36
SOLUNDAVISA SOLUNDDAGANE 2014 MANGFALDIG NÆRING I SOLUND LENDING REDERI SATSAR MED NYBYGG | 4 EIN INNOVATIV 30-ÅRING | 8 FLYTTAR HEIM FOR FRAMTID I SOLUND | 28

Solund næringsavis 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

SOLUNDAVISASOLUNDDAGANE 2014 MANGFALDIG NÆRING I SOLUND

LENDING REDERI SATSAR MED NYBYGG |  4

EIN INNOVATIV 30-ÅRING |  8

FLYTTAR HEIM FOR FRAMTID I SOLUND |  28

SOLUNDDAGANE 2014MANGFALDIG NÆRING I SOLUND

FREDAG 22. AUGUSTopning kystled solundArrangør: Solund kommune Stad: Litle Færøy Påmelding på e-post til: [email protected].

Båt går frå Hardbakke hamn kl. 11.00. Retur frå Litle Færøy kl. 16.30. Reisetid er ca. 10 minuttar. Kystled Solund vert ein del av den nasjonale kystleden. I Solund fins to kystlednaust, eit på Litle Færøy og eit på Råkeneset. Kystlednaustet på Litle Færøy er eit nybygd grindenaust med landingsplass, kai, tilrettelagd teltplass med utedo og turkerom. Det vil verte utarbeidd eit eige kart med informasjon om Kystled Solund.

næringslivssamling og foredragArrangør: Sparebanken Sogn og Fjordane. Stad: Solund Grendahus, Hardbakke

opning kunstutstillingUtstillingsperiode: 22.08–07.09. Arrangør: Solund Kunstlag Stad: Galleri Blink, Hardbakke

Kunstnarar: Ørnulf Opdahl (grafikk), Line Jorddal (smykkekunst) og Kathrine Berg (smykkekunst).

• Ørnulf Opdahl frå Giske er kjent for sine naturlyriske mystiske bilete, gjerne med havet som tema. Han har hatt ei rekkje utstillingar, både i Norge og utlandet. Frå 1985 til 1992 var Opdahl professor på Statens Kunstakademi.

• Line Jorddal frå Oslo arbeider med gjenbruk av alt frå metall til gamle leiktøy. Resultatet blir ein unik og innovativ smykkekunst som kan sjåast i magasin rundt om i verden.

• Kathrine Berg er ei utdanna gullsmed frå Nordfjordeid med nesten 20 års erfaring. Berg likar best å arbeide med unikasmykker, gjerne med eit personleg preg.

konsert med tupeloArrangør: Sulefisk, Norwell og Salmon Group Stad: Sulefisk, Eide Konserten er gratis.

Det irske bandet Tupelo spelar ein miks av irsk folkemusikk, blues og country. Bandet har i 2013 turnert i Europa og bl.a. selt ut 12 konsertar i Danmark. I fjor fekk Tupelo pris av musikkmagasinet Hot Press som «Best Folk Act». Sunday Times skreiv om bandet: «A refreshing Irish/Americana blend, part-traditional, part-Nashville with a trickle of folk…beautiful.»

12.00

14.30

18.00

20.00

LAURDAG 23. AUGUSTsolunddagane opnar med marknad i hamnaStands der bl.a. bedrifter frå Solund informerer om sine aktivitetar.

• Utdeling av Solundprisen • Kanoløp i hamna• Utdeling av premiar – fotokonkurranse• Lokalmat – frå heile verden• Konkurransar for store og små• Eliasbåtane• Hoppetårn

konsert med askeladdenArrangør: Solund Sokneråd Stad: Solund kyrkje, Hardbakke

Tre eventyrlystne menn med friskt vestlandsblod utgjer bandet Askeladden. Bandmedlemmane, som har base i Bergen men tilknyting til Solund gjennom bassisten Torstein Mongstad, deler musikklidenskapen og ei boblande glede i mellomgolvet. Difor har musikken blitt prega av eit høgt driv, stor ståhei og generelt god stemning. Bandet har spelt konsertar i Bergen og omegn sidan 2011.

dans på grendahusetArrangør: Solund Ungdomslag Stad: Solund Grendahus

11.00

|

16.00

16.30

22.00

SØNDAG 24. AUGUSTtur ramnenipa oppArrangør: Solund Idrettslag Stad: Idrettsbana, Hardbakke

Påmelding på Solund Idrettslag sin stand i hamna laurdag 23. august, og søndag kl. 13.15–13.45. Turen startar frå Hardbakke hamn. Premiering for idealtid og beste tid opp.

14.00

Solund Bryggje i Hardbakke hamn er ope kl. 12.00–02.00. Kjøkkenet er ope 12.00–22.00.

2

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Visste du at…Nok ein gong er det mi oppgåve som ordførar å

skrive nokre velvalde ord i Solundavisa i anledning Solunddagane. Det er ikkje noko vanskeleg oppgåve å skrive denne spalta i 2014. Eg er privilegert som får

vere ordførar i Solund, ein kommune der det skjer mykje. Både i næringslivet, frivillig og offentleg sektor. Når årets tema for årets Solunddagane er arbeidslivet i Solund så er eg viss på at vi har eit mangfald å syne

fram. Kanskje meir enn vi tenker på i det daglege!

Som ordførar har eg fått høve til å syne fram Solund og arbeidslivet her til besøkande. Eg kan gjere det med eit

smil om munnen og med stor stoltheit. Til dømes når Europaminister Vidar Helgesen vitja Solund i april. Vi

vitja då mellom anna Solund Verft, Sulefisk, Hortimare, Gjenbruksbutikken og Solund barne- og ungdomsskule.

Beskjeden eg fekk, når eg køyrde ministeren til båten etter hans besøk, var at det var inspirerande å møte innbyggjarar og næringsdrivande i Solund med pågangsmot og større fokus på kva ein kan få til enn

utfordringane. Dette imponerte Helgesen, og det imponerer meg dagleg.

Mi oppleving er nemleg at dette stemmer, og at dette er ein av grunnane til at det går godt i næringslivet i Solund. Med stor aktivitet og satsing på framtida. Dette gjev meg tru på framtida i Solund. Eg tykkjer difor også at det er

bra at næringslivet vert sett fokus på, når ein arrangerer Solunddagane 2014. Eg håpar at næringsdrivande i

Solund vil få synt seg fram frå si beste side, og at både Sulingar og tilreisande får sjå breidden av aktiviteter i

kommunen. Mitt fremste håp er at dette også vil gjere at stadig fleire med tilknyting til Solund ser moglegheitene

for ei framtid i vår flotte øykommune.

Eg ynskjer difor alle hjarteleg velkomne til Solunddagane, og eg håpar å sjå mange av dykk der!

VELKOMMEN TIL

SOLUNDDAGANE 2014

Ole Gunnar Krakhellenordførar solund kommune

… ein reknar med at det finst over 1000 villsaurasar i verda?

Villsau er også kjent som gamal norsk sau, eller Ovis brachyura borealis på

latin, om du er fin på det.

… i asiatiske land, spesielt Japan, vert fleire algearter brukt i

kosthaldet?

… nordmenn brukte 32,12 milliardar kroner på korte eller lengre

feriereiser innanlands i 2013?

TUSEN TAKK!Vi vil med dette rette ein stor takk til alle som har vore med å gje Lending Rederi as Solundprisen

for 2013. Dette sette vi stor pris på! Å få Solundprisen var ei fin oppleving som

viser heider oss, men også til fiskerinæringa i kommunen vår. Det er gledeleg å sjå at fleire yngre også satsar på fiskaryrket som leveveg. Ved at fleire ynskjer ei utdanning innan fiskeri

(og havbruk) let vi oss inspirere til vidare satsing.

Med helsningar frå Lending Rederi

Solundavisa er eit samarbeid mellom Solund Næringssamskipnad, Solund Idrettslag og

Solund kommune sitt bulystprosjekt.

3

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Lending Rederi vart danna i 1995, og eig og driv fleire fiskebåtar med base på Ytre Sula. For å vere med på utviklinga i fiskeriet såg reiarlaget seg nøydd til å tenke nytt og fornye seg. Dette var noko av bakgrunnen til at Lending Rederi i 2012 bestemte seg for å byggje ein ny fiskebåt, Sulebas.

Det vart innleia eit samarbeid med Vesterhav, eit reiarlag frå Bulandet, om å byggje kvar sin fiskebåt. Prosjektet vart fullfinansiert av Innovasjon Norge og Sparebanken Sogn og Fjordane. Solund Verft vann anbodet i konkurranse med verft både i inn- og utland. I arbeidet med Sulebas har Solund Verft nytta fleire lokale underleverandørar, både i Solund og Sogn og Fjordane, for å få båten ferdig til april 2014.

– Vi har hatt eit godt samarbeid med eigarane av Vesterhav, seier Magnar Lending, dagleg leiar i Lending Rederi. – Dette er eit samarbeid som er kome i stand nettopp fordi ein i dagens fiskeri må tenke på nye måtar. Beggje bedrifter har hatt stor nytte av å dele kompetanse og erfaringar ettersom Sulebas og Vesterhav er søsterskip.

Stor og funksjonellSulebas er 38 meter lang og 9,5 meter brei. Det er sju lugarar med plass til 10 personar. På fabrikkdekket er det utstyr til sløying, frysing og pakking. Romma vil kunne ta opptil 120 tonn frossen fisk og 370 tonn fersk. Dei to notbingane gjer det mogeleg å ha to notbruk om bord samtidig slik at fiskeriet vert meir effektivt.

I løpet av eit år fisker Sulebas etter sild, makrell, torsk, sei og hyse. Desse artane vert fiska langs heile kysten, men mesteparten av tida fiskar Sulebas frå Lofoten og nordover. I løpet av året vert det drifta med not, garn og snurrevad. Snurrevad er nytt for Lending Rederi, men etter ein fantastisk start verkar dette som eit flott fiskeri der ein har gode mogelegheiter for å få fram ein fantastisk kvalitet.

– Nybygget har gitt oss fleire mogelegheiter enn det vi hadde med Sulehav, seier Magnar Lending. – No kan vi fiske med snurrevad, men ikkje minst kan Sulebas fryse fisken. Dette gjer at Sulebas kan ligge lengre ute på havet utan å måtte levere, og båten kan velje andre fiskefelt i ein heilt anna grad.

Sulebas kan fryse opp til 15 tonn sløgd fisk i døgnet. Ved frysing må Sulebas ha litt ekstra mannskap om bord slik at båten kan ha døgnproduksjon. Dette gjer ein for å maksimere kapasiteten av fabrikken på båten.

Krevjar kompetanseDesse nye båtane krev mykje kompetanse for å kunne driftast. Om bord ein fiskebåt i dag vert det stilt krav till at alle må kunne fylle ei rolle i tillegg til det å vere fiskar. Skipper, styrmann, maskinist, assistent, kokk er eksempel på desse rollene. Det vert og meir og meir krav til utdanning i dagens fiskeri.

– Vi håpar at eit nybygg som Sulebas vil vere med på å få fleire unge, både sulingar og andre, til å velje fiskaryrket. Det er særs gledeleg å sjå at her er ungdommar som satsar, og vi er glade for å vere med i denne satsinga, avsluttar Magnar Lending.

LENDING REDERI

SATSAR MED NYBYGG

Foto: Magne Hamre

4

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

SOLUND VERFT 

INVESTERER FOR NYE MARKNADERDet går an å få til noko også i ein liten kommune som Solund, om ein berre vil nok. Haust 2013 og vinter 2014 utrusta og leverte Solund Verft sitt nybygg nr. 6, fiskebåten Sulebas, for Lending Rederi as. Kontrakt vart signert 29. juni 2012 og offisiell levering fann stad 24. mars 2014.

Design, spesifikasjon og tegninger av Sulebas er laga av Seacon as Måløy.

Eit effektivt verftSulebas var ca. fire månader forsinka frå skrogverftet i Latvia, og var ikkje helt ferdig da Solund Verft as bestemte at no var det nok. Verftet bestilte slepebåt og fekk fartøyet på kurs mot Solund, sjølv om det berre var eit skall med innsett aksling og ror som vart slept av garde. Men verftet klarte å ta inn vesentlege delar av forseinking.

Ei årsak til inn hentinga av forseinkinga er kombinasjonen av innadørs utrustning i den nye skipshallen til verftet med effektiv organisering og smarte logistikkløysningar ved utrustninga. Dette vart utført av verftets eigne faste tilsette og underleverandørar, som var i sving om bord på ulike områder. Det blei skore to hol i skroget, i framskipet og akterskipet, slik at der var tre ulike tilkomstar til båten. Det gjorde at dei som heldt på med rsw installasjonane framme, kunne jobbe og få transportert utstyr inn, uforstyrra frå hektisk arbeid på andre deler av fartøyet. Det same gjaldt dei som jobba i akterskipet med innreiing, maskiner og anna utstyr.

Ser på utrustningsmarknadenSulebas har vore ein komplisert jobb, og den desidert største og mest utfordrande prosjektet verftet nokon gong har utført. Verftet har tradisjonelt vore ein reparasjonsverkstad som tar seg av klassing, vedlikehald og ombyggingar. Der har også bygd

mindre oppdrettsbåtar samt to kabelferjer. Verftet har lenge arbeidd for å komme inn i utrustningsmarknaden og det var difor svært gledeleg at «lokale» reiarlag synte verftet tilliten ved å signere kontrakt.

Den nye hallen på 65 meters lengde har gjort anlegget langt mer attraktivt for denne type oppdrag. Verftet har ei vektgrense på rundt 1 000 tonn på liften som set skipa tørt på anlegget. Men det kan nemnes at Sulebas er på lettskipsvekt rundt 600 tonn, så der er framleis litt å gå på når det gjelder størrelse.

Neste store jobbSolund Verft er allereie i gang med neste store jobb. Det er nybygg nr. 7, fartøyet Vesterhav, til Vesterhav as i Bulandet. Fartøytet er av same størrelse som Sulebas, men utan fabrikk. Kontrakt ble skrive samtidig for dei to nybygga. Vesterhav vil etter planen bli overlevert 1. august.

Dei store utrustningsjobbane har gitt meirsmak, og ein har allereie rekna på fleire liknande jobbar. Solund Verft har lagt godt an i konkurranse med andre norske utrustningsverft utan at prosjekta er realiserte. Nett no er det rolig i marknad for nybygg. Verftet satsar difor vidare på det dei er spesialistar på; reparasjonar, vedlikehald og ombyggingar.

Store investeringarVerftet har utanom nybygg bra med oppdrag, men ingen langsiktige, noko som heller ikkje er vanlig i reparasjonsmarknaden. Dei siste 10 åra har Solund Verft as investert cirka 40 millionar kroner i ny hall og andre oppgraderingar av verftsområde, for å gjere det meir attraktivt for alle typar oppdrag. Verftet ser lyst på framtida og har stor tru på at ein skal klare seg godt også i åra som kjem.

5

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Solund Verft as sitt nybygg nr. 8, den batteri drivne ferja mf Hisarøy, har vore i drift sidan september 2013. Dette er, etter det vi kjenner til, den fyrste kommersielle bilferja som har batteri som energikjelde for framdrift.

Nybygget er konstruert av Solund Verft as i samarbeid med reiarlaget Wergeland as og Maritime Engineering as Knarvik. Det er reiarlaget Wergeland as som driv kabelferja.

Hovuddata for fartøyet er:• loa 35,0 m. Bredde 8,6 m.• Ferja har sertifikat for 49 passasjerar og kan laste 6

personbilar eller eit vogntog på 12,4 meter med totalvekt 32 tonn. Akseltrykk 10 tonn.

Batterielektrisk framdriftssystemFramdriftssystemet nyttar batteri som energikjelde for drift av el-hydrauliske vinsjar. Batteripakken er utvikla og levert av det kanadiske firmaet Electrovaya/ Miljøbil Grenland as. ms Hisarøy er og den fyrste batterielektriske ferja i landet (kanskje overalt) som er i drift.

Bygging av heile ferja inkludert skrog og komplett utrustning har vorte utført ved Solund Verft as.

Elektroprosjektering, utviklingsarbeide og installasjon er utført av hafs Elektro & Rør as.

Kabeldrift av ferja er levert av det svenske firmaet Lidan Marine ab, og er etter same prinsipp som Fjon-m (Duesund-Masfjordnes), dvs. med to ståltau strekt over sundet og ein vinsj på kvar side av fartøyet.

DEN FYRSTEBATTERIELEKTRISKE

BILFERJA I DRIFT

6

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

- Vi har fokus på mennesker og miljø- Norges største rederi innen Beredskap / Oljevern- Generalsponsor av Tall Ship Race

www.atlantic-o�shore.no

VI STØTTARSOGN OG

FJORDANE

info

rm-m

edia

.no

Rei

n D

esig

n

Din lokale breibandsleverandør i Sogn og Fjordane • 57 00 91 00

Vi sponsar idrettsglede!I 2001 tok vi verda til Sogn og Fjordane – vi leverte breiband til fylket.

Men vi ville gjere noko meir. Vi ville gje tilbake.

Sidan 2001 har vi sponsa lokale kultur- og idrettsarrangement med millionar. Det betyr blant anna at mange unge og håpefulle kan gå ut og gjere det dei har mest lyst til.

Lokalt breiband – lokale verdiarenivest.no/sponsor LES MEIR PÅ

7

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Sulefisk AS fekk sin fyrste konsesjon for lakseoppdrett i 1984. I dag har selskapet fire konsesjonar, og i tillegg engasjerer ein seg i nokre av dei mest spanande innovasjonsprosjekta i norsk havbruksnæring.

EcomerdenI dei seinare åra har tanken om ein innelukka produksjon av laks i sjøfasen fått eit fotfeste i oppdrettsnæringa sine innovative kretsar. Dette for å verne fisken mot lus og sjukdom, og for å kunne ta kontroll med temperatur og vasskvalitet. Det kan vere snakk om ein sokalla postsmoltproduksjon, ein overgangsfase i lukka merd etter smoltifisering, eller ein produksjon der fisken går heile syklusen i lukka system.

På SolSmolt as har ein alt lang erfaring med sjøvasstilpassing av laks i lukka system. I kar på land har ein pumpa inn sjø og vant fisken gradvis til saltvatn, på same måten som det vil skje i ein elveos. Dette styrkar fisken i ein kritisk fase, og førebur han på livet i havet.

Med desse erfaringane i bakhand, innleia Sulefisk samarbeid med sivilingeniør Jan Erik Kyrkjebø, som tidlegare har levert fôrflåter og fôringssystem til dei gjennom sine verksemder.

Saman med Jostein Kråkås, starta han arbeidet med ein type teknologi som skal gjere produksjon av laks i lukka merd både trygt og økonomisk.

EIN INNOVATIV 30-ÅRING

«For å få ut det beste av taren, må han bioraffinerast fersk. Eit portabelt

raffineri kan vere ei løysing.»

Job Schipper studerer tilveksten av tare ved Fureholmen i Hopsosen.

8

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Etter kvart stifta ein selskapet Ecomerden, som har full konsentrasjon på å kommersialisere denne teknologien. Enkelt fortalt handlar det om å setje ut ein fleksibel, tett pose med ei vanleg not inni. Ein stålbasert flytekrage sikrar oppdrifta, og har integrerte installasjonar som pumper og fôringsanlegg. I botnen av posen vil eit partikkelfilter skilje ut avfallet frå produksjonen.

Det første eksemplaret av Ecomerden er no under bygging. Stålarbeidet vert gjort på Filippinene, før flytekragen vert sendt til Noreg med container og ferdigmontert på eit norsk verft. Den lukka posen er av fransk fabrikat, frå verdas leiande dukprodusent, Serge Ferrari.

Ecomerden har eit standardvolum på 12 000 m3, men storleiken kan tilpassast kunden sine behov. Merden har ein omkrins på 96 meter, og stikke 27 meter djupt.

Integrert AkvakulturDen hollandske forskaren og gründeren Job Schipper kom i kontakt med Sulefisk etter eit møte for hollandske immigrantar til Noreg. Han var på jakt etter ein partner til å prøve ut taredyrking i samband med lakseoppdrett. Under eit opphald i Japan hadde han sett korleis ein der nytta seg av ulike typar algar, og han vart overtydd om at ein også i Vesten burde gjere seg meir nytte av havet som åker.

Samproduksjon av fleire artar, sokalla polykultur, er velkjent gjennom tusenvis av år. Ideen baserer seg på å nytte avfallet frå ein art til å gjødsle ein annan, i dette tilfellet næringssalt frå laksen som ein vekstdrivar for taren. Vanlegvis er norskekysten grøderik som fylgje av den næringsrike Golfstraumen, men likevel ser ein at nærleik til oppdrettsanlegg vil gje taren eit ekstra løft.

For laksen sin del, vil han få eit meir optimalt vassmiljø, og tarefarmen vil tiltrekke seg reinsefisk som beitar på luselarvar i vassmassane. Soleis vil taren utgjere eit biofilter. Dei konkrete verknadane av dette filteret er noko ein no driv og forskar på.

Forsking og utvikling i prosjektet er leia av Job Schipper sitt selskap Hortimare. Sulefisk tilbyr areal og praktisk bistand, medan nettverket Salmon Group har stått for prosjektleiing og arbeid opp mot styresmaktene. Ein er no i ferd med å få på plass eit eige regelverk for denne typen havbruk, noko som er avgjerande for å utvikle det vidare.

Feltet ved Fureholmen i Hopsosen er eit forskingsfelt for integrert tareproduksjon. No ynskjer Hortimare å utvide satsinga her, samt å prøve ut metoden ved anlegg i andre område. Innovasjon Norge har vore involverte i satsinga sidan 2010.

Kva skal taren brukast til?Tare er ei råvare som er full av verdfulle stoff. Innhaldet av protein er med og gjere tare interessant for næringsmiddelindustrien. For å få ut det beste av taren, må han bioraffinerast fersk. Eit portabelt raffineri kan vere ei løysing. Restråstoff frå taren kan nyttast til dømes i produksjon av biodrivstoff.

Ingrediensar basert på tare er i dag under utprøving i fiskefôr. Ein meiner at ein her kan oppleve ein positiv verknad på fisken si helse og kvalitet, samanlikna med bruk av tradisjonelle vegetabilske råvarer. Også fisken sin motstandsevne mot lakselus skal bli positivt påverka. Det er enno for tidleg å seie noko om det fulle potensialet til denne råvara.

9

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Hjå Elfag finn du fagkunnskapen

du treng

Vårt sentralbord har telefon 577 88 900

HAFS Elektro & Rør AS

HAFS Elektro og Rør AS

Sognefjordvegen 444Post- og fakturaadresse er:

5961 Brekkewww.hafs-elektro.no

Alsidig bedrift med hovudkontor i Eidsnesfeltet i Åfjorddalen i Hyllestad kommune, avdelingar i Brekke i Gulen kommune og på Solund Verft sitt område i Solund kommune. Bedrifta sitt primære marknadsområde er HAFS-regionen.

Bedrifta bygger på lang erfaring i elektrobransjen, og representerer solid fagleg kompetanse. Utfører alle typar installasjonar, med hovudvekt på oppdrag innafor maritim næring, landbasert industri, offentlege bygg, privatkundemarknaden, alarm , telefon og data/spreienett, varmepumper o.l..

Har og i Brekke i Gulen ei røyrleggjaravdeling og ein butikk som sel kvitevarer, brunevarer og småelektriske artiklar

Vi har serviceinnstilte og dugande medarbeidarar som dekkar dei fleste behov innafor områda elektroinstallasjon, internkontroll, datakabling og rør.

For meir informasjon om selskapet viser vi til nettsida vår.

Norengros Erik Tanche Nilssen AS Hagebyveien 26. Pb. 2560, 3702 Skien

T: 35 90 40 00 – www.etn.no

grafisk produksjon, design, profilering, webutvikling

10

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Globalt selskap med sterk lokal forankring

Leading the Blue Revolution

www.marineharvest.com

næri

ngsa

visa

201

0

8

Venelaget “Vener av Utvær” arbeider med å gjere Utvær meir kjend og tilgjengeleg for publikum. Sidan laget blei skipa våren 2010 har arbeidet fyrst og fremst handla om Utvær fyr. Fyr-stasjonen blei automatisert i 2004 og sidan 2006 har Solund kommune leigd bygningane hjå eigaren, Kystverket.

Bygningane er freda av Riksantikvaren, men dei treng eit kraftig vedlikehaldsløft. Fredningsvedtektene seier at verna bygningarskal haldast ved like slik dei sto den dagen dei blei bestemt freda. Mange av kystfyra langs kysten er freda, og dei fleste er kledd i eternitt. Saman med eigaren Kystverket, Solund kommune og handtverkar Ove Losnegård ynskjer “Vener av Utvær” ateternitten blir fjerna og bygningane blir tilbakeførd til original stand med ståande trekledning. Ein rapport med desse planane blei utarbeidd av snekkar og båtbyggjar Ove Losnegård og levert til vernemyndigheitene på Fylkeskommunen. Planen blei god-kjend og arbeidet går no vidare med å skaffe midlar.

Venelaget vil sommaren 2011 starte ei prøveordning med vert-skap på fyrstasjonen. Vertane vil bu i fyrmeisterbustaden og vere tilgjengeleg for folk som vitjar Utvær. Dei vil også tilby guiding i fyrtårnet. I tillegg vil dei utføre enkelt vedlikehald og dugnadsarbeid under opphaldet. “Vener av Utvær”, som i dag har ei medlemsmasse på om lag 100 personar og 10 bedrifts-medlemsskap, arrangerer medlems- og dugnadsturar til Utvær. På desse turane kan ein nyte denne vakre øya ytst i havgapet og kanskje delta i dugnadsarbeid på og rundt fyrstasjonen.

Utvær er eit øysamfunn med eit rikt kulturlandskap som har stor verdi, ikkje berre lokalt, men også regionalt og nasjonalt. Venelaget ynskjer at fleire vil bli medlemmar og på den måten støtte laget i arbeidet med å fremje dei historiske og kulturelle verdiane knytt til Utvær.

for meir informasjon om laget og medlemsskap:

Web:HYPErliNk “http://www.utver.no” www.utver.no E-mail: [email protected]

Vener av utvær

”Vener av Utvær” Utvær som øysamfunn har ei historie som går heilt tilbake til vikingtida. Rundt år 960 delte den norskekongen Håkon den Gode landet inn i skibsrede. Eit av desse var Utvær Skibs-rede. Før Harald Hardråde drog til Englandi 1066 sendte han bod om å samle hæren i Utvær Skibsrede. Segna seier også at det var vikingane som skremde tre prinsesser frå Irland i kvart sitt skip. Ei av desse prinsessene hamna på Utvær. Dei to andre på Kinn og Selje, der det blei bygd kyrkjer. På Utvær blei det bygd eit lite kapell. Øysamfunnet Utvær har ei lang og rik historie som fyrstasjonen er ein del av.

Menneske og leiarskap for framtida

PwC kompetansesenteret med omlag 40 tilsette på revisjon og rådgjevning i Sogn og Fjordane.

Sjå pwc.no eller ring vårt sentralbord på telefon 02316 for nærmare informasjon.

www.pwc.no

Ta kontakt med våre kontor:

Førde: Jan Flølo eller Kjetil MyrlandSogndal: Harald MoFlorø/Måløy: Jan Ove HelleStryn/Eid: Ingvill Flo

For spørsmål om skatt og forretningsjuridisk bistand, kontakt Gunnar Bøyum

© 2011 PwC. Med enerett. I dette dokumentet refererer ”PwC” seg til PricewaterhouseCoopers AS, Advokatfirmaet PricewaterhouseCoopers AS og PricewaterhouseCoopers Skatterådgivere AS som alle er separate juridiske enheter, og uavhengige medlemsfirmaer i PricewaterhouseCoopers International Limited.

FORNYBAR ENERGIDin lokale leverandør av

Natur – til nytte og glede

www.sunnfjordenergi.noEin aktiv støttespelar i lokalmiljøet

grafisk produksjon, design, profilering, webutvikling

11

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Solund Næringssamskipnad skal vere ein pådrivar for å utvikle Solund-samfunnet gjennom eit aktivt og vekstretta nærings liv. To rammevilkår er avgjerande for dette arbeidet; tilgang på areal og ein tidsriktig infrastruktur.

ArealTilgangen på eigna areal er vesentleg både for nyetablering og utvikling av eksisterande næring, det vere seg på land eller sjø. Verksemder treng tilgang på eigna areal for å drive konkurransedyktig og rasjonelt. Samfunnet er generelt avhengige av tilgang på areal for etablering av bustader og fritidseigedom.

Solund Næringssamskipnad ser det som si oppgåve å jobbe for utnytting av næringsareal innanfor eksisterander planverk, samt å vere ein bidragsytar til prosessar for å oppdatere arealplanar. Vi ynskjer innspel frå våre medlemmar for å styrke og utøve dette arbeidet.

InfrastrukturFor å vere attraktive og konkurransedyktige, må verksemder i Solund ha tilgang på ein tidsriktig infrastruktur. Dette innebære:

• Ein vegstandard som svarer til dagens bruk, med større biltrafikk og større nyttekøyrety

• Ferje- og båtruter som svarer til brukarane sine behov og trafikkmønster

• Godsruter som møter dagens krav og kan levere i høve til næringa sine behov

• Tilgang på nødvendige kaier og parkeringsplassar• Telefoni- og datatenester som held eit tidsriktig og stabilt

nivå• Eit generelt servicetilbod som svarer til samfunnet sine

behov Dette er dei hovudmålsetnadane Solund Næringssamskipnad tek mål av seg til å jobbe for i åra som kjem, og vi ynskjer å involvere flest mogleg næringsaktørar i dette arbeidet. Ynskjer du å bli medlem i Solund Næringssamskipnad, eller å få meir informasjon om oss? Ta kontakt med leiar Rolf Eide, eller gjennom Solund Næringsutvikling.

SOLUND NÆRINGSSAMSKIPNAD

12

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Sidan 2009 har dei tre selskapa Salmon Group,Sulefisk og Hortimare jobba i lag med å utvikle kommersiell taredyrkingi område rundt lakseoppdrettsanlegg.Taren nyttiggjer seg av næringssalt frå laksen, ogveks raskt fram til eit verdifullt produkt.

Integrert Akvakultur –der oppdrett møter framtida

Tareoppdrett vil:• Skape ressursar av det som i dag er

rekna som avfallsstoff• Levere protein til humant konsum og dyrefôr• Skape råstoff for produksjon av biodrivstoff.Verda etterspør sunne produkt frå havet.Vi jobbar med oppdrett for framtida.

Les meir om Integrert Akvakultur på www.salmongroup.noInnovasjonen skjer i samarbeid med Innovasjon Norge.

13

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

SolundMat i 2014I desse dagar saltar og tørkar vi lange i stort tempo, men det skjer ikkje fortare enn at vi gjer det mykje godt på gamle måten, og slik som vi alltid har gjort det på huset her hos oss. Det gjer at vi får den originale spekesmaken på klippfisken, som kystfolket er van med frå barndomen av.

Ein vellukka fusjon – merkevara verkarI løpet av året som har gått har Merkevare Solund og SolundMat fusjonert. Dette har gjort at aksjeeigarane kjem endå tettare på verksemda dei har skapt og har sitt eigarskap i. Merkevarebygginga har vore – og vil for alltid vera – eit høgt prioritert område. Og arbeidet har så langt gjeve gode resultat, for no er faktisk etterspurnaden større.

Vi satsar vidareAkkurat no held entreprenør på med grunnarbeidet for utviding av lokala våre i Ytrøy. Her skal det bli heilt separate produksjonsliner for klippfisk, fiskemottak og villsau. I tillegg skal vi få på plass eige fryseri og storkjøken. Allereie har det vore gjort store endringar i bygget, både med tørkeriet, kantina og kontorfasilitetane. Vi er med andre ord inne i spanande tider!

Kor finn de produkta våre?Når det kjem til utsalsstadene våre, aukar talet stadig. Vi er no å finna i butikkar både i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, i tillegg til Nordhordland i sør og jamvel like til Romerike. Men det er i butikkhyllene i Solund du lettast vil finna oss. Vareutvalet varierer, men klippfisk er det i alle butikkane, og nokre har i tillegg fiskefilet og fenalår i hyllene sine. Vi leverer også

fast til ein del restaurantar, både i Oslo og i Bergen. Når etterspurnaden berre aukar, og vi veit at kundane er svært kvalitetsmedvitne, så må det bety at produkta som vert levert er av ypparste kvalitet.

Bi med oss på vidare satsing Også denne hausten skal vi ta imot villsau frå Solund, og vi kjem til å auka kvantumet frå åra før. For å få dette til skal vi ta i mot villsau også frå kommunar som grensar til Solund, der beitesamansettinga- og naturtilhøva er tilsvarande som her i kommunen. Vi kan såleis produsera fenalår og pinnakjøt under same merkevare.

Vi ser med spaning fram mot framtida! Vi skal bygge ferdig og ta i bruk nye og praktiske lokale. Vi skal utvide salsområdet vårt endå meir, og ikkje minst skal vi verte endå flinkare å tilby deg både fersk fisk og fenalår av beste kvalitet.

«Du som unner deg eit gourmetmåltid frå SolundMat as, skal vite at du aldri før har hatt på tunga ein rett av reinare råvarer. Når øyriket Solund

kan skilte med nærmast tallause fiskeplassar, kjem det av den friske gjennomstrøyminga Golfstraumen og tidevasstraumar syter for året rundt. Ingen by eller storindustri forureinar. Fisk og allslags sjømat vil dermed ha

kvalitet av første klasse.»

Hans H. Steinsund

Foto: www.hanrune.no

14

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

FEEDING YOUR PASSION FOR FISH

15

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

I 2014 bles det Middelhavsvindar på Solund Bryggje. Restauranten har fått tre nye medarbeidar frå Hellas med lang erfaring av restaurantbransjen. Gjestane kan no nyte lokalmat frå Solund med smak av sydlege breddegrader.

– Vi ynskjer å tilby noko unikt her på Vestlandet, seier Gerasimos «Makis» Giourgas, ny restaurantsjef på Solund Bryggje. – Vi har lokale råvarer av høg kvalitet og kombinerer det med smakar som minner om ferien i Syden.

Frå Parga til SolundMakis flytta til Oslo i oktober 2013 etter 25 år i hotell- og restaurantbransjen i Hellas. Den nasjonale økonomien gjorde at han måtte finne arbeid utanfor heimlandet. I byrjinga av 2014 kom han til Solund, og straks etter kom han i kontakt med Solund Bryggje som leita etter folk til å drive restauranten i sommarsesongen.

– Å kome til Solund var som å kome heim til Parga, seier Makis. – Parga er ein liten kystby i nord-vestre delen av Hellas med om lag 2 500 innbyggjarar. Men om sommaren er der 50 000 turistar, så då er det eit anna tempo.

Ny chef og kokkNår Makis fekk mogelegheita å arbeide på Solund Bryggje kontakta han Artur Gjata, som han tidlegare hadde jobba med i Parga. Gjata har meir enn 25 års erfaring frå restaurantar i Hellas og andre europeiske land. Til hjelp har Gjata dessutan kokken Erg Gjergji.

– Målet mitt er å gje gjestene ei ny smakoppleving samtidig som vi held på dei norske tradisjonane. Eg håpar til dømes at folk har lyst å prøve Aqua pacca, som er breiflabb med oliver, kapris og kirsebærtomater, seier Gjata.

Makis fortel at dei ynskjer å fokusere meir på Solund sine innbyggjarar framover. Prisane skal vere rimelege og menyen endrast ofte.

– Å ete på restaurant er ikkje noko ein berre skal gjere i byen. Maten er like bra i Solund og dessutan er restauranten ein viktig møteplass, poengterer Makis.

Framtid i SolundAlle tre ynskjer å bli i Solund i framtida. Gjergji har kone og to barn (8 og 14 år) i Athen, men håpar at dei kan flytta til Solund til hausten.

– Dei lærer seg norsk no, men eg må ordna eit vinterjobb òg ettersom der i dag ikkje er nok kundar på Solund Bryggje på vinteren, fortel Gjergji.

Også Makis og Gjata har innsett at dei mest sannsynleg treng å finne andre jobb på vinteren. Samstundes påpekar dei at dei har funne seg vel til rette i Solund.

– Vi føler oss veldig velkomne her i Solund. Det er ein vakker stad med varme menneskjer. Og mykje god mat, avsluttar han med eit smil, seier Makis.

Solund Bryggje er ope kl. 12–02 kvar dag i perioden 16. juni til 31. august. Kjøkkenet opnar kl. 12.00 og stenger 22.00. Frå 1. september har restauranten nye opningstider.

SOLUND BRYGGJE

LOKALMAT MED SMAK AV MIDDELHAVET

16

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

I Solund er der butikk på Hardbakke, Hersvik, Nåra og Ytrøy. På sommaren aukar salet, og for enkelte er perioden avgjerande for å klare årsdrifta.

I butikken på Nåra helsar Rolf og Mimi Trovåg velkommen. Her har dei drive butikk i over 30 år, men butikk har det vore på Nåra heilt sidan 1870-talet. Butikken sel alt frå mat til diesel og gass. I tillegg har dei post i butikk.

Sommarkundane er viktige for butikken, og Rolf ser ein positiv trend blant turistar frå utlandet. Tidlegare kom mange med bilen full av mat og anna, men no handlar dei fleste lokalt i Solund.

– Fleire kundar gjer at vi kan ta inn meir ferskvarer ettersom vi har betre omsetjing. Leverandøren har eit minimum antal som vi må bestille, så på vinteren må vi vere litt forsiktige. Det vi ikkje sel må vi berre hive ut, og det er ikkje god business, seier Rolf.

Vanskeleg å finne avløysararSvigerdottera Camilla har dei siste åra tatt over drifta av butikken, men Rolf og Mimi arbeider likevel i stort sett kvar dag til trass at dei har nådd pensjonsalder.

– Vi har problem med å finne avløysarar til butikken. I dag er der få ungdomar som har lyst å arbeide i butikk, og vi treng tid til å laga bestillingar, pakka opp varer, og anna. Men forhåpentlegvis finn vi ein person i løpet av sommaren, seier Camilla.

Til trass at butikken står framfor utfordringar ser Camilla mogelegheiter. Det viktige er å skape eit positivt miljø for ungdommane så dei har lyst å flytte heim etter skuletida. Og butikken på Nåra håpar å vere ein del av det miljøet også i framtida.

KAFÉLIV PÅ HERSVIKPå Hersvik er der både butikk og kafear. Krambua er ope 11.30–15.00 på laurdagane om sommaren og drifta av eldsjeler. Alt overskot går til ein framtidig restaurering av bua. I løpet av sommaren kjem om lag 800 personar innom kafeen.

– Vi reiser ofte hit på laurdagane med barna. Det er ein fin mogelegheit å treffe folk, og det er kjekt at der er aktivitetar her i Nord-Solund òg, seier Line Tordal Førde som bur i Leknessundet.

Eldhuset og Kjelleren CaféPå andre sida av parkeringsplassen i hamna ligg Eldhuset og Kjelleren Café. Mary-Ann Hersvik Strøm og Tore Strøm driv kafeen året rundt, og har også verkstad for produksjon av stearinlys, såpe, keramikk, smykke og ulike glasprodukt. Varene sel dei både i butikk og på Internett. I tillegg tek dei imot grupper som vil lære seg handverk.

– Vi arrangerer aktivitetsdagar for dei som ynskjer å laga sine eigne smykke, støype stearinlys og masse andre ting. Vi ordnar sjølvsagt med mat òg, seier Mary-Ann.

SOMMAREN VIKTIG FOR BUTIKKANE

Eldhuset og Kjelleren Café er ope 9–21 kvar dag, og du finn meir informasjon på Eldhuset sin Facebookside.

Kaffi og vaffel i sola utanfor Krambua.

17

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Kystparken er eit prosjekt initiert av det lokale næringslivet i samarbeid med Solund kommune. Prosjektet er eigd av Norsk Kystkulturakademi, og omgrepet «park» dreier seg i denne samanhengen om ein bygdeutviklingsmodell basert på samarbeid om eit område sine natur- og kulturverdiar. Prosjektet er med i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt verdiskapingsprogram for lokale og regionale parker, og har fått 1 000 000 kr i støtte i 2013–2015. I tillegg støttar også Sogn og Fjordane fylkeskommune med 300 000 kr og hafs Regionråd med 180 000 kr.

Hovudprosjektet til KystparkenParken skal etablerast i løpet av hovudprosjektperioden, med ein permanent organisasjon. Det skal gjerast ei mogelegheitsstudie og ein utredning, om park også kan vere ein aktuell arbeidsmåte i hafs-regionen. Så kanskje det blir park ikkje berre i Solund, men også i hafs-regionen! Park-arbeid handlar om å i endå større grad ta «samsetak», og nytte natur- og kulturverdiane til verdiskaping.

Eit av dei tre delprosjekta har som mål å prøve ut ein ny måte å drive villsaulag på, der villsaulag står på eigne bein, medan parken tilset ein røktar som driftar verksemda til dagleg. Det vert på denne måten mindre arbeid på villsaulag/grunneigar og landskapet gror ikkje att i området, i tillegg får ein sysselsetting og matproduksjon utav det.

Siste punktet i hovudprosjektet, som skal gjennomførast før desember 2015, er etablering av friluftsråd. Det er planar om å etablerast eit friluftsråd i regionen, som kan drive med etablering og vedlikehald av friluftsområder. Dette gjev ei avlasting for lag og organisasjonar, og større kontinuitet i tilrettelegging og vedlikehaldsarbeidet!

FramoverProsjektet er allereie godt i gang. Tidleg i juni vart Kystparken tatt opp som park-kandidat i Norske Parker. Dette er steg tre av fire i prosessen med å bli ein autorisert organisasjon i Norske Parker. Villsauprosjektet har vore i samtale med grunneigarar, den regionale utredninga er godt i gang og prosjektgruppa er i tett kontakt med Regionrådet.

SOLUND KULTURLANDSKAPSPARK BLIR

KYSTPARKEN!

Foto: www.hanrune.no

18

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

«Kystparken-teamet» skal besøke alle kommunane i hafs for å få vite meir om det som skjer og planar i dei enkelte bygdene. Parken skal bli ei plattform for langsiktig og dynamisk samarbeid mellom lag/organisasjonar, næringsliv og kommunar, og fungere som ein paraply for lag og bedrifter som er partnarar. Det skal lagast ein portal som viser kva som skjer i regionen; næringsliv, aktivitetar med meir, i første omgang for Solund. Vidare skal det etablerast 1–3 villsaulag og friluftsrådsarbeidet skal for alvor i gang.

BidragsytararDei lokale bidragsytarane, både økonomisk og kompetanse-messig, har vore heilt avgjerande for arbeidet med Kystparken. Der er truleg få stader ein kan sjå slikt eit engasjement og bidragsglede. No ser vi fram mot å fortsette det gode sam arbeidet med dei som har bidrege inn i prosjektet, samtidig som vi også utvider samarbeidet til å omfatte endå fleire næringslivsbedrifter, lag og organisasjonar, og kanskje også kommunar.

Har du idear/ innspel til satsinga? Har du, ditt lag eller di bedrift lyst til å bli parkpartner? Har ditt grendalag gode idear til bygdeutvikling og samarbeidsprosjekt, både knytt til hovudprosjektet som vi er inne i og når Parken er etablert? Ta gjerne kontakt med oss!

Prosjektansvarleg Anne Kristine Dyrdal

Tlf.: 918 62 055 | E-post: [email protected]

VIL DU VITE MEIR? Kystparken : https://www.facebook.com/Kystparken Norske Parker: http://www.norskeparker.no/

Foto: www.hanrune.no

19

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Norsk Kystkulturakademi (NKKA) har som hovudmål å ta vare på, formidle og vidareutvikle lærdomen som ligg i kystkulturarven, bygt på dei store naturgjevne ressursane som Solund har å by på.

Kvart år arrangerer NKKA ulike kurs knytt til kystliv, handverks- og arbeidsteknikkar. Eit av kursa er havpadling, der deltakar lærer seg naudsynt teknikk og tryggleik for å padle på sjøen. Kurset gir dessutan, dersom ein ynskjer, rett til 15 studiepoeng på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

I juni vart det fyrste av årets tre samlingar arrangert på

Litle Færøy. Fyrste samlinga inneheld padleforbundet sitt grunnkurs og teknikkurs, og sju deltakar hadde fire dagar med intensiv trening.

– Det har vore ein fantastisk oppleving. Vi har brukt mykje tid i kajakken og eg føler meg no på eit heilt anna nivå enn før eg kom. Det skal bli gøy å kome tilbake til Solund seinare i år og fortsette kurset, seier Mildri Urke Andreassen, ein av deltakane.

Samling to er ein fire-dagars overnattingstur og samling tre inneheld padleforbundet sitt aktivitetsleiarkurs. Har du lyst å blir med? Sjå www.nkka.no for meir informasjon.

NORSK KYSTKULTURAKADEMI

EIN PADLAR BETRE MED ÅRA

20

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Det gode liv i

Solund

21

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Foto: Visit fjordkysten

Foto: Evelyn Røed Foto: Kari Einen

Foto: May-Britt Tangenes

11.–13. juli blir Losnaspelet arrangert for åttande gong. I år set ensemblet opp fleire teaterstykke og spelet får eit meir ungdommeleg og familievennleg preg enn tidlegare, med LidoLido-konsert og «Den vesle isbjørnen». I tillegg til teater har Losnaspelet også historiske vandringar, natursti, dans, galleri og gudsteneste på programmet.

Teater for store og småDet historiske bakteppet vil bli tydeleg synleg også i sommarens utgåve av Losnaspelet. Det dramatiserte føredraget «Frå Fru Sigrid til Losna til Anna Herland» tek for seg tema som adelsmakt, demokrati og kvinnefrigjering. Her får publikum innsyn i utviklinga av folkestyre, både nasjonalt og lokalt, og med spanande trådar til 1814 på Eidsvoll samt til kommunestyresalen i landets vestlegaste kommune, Solund, på 1950-talet.

Historier om utvandring og innvandring har vore tradisjonelle tema i Losnaspelet. I år blir det intimteater om den utrulege historia til Belle Gunness som følgde utvandringstraumen frå Noreg til Amerika på slutten av 1800-talet, og som seinare vart kjend som ein av dei verste kvinnelege seriemordarane gjennom tidende. Det er antatt at Gunness døydde når huset hennar utanfor Chicago brann ned til grunnen i 1908, men politiet fann berre eit kvinnelik utan hovud, så ingen veit sikkert.

Eit meir barnevennleg tema blir vist i «Den vesle isbjørnen»,

der ein får treffe isbjørnbabyen Burr som bur på Nordpolen med sine foreldre. Oppfinnaren Snutt frå landet Gnore gjer så at sola skin heile tida, og då byrjar isen å smelte. Det blir spanande å sjå korleis det skal gå for Burr og alle andre på Nordpolen.

Over hundre personar har vore involvert når det tradisjonelle utespelet har vore arrangert. I år blir det litt færre i staben, på grunn av at ein lar utespelet få eit kvileår. Likevel vil om lag 50 personar delta i arbeidet med Losnaspelet.

Bakgrunnen til LosnaspeletI 1996 søkte eldsjeler på Losna fylkeskommunen om midlar for å setje opp ein minnesstein om Losnaætta. På denne steinen skulle det stå: «Til minne om Herr Eindride Erlendsson av Losna som vart slått til riddar i Kalmar i 1397». Søknaden fekk avslag men det vart foreslått at ein burde laga eit historisk spel av denne historia. Rolf Losnegård skreiv «Herr Eindride til Losna» og det fyrste Losnaspelet i 1998 vart ein suksess.

I år blir det endeleg satt opp eit minnesmerke på Losna om Losnaætta. Laurdag 12. juli kl. 18.45 blir det avduking av «Ringen og brevet», ein skulptur laga av Erling Kvalheim. Det staselege våpenskjoldet til Losnaætta er komen på sokkel og vil minne alle som ferdast på Losna om storheitstida 600 år tilbake.

For meir informasjon om Losnaspelet 2014, kjøp av billettar og reise til Losna, sjå www.losnaspelet.no.

LOSNASPELET 201411.–13. JULI

22

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

STOR INTERESSE FOR UTVÆR

Utvær er den vestlegaste fyrstasjonen i Norge, og etter nokre år med minkande interesse er det no atter stor aktivitet på øya.

Grunnen til det nye interessa for Utvær er framfor alt etableringa av Vener av Utvær i 2010. Venelaget har som mål å gjere øya Utvær og Utvær fyr meir kjend og tilgjengeleg for folk. I 2012 inngjekk laget ein driftsavtale med Kystverket og Solund kommune som går ut på at Vener av Utvær skal drive dugnadsarbeid på fyrstasjonen og leggje til rette for besøkjande som vil vitje fyret.

Plan for restaureringDet er laga ein plan for restaurering av dei freda bygningane på fyrstasjonen. Planen er at alle bygningane skal tilbakeførast til original stand slik dei var som nybygg på slutten av 1940-talet.

– Vi starta arbeidet med to veggar på naustet i 2012. Eternitten blei fjerna og den originale trekledninga og fasaden såg igjen dagens lys, seier leiar i Vener av Utvær Sigve Lerpold.

– I fjor blei same jobben gjort med fyrmeisterbustaden, som no har original trekledning og vindauge. Naustet skal ferdigstillast denne sommaren også med utskifting av skifertaket. Neste steg blir «brakka» og maskinhuset samt nokre mindre bygningar dei komande åra.

VertskapsordningVener av Utvær har sidan sommaren 2011 hatt ei prøveordning med vertskapsfamiliar. Dei bur på fyrstasjonen og tek seg av besøkjande med guiding i fyret og sal av kaffi, vaflar og suvenirar.

– Det er spesielt å vere her ute og fortelje besøkande om Utvær sin rike historie. Eg er stolt av Utvær sine verdiar, og det er viktig at vi tek vere på Norges vestlegaste fyr fordi dette er ein fantastisk plass, seier Lerpold.

Vertskapsordninga er blitt svært populær. I sesongen 2014 vil der vere vertskap i 14 veker utan opphald. Det var i år venteliste for å få plass på fyret, så dersom du vil sikre deg ei veke i 2015 må du vere ute tideleg.

23

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

LENDING BÅTBYGGERI6924 Hardbakke | Telefon: 91132169 | E-post: [email protected] | www.lending.no

Nybygg • Reparasjoner • Ombygging, lakkering • Salg/Service motor/drev • Vedlikehold

Produksjon av Kloster Patrol 28-32-36-40-45, Klosterfjord 40, Mørejet 1220

24

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

ANNONSER

– humør– arbeidsglede– innsatsvilje– kreative i innkjøp– kreative i salg

Alle sier at det er prisen som teller – og det gjør den selvsagt også. Men Norwell har det «lille ekstra» – et pågående team av ansatte som gjør at uløselige problemer blir løst og at håpløse situasjoner kan bli suksesshistorier. De sosiale treffene våre går det gjetord om.

Norwell vil ha fl ere oppdrettere med på festen ...

Fiskehandlere med det «lille ekstra»Totalt har vi over 125 års erfaring

A t

il Å

- w

ww

.ati

laa.

no

Fugleskjærgt. 8, N-6900 Florø, Norway - Phone: +47 5775 0000 - Fax: +47 5775 2010

25

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

DU KAN ÒG STØTTEUngdomslaget er framleis avhengig av inntekter til prosjektet og ein kan bidra gjennom å gje ein gåve til Ungdomslaget på kontonummer 3847 30 05619.

I 2014 står eit rehabilitert Solund Grendahus tilgjenge-leg for bruk. Etter fem år og mykje dugnadsarbeid er her no mogelegheit for å arrangere nye, større og fleire aktivitetar, samtidig som tilgangen er forbetra med universell utforming.

Det noverande Grendahuset vart bygd i 1972. Det hadde vore lite vedlikehald i lang tid og bygget var såleis i dårleg forfatning. For å tilfredstille dagens krav til t.d. universell utforming, branntryggleik og akustikk, trengtes omfattande opprusting. Solund Ungdomslag oppretta ei eiga byggjenemnd som skulle planlegge, ordne med teikningar, og søke etter støtte og midlar til rehabiliteringa.

I arbeidet med rehabiliteringa er salen blitt utvida mot aust, bygget mot nord, eit heilt nytt inngangsparti er laga, og der er nye møterom og sanitæranlegg. I tillegg er det bygd separat tilkomst til ungdomsklubblokalet Loftskroken, som også er blitt større.

Finansiering ein utfordringSom med mange prosjekt var finansieringa den største utfordringa. Ein prosjektkalkyle viste på ein total kostnad på om lag seks millionar kroner, inklusive oppgradering av uteområdet og sjøanlegg. Nøkkelen til å realisere prosjektet var eit truverdig prospekt. Samarbeidet med Redningsselskapet gjorde at Ungdomslaget tidleg kunne realisere flytebryggja ved kaia, og det skapte ein positivitet i prosjektet.

I 2012 fekk Ungdomslaget tilsegn om tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune om 1,6 millionar kroner i spele-midlar, og med støtte frå blant anna Sparebankstiftinga,

Gjensidigestiftelsen og næringslivet kunne prosjektet starte. I tillegg er prosjektet finansiert med låneopptak, gåver, mindre tilskot, eigenkapital og ein vesentlig dugnadsinnsats.

Mykje er gjortI september 2013 var det klart til å begynne med riving av gammal kledning og bygningsarbeidet var i gang. Mykje vart gjort på dugnad, til dømes opprydding av rivningsmaterial, støype fundament til søyler, grunning av kledningsbord og ikkje minst fjerning av det gamle taket. Takplater kom på huset i slutten av januar og nye vindauger og dørar vart sett inn. Innvendige golv i tilbygga vart støypte i februar og røyrlegging og ny elektronikk kom på plass. Nye skiljeveggar vart satt opp i mars. Folk stilte på dugnad for arbeid med isolering, plating, listing, maling, vasking og rydding.

Planen var at huset skulle stå heilt ferdig til 17. mai, men det rakk ein ikkje. Fyrste arrangementet i «nye huset» vart likevel den alltid populære russerevyen til 10. klassen ved Solund ungdomsskule den 16. og 17. mai. Framover blir der atter arrangert ulike arrangement som dansar, festar, i tillegg til regelmessige aktivitetar som kommunestyremøte og kino.

GRENDAHUSET

HUSET I BYGDA

26

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

ANNONSER

Fo

to: W

. Lending Ingar Valvik

Roger Svarstad

Ann Kathrin Hårklau

Vi er med på verdiskaping innanfor maritim industri og fiskeri. Drivkraft for fylket og lokalsamfunnet startar gjennom engasjement og kompetanse. Ta kontakt for ein prat om bedrifta di.

ssf.no meirennbank.no•

●●

●●

6924 Hardbakke // Dagleg Leiar: Michael Niesar // Tlf.: 57786933 // [email protected]

SULEFISK AS Fureholmen

Produksjon av laks og sukkertare fra Hortimare AS

SULEFISK AS Kråkenes

Produksjon av laks

SULEFISK AS Kvernhusvika

Produksjon av laks

Produksjon av laks

SULEFISK AS Juvik

SULEFISK Landbase og administrasjon

SOL SMOLT AS Klekkeri og smoltanlegg på Gylta❍ ❍

❍❍❍❍

27

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

BULYST

FLYTTAR HEIM FOR FRAMTID I SOLUND

I oktober 2014 flyttar Karen B. Nessen (27 år) heim til barndomsgarden i Solund saman med mannen Jan Kåre (33) samt barna Johannes (3) og Lars Jakob (6 mån). Etter nesten ti år i Bergen føler dei at tida er perfekt for å skape seg eit nytt liv i Norges vestlegaste kommune.

– Vi har prøvd å utnytte tida i Bergen for å oppleve nye ting, men no passar det med eit anna type liv ettersom vi ynskjer at barna skal vekse opp med eit nært forhold til natur, sjø og dyr, fortel Karen samtidig som ho ser ut over garden og den vakre Nessevågen.

Treftest på gardenI 2001 sykla Jan Kåre frå Bergen til Selje med syskenbarnet til Karen. Guten frå Egersund i Rogaland visste då ikkje at kvilestoppet i Solund skulle bli byrjinga på eit liv i øykommunen. Han og Karen bytte telefonnummer, og Karen flytta seinare til Jæren for å komme nærmare Jan Kåre under tida på vidaregåande skule. I 2005 flytta dei saman til Bergen for å arbeide og studere vidare.

– Vi har gjort val retta for å bu i Solund ettersom vi tidleg visste at vi ville flytte hit når barna var i rett alder. Eg har difor utdanna meg til førskulelærar med vidareutdanning i spesialpedagogikk, og Jan Kåre har dei siste åra vidareutdanna seg som agronom, seier Karen.

Jan Kåre arbeide tidlegare som elektrikar, men etter agronomstudiene er han no klar for å ta over drifta av garden i Nessa.

– Det er fint å ha svigerfar som mentor, seier Jan Kåre. – Denne sommaren får eg full opplæring med hausting, eggproduksjon og sauehald. Dessutan er det fint for han å trappa ned gradvis samtidig som han framleis er involvert i noko som har vore hans liv.

Arbeid på gard og i barnehageKaren er odelsjenta på garden. Når foreldra i 2004 satsa på å byggje ut hønsehuset var det i samråd med henne og Jan Kåre, og med tanke på at dei ein dag skulle overta drifta.

28

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

STRATEGISK SAMFUNNSUTVIKLING I SOLUND

I løpet av hausten 2014 skal Solund kommune utarbeide ein lokal utviklingsstrategi for å jobbe meir strategisk og målretta med lokal samfunnsutvikling. Strategien skal forankrast innanfor kommunal sektor, næringsliv og frivillig sektor for å få ei brei oppslutning om resultatet.

Gjennom Solund kommune sitt bulystprosjekt fekk ordføraren, administrasjonssjefen, ein representant frå formannskapet og prosjektleiaren for bulyst i 2013 mogelegheit å delta på Distriktssenteret sin Omdømmeskule. På kurset la Distriktssenteret vekt på å bruke staden sine ressursar og verdiar for å finne eit særpreg, ein «posisjon», samanlikna med andre kommunar. I tillegg er det viktig, i høve Distriktssenteret, å tore å spisse målgruppa for å nå konkrete resultat med utviklings- og tilflyttingsarbeid.

– Alle er sjølvsagt velkomne til Solund, men det er vanskeleg å nå ut med ein bodskap og få ein reell effekt dersom ein prøvar å nå alle, seier ordførar Ole Gunnar Krakhellen. Vi ser difor eit behov for å analysere våre mogelegheiter, men også våre utfordringar, for å klare å spisse ei tydeleg målgruppe for både arbeidsmarknad og fritidsinteresse.

Også ålmenta og andre vil få mogelegheit til å komme med innspel i prosessen med utviklingsstrategien. Strategien skal vedtakast av kommunestyret i desember 2014, og ein handlingsplan knytt til strategien skal vise vegen for framtidige satsingar og prioriteringar i Solund.

– Det er gøy å kunne skape ein arbeidsplass til Jan Kåre gjennom gardsdrifta, og dessutan har vi fått barnehageplass til oss andre tre, seier Karen med eit smil og sikter til at ho skal byrje arbeide i barnehagen i oktober.

Garden har om lag 7 500 høner og produserer nesten like mange egg kvar dag. Konsesjonsgrensene på høner per bruk gjer at dei ikkje har mogelegheit å auke produksjonen, men dei syns likevel at den er passeleg ettersom der også er mykje anna som skal ordnast med på ein gard. Jan Kåre innser at gardsdrift er ei anna type liv enn det han har levt tidlegare.

– Dette er ei ny måte å jobbe på for meg som er vant med 7–15. No er det sju dagar i veka, så det blir sjølvsagt ein stor forandring, men samtidig trur eg at det blir ei vane. Å drive gard er ein livsstil, seier Jan Kåre.

Han er førebudd på å spandere mykje tid i utmarka ettersom dei i tillegg til eggproduksjonen har om lag 30 sauer. Dessutan ser dei mogelegheiter for å auke talet framover, og det syns dei begge er viktig ettersom fleire sauer hindrar attgroing og gjer at dei får tatt hand om landskapet.

Barna viktigeVedlikehaldet av landskapet er også viktig for å gje barna ein plass å leike på og utforska. Johannes likar til dømes å vere i fjæra å laga blåskjellbåtar med besta. Og dette ser Karen som den store forskjellen mot å bu i byen.

– Alt krev meir planleggjing i Bergen og leikeplassar er kunstige. Her i Solund brukar vi naturen og har alt rett utanfor døra. Dessutan vil vi jo ha beste og besta i kårhuset, og nærleiken til familien gjer at alt blir lettare, avsluttar Karen.

29

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Steinsund Marinesenter ASFor eit avslappende opphold i våre ferieleiligheter se:

www.steinsund.no eller ring 97 57 51 17

VI UTFØRER SKYSS OG CHARTEROPPDRAG!

M/S Stjernesund 28 passasjerer, marsjfart 24 knop • mob: 977 95 989M/S Suljet 16 passasjerer, marsjfart 22 knop • mob: 977 99 438

PARTSREDERIET SULJET ANS • Gåsvær, 6924 HardbakkeTlf: 992 74 220 • E-post: [email protected][email protected]

GÅSVÆR FISKEFERIE3 utleige-eininger i restaurert bustadhus ved

sjøen i særprega sjøhusmiljø. Båtutleige. Dagleg rutebåt til/frå Hardbakke.

Tlf: 992 989 75 eller 992 740 [email protected]

Partsrederiet Barstein ANSGåsvær

6924 Hardbakke

M/S Barstein (lengde14,99 m,bredde 5,50 m)Driver fiske etter torsk,sild og makrell i Nord-Norge og på

Vestlandskysten. 3 årsverk

30

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

I 2013 gjekk den fyrste Villsaufestivalen av stabelen i Solund. Årets Villsaufestival vert arrangert 20.–22. juni. Målet er å skape ein uformell møteplass for villsauentusiastar frå heile landet, og vere ein arena der folk kan utveksle erfaringar og få oppdatert kunnskap om villsau og landskapsskjøtsel.

Villsaufestivalen byr på interessante opplevingar, unike produkt, spanande mat og fagleg påfyll. Dei som vert lokka til Solund i juni vil få høyre folkemusikk med Unni Løvlid, Hildegunn Øiseth og Elisabeth Vatn. «Lokketonar» er eit samarbeid med Mårenbiennalen, koordinert av Ivar Orvedal. I tillegg blir det arrangert ein kulturminne-båttur til fleire av Norges vestlegaste øyar, en utstilling med keramikk av Peter Marron, samt eit foredrag med Norges fyrste gastronom, Martin H. Inderhaug.

Nye smakarArbeidsgruppa rundt Villsaufestivalen tel no 12 entusiastiske sjeler. Ei av dei, Pascale Baudonnel, som er kjent for sitt engasjement for ost og gamle ystetradisjonar, vil introdusere smaksrike saueostar for festivalfolket.

Bakgrunn til VillsaufestivalenUtegangardrift representerer ein lang tradisjon som i nye former kan bidra til både auka sysselsetjing, auka matproduksjon basert på marginale utmarksressursar, og ikkje minst bidra til å halde kystlandskapet ope. Det er viktig å ta vare på dei siste utpostane av kystlynghei som er igjen i fylket vårt. Villsaufestivalen ynskjer å setje fokus på samanhengane mellom villsauen og landskapet vårt.

Festivalen vert støtta av fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

VILLSAUFESTIVALEN

LOKK, LUR OG LEIK

31

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Med lyset som utgangspunkt møtest lokale og nordiske kunstnarar i november 2014 for å gripe det som er unikt ved Solund. Det dei skaper saman vil kunne skje berre her, i løpet av desse dagane, medan det er sjanse til å oppleve mørketida sine sjeldnaste lysfenomen.

Valet av mørketida som festivaltid er viktig. Det er i mørket lys har størst verknad, både visuelt og mentalt. Majoriteten av festivalar i by og bygd skjer i sommerhalvåret. Med lysfestivalen vil vi gi eit innhald til ein tid på året som elles er stille, men då det er like stor trong for møteplasser og aktivitetar.

Initiativtakar til lyskunstfestivalen er mellom andre Gry Buer, kunstnar og prosjektleiar. Prosjektet, som har fått støtte av Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga,

Solund kommune samt lokalt næringsliv, ynskjer å føre saman aktørar frå samfunn, kultur og næringsliv til ei felles satsing på innovasjon med lys som felles medium.

– Mitt håp er at Solund kan bli eit vindauge og arena for nye former av lyskunst og lysdesign, seier Buer. – Lys er viktig både som estetikk og funksjon, og vi ynskjer å bevisstgjere alle på korleis vi er påverka av lys. Dessutan vil vi utvikle festivalen til å bli eit årleg arrangement som er attraktivt for lyskunstnarar og lysdesignarar.

Festivalen tek sikte på å ha ein stor grad av deltaking frå publikum. Fleire av kunstnarane som skal bidra under festivalen vil i tillegg til sine kunstneriske bidrag halde «workshops» tilpassa ulike publikumsgrupper.

SOLUND LYSKUNSTFESTIVAL

32

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

•Nystorhallpåland-båtlengder65meterog25meterfrihøgde totalkrankapasitet64tonn•Dokk(Syncroliftheveverk)56x15m,djupnemax.6m•Løftekapasiet1.000tonn•Maxskipslengde:75m•Oppstillingsplassforfleirefartypåland• 2horisontalebeddingar/oppstillingsplassarpå80lmkvar•Skipshall60x15m,medporthøgde14m,breidde11m.Traverskran15tonn•Maskinverkstad.Traverskran5tonn•Kaianlegg.3stkkaier–totalt200lmkai•Mobilkran30tonn•Tårnkran2,5tonn–50m

A ti

l Å -

ww

w.a

tilaa

.no

Foto: Harald M. Valderhaug

SEACON - www.seacon.no

Foto: Harald M. Valderhaug

33

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

GJENBRUKSBUTIKKEN

VIKTIG MØTEPLASS I SOLUNDSolund Frivilligsentral vart starta opp i 2005 og har heile tida hatt som mål å vere med å utvikle møteplassar. I Solund er det mange ulike møteplassar, der menneske møtast på aktivitetar og arrangement rundt om i kommunen. Det som mangla var den uformelle møteplassen.

– Med jamne mellomrom høyrde eg frå foreldre at det hadde vore fint med ein stad der ein kunne kjøpe og bytte brukt småbornsutstyr. Då kom ideen om å starte opp ein gjenbruksbutikk med eit lite kafé-tilbod, seier Irene Vaulen, dagleg leiar på Solund Frivilligsentral.

I 2012 vart det ledig eit lokale på Solund næringsbygg på Hardbakke, og med tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune sin «Lokal agenda» og ngir kunne Gjenbruksbutikken starte opp. Gjenbruksbutikken er no vorte godt etablert i Solund. Folk frå heile kommunen både kjøper og leverer varer, og er svært glad for at det er ein stad i kommunen der ein kan levere ‘ting og tang’ som er brukande, men som ein sjølv ikkje ynskjer å behalde.

TorsdagslunsjenKaffi og vaflar står på menyen kvar dag, men på torsdagane kjem folk for å treffast til lunsj.

– Torsdagskaféen er ein av aktivitetane som er vorte svært populær, fortel Vaulen. – Då vert det dekka langbord med godt brød og pålegg i ulike variantar. Ca. 30 personar møtast kvar torsdag mellom kl. 12.00 og 14.00. Då kan ein på ein enkel måte møte naboar, tilreisande, tilflyttar, og i blant også formannskapet og ordføraren.

Om sommaren er turistinformasjonen samlokalisert med Gjenbruksbutikken, noko som turistane sett stor pris på. Der kan dei få informasjon om turar, aktivitetar, overnatting og mykje anna.

I tillegg til gjenbruksvarar sel ein bøker for kommisjon for Selja forlag og Solund Sogelag, til dømes Sogeskrifta. Gjenbruks-butikken er vorten ein allsidig møteplass, som bygdefolket er vorte svært glad i. For å få dette til har Frivilligsentralen hatt eit godt samarbeid med Bulyst og Solund pensjonistlag.

34

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

ANNONSER

35

SOLU

ND

AVIS

A 2

014

Her finn du butikkar med: daglegvarer, tipping, post i butikk, bensin, mold, bark, ved, trelast, byggevarer, fiskeutstyr, kart, kraftfòr, maling, jernvare,

verktøy, kjøkkenutstyr, hage & miljø, interiør, blomster, støvler, sko, bøker, klær, souvenirar, postkort, leikar, gåveartiklar og hyggeleg personale.

Øybygg AS tlf.: 57 78 73 58 Spar Solund tlf.: 57 78 71 17

Andre tenester:Sparebanken Sogn og Fjordane

navTannlege

PolitiGjenbruksbutikk og kafé

NettbussRørlegger VVS Rune Berge

PostomfordelingSolund Rekneskap as Post i butikk

Solund Naturterapi

TURISTINFORMASJONEN FINN DU PÅGJENBRUKSBUTIKKEN I HEILE SOMMAR!

TRÅDLAUST INTERNETT PÅ NÆRINGSKAFÈEN!

VELKOMMEN INNOM!

Velkommen til SOLUND NÆRINGSBYGG

PÅ HARDBAKKE