4
Les meir på side 2 15.000 olje- jobbar er blitt borte på to år. » Ein tilsett i ein barnehage i Tromsø er sikta for overgrep mot elleve barn. Det seier politiet i Tromsø. Seks av overgrepa er like alvorlege som samleie. Fem av tilfella er uanstendig åtferd mot barn. Mannen skal ha forgripe seg mot både jenter og gutar, skriv nyhendebyrået NTB. » Tysdag måtte justisminister Anders Anundsen svare på kraftig kritikk i Stortinget. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet sa at dei ikkje lenger har tillit til han. Årsaka er saka om asylbarn som har butt lenge i Noreg. Men dei raudgrøne partia fekk ikkje nok støtte for mistilliten. Sikta for 11 overgrep Fekk refs i Stortinget KRIMINALITET POLITIKK Foto: Jamal Rasnallah / EPA / NTB scanpix FLYKTER: Desse barna bur i ein flyktningleir i Tyrkia. Politikarane diskuterer framleis kor mange syriske flyktningar Noreg kan ta imot. Regjeringa spurde kommunane om dei kan ta imot fleire flyktningar. Berre tre svarte ja. Stortinget skal bestemme om Noreg skal ta imot 10.000 fleire flyktningar frå Syria. Regjeringa har sendt brev til alle kommunane i landet. Dei vil finne ut kor mange fleire flyktningar dei kan ta imot. Berre tre kommunar seier at dei kan ta imot fleire flyktningar neste år. – Det er Hvaler, Overhalla og Tromsø kommunar. Det er kommunane som skal finne hus og integrere dei som kjem. Då må vi vite at dei klarar både å ta unna dei 5.000 som ventar, og kanskje nokre fleire, seier Kai Morten Terning frå Framstegspartiet til kanalen NRK. Han jobbar i Inkluderings-departementet. Frode Forfang er direktør i Utlendings-direktoratet (UDI). Han ber kommunane skjerpe seg, ifølgje NRK. – Det er nok hus til flyktningane som kjem til Noreg, meiner Forfang. Cathrine Kahrs [email protected] Berre tre «ja» til flyktningar kort klart & TORSDAG 21.05.2015 NYHENDE PÅ NYNORSK 10

NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...etter terroren mot bladet Charlie Hebdo. PIERRE NKURUNZIZA Blei først avvist, no er dei velkomne » 7.000 båtflyktningar treng hjelp. Dei er om

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...etter terroren mot bladet Charlie Hebdo. PIERRE NKURUNZIZA Blei først avvist, no er dei velkomne » 7.000 båtflyktningar treng hjelp. Dei er om

Les meir på side 2

15.000 olje-jobbar er blitt borte på to år.

» Ein tilsett i ein barnehage i Tromsø er sikta for overgrep mot elleve barn. Det seier politiet i Tromsø. Seks av overgrepa er like alvorlege som samleie. Fem av tilfella er uanstendig åtferd mot barn. Mannen skal ha forgripe seg mot både jenter og gutar, skriv nyhendebyrået NTB.

» Tysdag måtte justisminister Anders Anundsen svare på kraftig kritikk i Stortinget. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet sa at dei ikkje lenger har tillit til han. Årsaka er saka om asylbarn som har butt lenge i Noreg. Men dei raudgrøne partia fekk ikkje nok støtte for mistilliten.

Sikta for 11 overgrep

Fekk refs i Stortinget

KRIMINALITET

POLITIKK

Foto

: Jam

al R

asna

llah

/ E

PA /

NT

B s

canp

ix

FLYKTER: Desse barna bur i ein flyktningleir i Tyrkia. Politikarane diskuterer framleis kor mange syriske flyktningar Noreg kan ta imot.

● Regjeringa spurde kommunane om dei kan ta imot fleire flyktningar. Berre tre svarte ja.

Stortinget skal bestemme om Noreg skal ta imot 10.000 fleire flyktningar frå Syria. Regjeringa har sendt brev til alle kommunane i landet. Dei vil finne ut kor mange fleire flyktningar dei kan ta imot.

Berre tre kommunar seier at dei kan ta imot fleire flyktningar neste år.– Det er Hvaler, Overhalla og Tromsø kommunar. Det er kommunane som skal

finne hus og integrere dei som kjem. Då må vi vite at dei klarar både å ta unna dei 5.000 som ventar, og kanskje nokre fleire, seier Kai Morten Terning frå Framstegspartiet til kanalen NRK. Han jobbar i Inkluderings-departementet.

Frode Forfang er direktør i Utlendings-direktoratet (UDI). Han ber kommunane skjerpe seg, ifølgje NRK.– Det er nok hus til flyktningane som kjem til Noreg, meiner Forfang.

Cathrine [email protected]

Berre tre «ja» til flyktningar

kortklart& TORSDAG

21.05.2015

NYHENDE PÅ NYNORSK

10

Page 2: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...etter terroren mot bladet Charlie Hebdo. PIERRE NKURUNZIZA Blei først avvist, no er dei velkomne » 7.000 båtflyktningar treng hjelp. Dei er om

TORSDAG21.05.2015NOREG 2

Oljejobbane forsvinn ● Tusenvis av oljejobbar

er allereie borte. Hos selskapet ESS er det trist stemning blant folk.

– Det er ingen kjekk situasjon for oss. 120 tilsette må snart slutte i jobbane sine, fortel tillitsvald Per Holstein i ESS til Klar Tale.

Han snakkar for dei tilsette. Selskapet leverer mat til oljearbeidarar, og vaskar for dei. No har ikkje bedrifta lenger bruk for så mange folk. Dei fleste som må slutte, vaskar og gjer reint. I tillegg må nokre kokkar slutte.

Det er dårlege tider i olje- og gassbransjen i Noreg.

Ingeniørar må slutte i jobbane sine. Men dei som leverer tenester og utstyr til bransjen, merkar også at det blir produsert mindre olje og gass.

15.000 jobbar i eller knytte til oljebransjen er blitt borte på to år, ifølgje Finansavisen. Og endå fleire som jobbar med olje, må slutte framover. Fylka Rogaland og Hordaland vil merke det mest. I april var 5.500 folk som har jobba med ingeniør- og datafag heilt arbeidsledige. Det viser statistikk frå arbeids- og velferdstenesta Nav. Utviklinga i oljebransjen får skulda.

Prisen på olje er blitt lågare. Det betyr at oljeselskapa

tener mindre pengar på å selje oljen, og dei kan derfor ikkje ha så mange tilsette. Så blir det ikkje leita så mykje etter ny olje. Bedrifter som produserer olje og gass, bruker mindre pengar. Då treng dei også mindre utstyr og tenester. Slik forklarer forskar Ådne Cappelen i Statistisk sentralbyrå (SSB) kvifor så mange må slutte i jobbane sine.

– Men oljenæringa er framleis ei stor og viktig næring i Noreg. Vi skal ikkje slutte å produsere olje med det første, seier Cappelen.

Karin Flø[email protected]

VANSKELEG: Mange bedrifter merker dei dårlege tidene i oljebransjen. Per Holstein (det lille bildet) mistar fleire kollegaer. Han jobbar i eit selskap som leverer til bransjen.

Foto

: M

arit

Hom

med

al /

NT

B s

canp

ix

OPPGÅVA

Page 3: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...etter terroren mot bladet Charlie Hebdo. PIERRE NKURUNZIZA Blei først avvist, no er dei velkomne » 7.000 båtflyktningar treng hjelp. Dei er om

TORSDAG21.05.2015VERDA 3

TWITTER: President Obama er endeleg på Twitter.

Foto

: Reu

ters

/ N

TB

sca

npix

● Pierre Nkurunziza, 51 år gammal, president i Burundi. Opprørarar forsøkte å fjerne Nkurunziza som president etter eit kupp i førre veke. Men opprørarane gav seg. 17 personar er stilte for retten. Det har vore uro i landet fordi Nkurunziza har sagt at han ville bli president for ein tredje periode.

NAMN I NYHENDA

SLUTTER: Teiknaren Luz

orkar ikkje å jobbe meir

etter terroren mot bladet

Charlie Hebdo.

PIERRE NKURUNZIZA

Blei først avvist, no er dei velkomne » 7.000 båtflyktningar treng

hjelp. Dei er om bord i båtar som driv rundt på havet i Søraust-Asia.

Fram til no har Malaysia og Indonesia avvist flyktningane. No vil dei ta dei imot likevel. Flyktningane får vere i landa

ei stund, skriv nyhendebyrået NTB.

I helga blei over 400 flyktningar sende bort frå Thailand. Dei er no redda av fiskarar utanfor Indonesia.Folk som flyktar, kjem frå landa Bangladesh og

Myanmar. Dei rømmer frå fattigdom. Nokre er utstøytt der dei kjem frå.

Thailand har enno ikkje sagt at dei vil ta imot flyktningar.

Karin Flø[email protected]

ASIA

Foto: Skjerm

dump / Tw

itter

Foto: NTB scanpix » Den franske teiknaren Renald «Luz» Luzier sluttar i humorbladet Charlie Hebdo. Han teikna den første framsida til bladet etter terrorangrepet i januar. Han var ein av få teiknarar som overlevde terroren. «Luz» seier arbeidspresset er blitt for stort og at han slit med å sove.

Teiknar sluttarFRANKRIKE

» USA sin president Barack Obama sende måndag ut den første eigne meldinga si på nettsamfunnet Twitter. Han har endeleg fått seg Twitter-konto. «Hallo Twitter! Det er Barack. Verkeleg! Etter seks år har dei endeleg gitt meg min eigen konto» tvitra Obama på den nye kontoen sin @POTUS. Allereie etter 45 minutt hadde han 217.000 følgjarar. POTUS står for President of the United States.

President med Twitter-kontoUSA

» USA har drepe fire av leiarane i opprørsgruppa Den islamske staten (IS). Dei sende soldatar inn på bakken i Syria for første gong. Men IS har teke kontroll over fleire gassfelt i Syria.

Drap IS-leiararSYRIA

» Elleve afghanske politifolk er dømde til eitt års fengsel. Dei hindra ikkje at ei kvinne blei drepen. 27 år gamle Farkhunda blei mishandla til døde utanfor ein moské i mars. Ho blei skulda for å ha brent muslimane si heilage bok Koranen. Men det stemde ikkje.

Politifolk dømdeAFGHANISTAN

Page 4: NYHENDE PÅ NYNORSK - Klar Tale...etter terroren mot bladet Charlie Hebdo. PIERRE NKURUNZIZA Blei først avvist, no er dei velkomne » 7.000 båtflyktningar treng hjelp. Dei er om

4KULTUR Ansvarleg redaktør: Kristin S. BratlieKontakt oss: [email protected]

Nyhenda er omsette frå lettlest-avisa Klar Tale.

– Kva er ditt favorittord? – «Ja».

– Kvifor liker du dette ordet så godt? – Eg liker å kunne seie det. Og så liker eg å høyre det frå andre, helst med utropsteikn. Det gir stadfesting, framdrift og flyt.

– Kva ord liker du ikkje?– «Sekkepost». Det seier ingenting.

– Kva er eit typisk teater-ord? – «Påkledar». Eg synest det kling godt. Dei folka eg har møtt, har vore fine. Det må krevje eit spesielt lynne for å jobbe så tett på utøvarane når dei skal prestere.

– Kva ord bruker du ofte? – «Berekraftig». Fordi eg ønskjer at det vi som menneske gjer, skal fungere bra både på kort og lang sikt.

– Kva ord bruker du til å skildre deg sjølv?– «Glad». Eg har det bra.

Marta Færevaag Hjelle, 49 år gammal, ny direktør for Nationaltheatret.

Liker å seie «ja»

MITT ORD

Song for døve øyre » Alle i Paulas familie er døve, bortsett frå henne. Derfor

stolar alle på at Paula hjelper dei. Men så blir ho forelska i Gabriel og melder seg inn i skulekoret. Det viser seg at Paula har ei fantastisk stemme! Men korleis kan ho følge ein draum som familien hennar aldri kjem til å forstå? Filmen «Familien Bélier» har premiere fredag. Den passar for alle.

Foto: Norsk Filmdistribusjon

‘‘

FAVORITT: Måns Zelmerlöw og songen «Heroes» er favoritt i MGP.

Foto: Maja Suslin / NTB scanpix

FILM

» Boka «Kongens nei» fortel om kong Haakon og kronprins Olav som nekta å overgi seg til nazistane. Forfattaren Alf R. Jacobsen fortel om korleis kongen og regjeringa flykta frå Oslo, følgd av tyske fallskjerm-jegerar og bombefly. Nils Ole Oftebro har lese inn lydboka.

Dramatisk fluktBOK

» Svenskane har god tradisjon for å vere blant favorittane i songkonkurransen Melodi Grand Prix (MGP). Også i år har veddeselskapa stor tru på nabolandet vårt. I kveld (torsdag) blir det klart om Måns Zelmerlöw kjem vidare til finalen. Også Noreg kan gjere det bra, trur fleire.

Sverige er favoritt i Grand PrixMGP

» Bill Murray var første gjest i talkshowet til David Letterman. Onsdag blei skodespelaren også den siste i stolen på «Late Show» med Letterman. Showet sluttar etter 22 år på lufta i USA.

Adjø, LettermanTV