12
– brubyggjaren KOMMUNEBUDSJETTET 2012 Side 4 VÅR NYE ORDFØRAR Side 6 Bry deg positivt s.8 Samhandlingsreforma s.11 Øygarden hjelper India s.9 Ungdomsrådet etablert s.10 Nr. 1 - 2012 Nyhende magasinet

Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Periodisk nyhendemagasin for Øygarden kommune

Citation preview

Page 1: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

– brubyggjaren

Kommunebudsjettet 2012 Side 4

Vår nye ordførar Side 6

Bry deg positivt s.8

Samhandlingsreforma s.11

Øygarden hjelper India s.9

Ungdomsrådet etablert s.10

nr. 1 - 2012

Nyhendemagasinet

Page 2: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

4 Nyhendemagasinet Øygarden

Kjære lesar av nyhendemagasinet!Også i denne utgåva av nyhendemagasinet kan du lesa mykje godt stoff om arbeidet som skjer i administrasjonen og einingane i vår flotte kommune. Vi ønskjer at NyhendeMagasinet skal vere eit direkte talerøyr til innbyggjarane for å gje dykk eit innblikk i korleis aktiviteten er på rådhuset og andre kommunale bygg. På denne måten

vil vi som byråkratar, politikarar og tilsette by på oss sjølv i eit direkte møte med dykk. Vi vonar du vil sjå den flotte innsatsen som mange legg ned i sitt daglege virke for kommunen vår.

Magasinet er ei viktig satsing i omdømmearbeidet, der me også ønskjer å verna om identiteten vår. Strilen, forma gjennom mange hundre år’s kamp mot tøffe livsvilkår og naturkrefter. Men også strilen som har ei sjeldan og unik evne til å omstilla seg frå harde jordbruks- og fiskerikår til eit meir moderne industrisamfunn. Vi har ein god og ikkje minst ein stolt historie å fortelje, og ei rik

kulturarv å forvalta.

Magasinet du har mellom hendene har mi beste tilråding. Det fortjener å verte lese av flest mogeleg. Lat det gjerne liggje lett tilgjengeleg slik at også andre enn du får nytte av nett dette bladet.

God lesning!

Otto HarkestadOrdførar

2 Kjære lesar av nyhendemagasinet!2 Ny offisiell adresse i øygarden kommune3 Kortnytt4 Kommunebudsjettet 20125 Ny i kommunen 6 Vår nye ordførar7 Kulturnytt8 Bry deg positivt8 Bli med i matklubben9 Rotter og mus9 Øygarden hjelper India10 Ungdomsrådet etablert10 Midlar til lokale folkehelsetiltak11 Samhandlingsreforma12 Faktainformasjon12 5 på servicetorget12 Småbarnstreffet inviterer til turgruppe

Bernt HjørnevikLiv Edel MikkelsenChristel Møvik-OlsenEva OlsvoldThor Witthil

Tekstredigering:Egil Olsvold

Ansvarleg utgjevar: Øygarden kommune ved Bernt Hjørnevik, kulturleiar

Ide, utvikling og produksjon:PCG Bergen

Trykk:Clarks grafiske formidling

Papir:Nyhendemagasinet er trykt på Cyclus offset papir. Det er eit 100% resirkulert naturkvitt papir.

Opplag:2200 stk., og NyhendeMagasinet vert distribuert til alle husstandar i kommunen.

Frå kommunen:Otto Harkestad, Åse Vik, Torgeir Sæter, Bernt Hjørnevik, Liv Edel Mikkelsen, Christel Møvik-Olsen, Silvia Haugland, Jarle Kåre Oen, Bente Guntveit og Ingunn Teigen.

InnleiingInnhald

Redaksjonen

Desse har medverka

Foto: Øygarden kommune

Ny offisiell adresse i øygarden kommuneProsjektgruppa for tildeling av ny gateadresse i Øygarden kommune har motteke nokre få merknader til arbeidet. Me vil difor gje utfyllande opplysning om at adresseendringa gjeld ”bustad/hytte m.m.” og ikkje personane som bur i bygga.

Kommunen har hatt gards- og bruksnummer som grunnlag for offisiell adressetildeling. Dei fleste har no fått brev frå kommunen om at den offisielle adressa er endra til å gjelda vegnamn og husnummer.

Dette er slik å forstå at det er eigedommar med bustadhus, hytte, industribygg og off. bygg som har fått ny adresse, og ikkje personar som er knytt opp mot desse bygga.

Det vert difor viktig at dei som har fått brev frå kommunen om ny adresse er merksam på dette og gjev melding til leigetakar, slik at dei vert knytt til bustaden si nye adresse.Det skal ikkje vere naudsynt å melde adresseendring for dei som eig og bur i bygningen. Det kan hende at dei som ”leiger” ikkje automatisk vert knytt opp mot eigedomen si nye adresse. Opplever nokon at posten ikkje kjem fram til den adressa dei bur på, må dei sjølv melda frå til Folkeregisteret om adresseendringa. Kommunen har ikkje endra den einskilde person si adresse og kan heller ikkje endra denne. Folkeregisteret er etaten ein skal vende seg til, og dei må ha skriftleg dokumentasjon for endringa.

Informasjon om adresseendring finn ein på: www.flytteportalen.no Ein kan og venda seg til POST I BUTIKK for å få skjema, eller ringe tilPosten sitt kundesenter, telefon 810 00 710.

MILJØMERKET

241 Trykksak 707

Page 3: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

Nyhendemagasinet Øygarden 3

Nyhende

No kan du abonnera på elektroniske nyhendebrev frå kommunen. Øygarden kommune tek i bruk elektroniske nyhendebrev frå 1.mars. Ca 1 gong pr. månad vil det gå ut eit elektronisk nyhendebrev til dei av våre innbyggjarar, samarbeidspartnarar og andre kommunar

Oppretting av fritidsklubb/ungdomsklubbDet skal fremjast sak om oppretting av fritidsklubb/ungdomsklubb med von om oppstart august 2012. Øygarden ungdomsråd har og kome med dette som tiltak. Det vil verte etablert ei prosjektgruppa som skal sjå på korleis ein kan organisera ein framtidig fritidsklubb/ungdomsklubb i kommunen.

StureterminalenSjølv om signala for Stureterminalen so langt har vore positive, understrekar ordføraren at endeleg avklåring om vidare drift ikkje er bestemt enno. Avgjersla om drift eller ikkje vil ha verknad også på kommunen sin evne til tenestyrting, i tillegg til kva ei avgjersle vil bety for dei som har sitt arbeid ved terminalen.

NæringslivsarbeidOrdføraren opplyser at han vonar å få fram sak for kommunestyret i løpet av våren, der utgangspunktet er korleis Øygarden kan driva dette arbeidet i åra framover på best mogeleg måte.

Utbygging på ToftøyPå Toftøy er ein i gong med ei større investering. Det vil verta ny veg mellom Torsvik og Toftøy skule. Vatn, kloakk og tele vert lagt i bakken samstundes. Ein reknar om lag 30 millionar i kostnad. Arbeidet vert delt i to bolkar, først frå Torsvik kai til byggjefeltet, så vidare til Toftøy skule. Harkestad Entreprenør står for arbeidet som er rekna ferdig i løpet av 2013.

Områdeplan for Rongøyer under arbeid, og ein vonar arbeidet vert sluttført i 2012. Planutvalet skal drøfta planen 8.februar, med bakgrunn i stadanalysen og det arbeidet som vart gjort i lag med næringsdrivande og grunneigarar sist november. Planen vil m.a. gje føringar for utviklinga av sentrumsområdet på Rong.

Områdeplan for Tjeldstøvil koma til politisk handsaming i februar. Arkeologiske undersøkingar vil ein gjere sommaren 2012, og detaljplanlegginga av ny skule og detaljregulering av skuleområdet vert sett i gong denne våren. Områdeplanen vil omfatta både skule, idrettsanlegg, båthamn og utviding av veg med fortau ned til Tjeldstø kai.

Hovudplan for vassforsyning/ avlaupPlan for hovudvassforsyning og avlaup som har vore arbeidd med av konsulentselskapet Cowi, vil ein sjå på på ny, sett i lys av algeproblema ved Toftøy vassverk, slik at ein får tilpassa planen etter den situasjonen som er oppstått. Ein reknar likevel med at han vert lagt fram til politisk handsaming våren 2012. Planen skal gje ein langsiktig strategi for vassforsyning og avlaup i heile kommunen.

Planarbeid

som melder seg på eit slikt abonnement. Om du vil vere av dei som får det første nyhendebrevet, så send ein e-post til kommunen [email protected] eller ring Servicetorget telefon 56 38 20 00.

Elektronisk nyhendebrev frå kommunen til deg

Regulering av Hjelme gravplassmed sikte på utviding vil ein gjera dette i år, med sikte på at arbeidet vert utført i 2013.

Om ikkje lenge får du nyhendebrev på mail

Page 4: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

4 Nyhendemagasinet Øygarden

Kommuen informrar

Kommunebudsjettet 2012

Vi kan ikkje gå inn i alle detaljane knytt til årets budsjett. Heile budsjett finn du på vår heimesida og du kan ta turen innom servicetorget for å bla` gjennom om du vil.

Øygarden har god økonomi men likevel må driftsnivået reduserast dei kommande åra for å sikra ein berekraftig økonomi også i åra som kjem. I løpet av 2011-2013 vert nettodriftsutgifter redusert med kr. 35 millionar kronar. Potensialet i rapporten frå Agenda Kaupang syner at kommunen bør ha høve for å redusera

driftskostnadane utan å svekka omfanget og kvalitet på dei ulike tenestene

FolkehelseDet skal arbeidast førebyggjande innafor alle tenesteområde, særleg skal folkehelsa prioriterast framover. Folkehelseomgrepet kan definerast som den totale innsats for å oppretthalda, betra og fremja innbyggjarane si helse.

KvalitetGjennom Kvalitetskommuneprogrammet har kommunen dei siste åra hatt fokus

Fortsatt fokus på gode tenester for innbyggjarane og eit velfungerande lokalsamfunn sjølv med nedtrekk på drifta.

Nøkkeltal - Hovudoversyn drift og investeringar (tal i heile tusen)2012 2013 2014 2015

Brutto driftsutgifter 404183 401805 406600 411500Brutto -425995 -426500 -424500 -424500Netto driftsresultat -21812 -24695 -17900 -13000

Sum investeringar 54200 56650 63100 20600

Investeringar (tal i heile tusen)Tiltak 2012

1 Plan - og reguleringsarbeid Barnehagetomt Toftøy 12002 Planarbeid, prosjekt/utgreiing 40003 Vann/Avløp Kvernebekken - Torsvik 145004 Toftøy vassverk, analyse 15005 VA-anlegg ( skule) Tjeldstø 6 Oppgradering vassanlegg 30007 Kommunale bygg Rehabilitering kommunale bygg 15008 Kjøp kommunale bustader 70009 Oppgr/rehab komm.bustader

10 Utbetring tak Øygarden u.skule 250011 Oppgradering kjøkken TBOS 25012 Oppvekstsenter Tjeldstø 13 Kulturminne Tjeldstø, utgraving 500014 Veg/grøntanl/uteareal Gravplass Hjelme, mur 100015 Reasfaltering kommunale vegar 100016 Kollsnes Næringspark, asfaltering 500017 Veglys 25018 Idrett Idrettsbane Toftøy, kjøp av grunn 160019 Idrettshall Rong 20 Maskinelt utstyr Rong stadion 10021 Oppgradering lysanlegg Nesemyra 120022 Anna Grunnkjøp Ovågen 250023 Ny brannbil - brannvesenet 24 Oppgradering kommunale kaiar 25 Innkjøp av PC til 8. klasse 30026 Rullering av PC i kommunen 50027 PC-satsing i skule og barnehage 300

Sum tiltak 54200

på arbeidsmiljø, redusert sjukefråvere og kvalitetsutvikling. Dette har så langt gitt gode resultat. Arbeidet skal prioriterast vidare som ein integrert del av drift og leiing. Systematisk kvalitetsutvikling skal styrkast, med regelmessige brukar- og medarbeidarundersøkingar.

Kulturhus og idrettshall – nytt prosjektØygarden formannskap har vedteke at prosjektet med fleirbrukshallen er lagt bort. Det vert arbeid med kulturhus og idrettshall, som erstatning for fleirbrukshall i eit nytt prosjekt.

InvesteringarVA-anlegg Kvernebekken – Torsvik skal gjennomførast med byggjesteg 1 i 2012 og byggjesteg 2 i 2013

Investeringa skal sikre godt utbygd infrastruktur for vatn og avlaup i denne delen av kommunen. Dette er ein del av å forbetre VA-anlegga på Toftøy. I dette arbeidet vert det og lagt permanent vassleidning mellom Rongøy og Toftøy.

Tjeldstø barneskulePlanlegging av ny barneskule på Tjeldstø, forventa bygging i 2013 og 2014. Det er lagt opp til utgraving av kulturminne på den aktuelle tomta i år.

Rådmann Torgeir Sæter. Foto Øygarden kommune

Page 5: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

Nyhendemagasinet Øygarden 5

Arne Petter Solberg

Arvid Arnesen

Atne Petter Solberg har arbeidd som lærar i kommunane Sund, Bergen og Askøy i 26 år både på barnesteget og ungdomstrinnet. Dei siste 14 åra har han vore skuleleiar, enten som undervisningsinspektør eller rektor.

Arne Petter Solberg fortel at han er oppteken av at læring ikkje berre gjeld for elevane, men og heile personalet ved ein skule. - Som skuleeigar er eg oppteken av at alle som jobbar i skulen ser ut over eigne klasserom og lærer av andre. Dette gjeld eigen skule, andre skular i Øygarden, høgskulemiljø, eller til og med utanfor eigne landegrenser. Solberg fortel at han har lært mykje av samarbeid med andre og har delteke i 3 europeiske samarbeidsprosjekt under Comenius. (EU program for samarbeid mellom grunnskular)

Kvifor jobbe i Øygarden?- Du kan godt kalla det å flytta heim, sjølv om eg ikkje er oppvaksen i Øygarden.Han har no bygd hus på tomta til bestemora som vaks opp i Øygarden tidleg på 1900 talet. - Eg trivst som skuleleiar, seier han. Med erfaringa mi frå drift av skular andre plassar, kan eg overføre det eg meiner var dei gode tankane derfrå. Men eg ser at det er ulike utfordringar frå kommune til kommune.

Tankar om jobben: - No har eg vore i stillinga i 4 månader. Eg opplever at Blomvåg skule har stolte tradisjonar og foreldregrupper som engasjerer seg,

Solberg ønskjer å følgje opp visjonane og føringane som ligg mellom anna i økonomiplanane for kommunen, nemlig at det skal vera fokus på gode læringsresultat i Øygardsskulen.- Då må ein sjå på balansegangen mellom tid til trivselstiltak og det ein i idretten kallar “mengdetrening”. Dette er nokre tankar og vyar om korleis eg kan bidra til å vidareføre Blomvåg skule som ein institusjon og skule, seier Solberg.

Læring for alle- Min eigen indre visjon for å jobbe i skule og opplæring er at det skal være fokus både på læringsmiljø og på det å lære for alle, og da meiner eg ALLE, avsluttar den nye rektoren ved Blomvåg skule.

Bakgrunn/erfaring: Arvid Arnesen har etter kvart opparbeidd seg brei erfaring innan bygningsdrift og forvaltning. I ungdomsåra arbeidde han som platearbeider ved Mjellem og Karlsen. Etter førstegangsteneste i militæret verva han seg og tok fagbrev

er ny einingsleiar/rektor ved Blomvåg skule

er ny einingsleiar for Drift og service

Nyansattesom serviceelektroniker i 1991 og jobba mellom anna med bygningsvedlikehald. Etter eit utdanningsopphald i Narvik, gjekk turen til Eiendomsavdelinga ved Universitetet i Bergen. Der har han har hatt forskjellige stillingar. Dei siste 6 åra var han leiar for 2 av driftsområda med ein samla bygningsmasse på ca 160.000 kvm.

Kvifor jobbe i Øygarden?- Eg vart headhunta til stillinga, fortel Arnesen. Han kjenner Kommunalsjef Jarle Kvalvik frå tida på universitetet. - Eg syntes stillinga virka både spennande og utfordrande, og takka difor ja til tilbodet.

Tankar om jobben:- Mine tankar kring jobben er først og fremst å få på plass ei veldriven drift og service avdeling. Dette inneber ein effektiv organisasjon som er samkjørt og oversiktlig, seier Arnesen.

Han fortel at dei er i ferd med å innføra eit digitalt system som gjev ein ryddig oversikt over oppgåver som skal utførast. - Eg trur dette vil gje brukarane ei betre teneste, samtidig som avdelinga kan dokumentere kva arbeidsoppgåver som til ei kvar tid vert utført.

Eit anna område Arnesen er oppteken av er gode rutinar og internkontroll. Samt å få samkjørt sentral driftsovervaking slik at vi kan styra varme og ventilasjon til alle kommunale bygg frå ein driftssentral på Rådhuset.

Avdeling drift og service har i dag ansvaret for drifting av alle kommunale bygg. Kundane her er dei tilsette og einingsleiarane, som har ansvar for tenestene i bygga. I tillegg har drift og service kundekontakt ut mot innbyggjarane gjennom tenester innan veg, vatn og renovasjon, samt brannvesenet, fortel Arnesen. - Det er mange utfordringar på mange plan, men eg trives med ein variert kvardag saman med gode medarbeidarar som står på døgnet rundt for innbyggjarane i Øygarden kommune.

Foto Øygarden kommune

Foto Øygarden kommune

Page 6: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

6 Nyhendemagasinet Øygarden

Kommuen informrar

Vår nye ordførar – Otto Harkestad

Politisk karriereOtto Harkestad har 20 års røynsle som politikar i Øygarden. Hans politiske karriere starta i 1980. Då vart unge Otto vald inn i Jordstyret og sat i to periodar. Otto Harkestad har hatt plass i Kommunestyre sidan 1997, unnateke perioden 1999 – 2003.Varaordførarvervet har han hatt i to periodar: 1988 – 1989 og 2007 – 2011. Han var og ordførar i perioden 1990 – 1995.

Store endringar-Ei utfordring for meg personleg er den teknologiske utviklinga. Det er mykje meir komplisert å vera ordførar i dag enn i førre periode. For å meistra jobben må eg setja meg inn i den nye digitale papirlause verda og ymse dataprogram. Men det er no moro og, seier ein nøgd ordførar.Otto meiner den politiske rolla har endra seg sidan sist han hadde ordførarvervet. Mellom anna vert det forventa at politikarane skal ha kunnskap om det meste. Dei må kunna uttala seg i ei kvar sak, og vera budde på uføresette hendingar og utfordringar.- Eg er glad eg har politisk røynsle, seier ordføraren.Otto minnest tida i gamle kommunehuset på Tjeldstø, der det var nokre få tilsette i kvar avdeling. Han er imponert over, og glad for, den solide, faglege administrasjonen rådmannen har kring seg. Det sikrar at kommunen er i stand til å handtera saker og tenester på ein lovmessig og kvalitativ god måte. - Sjølvsagt er det ei utfordring å halda balansen mellom politikk og administrasjon. Men med god kjennskap til og røynsle frå forvaltninga er det mogleg.

Kva er viktige, grunnleggjande verdiar for deg?- «Alle skal med», er Arbeiderpartiet sitt slagord! Eg ynskjer at alle innbyggjarane skal oppleva at Øygarden kommune er til for dei, og at vi kan påverka og utvikla tenestene til innbyggjarane sitt beste ut frå verdiane våre.Han fortel at økonomiske midlar og planar allereie er bundne grunna tidlegare vedtak, men det er likevel ein del oppgåver han nemner som viktige:- For det første må skulen i Nesemyra på Tjeldstø verta bygd. For det andre ynskjer eg at dei som slit mest, til dømes menneske med rusproblem, skal få meir hjelp frå kommunen. Det vert gjort ein god jobb innan dette feltet i dag, men mykje arbeid og oppfølging står att. Vi må få på plass eit fullverdig butilbod til alle som har krav på det innan PU-omsorga. Dessutan er dei reviderte planane kring ny idrettshall svært spanande. Eg veit ikkje kor langt vi kjem i denne perioden, men vi skal koma godt i gong!

Korleis er Øygarden kommune om 4 år?- Øygarden kommune er, på lik linje med verda kring oss, sårbar. Tidene og føresetnadene for avgjerder endrar seg. Det er vanskeleg å seia korleis vi har det når denne perioden er over. Men ordføraren har planane klare for kva som skal vera på plass av infrastruktur. Ved sida av betring av skuletilbod til borna og fokus på dei vanskelegestilte, ser ordføraren for seg at vasstilførselen i kommunen er sikra gjennom utbygging av vassverka. Han ser for seg ein vidareutvikla og utbygd Stureterminal, og at planar for ny riksveg på Dale er klar.

Otto Harkestad er Øygarden kommune sin nye ordførar. Han representerer Arbeiderpartiet, vald for perioden 2011 – 2015. Vervet overtok han etter Olav Martin Vik (TVØ).

Ordføraren foran Taj Majhal i India (i samband med besøk i januar)

Reguleringsplanen Nautnes – Hellesøy bør og vera ferdig.- I tillegg er eg næringslivet sin mann i Øygarden. Eg ynskjer å skapa nærare kontakt mellom kommune og næringsliv, og vonar vi får til mykje god utvikling dei neste fire åra.

Kva likar du best med jobben som ordførar?Ordføraren ser på intervjuaren og smiler! – Alt. Eg trivst godt i rolla. Å snakka med folk og vera til stades der noko skjer, og påverka til det beste for innbyggjarane, set eg stor pris på.-Eg er audmjuk i høve rolla, og er glad for at eg har røynsle som politikarar. Saker som kjem opp kan til tider vera krevjande. Etterpåklokskap er ikkje det beste når ein skal finna gode løysingar.

Er det noko spesielt du ynskjer å meddela innbyggjarane og dei tilsette?- Vi må gle oss over det vi har og får til i lag, og ikkje vera problemorienterte.Ordføraren ber både innbyggjarane og dei tilsette å sjå på eige tilvere i høve verda kring oss. - I den store samanhengen er vi svært privilegerte. Øygarden kommune er godt rusta til å møta utfordringane.- Men dette må ikkje bli ei “sovepute”. Vi må aldri verta oss sjølve nok og gløyma kor viktig det er å vera rause mot kvarandre. Ikkje minst må den gamle dugnadsånda fortsetja å bløma i bygdene våre!

Page 7: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

Kommunalt jubileumI 2014 skal Øygarden kommune feira seg sjølv som 50 åring

Vil du vera med i ei idèmyldregruppa på kva vi skal og kan få til av flotte arrangement.

Kulturleiar Bernt Hjørnevik er på jakt etter eldsjelar, kreative og ikkje minst lystne innbyggjarar, store som små, som har lyst å vere med å setja farge på ulike arrangement i 2014. Komunestyret skal i mars få ei oppstartsak på jubileet og til det møte ønskjer Bernt Hjørnevik at ein skal ha komen i gong med litt tankar og idear som ein kan ha med seg inn på vegen framover.

Så er det noko der ute eller kjennar du nokon så kast deg rundt – ring kulturkontoret og meld deg eller andre på. Telefonnummeret er 56 38 20 00.

Nyhendemagasinet Øygarden 7

Kultur

Kulturmagasinet 2012 – informasjon om lag og organisasjonslivet i Øygarden.I løpet av våren vil kulturkontoret kome ut med eit eige kulturmagasin. I dette magasinet vil ein presentera kulturlivet generelt og ein ønskje å ha ei oversikt som syner alt det flotte mangfald av kulturtilbod og aktivitetar ein har i kommunen vår. Har du/ditt lag noko spesielt som ein har lyst å ha med er det berre å venda seg til kulturkontoret eller frivilligsentralen

Interkommunalt kultursamarbeid (IKKUS)IKKUS vil i 2012 satsa på ulike felles regionale kulturprosjekt.

Døme på tiltak :1. Regionale sommaraktivitetar for born og unge – ”Camp Herdla” som modell2. Vidareutvikla kystkulturprosjektet med Loyal der i blant kystsogeseilas til Shetland3. Arbeida for ei transportordning i regionen til/frå kultur/idrett4. Turstiprosjektet – gradering og merking

Biblioteket på Rong senteret gjennomførte hausten 2011 ei brukarundersøking. Resultatet av den visar at ei scorar eit høgare snitt på alle indikatorane om ein samanliknar Øygarden med resten av Norge når det gjeld service, utlånstilbod, lokale, tilgjenge og informasjon. Biblioteksjefen er godt nøgd med brukarundersøkinga blant innbyggjarane og lovar å halde oppe servicenivå også framover.

Informasjonsmøte om lokale kulturtilskotsordningar og folkehelsetiltak samt Tilskuddsportalen vert 20.februar kl.18 i kantina på Øygarden rådhus.

Heile 192 born og unge var påmeldt til årets UKM. Siste laurdagen i januar var alle samla i Fjell rådhus i 10 timar med framsyningar innan klassisk/vise, pop, drama og kunst og pop/rock.

Kommunale kulturtilskot og Tilskuddsportalen 2012 Retningsliner og fordelingsnøkkel for årets tilskotsordningar innan kultur er no klar. Komite for levekår vedtok i januar fordelingsnøkkelen samt nokre justeringar på retningslinene for dei ulike ordningane. Du finn meir informasjon om dette på heimesida. Søknadsfristen for driftstilskot er flytta til 15.mai med tanke på registering i frivilligregisteret. Når det gjeld generelle kulturtiltak kan ein søkja heile året elektronisk på kommune si heimesida.

Desse gjekk vidare til fylkesmønstringa: Ji Janna - My Way - musikkSandra Øversveen - musikkSofie A Seifred - kunst Lotta Luna K Askim - kunst

Rekorddeltaking i Ungdommens kulturmønstringDansegruppa Nils, Otto og gjengen frå Øygarden i aksjon på Fjell rådhus 28. januar i år.

Page 8: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

8 Nyhendemagasinet Øygarden

Sentralen har trong for flest mogeleg frivillige som har spesiell fagkompetanse og livsrøynsle, som kan stille den dagen det er naudsynt, både til aktivitetar og kjøreoppdrag. Løna me kan tilby er gleda du får ved å dela din kunnskap og røynsle med andre.

Dei aktivitetane me listar opp er aktivitetar me til ei kvar tid tilbyr:

• Strikke/hekle kafé den første tysdagen kvar månad på Tednebakkane Omsorgsenter. Kl. 18.00 - 21.00

• Handyklubb på Tjeldstø anna kvar tysdag i partalvekene. Kl. 18.30 - 21.30.

• KUL-TUR guida turar i Øygarden som startar opp igjen i mars.

• Seniortreff på Rong Senter, 2 etasje. Anna kvar fredag i partalvekene. Treffa vekslar mellom Rong Senter og Tednebakkane omsorgsenter. Ta kontakt for oversyn. Kl. 11.00 – 13.00

• Vi startar opp med trim/styrketrening som seniortiltak til våren.

Har du lyst til å vera med som deltakar?

Alle er hjarteleg velkomne.

I tillegg har me aktivitetar som går over kortare tid, og ymse prosjekt. Kom innom for ein prat, så finn me ut kva du har tid og lyst til å bidra med.

Bry deg positivt

Liv Edel Mikkelsen og Christel Møvik-Olsen deler leiaroppgåvene på Frivilligsentralen.

56 38 20 00 [email protected]

Fakta

Bli med i matklubben

Program Tid: Onsdag 8. februarOnsdag 14. marsOnsdag 11. aprilOnsdag 9. mai

Klokkeslett: 7.30—20.30Stad: Øygarden Ungdomsskule

Kom og del oppskriftene dine. Saman lager vi god mat, me et i lag, pratar, ler og tek oppvasken etterpå.

Kultur

Er du ein av dei som vil vera med å gjera Øygarden til ein endå betre stad å bu? Då er DU den sentralen treng!

PåmeldingSend SMS med kodeord MAT + ditt navn til: 926 81 868 (Anette) eller 41 31 17 90 (Cindy)

Å bidra som frivillig under Alternativ Jul er både givende og gøy. Her representert med Unni Instefjord og Anne-Elin Dale. Foto: Vidar Andersen

Page 9: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

Nyhendemagasinet Øygarden 9

Mus et kva som helst!

Ny i kommunestyret

Første regel er at absolutt all mat må pakkast forsvarleg dersom det skal lagrast i boder ute. I garasjen der dørene kan stå mykje ope, bør ein ikke ha mat i det heile tatt. Vegen er kort frå bod og garasje og inn til hus eller hytte

Kontroller garasje og bodHald oppsyn med bod og garasje. Finn du små hol i emalasje, klede eller anna, er det eit tydeleg musetegn. Muselorten, dei små svarte perlene, er eit anna synleg spor. Musa kan og gå til åtak på leidningar i bilar, graskløpparar eller elektriskke anlegg. Dette kan utgjere brannfåre.

Salmonella og alergiske reaksjonarMusefamilen kjem seg inn over alt, den treng kun eit par centimeret. Og, der ho har budd før kjem ho gjerne att....og tek med seg heile musefamilien. Musa er eit skadedyr som ber med seg salmonella og ein kan også få alergiske reaksjonar om ein kjem i kontakt med museeskrementar.

Gode rådSteng alle vindu og ventilar.Rydd rundt garasje, hus og hytte.Pass på bossetditt og ha gjerne ein murstin på bosslokket.Set opp smusefeller og sjekk dei.

”Eg las brosjyra om kvinner i lokalpolitikken og tok det opp med dei heime at eg kunne tenka meg å engasjera meg i politikken. Deretter kontakta Liv Edel Mikkelsen i Ap, og sa eg var interessert i å vera med i AP lokalt”, fortel Kari Fjeldstad til NyhendeMagasinet. Vegen var ikkje lang til partimøte og ho fekk plass på AP si liste som nr 16.

”Eg hadde aldri trudd eg skulle koma inn, men eg gjorde det et kunne for å samla stemmer til partiet og dei sakene eg brenn for.” Ho brukte Facebook, snakka med kollega og vener og delte ut brosjyrer. Med 41 personlege stemmer fekk ho altså plass i komunestyret.

Kari er budd på 4 år i kommunestyret, og reknar med at rutinene kjem etter kvart og i januar var det kurs og trening for dei nye medlammane. Det er mykje å setje seg inn i og ho skildrar dei første kommunestyremøta med litt skrekkblanda fryd.

”Eg vil ikkje lenger sitta på sidelinja å kommentera jobben til politikareane, no vil eg vera med å engasjera meg. Gjera ein forskjell i lokalsamfunnet, i allefall prøva. Eg er veldig stolt over Øygarden og prosjektet kvinner i lokal-politikken. Dette kan vi skryta av til heila landet”, avsluttar Kari Fjeldstad.

Med rette vert musa kalla ein gnagar. Den et kva som helst: Sko, klede, alt som er fargerikt og mjukt, møblar, julepynt, leikar ja til og med avispapir, elektriske leidningar og gummi.

Kari Fjeldstad, 40 år, frå Tjeldstø er ny i politikken og ny i kommunestyret. Ho fant ei brosjyre frå AnnanKvar kampanjen i resepsjonen på arbeidsplassen.

Det politiske hjørnet

IndiaIndia skal læra av vesle Øygarden om korleis dei kan utvikla og betra lokaldemokratiet for sine innbyggjarar. Målet er det same som Øygarden har jobba for: Fleire kvinner inn i lokalpolitikken.- At prosjektet kvinner i politikken skulle enda med Indiabesøk og samarbeid, er i ein dimensjon eg ikkje hadde sett føre meg. Og å koma til India å høyra dei lokale seia ”AnnanKvar ” på nynorsk var heilt facinerande, seier Aud Karin Oen.Ho og ordførar Otto Harkestad vart invitert til India av kommunal- og regionaldepartementet. Saman med Liv Signe Navarsete (SP) reiste dei for å fortelje om den fire års lange satsninga på

prosjektet Utstillingsvindauga for kvinner i lokalpolitikken. No skal verdas største demokrati samarbeida med Øygarden som no er vorte vennskapskommune med ein kommune i Andhra Pradesh. Kva dette inneber veit me ikkje enno, men vonar det endar opp i konkrete prosjekt som skal gå over tid. - India må finna sin veg og dei har store utfordringar med omsyn til fattigdom og analfabetisme. Å styrkja kvinna si rolle er essensen både i Noreg og India. Dei landa som har klart å få til ei høg grad av kvinner i politikk og samfunnsliv er og dei landa det er best å bu i. Dette har India skjønt og vil no få kvinnene med, avsluttar Aud Karin Oen.

Øygarden samarbeider med verdas største demokratistat

Annankvar

Page 10: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

10 Nyhendemagasinet Øygarden

Tryggleik

Ungdomsrådet etablert Like før jul hadde Ungdomsrådet i Øygarden sitt første møte. På møte var kommunen representert ved ordførar Otto Harkestad og kulturleiar Bernt Hjørnevik. Til første møtet var og varemedlemane i Ungdomsrådet inviterte.

Ordførar Otto Harkestad ønskte alle i Ungdomsrådet lukke til, og såg fram til eit godt samarbeid.

Val av leiar i UngdomsrådetJulie Pettersen vart vald til leiar, og Regine Oen Hatten vart nestleiar.

Ungdomsrådet hadde sitt første møte i midten av januar. Der hadde ein ei arbeidsøkt for å leggja planar for arbeidet.

Otto Harkestad inviterte Ungdomsrådet til Kommunestyret i mars. Då vil dei få presentera seg for dei folkevalde.

Korleis skal Ungdomsrådet arbeida?Ungdomsrådet skal vere eit talerør for born og unge i kommunen. Umgdomsrådet skal forvalta tildelte tilskotsmidlar det er søkt om. Det er naudsynt for Ungdomsrådet å få gode innspel og saker ein kan ta opp i møta.

Midlar til lokale folkehelsetiltak

I Nyhendemagasinet hausten 2011 informerte Bente Guntveit om folkehelse og oppstart av frisklivssentralen. Den er ikkje heilt

Nyetablert ungdomsråd saman med ordførar Otto Harkestad. Foto Øygarden kommune

Ungdomsrådet vil ha eige sida på kommunen si heimeside. Der vil ein finna mykje informasjon, og på e-post kan ein sende inn framlegg til saker/tema som Ungdomsrådet skal ta opp.I første kvartal 2012 vil Ungdomsrådet laga ei informasjonsbrosjyre som alle elevane frå 5. klasse til og med vidaregåande skule vil få.

Våren 2011 gjekk Øygarden i partnarskap med fylket og frivillige organisasjonar om folkehelsearbeidet i kommunen. No er kommunen på jakt etter dei gode tiltaka, også frå lag og organisasjonar.

klar enno, men det som er på plass er lokale folkehelsemidlar til gode tiltak i og for Øygarden sine innbyggjarar.Frå månadsskiftet februar/mars vil

det vera mogeleg for lag og organisasjonar å søkja om mindre tilskot til prosjekt som vedkjem folkehelsa. Årets nærmiljømidlar prioriterer søknader som gjeld folkehelsetiltak i krinsen eller velforeininga.

Kommunale einingar har og høve til å koma med framlegg om gode tiltak. Breivik friluftsbarnehage er igong med prosjekt. Toftøy skule og Rong skule har signalisert gode tiltak.

Det vil verta gjeve informasjon om lokale folkehelsemidlar og tilskotsordningar for lag og organisasjonar på informasjonsmøte i februar.

Følg med på kommunen si heimeside!

Page 11: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

Nyhendemagasinet Øygarden 11

Tema

Samhandlingsreforma

BakgrunnSamhandlingsreforma vart innført 1. januar 2012. Reforma skal sikra gode helsetenester i åra som kjem, og dempa kostnadsveksten i helsesektoren. Den skal og betra situasjonen for «svingdørspasientar» som opplever at helsepersonell samhandlar dårleg.

Kostnadane til helse har auka enormt dei siste tiåra. Om ein ikkje tek grep vil denne auken akselerera. Det vert fleire eldre og fleire med kroniske og samansette sjukdomar. Om 25 - 30 år vil delen av befolkninga over 80 år doblast. Livsstilssjukdomar som til dømes diabetes, kols, psykiske lidingar og rusmisbruk er og i sterk vekst. Regjeringa ønskjer å dempa utgiftsveksten i sjukehusa ved å overføra oppgåver til kommunane. Samhandlingsreforma skal sikra at fleire eldre får betre tenester i nærmiljøet, og førebyggande arbeid skal prioriterast.

Kva er dei viktigaste tiltaka?1. Frå 2012 vert oppgåver og finansieringsansvar flytta frå staten til kommunane. Kommunane skal medfinansiera 20 % av sjukehusopphaldet for sine innbyggjarar. Betalingsordninga skal motivera kommunane til å avgrensa bruken av dyre sjukehustenester og satsa meir på førebygging. For Øygarden er finansiering av sjukehusopphald rekna til omlag 5 millionar kroner.

2. Den kommunale helsetenesta – sjukeheim, heimesjukepleie og legetenesta skal utføra ein del oppgåver som i dag vert utført i sjukehuset. Fleire skal få hjelp i heimen, fleire skal få

behandling og rehabilitering i kommunen, og ikkje minst; fleire sjukdomar skal førebyggast og forhindrast.

3. SamarbeidMange av oppgåvene er for store og komplekse til at små kommunar kan ta på seg desse oppgåvene åleine. Bodskapen i samhandlingsreforma er difor krystallklar: Samarbeid! Regjeringa oppmodar kommunane om å gå saman for å byggja ut helsesenter regionalt.

Kva vil dette bety for deg?Du skal først og fremst merka betre samarbeid i helsevesenet. Du vil og få tilbod om meir behandling lokalt eller regionalt, her i kommunen, på Straume, på Askøy eller i Sund. Dei fire kommunane i Region Vest er i forkant av reforma, og har alt etablert omfattande samarbeid og er klar til å ta over nye oppgåver.

Gjennom det interkommunale samarbeidet og Helse Bergen er det etablert ei avdeling på Straume for pasientar som treng opptrening og rehabilitering etter sjukehusopphald. Dette tilbodet har fått mykje skryt av brukarane. Det same har dialyseavdelinga som Helse Bergen har opna på Straume. Pasientar som før måtte til Haukeland fleire gongar i veka for behandling, kan no få behandlinga i nærområdet.

Til sommaren vert det opna ei avdeling for lindrande behandling på Kleppestø sjukeheim. Her vil pasientar og pårørande få heilskapleg hjelp i rolege og heimlege omgjevnadar i ein elles vanskeleg livssituasjon.

- Meir samhandling- Meir førebygging- Raskare handsaming

For å kunna gje gode helsetenester lokalt planlegg dei fire kommunane i Region Vest eit Lokalmedisinsk senter på Straume (2015). I tillegg til dei tenester som er skissert over, skal dette senteret og innehalda rehabilitering, læringssenter (korleis leva med sjukdomen sin), lokale tenester for Fjell kommune, og ikkje minst; Helse Bergen vurderer om fleire spesialisttenester, som til dømes røntgen, kan flyttast ut her.

I 2012 har kommunen planar om å oppretta “akuttsenger” på Tednebakkane omsorgssenter for å unngå sjukehusinnlegging for kronikarar eller andre som treng enklare behandling, undersøking eller observasjon. Dette tilbodet skal skje i tett samarbeid med sjukehuset, den lokale legevakta, og med godt kvalifisert personale. Dette vil særleg koma kronikarar og eldre til gode.

I Øygarden er førebygging sett på dagsorden gjennom Lokalsamfunn med MOT, treningsavtale med Peak Fitness der alle ungdomsskuleelevar får gratis trening, aktivitetar i regi av Frivilligsentralen, tilrettelegging av turar og turstiar, treningsgrupper, aktivitetsprosjekt i skular og barnehagar osb. I samarbeid med Hordaland Fylkeskommune har kommunen fått eigen folkehelsekoordinator, Bente Guntveit. Ho skal koordinera dette arbeidet. I 2012 er det planlagt å opna FriskLiv-sentral for å gje hjelp til personar i risikogrupper. Betre førebygging skal gje “det gode liv” for innbyggjarane - og redusera sjukehusopphald. Billegare og betre, meiner helseministeren!

Flyfoto av kommunesenteret på Rong.

Page 12: Nyhendemagasinet 2012 nr. 1

5på servicetorgetEr det noko du saknar i Øygarden?

Småbarnstreffa på Øygarden helsestasjon starta opp for nærare 2 år sidan. Frammøte er annankvar torsdag kl. 10.30, og ca kl 11 byrjar vi med babysong. Etterpå et me lunsj i lag. Det er stort sett mødrer som kjem med borna sine på, men me ynskjer og fedrane hjarteleg velkomen til å vera i lag med oss. Småbarnsmødrene i Øygarden tok i haust initiativ til å starte opp ei turgruppe. Turgruppa har laga plan for turar fram til påske 2012. Turgruppa samlast også om torsdagane, så annankvar torsdag er det småbarnstreff på helsestasjonen, og annankvar torsdag er det tur.

Ta med deg barnet/borna og trillevogn så går me på tur i lag! Kle dykk godt etter vær og vind!

Eva SzekelyEg saknar eit apotek! Det er tungvint å måtta reisa ut av kommunen for å få tak i medisinar.

Vidar HitsøyEg trivst godt i Øygarden, og kan ikkje koma på noko i farten som eg saknar!

Vivian Linnea Sulen Eg har det fint i Øygarden, og saknar eigentleg ikkje noko spesielt!

Ronny Fjeldstad Det hadde vore fint om me fekk opna butikken på Hellesøy att! Den saknar eg!

Svein Tore Danielsen Eg har ikkje budd så lenge i Øygarden, så det er lite eg saknar. Tvert i mot, eg er imponert over kor flink Øygarden kommune er til å informera innbyggjarane. Kommunen har ei flott heimeside som det er lett å finna fram i, og på Servicetorget får eg og god hjelp når det er noko eg undrar på. No har me fått elektronisk utskriving av resept, så det hadde vore fint med eit apotek, eller utleveringsstader for medisin som er tinga. Og så skulle eg ynskja at syklistane brukte dei fine sykkelstiane i staden for å bruka køyrebana!

Faktainformasjon om Øygarden kommuneØygarden kommune har 5 kundevertar på Servicetorget:Ingunn Teigen, Torill Hellesund, Silvia Haugland og Inger Helen Hellesund, Thor Wilthil

Telefon: 56 38 20 00 mandag til fredag mellom kl 08.00 og 15.30

Ordførar: Otto Harkestad (AP)Rådmann: Torgeir Sæter

Folketalet pr 1.7 2011: 4300Areal: 64,2 km2Næringsareal: 1500 dekar (Naturgassparken vest) Industri ca 1100 dekar (Kollsnes og Sture)Tal nye bustadar i 2011: ca 30Ledige tomtar hus: om lag 800Ledige tomtar hytter: om lag 10

Tilsette i kommunen: 379 årsverkElevtal ved skulane: 613Antal ungdomsskular: 1 Øygarden UngdomsskuleAntal borneskular: 5Alvheim skule, Bakken skule, Blomvåg skule, Rong skule, Toftøy skuleBorn i bornehage: 248Antal bornehagar: 3 kommunale / 4 privateKommunale: Tjeldstø barnehage, Terna barnehage, Breivik barnehagePrivate:Havly barnehage, Spurven familiebarnehage, Knappen familiebarnehage, Brum familiebarnehage

Born i kulturskulenpr jan-12: om lag 180

Anlegg2 fotballstadion med krøllgras: Rong Stadion og Nesemyra StadionSymjehall i Kulturhuset Terapibasseng i Øygarden Rådhus

Nyttig kontaktinformasjonSentralen: 56 38 20 00Øygarden Bibliotek: 56 38 22 20Kystmuseet i Øygarden: 56 38 50 50Viktig kontaktinformasjon:FAX: 56 38 22 31Legesenter dagtid: 56 38 21 10Legesenter ettermiddag/kveld: 56 38 93 00

Viktige nettstaderwww.oygarden.nowww.godesirklar.nowww.naturgassparken.no

Send oss e-post til:[email protected]

Organisasjonsnummer: 938 766 223

Besøksadresse:Øygarden Rådhus, Ternholmvegen 2, 5337 RongPostadresse:Øygarden kommune, 5337 Rong

TurgruppeSmåbarnsttreffet på øygarden helsestasjon inviterer til

Dato Oppmøte TurTorsdag 26 januar 2012 kl. 10.30 Parkeringsplass v/Dansehuset

Rundt Torsvik

Torsdag 9 februar 2012 kl. 10.30 Parkeringsplass v/Rong Senter Rong

Torsdag 23 februar 2012 kl. 10.30 Parkeringsplass ved Vik bedehus Rundt Vik

Torsdag 8 mars 2012 kl. 10.30 Parkeringsplass v/ Blomvåg skule (v/bussterminalen) Blomvåg

Torsdag 22 mars 2012 kl. 10.30 Parkeringsplass v/ Oen bedehus

Rundt Kollsnes

Torsdag 19 april 2012 kl. 10.30 Parkeringsplass v/Skjergardsheiemen Rundt Sture