningar er i 2020: 1.196.000 kr per år til og med det året barnet fyller 16 år. 750.950 kr per år frå og med det året barnet fyller 17 år og til det er 20 år. I tillegg kjem integreringstilskot i 5 år (samla rundt 750.000 kr) Kostnadar til tilsette vil utgjere om lag 3,5 mill, andre driftskostnadader vil fort utgjere kring ein million i året. I tillegg får vi kostnader i alle dei andre tenestene og einingane som skal følgje opp desse barna. Det vil sjølvsagt avhenge av alder og hjelpebehov. Utifrå dette ser vi at det må vere eit visst omfang av eit slikt tiltak for at økonomien skal gå rundt. Eit slikt tiltak må ha mellom 6 og 10 barn, skal vi vere trygge på at kommunen ikkje skal sitje med ei stor rekning som vi ikkje får dekka. Det gjeld dei direkte kostnadane knytt til busetting og omsorg, men og behova knytt til barnehage, skule og hjelpetenester som må følgje opp. Dette er omtrentlege tal og ikkje sett på i detalj, då må vi lage ei detaljert saksutgreiing på det. Rådmannen si vurdering Erfaring med den gruppa Gloppen tok imot er at dette er ungdom som ofte kjem frå krigsherja

Page 18: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

område og har bagasje i forhold til det. Ofte har dei hatt ein barndom som har vore prega av ei omsorg som ikkje har vore god nok. Det har og vore betydeleg strev i forhold til at dei har vore sendt ut for å hjelpe resten av familien og har hatt til dels store forventninger på seg. Mange bekymringar knytt til familie som er igjen i leirar rundt om i verden. Det er ikkje grunn til å tru at dette vil vere noko annleis for dei som kjem frå Moria-leiren i Hellas. Dette krev ein del av hjelpeapparatet som skal ta dei i vare (altså store psykiske belastninger) og krev at vi har bemanning nok til å ivareta omsorgsbehova. Ungdomane har hatt store opplæringsbehov knytt til dei fleste livsområda. Dette vil setje press på dei tenestene vi har i dag og som utifrå kommunen sine økonomiske utfordringar ikkje vil verte mindre i åra som kjem. Skal vi ta imot dei minste vil det vere naturleg å diskutere om vi skal nytte oss av fosterheimar. Tilgangen på fosterheimar i vår region er dårleg og det er mange barn på vent for fosterheimsplassering, der plassering hjå familie, slekt og nettverk ikkje er aktuelt. Det vil då vere barneverntenesta som må ha kapasitet til å fylgje desse opp. Vi har ikkje erfaringar med å ta imot dei som er under 16 år, og truleg vil det krevje mykje av ulike delar av hjelpeapparatet og barnehage og skule over ei lang tidsperiode. Ei anna vurdering er i kva grad vi får tildelt mindreårige flyktningar for busetjing av nasjonale myndigheiter og i kva omfang. Ved etablering av eit tiltak vil det vere kostnader i oppstarten og ei eventuell avslutning av tiltaket som er vanskeleg å få dekka av dei ordinære tilskota. Vi må ha tilsette på plass før den første kjem og til etter at den siste er «vaksen» i tillegg til det praktiske med bustad osv. Å busetje familiar som i dag, er noko vi har større kompetanse og kapasitet til. Vi er avhengige av busetjing av ungdomar skal vi halde oppe GMU tilbodet som vi har saman med Firda vgs. Der vi deler kostnadane med ei klasse for å gje ungdomar i vgs alder grunnskulevitnemål. Med Gloppen kommune sin økonomi, der vi ikkje har økonomisk buffer til å ta uføresette utgifter eller forskottere inntekter, vil rådmannen ikkje tilrå at vi skal bygge opp eit tiltak for mottak av einslege mindreårige flyktningar. Det vil og krevje mykje jobb å få rekruttert rett kompetanse, som vi nok vil delvis hente frå eigne einingar i dag og skape utfordringar på den sida. Rådmannen sitt svar på spørsmålet til kommunestyret er at vi har kompetanse på mottak av flyktningar i kommunen, men ikkje eksisterande kompetanse på å drive eit slikt mottak no og heller ikkje kompetanse på mottak av born under 16 år. Vi har heller ikkje kapasistet til å få dette på plass verken med økonomi eller personar.

Page 19: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FE-026, HIST-16/772

JournalpostID: 20/8423

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

022/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Formannskapet

Kommunestyret

Akuttberedskap i barnevernet - vidareføring av samarbeid mellom Stad, Gloppen og Stryn

Rådmannen si tilråding Kommunestyret i Gloppen vidarefører avtale med Stad og Stryn om felles beredskapsvakt i barnevernet i tråd med saksframstillinga. Skulle behandlinga i Stad eller Stryn endre på det som ligg til grunn for avtalen må saka opp til ny behandling.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Kommunestyret i Eid, Gloppen og Stryn vedtok i 2017 å opprette eit samarbeid om lovpålagt akuttberedskap i barnevernet. I samband med at det vart vedteke kommunesamanslåing mellom Eid og Selje, vart det gjort avtale om at Selje vart inkludert i ordninga frå 2018. Innlemminga av Selje i vart avtalt administrativt og har ikkje vore politisk handsama. Selje vart med i ordninga utan å stille personell til rådvelde, men har sjølvsagt betalt for si deltaking. Ordninga har blitt vidareført etter at Selje og Eid gjekk saman til Stad kommune. Saka om vidareføring av samarbeidet etter kommunesamanslåinga skulle sjølvsagt ha vore politisk handsama før samarbeidet formelt vart starta opp. Fakta i saka Bakgrunnen for samarbeidet om beredskapsvakt i barnevernet var at Bufdir i brev til kommunane, 11.06.16, klargjorde at kommunane skal ha ei formell organisering av barnevernet som sikrar ei forsvarleg teneste også utanom kontortid. Sentrale krav er tilgjenge og rett kompetanse. I tillegg har Bufdir følgjande formulering som seier noko om kravet til tilgjenge: « En bakvaktsordning må være formalisert slik at noen har ansvar for å bidra med barnevernstjenestens kompetanse, og samarbeide med andre hjelpeinstanser dersom det oppstår en alvorlig situasjon utenfor kontortid. En ordning som baserer seg på at barnevernsledere eller ansatte i varierende grad kan kontaktes på private telefonnummer i krisesituasjoner er ikke en forsvarlig organisering av barnevernstjenestens akuttberedskap.» Akuttberedskapen er ei lovpålagt ordning og Fylkesmannen har stadfesta at måten denne er organisert på, er i tråd med forsvarlighetskravet i Lov om barnevernstenester. Eid, Stryn og Gloppen var fyrst ute med å etablere beredskap i fylket og modellen har vekt interesse hjå mange kommunar over heile landet. Beredskapen er organisert som ein 6. delt turnus med vaktlengde på 7 dagar. Vakta er knytt til eit fast offentleg telefonnummer som kan koplast vidare til den som til ei kvar tid er i beredskap. Det er

Page 20: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

eit krav at alle, ikkje bare naudetatane, skal kunne ringe beredskapstelefonen dersom dei har kjennskap til ei akuttsak. Beredskapsvakta tek i mot og sorterer hendvendingar og gjer fyrste vurdering med tanke på nærare undersøkingar og evt. tiltak. Vedkommande som har vakt, må være i stand til å avvise henvendingar som ikkje er akutte i Lov om barnevernstenester sin forstand. Dette er viktig slik at det ikkje vert etablert ei «generell utvida opningstid». Slike avvisingar må og dokumenterast. Ved evt. behov for iverksetting av tiltak eller umiddelbar undersøking utover det som kan gjerast pr. telefon, vil ikkje ei telefonvakt være tilstrekkelig bemanning. Å handtere ei akuttplassering, f.eks. etter lov om barneverntjenester § 4-6, 2.ledd, vil krevje minimum 2 personell i aktivitet. Den som har vaktberedskap har difor fullmakt til å beordre ut tilgjengeleg personell som ikkje er i beredskap. Om det ikkje er tilgjengeleg personell i den kommunen barnet bur ( ved kommunesamarbeid) må ein ha fullmakt til å hente personell frå dei andre samarbeidande kommunane. Personell som kan beordrast står ikkje vaktberedskap og har ikkje plikt til å være tilgjengeleg. Dei som vert beorda på oppdrag skal sjølvsagt avlønnast for dette etter gjeldande regelverk. Dei som inngår i beredskapsordninga må ha tilstrekkeleg kompetanse m.a. i høve barnevernslova sin reglar om akuttvedtak og sakshandsaming kring desse. Det vert stilt store krav til skriftlig saksframstilling og dokumentasjon. Vedkommande må være faglig trygg og kunne samarbeide med t.d. politi, legevakt og Bufetat sitt akuttapparat i svært kaotiske situasjonar. Vedkommande må og kunne handtere born/ungdomar og foreldre i krise og være i stand til å kartlegge og vurdere om det er ressursar i nettverket som kan avhjelpe ein akuttsituasjon. Ved evt. interkommunalt samarbeid om beredskap, må kompetansen være vurdert som tilnærma lik/samkøyrt uansett kva kommune som til ei kvar tid har akuttberedskapen. Kommunane som inngår i samarbeidet består av høvesvis små tenester. Det er difor ikkje alltid slik at kvar kommune har personell som ynskjer eller har kompetanse til å være med i ein akuttberedskap. I dag er det to tilsette frå kvar kommune som deltek i vaktberedskapen. Det kan oppstå situasjonar der ei kommune har fleire tilsette med i ordninga enn dei andre kommunane. Dette skal uansett ikkje ha nokon konsekvensar i høve økonomi, då avtala har ei kostnadsfordeling basert 25% fast pris og 75% fordelt på innbyggjartal. Barnevernsleiaren i Stad kommune tek seg av det adminstrative arbeidet. Dette er ikkje kompensert gjennom den kostnadsfordelinga som gjeld. Arbeidet med adminstrasjon er ikkje særleg omfattande. Vedtakskompetanse: Fullmakta til å fatte akuttvedtak kan, etter dagens regelverk, ikkje delegerast til andre enn barnevernsleiar/stedfortredar. Fullmakta kan heller ikkje overførast til barnevernsleiar i ei anna kommune. Det er difor påtalemakta som formelt må fatte vedtak dersom lokal barnevernsleiar/stedfortredar ikkje er involvert i den akutte situasjonen. Den som har beredskapsvakta må sakshandsame akuttvedtaket og ha dialog med jourhavande jurist hjå påtalemakta undervegs. Juridisk ansvar for saka ved kommunesamarbeid: Den kommunen barnet bur i vil være juridisk og økonomisk ansvarlig for alle vurderingar og tiltak som er sett i verk i regi av ei beredskapsvakt (og for den saks skuld: som ikkje er sett i verk). Bruken av beredskapsvakta: Bruken av beredskapvakta skal i praksis ikkje bety noko for verken oppretteing eller organisering. Dette då ordninga er lovpålagt. For ordens skuld kan ein likevel opplyse at det i 2019 vart registrert 21 henvendingar til beredskapsvakta. Det vert laga ein eigen årsrapport om vaktberedskapen som vert sendt kvar av dei samarbeidande kommunane.

Page 21: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Økonomiske konsekvensar for kommunen Det er gjort avtale med dei tilsette og organisasjonane om at den passive beredskapen vert avlønna 1/6. Det vil sei at kvar 6. time med passiv vakt skal avlønnast som ein ordinær arbeidstime. Den samla kostnaden for dei som går i beredskap i dag, inkludert kvelds- og helgetillegg, vil beløpe seg til ca kr.540.000,-. Dette skal allereie være innarbeidd i budsjettet til dei ulike kommunane. Med den vedtatte kostnadsfordelinga blir oppsettet for kvar kommune slik:

Folketal pr. 01.01.20

% 25% likt 75% Sum

Gloppen 5854 26,1 45.000 105.705 150.705

Stad 9457 42,1 45.000 170.505 215.505

Stryn 7130 31,8 45.000 128.790 173.790

Sum 22441 100 135.000 405.000 540.000

Kostnader ved utrykking og beordring av personell er ikkje med i reknestykket, då dette er kostnader som kommunen må dekke i dag og. Evt. kostnader til utstyr er heller ikkje med. Desse vil uansett være svært avgrensa. Rådmannen si vurdering Avtala om beredskapsvakt som er skissert her har fungert godt i perioden den har virka. Med endring i kommunestruktur er det naudsynt å ta den opp til ny behandling. Rådmannen ser ikkje at Gloppen har noko alternativ til dagens organisering for Gloppen sin del. Alternativet er sjølvsagt at kommunane etablerer eiga beredskapsordning. Å inngå samarbeidsavtale med andre kommunar ser vi som lite realistisk. Då ordninga som er i dag kun fyller minimumskrava, vil ei løysing med berre ei eller to kommunar føre til auka kostnad og auka vaktbelastning på dei som til ei kvar tid er med i ordninga. Denne saka skal behandlast i alle tre kommunane med tilnærma felles saksutgreiing. Skulle det verte vedtak i ein av dei andre kommunane som bryt med det som ligg til grunn i denne saksutgreiinga, må vi ta avtalen opp til ny behandling.

Page 22: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv:

JournalpostID: 20/8448

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

023/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Datamaskiner i Gloppenskulen framover Vedlegg i saka: 27.05.2020 IKT Nordfjord - Chroomebook

Rådmannen si tilråding Oppvekstutvalet tek saka til orientering og vil ta med seg dette i diskusjonane rundt investeringsbudsjettet framover.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Oppvekstsjefen ynskjer å orientere om det arbeidet og dei vurderingane som vert gjort i skulen rundt den digitale framtida. Oppvekstsjefen har eit sterkt ynskje om at vi skal jobbe som ein Gloppenskule og at vi i alle samanhengar skal jobbe for det både når ned gjeld utstyr og korleis vi gjer ting på. Gloppen er med i det regionsamarbeidet som er i oppvekst og som skjer gjennom IKT Nordfjord. Oppvekstsjefane i Nordfjord har sett ned ei gruppe som skal jobbe med IKT-spørsmål både kommunane imellom og opp mot IKT Nordfjord. Denne gruppa har laga eit notat som dei meiner er ein farbar veg framover, som ligg ved saka. Saksutgreiinga her vil ikkje repetere alt som står der. Fakta i saka Fagfornyinga med ein ny overordna del og nye læreplanar vert iverksett frå hausten 2020. Det er aukande krav til digital læring og kompetanse. Koronasituasjonen vi har og har hatt, har sett den digitale praksisen på kartet. Oppvekstsjefen vil her seie noko om kva tankar og planar som er for å kome vidare i Gloppenskulen. Fokuset her vil vere på utstyrssida. Skal vi kome vidare må vi ha tilgang til utstyr for å nå måla i læreplanane. Situasjonen i dag er at vi har ei dekning på mellom 50 og 60 prosent datamaskiner pr elev. Noko som betyr at kring halvparten av elevane kan jobbe på ei datamaskin til ei kvar tid. Med datamaskiner er det her alt frå nettbrett, stasjonære maskiner på datarom, berbare PC, Chroomebook og liknande. Alderen på ein del av maskinparken er byrja å nærme seg normal levetid for maskinvare. Det er mange vurderingar som skal gjerast og det finst ikkje ei optimal løysing som svarar på alle utfordringar. Kommunar gjer ulike vurdering og val for vegen framover. Nokre kommunar har nådd 1:1 dekning, andre som Gloppen har eit stykke igjen. Vi ynskjer å gå i takt i Nordfjord, men ser at det ikkje er heilt lett og vil vere nyansar mellom kommunane. Det viktigaste er at IKT Nordfjord og Nordfjordnett er klare til å kunne drifte dei løysingane som vert valgt. Det er dei. Målet for Gloppenskulen er å nå 1:1 dekning. For å nå det målet må vi ha ein plan for innføring og prioritering. Vi må uansett sikre oss at vi har tilgang til utstyr på alle trinn som i dag i ei slik innføring. Ungdomsskulen 8. kl. – 10. kl vert prioritert først, så vert mellomtrinnet 5. – 7. kl. prioritert og til slutt

Page 23: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

1. – 4. kl. Vi har rundt 750 elevar i Gloppenskulen, i tillegg kjem elevane på Gloppen opplæringssenter. Grunnen til å priorietere ungdomsskulen er at dei elevane både har klare forventningar til seg i bruk av digitale verktøy og dei skal førebuast til ein kvardag på vidaregåande skule der dei har eiga datamaskin i det daglege skulearbeidet. Med ein gjennomsnittleg levetid på 5 år går det å tenkje seg ei rullering av maskinene. Det kan vere å tenkje at elevane som startar på ungdomsskulen i 8. klasse får ei ny maskin, når dei går ut i 10. klasse, kan maskinene gå til 1. klassingane som har dei til og med 2. klasse. Dei som byrjar i 5 klasse får nye maskiner og har dei til dei byrjar på ungdomsskulen, då vil maskinene gå til 3. klasse, som har dei til og med 4. klasse. Alternativa er å halde fram med windows Pcar som i dag, nettbrett som vi har delvis i dag eller Chromebook. Ein Chromebook er ein bærbar PC (laptop) eller eit nettbrett som køyrer operativsystemet Chrome OS som er laga av Google. Programma og det meste av data er i all hovudsak lagra i skya, noko som sikrar tilgang uavhengig av kvar ein er i verda. Ein må vere tilkopla Internett for å kunne nytte alle program. Enkelte program kan nyttast “offline”. - Lang batteritid. Held ein heil arbeidsdag. - Alltid automatisk oppdatert programvare. - Chromebook er den mest kjøpte datamaskina til bruk i grunnskule og VGS i USA. - Stavanger, Randaberg, Trondheim, Asker, Volda, Ørsta, Ulstein og Bergen kommunar er eksempel på kommunar som har vedtatt at alle elevar skal få Chromebook som sin digitale eining. - I administrasjonsverktøyet kan ein “pushe” alle appar elevane treng. Slik treng/kan ikkje elevane installere noko sjølv. Windows PC, har vi erfaringar med. Største ulempen med PC er at kostnaden pr maskin vert omtrent det doble av eit nettbrett eller ei Chromebook. Fordelen er at vi er kjent med den og kan bruke dei verktøya vi har i dag i tillegg til nye. Nettbrett har vi ein del av i dag i form av Ipad. Dei fungerar godt. Skal vi ta det i bruk som einaste verktøy, må vi ha tastatur til og kostnaden kan i større grad samanliknast med Chromebook. Nettbrett kan vere eit godt alternativ for dei yngste klassene. Mange kommunar har innført nettbrett for alle elevar. I tillegg til datamaskiner å jobbe må må vi ha anna utstyr. Det gjeld i første rekkje tavler/skjermar. Der har vi gjort ein jobb og har ein modell vi satsar på framover både med tanke på opplæring og innkjøp. Det andre som kjem tydelegeare fram i dei nye læreplanane er utstyr til programmering og koding i skulen. Her har vi søkt midlar gjennom Udir, slik at vi håpar å få noko der som ein start. Økonomiske konsekvensar for kommunen Dei siste åra har det vore sett av kring ein million i året til IKT investeringar. I det er behova til oppvekst inkludert. Om vi framover held på det nivået, der kanskje 0,5 million går til oppvekst vil vi sitje igjen med 0,4 million til maskinkjøp etter å ha brukt litt til skjermar og anna nødvendig utstyr. Då vil vi kunne kjøpe rundt 115 maskiner i året og det vil ta 6-7 år før vi er komen i mål med ei 1:1 løysing. Auka rammer vil korte ned den tida. Målet til oppvekstsjefen er at vi må klare dette innanfor noværande økonomiplanperiode dvs i løpet av 3-4 år. Då må dei årlege løyvingane som oppvekst kan bruke ligge på 0,8 – 0,9 million. Rådmannen si vurdering Oppvekstsjefen meiner at vi skal gå for Chromebook i Gloppenskulen med tilhøyrande programvare og mogelegheit for å kunne bruke Office365 om det vert eit felles verktøy i Nordfjord. Signala i frå ein del av dei andre kommunane i samarbeidet er at det er den retning fleire tenkjer. Det perfekte val av utstyr eksisterar ikkje, det må gjerast ei val og så få vi dra i den retning framover. Det avgjerande

Page 24: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

argumentet her er økonomisk. Vi når målet vårt om 1:1 dekning raskare med ei slik beslutning. I ei innføring av digitalt utstyr må vi og utarbeide ein plan for korleis vi skal bruke dette utstyret. Det gjeld både for tilsette og elevar. Vi må tenkje korleis vi skal drive opplæring for både elevar og tilsette. Dei tilsette må ha ein god nok profesjonsfagleg digital kompetanse for at utstyr og programvare blir brukt optimalt. Vi må ta stilling til kva type maskiner dei tilsette i skulen skal ha, om dei skal følgje elevane eller om dei skal følgje det som er standardmaskiner for tilsette. Programvare som skal nyttast på maskinene må vere godkjente og vurdert gjennom ROS og GDPR. Personvernvurderingar vil stå sentralt i all bruk av programvare. Med nye fagplanar vil det og kome nye læremiddel både analogt og digitalt og forventningar til verktøy vi skal bruke. I vurderingar rundt læremiddel må vi ha med oss kva verktøy vi har til disposisjon, difor er det viktig med eit val av maskinvare framover. Med god tilgang til utstyr, og god kompetanse blant dei tilsette, så kan det på sikt vere pengar å spare på drifta. Med optimal bruk vil ein kunne effektivisere både den administrative og pedagogiske kvardagen på skulane. Eit anna vesentleg poeng er at det er viktig med utstyr til elevane med tanke på sosial utjamning og at alle skal ha like moglegheiter til å kunne gjere lekser. Her er det også sjansar for å auke læringa til elevane ved at dei i større grad kan få læringsfremjande lekser dersom dei har riktig utstyr. Vi har gjennom korona-tida sett fleire døme på at elevar som elles sjeldan tek initiativ eller "viser seg fram" fagleg, gjer det i større grad gjennom det digitale. Vi har og sett store skilnader på kva utstyr som har vore tilgjengleg i heimane og då vore ein begrensande faktor for korleis vi har kunne teke teknologien i bruk. Skal vi nå målet om 1:1 dekning datamaskin:elev må vi prioritere midlar til dette framover. Vi må og prøve å dra nytte av dei erfaringane vi har gjort oss no under kornakrisa og den auka digitale kompetansen som har kome med den. Innsparingar i driftsøkonomien til kommunen vil og kunne gjere behovet for gode digitale verktøy større for å kunne gje ei best mogeleg opplæring. Ein grunnleggande faktor vil her og vere at vi har eit godt nok nett på skulane til å kunne takle større maskintettleik. Det må vere på plass. Saka er ikkje utømmande på noko måte, men eit startskot på korleis vi skal jobbe framover og bruke pengane våre. Håpet er at oppvekstutvalet vil slutte seg til dette og kunne vere med å jobbe fram gode løysinga for Gloppenskulen framover.

Page 25: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv: FA-A11

JournalpostID: 20/8231

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

024/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Barnehageopptaket 20/21

Rådmannen si tilråding Oppvekstutvalet tek saka til orientering og gjev rådmannen rom for å tildele plassar så langt det er råd innanfor vedteke budsjett for 2020, men ikkje noko utover det.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Barnehageopptaket for barnehageåret 2020-2021 er snart fullført. Oppvekstsjefen vil orientere om status i opptaket og få avklart føringar for dei som ikkje har lovmessig rett på barnehageplass etter barnehagelova. Fakta i saka Barnehageopptaket for barnehageåret 20/21 har dessverre teke meir tid enn ynskja av to grunnar. Vi har teke i bruk eit nytt datasystem som mellom anna betyr at alle som skal ha barnehageplass frå hausten har søkt på nytt og ikkje berre dei nye barna. Vi har i tillegg ein situasjon med Korona som tek mykje tid. Vi er likevel snart ferdige med opptaket. Pr. 19.05.20 ser tala slik ut: - 302 barn har fått tilbod, 1 har avslått og 1 er avslutta, dvs 300 har akseptert tilbod. - 9 barn har ikkje fått tilbod om barnehageplass Av desse 9 borna: - 1 barn med rett utan å ha fått plass (må få tilbod om plass etter barnehagelova) - 3 barn med rett etter alder, men har søkt etter frist (1 av dei har plass i anna barnehage) - 5 barn utan rett til plass pga alder eller søkt etter frist - 2 av desse barna ynskjer plass frå nytt barnehageår i august - 7 av desse barna ynskjer plass frå 2021, dei fleste i januar. Status i dei 3 barnehageområda våre: Hyen – ledige plassar Breim – 3 småbarnsplassar frå nyttår 2021. inntil 8 plassar 3-6 år frå nytt barnehageår Gloppefjorden – her er det nokre ledige plassar, 4 storbarnsplassar og 1 småbarnsplass, alternativt 2 førskuleplassar og 4 småbarnsplassar Rundt Gloppefjorden er dei ledige plassane i dei private barnehagane, noko som betyr kjøp av plassar. Plassane er det som ligg innanfor bemanninga som er i dag. Det er det som er mogeleg utan å måtte tilsette fleire barnehagelærarar. Så vil det nok vere mogeleg å få fleire plassar om vi har tilsette og areal på ulikt vis.

Page 26: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Barnehagestyrarane er opptekne av kvaliteten på barnehagetilbodet. Å opprette barnehageplassar seint i barnehageåret gjer at det er vanskeleg å kunne få til den kvaliteten som er ynskjeleg. Mykje av det handlar om tilvenning i ei avdeling som barna kanskje ikkje skal vere i lenger enn fram til nytt barnehageår. Det fører til mange tilvenningar og overgangar for barna. Regelverket for rett til barnehageplass er regulert i Barnehageloven §12a. Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter. Barn som fyller ett år i september, oktober eller november det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage innen utgangen av den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen. Økonomiske konsekvensar for kommunen Satsane for driftstilskot til dei private barnehagane ved kjøp av plass er:

Satsar Driftstilskot Kapitaltilskot Totalt år Pr/mnd

Småbarn 221256 20200 241456 20121

Storbarn 106125 20200 126325 10527

For 2020 er prognosa at vi vil få eit overforbruk på budsjettposten som er sett av til kjøp av barnehageplassar frå dei private barnehagane. Totalt sett på teneste 20100 Barnehage er vi innanfor budsjettet for 2020. Rådmannen si vurdering Gloppen skal vere tilflyttarkommune nummer ein, er eit politisk slagord som har festa seg i Gloppen og som mange med tilknyting til Gloppen har merka seg når det gjeld barnehageplassar. Vi kjem rimeleg bra frå årets barnehageopptak og vil kunne tilby plassar for fleire enn dei vi som kommune er pliktig å tilby plass etter loven innanfor budsjettet. Det vil sjølvsagt kome endringar i barnehagane som følgje av at folk flyttar ut av Gloppen og slik frigjer plassar. Rådmannen ynskjer ei politisk avklaring på om vi skal tilby plassar til dei som søkjer barnehageplassar utover året og gjerne ha oppstart vårhalvåret 2021. Så langt i årets opptak er det ikkje tilbydd plass til nokon som ikkje har rett på plass etter loven. Der vi har plass i kommunale barnehagar, vil det ikkje koste oss noko utover årets budsjett. Der vi må kjøpe plassane av dei private barnehagane, vil det koste oss satsen for driftstilskot for anten småbarn eller storbarn. Det er ikkje økonomisk rom innanfor teneste 20100 Barnehage eller innanfor oppvekstutvalet si budsjettramme for 2020 til å kunne tilby barnehageplass til dei som ikkje har rett etter loven. Det er sjølvsagt uheldig og vil få konsekvensar for dei som har søkt og som må organisere seg på anna måte. Det er og eit dårleg signal å sende til dei som vurderar å flytte tilbake til Gloppen og som er avhengige av barnehageplassar. Så kan vi seie at dei som ynskjer oppstart i 2021 vil kome som kostnad på 2021 budsjettet og ikkje vil ha noko å seie for 2020 budsjettet og at vi kan kome tilbake til dette i budsjettbehandlinga for 2021. Prognosane for fødselstal i 2020 er at det vert noko under middels år, slik sett er det truleg noko færre som søkjer om barnehageplass i 2021 enn det har vore eit par år, om vi ser vekk frå tilflytting. Med kommunen sine økonomiske rammer framover er det lite truleg at det vil vere rom for å heile tida kunne tilby plassar gjennom heile året. Rådmannen ber om politiske signal på dette.

Page 27: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Gloppen kommune

Arkiv:

JournalpostID: 20/8481

Saksbehandlar: Per Arne Strand

Saksnr. Utval Møtedato

025/20 Oppvekstutvalet 03.06.2020

Formannskapet

Kommunestyret

Husbankfinansiering - Austrheim barnehage

Rådmannen si tilråding Kommunestyret støttar at det vert arbeida vidare med barnehage i privat regi på Austrheim og at ein kommunal barnehage plassert endå meir i sentrum ikkje er aktuelt å arbeide vidare med i denne omgang.

Saksutgreiing Bakgrunn for saka Det har sidan barnehage og skulebruksplanen vart vedteken av kommunestyret 15.06.2017 vore eit ynskje om å få flytta større del av barnehageplassane i Gloppen nærare Sandane sentrum. Oppvekstutvalet ba på møtet 05.09.2018 rådmannen «jobbe vidare med å etablere ein sentrumsnær barnehage i Sandaneområdet og kome tilbake med ein konkret plan for korleis det kan gjerast inkludert økonomiske vurderingar.» Fakta i saka Det vert no arbeidd med ein sentrumsnær barnehage i privat regi på Austrheim. Austrheim barnehage ynskjer å kjøpe eigedomen «Skogly», gbrnr 69/3 på Austrheim. Eigedomen er om lag 5 mål. Eigedomen grensar til «Gimle» og ligg på andre sida av vegen for Nordstranda skule. Barnehagen har sett på alternative plasseringar både på Austrheim, men har og vore presentert andre potensielle tomter av kommunen i sentrum av Sandane. Dette i lys av arbeidet med sentrumsplan og parallelloppdrag for Sandane sentrum. Austrheim barnehage er og i kontakt med Bakkelidgrenda barnehage om eit samarbeid og eventuell samanslåing. Dette er ikkje formalisert eller konkretisert på nokon måte. Størrelsen på ein eventuell barnehage har mykje å seie for korleis økonomien i prosjektet vil verte. Austrheim barnehage er i dag godkjent for 10 småbarnsplassar og 20 storbarnsplassar. I normal drift to avdelingar. Ei oversikt over talet på barnehageplassar rundt Gloppefjorden og kor mange born som bur i grunnkrinsane rundt fjorden viser at: · Nordstranda har 92 barnehageplassar medan der bur 71 born i alderen 0-5 år · Sandane sentrum har 91 barnehageplassar medan der bur 116 born i alderen 0-5 år · Sørstranda har 62 barnehageplassar medan der bur 95 born i alderen 0-5 år

For å bygge barnehage treng Austrheim barnehage finansiering gjennom Husbanken. For å kunne sende søknaden til Husbanken må den gjennom ei kommunal behandling. Gangen i søknadsbehandlinga er at barnehagen skal godkjennast av kommunen som barnehagemyndigheit.

Page 28: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Det gjeld og når ein etablert barnehage flyttar til ein annan stad, det utløyser krav om ny søknad om godkjenning. I dette ligg det og at barnehagen skal vere handsama av bygnings-, brann, helse- og arbeidsmiljømyndigheit. Tilfredstiller barnehagen krava til godkjenning skal den godkjennast uansett. Rett til godkjenning etter barnehageloven innebærer ikkje ein automatisk rett til finansiering til private barnehagar for eit visst tal barnehageplassar. Ei godkjenning er eit enkeltvedtak med klagerett til fylkesmannen. Kommunen skal vidare stadfeste reguleringstatus for eigedomen inklusive om veg, vatn og avløp kryssar privat grunn skal det vere tinglyst erklæring på det. Kommunen skal seie noko om det er gitt rammetiltelse, igangsettelsestilatelse, om det er ein del av kommunen sin plan for utbygging av barnehagar. Kommunen skal lage ei vurdering og anbefaling som skal følgje til husbanken. Austrheim barnehage har ei avtale om kjøp av eigedomen. Eigedomen er slik den ligg i dag ein vanleg eigedom i LNF område i reguleringssamanheng. Det betyr at den må omregulerast til barnehageformål. Det må i første omgang søkjast om ein dispensasjon frå dagens reguleringsstatus i kommuneplanen. Ein slik søknad skal vere grunngitt og må følgjast av nabovarsel. Når kommunen har fått den til behandling skal den vidare til fylkesmannen for uttale. Det betyr at vi tidlegast får det til politisk behandling i september 2020. Økonomiske konsekvensar for kommunen Kapitaltilskot for private barnehagar er nasjonalesatsar som vert justert årleg. For barnehagar som har godkjenningsår 2020 er satsen kroner 23900,- per heiltidsplass. I dag har Austrheim barnehage godkjenningsår 2012 som betyr kapitaltilskot på kroner 16400,- per heiltidsplass. Differansen på kroner 7500,- pr heiltidsplass vert ein ekstrakostnad for Gloppen kommune. Med dagens barnetal vil det utgjere kroner 202500,- i årleg kostnad. Så er vurderinga om Gloppen kommune sjølve kan bygge ein kommunal barnehage for kapitaltilskotet som ein ny privat barnehage vil få? Reknar vi Austrheim barnehage sitt normale barnetal så betyr det kroner 645300,- i årleg kapitaltilskot å betale renter og avdrag med. Spørsmålet her som ikkje er avklara er om det skal byggast ein barnehage på to eller fleire avdelingar. Legg vi til grunn ein kostnad på 11 millionar pr avdeling, så vil det bli ein kostnad på kring 22 millionar, eller 33 millionar med 3 avdelingar. Då vert avdraga rundt 0,55 million pr år for 2 avdelingar eller 0,825 million for 3 avdelingar. Så er spørsmålet kva rentenivå vi får framover? Forventa rente vil truleg ligge mellom 2,5 – 4 % rente, dvs om lag kroner 25000,- pr million med 40 års nedbetaling. Det betyr at det vil ikkje vere eit godt økonomisk prosjekt for kommunen. Rådmannen si vurdering Rådmannen har støtta Austrheim barnehage sitt initiativ for å finne nye lokale nærare sentrum fordi det er i tråd med barnehageplanen og det vil skape kortare avstand til barnehagen for fleire av foreldra enn dagens plassering gjev. Tala på barnehageplassar i dei ulike grunnkrinsane rundt Gloppefjorden viser at det er i sentrum behovet er størst. Ei løysing med ein privat barnehage på Austrheim vil ikkje vere ein sentrumsbarnehage, men ein sentrumsnær barnehage. Plasseringa vil framleis føre til at eit fleirtal av barna må skyssast til barnehage og ikkje vere i rekkevidde for gang og sykkel. Kommunen kan ikkje legge ned private barnehagar som har godkjenning, det betyr at om vi skulle tenkje at vi vil bygge ein kommunal barnehage utifrå ein tanke om at kapitaltilskotet finansierar renter og avdrag, så vil vi kunne få ein situasjon med fleire barnehageplassar enn vi har behov for og det kan føre til lite effektiv barnehagedrift for dei kommunale barnehagane som igjen er grunnlag for driftstilskotet til dei private barnehagane. Fordelen med å bygge i kommunal regi vil vere at vi styrer plasseringa sjølve i større grad og vi kan sjå den kommunale barnehagedrifta i samanheng.

Page 29: Møteinnkalling - Oppvekstutvalet - 03.06€¦ · arbeid med digital kompetanse, kildekritikk, informasjonssøk, et utvidet tekstbegrep og lesing som grunnleggende ferdighet i alle

Plassering av ein ny barnehage har vore tema lenge i samband med områdereguleringsplan for Sandane. I foreliggande utkast til plan er areal til barnehage teke ut. Dei mest aktuelle områda har vore Øyna/Heimevernshuset og Seljeset-tomta ved Ungdomsskulen. Kommunen kan påverke plassering av ein privat barnehage gjennom reguleringsvedtak. Seier kommunen nei til omregulering vil det og stoppe planane for barnehage på tomta. Dei politiske signala har så langt vore oppfatta av rådmannen til å ikkje ville stikke kjeppar i hjula for den aktuelle plasseringa på Austrheim. Fram til kommunen kan gje ei endeleg godkjenning både på dei tekniske sidene av ein barnehage og dei meir pedagogiske sidene av drifta må ein del ting avklarast. For det første bør barnehagane på Nordstranda setje seg ned i lag og avklare samarbeid og eventuelle samanslåingar. Utifrå det vert det avklart kva barnehage som er aktuell å bygge på Austrheim og om det er då vil vere grunnlag for å bygge ein barnehage slik som tenkt. Kommunen ser ikkje at det vil vere eit stort behov for fleire barnehageplassar totalt rundt Gloppefjorden framover, sjølv om det enkeltår vil vere ynskjeleg med å lett kunne auke tal plassar innanfor dei eksisterande barnehagane. Så lenge den kommunale økonomien er som den er, vil økonomien i eit nytt prosjekt vere marginal om vi skal gjere det i kommunal regi. Det som er viktig å få fram no er om det er politisk støtte til å jobbe vidare med barnehage i privat regi på Austrheim og ikkje jobbe vidare med kommunal barnehage i Sandane sentrum. Saka vil kome til politisk behandling igjen i samband med ei reguleringssak.