3
Noahs ark Denne historia frå det gamle testamentet om Syndfloden og Noahs ark finst også i det såkalla Gilgamesj-eposet frå det gamle Babylon. Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud. Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet. Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett- Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar. Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjere ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydje dei ut av jorda. Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes. Såleis skal du laga arka: Eit tak skal Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg. Eit tak skal du leggje på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det!. Set ein dør på den eiene sida, og bygg arka i tre høgder! No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda skal døy. Men med deg vil eg gjere ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg. Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Han og ho skal det vera. Eitt par av kvart slag skal kome inntil deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, så dei kan berge livet. Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal være til føde for deg og for dei.» Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt. STORFLAUMEN Herren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For eg har sett at berre du er rettferdig for meg i denne ætta. Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho, og av dei Noahs ark på Araratfjellet. Måleri av

Noahs ark

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Noahs ark

Noahs arkDenne historia frå det gamle testamentet om Syndfloden og Noahs ark finst også i det såkalla Gilgamesj-eposet frå det gamle Babylon.

Dette er soga om Noah og ætta hans. Noah var ein rettferdig og ulastande mann mellom dei som levde på den tid. Han ferdast med Gud. Noah fekk tre søner: Sem, Kam og Jafet. Men jorda vart verre og verre i Guds augo; ho vart full av urett- Då Gud såg på jorda, var ho utskjemd; for alle menneske over heile jorda gjekk på vonde vegar.

Då sa Gud til Noah: «Eg har sett meg føre å gjere ende på kvar levande skapning; for dei har fylt jorda med urett. No vil eg rydje dei ut av jorda. Du skal laga deg ei ark av sypresstre, innreia henne med mange rom og tjørebre henne både innvendes og utvendes. Såleis skal du laga arka: Eit tak skal Ho skal vera tre hundre alner lang, femti alner brei og tretti alner høg. Eit tak skal du leggje på arka. Bruk alnemål når du arbeider med det!. Set ein dør på den eiene sida, og bygg arka i tre høgder! No vil eg la storflaumen koma over jorda og tyna kvar skapning som det er livspust i. Alt som lever på jorda skal døy. Men med deg vil eg gjere ei pakt. Du skal gå inn i arka, du og sønene dine og kona di og sonekonene dine med deg. Av alle levande skapningar skal du ta eitt par av kvart slag inn i arka, så dei bergar livet saman med deg. Han og ho skal det vera. Eitt par av kvart slag skal kome inntil deg, av alle slag fuglar og alle slag fe og alle slag krypdyr på marka, så dei kan berge livet. Du skal samla deg eit lager av alt som kan brukast til mat; det skal være til føde for deg og for dei.» Og Noah gjorde så; han gjorde i eitt og alt som Gud hadde sagt.

STORFLAUMENHerren sa til Noah: «Gå inn i arka, du og heile huslyden din! For eg har sett at berre du er rettferdig for meg i denne ætta. Av alle reine dyr skal du ta med deg sju par, hann og ho, og av dei dyra som ikkje er reine, eitt par, han og ho, og like eins av fuglane under himmelen, sju par, hann og ho, så ættene deira kan haldast i live på jorda. For om sju dagar vil eg la det regna på jorda i førti dagar og førti netter og rydje ut av jorda alt liv som eg har skapt..» Og Noah gjorde i eitt og alt som Herren hadde sagt. Noah var 600 år da storflaumen kom over jorda.

Så gjekk dei inn i arka, Noah og sønene hans, kona og sonekonene hans, og ville berga seg for vassflaumen. Av dei reine og ureine dyra, av fuglane og alt som kryp på maraka, kom to og to, hann og ho, inn i arka til Noah, som Gud hadde sagt.

Då no dei sju dagane var lidne, kom storflaumen over jorda. I det året Noah fylte 600 år, den syttande dagen i den andre månaden, braut alle kjelder frå det store havdjupet fram, og himmellukene opna seg. Og regnet strøymde ned på jorda i førti dagar og førti netter. Den dagen gjekk Noah inn i arka, og Sem, Kam og Jafet, sønene til Noah, og kona til Noah og dei tre sonekonene hans, dei og alle slag villdyr, alle slag fe og alle slag kryp som krælar på jord, alle slag fuglar og alle dyr som har venger å flyga med. Dei kom inn i arka til Noah, to og to av alle

Noahs ark på Araratfjellet. Måleri av Simon de Myle frå 1517.

Page 2: Noahs ark

skapningar som har livsande i seg. Hann og ho av alt som lever, kom inntil han, som Gud hadde sagt. Og Herren let at døra etter han.

No fløymde vatnet over jorda i førti dagar. Det steig og lyfte arak, så ho flaut opp frå jorda. Ja, vatnet auka uhorveleg på jorda, og arka flaut på vatnet. Høgare og høgare steig det over jorda, så alle dei høge fjella under himmelen vart gøymde. Femten alner steig det over fjella, og dei vart borte.

Då døyde alt liv som rørte seg på jorda, både fugl og fe og villdyr, alt krypet som krælar på jorda, og alle menneska. Alt som hadde livspust i nasen, alt som levde på landjorda, døydde. Såleis rudde herren ut kvar levande skapning på jorda, både folk og fe og kryp og fuglane under himmelen; alt vart utrudt på jorda. Berre Noah og dei som var med han i arka, vart att. Og vatnet flødde over jorda i hundre og femti dagar. Men Herren kom i hug Noah og alle villdyra og alle husdyra som var med han i arka. Og God let ein vind blåsa over jorda, og vatnet tok til å siga. Kjeldene i havdjupet og lukene på himmelen stengdest, og regnet frå himmelen stogga. Etter kvart drog vatnet seg attende frå jorda. Då hundre og femti dagar var lidne, hadde det minka.

Den syttande dagen i den sjuande månaden tok arka grunn på Ararat-fjella. Og vatnet minka meir og meir heilt til den tiande månaden. Den fyrste dagen i den tiande månaden synte fjelltoppane seg.

Då førti dagar var lidne, opna Noah den luka han hadde laga på arka, og slepte ut ein ramn. Han flaug att og fram til dess vatnet hadde turka bort frå jorda. Så sende Noah ut ei due; han ville sjå om vatnet sjå om vatnet hadde sige unna frå marka. Men dua fann ingen stad der ho kunne kvile foten sin, og kom attende til han i arka; for det sto vatn over heile jorda. Han rette ut handa, greip dua og tok henne til seg i arka. Han venta sju dagar til og sende så dua ut att or arka. Då det leid til kvelds, kom dua til han med eit grønt oljeblad i nebben. Då skjønte Noah at vatnet hadde sige bort frå jorda. Men han venta endå sju dagar. Så slepte han ut dua, og då kom ho ikkje att meir.

I det året Noah fylte 601 år, den fyrste dagen i den fyrste månaden, hadde vatnet turka bort frå jorda. No tok Noah taket av arka, og då han såg utover, var jorda turr. Den tjuesjuande dagen i den andre månaden var ho heilt turr.

Då sa Gud til Noah: «Gå ut or arka, du og kona di og sønene og sonekonene dine med deg! Ta med deg alle dyra som er hjå deg, alt som lever, både fugl og fe og alt krypet som krælar på jorda! Dei skal yrje på jorda og alast og aukast.» Så gjekk Noah ut, og sønene hans og kona og sonekonene hans saman med han. Og alle villdyr og husdyr og fuglar og alt krypet som krælar på jorda, det eine slaget etter det andre, gjekk ut or arka.

Noah bygde eit altar for Herren og tok nokre reine dyr og nokre reine fuglar og ofra brennoffer på altaret. Då Herren kjende den gode angen, tenkte han med seg : «Aldri meir vil eg forbanna jorda for menneska skuld; for menneskehjarta emnar berre på vondt alt ifrå ungdomen. Aldri meir vil eg drepe alt som lever, som eg no har gjort.

Så lenge jorda står,skal sånad og skurd,

kulde og hete,sommar og vinter, dag og nattaldri ta slutt.»

Frå Bibelen, 1. Mosebok