7
Nye lærebedrifter Les s. 9-11 Kick-off for lærlingar Les s. 6 Gode råd – gratis! Les s. 3 Informasjon frå PRO Nr 1 Årgang 7. - januar 2013 Elkem Bremanger E nesseplast Målet med denne utgåva er å gi gode råd til deg som står framfor viktige val i livet. Les om andre ungdomar sine val og lær meir om spennande bedrifter i Sogn og Fjordane. DETTE ER PRO

pro aktiv januar 2013

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Magasin frå Opplæringskontoret for prosess og mekanisk industri

Citation preview

Page 1: pro aktiv januar 2013

Nye lærebedrifter

Les s. 9-11

Kick-off for lærlingar

Les s. 6

Gode råd – gratis!

Les s. 3

Informasjon frå PRO Nr 1 Årgang 7. - januar 2013

ElkemBremangerE

nesseplast

Målet med denne utgåva er å gi gode råd til deg som står framfor viktige val i livet. Les om andre ungdomar sine val og lær meirom spennande bedrifter i Sogn og Fjordane.

DETTE ER PRO

Page 2: pro aktiv januar 2013

PRO rundar 15 år i 2013. Godtsamspel med dei beste lære-bedriftene og lærlingar girresultat i form av dyktige fag-folk til industrien.PRO vart skipa 27. februar1998. Dagleg leiar vart tilsett1. juli 1998. Hydro og Elkemstod bak etableringa. Eit dykk i arkivet syner at viset spor og må ha gjort nokorett. Frå 1. juli 1998 til 31.desember 2012, har vi totalt

hatt 710 lærlingar gjennomvårt system. 27 prosent har gått ut medkarakteren ”mykje godt”.Nesten ingen har slutta. 3,66prosent har gjort omval elleravslutta lærekontrakt. Totalti alle desse 15 åra har 1,04prosent stroke på fagprøvaved første forsøk, men allehar kome i mål når dei harprøvd på nytt. Dette er tal til å bli både stolt

og glad av. Resultat gjennom15 år gjer at eg trygt kan seiehøgt og tydeleg at våre lære-bedrifter i samspel med osser eit godt val. Særleg der-som gjennomføring og resul-tat betyr noko når du skalvelge læreplass.Det har og ei verdi for deibedriftene som ønsker å væreblant dei beste og mestattrak tive lærebedriftene,heile tida, kvart år, for kvarenkel lærling. Det ansvaretskal vi ta i lag med våre lære-bedrifter. Eg er stolt av åkunne seie at dette kan vi ogvi skal bli enda betre dei neste15 åra i lag med bedriftene. Viskal ikkje berre ha toppkandi-dater. Vi skal utdanne deibeste fagfolka, med ulikeevner og interesser. Det ska-per mangfald og konkurranse-evne.Vi utnevner ikkje årets lær-ling eller årets lærebedrift.Hjå oss skal alle få sitt fag-brev i godt fagleg samspelmellom dei beste lærebedrif-tene og lærlingane. Indu -strien skaper resultat gjen -nom dyktige fagfolk, ikkje påenkelt resultat. PRO har vakse frå to bedrifteri starten til 38 bedrifter i2013. Vi gir dermed langt flei-re – både lærlingar og bedrif-ter – mulegheit til å skapegode resultat.Vår målsetting står fast ogsådei neste 15 åra: Vi skal skaf-fe nok dyktige fagfolk gjen -nom lærlingordningar, somsikrer industribedriftene kon-kurranseevne gjennom dykti-ge fagarbeidarar.

Lær av andre ungdomar somhar vore gjennom søkjepro-sessen etter å ha avsluttagrunnskulen.

- PRO sine sider fungerte godtsom ein start, i tillegg til infor-masjonen vi fekk på skulen ogfann på internett. Eg sende ut15-20 søknader, og fekk tonapp. Det er stor rift om lær-lingeplassane, så ein må berrevere open for å flytte til andrekantar av landet. CamillaLandro, frå Sotra, deler gjerneerfaringane med andre i samesituasjon.

Vegen vidareI dag er ho lærling i kjemipro-sess ved Elkem i Svelgen. – Detgår fint, med oppfølgingsmøteannakvar månad der eg fårinformasjon og kan gi tilbake-melding, seier ho. Om nokremånader skal ho inn i ein nysøkjerunde. - Til våren er eg ferdig med lær-lingeperioden, og planlegg å gåvidare på fagskule i to år –anten i Kristiansund eller i

Bergen. Målet er å bli teknikar.Då opnar det opp for langt flei-re stillingar; til dømes driftsleiareller lærar i vidaregåande skule– om ein har bygd på eit år medpedagogikk. Fristen er i mars.Dersom ein bruker litt tid på åorientere seg i valmulegheiteneblir alt mykje enklare, meinerCamilla. Ho set pris på PROOpplæringskontoret sine tenes-ter: minifagprøver og ulike arran-gement for å auke trivselsenblant lærlingane.

- Skaff deg oversikt!- Det beste rådet eg kan gi tilelevar som skal søkje på vidare-gåande skule er at dei må fåstørre innblikk i alle utdan-ningsmulegheitene dei har,seier Ole Marius Myklebust. -Det er ikkje lett for ein 15-åringå bestemme kva han eller ho vilbli eller jobbe med i framtida.Difor er det beste rådet eg kangi: undersøk om alle studie -mulegheitene du har.

SkuleleiHan sjølv var ikkje sikker på kva

han ville gjere eller jobbe meddå han skulle søkje. - Etter ung-domsskulen var eg, som deifleste, ganske lei av skulen. Egkunne tenkt meg å jobbe litt.Eg prata litt med rådgjevarenpå skulen, og vi kom fram til atTAF (Teknisk allmennfag) kunnepasse for meg. Det er ei 4-årigutdanningslinje som kombine-rer teoretisk og praktisk opplæ-ring. Når du går TAF har du elevstatus dei to første åra, oglærlingstatus dei to siste åra.Elevane studerer allmennfageit par dagar i veka på skulen,og er utplassert som elevunder opplæring i ei industribe-drift eller helsefagleg arbeids-plass. Eleven får realfagleg stu-diekompetanse og fagbrevetter fire år. Elevane får ogsåløn gjennom læretida.

Perfekt kombinasjonmellom jobb og skuleHan jobber no som lærling hjåStryvo A/S i Stryn. Stryvo er einetablert totalaktør innan meka-nisk bearbeiding av metallpro-dukt. - Eg skal ta fagbrev som

CNC-operatør, seier han og for-klarar: - Ein CNC-operatør kanved hjelp av ei datamaskinkøyre mekaniske maskiner oglage komplekse delar i metalleller andre materiale. Stryvo erein ultramoderne industriplasssom gir gode mulegheiter foropplæring av lærlingar innanforCNC og industrimekanikar -faget.Torsdagar og fredagar studererhan allmennfag på skulen iMåløy.På spørsmål om kva han likerbest, svarar han: - Det som erflott med TAF-linja er at denkombinerer teori og praksis.Sidan eg jobbar og studerersamstundes, blir eg ikkje så leiav verken jobben eller skulen.Ole Marius har nådd fram til detsiste året som TAF-lærling. –Etter to år med status som elevunder opplæring, fekk eg størreinnblikk i dei ulike fagbreva egkunne ta, seier han som siktarseg inn på teknisk fagskuleeller maskiningeniørfag iBergen eller Ålesund.

Camilla Landro planlegg å gå vidarepå fagskule etter at ho er ferdig medlærlingeperioden i kjemiprosess.(Foto: Privat)

2

UTGJEVAR:Opplæringskontoret for prosessog mekanisk industri.

FORMÅL:Denne informasjonen er tilrette-lagt for medlemsbedriftene ogandre som direkte eller indirekteer involvert i PRO sitt arbeid. PRO ynskjer å være best på utdan-ning av fagarbeidarar i ”våre” fagspesielt og fagopplæring generelt.PRO skal rekruttere lærlingar tilmedlemsbedriftene i tråd medbedriftene sine behov for fagarbei-darar, i samsvar med bedriftenesine strategiar. PRO skal være eit fleksibelt opp-læringskontor i kontinuerleg utvik-ling for å tilpasse seg bedriftenesine behov.

ADRESSE:ConcordbyggetFirdavegen 6Postboks 492, 6803 FørdeTelefon: (+47) 57 83 22 60Telefax: (+47) 57 83 22 45www.pro.sf.no

PRO:Jorunn Eide KirketeigDagleg leiar / [email protected]. (+47) 911 44 966

Magne NordeideOpplæ[email protected] Mob. (+47) 906 51 671

Wenche TollefsenAdministrasjonssekretæ[email protected]. (+47) 924 23 782

Malin SkeieLærling – Kontor og [email protected]. (+47) 952 00 926

ANSVARLEG REDAKTØR:Jorunn Eide [email protected]. (+47) 911 44 966

TEKST:Oddrun Midtbø[email protected]://www.oddrun.com

GRAFISK PRODUKSJON:Eko-Trykk AS, [email protected]

Gode råd i søkjeprosessen

3

Mange og dyktigefagfolk skaper resultat

Jorunn Kirketeig – dagleg leiar

PRO opplæringskontor

Foto: V

egard Fimland

Camilla LandroOle Marius Myklebust

Detteskjer!

Logistikk-kursStarter 14.mars 2013

Industrimekaniker-kursOppstart 5.mars 2013ved nok påmelde

Excel-kursDato kjem, følgwww.pro.sf.no (ved stor nok interesse)

PRO OPPLÆRINGS -KONTORwww.pro.sf.no Ny heimeside opnarvåren 2013

BrosjyreBrosjyre med alle vårelærebedrifter kjem våren 2013

PRO AktivJanuar 2013

LæreplassSiste frist for søkingtil læreplasser1.mars 2013

Årskonferansen21.03.2013

UTVEKSLINGUtveksling NorgeTyske lærlingar kjem tilNorge for utveksling.Periode for utveksling: 12. januar - 09.februar

Utveksling TysklandPeriode for utveksling:23. februar - 23. mars

AKTIVITETER17.01.2013Karrieredag på Stryn vgs

8.-10.mars 2013Skihelg på Hemsedal foralle lærlingane våre.

Februar/MarsSkihelg på Åre for lærlingane våre

Januar/Februar 2013Informasjonsrunde til VG2og VG1

Årskonferansen 2013Sett av datoen 21. mars

Invitasjon går ut tre veker før

Sjå www.pro.sf.no og facebook

Page 3: pro aktiv januar 2013

4 5

PRO-kursPRO Opplæringskontoret samarbeider tett med bedriftene for å finne ut kvakurs som kan vere aktuelle.Det er fleire mål med kursa; mellom anna å heve kompetansen for å gjerebedriftene meir konkurransedyktige, og motivere dei tilsette til å ta fagbrev.Det er viktig for at bedrifta skal kunne halde på arbeidskrafta.

- Sidan dette er første gongenvi har lærling hjå Halliburton

Florø, var det veldig greit å fåinnspel og lytte til erfaringar fråandre som har hatt lærlingar imange år, seier Wenke D.Rognaldsen. Ho er formann påbasen, og har logistikk som fag-område.

Gjennomgang av lovverket- Det var nyttig å få innsikt ilover og reglar, og gjennom-gang av minifagprøvar. Eg tyktedet var synd at det ikkje varfleire med lærling i logistikkfa-get på kurset som vi kunne fåttmeir erfaringsoverføring frå,seier ho.

Kontroll på utstyr og mannskapRognaldsen har som arbeids-oppgåve å syte for at dei har

utstyr og kjemikalier til å utføredei ulike miksejobbane dei hartil ei kvar tid. Ho fordeler ógmannskap til dei ulike arbeids-prosessane som skjer påbasen. – Vi har ein tankpark på74 tankar fordelt på Mud, Brine,Slop og Tørrbulk i tillegg til kje-mikalielager og sementutstyrsom Centralizere og stop collar,seier ho og snakkar eit språksom lærlingar fort vil forstå.

PedagogikkFagleg leiar for lærlingar hjåSwire Oilfield Services i Florø,Arild Hatlem, har fagområdetindustrimontør. - Eg lærte nyttige ting innaforpedagogikk. Når bedriftene tek inn lærlingar er det fagleg leiarsitt ansvar å lage ein opp -følgingsplan for lærling. Dette

fekk eg hjelp til, og har no lagaein knallgod plan, seier hannøgd. Han jobbar sjølv med ved-likehald og reparasjon på laste-berarar som mellom anna con-tainerar og tankar til bruk i off shore. - Ingen dagar er likepå Swire, seier han og legg til athan tykkjer alle bedrifter somvil ha lærlingar bør ta seg tid til dette kurset, for å kunne forstå korleis ein skal fungeresom fagleg leiar eller instrukør.

Dele kunnskapen påbedriftaÅge Veiesund frå EWOS, Forø,har fagområdet produksjons-teknikk. Han er samd med deito andre, men skulle gjernehatt ein dag ekstra med peda-gogikk. Han vil no forbetre opp-læringsrutinane og dokumen-

tasjonen på både lærlingsida,men også eiga intern opplæ-ring.- Ein vanleg arbeidsdag påEWOS Spesialfóravdeling hand-lar om å produsere EWOS sittsettefiskefór og medisinfórmed pellets frå 0,6 mm til 10mm. Elles dreier det seg omdrift av automatisert fabrikkmed HMI-skjermsystem, første-hands vedlikehald, reinhald,analysar, finne forbetringar i arbeidsrutinar, kvalitetsfor -betringar og generell effektivi-sering.- Vi fekk mange nye idéar frå

andre kursdeltakarar som deltesine erfaringar og rutinar, fortelhan som kjem frå ei bedrift somprioriterer å delta med fleire til-sette på instruktørkurs. med-lemsbedrifter.

Denne gjengen fullførte instruktør-kurset i Førde i november 2012.

Konklusjonen frå tre av deltakaraneer at kurset har stor nytteverdi for

lærebedrifter.

Vik Ørsta:

- Lærlingane er

framtida- Lærlingane er svært viktige for bedrifta vår,både no og i framtida.- Spesielt om tre-fire år har vi fleire personar som går avmed pensjon, og det er no vi må overføre til lærlingane denkompetansen og opplæringa som dei eldre har, seier pro-duksjonsleiar Leif Arve Voll ved Vik Ørsta as.Industribedrifta som produserer lysmaster, og produkt tiltunnel- og trafikksikring, tek inn to nye lærlingar kvart år.Dei har som regel fire lærlingar på bedrifta. Nett no er detlitt spesielt då dei har seks lærlingar i Vik. Bedrifta har avde-lingar i Vik og Ørsta i Møre og Romsdal.

Fag ved Vik Ørsta- Faga som vi først og fremst er ute etter er sveisarar, indu -strimekanikarar, platearbeidarar og operatørar innafor CNC-styring. No har vi også to lærlingar på industriell overflate-behandling. Vi har i tillegg i samarbeid med PRO Opp -læringskontoret åtte-ti personar som skal gå opp til fag -prøve som privatistar i industriell overflatebehandling tilvinteren/våren.

Tett kontakt med skulane- Her i Vik har det stort sett vore greitt å få fatt i lærlingar.Litt av grunnen er nok at vi orienterer 9. og 10. klasse påskulen og fortel kva vi driv med, og kva for kompetanse vi erute etter. Like eins har vi godt samarbeid med SogndalVidare gåande Skule, der vi tek imot elevar for utplassering iarbeidslivet. Då lærer dei bedrifta å kjenne og vi lærer ele-vane å kjenne. Det er eit samarbeid vi har hatt i mange år,seier Voll som veit å verdsetje ungdom som er avgjerandefor framtida til bedrifta.

Arild Hatlem frå Swire Oilfield Services

Wenke Rognaldsen frå Halliburton

Åge Veiesund frå EWOS

Instruktør-

kurs- nyttig forlærebedrifter

- Dette kurset burde vereobligatorisk for alle som tekinn lærlingar i bedrifta, mei-ner tre av deltakarane påinstruktørkurset som PROOpplæringskontoret arran-gerte i november.

Logistikk-kurs Logistikkfaget blir meirog meir aktuelt. Vi arrangerer kurs for ålære vekk kunsten å hafull kontroll.

Ein logistikkoperatør(lager arbeidar) jobber medtransport av varer; siktingav last, planlegging, lag-ring, produksjon og klar-gjering av sending avgods.Mars 2013 startar ProOpp lærings kontoret logi -stikk-kurs i Florø. Kursetgår over to se mester medeksamen desember 2013.Vi nyttar Indu striskulensitt kursmateriale og harsamlingar med støtte -undervisning. Kurset erfor lær lingar med «feilbakgrunn» og tilsette ibedriftene som ønskjer åkvalifisere seg til å ta fag-brev. Les meir om kursetpå www.industriskolen.no

Påmelding [email protected] blir eit kurs sominkluderer ungdom og deisom har mange år i yrkes-livet. Kurs er gratis forlærlingar i PRO sine med-lemsbedrifter.

Page 4: pro aktiv januar 2013

Som eit ledd i å skape trivselunder læretida og for åtilbakeføre deler av tilskotetpr lærling, bruker PRO ein goddel ressursar på å tilretteleg-ge aktivitetar for lærlingane.

- Dette er ikkje eit krav, men eindel av det totale biletet meddet å vere lærling i PRO. Vi har iløpet av året ei rekke arrange-ment der vi tilbyr lærlinganevåre å treffast for å gjere noko

sosialt sammen. Nokre gongerreint for moro som å reise påkonsert, medan andre gongerkombinerer vi sosialt med fag-leg påfyll, seier JorunnKirketeig, dagleg leiar i PRO.

PRO-lærlingar skal ha det godtVi har som mål at det skal veregodt å vere lærling i PRO, og atalle skal føle at dei tilhøyrer detnettverket som PRO represen-terer. Som lærling i PRO kan du

6 7

- Det er ditt ansvar å bli bestpå det du kan. Mannen bakdesse orda er Egil Søby. Haner best på å skape motivasjonfor å få folk til å setje segeigne mål i livet.

- Ungdom må lære å leve medforventningspress, og hentefram det beste i seg sjølv, seierSøby. Den tidlegare olympiskemeisteren i kajakk, er ein etter-

trakta føredragshaldar. Han harfylt opp kalendaren for ei tidframover. I haust var han på kic-koff-samling med PRO-lærlingar.

MMFI i pannaHan merkar fort på responsen isalen om han når fram medbodskapen. – Eg fekk god kon-takt med dei engasjerte ung -domane, og har fått fleire mailarog nye Facebook-vener etter

møtet i Sogn og Fjordane, seiermotivatøren, og røper nokreenkle grep for å få fram energiog engasjement på arbeids-plassane. - Det er avgjerandefor alle folk at dei føler seg vik-tige. Det står MMFI i panna påalle. Bokstavane står for: Makeme feel important! Humøret er det beste våpenet- Vil du nok, når du dine mål, for-sikrar han og meiner det er

større sjanse for å lukkast ennå mislukkast – når du er over-tydd om at du skal nå måla.- Bland deg med positivistane,styr unna dei negative, om duvil ha det godt i livet. Humøreter vårt beste våpen, er nokre avdei mange råda han sjenerøstdeler med andre.

Inviterer til 100-års dag- Kva ønskjer du med livet ditt,spør han. - For å nå måla må duseie det til deg sjølv; om att ogom att til hjerna er program-mert.Mannen har programmert sieiga hjerna til å føle seg ung ogsprek. Og er så overtydd at hanskal bli 100 år at han invitererfolk – også lærlingane i Sogn ogFjordane – til å kome på 100-årsdagen hans 25. 11 2045.Feiringa skal skje på TelenorArena, Fornebu. Festen startarkl. 14.02, og Arve Tellefsen harsagt han vil spele gratis – som110-åring, smiler Søby. Ingentek skade av å tenkje positivt.

Sosiale tiltak for lærlingane

– Bli best på det du kan

Egil Søby presenterer seg sjølv somein av dei beste motivatørane iSkandinavia. Wenche Tollefsen,Jorunn Eide Kirketeig og Malin Skeieer glade for å ha han med på kickoff-møtet for lærlingane hausten 2012.(Foto: Magne Nordeide)

bli oppmoda om å delta påmesser og vere med på skularfor å informere om dei ulikefaga. Du vil då bli oppfatta somrepresentant for PRO og detblir stilt krav til deg som repre-sentant.På nettsida til PRO kan du sjådei ulike PRO-aktivitetane. PROtek i mot innspel for nye og artige så vel som faglege tiltaksom kan vere med på å auketrivselen som lærling.

PRO har arrangert skiturartil både Hemsedal og Åre;

då er det fart og morosom står i fokus.

Kick-offsveisarfolksaman

- Målet med ei slik samling erå skape miljø og trivsel forlærlingane. Ei fin blanding avleik og moro, og fagleg stoffsom går inn på den generellelæreplanen, seier den dagle-ge leiaren i PRO.

Lærlingane hadde eit tett pro-gram heile den 2.november.Kick-offen fann stad i Førde, ogblandinga var sett saman avpoliti og vegvesen, motivatorEgil Søby og Jølster Rafting.Den sistnemnde hadde akti-vitetar som teambuilding i par-ken i Førde. Bileta syner lær-lingar i tett kontakt for å løysekompliserte oppgåver. Dagenvart avslutta med middag iFørdehuset, etterfulgt av kon-sert med Dum Dum Boys.

Page 5: pro aktiv januar 2013

PRO-lærlingar kan no få lære-tida si i dei moderne anleggatil Norway Pelagic i Florø.

Norway Pelagic er den størsteprodusenten i verda av konsum -produkt av pelagisk råstoff.Anlegget i Florø har 60 tilsette,13 filetmaskiner, og kan ta imot600 tonn fisk - kvar dag.Råvarene er makrell, sild, heste-makrell, kolmule, lodde, sild,rogn og lodderogn. Arbeidet går

ut på å vakuumpakke filetar ogflaps, som er doble saman-hengande filetstykker medskinn.Florøbedrifta tilbyr frysing avrundfisk og filet. Den store akti-viteten krev at den modernemaskinparken til ei kvar tid er igod stand.Dei mest spennande sideneved bedrifta er variasjonanemellom dei ulike sesongane ogdei stadig endringane avhengig

av råstoff og kva type produk-sjonsform ein køyrer til ei kvartid. Norway Pelagic som vart eta-blert i 2007, har eigarskapsinte-resser i 15 produksjonsanlegglangs norskekysten.- Det unike med oss er at bedrif-ta er bygd opp slik at me dekkeralt innanfor læreplanen, seierteknisk sjef Helge Langeland.Han trur ikkje det skal by pånoko problem å få lærlingar,

ettersom bedrifta har langerfaring med å arbeide medungdom. I fleire år har Florøvidaregåande skule hatt elevarutplassert i bedrifta; to dagarannakvar veke gjennom heileskuleåret. – Det er viktig atungdomane føler dei harmeningsfulle dagar her. Deideler raskt opplevingane deihar i sosiale medier, og når der-med ut til mange potensiellelærlingar og framtidige tilsette,seier Langeland som ser verdi-en av å vere på lag med denyngre generasjon.Den nye lærebedrifta i PRO- miljøet har opna opp for lærling-ar innafor desse fagfelta: indu -strimekanikarfaget, industri-montørfaget og logistikkfaget.

9

Det er stort engasjement idenne bedrifta, som gjennom20 år har opparbeidd ein godstab i Florø. Dei jobbar godtsaman, og liker å ha elevar ijobb.

I fleire år har elevar frå Flora vgs.vore utplassert ved bedrifta. I2012 tok dei inn den første lær-lingen, som skal ta fagbrev iindustrimontørfaget. Det om -fattar både mekanisk arbeid,vedlikehald, montering/demon-tering, testing, vask av utstyr ogmykje dokumentasjon. I motset-ning til industrimekanikarfagetomfattar industrimontørfagetikkje opplæring i maskinering.Ein lærling ved Swire kan og blisendt på jobb til andre basarrundt om i landet, særleg aktuelter den store verkstaden for spe-sialutstyr i Stavanger.Saga Petroleum var den førstekunden til Swire Oilfield Services,seinare har aktiviteten og av -delinga vokse jamt, og bedriftadriv no med utleige, vedlikehald,kontroll og sertifisering av tran -sportutstyr, vask av tankar ogomlasting av kjemikaliar. Etterkvart er Statoil vorte størstekunde. I dag har Swire OilfieldServices kring 1.600 lasteberarari Florø og disponerer 500 kvadrat-meter verkstadlokale med kran.I 1999 var avdelinga blant dei første bedriftene i Florø som vartmiljøsertifisert. I 2012 byggjer

Swire i Florø eit reinseanlegg slikat vaskevatnet kan brukast fleiregonger. Dermed vert både vass-forbruk og vassavfall redusert.Avdelinga vil også ta i bruk etnytt bulkanlegg ved ei ny kai påden nyaste delen av oljebasen.Anlegget skal nyttast til fyllingog refylling av kjemikalie og harkapasitet også til nye kundar.Swire Oilfield Services, Statoil ogden lokale bedrifta NorwegianMarine har utvikla ein kombinertkjøle- og frysekonteinar fortransport av matvarer offshore.Florø-avdelinga er hovudavdelingfor desse konteinarane og dispo-nerer i dag kring 75 av dei.

FAKTA

Swire Oilfield Services ASLokalisert på Fjordbase,FloraEtablert i 199217 fast tilsette og ein lærlingi industrimontørfagetProduksjon: Utleige, vedlike-hald, kontroll og sertifiseringav transportutstyr. Vaskingog omlasting.www.swireos.com

8

NY LÆREBEDRIFT:

TESS

Martin Kjelsnes (til h.) skal ta fagbrev iindustrimontørfaget, og er den førsteSwire-lærlingen i Florø. Fagansvarleg

Arild Hatlem til venstre.Foto: Magvnus Helge Torvanger.

Ein lærling ved TESS harsvært varierte arbeidsopp-gåver i produksjonen i til-legg til å vere problemløy-sar for kundane i butikken.

TESS er ein norskeid oglandsomfattande leverandørav produkt og tenester tilindustridrift og vedlikehald.

Kjerneprodukta er høg-trykks- og lågtrykksslangarog slangearmaturar til alleføremål, med tilhøyrandetenester i vidt omfang. TESSer den største leverandøren ilandet av hydraulikkslangar,slangetilbehør og sveisepro-dukt og driv med veldigmykje forskjellig, som sal avdrifts- og vedlikehaldspro-dukt, kle og vern, verktøy,slangar og koplingar, sveisog gass. Eit anna felt er TessHose Management (THM), ID-merking av slangar.TESS har 24 timars slange-vakt, det vil seie ei vaktord-ning der nokon rykkar ut tilkundar til alle døgnets tider,same om det gjeld små mut-terar eller 20 meter langebunkringsslangar. Eit stabilt personale i allealdrar vitnar om eit godt ogstimulerande miljø, derintern opplæring og rekrut-tering vert prioritert. Denstabile arbeidsstokken hargjort det enklare å byggjeopp sørvis og kvalitet som tonøkkelomgrep.

Kring kjerneprodukta harTESS bygd opp eit storttenestetilbod lokalt og eineigen teknisk divisjon sen-tralt. I sistnemnte skjer blantanna produksjon av spesial-slangar og produksjon av enrekke ferdigprodukt innanhydraulikk og subsea.Marknaden er i første rekke

industrikundar både on- ogoffshore. TESS har hovud-kontor utanfor Drammen.TESS er i dag til stades i allenorske fylke, og har i tilleggavdelingar i Sverige, Dan -mark, Skottland, USA ogBrasil.

FAKTA

TESS i Sogn og FjordaneLokalisert på Botnaneseti Florø og Øyrane i Førde Starta i 1968Til saman 14 tilsette ogein industrimontørlær-ling Produksjon: Produkt ogtenester til drift og ved-likehald, høgtrykks- oglågtrykksslangar ogslangearmaturarhttp://www.tess.no

Linn Merethe Sæle har nettoppteke fagbrev som logistikkarbei-dar og jobbar hos TESS i Førde.

Foto: Marit Bendz

NY LÆREBEDRIFT:

Norway Pelagic – FlorøNY LÆREBEDRIFT:

Swire OilfieldServices

Felgprodusenten i Høyanger,Saint Jean Wheels, er nolærebedrift i PRO Opplærings -kontor.

Det franske selskapet SaintJean Industries kjøpte patentenpå hybridhjulet og driftsutstyrettil tidlegare Fundo Wheels.Bedrifta, Saint Jean Wheel (SJW)som vart etablert i 2011 er no

under oppbygging. Dei satsar påå produsere rundt 200.000 bilfel-gar og auke antall tilsettemonaleg i 2014. Målet er at det i2016 skal produserast ein 400000 felgar i produksjonslokala iHøyanger. Då vil bedrifta ha brukfor om lag 100 tilsette.Selskapet er 100 prosent eigdav Saint Jean Industries iFrankrike. Det er eit familieeigd

industriselskap etablert i 1962,som har spesialisert seg påstøypte aluminumskomponen-tar til bilindustrien. Konsernethar om lag 1250 tilsette påverdsbasis og er etablert medproduksjonseiningar i fleireland; mellom anna i Frankrike,Kroatia, Tyskland, USA og Asia.Bedrifta er i ein spennande fasemed start av produksjon, vida-

reutvikling av lokal organisa-sjon og rekruttering, finansie-ring og marknad.Felgane dei no utviklar har einannan konstruksjon og er 30%lettare enn felgane som tidle-gare har vore i produksjon. Deter ein lang, krevjande og spen-nande prosess å få testfelganegjennom alle godkjenningar førproduksjon kan ta til.

NY LÆREBEDRIFT:

Saint Jean Wheels

Page 6: pro aktiv januar 2013

10 11

- Dette er ein aller tidersplass å vere lærling, seierAnders Igland. Han pendlarfrå Bremanger til Kalvåg for åmekke på maskiner i fiske -industrien.

21-åringen har budd og studertpå ulike stader før han hamnaved filétmaskinene på NorwayPelagic. Første året tok han TIPi Florø, deretter det andre(industriteknologi) og tredjeåret (påbygg) på Eid. Etter atmilitærtenesta var unnagjortprøvde han seg som lærlingsom industrirøyrleggjar påStord. Etter ein månad var detheimfylket som lokka, og hanfekk lærlingplassen han skalvere på i to år framover.

Nyttig med fagbrev- To år er ikkje lang tid, seierhan. – Arbeidsdagen i Kalvåg ervariert. Det er all slags maski-ner som skal skruast på, fin -justerast og fiksast. Ein måvere nøyaktig, seier han somden dagen han blir intervjuaskriv på ein minifagprøve – medtema ”Overhaling av vakuum-pumpe”. - Framtida..? Eg har mine pla-

- Karakterane steig rett tilvers då eg starta på meka-nisk, fortel Steffen KurtzhalsKjær. I dag er han den førstelærlingen innafor industri mon - tørfaget i Sogn og Fjordane.

19-åringen er lærling på TESS iheimbyen sin, Florø. Det er før-ste gongen dei har teke inn einlærling. Avdelinga med fem til-sette har vore arbeidsplassentil Steffen det siste året. - Eg starta på elektro på vidare-gåande, men følte ikkje det varrette staden for meg. Brikkenefall på plass då eg skifta over tilmekanisk det andre året, ogtok påbygg det tredje året. Egsøkte som industrimekanikar,men fekk tips om at det skulleopnast opp for eit nytt fagbrev.Det verka spennande, og egfekk god informasjon gjennomopplæringskontoret.

Alle dagar ulike- Det er nye utfordringar kvardag. Vi er mest inne og lagarslangar, finne dei rette delanesom skal tole viss mykje trykk,koplar og testar mykje for åvere sikre på at produktet heldmål. Det følgjer mykje ansvar

med å lage slangar, fortel han.Ulike serviceoppdrag fører deiTESS-tilsette ut blant kundar –til lands eller til havs.Lærlingetida er over september2014, men Steffen ser ikkjevekk frå at han går laus på eitnytt fagbrev. - Det er viktig med mest moge-leg utdanning for å få dei job-bane eg ønskjer meg i framtida.Eigentleg er lærlingetida meirjobb enn skule. Eg lærer nokonytt heile tida på ein praktisk

måte. Passar meg godt, legghan til.

Ikkje berre ein slangeEtter å ha snakka med Steffenskjønar eg at ein slange ikkjeberre er ein slange. Det liggmykje kunnskap bak arbeidet åskreddarsy ein slange til rettbruk. Om det ikkje er knyttamykje risiko til sjølve arbeids-prosessen, er det eit arbeidsom inneber krav om å verenøyaktig og kunne sitt faggodt.

Industrimontørfaget skal leg-gje grunnlag for arbeid innaformontering, testing og kontrollav komponentar og anlegg tillandbasert industri, offshore-verksemd og skipsverft. Del -produksjon føregår internt ibedriftene og hjå eksterneleverandørar. Faget skal bidramed kompetanse til saman-stilling og fullføring av meka-niske produkt med høge kravtil kvalitet og funksjonalitet.Vidare skal faget bidra til åivareta høge krav til helse,miljø og tryggleik.(www.ofir.no)

Usikker på kva du skal velje?Kombinér utdanning og jobbDu er inne i ein spennande og vanskeleg fase. Bruk nokre minuttar på desse sidene. Les om val ungdomar har gjort før deg. Kanskje vil det påverke resten av livet ditt.

TIP står for ”Teknikk og indus-triell produksjon” og er inn-gangsdøra til mange yrke medarbeidsplassar i store og småindustribedrifter.

Industriteknologi er den brei-aste av TIP-retningane. Utdan -ninga fører til 23 ulike yrkes-fag. Innafor desse faga lærerdu å arbeide med ulike materi-

ale som stål, lettmetall ogplast. Du lærer å skjere, kutte,sage, stanse, lokke og formeetter arbeidsteikningar, støy-pe og forme materiale og gi

produkta ei overflatebehand-ling etter føremål. Dette eryrket for deg som liker å brukeny teknologi og nye materiale.

Industrimontør ved TESS:

Den første i fylket

- Jobben som prosessopera-tør passar perfekt for megsom ikkje liker å sitje i ro, seier20 år gamle Camilla Morsethved Elkem i Svelgen. – Heiltgreit å tene mykje pengar óg.

Informasjon fekk ho frå sittførebilete; tanta som jobbar ioljeindustrien. Camilla visstegodt kva som låg i utdannings-valet ”kjemiprosess”, og angrarikkje i dag.

- Svelgen er sentralt!Første året på Knarvik vidare-gåande skule gikk ho påTeknikk og industriell produk-sjon (TIP). Der kunne dei velje

fordjuping i mekanisk ellerkjemi og prosess. Ho valde detsiste. Det førte ho til Elkem iSvelgen hausten 2010. –Svelgen er sentralt for meg;som har venner på Stadtlandetog familie utanfor Bergen, seierho.Camilla arbeider skift; arbeids-dagen startar av og til kl. 06.00,14.00 eller 22.00. Ei veke påarbeid, ei veke fri. Vekslingmellom tre ulike anlegg og kon-trollrommet.

Spenning på arbeidsplassenArbeidsdagen er prega avmykje rutinearbeid, men kanvere hektisk dersom det skjerhavari eller lekkasje. Arbeids -

oppgåvene som krev full fokusog kontroll. - Det passar megkjempeflott, seier ho som trivsti eit arbeid der ho får bruktkroppen. Ho innrømmer ho fekkein skikkeleg støkk for rundt eitår sidan. Sjølv om sikring ogtryggleik har sterk fokus, kandet skje ulukker. Etter å ha fåttein skummel blanding av klor-gass og saltsyredamp frå eitsyreførande røyr ned i lungene;enda det med ambulanseheli-kopter og sjukehusopphald. –Etter det vart det innført nyestrengare reglar, seier ho somikkje fekk varige mén.- Elkem er ein fin arbeidsplass,men det hadde ikkje skada med

fleire nye ansikt; både i og etterarbeidsdagen, seier ho som fekkseg fast stilling som fagopera-tør ved bedrifta like før jul.

Kjemiprosessfaget skal leggjegrunnlaget for arbeid innaforstyring og overvaking av pro-duksjon i prosessindustriensamt reinsing av drikkevatn,avløpsvatn og prosessvatn.Kjemisk prosessindustri ersentral i arbeidet med åutvinne, ivareta og vidarefor-edle naturressursar. Fagetskal medverke til ei bære -kraftig utnytting av natur -gitte verdiar og bidra tilreduksjon av skadelegeutslipp. (www.ofir.no)

Industrimekanikar ved Norway Pelagic:

- Ideelt for ein som likar å skru

nar, men det er ikkje heilt sik-ker eg vil dele dei med nokonendå, seier han lurt. – Uansetter det ikkje negativt å ha eitfagbrev i handa, legg han til.

Industrimekanikerfaget skalleggje grunnlag for yrkesut -øving innafor tilverking, mon-tering, vedlikehald og repara-

sjon i landbasert industri, off-shoreverksemd og skipsverft.Indu strien er prega av konti-nuerleg teknologisk utviklingmed aukande grad av auto-matisering. Faget skal bidratil stabil og optimal drift avindustri tekniske maskiner ogutstyr.(Kjelde: www.ofir.no)

Prosessoperatør ved Elkem:

- Perfekt for einrastlaus sjel

Page 7: pro aktiv januar 2013

Vi tek inn lærlingar i fag:Kjemiprosess, Produksjonsteknikk, Industrimekanikar, Sveis, Plate, Automatisering, Elektrikar, Dataelektronikar,IKT-service, CNC-maskinerings-teknikk, Logistikk, Kontor- og administrasjon, Salsfag, Industrisnikkar,Industrirørleggar, Motormekanikar, Industrimontør, Serigrafifaget, Industriell overflatebehandling,Laboratoriefaget.

Lærebedrifter:BIS Høyanger, BIS Årdal, BIS Svelgen, Elkem, Ewos, Vik Ørsta, Petal, Solund Verft, Havyard Ship Technology,Stryvo, Cermaq, Teekay Petrojarl, KMI, Norway Pelagic avd. Kalvåg, Norway Pelagic avd. Florø, Nesseplast,Førde Mekaniske Industri, WIS, WISS, ITM, Klausen, Fjordpipe, Luster Mekaniske Industri, Nomek, ERAS,Hellenes, Solheim Diesel, SafeClean, PRO Opplæringskontoret, Sunnfjord Industri og Sveiseservice, Hagen,Halliburton, NTP, Rørleggar Nigardsøy, TESS, Swire Oilfield Service, Saint Jean Wheels.

Søknadsfrist 1. mars

Sjå www.pro.sf.no for korleis å søke

50 ledige læreplassar