Upload
trygg
View
37
Download
0
Embed Size (px)
DESCRIPTION
Språkfakta 2010 eller 653 sider på 30 minutt. Ottar Grepstad Landsmøtet i Noregs Mållag 16. april 2010. Dokumentasjon av norsk språk og språk i Noreg. Database med minst 50 000 tal: dokumentasjon og analyse. Bearbeiding av offisiell statistikk - PowerPoint PPT Presentation
Citation preview
Språkfakta 2010 eller653 sider på 30 minutt
Ottar Grepstad
Landsmøtet i Noregs Mållag 16. april 2010
Dokumentasjon av norsk språk og språk i Noreg
Database med minst 50 000 tal: dokumentasjon og analyse
Bearbeiding av offisiell statistikk Supplement til og korreksjon av offentleg
statistikk, t.d. folkerøystingar om skulemål Innsamling av eige materiale, t.d. målform i
kyrkjesokn, bøker og presse Presentasjon av studiar og
spørjeundersøkingar Oppdatering kvart år, ny utgåve 2013
Tal er ikkje så nøyaktige som dei ser ut til
Tal verkar korrekte og pålitelege Sjølv ikkje tal med desimalar seier
heile sanninga Tal er ofte like unøyaktige som ord Tal og ord må skrivast saman for å gi
meining
Bruk av bokmål og nynorsk 1952-2005
Den norske språksituasjonen
Norsk er det 131. mest brukte språket i verda Dei språklege skilnadene i Noreg aukar Toleransen for slike språklege skilnader aukar Presset frå engelsk i akademia svekkjer
bokmål Nynorskbrukarane har enno ikkje fulle
språklege rettar Vestlandet er blitt nynorsklandet
Sterk vilje til å verne norsk språk
Nær 50 % er interesserte i språkspørsmålet
88 % meiner det er viktig å verne norsk språk
Det meiner også like mange av dei mellom 15 og 29 år
Sosiale skilnader i bruk og haldningar
Di høgare inntekt, di fleire meiner at dialekt blir brukt for mykje
Dei som tener minst og mest, er mest opne for engelsk
Kvinner er meir positive til dialektbruk enn menn Menn er meir positive til bruk av engelsk enn
kvinner Det er fleire nynorskbrukarar blant lågtlønte enn
høgtlønte
Presset frå engelsk svekkjer bokmål
Mange fleire bruker norsk språk på universitet og høgskular i dag fordi mange fleire studerer der
I 2006 var åtte av ti masteroppgåver skrivne på bokmål
I 1986 var seks av ti hovudoppgåver skrivne på bokmål
Haldning er noko anna enn handling
37 % av dei under 30 år meiner engelsk er eit betre språk enn norsk (alle: 22 %)
58 % av alle under 30 år bruker engelske ord og uttrykk fleire gonger om dagen (alle: 38 %)
Ikkje fleire unge enn eldre trur dei fleste snakkar engelsk om 50 år
Fleire lærer somalisk enn samisk i skulen
2635 elevar får morsmålsundervisning i somalisk
2289 elevar får undervisning i samisk (nordsamisk, lulesamisk eller sørsamisk)
Nesten alle skular har språklege mindretal eller språklege minoritetar
Sju viktige tal
7 Få språk kjem frå Europa
234 av 6909 språk i verda skriv seg frå Europa
(og 2300 frå Asia)
6 Noreg har vore fleirspråkleg i tusen år
Det siste tiåret har norsk skule undervist i 180
språk (for hundre år sidan var det forbode å
undervise i samisk)
5 Heller engelsk enn nynorsk frå forlaga
12 % av alle bøker frå norske forlag er på
Engelsk (og 6 % er på nynorsk)
4 Meir dialekt og mindre bokmål i radio
31 % av sendingane i NRK Radio er på dialekt (i
1972 var dialekt brukt i 3 % av sendingane)
3 Høgare utdanning aukar den språklege toleransen og minkar mangfaldet
3 % av studentane ved universitet og høgskular
skriv masteroppgåver på nynorsk (då dei gjekk i
grunnskulen, brukte 17 % av elevane nynorsk)
2 Fleire får undervisning i samiske språk som er alvorleg truga
97 elevar får dette skuleåret undervisning i
sørsamisk, og 81 i lulesamisk (det er fleire enn
for ti år sidan)
1 Lyset over Vestfold
28 % av dei som bur i Vestfold, vil at VG og
Dagbladet skal bruke meir nynorsk (i dag har 2
av 30 000 elevar i fylket nynorsk som opplæringsspråk)
Den nynorske røynda
Nynorskkommunane er grunnfjellet
Kvar fjerde kommune i landet bruker nynorsk
Åtte av ti nynorskelevar i grunnskulen bur der
Utan innvandrarane ville folketalet i nynorskkommunane gått ned det siste tiåret
Kommunar etter tenestemål 1965-2009
Fleire nynorskaviser, men dei er små
Det kjem ut om lag 240 aviser 68 av desse er redigerte på nynorsk eller
begge målformer – det er 29 % av alle aviser
Det kjem ut fleire nynorskaviser på Austlandet no enn for hundre år sidan
Bokmålsavisene er store, nynorskavisene er små
Nynorskaviser i drift 1858-2009
Fleire bøker på nynorsk, men like få i %
Kvart år kjem det ut 500 bøker på nynorsk For hundre år sidan kom det ut 25
nynorskbøker i året Då som no utgjer nynorskbøkene 6 % av alle
bøker frå norske forlag 4 % av hovudbøkene i Bokklubben Nye Bøker
har vore på nynorsk 22 % av Brage-prisane har gått til
nynorskforfattarar
Bøker på nynorsk, bokmål og engelsk 1900-2008
Mindre nynorsk på Internett enn i bbøker og presse
Aldri før har så mykje tekst på nynorsk vore tilgjengeleg for så mange
Om lag 5 % av dokumenta på norskspråklege nettstader er på nynorsk
Nynorskavisene gjer like mykje av seg på Internett som på papir
Nynorske årskull i grunnskulen 1920-2009
Det blir færre nynorskelevar i grunnskulen
Den 27. januar 2010 har 81 147 elevar i grunnskulen nynorsk som opplæringsspråk
Desse bur i 168 kommunar i 16 fylke I Trøndelag og Nord-Noreg har berre 109
elevar nynorsk som opplæringsspråk i dag 8 av 10 nynorskelevar bur i
nynorskkommunar
Det språkdelte Noreg blir akseptert av jamt fleire
I 1946 ville 15 % at både nynorsk og bokmål skulle vere skriftspråk i Noreg
I 2008 var 44 % usamde i at det er viktig for elevane å lære å lese og skrive både nynorsk og bokmål (i Møre og Romsdal 25 %)
Perspektiv for framtida
Perspektiv, 1-5
Mangfald er ein måte å tenkje på Historiske minoritetsspråk har krav på ein annan
språkpolitikk enn dei nye minoritetsspråka Grunntekstane til fleire religionar må gjerast
tilgjengelege på både nynorsk og bokmål Interessa for å bruke norsk er neppe mykje
mindre i næringslivet enn i akademia Lokale folkerøystingar gjer språk til ei sak for
mange, men inneber også språkpolitikk etter utslagsmetoden
Perspektiv, 6-10
Barnehagane er ein vel så viktig arena for språkutvikling som tv
Språkspørsmålet må reknast med kommunesamanslåingar
Eit fornya system for pressestøtte kan på enkelt vis gjerast språkpolitisk utan å utfordre det redaksjonelle sjølvstendet
Meir bokmål og nynorsk i digital form er den viktigaste strategien for å styrkje den språkdelte norske skriftkulturen
Tida for ideen om det eittspråklege Noreg er ute