1
BRAKKVASSMILJØET PÅ VERNØYA Om du kjenner ei vond lukt ute i naturen, må du ikkje med ein gong tru at årsaka er kloakken frå hus eller hytter. Grunnen kan òg vera ein heilt naturleg prosess som skjer ved ned- bryting av planterestar under spesielle forhold. Når det er lite oksygen til stades, kan det bli danna hydrogen- sulfid. Det er ein gass som stig opp av jorda og luktar som rotne egg. V ERNØYA er knytt til den nordaustlege delen av Reksteren med bru. Langs vegen, eit par hundre meter sør for Enes, ligg eit særmerkt område som knapt har sin make på heile Vestlandet. Her skjer den kileforma bukta Straumen seg inn på øya og vidar seg ut til eit basseng som i dag er nesten heilt tilgrodd av sumpplanter og planterestar. Tidlegare var dette bassenget ei bukt av fjorden, men landhevinga har gjort at saltvatn no berre kjem inn ved springflod. Det salte fjordvatnet blir filtrert gjennom torva som har bygd seg opp gjen- nom lang tid. Dette gjer at ein kan finna veksestader både for brakkvass- og fersk- vassplanter i Straumen. Jamvel om bassenget er grodd att, har det framleis eit jamt høgt vassnivå. Den største bestanden av havsivaks på Vestlandet veks her. Planta dannar eit samanhengande teppe over det meste av sumpen. Pollsivaks finst spreidde i kanten. Begge høyrer heime i brakvassmiljø. I dei små, opne vasslommene som er att, finst det klasar av småhavgras. Attgroinga i Straumen viser ei utvikling der naturen sin eigen dynamikk er driv- krafta.Vegetasjonen som først etablerte seg rundt kanten av bassenget, voks innover tjørna og danna etter kvart breie belte. Når plantene visna om hausten, vart dei brotne ned under stort forbruk av oksygen. I periodar vart det underskot på oksy- gen i botnvatnet, og det bygde seg opp lag av delvis nedbrotne plante- restar.Dermed vart vassvolumet mindre og vasstemperaturen høgare, og plante- produksjonen auka. Det gjorde at endå større mengder plantemasse måtte brytast ned, og derfor bygde det seg opp store lag av daude planterestar på botnen. 297 SUNNHORDLAND TYSNES Mykje av Reksteren er granittberg. Den mektige reksterengranitten dekkjer sentrale delar av Reksteren, medan vi i nord finn ein annan, mindre granittkropp, kalla håkregranitten. Granittane er smelter som har trengt opp frå djupet og størkna, reksterengranitten først og håkregranitten nokre millionar år seinare.Håkregranitten er stort sett grå, men med einskilde raude parti, som langs vegen ved Hopssundet. Den raudlege granitten har vore brukt til byg- ningsstein, og vi finn han i nokre få byg- ningar i Bergen. I Danielsen videregående skole i Kong Oscars gate frå 1914 er granitten brukt i sokkelen og i detaljar i fasaden. Rettane til drifta av den raude granitten på Vernøya vart i 1901 overførte frå grunn- eigaren på Øvre Hope til eit privat føretak. Vi veit lite om drifta, men det er ein vakker granitt, som er omtala fleire stader av ulike forfattarar frå starten av førre hundreåret.Seinare, i 1918 og 1923, kjøpte A/S VESTLANDSKE GRANITFELT rettar til uttak av grå granitt i nærleiken, og det vart starta produksjon av gatestein og kant- stein til fortau i fleire brot i området. Det er i seinare tid (1998–1999) gjort grans- kingar av den raude granitten for å vurdera ny drift til ulike bygningsformål. Reksteren Feltspatkrystallar Reksterengranitten inneheld mange stader centimeterstore krystallar av ein variant av mineralet feltspat, mikroklin. Desse krystal- lane fekk veksa seg store då magmaet (opp- smelta berg) var djupt nede under jord- skorpa, medan temperaturen i magmaet fall seint. Sidan flytta det seige, flytande magmaet seg oppover i jordskorpa. Dei store feltspatkrystallane følgde med, og resten av «suppa» størkna for rundt 440 millionar år sidan. (Foto: Haakon Fossen) bukkeblad fjøresaulauk fjøresivaks grøftesoleie havsivaks hesterumpe myrhatt myrsaulauk pollsivaks pølstorr rustsivaks småhavgras sverdlilje REKSTERENGRANITT Svein Nord Murane i nausta i Hopssundet er bygde av raud granitt frå Reksteren. (Svein Nord) NATURHISTORISK VEGBOK.RUTEDEL TEMA: Strandplanter T127 Steinbrudd i Hordaland T42

N VEGBOK S TYSNES TEMA: Steinbrudd i Hordaland T Reksteren · skole i Kong Oscars gate frå 1914 er granitten brukt i sokkelen og i detaljar i fasaden. Rettane til drifta av den raude

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: N VEGBOK S TYSNES TEMA: Steinbrudd i Hordaland T Reksteren · skole i Kong Oscars gate frå 1914 er granitten brukt i sokkelen og i detaljar i fasaden. Rettane til drifta av den raude

BRAKKVASSMILJØET PÅ VERNØYA

Om du kjenner ei vond lukt ute inaturen, må du ikkje med ein gong truat årsaka er kloakken frå hus ellerhytter. Grunnen kan òg vera ein heiltnaturleg prosess som skjer ved ned-bryting av planterestar under spesielleforhold. Når det er lite oksygen tilstades, kan det bli danna hydrogen-sulfid. Det er ein gass som stig oppav jorda og luktar som rotne egg.

VERNØYA er knytt til den nordaustlegedelen av Reksteren med bru. Langsvegen, eit par hundre meter sør for

Enes, ligg eit særmerkt område som knapthar sin make på heile Vestlandet. Her skjerden kileforma bukta Straumen seg inn påøya og vidar seg ut til eit basseng som i dager nesten heilt tilgrodd av sumpplanter ogplanterestar. Tidlegare var dette bassengetei bukt av fjorden, men landhevinga hargjort at saltvatn no berre kjem inn vedspringflod. Det salte fjordvatnet blir filtrertgjennom torva som har bygd seg opp gjen-nom lang tid. Dette gjer at ein kan finnaveksestader både for brakkvass- og fersk-vassplanter i Straumen.

Jamvel om bassenget er grodd att, har detframleis eit jamt høgt vassnivå. Den størstebestanden av havsivaks på Vestlandet veks

her. Planta dannar eit samanhengande teppeover det meste av sumpen. Pollsivaks finstspreidde i kanten. Begge høyrer heime ibrakvassmiljø. I dei små, opne vasslommenesom er att, finst det klasar av småhavgras.

Attgroinga i Straumen viser ei utviklingder naturen sin eigen dynamikk er driv-krafta.Vegetasjonen som først etablerte segrundt kanten av bassenget, voks innovertjørna og danna etter kvart breie belte. Nårplantene visna om hausten, vart dei brotne

ned under stort forbruk av oksygen.I periodar vart det underskot på oksy-gen i botnvatnet, og det bygde segopp lag av delvis nedbrotne plante-restar.Dermed vart vassvolumet mindreog vasstemperaturen høgare,og plante-produksjonen auka. Det gjorde at endåstørre mengder plantemasse måttebrytast ned, og derfor bygde det segopp store lag av daude planterestar påbotnen.

297

SUNNHORDLAND TYSNES

Mykje av Reksteren er granittberg. Denmektige reksterengranitten dekkjer sentraledelar av Reksteren, medan vi i nord finnein annan, mindre granittkropp, kalla

håkregranitten. Granittane er smelter somhar trengt opp frå djupet og størkna,reksterengranitten først og håkregranittennokre millionar år seinare.Håkregranittener stort sett grå, men med einskilde raudeparti, som langs vegen ved Hopssundet.Denraudlege granitten har vore brukt til byg-ningsstein, og vi finn han i nokre få byg-ningar i Bergen. I Danielsen videregåendeskole i Kong Oscars gate frå 1914 er granittenbrukt i sokkelen og i detaljar i fasaden.

Rettane til drifta av den raude granittenpå Vernøya vart i 1901 overførte frå grunn-

eigaren på Øvre Hope til eit privat føretak.Vi veit lite om drifta, men det er ein vakkergranitt, som er omtala fleire stader avulike forfattarar frå starten av førrehundreåret. Seinare, i 1918 og 1923, kjøpteA/S VESTLANDSKE GRANITFELT rettar til uttakav grå granitt i nærleiken, og det vartstarta produksjon av gatestein og kant-stein til fortau i fleire brot i området. Deter i seinare tid (1998–1999) gjort grans-kingar av den raude granitten for åvurdera ny drift til ulike bygningsformål.

Reksteren

FeltspatkrystallarReksterengranitten inneheld mange stadercentimeterstore krystallar av ein variant avmineralet feltspat, mikroklin. Desse krystal-lane fekk veksa seg store då magmaet (opp-smelta berg) var djupt nede under jord-skorpa, medan temperaturen i magmaetfall seint. Sidan flytta det seige, flytandemagmaet seg oppover i jordskorpa.Dei store feltspatkrystallane følgde med,og resten av «suppa» størkna for rundt 440 millionar år sidan. (Foto: Haakon Fossen)

bukkebladfjøresaulaukfjøresivaksgrøftesoleiehavsivaks

hesterumpemyrhatt

myrsaulaukpollsivakspølstorr

rustsivakssmåhavgras

sverdlilje

REKSTERENGRANITT

Svei

n N

ord

Murane i nausta i Hopssundeter bygde av raud granitt fråReksteren.(Svein Nord)

NATURHISTORISK VEGBOK. RUTEDELTEMA: Strandplanter T127

Steinbrudd i Hordaland T42