38
1 Årsplan for Lunden barnehage ”Ein god stad å vere – ein god stad å lære» 2019/2020

Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

1

Årsplan for Lunden barnehage

”Ein god stad å vere – ein god stad å lære»

2019/2020

Page 2: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

2

Forord I rammeplan for barnehagen står det at barnehagen skal utarbeide ein årsplan. Det skal også lagast månads- og fagplanar

som er tilpassa dei ulike barnegruppene. Årsplanen er ein arbeidsreiskap for barnehagepersonalet og dokumenterer vala og

grunngjevingane til barnehagen. Den gir informasjon om barnehagen sitt pedagogiske arbeid til myndigheitsnivå,

samarbeidspartane til barnehagen og andre interesserte.

Styraren skal leie prosessen med å utarbeide årsplanen. Årsplanen skal fastsetjast og godkjennast kvart år.

Samarbeidsutvalet består av representantar frå foreldreutvalet og personalgruppa, samt ein representant frå kommunen.

Årsplanen skal vise korleis barnehagen vil arbeide med å omsetje formålet og innhaldet i rammeplanen og dei lokale

tilpassingane i pedagogisk praksis.

Page 3: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

3

Innhaldsliste Presentasjon av barnehagen 4

Presentasjon av personalet 5

Lovverk 6

Barnehagelova

Rammeplanen

Stortingsmelding

Dei sju fagområda 7

Kommunikasjon, språk og tekst

Kropp, rørsle, mat og helse

Kunst, kultur og kreativitet

Mengd, rom og form

Natur, miljø og teknologi

Etikk, religion og filosofi

Nærmiljø og samfunn

Pedagogisk grunnsyn 11

Avdeling Rosa 12

Samarbeid med skulen 13

Personvern 14

Inkluderande barnehage-og skulemiljø 15

Omsorg og danning, leik og læring 16

Vennskap og fellesskap 17

Sjukdom 18

Utval 19

Foreldreutval 20

Samarbeidsutval 20

Foreldresamarbeid 21

Personalet 22

Møte i barnehagen 23

Planleggingsdagar

Foreldremøte

Foreldresamtale

Avdelingsmøte

Pedagogmøte

Personalmøte

HMS arbeid med barna som deltakarar 25

Hjelpeinstansar 26

Helsestasjonen

PPT

BUP

Barnevernstenesta

Tverrfagleg team

Måltid i barnehagen 27

Vekeplan 28

Emneplan Fiolen og Løvetanna 29

Emneplan Rosa, Blåklokka og Soleia 30

Barnehagen sine tradisjonar 31

Sommarferielapp 34

Påskeferielapp 35

Juleferielapp 36

Page 4: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

4

Presentasjon av barnehagen

Lunden barnehage har 6 avdelingar. Fiolen, Løvetanna, Soleia, Kvitveisen Blåklokka og Rosa. Barnehageåret 2019/2020 er

fem avdelingar i bruk (Kvitveisen står tom) Kvar avdeling er aldersrein, med det meiner vi at barna på kvar avdeling er fødd i

same årskull.

Som sentrumsbarnehage har vi kort veg til skulen, biblioteket, sentrum, elva, skogen og stranda. Dette er fasilitetar vi

nyttar gjennom heile barnehageåret. Elles har barnehagen også eit stort uteområde, som vi nyttar dagleg. På slutten av

dagen eller på dagar med få vaksne tilgjengeleg ute, kan vi avgrense arealet på uteområdet. Noko som gjer det lettare å ha

god oversikt.

Ved oppstart hadde barnehagen 66 barn og 20 tilsette. Vi håpar talet held seg stabilt eller stig utover året.

Page 5: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

5

Presentasjon av personalet

Administrasjon/Kontor: Kirsten Kongsvik Seksjonsleiar 100 %

Lena Kristin Slettemark Assisterande styrar 50% + 30% spesial pedagogikk

Fiolen

Britt Slettemark Pedagogisk leiar 90%

Grete Høyseth Fagarbeidar 100%

Ingunn Hansen Assistent 100%

Lena Kristin Slettemark Pedagogisk leiar 20%

Løvetanna Soleia

Silje-Karin Hjellbrekke Pedagogisk leiar 100% Anette Gram Madsen Pedagogisk leiar 100%

Viktoria Fauske Blikås Pedagogisk leiar 100% Edith Åsnes Assistent 100%

Jorunn Slettemark Assistent 100% Steffen Aas Grytten Assistent 100%

Anne Marit Kristiansen Assistent 100%

Blåklokka Rosa

Katrine Røyseth Pedagogisk leiar 100% Olaug Helle Pedagogisk leiar 60%

Line Magnhild Hagen Fagarbeidar 100% Wenche Flåm-Aaberg Pedagogisk leiar 100%

Astrid Smelvær Fagarbeidar 50% Grete Elin Løtuft Assistent 100%

Heidi Langedal Assistent 60% Magnus Sunde Fagarbeidar 80%

Page 6: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

6

Lovverk

Lovverket ligg til grunn for korleis vi skal drive barnehage. Det er ei eiga lov for barnehagen: Barnehagelova, i tillegg har vi

rammeplanen som er forskrift til barnehagelova. Det kom ny utgåve av Rammeplanen 01.08.17.

Barnehagelova § 1 i Barnehagelova seier kva føremålet og innhaldet i barnehagen skal vere. Her står med anna at barnehagen

skal gje gode høve til utvikling og aktivitet til barn under opplæringspliktig alder i nært samarbeid med foreldre.

For dei som ynskjer å lese meir i lova kan ein gå inn på denne nettsida: http://lovdata.no/cgi-

wift/wiftldles?doc=/app/gratis/www/docroot/all/nl-20050617-064.html&emne=barnehagelov*&&

Rammeplanen Planen er forskrift til barnehagelova og gir retningslinjer for verdigrunnlag, innhald og oppgåver. Målet med rammeplanen er

å gje dei som arbeider i barnehagen ei forpliktande og meir detaljert ramme for planlegging, gjennomføring og vurdering av

verksemda.

Rammeplanen inneheld med anna verdigrunnlaget til barnehagen, ansvar og roller, formålet med og innhaldet i barnehagen,

barns medverknad, samarbeid mellom heimen og barnehagen,overgongar , barnehagen som pedagogisk verksemd,

arbeidsmåtane til barnehagen, fagområda til barnehagen. For dei som ynskjer å lese meir i rammeplanen kan ein gå inn på

denne nettsida:

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/rammeplan/

Stortingsmelding 19 Dei seinare åra har det kome fleire stortingsmeldingar som omhandlar barnehage. Den siste er stortingsmelding 19 som kom

ut i 2015-2016. Tittelen var «Tid for lek og læring Bedre innhold i barnehagen.»

«Siden det store barnehageforliket har vi vært mest opptatt av å bygge nok barnehager. Nå må vi bygge kvalitet og innhold

slik at alle barn får et godt tilbud med lek og læring», seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-19-20152016/id2479078/

Page 7: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

7

Dei sju fagområda

Rammeplan for barnehagen har delt barnehagen sitt innhald inn i sju fagområde:

Kommunikasjon, språk og tekst

Kropp, rørsle, mat og helse

Kunst, kultur og kreativitet

Natur, miljø og teknologi

Mengd, rom og form

Etikk, religion og filosofi

Nærmiljø og samfunn

Kommunikasjon, språk og tekst:

Gjennom arbeid med fagområdet skal barnehagen bidra til at barna får utforske og utvikle språkforståinga,

språkkompetanse og eit mangfald av kommunikasjonsformer.

Andre stikkord: Rim, regler, songar, litteratur og tekstar frå notid og fortid, leik med språk, symbol og tekst, stimulere til

språkleg nysgjerrigheit, medvit og utvikling.

Page 8: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

8

Kropp, rørsle, mat og helse:

Vanar og handlingsmønster tek form frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i

barnehagen, kan vare livet ut. Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn opplever

rørsleglede, matglede og matkultur, mentalt og sosialt velvære og fysisk og psykisk helse.

Andre stikkord: Sanse, oppleve, leike, lære og skape med kroppen som utgangspunkt. Rørsleerfaring, inne og ute, året

rundt. Motorisk dugleik, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar. Trygg på eigen kropp, positiv

oppfatning av seg sjølv og bli kjend med sine eigne kjensler. Setje grenser for eigen kropp og respektere

andre sine grenser. Få innsikt i kvar maten kjem frå, matproduksjon og vegen frå mat til måltid.

Kunst, kultur og kreativitet:

Opplevingar med kunst og kultur i barnehagen kan leggje grunnlag for tilhøyrsle, deltaking og skapande arbeid. I barnehagen

skal barna få estetiske erfaringar med kunst og kultur i ulike former og organisert på måtar som gir barna høve til

utforsking, fordjuping og progresjon.

Andre stikkord: Musikk, dans, drama, språk, litteratur, film, arkitektur, design, fantasi, kreativ tenking,

skaparglede, inntrykk og uttrykk.

Page 9: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

9

Mengd, rom og form:

Fagområdet handlar om å oppdage, utforske og skape strukturar og hjelper barna til å forstå

samanhengar i naturen, samfunnet og universet. Barnehagen skal synleggjere samanhengar og

leggje til rette for at barn kan utforske og oppdage matematikk i dagleglivet, i teknologi,

natur, kunst og kultur, og ved å sjølve vere kreative og skapande.

Andre stikkord: Leikande og undersøkjande arbeid med samanlikning, sortering, plassering, orientering, visualisering,

former, mønster, tal, teljing og måling.

Natur, miljø og teknologi:

Opplevingar og erfaringar i naturen kan fremje forståing for eigenarten til naturen og barna

sin vilje til å verne om naturressursane, bevare det biologiske mangfaldet og bidra til

bærekraftig utvikling. Barnehagen skal bidra til at barna blir glade i naturen og får

erfaringar med naturen som fremjar evna til å orientere seg og vere i naturen til ulike årstider.

Andre stikkord: Oppleve og utforske naturen, gode friluftsopplevingar året rundt, oppleve, utforske og eksperimentere

med naturfenomen og fysiske lover, få kjennskap om dyr og dyreliv.

Page 10: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

10

Etikk, religion og filosofi:

Etikk, religion og filosofi er med på å forme korleis vi oppfattar verda og menneska, og

pregar verdiar, normer og haldningar. Barnehagen skal la barnet få kjennskap til forteljingar,

tradisjonar, verdiar og høgtider i ulike religionar og livssyn, og erfaringar med at kulturelle

uttrykk har eigenverdi.

Andre stikkord: Mangfald, samtale, undring, lytte og reflektere.

Nærmiljø og samfunn:

Barnas medverknad i kvardagslivet i barnehagen legg grunnlag for vidare innsikt i og erfaring med å delta i eit demokratisk

samfunn. Gjennom utforsking, opplevingar og erfaringar skal barnehagen bidra til å gjere barna kjende me sitt eige nærmiljø,

samfunnet og verda.

Andre stikkord: Lokale tradisjonar, samfunnsinstitusjonar og yrke, kulturelt mangfald, ulike

levemåtar og familieformer, kjennskap til nasjonale minoritetar.

Kvart barnehage år vil vi vere innom alle dei sju fagområda. Desse blir jobba mykje med i

faggrupper.

Det vil stå meir om dei konkrete måla i fagplanar som blir delt ut gjennom kvart barnehage år.

Page 11: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

11

Pedagogisk grunnsyn – «ein god stad å vere – ein god stad å lære»

Pedagogisk grunnsyn kan forklarast med filosofien som ligg bak handlingane våre eller sagt på ein annan måte: Korleis vi skal

arbeide i barnehagen og kva vi legg vekt på.

Vi vektlegg at barna skal ha det godt. Dei skal få med seg mange og varierte opplevingar gjennom barnehagedagen som kan gi

dei kunnskap og erfaring. Vi ser på barna som lærande objekt og vel difor å legge til rette for ulike måtar å oppdage, lære og

erfare. Det er viktig at barnehagen legg til rette for ulike aktivitetar som gjev rom for uformell og formell læring. For å få

til dette arbeider vi på ulike måtar. Avdelingane er delt i aldersreine grupper (med det meiner vi at alle barn på ei avdeling er

fødd same år) og har pedagogisk opplegg tilpassa barna sin alder, behov og interesser med bakgrunn i rammeplanen sine 7

fagområder.

I førskulegruppene har vi meir formell læring for å førebu dei til skulestart. Barna får oppgåver som er meir konkrete. I år

nyttar vi «Trampoline» eit materiell tilpassa førskulebarn.

Læring gjennom leik har stor plass i barnehagen. Vi deler barna i leikegrupper både på avdelingane og på tvers av avdelingar.

Målet er å styrke vennskapsband, gjere barna kjende med ulike leikeformer, og å styrke og stimulere leiken. Her tek dei

vaksne meir aktiv og målretta del i leiken. Som vaksne i barnehagen er vi opptekne av å møte og sjå kvart enkelt barn, samt å

legge til rette for at kvart einskild barn skal få utvikle og utnytte sitt potensiale.

Vidare er vi opptekne av å lære barna å vise omsorg for kvarandre. På den måten kan alle kan kjenne seg trygge i gruppa. Vi

legg også vekt på at barna skal få tid og rom til eigne initiativ og fri leik.

Barnehagen skal anerkjenne og verne om eigenverdien til barndommen. Å bidra til at alle barn som går i barnehage får ein

god barndom som er prega av trivsel, vennskap, og leik er fundamentalt.

Page 12: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

12

Avdeling Rosa

5 – åringane går på Rosa. I tillegg til faggrupper har desse barna førskulegruppe ein

gong i veka. Der har dei har ulike aktivitetar for å førebu seg på skulestart.

Her er nokre av oppgåvene rosagruppa har i førskulegruppa i løpet av året:

Kva Rosagruppa

skal gjere i

førskulegruppa

Språkstimulering Former

Mengde

og str.

Sosialt

samspel

Rim og

regler

Lære å skrive

namnet sitt

Turtaking

Lære å

rekke opp

handa

Bli introdusert

for bokstavar og

tal

Lytte når

andre snakkar

Overnatte i

barnehagen/

Sykkeldag

Rosarussefest

Page 13: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

13

Samarbeid med skulen

I kapittel 6 i rammeplan for barnehagen heiter det:

«Barnehagen skal i samarbeid med foreldra og skulen leggje til rette for at barnet kan få ein trygg og god overgang frå

barnehage til skule, og eventuelt til skulefritidsordning»! Barnehagen og skulen bør utveksle kunnskap og informasjon som

utgangspunkt for samarbeid om tilbodet til dei eldste barna i barnehagen, overgongen til skulen og skulestarten. Barnehagen

må ha samtykke frå foreldra for å dele opplysningar om enkeltbarn med skulen (utdanningsdirektoratet 2017:33).

I Naustdal samarbeider vi om:

Innskriving på skulen vinter/vår, det året barnet skal ta til på skulen.

Få tildelt/møte fadder på innskrivingsdag.

Besøksdagar på skulen der førskulebarna er med i enkel undervisning og leik saman med 1. kl.

Samt at dei får gjere seg litt kjent både ute og inne på skulen.

Foreldremøte på skulen om våren før skulestart.

Overføringsmøte mellom barnehage og skule. Vi har henta inn/ fått samtykke frå foreldre/føresette til å gi

informasjon til skulen. Det blir ikkje utveksla informasjon om foreldre/føresette ikkje ynskjer det.

Velkomstbrev frå skulen til heimen sommaren før skulestart.

Frå seinhausten året før skulestart er det også førskuletreff på tvers av barnehagane. På den måten får barna i Lunden og

Naustdal idrettsbarnehage bli litt kjende med kvarandre før skulestart.

Page 14: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

14

Personvern

Retningslinjer for fotografering i barnehagen.

Etter at digitale bilete er blitt allemannseige er det å legge ut bilete på nett blitt svært enkelt. Vi har difor retningslinjer

for dette.

Vi ynskjer at alle har eit bevisst forhold til bruk av sosiale medier, og tenkjer over at mange føresette ikkje ynskjer at

barnet deira havner på internett.

Dersom de skal ha eit bilete av andre sine barn på sosiale medier må dykk ha tillatelse frå barnet sine føresette på

førehand.

Vi må kunne føle oss trygge på at det vi voksne gjer i dag, ikkje vil kunne stille barna i forlegenheit/ knipe/vanskar eller

skape vonde følelsar når barnet veks til.

Bilete og videoar som blir lagt ut på nettet, vil kunne møte oss i framtida.

Det er mange barn som lever i skjul i Norge i dag med god grunn, og kanskje er ein av desse eit barn som går i vår barnehage,

eller i nær omkrins.

Vi voksne må vere bevisste på kva rollemodellar vi er for barn og unge. Vi bør gå føre som gode eksempel, og ikkje ukritisk

dele mengder av bilete av dei på nett.

For bruk av bilete og film innad i barnehagen, for eksempel dokumentasjon og heimeside, blir det innhenta tillatelse frå

føresette om dette ved oppstart.

Veiledningshefte/rettleiingshefte om bilder av barn på nett:

https://www.datatilsynet.no/globalassets/global/regelverk/veiledere/i_beste_mening_a4_nynorsk_web.pdf

Page 15: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

15

Inkluderande barnehage-og skulemiljø.

Vår barnehage er så heldig å få vere med i eit prosjekt som heiter, "Inkluderande barnehage- og skulemiljø".

Kvar haust er vi så heldige å få delta på felles planleggingsdag saman med alle tilsette i barnehage og skule i Sunnfjord kommune, der

dyktige førelesarar losar oss trygt gjennom ein heil dag med nyttig teori knytt til temaet.

Gjennom utviklingsprosjektet skal vi:

Utvikle, fremje og oppretthalde gode og trygge barnehage- og skulemiljø der alle barn og unge trivast og opplever at dei høyrer til.

Førebygge, avdekke og handtere mobbing og andre krenkingar.

Alle tilsette i barnehage og skule skal gjennomføre ei nettbasert kompetanseutvikling.

Dette utviklingsprosjektet skal gjennomførast av alle barnehagane og skulane i kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal fram til

1. januar 2020 for å auka kompetansen vår rundt utestenging, mobbeatferd og fleire reiskap til å handtere og førebygge mobbing.

Hovudmålet med utviklingsprosjektet er at alle barn-og unge i komande Sunnfjord kommune skal oppleve eit trygt og godt leike- og

læringsmiljø. Eit leike- og læringsmiljø som fremjar helse, trivsel, tryggleik og læring. Utviklingsarbeidet skal primært føregå i form av

barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling og arbeid i lærande nettverk. Barnehage- og skulebasert kompetanseutvikling vil seie at

barnehagar og skular, med leiarar og alle tilsette, deltek i ein utviklingsprosess på eigen arbeidsplass. Målet er å vidareutvikle praksis i

arbeidet med barnehagemiljø, skulemiljø, mobbing og andre krenkingar.

Page 16: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

16

Omsorg og danning, leik og læring, vennskap og fellesskap I rammeplanen står det om både omsorg og danning, leik og læring, vennskap og fellesskap .

Omsorg og danning

Omsorg er ein føresetnad for at barna skal vere trygge og trivast, og for at dei skal kunne utvikle empati og nestekjærleik.

Barnehagen skal gi barna høve til å utvikle tillit til seg sjølv og andre. Alle barn skal oppleve at dei blir sett, forstått og

respekterte, og få den hjelpa og støtta dei har behov for.

Barnehagen skal oppmuntre barna til å vere prøvande til og nysgjerrige på omverda og bidra til å legge grunnlaget for modig,

sjølvstendig og ansvarleg deltaking i demokratiske fellesskap. Barnehagen skal bidra til at barna kan forstå felles verdiar og

normer som er viktige for fellesskapet.

Barnehagen skal bidra til å fremje tilhøyrsla til samfunnet, naturen og kulturen.

Leik

Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen, og eigenverdien til leiken skal anerkjennast. Barnehagen skal gi gode vilkår for

leik, vennskap og barna sin eigen kultur. Leiken skal vere ein arena for utvikling og læring og for sosial og språkleg

samhandling. Barnehagen skal inspirere til og gi rom for ulike typar leik både ute og inne. Barnehagen skal bidra til at alle

barn kan oppleve glede, humor, spenning og engasjement gjennom leik – åleine og saman med andre.

Læring

I barnehagen skal barna oppleve eit stimulerande miljø som støttar opp om lysta til å leike, utforske, lære og meistre.

Barnehagen skal introdusere nye situasjonar, tema, fenomen, materiale og reiskapar som bidreg til meiningsfull samhandling.

Nysgjerrigheit, kreativitet og vitelyst skal anerkjennast, stimulerast og leggjast til grunn for læringsprosessane. Barn skal

få undersøkje, oppdage og forstå samanhengar, utvide perspektiv og få ny innsikt. Barna skal få bruke heile kroppen og alle

sansar i læringsprosessane sine. Barnehagen skal bidra til læringsfellesskap der barna skal få bidra i eiga og andre si læring.

Page 17: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

17

Vennskap og fellesskap

Sosial kompetanse er ein føresetnad for å fungere godt saman med andre og omfattar ferdigheiter, kunnskapar og

haldningar som blir utvikla gjennom sosialt samspel. I barnehagen skal alle barn kunne erfare å vere viktige for fellesskapet

og vere i positivt samspel med andre barn og vaksne. Barnehagen skal aktivt legge til rette for utvikling og vennskap og

sosialt fellesskap.

(Utdanningsdirektoratet, 2017)

Page 18: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

18

Sjukdom

Ta omsyn til barna og vurder allmenntilstanden deira. Med allmenntilstand meiner vi korleis barnet søv, et og

er med i leiken. Om barnet er sjukt treng det mykje omsorg av vaksne. Barnehagen har ikkje kapasitet til å

la ein vaksen gje barn den omsorga dei treng når dei er sjuke. Barnet kan vere i barnehagen når dei er

opplagde nok til at dei klarar å vere med på dei vanlege aktivitetane som er inne og ute. Det er de som foreldre som er

ekspertar på dykkar barn og kan vurdere om barnet er frisk nok til å vere i barnehagen. Personalet kan vurdere korleis

barnet fungerer i eit gruppefellesskap.

Omgangssjuke

Symptoma for omgangssjuke er diaré og/eller brekningar og oppkast. Barnet er smittsamt i 48 timar etter at dei har kasta

opp eller hatt diaré siste gong. Barnet skal vere heime i 48 timar etter symptomfri på grunn av smittefare.

Feber

Barn får ofte feber. Om barnet får feber skal de vere heime ein feberfri dag. Det er også viktig at allmenntilstanden er god

før barnet kjem attende i barnehagen.

På folkehelseinstituttet sine sider finn de mykje nyttig informasjon om barn og sjukdom.

fhi.no

Page 19: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

19

Utval I barnehagen har vi to utval; Foreldrearbeidsutval (FAU) og samarbeidsutval

Foreldrearbeidsutval (FAU) Foreldrearbeidsutvalet er eit utval som består av foreldrerepresentantar. I FAU i Lunden barnehage er det i år 8

representantar. Oppgåva er å ivareta barna som går i barnehagen.

Målet er at FAU og barnehagen ved seksjonsleiar har eit godt samarbeid slik at vi kan gjere det beste

for barna. Om foreldregruppa har saker dei ynskjer å ta opp, er dette mogeleg å gjere gjennom

foreldrearbeidsutvalet, saka blir tatt vidare til seksjonsleiar.

Seksjonsleiar kallar inn til det første møte om hausten. Dei andre møta gjennom året ordnar FAU

sjølv. Om det er ynskjeleg kan seksjonsleiar delta på møter med FAU. Seksjonsleiar har då talerett,

men ikkje stemmerett.

Det er kome eit nasjonalt foreldreutval for barnehagar. Dei kallar seg FUB og blei oppnemnt av Kongen

i statsråd i juni 2010. FUB har laga si eiga internettside og adressa til den er: www.fubhg.no. Her står det ein del

informasjon om kva oppgåver FAU har.

Page 20: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

20

Desse er valt inn i foreldrearbeidsutvalet (FAU) 2019/2020 i Lunden barnehage:

Fiolen: Leif Marius Helgås 918 96 552 [email protected]

Løvetanna : Vilde Halland 951 67 099 [email protected]

Karstein Hove Bergset 901 78 266 karstein.fjellnett.no

Soleia: Fredrik Sellevold 920 80 466 [email protected]

Steinar Kleppe 988 11 324 [email protected]

Blåklokka: Terese Meland 971 67 759 [email protected]

Jørn Birkelid 905 28 729 [email protected]

Rosa: Susanna Storholm 415 25 103 [email protected]

Samarbeidsutval - SU Samarbeidsutvalet består av 2 representantar frå foreldrearbeidsutvalet, 3 representantar, inkludert seksjonsleiar, frå

personalet i barnehagen og ein representant frå eigar. I SU i Lunden er denne representanten ein politikar frå Naustdal

kommune. Seksjonsleiar er møteleiar og har talerett, men ikkje stemmerett.

Desse sit i samarbeidsutvalet:

Kirsten Kongsvik 411 60 889 [email protected]

Silje-Karin Hjellbrekke 900 740 77 [email protected]

Jorunn Slettemark 901 23 688 [email protected]

Terese Meland 971 67 759 [email protected]

Vilde Halland 951 67 099 [email protected]

Politikar repr. (veit ikkje kven, enno)

Page 21: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

21

Foreldresamarbeid For å få eit godt samarbeid, ha ein god

dialog og gje barna eit lærerikt barnehageopphald,

er god kommunikasjon mellom heim og barnehage

viktig. Dette ynskjer vi å sikre gjennom foreldremøte,

foreldresamtale, samarbeidsutval og foreldreutval.

Ved sida av dette er det sett opp nokre punkt om

kva vi forventar av foreldre.

KVA VI

FORVENTAR

AV FORELDRE

Eit ”HEI” når vi

møtast. Sikre

seg at ein vaksen

ser at barnet

kjem.

At barnehagen

innan 09.30 får

beskjed om

barnet er sjuk

eller tek fri.

At alle

klede er

godt merka.

At de seier i

frå til ein i

personalet

når barnet

blir henta og

går for dagen.

dagen kvar

dag.

At barnet har

nok kle skift,

og kle og sko

etter været.

At planar,

lappar og

oppslag blir

lest.

At de tek med

ytterklede (dress /

regnklede) heim og

vaskar når det er behov

for det. At de tek klede

med heim til tørking

når det trengst. Det er

liten plass til å tørke i

barnehagen.

At de er nøye med

å halde

opningstidene til

barnehagen.

At de er kjent med

vedtektene for

kommunale

barnehagar i

Naustdal. At de kjem med

konstruktiv ros

og ris til

barnehagen.

Page 22: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

22

Personalet For at barna skal ha ein god barnehagekvardag er det

viktig at personalet møter barn og foreldre, og viser

omsorg for barna gjennom dagen.

For å skape ei god atmosfære er det viktig å vere

imøtekommande og dette ynskjer vi å gjere gjennom

desse punkta.

KVA VI

FORVENTAR AV

PERSONALET

Viser omsorg

for barnet.

Møter barnet og

foreldre i garderoben

når dei kjem. Det er

ikkje alltid dette let

seg gjere, men ein skal

vise at ein ser når barn

og foreldre kjem. Seier hadet når

barn og foreldre

går etter ein

barnehagedag.

Møter barnet på

kjensler og gir

det

anerkjenning.

Tek imot

beskjedar og

vidareformidlar

dei til resten av

personalgruppa.

Er gode

rollemodellar.

Ser det enkelte

barnet.

Nye i

personalgruppa

presenterar seg for

barn og foreldre

når dei møter dei

for første gong.

Page 23: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

23

Møter i barnehagen Det er nokre møter i barnehagen. Dette er viktige møter for å få kontinuitet i arbeidet

vårt, og for å få kompetanseheving av personalgruppa.

Planleggingsdagar

Vi har 5 planleggingsdagar i løpet av eit barnehageår. 1 -2 av planleggingsdagane er felles

kursdagar for barnehagane i Naustdal kommune. Dei andre har vi i barnehagen.

Plandagar

14. august

13. september

1. November

31. Januar

22. Mai

Desse datoane kan bli endra.

Foreldremøte

Det er 2 foreldremøte pr barnehageår, eit på hausten og eit om vinteren. Foreldremøte om hausten er felles for alle i

barnehagen. Om vinteren har vi nokre gonger avdelingsvise foreldremøte, elles er også dette felles. Vi tek opp ulike tema på

møta.

Foreldresamtale

Det er 2 foreldresamtalar i løpet av barnehageåret. Samtalen på hausten er obligatorisk for alle, medan samtalen på våren

er frivilleg.Med unntak av dei som byrjar på skulen. Då er begge obligatoriske. Dette for å ha ein siste samtale før dei byrjar

på skulen. I denne samtalen går ein gjennom rutineskjema for overgong barnehage-skule. Detter er eit skjema med

informasjon om det einskilde barnet (språk, sosial fungering, leik/venner, fin- og grovmotorikk, praktisk, konsentrasjon og

anna) som den pedagogiske leiaren fyller ut på førehand av foreldresamtalen. Ein går gjennom skjemaet før foreldre

Page 24: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

24

bestemmer om dei ynskjer at skjemaet skal følgje barna vidare til skulen eller ikkje. Det må signerast uavhengig av om ein vil

overføre informasjon eller ikkje.

Avdelingsmøte

Kvar avdeling har avdelingsmøte kvar 14. dag. Dette møtet blir brukt til å diskutere problemstillingar på avdelingane og

korleis ein skal jobbe framover med til dømes ulike tema.

Pedagogmøte

Dette møtet er for pedagogane. På møtet blir det diskutert aktuelle saker og planar framover. Det er møte omlag kvar 14.

dag.

Personalmøte

Dette møtet blir brukt til å ta opp aktuelle saker som handlar om personalgruppa og arbeidet som blir gjort saman med

barna. Personalgruppa planlegg og evaluerer arbeidet som blir gjort i kvardagen. Samt arbeid med aktuell teori/fagstoff.

Page 25: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

25

HMS ARBEID MED BARNA SOM DELTAKARAR

Som institusjon har vi mange retningslinjer og føreskrifter å forhalde oss til. Mykje er tilhøve vi som vaksne og særskilt

styrar må passe på at er i orden og i tråd med gjeldande lov- og regelverk.

Samstundes er her noko barna er med på:

Brannøving

Barnehagen har planlagd og varsla brannøving to gongar kvart år. I tillegg kan vi ha brannøvingar som ikkje er varsla og sist,

men ikkje minst kan vi oppleve at alarmen blir utløyst utan at det er planlagt. Når brannalarmen blir utløyst spring barna ut

snarast råd. Vi brukar ikkje tid til å kle på verken sko eller yttertøy uansett årstid. Vi samlar oss på avtalt stad på

uteområdet.

Aksjon rask

I rundskriv I-6/2015 frå helse- og omsorgsdepartementet blir barnehagane pålagt å ha beredskap ved «alvorlige tilsiktede

hendelser i barnehager og skoler – presisering av forskriftens §14»

«Virksomheten skal ha rutiner og utstyr for håndtering av ulykkes- og faresituasjoner. Rutinene og sikkerhetsutstyret skal

være kjent for alle, herunder barn og elever.»

Dette inneber at vi i barnehagen må øve på det som vi kallar «aksjon rask», forlate avdelinga så stille og roleg som vi klarar,

og gå til avtalt stad.

Page 26: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

26

Hjelpeinstansar Det er fleire hjelpeinstansar barnehagen kan rådføre seg med.

Helsestasjonen

Oppgåva til helsestasjonen er å drive førebyggande og helsefremmande arbeid og å trygge barn sine oppvekstvilkår i kommunen.

Helsestasjonen er ein sakkyndig instans som kan søke plass og legge til rette for barn med særskilte behov. Det er og eit organ som kan

rettleie og gje råd til personalet i barnehagen.

PPT

PPT står for pedagogisk – psykologisk teneste og er ein fagleg instans som rettleiar barnehagane i saker rundt enkeltbarn. I vårt

distrikt ligg PPT i Førde.

BUP

BUP står for barne og ungdoms psykiatri og er ein fagleg instans som kan rettleie og undervise barnehagane i saker både kring

enkeltbarn og grupper. I vårt distrikt ligg BUP i Førde.

Barnevernstenesta

For personalet i barnehagen er det eit rettleiande organ som vi kan spørje om vi lurer på noko. Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre

at barn som lever under forhold som kan vere skadeleg for deira helse og utvikling får den hjelpa dei treng. For at barnevernet skal

klare å utføre oppgåva si er dei avhengig av at andre instansar gir dei opplysningar. Tilsette er underlagt barnehagelova og pliktar å

melde ifrå til barnevernet utan hinder frå teieplikta om dei merkar at noko avvik frå normalen.

Barnevernet set inn hjelpetiltak i familiar.

Tverrfagleg team

Første onsdag i månaden er fagpersonar frå PPT, helsestasjonen, lege, barnevern, familieterapaut og barnehagar samla til møte i

tverrfagleg team. Her tek vi, med samtykke frå foreldra, opp barn som til dømes er seine i utvikling, har åtferdsvanskar eller som på

andre måtar uroar oss, og som vi treng hjelp for å kunne støtte/hjelpe best mogleg.

Page 27: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

27

Måltid i barnehagen

Hovudmåltidet i barnehagen er smørjemåltid. Foreldre betalar inn 300 kr for full plass i matpengar kvar månad, som dekker

maten barna et i barnehagen. Beløpet vert redusert utifrå plassprosent.

I matpengane ligg hovud måltidet som til vanleg er brødmat, drikke, frukt , bursdagsmarkering og andre markeringar som

nissefest, karneval og liknande. Samt omlag to varme måltid i månaden. Hovudmåltidet blir servert ca kl 11.30 og frukta blir

servert ca. kl. 14.30.

Dei barna som kjem tidleg og ynskjer å ete frukost i barnehagen må ha med mat sjølv. Frukost et vi fram til om lag 08.45.

For mange barn kan det vere lenge å gå frå hovud måltidet til middag utan noko mat, frukt er gjerne ikkje nok. Om de

ynskjer at barna skal ete brødmat til fruktmåltidet må de ta med mat.

Page 28: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

28

VEKEPLAN 2019/2020 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag

Kl.07.00-09.30

Frukost (8.15-8.45)/frileik

Kl. 09.30

Vi ynskjer at borna er komne i

barnehagen.

Kl. 09.45 Løvetanna på gym

Kl. 10.00

Frileik / gruppevis deling på

avdelinga.

Kl.11.00

Samling

Kl.11.30.

Smørjemåltid

Kl. 12.00

Kvilestund for dei minste

Kl.12.30.

Uteleik

Kl. 14.30.

Fruktmåltid ute/inne

Frileik

Kl.16.30.

Barna SKAL vere henta.

Kl.07.00-09.30

Frukost (8.15-8.45)/frileik

Kl. 09.30

Vi ynskjer at borna er komne i

barnehagen

Kl. 09.45 Blåklokka og Rosa gym

Kl. 10.00

Frileik / gruppevis deling på

avdelinga.

Kl.11.00

Samling

Kl.11.30.

Smørjemåltid

Kl. 12.00

Kvilestund for dei minste

Kl.12.30.

Uteleik

Kl. 14.30.

Fruktmåltid ute/inne

Frileik

Kl.16.30.

Barna SKAL vere henta.

Kl.07.00-09.30

Frukost (8.15-8.45)/frileik

Kl. 09.30

Vi ynskjer at borna er komne i

barnehagen

Kl. 10.00

Frileik / gruppevis deling på

avdelinga.

Kl. 11.00

Samling

Kl. 11.30

Smørjemåltid

Kl. 12.00

Kvilestund for dei minste

Kl.12.30.

Uteleik

Kl. 14.30.

Fruktmåltid ute/inne

Frileik.

Kl.16.30.

Barna SKAL vere henta.

Kl.07.00-09.3 0

Frukost (8.15-8.45)/frileik

Kl. 09.30

Vi ynskjer at borna er komne i

barnehagen.

Kl.10.00

Frileik/gruppevis deling på

avdelinga.

Førskulegruppe på Rosa

Kl. 11.00

Samling

Kl. 11.30

Smørjemåltid

Kl. 12.00

Kvilestund for dei minste

Kl.12.30.

Uteleik

Kl. 14.30.

Fruktmåltid ute/inne

Frileik.

Kl.16.30.

Barna SKAL vere henta.

Kl.07.00-09.30

Frukost (8.15-8.45)/frileik

Kl. 09.30

Vi ynskjer at borna er komne i

barnehagen

Kl. 09.45 Soleia på gym.

Kl. 10.00

Frileik/gruppevis deling på

avdelinga.

Kl. 11.00

Samling

Kl. 11.30

Smørjemåltid

Kl. 12.00

Kvilestund for dei minste

Kl.12.30.

Uteleik

Kl. 14.30.

Fruktmåltid ute/inne

Frileik.

Kl.16.30.

Barna SKAL vere henta.

Alle avdelingane vil ha matdag med varm mat innimellom, kva dag det blir vil variere, følg med i månadsbreva.

Page 29: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

29

EMNEPLAN FOR FIOLEN OG LØVETANNA

MÅNAD FAGOMRÅDE EMNE ARRANGEMENT MED

FORELDRE

ARRANGEMENT I LUNDEN

August

Kommunikasjon. Språk og

tekst (gjennom heile året)

Tilvenning

September

Oktober

November

Etikk, religion og

filosofi

Kunst, kultur og

kreativitet.

Haust

Foreldremøte 24/9 Foreldrekaffi 17/10

Planleggingsdag 13. september

Brannøving veke 40

Planleggingsdag 1. November

Desember Juleførebuing Adventsfest 4/12

(FAU)

Julefrukost 3/12

Lucia 13/12

Nissefest 18/12

Januar

Februar

Mars

Nærmiljø og samfunn

Mengd, rom og form

Vinter

Barnehagedag

FORUT

aksjon

Påske

Foreldremøte 27/2

Påskesuppe 31/3

Planleggingsdag 31/1

Karneval 14/2

Fastelavn veke 8

Barnehagedagen

April

Mai

Juni

Kropp, rørsle, mat og helse

Natur, miljø og teknologi

Vår

Sommar

Dugnad veke 19

(måndag – torsdag)

Sommarfest 11/6

Planleggingsdag 22/5

Brannøving veke 17

Fotografering

Rosaruss feiring 15/5

Idrettsdag 29/5

Jonsok 23/6

Page 30: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

30

EMNEPLAN ROSA, BLÅKLOKKA OG SOLEIA

MÅNAD FAGOMRÅDE EMNE ARRANGEMENT MED

FORELDRE

ARRANGEMENT I LUNDEN

August

Kommunikasjon. Språk og

tekst (gjennom heile året)

Tilvenning

September

Oktober

November

Etikk, religion og

filosofi

Kunst, kultur og

kreativitet.

Haust

Foreldremøte 24/9 Foreldrekaffi 29/10

Hausttur

Planleggingsdag 13. september

Brannøving veke 40

Planleggingsdag 1. November

Desember Juleførebuing Adventsfest 4/12

(FAU)

Julefrukost 3/12

Lucia 13/12

Nissefest 18/12

Kyrkjebesøk 11/12

Januar

Februar

Mars

Nærmiljø og samfunn

Mengd, rom og form

Vinter

Barnehagedag

FORUT

aksjon

Påske

Foreldremøte 27/2

Påskesuppe 31/3

Planleggingsdag 31/1

Karneval 14/2

Fastelavn veke 8

Vinteraktivitetsdag – mars 2019

Barnehagedagen

April

Mai

Juni

Kropp, rørsle, mat og helse

Natur, miljø og teknologi

Vår

Sommar

Dugnad veke 19

(måndag – torsdag)

Sommarfest 11/6

Planleggingsdag 22/5

Brannøving veke 17

Natursti 6/5

Fotografering

Rosaruss feiring 15/5

Idrettsdag 29/5

Jonsok 23/6

Page 31: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

31

Barnehagen sine tradisjonar

Mål: Bli kjend med tradisjonar i norsk kultur og eigne tradisjonar i barnehagen.

Glede og forventning ved gjenkjenning.

Tradisjon: Dette gjer vi:

Hausttur Vi reiser på stølstur eller liknande. Vi går i terreng, leikar,

plukkar bær og et neste eller grillar.

FORUT-aksjon Vi deltek i solidaritetsarbeid. Barna får gjennom dette prosjektet kjennskap til andre kulturar. Vi

kan lage ulike formingsprodukt og mat. Vi inviterer foreldre, søsken og besteforeldre på suppe

eller liknande. Vi tek inngangsbillett. Alle inntekter går direkte til FORUT sitt solidaritetsarbeid.

Foreldrekaffi Foreldre, søsken og besteforeldre blir invitert til ei hyggjeleg ettermiddagsstund i barnehagen.

Juleførebuing Vi presenterer juleevangeliet for barna. Vi har adventstund der vi tenner lys og syng julesongar.

Elles bakar vi, lagar julegåver og pynt.

Nissefest Barn og tilsette kler seg som nissar, og har noko program (små/store) med song og underholdning.

Vi et nissegraut og får besøk av nissen.

Julevandring Barna på stor avdeling går i kyrkja. Presten fortel, vi syng og 5 åringane har julespel.

Page 32: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

32

Julefrukost Vi inviterer foreldre, søsken og besteforeldre til å ete frukost i barnehagen.

Lucia 5 åringane går i Luciatog på Naustdal sjukeheim på føremiddagen der dei syng og delar ut

Lussekattar til bebuarane. På ettermiddagen inviterer vi søsken, foreldre og besteforeldre til å sjå

at 5 åringane går i Luciatog i barnehagen og delar ut lussekattar til barn og vaksne.

Fastelavn Vi lagar fastelavnsris og fastelavnsbollar.

Karneval Vi kler oss ut og har det morosamt.

Vinter aktivitetsdag Barna på stor avdeling reiser i Instedalen på ski-/akedag.

Påskeførebuing Vi fortel litt om kvifor vi feirar påske og lagar påskepynt.

Påskevandring Dei eldste barna går i kyrkja, presten fortel, vi syng og dramatiserer.

Påskesuppe Foreldre, søsken og besteforeldre vert invitert til ei

ei hyggjeleg ettermiddagsstund der vi serverar suppe.

17. mai Vi snakkar om kvifor vi feirar 17. mai, øver oss på nasjonalsongen og på å gå i tog.

Idrettsdag Vi går på idrettsbana der vi har ulike aktivitetar.

Natursti Vi har natursti i barnehagen. Vi delar barna i grupper.

Page 33: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

33

Jonsok Vi har brudepar med jonsokfølgje som reiser på Naustdal sjukeheim der dei syng og gjev

markblomar til bebuarane. Dei andre store avdelingane har òg brudepar !

Dei eldste et på sjukeheimen med bebuarane medan det er jonsokgraut og dans i barnehagen.

Sommarfest Avslutning for dei eldste og fest for alle barna.

Bursdagsfeiring Barnet får velje eit varmt måltid, vi har bursdagssamling med forteljing og song.

Page 34: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

34

SOMMARFERIE 2020

Så er våren her og det er tid til å tenke på ferie. Barn som skal ta til på skulen har plassen fram til skulestart og betalar for halve august.

August er betalingsfri jmf. punkt 7 i vedtektene.

Alle barna skal ha minimum 3 veker samanhengande ferie i løpet av sommaren jmf. punkt 8 i vedtektene.

Vi ber om at de fyller ut og leverer svarslippen innan torsdag 16. april.

Denne ferien er bindande.

Veke 25 26 27 28 29 30 31 32 33 Andre veker

Set kryss for dei 3 vekene barnet skal ha ferie.

Namn på barnet: _______________________________

Dato: _____________

Underskrift: ___________________________________

Denne sida rivast ut og leverast på avdelinga, innan torsdag 16. april. Bindande påmelding.

Page 35: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

35

PÅSKEFERIE 2020

For at vi skal kunne ha høveleg med bemanning på jobb i påskeveka, treng vi ei oversikt over kven som kjem til å nytte

barnehageplassen.

Nedanfor finn de svarslipp, der de kan krysse av for kva dagar barnet kjem til å vere i barnehagen. Fint om de også kan

notere tidsrom de har behov for plass. Bindande påmelding.

Alle må levere svarslipp innan torsdag 19. mars.

Måndag 6. april 2020 Tysdag 7. april 2020 Onsdag 8. april 2020

Kjem Frå/til klokka:

_________________

Har fri:______

Kjem Frå/til klokka :

________________

Har fri:______

Kjem Frå/til klokka:

______________

Har fri:______

Vanleg

opningstid

Vanleg

opningstid

Barnehagen

stenger kl. 12.00

Navn på barnet: ______________________________________________

Dato:_____________ Underskrift:__________________________________

Page 36: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

36

JULEFERIE 2019

For at vi skal kunne ha høveleg med bemanning på jobb lisjejulafta og i romjula, treng vi ei oversikt over kven som kjem til å

nytte barnehageplassen.

Nedanfor finn de svarslipp, der de kan krysse av for kva dagar barnet kjem til å vere i barnehagen. Fint om de også kan

notere tidsrom de har behov for plass.

Alle må levere svarslipp innan torsdag 5. desember

Sett X på det som gjed for dykk:

Måndag 23. desember 2019 Fredag 27. desember 2019 Måndag 30. desember 2019

Kjem Frå/til klokka :

_______________

Har fri:______

Kjem Frå/til klokka:

______________

Har fri:______

Kjem Frå/til klokka:

______________

Har fri:______

Vanleg

opningstid

Vanleg

opningstid

Vanleg

opningstid

Namn på barnet: ______________________________________________

Dato: _____________________ Underskrift: ___________________________________________________

Page 37: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

37

EMNEPLAN FOR FIOLEN OG LØVETANNA

MÅNAD FAGOMRÅDE EMNE ARRANGEMENT MED

FORELDRE

ARRANGEMENT I

LUNDEN

ANSVARLEG

August Kommunikasjon. Språk og

tekst (gjennom heile året).

Tilvenning

September

Oktober

November

Etikk, religion og filosofi

Kunst, kultur og

kreativitet.

Haust

Foreldremøte 24/9

Foreldrekaffi 17/10

Planleggingsdag 13/9 og

1/11

Brannøving veke 40

Foreldrekaffi: Kvar avd.

Desember Juleførebuing Adventsfest 4 /12 (FAU)

Julefrukost 3/12

Lucia 13/12

Nissefest 18/12

Julefrukost: Avdelingsvis, bestilling Lena

Lucia: Avd. Rosa + Silje-Karin , Edith og

Astrid (ansvar for baking 13/12)

Nissefest: Katrine og Britt

(Kirsten bestiller graut).

Januar

Februar

Mars

Nærmiljø og samfunn

Mengd, rom og form

Vinter

Barnehagedag

FORUT aksjon

Påske

Foreldremøte 27/2

Påskesuppe 31/3

Planleggingsdag 31/1

Karneval 14/2

Fastelavn veke 8

Vinteraktivitetsdag for dei

eldste - mars

Barnehagedagen

Samefolketsdag: Anette og Magnus.

Karneval: Steffen og Silje-Karin

Vinteraktivitetsdag: Jorunn og Heidi

Påskesuppe: Avdelingsvis, bestilling Lena

April

Mai

Juni

Kropp, rørsle, mat og helse

Natur, miljø og teknologi

Vår

Sommar

Dugnad veke 19 (måndag-

torsdag)

Sommarfest 11/6

Brannøving veke 17

Fotografering

Planleggingsdag 22/5

Rosaruss feiring 15/5

Jonsok 23/6

Rosaruss feiring:Avdeling Rosa + Ingunn,

Edith og Line Magnhild

Sommarfest: Kirsten og ped. leiarane

Jonsok: Avdeling Rosa + Edith og

Anne Marit

Personalmøter: 21/8, 27/8, 10/9, 15/10, 3/12, 7/1, 3/3, 1/4, 5/5 Planleggingsdagar: 14/8, 13/9, 1/11, 31/1, 22/5

Page 38: Årsplan for Lunden barnehage Ein god stad å vere ein god ...€¦ · Foreldremøte Foreldresamtale Avdelingsmøte Pedagogmøte Personalmøte HMS arbeid med barna som deltakarar

38

EMNEPLAN ROSA, BLÅKLOKKA OG SOLEIA MÅNAD FAGOMRÅDE EMNE ARRANGEMENT MED

FORELDRE

ARRANGEMENT I LUNDEN ANSVARLEG

August

Kommunikasjon. Språk og

tekst (gjennom heile året)

Tilvenning

September

Oktober

November

Etikk, religion og

filosofi

Kunst, kultur og

kreativitet.

Haust

Foreldremøte 24/9 Foreldrekaffi 29/10

Hausttur

Planleggingsdag 13. september og 1.

november.

Brannøving veke 40

Hausttur:

Foreldrekaffi: Kvar avdeling

Desember Juleførebuing Adventsfest 4/12

(FAU)

Julefrukost 3/12

Lucia 13/12

Nissefest 18/12

Kyrkjebesøk 11/12

Julefrukost: Avdelingsvis,

bestilling Lena.

Lucia: Avdeling Rosa + Silje-Karin, Edith

og Astrid (ansvar for baking 13/12)

Nissefest: Britt og Katrine

(Kirsten bestiller graut).

Januar

Februar

Mars

Nærmiljø og samfunn

Mengd, rom og form

Vinter

Barnehagedag

FORUT

aksjon

Påske

Foreldremøte veke

27/2

Påskesuppe31/3

Planleggingsdag 31/1

Karneval 14/2

Fastelavn veke 8

Vinteraktivitetsdag – mars 2019

Barnehagedagen?

Samefolketsdag: Anette og Magnus.

Karneval: Steffen og Silje-Karin

Vinteraktivitetsdag: Jorunn og Heidi

Påskesuppe: Avdelingsvis, Lena bestilling

April

Mai

Juni

Kropp, rørsle, mat og helse

Natur, miljø og teknologi

Vår

Sommar

Dugnad veke 19

(måndag – torsdag)

Sommarfest 11/6

Planleggingsdag 22/5

Brannøving veke 17

Natursti 6/5

Fotografering

Rosaruss feiring 15/5

Idrettsdag 29/5

Jonsok 23/6

Overnatting: Wenche og Olaug

Natursti: Anette og Line Magnhild

Rosaruss: Avd.Rosa (Lunden pyntar)

+ Ingunn, Edith og Line Magnhild

Idrettsdag: Magnus og Katrine

Sommarfest: Kirsten og ped. leiarane

Jonsok: Avdeling Rosa

+ Edith og Anne Marit

Personalmøter: 21/8, 27/8, 10/9, 15/10, 3/12, 7/1, 3/3, 1/4, 5/5 Planleggingsdagar: 14/8, 13/9, 1/11, 31/1, 22/5