28
ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Kontaktinformasjon: Vats barnehage, Blikravegen 48, 5576 Øvre Vats. Styrar: Kristin Tveit Beiermann: 53 65 5875. k ristin.tveit.beiermann @ vindafjord.kommune.no Opningstid : 0645-16.30kvar dag. Barnehageårets fyrste dag: 15.aug. Stengt jule- og nyttårsafta, onsdag før Skjærtorsdag opent til 12.00. Stengt fem planleggings- dagar i barnehageåret. Informasjon frå barnehagen : Me sender e-post / SMS / nyhetsbrev / månadsplan / bilde, oppslagstavla og «dagen min» via det nettbaserte MyKid.no. Alle foreldre har tilgang til MyKid med sitt mobiltlf nr. og passord. Visjon: Leik og læring Hand i hand Barnehagen sitt mandat finn me i Barnehagelova §1 Sjå bakerst i kalenderen Vats barnehage er ein Løvebarnehage Dei tilsette har fått opplæring ut frå programmet «Være Sammen», med fokus på varme og grensesetjande vaksne, medverkande barn og utvikling av sosial kompetanse. Gjennom rettleiing og bevisst praksis skal me bli ein endå betre arena for barnet sin vekst og utvikling.

ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGEKontaktinformasjon:

Vats barnehage, Blikravegen 48, 5576 Øvre Vats.

Styrar: Kristin Tveit Beiermann:

53 65 5875. kristin.tveit.beiermann@ vindafjord.kommune.no

Opningstid:0645-16.30kvar dag.

Barnehageårets fyrste dag: 15.aug.

Stengt jule- og nyttårsafta, onsdag før Skjærtorsdag

opent til 12.00. Stengt fem planleggings-

dagar i barnehageåret.

Informasjon fråbarnehagen:

Me sender e-post / SMS / nyhetsbrev / månadsplan /

bilde, oppslagstavla og «dagen min» via det

nettbaserte MyKid.no. Alle foreldre har tilgang til MyKid med sitt mobiltlf nr.

og passord.

Visjon:Leik og læring Hand i hand

Barnehagen sitt mandat finn me i Barnehagelova §1Sjå bakerst i kalenderen

Vats barnehage er ein Løvebarnehage

Dei tilsette har fått opplæring ut frå programmet «Være

Sammen», med fokus på varme og grensesetjande vaksne,

medverkande barn og utvikling av sosial kompetanse.

Gjennom rettleiing og bevisst praksis skal me bli ein endå

betre arena for barnet sin vekst og utvikling.

Page 2: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Årsplan for Vats barnehage 2017-2018

Våre avdelingar

med til saman ca 50

barn :

Klatremus Markmus

Stabbursmus Fjellmus I møte med barn skal me vera

mentalt tilstades,

ta barneperspektivet og

visa respekt og anerkjenning.

Rutinar rundt bringing og henting av barnaVed levering om morgonen og henting om ettermiddagen skal foreldra

alltid sørgja for at dei har fått kontakt med ein av personalet.

Dette er viktig: om morgonen for å gi melding om at no er barnet her og

skal bli registrert, og om ettermiddagen slik at personalet til ei kvar tid veit

kor mange barn dei har ansvaret for.

Foreldra har sjølv ansvaret for barnet når det er henta både innanfor

porten og utanfor. Barnehagen skal alltid ha melding når andre enn

foreldra skal henta.

Høve til å kjøpa ekstra tid

Det er høve til å kjøpa ekstra dag dersom andre barn på avdelinga har

ferie eller er borte. Ta kontakt om de har behov, så ser me om det er ledig

plass.

Klede og utstyr som barna treng

Barna må alltid ha med seg nok klede og sko til å vera ute i, dette er viktig.

Det må også alltid vera nok bytteklede som ligg i barnehagen, og alle klede og sko skal vera merka med barnet sitt namn.

Årsplanen byggjer på Barnehagelova, Rammeplan for barnehagar og Vedtekter for barnehagar i Vindafjord.

Har du vært innpå mykid.no der du logger inn med telefonnr og passord?

Sidan årsplanen er forma som ein kalender, vil du finnainformasjon og teori på ulike sider. Sjå gjennom årsplanen, før de heng den opp og tek den i bruk. De kan skriva inn i kalenderen ting de vil hugsa. Er det noko de lurar på, så må de ta kontakt

med oss. Elles vil det koma info gjennom heile året via MyKid, og oppheng i garderobane.

Leik og læring

hand i hand

Page 3: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

Det nærmer seg nytt barnehageår, med tilvenning av nye barn.

Kvart barn på Markmus og Stabbursmus har ein primærkontakt, med eit «spesielt auge» på ditt

barnet. Målet er å sikra at alle barn blir sett og tatt vare på.

1 2 3 4 5 6

7 8 9 10 11 12 13

14 Plan-

leggingsdag,

stengt

15 Oppstart

barnehageår.

Velkomne!

16 17 18 19 23

21 22 23 24 Sykkefri på

uteområdet.

25 26 30

28 29 30

August 2017

Styrar : Kristin Tveit Beiermann: 53 65 58 75

Leikeveke for Fjellmus og Klatremus: Vi har ei heil veke

som ”leikeveke” . Siste heile

veke i kvar månad. Då har

barna lov til å ta med ei leike

heimanfrå, men på eige

ansvar. Tenk over kva for

leike barnet får ta med, t.d.

er det ikkje lurt med leiker

med mange smådelar.

Våpen-leiker skal ligge igjen

heime.

Dette er frivillig, ingen må ha

med leike.

Fordelane med å ha med

eigne leiker i barnehagen:

Det er spennande med nye

leiker, det gir variasjon, det

gir rom for nye opplevingar

og erfaringar , barna lærer å

låna bort sine leiker til andre,

dei synest det er «stas» å visa

fram eigne leiker.

Page 4: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Innhaldet i barnehagen:

Vår visjon: -Leik og læring hand I hand

Barnehagen er ei pedagogisk verksemd med eigenart og tradisjonar som må

ivaretakast. Innhaldet skal vera allsidig og variert.

Aksept for barndommens eigenverdi står svært sentralt.

Me skal sjå omsorg og danning, leik, læring og sosial og språkleg kompetanse i

samanheng.

Mål for fagområdet «Kommunikasjon, språk og tekst»:

Vi vil at barna skal få gode leseopplevingar, læra å uttrykkja seg, nytta

kroppen som eit kommunikasjonsmiddel og bli kjent med skriftspråket.

Metodar:

ha lesegrupper og samlingstunder, bruka Snakkepakken, Språksprell, Steg

for Steg og TRAS (observasjonsskjema for språk), ha samtalar om

opplevingar, tankar og kjensler. Vi bruker og ein del tegn til tale som

støtte i språket.

Småbarnsalderen er den grunnleggjande perioden for språk-

utvikling. Vaksne som oppfattar og bekreftar barns uttrykk og set

ord på deira inntrykk og opplevingar, styrkjer språkutviklinga.

Felles opplevingar og aktivitetar gir gode grunnlag for samtalar.

Å snakka med barna er viktig, ved måltid og påkleding, i leik og

aktivitetar.

Me har også språkgrupper der me brukar ulikt materiell, les og

dramatiserer eventyr, brukar rim og regler etc. Dette er ting som

er viktige for at barna skal få eit rikt språkleg miljø i barnehagen.

Snakk med barna dykkar og les bøker til dei kvar dag!

Ny rammeplan gjeld

frå 1.08.17.

Den finn du på udir.no

sine nettsider.

Rammeplanen deler

innhaldet i

barnehagen i sju

fagområde Våre mål

og metodar for

fagområda blir

presenterte i denne

kalenderen på grønne felt.

Torsdager er

sykkelfri i

barnehagen

Page 5: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

September 2017

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1 2 3

4 5 6 7 8 9 10

11 12 13 14 15 16 17

18

Planleggings-

dag, stengt.

19 20 21 22

Fellessamling

23 24

25 Leikeveke 26

Fellestur

27 28 29 30

Ferie for barna: alle barn skal ha 4 ferieveker, minst 3 veker må takast

samanhengande mellom 15.juni – 15.august, melde innan 1.mai. Den

siste veka kan takast når som helst. Barnehagen skal ha melding om

evt feriedag seinast 2 veker på førehand.

NB! Du melder inn ferie på mykid.no

Bursdagsfeiring i barnehagen:

Me feirer barnet sin bursdag

med song, krune og raketter.

Barnet får velje mellom

lapper, smoothie og fruktspyd.

Leik og læringhand i hand

Byrjarmedforeldre-

samtaler for dei nye barna.

Page 6: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Karsten og Petra er ein bokserie med forteljingar som me ynskjer å formidle til barna. Bøkene handlar mykje om vennskap og korleis

me er saman med andre. Dette vil de få veta meir om på månadsplanane til avdelingane og i månadsbrev på mykid.no. Me har Karsten og Petra går som ein raud tråd gjennom heile

året.

Mål for fagområdet

«Nærmiljø og samfunn»: me vil at

barna skal bli kjende med

bygda vår og få fellesskaps-

kjensle.

Metodar: turar i

nærmiljøet, besøk til

bondegard, fellesarrange-

ment.

LæringInnhaldet i barnehagen skal utformast slik at kvart enkelt barn får opplevingar og erfaringar som

støttar utviklinga av kunnskap, evner og haldningar. Barn bør få oppleva at digitale verktøy kan vera

ei kjelde til leik, kommunikasjon og innhenting av kunnskap.

Arbeidsmåtane og innhaldet må sjåast i samanheng.

PLANLEGGING OG MEDVERKNAD:

Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved

samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning av

Årsplanen, ved å gi signal til oss i personalet og ved å vera aktive i

foreldrerådsgruppa på bl.a. foreldrerådsmøte.

Møter i barnehagen: Personalet er delaktige i all planlegging i

barnehagen både gjennom avdelingsmøte, ved å ha faste rettleiings-

samtalar, ved å evaluera det me har gjort, læra av evalueringa og bli

betre neste gong, og på faste personalmøte ein gong per månad.

Medverknad; Barnehagelova §3:

«Barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på barnehagens

daglige virksomhet. Barn skal jevnlig få mulighet til aktiv deltakelse i

planlegging og vurdering av barnehagens virksomhet. Barnets

synspunkter skal tillegges vekt i samsvar med dets alder og modenhet.»

Byrjar med

Foreldresamtaler

for Klatremus og

Markmus

Page 7: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Oktober 2017

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

2 3 4 5 6 7 8

9 Haustferie

på skulen

10 11 12 13 14 15

16 17

Foreldreråds

møte: kl 16.30

Foreldremøte:

Kl 17-19.00

18 Fellestur 19 20 21 22

23 24

Haustfest m/

fellessamling

25 26 27 28 29

30

Temaveke:

Brann

31

Styrar Kristin Tveit Beiermann tlf 53 65 58 75

Melding til avdelingen kan skrivast på mykid.no

Leik og læring hand i hand

Page 8: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Viktige tema i barnehagen:

Brannøvelse:

Vi har

Brannvern-veke

og har

brannøvelse

både varsla og

ikkje varsla.

Mål for fagområdet «Kropp, bevegelse og helse»:

me vil at barna skal få ei positiv sjølvoppfatning, vidareutvikla kroppsbeherskinga,

få gode erfaringar med bruk av friluftsliv og få kroppslege utfordringar.

Metodar: fremja sunt kosthald, ha turdagar, bruka uteområdet og skogen aktivt til

friluftsliv, ha aktivitetar i gymsalen, jobba bevisst i uteleiken og bruka grillhytta.

Omsorg og danning

Alt me gjer i barnehagen skal pregast av omsorg. Omsorga skal

speglast igjen i handling, språk og kroppsspråk. Barn viser ofte omsorg

ved å opptre inkluderande, vera empatisk og ved å hjelpa andre barn.

Dei vaksne viser omsorg ved å leggja til rette for ein trygg, morosam,

lærerik og inkluderande kvardag på avdelinga.

Leik

Leiken er eit mål i seg sjølv for barn. Dei bearbeider her sine erfaringar og

inntrykk frå kvardagen. Leiken legg grunnlaget for barns vennskap med

kvarandre. Det er difor viktig at me tek dette på alvor og legg til rette for

leiken i barnehagen.

Sosial kompetanse

I barnehagen er det unike vilkår for å tileigna seg sosial kompetanse i

samspel med andre. Her er mange barn samla, og difor vert det stilt større

krav til å ha kunnskap, ferdigheiter og motivasjon for å kunna vera saman

på ein god måte. Undervegs rettleier dei vaksne barna.

Page 9: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

November 2017Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1 2 3

Fellestur

4 5

6

Temaveke:

Ambulanse

7 8 9 10 11 12

13

Temaveke:

Politi

14

Fellessamling

15 16 17

Planleggings-

dag. Stengt

18 19

20

LEIKEVEKE

21 22 23 24

Frist for å

skrive inn

juleferie

25 26

28 30

Melding til avdelinga kan du skrive på mykid.no

Byrja

foreldre-

samtaler

for dei på

Klatremus.

Karsten

og Petra

Page 10: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Nå er det tid for felles adventsamlingar. Førskulebarna går Lucia. Alle skal på nissefest. For 4- og 5-åringane er

det og julevandring. (Dato kjem seinare.)Visjon:

Leik og læring

hand i hand.

Mål: ALLE BARN SKAL

KJENNE SEG TRYGGE, FÅ

GOD SJØLVKJENSLE OG

GOD SOSIAL TILNÆRMING.

FÅ STØTTE I LEIKEN TIL GOD

TILKNYTNING,UTFORSKING

OG LÆRING.

Leiken er barnets

læringsarena.

Leik og læring går som ein

raud tråd igjennom heile

årsplanen vår.

Mål for fagområdet «Etikk, religion og filosofi»:

me vil at barna skal bli kjende med kristne høgtider og tradisjonar, få kjennskap til religionar og

tradisjonar som er representerte i barnegruppa vår og knyta venskap.

Metodar: feira / markera høgtider og tradisjonar, ha tema «venskap» i samlingar. I kvardagen, korleis er vi

mot kvarandre. Og stille litt opne spørsmål for å gje rom for filosofiske tankar

Dokumentasjon

Arbeidet som blir utført i barnehagen og det barna lærer skal

dokumenterast. Slik kan det gi oss grunnlag for refleksjon over

vårt verdigrunnlag og over den arena for leik, læring og utvikling

me klarer å skapa her.

Å vera etisk bevisst kva som blir dokumentert og korleis, er noko

me skal ha fokus på. T.d. kva produkt frå barnehender me heng

opp, kva bilder me legg ut etc.

Nå tenner vi det første lys, Nå tenner vi det andre lys,åleine må det stå. dei står der stilt og skin.Vi ventar på det vesle barn Vi ventar på at Gud, vår Far,i krubba lagt på strå. vil sende Sonen sin

Nå tenner vi det tredje lys, Nå tenner vi det fjerde lys, det er eit heilagt tal. og natta vert til dag.Vi ventar på at Kongen vår Vi ventar på ein Frelsarmannskal fødast i ein stall. for alle folkeslag.

Page 11: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Desember 2017

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1 2 3

1. søndag i

advent

4

Felles advent-

samling

5 6 7 98

Lucia

9 10

2. søndag i

advent

11

Felles advent-

samling

12 13 14 15 16 17

3. søndag i

advent

18

Felles advent-

samling

19 20 21 22

Felles advent-

samling

23 24 julafta

25 Stengt 26 Stengt 27 28 29 30 31

Styrar Kristin Tveit Beiermann: 53 65 58 75

Melding til avdelingen kan skrivast på mykid.no

Leik og læring

Hand i hand

Page 12: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Godt Nytt År 2018!

Velkomne i det nye året.

Mål for fagområdet

«Antall, rom og form»:

me vil at barna skal

utvikla sin

matematiske

kompetanse og

oppmuntra dei til å

vera utforskande.

Metode: la barna møta vanlege

omgrep som større,

mindre, lengre, kortare,

lett og tung, sirkel,

firkant, trekant m.m.,

barna leikar med ulike

former.

VERA SAMAN OG BLI SETTGOD RESPONS - BLIKKONTAKT -

BEVISST KROPPSSPRÅK

Overgang barnehage - skule:

kommunen har laga ein plan for overgang mellom barnehage og skule. Den er forpliktande for både

skule, barnehage og PPT. Rektor og styrar er ansvarlege for denne. Innskriving skjer vanlegvis i april.

Samarbeidspartnarar for barnehagen er bl.a..:

PPT (Pedagogisk psykologisk -teneste)

Barn som treng ekstra hjelp og støtte, kan bli tilmeldt til PPT slik at personalet

og foreldre kan få rettleiing i det daglege arbeidet med barna.

Spesialpedagog frå PPT kan testa og kartleggja dei eventuelle vanskane.

Nokre barn treng meir utgreiing og me samarbeider òg med BUP (barne og

ungdoms psykiatrisk) avdeling i Haugesund, dersom det er nødvendig.

NAV, barneverntenesta og barne- og familierettleiar

Nokre barn og familiar treng ekstra hjelp og støtte i vanskelege saker,

slik at dei får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.

Helsestasjonen

Me samarbeider med Helsestasjonen når små barn har

kronisk sjukdom, eller når helsestasjonen har kartlagt /

observert ulike vanskar.

Oppvekstteam

Samarbeid på tvers av einingane er synleggjort ved at

styrarane frå kvar barnehage har møte saman med

representantar få helsestasjon, PPT, barne- og familierettleiar

og barnevernavdelinga.

Page 13: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1 2 3 4 5 6 7

8 9 10 11. Felles-

samling

12 13 14

15 16 17 18 19 20 21

22

Planleggings-

dag

23 24 25 26 27 28

Januar 2018Husk:

29

Fellestur

30 31

Page 14: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Tid for samane sin nasjonaldag

og karneval

Mål for fagområdet «Kunst, kultur og kreativitet»:

me vil at barna skal bli kjent med fargar, vidareutvikla songglede, skaparglede,

musikk- og danseglede og læra å bruka rytme- og musikkinstrument.

Metodar: bruka ulike formingsaktivitetar, ha songstunder, bruka musikkinstrument, lytta til musikk

og la barna oppleva dans og glede med musikk, stimulera til eigne måtar å uttrykka

seg på, gjennom fantasi og kreativitet.

Barnehagen som kulturarena:

Barnehagen skal formidle verdier og kultur, gi rom for barns egen

kulturskaping og bidra til at alle barn får oppleve glede og mestring i et

sosialt og kulturelt fellesskap. (Barnehageloven § 2)

Barnehagen har en viktig rolle som arena for utvikling av kulturell identitet.

Vekselspill mellom formidling og barns egen aktivitet skal være en del av

barnehagens særpreg. Barnekultur forstås som kultur av, med og for barn

Barn må få muligheter til å uttrykke seg gjennom mange «språk» og

kombinere disse i lekende fellesskap og med ulike estetiske uttrykk. I vårt

mediesamfunn mottar barn mange inntrykk. De må få hjelp til å

bearbeide sine inntrykk og å reflektere over og sortere informasjon.

Bevissthet om egen kulturarv og delaktighet i andres kultur skal bidra til at

barn kan sette seg inn i andres ståsted.

Personalet må være tydelige modeller og bevisste på eget kulturelt og

verdimessig ståsted. Personalet bør formidle tradisjoner som skaper

tilhørighet gjennom bøker, litteratur, sang og musikk og kreativ virksomhet.

Page 15: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Februar 2018Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1 2 3 4

5 6

Samane sin

nasjonaldag

7 8 9 10 11

12

Vinterferie for

skulen

13 14 15

Karneval

16 17 18

19

Leikeveke

20

Fellestur

21 22 23

Fastelavens-

boller

24 25

26 27 Husk at

1.mars er

søknadsfristen

for bhg.plass

frå 15/8-18

28

Vi fortset med sykkelfripå torsdager.

Page 16: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mål for fagområdet «Natur, miljø og teknikk»: me vil at barna skal bli glad i å leika og vera ute, få kunnskap om naturen, kunna

undra seg over mangfaldet i naturen og læra om skogens livsløp.

Metodar: gi barna naturopplevingar året rundt, ha turdagar, nytta naturen rundt oss, og ha

årstida som eit tema.

VERA SAMAN OG BLI SETTGOD RESPONS - BLIKKONTAKT -

BEVISST KROPPSSPRÅK

Vats barnehage ligg i flotte omgivnader med eit stort og naturrikt uteområde med grillhytte.

Naturen har mange utfordringar som ein ikkje kan finna igjen og omskapa andre stader. Den er ein

stad for utforsking og utfalding, og er stadig i endring, den gir rom for kontinuerleg bruk av sansane

våre. Naturen gir barna allsidige leikemuligheiter.

Likestilling i barnehagen

Likestilling mellom kjønna skal speglast igjen i barnehagen sin pedagogikk. Me må jobba

bevisst og aktivt med likestilling- og likeverdsarbeid i barnehagen. Målet om at gutar og

jenter skal ha like muligheiter, betyr ikkje at jenter skal bli gutar og omvendt, men det handlar

om korleis me møter barna i kvardagen. Alle skal ha like muligheiter til å delta i forskjellige

aktivitetar, og dei skal ikkje bli gitt eigenskapar berre fordi dei er gutar eller jenter.

IKT i leik og læring. I alle delar av samfunnet har informasjons- og

kommunikasjonsteknologi (IKT) ein sentral plass. Dei fleste barn kjem til

barnehagen med både kunnskap om og erfaringar med IKT. Dei er nysgjerrige, og

vil gjerne prøva å forstå korleis ting fungerer.

IKT kan supplera arbeidsmåtane i barnehagen, støtta barnas utvikling og

læring og tilby nye uttrykksformer.

Page 17: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1

Søknadsfrist

for bhg.plass

frå 15/8-18

2 3 4

5 6 7 8 9 10 11

12 13 14 15 16

fellessamling

17 18

19

Leikeveke

20 21 22

fellestur

23 24 25

26 27 28

Opent til kl

12.00

29

Skjær-

torsdag

30

Lang-

fredag

31

Påskeaften

Mars 2018

Styrar Kristin Tveit Beiermann : 53 65 58 75

Melding til avdelingen kan skrivast på mykid.no

Page 18: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Foreldresamarbeid

Foreldre og barnehage skal ha gjensidig respekt og anerkjenning for kvarandre sitt ansvar og oppgåver.

Kvar barnehage ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval (SU). Foreldrerådet består av alle foreldra.

SU består av 1. forelder frå kvar avdeling, styrar Kristin Tveit Beiermann og personalrepresentant Tove Ohm frå

barnehagen. Det er også med ein politikar Anne Cecilie Berntsen og Trygve Espevold . SU skal vera eit

rådgjevande, kontaktskapande organ.

SU sine foreldrerepresentantar dette barnehageåret er: Markmus: Pia Flæte, Klatremus: Øyvind Steinnes,

Stabbursmus: Maria Lilleskog, Fjellmus: Stig Arild Skrunes.

Møte: Barnehagen og foreldra finn saman fram til innhald og møteform for foreldremøte.

Samtalar: Barnehagen inviterer foreldra til individuelle foreldresamtalar minst ein gong i året. Dette er ein

samtale om trivsel og utvikling for det enkelte barnet.

Elles er det ein viktig møtestad kvar dag ved henting og bringing.

FUB (Nasjonalt foreldreutval for barnehagar)er eit rådgjevande organ og høyringsinstans for

Kunnskapsdepartementet i saker om samarbeid mellom føresette og barnehage.

Ansatte i barnehagen 2017/2018:

Markmus:

Ped leiar:Anne Jorunn

Apeland

Fagarbeider:

Gerd Marit Rugtveit

Fagarbeider:

Bodil Halsnes, 2 dg

Fjellmus:

Ped leiar Tove Ohm

Fagarbeider: Stine Oline Fosen

Assistent: Ninna Espeset

Fagarbeider :

Liv Norunn Helgeland

Klatremus:

Ped leiar:

Mona Hegerland

perm til 1.1.18 Alina er

vikar.

Assistent

Gerd E Sørhus

Fafarbeider:

Kamilla Vaage

Fagarbeider:

Ida Karine F Veland

Lærling: Monika

Skrunes

Stabbursmus:

Ped leiar Randi Lea-Koltveit

Fag arb Britt Helene Carlsen

Barnehagelærer: Wenche Ræstad

Page 19: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

April 2017

Ferie for barna: alle barn skal ha 4 ferieveker, minst 3

veker må takast samanhengande mellom 15.juni –

15.august, melde innan 1.mai. Den siste veka kan takast

når som helst. Barnehagen skal ha melding om evt

feriedag seinast 2 veker på førehand.

NB! Du melder inn ferie på mykid.no

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1. påskedag

2.påskedag 3 4 5

Felle-samling

6 7 8

9 10 11 12 13 14 15

16 17 18 19 20 Frist for å

fastsetja tid

sommarferie

21 22

23 24

Fellestur

25 26 27 28 29

Styrar Kristin Tveit Beiermann: 53 65 58 75

Melding til avdelingen kan skrivast på

mykid.no

Page 20: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Barnets utvikling enkelt skissert.

kunnskap 1-2 år 2-3 år 3-4 år 4-5 år 5-6 år

Sansing

og rørsle

Brukar pinsettgrep

og går stødig

Viser merksemd

mot inntrykk

Puttar former i boks

Er grovmotorisk

aktiv: hoppar,

klatrar, spring,

trehjulssykling

Legg enkle

puslespel

Brukar alle

grunnrørsler

Imiterer rørsler

Teiknar

hodefoting

Kastar og tek i

mot stor ball

Sparkar ball

Teiknar og

fargelegg med

blyantgrep, kan

balansera og

klippa etter strek

Sosiale

relasjonar,

kjensler

Observerer andre

barns leik

Er med på titt-tei-

leik

Leikar parallell og

imiterer

Gir frå seg leiker,

men gjer òg krav

på leiker

Tek kontakt med

andre

Viser empati, kan

t.d. trøysta andre

Meistrar turtaking

Kan samarbeida

med andre

Leikar tikken og

gøymsel

Tek kontakt med

andre på positive

måtar

Viser akseptable

kjensleuttrykk

Språk-

utvikling

Forstår og kan seia

nokre vanlege

kvardagsord

Peikar i samtale

Forstår 2-ledda

beskjedar, brukar

3-ordsetningar

Viser interesse for

bøker

Forstår nokre

fargar, kan nokre

rim og songar

Dei fleste har

forståeleg uttale

Interesse for leike-

skriving og –lesing

Fortel ei historie

med ei viss

samanheng

Brukar setningar

og småord

Kan rim og regler

Forstår felles

beskjedar

Leike-

utvikling

Begynnande tur-

takingsleik

Grovmotorisk leik

Utforskar leiker/ting

Begynnande late-

som-leik

Har variert leike-

repertoar

Leikar og blir

verande i leik

med andre barn

Startar leik aleine

Tek del i

byggeleik og

regelleik

Aktiv i rolleleik

Leikar avansert

rolleleik, byggeleik

og regeleik

Meistrar enkle spel

Kvardags-

aktivitetar

Stell og måltid er

gode opplevingar

Tek del i

smøremåltid

Startar do-trening

Et og drikk aleine

Tek del i samspel

Har kasta bleiene

Kan kle på og av

seg sjølv

Kan seia eige

namn og alder

Kan hjelpa til

Kjenner rutinane

Tåler å kjeda seg i

periodar

Trivsel Smiler og viser

glede

Søkjer andre barn

og vaksne

Viser kjensler

Kan finna tryggleik

i ukjende

situasjonar

Leikar allsidig i

alle rom, gir

uttrykk for

meistringsglede

Treng mindre

vaksenstøtte i leik

Prøver ut nye ting

Får venner

Tør protestera og

argumentera

Viser tryggleik og

tek initiativ

Page 21: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

30. 1. 2 3 4

Felles tur

5 6

7 8 9 10

Kristi himmel-

ferds-dag

11 12 13

14 15

Fellessamling

16 17 18

Planleggings-

dag.

Stengt

UTEDAG

SYKELFRI

19 20

1.pinsedag

21.

2.pinsedag

2222222223

Noregs

Nasjonal-

dag !

23 24 25 26 27

28

Leikeveke

29 30 31

Mai 2017

Styrar Kristin Tveit Beiermann: 53 65 58 75

Meldingar til avdelingen kan skrivast på mykid.no

Hipp hipp hipp HURRA!

Page 22: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Observasjon i barnehagen.

I BARNEHAGEN NYTTAR ME TO ULIKE SKJEMA FOR OBSERVASJON AV BARNA: TRAS (mest for dei eldste) og ALLE MED (mest for dei yngste)

• TRAS (Tidleg registrering av språk) inneheld åtte ulike

språkområde: Samspel, Kommunikasjon og merksemd (knytta opp mot brukssida av språket), Språkforståing og Språkleg bevissthet (innhalds-sida og bevisstheten om språket), Uttale, Ordproduksjon og Setningsproduksjon (formsida av språket). Språkforståelse handler om kva barnet begriper av begreper, saman med språklig bevissthet.

• TRAS skal både gjennomførast og tolkast på bakgrunn av dagleg samspel, og gir oss eit bilete av barnets språkutvikling over tid.

• ALLE MED: observasjonsskjema som dekker 6 utviklingsnivå: språkutvikling, lek, sosioemosjonell utvikling, hverdagsaktiviteter, trivsel og sansemotorisk utvikling.

• ALLE MED gir eit heilskapleg bilete av barnet og kva det meistrar på ein måte som er enkel å forstå.

• Både TRAS og ALLE MED er i tråd med den nasjonale satsinga om å fanga opp dei barna som slit med å meistra så tidleg som mogleg.

Page 23: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1 1 2 3

1.pinsedag

4. 5 6 7 8 9 10

11 12

Sommar-

avsluttning/

besteforeldre

13 14

Sommar-

Avsluttning

Foreldre

15 16 17

18 19

Førskule-

gruppa

avsluttnings-

fest

20 21 22 23 24

25 26 27 28 29 30

Juni 2017

Styrar Kristin Tveit Beiermann: 53 65 58 75,

Meldingar til avdelingen kan skrivast på mykid.no

Leik og læring

hand i hand

Page 24: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Evaluering i barnehagen:

Vurdering: Me vurderer kontinuerleg drifta, bl.a. aktivitetar, kvardags-

situasjonar, måltid, samling, ute- og inneleik, hente- og bringesituasjonar.

Kva fungerer, kva må endrast? Me vurderer barnegruppa, drøftar korleis

samspelet er barna imellom, mellom barna og personalet, og mellom oss

tilsette her i barnehagen.

Kven tek del i vurderingsarbeidet: Alle tilsette er med på vurderings-

arbeidet. Dette skjer på avdelingsmøte, pedagogisk leiarmøte og

personalmøte. Me vurderer òg i «her og nå»-situasjonar.

Dei eldste barna er med på barnemøte og barnesamtalar, der me

tek opp ting som: Kven likar du å leika med? Er det nokon av barna

som du har lyst å bli betre kjent med? Er det noko/nokon du er redd for?

Synspunkt og tankar frå barna er viktige for personalet i vurderingsarbeidet.

Då kan me t.d. setja saman grupper som samsvarar med ønskje frå barna.

Kvifor vurderer me : Kvalitet i samspelet mellom oss menneske i barnehagen

er ein av dei viktigaste føresetnadene for utviklinga og læringa til barna.

Difor må me vurdera trivselen og utviklinga til barnegruppa og det enkelte

barnet.

Me vurderer for å finna ut kva me er god på, kva me treng å gjera betre, og

for å fornya og utvikla oss som organisasjon.

Me er avhengige av å få tilbakemelding frå dykk foreldre, både ris og ros, slik

at me veit kva som fungerer og kva me må gjera betre. Dette er og ein viktig

del av vurderingsarbeidet.

Page 25: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Juli 2017Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

1

2 3 4 5 6 7 8

9 10 11 12 13 14 15

16 ferie 17 ferie 18 ferie 19 ferie 20 ferie 21 ferie 22 ferie

23 ferie 24 ferie 25 ferie 26 ferie 27 ferie 28 ferie 29 ferie

August 2017Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag Lørdag Søndag

30 31 1 2 3 4 5

6 7 8 9 10 11 12

13 14. plan-dag 15. Nytt barnehageår.

stengt.

Me takkaralle saman

for eit godt år

i barnehagen og ønskjerein god sommar!

Nytt bhg-

år startar

opp den

15.august

Page 26: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Barnehagelova §1: (barnehagen sitt føremål)

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimane ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremja læring og danning som grunnlag for

allsidig utvikling. Barnehagen skal byggja på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgjeving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i

menneskerettane.

Barna skal få utfalda skaparglede, undring og utforskartrong. Dei skal læra å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Barna skal utvikla

grunnleggjande kunnskapar og ferdigheiter. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og føresetnader.

Barnehagen skal møta barna med tillit og respekt, og anerkjenna barndommens eigenverd. Den skal bidra til trivsel og glede i leik og læring,

og vera ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og vennskap. Barnehagen skal fremja demokrati og likestilling og motarbeida alle former

for diskriminering.

VERA SAMAN OG BLI SETT

GOD RESPONS - BLIKKONTAKT

- BEVISST KROPPSSPRÅK

Ei av samfunnsoppgåvene til barnehagen er å førebyggja

diskriminering og mobbing på eit tidleg stadium, sjå neste side.

Page 27: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

Mobbeplan for Vats barnehage:

Definisjon på mobbing: Mobbing er gjentatt fysisk eller psykisk vold retta mot eit offer, tført av enkeltpersonar eller grupper. Dette kan vera erting, utestenging eller fysisk plaging.

Eksempel kan vera: Direkte mobbing: (mest blant gutar): Verbalt (hånlige kommentarar, erting, truslar), Fysisk (juling, øydelegging av klær eller utstyr)

Indirekte mobbing (mest blant jenter ): Latterleggjering, usynleg-gjering, ignorering.

DEN SOM BLIR MOBBA KAN: ofte velja å skjula dette, vera redd for ikkje å bli trudd eller forstått, vera redd for hemn, vera flau over å bli mobba, begynna å tru på at dei som mobbar har rett og sjølvbilete minkar.

KJENNETEIKN PÅ MOBBING kan vera: Provoserande barn med desse kjenneteikna: Kan vera hissige og ta igjen, Rastlause, klossete, umodne, irriterande (”ber” om å bli erta), Nokre kan vera hyperaktive, Kan ha problemåtferd òg i dei vaksne sine auge, Kan sjølv mobba svakare barn, Økende fravær fra barnehagen., Klager over vondt i magen eller hodet, Har få venner, er ofte alene, Søker yngre venner, Virker engstelig, Er nedstemt, kan virke deprimert, Er preget av humørsvingninger, tar lett til tårene, kan være aggressiv i konfliktsituasjoner, Vegrer seg mot å gå ut, er treg til å forlate rom med voksne, søker kontakt med de voksne, Går omveier for å slippe å treffe noen personer, Utvikling på ulike områder stagnerer eller går tilbake, Velger seg bort fra kontakt med voksne og / eller barn, er avvisende.

Konflikt må ikkje forvekslast med mobbing.

DEI VAKSNE SITT ANSVAR: FØREBYGGJING: Det er de voksne sitt ansvar at alle barn har det bra. Alle ansatte har ansvar for å utvikle gode relasjoner til alle barn og foresatte. De voksne skal se det enkelte barn og være tålmodig med alle ved å gi varm, sensitiv og stimulerende omsorg til alle. Det er barnet som skal definere om han eller hun opplever seg krenket/ utsatt for mobbing. Foreldrene har et ansvar for å ta kontakt om de bekymrer seg for trivselen til eget barn. Barnehagen har et ansvar for å gi informasjonen til foreldrene.

Me følgjer desse rutinene: Førebyggjing: Den voksne skal være på plass i garderobe / rom før barna. Den voksne skal være ein person som barna har tillit til. Den voksne har tydelig ledelse på ein slik måte at gruppen / avdelingen oppleves som et trygt sted for alle barna

ME GJER DETTE for førebyggjing, melding og stansing: Dei eldste barna: Me tek observasjonar av barnet og gruppa. (Skriv ned, - dokumentasjon er viktig!!!). Me deler bekymringen med styrar og med kollegaene. Me tek kontakt med foreldra og spør om deira inntrykk av trivselen for barnet. Me har samtale med barnet. Korleis trivest du? Har du det bra? Er det nokon du kan tenkja deg å vera meir saman med? - Målet er å finna ut meir for å - enten leggja saka ”død” eller me må innsjå at me har eit mobbeproblem! Husk å føra logg!

Er nokon utsatt

for mobbing så

vil ikkje leik og

læring gå hand i

hand.

Du som forelder

saman med

vaksne i

barnehagen, er

ein viktig

rollemodell for

barna til ikkje å

tolerera

mobbing.

Page 28: ÅRSPLAN 2017-2018 VATS BARNEHAGE Hand i hand...Foreldremøte: Foreldra er delaktige i barnehagen sitt indre liv ved samarbeid og dialog gjennom Samarbeidsutvalet, ved godkjenning

DERSOM DET FØRELIGG MOBBING; SÅ GJER ME FØLGJANDE: StansingSamtale med den som mobbar utan at offeret er tilstades .(dei eldste barna). Snakk med eitt barn om gongen dersom det er fleire mobbarar. Merk: Den som blir mobba, skal ikkje vera med Fortel: ”Du har brote reglane me har. I vår barnehage er det IKKJE LOV å plaga andre barn. Du òg har ei plikt til å la andre vera i fred!”

Fortel det du veit har skjedd. Du skal ikkje opna for diskusjon med mobbaren (det er svært vanleg at mobbaren skuldar på offeret eller unnskyldar seg med at ”det var ein annan som begynte” … ”huske ikkje” …. ”det var berre på lek” … etc)

Sei ifrå til foreldra om det som har hendt.

Vår plikt ! Plikt til å sjå etter om mobbing førekjem! Ingen må lukka augo for dette! Mobbing må ikkje tolererast! Me har ansvar for kvart einskild barn sin tryggleik.

Kommunikasjon med foreldre og/eller andreMe skal vera tidleg ute med å dela bekymring for eit barn med foreldra. Dei har likevel ikkje rett på å vita namnet på den/dei som mobbar. (teieplikta). Tidleg kontakt, samarbeid og samhandling er avgjørende. Omsorgs- og trivsel er tema i alle faste samtaletimer med foresatte, og er tema på foreldremøter. Helsesøster er en nøytral kontaktperson som barn og foreldre kan ta kontakt med. Me skal òg samarbeida med foreldra når det gjeld dei som mobbar, dei må få vita kva som skjer og korleis me prøver å få bukt med dette.

Oppfølging av barna begge partar, NB: samarbeid med foreldraPrøv å skjerma barnet som blir mobba for nye mobbesituasjonar! Vis null toleranse for mobbing! Reflekter over om me er der barna er og ser alt som skjer? I denne tida kan det vera naudsynt å visa ekstra merksemd, tilsyn og omsorg ovafor den som blir mobba. Me gjer opp status, korleis går det nå? Kva situasjonar kan oppstå framover, og kva gjer me i desse situasjonane?

Trivselsfremmende oppførsel skal jevnlig være tema i alle grupper Tiltak som foreldrene kan bidra med for å utvikle et inkluderende og godt miljø, skal være tema i alle foreldremøter. Foreldre og barnehagen tar et felles ansvar for å støtte barna. Barnehagen har få, tydelige og enkle regler for hva som er rett og galt. Alle ansatte skal kjenne til disse. Det skal være voksne tilstede der mange barn er samlet. De voksne skal være lett tilgjengelig for barna. Den voksne tar kontakt med barn som er alene.

Vi vaksne

skal gjere

alt vi kan

for at leik

og læring

skal gå

hand i

hand.