24

Parrot og Olivier i Amerika

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kritikarrost roman av australske Peter Carey

Citation preview

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 1

Peter Carey

Parrot og Olivieri Amerika

Roman

Frå engelsk ved Åsmund Forfang

SamlagetOslo 2012

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 3

«Er det verkeleg muleg å tru at demokratiet, som har

øydelagt føydalismen og sigra over kongar, vil la seg drive

tilbake av borgarar og rikfolk?»

«Det er ikkje klokt å kunngjere kvar einaste sanning.»

Alexis de Tocqueville

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 5

Olivier

i

Eg var sikker på at eitt eller anna djevelsk og katastrofalt haddeskjedd alt før eg var fødd, men le comte og la comtesse, foreldramine, ville ikkje fortelje meg kva det var. Det førte til at nysgjer-righeitsorganet mitt vart pirra, og eg voks opp som den mest rast-lause og helseveike skapningen du kan tenke deg – liten og bleikkravla eg høgt og lågt og snuste rundt i alle kjellarhol og lofts krærpå château de Barfleur.

Men hør: Med den forrykte iveren eg gjekk til verks med, erdet ikkje litt snålt at eg aldri kom over onkels célérifère?

Kanskje var ein célérifère ein heilt vanleg ting i din familie. Imin var den, som alt anna, eit stort mysterium. Den klumsete tre-sykkelen, bygd av onkel Astolphe de Barfleur, kom for dagen daeit par omreisande taktekkarar oppdaga den der den hang fast-surra til taksperrene. Kvifor den måtte surrast fast, aner eg ikkje,heller ikkje kvifor onkel – eg går ut frå at det må ha vore han –brukte to hundehalsband. Eg er slik konstruert at eg er rask til åmane fram ein tragedie – som at to trufaste kjæledyr hadde vand raheden – men kanskje dei to lêrhalsbanda rett og slett var det onkelhadde for handa akkurat da. Iallfall var dette eit av dei typiskemysteria som fanst innelåste bak château de Barfleurs murar. Idet minste var det ikkje eg som kom over dette mysteriet, og berretanken på korleis mor ville ha reagert om det hadde vore eg,får enno i dag pulsen min til å skyte fart. Luna hennar kunne slåtil når du minst venta dei. Ho uttrykte så visst ikkje mors -lidenskapane sine som andre mødrer, men eg visste likevel å nytedei tilfella, som langt frå var sjeldne, da ho engsta seg for at eg

7

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 7

heldt på å døy. Journalane viser at ho i året 1809 sendte bod pålegen femtitre gonger. Tjue år seinare kunne ho framleis gripe tildei mest forskrudde knep for å redde livet mitt.

Barndommen min vart verken velsigna med eller forkludra avonkels célérifère, og eg ville ikkje ha nemnt den, om ikkje – sjå,her er den, rett framfor auga våre.

Typisk at den austerrikske teiknaren ikkje har makta å få fram alledei tre dimensjonane.

Men:Kunne det ha funnest eit framkomstmiddel meir eigna for den

ryggelause oppgåva eg har tatt på meg, ei oppgåve du forresten althar gitt di støtte ved å gå laus på denne boka? Altså, du har meddet sagt ja til å bli transportert til barndommen min, der det vilbli bevist, eller om ikkje bevist, så iallfall sterkt sannsynleggjort, attil og med forma på hovudet mitt, min særeigne frenologi, ogogså lungekapasiteten min, vart bestemt av dei ukjente kreftenesom var i spel i åra før eg vart fødd.

La oss derfor innbille oss at ein underleg og barokk sykkel harvorte gjort tilgjengeleg for oss, ei treramme forma etter linjene påein hest, og når vi skal nærme oss heimen min på den måten, måvi sjølvsagt berre finne oss i å måtte skyve onkels pedallause sykkelover falne greiner gjennom skogholta. Det er ei nesten fåfengtoppgåve i den ulendte skogen der eg og abbed de la Londe, minkjære Bébé, skaut så mange hundre lerker og sporvar at den vesleskuldra mi vart banka mør og blå.

«Forsiktig, kjære Olivier, ver forsiktig.»

8

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 8

Vi hoppar over naseblodet inntil vidare, men realistisk sett kanblod komme til å flyte før vi veit ordet av det – spektakulær blod-sprut, praktfulle blodfontener – kroppen min blir alltid ein altfortynnvegga behaldar for lidenskapane som rasar gjennom åranemine, men når vi no spinn i hop eventyret vårt, så la oss sjå bortfrå alt det der med blod og kompressar og igler og ville rideturarfor å rive legen bort frå frukostbordet.

Og så kan vi lesarar forlate den silkemjuke, trulause Seinen ogta oss gjennom dei ulendte skogane og nå fram til stien mellomlindetrea, og eg, Olivier-Jean-Baptiste de Clarel de Barfleur deGarmont, av adelsslekta Nærsynt, kan fritt fyke av garde somMerkurius mens eg peikar mot flimmeret av ein grønsakhage tilvenstre og fargesamansuriet av ein frukthage til høgre. Der gården møkkete landsbyvegen, som eg kan skli og skrense over, blindsom ein moldvarp, og vidare inn gjennom den opne porten tilchâteau de Barfleur.

Hei, Jacques, hei, Gustave, Odile. Eg er heime.På høgre side, rett innanfor porten, ligg fars rettslokale, der han

fører unge bønder inn i ekteskapet og dermed bergar dei unna mili-tærteneste og ein tidleg død i Napoleons hær. Vi snakkar aldri omat vi ikkje er for Bonaparte, og far lèt andre ta seg av intrig ane. Vilever eit stille liv – seier han. I Normandie, i eksil, seier han òg. Morseier det same, men på ein bitrare måte. Berre gjennom arkitektu-ren kan du få eit visst inntrykk av det mektige familietraumet. Vifører et stille liv, men borggarden vår ser ut som ei slagmark, denærverdige reisninga blir håna av eit hav av grøfter, vollar, raudgjørme, kvit sand, grå steinheller og femtifire forsythiaer medrøtene pakka inn i striesekker. For at borggarden skal få folde seg uti sin rettmessige glans, har den austerrikske arkitekten vorte instal-lert i Det blå rommet med teiknebretta og blyantane sine. Kanskjefår du eit glimt av dette opphøgde vesenet idet vi passerer.

Eg har late vere å nemne den mest alvorlege mangelen vedonkels kjøretøy – at det manglar ein styremekanisme. Det harfleire andre manglar, men kvifor bry seg? Tohjulingen er ei av

9

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 9

desse underlege maskinene som først blir håna for å vere ubruke -lege, heilt til dei bardus, som ein lakei som kjem ramlande ned-over ei trapp, med eitt står der framfor oss, påtrengande til stadesog til umåteleg nytte.

Åra før 1805, da eg først vart lagt til mors bryst, var ei tid pregaav både vakre og skrekkelege oppfinningar – og eg vart svært tid-leg klar over det, utan å forstå nøyaktig kva det vakre eller det skrek-kelege bestod i. Det eg forstod, hadde eg soge berre frå det vi kankalle den symbolske blandinga, det vil seie dei samanflytandesekreta, den urovekkande smaken av mjølka til mor, min eigenpust, den beint fram fæle og ustoppelege rautinga til dei stakkarskrøttera som særleg på vinterettermiddagar når tenarane på nyhadde forsømt å tenne lampene, pinte meg bortanfor all forstand.

Men no har eg alt brukt hundrevis av ord, så det er på tide atvi kjem oss inn i châteauet, trillar stille på våre to hjul mellom tohøge, blå dører, der vi etter å ha svinga skarpt til høgre blir kata-pultert heilt til enden av den lange, høge søylegangen i ein slikhujande fart at vi berre så vidt rekk å legge merke til, på venstreside, den innbilske arkitekten og den magre, lyshåra assistentenhans. På høgre side – følg med – reiser seks høge vindauge seg,kvart einaste eitt av dei viser fram for oss det påtrengande kaoseti borggarden og bortanfor portane bøndene og krøttera som uav-lateleg kastar frå seg halm og møkk.

Du kan òg rekke å få med deg, i mellomromma mellom vind-auga, portrett av ein Garmont eller ein Barfleur eller ein Clarel, eilinje som strekker seg så langt tilbake i tida at dersom far i deimørkaste dagane under revolusjonen skulle ha prøvd å brennealle breva og dokumenta som kunne knyte han ugjenkalleleg tildei aristokratiske privilegia og farane, ville han ha sett ein heilhærskare papir bli vekt til live og løfte seg frå bålet i borggarden,fire hundre års historie forvandla til brennande kråker som steigpå flammevenger opp mot den turkise himmelen som eg, somenno var ufødd, ikkje var der og kunne sjå.

Men dagen i dag er lys og velsigna med solskin. Den lange søyle -

10

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 10

gangen er ein veddeløpsbane brulagt med marmor, og vi susar motden låge, mørke døra der framme, det vesle kapellet der mammavier morgonane til bønn.

Men mor ber ikkje no, så vi må bere framkomstmiddelet vårtvidare for å kunne treffe henne. At nokon skulle velje eik i ei slikinnretning, er langt bortanfor vett og forstand, onkel må ha voreden kunstnaren. På veg oppover dei uendelege trappene kjennestden rasp ande pusten min som ei rottehalefil i strupen. Dette erikkje moro, min herre, men du treng ikkje bli redd. Eg er kanskjeein puslete gut med lute skuldrer og spede armar, men blodet mitter kaldt og sterkt, eg greier fint å svømme over ei elv og skyte einfugl og bere ein célérifère opp til andre etasje, der eg skal presen-tere deg for den tilslørte skikkelsen med ein klut over auga på sje-selongen, mor, comtesse de Garmont.

Stakkars mamma. Sjå kor ho lir, ansiktet er magert og gløderi det dunkle lyset. I ungdommen var ho aldri sjuk. I Paris var holysande vakker, men Paris er frårøva henne. Ho har eit stort hus irue Saint-Dominique, men far er ein forsiktig mann, vi lever ieksil på landet. Mor sørgjer over Paris, sjølv om du innimellom kanforestille deg at ho kanskje er ein angrande syndar. Har ho synda?Kven ville i så fall ha fortalt meg det? Kleda hennar er dystre og sitlaust, som det passar seg for ei religiøs kvinne. Livet hennar er eislags heilag liding som utspeler seg på eit nivå høgt heva over detteskuffande barnet.

Eg er òg sjuk, men det kan ikkje samanliknast. Eg er, som egofte seier om meg sjølv, eit ynkeleg dyr.

Sjå på det, dette elendige, vesle krypet – hovudet mitt stukkeinn under eit handkle, innhylla i damp, mens den digre handa tilden gode Bébé, som like ofte var sjukepleiar for meg som lære-meister og skriftefar, kvilte på den smale ryggen min der eg gispafor livet etter luft så lenge og så kraftig at eg – enno midt inne ikrisa – kunne falle i søvn og vakne med nasen skålda i vassfatet,mens lungene heiv etter det vesle dei var i stand til å supe i segsom fisk i ei bøtte.

11

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 11

Etter kor mange vakenetter på nippet til å bli kvelt såg eg detbleike morgongryet løfte dei doggvåte poppelblada opp frå deimørke nattlege farvatna, hørte eg skrika frå kråkene, vart eg vitnetil dei landlege pinslene så presist avteikna i dei groteske gips-maskene ytst på avløpsrennene?

Eg var sikker på at eg ville ha vorte frisk i Paris. I Paris ville egha vore lykkeleg.

Etter abbed de La Londes oppfatning var Paris tvert imot einelendig miasmepøl, lufta på landet gjorde meg godt. Han skulleundervise meg i Catullus og Cicero, men i staden drog han megmed seg, med muskettane våre parate, inn i det vi kalla Botnlan-det, der vi skaut duer og trast og Bébé fungerte som både klapparog oppsynsmann og prest. «Du er ein fantastisk liten skyttar,» saBébé og sprang fram for å plukke opp byttet vårt. «Quam sagaci-ter puer telum conicit!» omsette eg. Han skjønte aldri kor nærsynteg var. Eg var så ivrig etter å gjere han til lags at eg skaut ting egikkje såg.

Mor ville at eg skulle tiltale han De og L’Abbé, men han varikkje den typen menneske, så han måtte bli heitande Bébé til sindøyan dag.

For han måtte eg vere ein snodig liten skapning å elske. Hanvar ein sterk og vakker mann med snøkvitt hår og kloke auge somlett vart rørte til medynk. Han hadde oppdratt far, og no var deteg som gav meg sjølv fullt og heilt over til hans svære, leverflek-kete hender, til tålmodet hans, til lukta av Virginia-tobakken somlaga flekker på skuldra på prestekjolen og fylte meg med atom fråAmerika tjue år før eg pusta inn lufta der. «Kom igjen, ungemann,» sa han. «Kom, det er ein nydeleg dag – Decorus est dies.»Akkurat da kunne ei haglskur flå huda av ryggen din, og han gavseg over i undring, ikkje over den fryktelege piskinga, men overmirakelet is. Eller om det ikkje var is, så kunne det vere vinden –som bles så kraftig at det såg ut som om sjølve Nordsjøen brautseg oppover Seinen og ville skylje bort muren som skilte elva fråbassenget vårt.

12

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 12

Den saktmodige vil ikkje svømme, men Bébé sørgde for at egikkje vart saktmodig. Han stod og plaska i den djupe enden avbassenget, naken som ein avskoren statue – «Kom igjen, Store Oli-vier».

Om eg – stikk i strid med alt Gud hadde skapt meg til – vartein god svømmar, var det ikkje på grunn av den destruktive læratil Jean-Jacques Rousseau, men takka vere denne gode presten ogbehovet mitt for å glede han. Eg kunne ha gjort kva som helst forhan, til og med drukne meg. Det var han som sørgde for at egheile tida vart dratt bort frå den lumre atmosfæren i barndoms-heimen min, og sjølv om eg fordreiv altfor mange kveldar i sel-skap med legar og igler, var eg, trass i legninga mi, fullt fortrulegmed dei sanselege gledene ved dei ulike årstidene, den gode, raudejorda som tørka ut dei tandre hendene mine.

Og naturlegvis overdriv eg. Eg budde i château de Barfleur i seks -ten år, og mor låg ikkje alltid oppe på dueloftet sitt med ein våt klutover auga. Over det låste skrivebordet til far hang eit stort og nyde-leg blyantportrett av mamma, lyst og lett som drømmen til eitufødd barn. Nasen på teikninga var kanskje bitte litt smal, ei aningfor streng, men portrettet var så levande. Panna var reinskoren ogglatt, blikket direkte og oppriktig, auga vendte spørjande mot densom betrakta henne, ikkje berre på portrettet, men elles òg – fordet skjedde mang ein kveld i barndommen min at ho stod opp fråsenga, kledde seg i all si prakt og skreid inn for å gjere ære på deigamle vennene våre, ikkje folk som dei som nett opp og så raskthadde vorte løfta opp i fremste rekke, men aristo kratar frå embets-og krigaradelen. Å stå ute i borggarden slike kveldar med så mangepraktfulle vogner parkerte ute av syne bak stallane, å sjå opp på denslørete månen og dei regnvåte skyene over Normandie, det var åvere sett tilbake til ei svunnen tid, og ein nærma seg den store ytter-døra ikkje i full fart på ein sykkel, men med rolege, tassande steg, ogdet var ikkje smuss og spindelvev ein kjente lukta av når ein steiginnanfor, men det fine pudderet frå mannsparykkar, den søte par-fymedufta som steig opp frå kvinnebarmar, mens det sprakande

13

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 13

fargespekteret til l’ancien régime lyste opp omkring ein, fantastiskerosa og grøne kjolar i silke og sateng med fargar som kom til syneog bølgja bort att mellom foldane og smelta inn i lysglitteret i denstorslåtte kvelden, og desse kveldane var mor den som strålte ster-kast i flokken av vakre menneske. Men kor uendeleg vakker hoverkeleg var – dette flyktige og flagrande, fargen som var enda dju-pare enn i blyantportrettet – openbarte seg ikkje før flokken medlivrékledde tenarar var sendt ut. Da vart gardinene dratt for, og farstod for kaffien og serverte den diskré til jamlikane sine, ein for ein,og mor, som når ho låg sjuk hadde ei stemme skjør som tynt, tyntpapir, begynte å synge:

Ein trubadur frå Béarn,med auga vætte av tårer …

I dette augeblikket veik ho ikkje av frå den høgtidelege stilen. Deislanke hendene kvilte lett i fanget, og det var til Gud sjølv ho valdeå heve den sterke kontraaltstemma. Eg har mange gonger, noksåindiskré, står det for meg no, offentleg fortalt korleis mor song«Trubadour Béarnais», og derfor står historia fram for meg medein falma glans som på ein keramikkfigur som er stengt inne i eitmuseum og har vorte utforska altfor ofte av nærgåande gjester.Det er derfor tilfeldige borgarar av den sorten som er på fornamnmed gud og kvarmann, og konene deira, kan vite at grevinna avGarmont song om den døde kongen og gret, men ingen kjemnokon gong til å fortelje dei kor forskrekka og overraska Olivierde Garmont var over kjenslene mor hans viste, og – må Gud tilgimeg – kor sjalu eg var på dei lidenskapane ho så ustyrleg la fordagen, denne himmelen av historisk sus ho hadde halde skjult formeg. Da det pågjekk, måtte eg stå høfleg og oppmerksam ved sidaav stolen til far og skjule kjenslene mine mens ho spreidde for allevindar den lysta som retteleg tilhørte meg. Gjestene gret, og einsterk motvilje mot at ei så privat handling vart utført i detteoffentlege rommet, strømte gjennom meg.

14

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 14

Med auga vætte av tårer,song han til fjellfolket sittdette triste refrenget:Louis, son av Henri,sit fanga i Paris.

Da ho var ferdig, idet ei høgtideleg ro la seg over vennene våre,tusla eg over det breie golvteppet og stansa ved sida av stolen hen-nar, og stille, som ein skorpion, kleip eg henne i armen.

Naturlegvis vart ho overraska, men det eg hugsar best, er denville og vondskapsfulle gleda ved å utføre ei stor synd. Ho sperraopp auga, men sette ikkje i noko skrik. I staden kasta ho lett påhovudet og skjenkte meg, frå under dei fuktige auga sine, eit for-akteleg smil.

Så gjekk eg kjølig og roleg for å legge meg. Eg hadde rekna medat eg kom til å gråte når eg lukka døra bak meg. Og eg prøvdeverkeleg, men fekk det slett ikkje til. Eg var fylt av underleg over-spente kjensler, men dei var liksom ikkje av den sorten som pro-duserte tårer. Dei var av ein annan sort, som eg ikkje hadde kjentfør, kanskje noko à la det ein reknar med kan finnast hos ein litteldre gut der livssafta held på å stige opp gjennom den halvt svi-meslåtte kroppen. Dei kunne likne på kjensler vekte av syndigetankar, men det var dei ikkje. Det eg hadde kjent teven av i densongen, i det rommet som var smekkfullt av aristokratar, var destil latet av château de Barfleur, nemleg sjølve den franske revo-lusjonens obskøne gru, slik den hadde heimsøkt familien min.Denne uhyrlege sanninga hadde aldri vorte omtalt med eit ærlegord i mitt nærvær.

Mor straffa meg for at eg hadde klipe henne. Ho var kald motmeg, og det passa meg godt. No skulle eg finne ut kva som haddelaga denne teven. Eg leita gjennom kommodeskuffene hennar nårho var i kapellet og bad. Eg tok nøkkelen til biblioteket. Eg under-søkte papira i skrivebordsskuffene til far. Eg klatra opp på stolar.Eg oppsøkte dei mørke og forbodne krokane av châteauet der

15

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 15

atmosfæren var skummel og skitten, langt unna området derbiblioteket låg, innanfor den tørre, trygge vinkjellaren, gjennomeit mørkt, lågt, firkanta holrom, inn i det låge, botnlause, skitne,mørke området der flammen frå vokslyset spreidde seg til spin-delvevet. Eg fann ingenting – eller ingenting anna enn angst somblanda seg med støvet på hendene mine og gjorde meg kvalm.

Men så er det ein gong slik at Silices si levas scorpiones tandeminvenies – dersom du løftar på mange nok steinar, finn du til slutteit skorpionbol eller eit bleikt, gjennomsiktig vesen som er skaptfor å leve i eit kloakkhol eller ved elden i ei smie. Og da siktar egikkje til dei breva ein viss Monsieur hadde skrive til mor, og someg skulle ønskje at eg aldri hadde sett. Det var faktisk like vedelden i smia at eg kom over sanninga i form av nokre heilt kvar-dagslege pakkar som eg kunne ha opna når som helst eg ville.Sjølv fire år gammal kunne Olivier ha fått tak på dei – hylla hangså lågt at smeden vår brukte å støtte reiskapane sine mot den. Detmest nærliggande var å tru at pakkane var lagt der av ein forlengst død gartnar – at for eksempel tørka frø eller salvie ellertimian var omhyggeleg pakka inn for å skulle opnast att på ei års-tid ein eller annan Jacqes eller Claude aldri fekk oppleve. Dendagen eg klemte den snørrete nasen min mot dei, og det var lenge,lenge etter den kvelden da eg kleip mor, gav dei framleis frå seg eitydeleg, men nokså forvirrande lukt. Var det ei god lukt? Var detei vond lukt? Eg ante ikkje. Sjølv ikkje Montaigne, som elles ermest opptatt av lukter som har med kvinner og mat å gjere, erinnstilt på å behandle ei lukt som denne. Han unngår konsekventdei lågare artane som mugg og sopp, død og blod, som avgjortville ha tent han meir til ære enn den latterlege påstanden om atsveitten hos store menn – han nemner Aleksander den store – girfrå seg ein utsøkt dunst.

Den gamle smeden hadde døydd vinteren før. Gustave varsmed no, og Jacques var handlangaren hans. Dei hadde nettoppsett i stand dei øydelagte portane våre og laga nifse piggar somskulle stikke opp langs den øvre kanten, og heldt på å montere

16

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 16

dei. Mens Gustave bjeffa mot Jacques, la eg forsiktig dei førstemoskusduftande pakkane utover steinhellene. Dei minte slettikkje om død eller gru. Det gule avispapiret dei var pakka inn i,var nokså gammalt og oppsmuldra, omtrent som galettane vi åtpå heilagtrekongarsdagen, sjølv om dei i dette tilfellet ikkje inne-heldt den nydelege mandelkremen, frangipane, men – kva var detblikket mitt møtte? – rett og slett ein tørka fuglekropp, ei due, ogfrå dei tørka leivningane begynte det å strekke seg ei snor av små,svarte maur, og det var desse maurane som gjorde meg så opp-skaka. Dei myldra oppover armane og nedover halsen min og beitmeg overalt. Snart sprang eg fram og tilbake i borggarden og hylteog vart ikkje frelst før Gustave drog av meg tunikaen.

Så høge var skrika mine at far kom styrtande frå rettslokalet idommarfrakk og parykk. Ei robust brur og ein stornasa brudgomfølgde i hælane på han og myste mot det eg hadde funne. Gustaveog Jacques henta dusin på dusin av desse pakkane og la dei, etterordre frå far, i ei pen rekke langs ytterveggen. Da alle var komnefram, gav far ordre om at dei skulle øydeleggast, og eg truddenaturlegvis at grunnen var alle desse skrekkelege maurane.

Odile kom ut for å sjå kva som stod på, varsla av skrika mine.Også Bébé kom. Dette vart ei nokså stor forsamling til denne sta-den å vere. Så kom mor kjørande i Plageånda – som var namnetvi brukte på den duvande vogna hennar – gjennom dei opne por-tane, og like etter hadde ho stige av og hamna midt oppe i detheile, sjølv om far prøvde å halde henne unna.

«Nei, Henriette-Lucie, ikkje kom hit.» Akkurat det sa han, ord-rett.

Mor snappa det smuldrande papiret ut av handa hans. «Duenemine!» skreik ho.

Eg skjønte det ikkje, ikkje eit einaste lite sekund skjønte eg det,men eg hadde altså funne sjølve forklaringa på livet mitt.

Mor heldt lommetørkleet for munnen. Det såg ut som om hoskulle kaste opp. Ho hadde ikkje auge for meg, var halvdød avaristokratisk skam. Ho ville ikkje bli tatt hand om av tenarane,

17

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 17

berre av aristokraten Bébé, som geleida henne inn i châteauet.Ingen la merke til meg, og eg heldt meg i bakgrunnen mens farsendte brura og brudgommen tilbake til rettslokalet. Eg vart stå-ande og sjå på mens duene vart kremerte, men sjølv da skjønte egikkje at kvar einaste pakke inneheldt eit offer for revolusjonen.

Eg gjekk i eitt med veggplankane, lét det til, og derfor greidde eglett å berge eit einsleg, skjørt papir og forsiktig, som om det var einvakker sommarfugl, bere det med meg for å lese det ute i skogen.

ii

Den avskyelege austerrikaren stira på meg da eg styrta mot kapel-let og hamra på døra heilt til den skramla ut av lås. Eg kasta megned framfor alteret mens blodet rann frå nasen. Kunne ikkje Gudbeskytte meg mot den forferdelege tingen eg bar samankrølla ihanda?

Bébé knelte ved sida av meg. Han greip handa mi som for åtrøste meg, og så tvinga han den open. Han heldt fast om hand-leddet mitt og lirka papirbitane ut av fingrane mine.

«Kva er dette, barnet mitt?»Det var ei teikning frå ei gammal avis som hadde vore pakka

rundt ei due.Den viste ei maskin, eit redselsfullt knivblad, ei ramme, eit tau,

eit menneskehovud skilt frå kroppen. Det var hovudet til kongen;eg kjente att det fine ansiktet hans. Ein neve heldt hovudet oppmot den avkappa halsen, der blodet spruta og flaut. Med kunst-ferdig utforma bokstavar stod det skrive: Que le roi soit damné.

Bébé gav meg det krøllete lommetørkleet sitt. Det var ikkje dettotalt utilstrekkelege ved dette som skremte meg, men at han, mineigen Bébé, kunne sjå på Olivier med eit så uttrykkslaust og slitentblikk.

«Har dette skjedd?» ville eg vite.Han løfta resignert på dei svære handflatene. Det var skrem-

mande, men verre, mykje verre – han trekte på skuldrene.

18

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 18

«Det er avskyeleg,» skreik eg slik flaggermusene skrik når deiflyg gjennom eit skremmande mørker. Under meg var det einavgrunn, ingen golv, ingen vegger, og hovudet mitt var fullt avhalshoggingas uhyrlege redslar. Hovudet til kongen var eit per-fekt, levande hovud som kunne smile og snakke, og auga var per-fekte auge, og håret var stelt slik håret til ein konge skal vere stelt,og alt ved han var så fint og bra bortsett frå denne sjofle maskina,desse haglande bloddråpane, denne motbydelege skvettinga ogsprutinga.

«Er dette grunnen til at mor græt? Veit ho om dette?» Eg meintevar det dette ho såg når ho låg med den fuktige kluten over auga?

«Ja, kjære deg.»«Men kven laga denne forferdelege innretninga, Bébé? Kven

kunne greie å forestille seg noko så ekkelt?»«Dei meiner at den er til det beste,» sa Bébé.«Var det Napoleon som gjorde dette? Er det derfor vi hatar

han?»«Nei, dette er far til Napoleon.»Eg forstod ikkje kva det kunne bety – at dette var ein far.«Bébé, kven drap alle dei duene?»«Bøndene stilte duene for retten for å ha stole frø. Dei fann

dei skyldige, og så vrei dei halsen om på dei.»«Men vi har ikkje duer, Bébé. Loftet er tomt. Vi har aldri hatt

duer.»«Morfar din heldt duer. Bøndene kjente seg nok plaga av dei,

at duene åt opp frøa dei hadde sådd.»Kan du forestille deg ei så stor flodbølgje av redsel skylje over

eit så lite barn? Men slik var det at eg seks år gammal fekk minførste leksjon i Skrekkveldet som morsmjølka eg drakk, haddehatt ein bismak av. Foreldra mine hadde vorte kasta i Porte Libre-fengselet, der ein av aristokratvennene deira kvar dag vart kalla«til kontoret» og aldri meir vart sett. I dei månadene vart håret tilfar kvitt, og den vakre mor mi vart knust i dette året 1793, da sans -culottane kom farande etter vegen frå Paris.

19

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 19

Familien hadde sete til bords, fortalde Bébé da han «hadde fåttguten ut», forbi smia, inn under lindetrea. Dei hadde vore midt imiddagen, mor og far og morfar, da gartnaren hadde kommefykande inn og stod framfor dei med ei hagesaks i dei hanske -kledde nevane.

«Borgar Barfleur,» sa han til morfar, «utanfor står nokre bor-garar frå Paris og spør etter deg.» Sjølv når vi tar med i betrakt-ninga at revolusjonslovene forbydde han å seie De og Dykk, vardette ein svært uvanleg måte å snakke til morfar på for ein tenar.

«Var det ingen som straffa dei for at dei var så frekke?» spurde eg.Vi rusla i enga attmed elva, lufta anga friskt av nyslått høy. I

frukthagen lukta det skarpt av gjæra pærer, kvar nedfallen fruktvart oppvarta av ein sirkustrupp av berusa bier og mygg og vepsarsom aula og tumla over fruktkjøttet. Midt oppe i denne lystige,markstukne turinga hadde eg funne løyndommen, gammal ogmuggen som ei valnøtt innelukka i skalet sitt.

«Kvifor gjekk ikkje far laus på dei?»Morfar var Armand-Jean-Louis de Clarel Barfleur. Namnet

hans var òg namnet på byen og på elva, den aristokratiske slekts-linja hans gjekk ubroten tilbake til normannarane, og før det tilClovis, og før Clovis til Childeric, kongen over dei saliske frankar -ane, som samla krigarane sine rundt seg i skogane i Toxandria,og kva var fatt med han som lét eit par drukne sansculottar talivet av han?

«Det er det vanskeleg å forklare,» sa Bébé.Ja visst. Det var ubegripeleg. Det var komme berre to menn frå

Paris, så vidt eg kunne forstå. Familien min hadde vore likedumme som duene, tenkte eg. Dei hadde funne seg i å få halsenvridd rundt.

«Var det til den dei tok morfar?» spurde eg.«Kva for noko, barnet mitt?»«Til denne tingen.»«Ja, til den tingen.»Vi vandra nedover gjennom Botnlandet mens dei sky vaktlane

20

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 20

flaug opp frå graset rundt oss. Eg var opprørt over familien minog felte ein nådelaus dom over særleg far, at han ikkje hadde trektsverd og slakta ned plageåndene sine.

Lungene mine var tette, hjertet fylt av uro, men latinbøyin -gane måtte framleis lærast. Mens dagen gjekk mot kveld, hic–haec–hoc-a Bébé og eg oss gjennom det underleg bleike graset opptil den gamle mølla, der vi sette oss på trappa og åt eit eple. Detvar ikkje mørkt enno, men gjennom det tette lauvverket kunne egsjå dei gule lysa heime. Eg skjønte, for aller første gong, at detteikkje var ei stolt og sterk borg, men ein stad utan styrke, eit veiktpunkt i den kommande natta. Eg såg morfar og far som sat utanå protestere på stolane sine. Eg forestilte meg mordarane kommemed dei nakne rumpene og veldige mustasjane sine på vegen frålandsbyen i skumringa, mens lufta dirra av stolen vin, mens him-melen lyste av dei brennande faklane og feit, svart røyk snodde segmot skysløret og fine røyktrådar teikna linjer på ein fortidsspegelsom skulle ha vist heltemodige scenar – pappa med sverdet trektframfor ein fiende som var driven på flukt.

«Eg ville ha gått laus på dei, Bébé. Eg ville ikkje ha oppført megsom ein kujon.»

Den kjære, gamle abbeden sa ikkje eit ord mens vi kryssalandsbyvegen og portnaren låste opp den tunge porten. Så varthan ståande og sjå på at tenaren gjekk tilbake til huset sitt.

«Bébé, er du sint?»Det fylte meg med skrekk å kjenne meg så åleine, å skjønne at

han som alltid hadde elska meg, ikkje gjorde det lenger. Eg måtteinn og bade, men eg kjente dei mørke auga hans gjennomboremeg mens sommarfuglar strauk meg over håret og landa påskjorta mi.

Da han begynte å snakke, sa han ikkje eingong namnet mitt.Mens all farge hadde forsvunne frå himmelen og portnaren haddestengt døra og lyset frå vindauga i søylegangen kvilte mot bak-ken, heldt han ei forelesing for meg. Det uendelege universet visteseg snart over oss, og synspunkta til eit barn var berre spilt salt.

21

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 21

Pusten min raspa verre, men han viste ingen nåde. Armaneklødde og beina verkte, men eg var altfor forskremt til å klagemens Bébé fortalde meg om mannen som hadde sete ved bordetdenne fryktelege dagen. Det var morfar, den store Barfleur, somberre var eit namn for meg. Barfleur hadde elska kongen så høgt,etter det eg forstod, at han tok han i skule og refsa han der rådgi-varane førte han lukt mot undergangen. Det var Barfleur somhadde våga å be kongen skattlegge adelen, gi jødane borgarskap,gi protestantane lov til å utøve gudstrua si i fred.

«Det er dette som er mot,» sa Bébé. «Det var greven av Bar-fleur som bad kongen skjere ned på ekstravagansane ved hoffet.Han bad han hugse historia om Charles I av England. Hugsar duden?»

«Eg har glømt årstalet, Bébé. Unnskyld.»«Årstalet er ikkje så viktig. Han sa til kongen: ‘De har fått krona

Dykkar, herre, frå Gud åleine; men De bør ikkje nekte Dykk sjølvden gleda å tru at De også har fått makta frå undersåttane Dyk-kar, som frivillig har underordna seg Dykk.’»

«Kongen,» sa abbed de La Londe med ei stemme som ljomaså høgt og klart i borggarden at eg vart redd og forestilte meg atsmeden, portnaren, gartnaren lytta frå skuggane bak dørene sine.Min kjære, kloke Bébé stod med eitt fram som det mest dum-dristige mennesket på jord.

No gjekk pusten min nokså trått, sannsynlegvis fordi mor, somhadde vindauget på vidt gap mot sommarlufta, ikkje tålte å høreeit einaste vondt ord om kongen.

«Det var Versailles,» sa Bébé, «som hadde skylda for monar-kiets fall, og det var det forblinda og tåpelege hoffet som førte ossikkje berre til giljotinen, men til denne banditten Bonaparte, somhar sørgd for at Frankrike ikkje står høgare i kurs enn ein lom-metjuv og ein ransmann.»

«Bébé, skal vi ikkje gå inn?»«Nei,» sa Bébé, «for du har vakse opp på ein nokså spesiell

måte, stakkars barn. Og no skjønner eg at du ikkje aner kven du

22

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 22

er, eller kven far din er. Har han nokon gong fortalt deg at hanredda livet mitt?»

«Nei, Bébé.»«Far din er ein modig mann. Å gå til kamp mot borgarane frå

Paris ville ha vore like dumt som å slåst mot ein sverm veps.Sprang far din rundt og hylte ut smerta si?»

«Nei, Bébé, det trur eg ikkje han gjorde.» Eg såg for meg far ståute i ei eng med ei sky av veps omkring seg.

«Det er det som er mot,» sa Bébé, «det er det som er sann karak-ter. Du skal ikkje klandre det stakkars, uvitande folket, kjære deg.Skjønner du kva eg seier? Hoffet i Versailles førte alt dette over oss.»

Eg skjønte jo at han ikkje meinte at folket var vepsar, men detvar slik eg såg det for meg, og i fantasien var eg ikkje lenger einadelsmann med sverd som hogg ned dei som hadde lagt hand påfolk av min klasse, men ein redd gut som sprang hylande gjennomdei mørknande engene, stukken, såra, og kasta seg ut frå elve-breidda og drukna i Seinen.

Den kvelden vart pusten min så ille at verken kvitløk eller kon-jakk greidde å kurere meg, men først da morgongryet meldte seg,fór dei ut og drog legen opp av senga.

iii

Giljotinen kasta eit diamantklart lys over det livet som fram tilno hadde vore innhylla i skuggane i château de Barfleur.

Ikkje dermed sagt at livet mitt var øydelagt. Eg svømte og gjekkpå jakt og stappa i meg grøne plommer til magen verkte. Eg fekkein kamerat, Thomas de Blacqeville, som ein gong var hos oss iseksten dagar. På den sjuande fødselsdagen min reiste eg til Parisog åt millefeuilles i huset til Mme de Chateaubriand. Eg skal hafått selskapet til å le, men ingen er i stand til å hugse kva vittigheitami gjekk ut på. Eg var bråmoden. Eg var eit geni på piano. Egtrudde sjølv eg var ein meister i alt. I 1812, det året eg fylte sju, vareg fullbefaren i latin og gresk.

23

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 23

Det var nettopp denne sommaren at Helten frå Vendée kom tilchâteau de Barfleur. Det var fars fødselsdag, men gjesten haddeikkje med seg noka gåve – eller nokon venstrearm, for den del,armen var nok skoren vekk av ei eller anna skrekkeleg maskin.Det tomme ermet av kvit silke såg ut som eit spøkelse, men det egframfor alt la merke til, var mor.

Ho hadde, fram til det augeblikket da denne gjesten dukkaopp, opphalde seg i ein sjeselong i Gullrommet, gardinene var drattfor mot den skarpe heten, ein fuktig klut kvilte over ansiktet hen-nar på ein måte som kunne få ein framand i huset til å tru at hovar død.

Mannen steig fram mot mor. Han bøygde seg stivt og snakkamed den latterlege kviskringa dei legg seg til i Italia, men om duhadde sett korleis mor reagerte, ville du ha trudd at han skreikinn i øret hennar.

Ho formeleg spratt i vêret.Om mannen hadde ramla i golvet, ville ho ikkje ha sett det,

for idet tenaren hennar styrta ut av rommet raud i fjeset – bukkaho for ein gjest. Altså mor, med ein rang som forlangte av henneat ho aldri helsa nokon med meir enn ei tilmålt neiing, ho bukkadjupt for ein mann med ein avkappa arm. Seinare tenkte eg atbukket kanskje var ein eller annan privat referanse, eit skodespel,eit sitat, ein vits: Molière?

Gjesten var Marie-Jean de Villiers, écuyer, marquis de Tilbot,av og til kalla Helten frå Vendée, sjølv om eg sjeldan hørte at hanvart kalla noko anna enn Monsieur. Om det kom av at han varsmålåten eller stolt, aner eg ikkje. Han var stor og raudleitt somoverflata på ein biff, ein edel krigar som hadde leidd bøndene iCalvados og Orne mot revolusjonen. Om det berre, sa mor sei-nare, hadde funnest hundre Monsieurar.

I Gullrommet snakka Tilbot nokså lågmælt til mor. Hanhadde tatt med seg «noko småtteri», ein folio med kopparstikkav eksotiske planter, av den sorten som var så populær i dei taptebiblioteka i l’ancien régime. Eg går ut frå at han hadde tenkt å selje

24

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 24

folioen til henne, men det visste eg ikkje den gongen. Begge gjekkinteressert gjennom den, side for side, og kom med begeistrautrop over det merkverdige plantelivet i Australia. Kva dei sa tilkvarandre, hørte eg ingenting av, men eg følte lufta dirre og skjønteat denne avskyelege einarma mannen var i ferd med å stele farsfødselsdag frå oss.

Middagen skulle vere ein storslått affære med kyllingfrikassé,og rapphønsstuing, og steikte paiar, og kylling med trøflar, og slikvart det, men festen vart øydelagt, ikkje av det fryktelege tore- vêret, men av gjesten, som snakka altfor mykje og på ein måtesom heilt sikkert tok sikte på å halde sanninga skjult for eit barn.Da songane var sungne, unnskyldte Bébé seg, og eg skjønte at hanvar sint. Og far? Han vart stadig meir formell, og huda hans fekkein skinande, voksaktig glans, som om han var ein dyktig utførtkopi av seg sjølv. Mor minte han to gonger om alt papirarbeidetsom venta på han, og klaga, liksom i sympati, over at ingen i Parishadde såpass omtanke at dei tildelte han ein kopist eller ein sekre -tær. Folioen med stikka vart ikkje nemnt med eit ord.

Eg var eit lettbevegeleg barn og i ein opprørt sinnstilstand. Dafar snakka, som han ofte brukte å gjere, om dei unge bøndenesom han førte inn i ekteskapet for å redde livet deira, smilte Mon-sieur mot mor. Kva det betydde, ante eg ikkje, men hadde eg vorefar, ville eg ha tatt det tomme ermet til gjesten og dratt til han iansiktet med det. Eg ønskte det så intenst at lungene mine gjordeopprør, og eg vart ført frå bordet for å få min eigen dessert – ikkjekandisert frukt, men Odile og iglene hennar og lynnedslag pårekke og rad utover heile denne augustkvelden.

Den neste episoden eg hugsar, var ein morgon nokre måna-der etter at M. de Tilbot hadde reist. Eg kom over mor i rommethennar.

«Kvar er Céleste?» Det var stuejenta hennar.Mor svarte ikkje. Ho heldt på å stappe kokordar i ei reiseveske.

Ho skakka på hovudet, smilte, ingenting anna. Eg tenkte: Godegud, kva står på no? Er ho glad?

25

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 25

«Mamma, kva er på ferde?»Eg sat stille og pirka innanfor skjerfet eg hadde på for å skjule

iglemerka. Mor gjorde, skjønte eg, ei tenestejenteoppgåve. Ende-leg klappa ho igjen reiseveksa, og dei faktiske tenestefolka varthenta for å ta den med ned.

I seinare år har ho alltid insistert på at ho ikkje kunne forteljemeg sanninga fordi eg var for skjør, men da ho stengte seg inne ibudoaret med Céleste, gjorde ho meg berre enda skjørare.

Da ho endeleg kom ut att, hadde eg klort armane mine tilblods, men alt det ubehagelege vart glømt da eg såg henne – hohadde kledd seg ut i eit kostyme som kunne ha forestilt ei pre-tensiøs borgarkvinne i eit skodespel.

Ho drog meg inn på romma sine der ho trædde meg inn i detdei kalla ein skjelettdress, ei kort, raud jakke og stramme bukser.Eg lurte på kvifor den måtte ha eit så stygt namn.

Deretter følgde eit fullstendig overraskande møte med far. Detskjedde ute, midt i kaoset som den snarlege avreisa til mor haddeskapt. Han var kledd som ein Garmont på portrettet som Titianhadde måla, ein aristokrat av embetsadelen, det enorme antikkesverdet hang ved sida hans og laga no og da ein lyd som gull-myntar i ein pung. Det lukta talkumpudder og lêrolje av han, ogeg stira på han med ei kjensle som låg svært nær ærefrykt. Slik,svært formelt – Olivier i skjelettdress, M’sieu l’comte i sin rangsfulle prakt – stod vi overfor kvarandre. Det var ein uvanleg varmog lys dag, sjølv om himmelen var grå.

«Har mor di forklart alt for deg?»«Nei, pappa.»«Kong Louis kjem tilbake,» sa far, tydeleg djupt rørt. «Com-

tessa skal bli ei dame du Palais for dronninga. Eg skal sitte i Over-huset. Du kjem ein gong til å bli comte de Garmont. Eg er på vegtil Paris for å helse Hans Majestet velkommen,» sa han medlysande auge. «Mor di nektar å vere att heime. Ho tar vogna.»

Korleis skulle eg makte å trekke pusten no? Eg tenkte: Eg vilikkje bli att her.

26

Parrot og Olivier ferdig.qxd:Layout 1 27-02-12 11:44 Side 26