4
PiRion nr. 7 - 2010 – kulturavis for barnehagar og skular Å MØTE SORGA MED ESTETIKK KORLEIS MØTER VI BARN SOM ER I SORG? HJELPER DET Å LESE BØKER OG SYNGE SONGAR? Scene: Midt i ferien skjer ei tragisk ulukke som berører eit heilt lokalsamfunn. Nokre veker etter ei vond gravferd skal ein søskenflokk møte kvardagen i skule og barnehage. Korleis handterer barnehagen det? T EKST : T OYNI T OBEKK Teiking: Andrea Tobekk 7_Pirion_2010_uncoated:1011 25-10-10 10:41 Side 2

Teiking: Andrea Tobekkartikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjue - åring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Teiking: Andrea Tobekkartikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjue - åring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart

PiRion

nr. 7- 2010

– kulturavis for barnehagar og skular

Å MØTE SORGA MED ESTETIKKKORLEIS MØTER VI BARN SOM ER I SORG?

HJELPER DET Å LESE BØKER OG SYNGE SONGAR?Scene: Midt i ferien skjer ei tragisk ulukke som berører

eit heilt lokalsamfunn. Nokre veker etter ei vond

gravferd skal ein søskenflokk møte kvardagen i skule og

barnehage. Korleis handterer barnehagen det?

TE K S T : TO Y N I TO B E K K

Teik

ing: A

ndre

a T

obekk

7_Pirion_2010_uncoated:1011 25-10-10 10:41 Side 2

Page 2: Teiking: Andrea Tobekkartikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjue - åring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart

– Når barna møtte oss, var det allereie gått einmånad sidan dei mista forelderen sin. Denmånaden gav personalet tid til å førebu seg, fortel Kari, som var styrar i barnehagen og rektorpå skulen på den tida.

Dagane rett etter ulukka og gravferda var detkommunen si krisegruppe som følgde opp barna.

– Sidan møttest krisegruppa og kommunen si tverrfaglege gruppe, som omfatta administra-sjonen i barnehagen, helsesøster, PPT og einkoordinator, for å sjå på korleis barnehagen ogskulen best kunne møte dei pårørande og barna, fortel Kari.

Ein slik situasjon hadde dei aldri vore i før,og det blei mange møte. Fruktbare møte, seierho og peiker på kor viktig det var å kome samanpå tvers av faggrupper for å drøfte, gje råd ogdele kompetanse. Barnehagen og skulen haddeòg utarbeidd ein sorgperm som var til god hjelpi denne tida. I permen hadde dei samla alt fråpraktiske tips til personlege erfaringar kring sorgog tap.

Biletbok om kreft– For personalet i barnehagen, som skulle møtedet yngste barnet som var i sorg, vart det viktigå førebu seg godt. Vi valde mellom anna å brukeboka Da pappen til Johanne hadde kreft somkjelde for dei vaksne.

Boka er skriven av Svein Kåre Handeland og er ei biletbok som fortel korleis det er for ein to åring å leve med ein far som har kreft.

– Vi var sjølvsagt i ein anna situasjon enn deii boka, men likevel kunne vi finne mange svar,seier Kari. – Kva seier vi til ungane? Kva seier viikkje?

For barnehagen vart det viktig å ikkje drama-tisere situasjonen meir enn naudsynt. Ei enkelmarkering ved barnehage- og skulestart for åvise dei råka og dei andre barna at ein såg deiog var klar over kor vond situasjonen var.

– Vi valde ei kort markering, for så å gåvidare. Det skal vere greitt å gå i barnehagen.

No, nokre barnehageår seinare, meiner Kari atdei møtte barna på ein god måte. Men ho leggikkje skjul på at den månaden dei fekk til å føre-bu seg før dei møtte barna, gav dei eit verdifulltpusterom.

– Hadde situasjonen vore meir akutt, måtte vivalt andre framgangsmåtar, meiner ho.

Lagde minnebokPsykologane Inger Tidemann Bjelland og EllenMarie Sivertsen Janse Van Vuuren har òg nyttigeerfaringar å dele, frå arbeidet med ei sorg -gruppe for barn. Denne gruppa møttest utanforskule og barnehage, barna var i alderen 7 til 12 år og hadde det til felles at dei hadde mistaein som stod dei nær.

Møta deira hadde rom for både refleksjon ogpraktisk arbeid. Her kunne barna snakke samanom korleis dei hadde det no, om ulike tema styrteav dei vaksne, og dei kunne småsnakke fritt ipausar og medan dei arbeidde. Kvart barn skulle itillegg lage ei bok om den dei hadde mista. Bokainneheldt teikningar og skriveri, og i dette arbei-det fekk barna sin kunstnariske kreativitet rom tilå bløme, fortel Bjelland og Janse Van Vuuren.

I tillegg til kreativiteten til kvart einskilt barnvart òg barna si evne til positive kjensler, latterog fjolling viktige element i gruppearbeidet.Dette kunne vere utfordrande for dei vaksne,men for barna og gruppa samla såg det ut til atlatteren var ein avgjerande faktor for at barnatreivst i gruppa.

Song frå BlåfjellI sorggruppa til psykologane bestemte unganeseg for å synge kvar gong dei møttest. Det var einaturleg uttrykksform for barna.

Song og musikk kan ha ein forløysande effektpå kjenslene våre, fortel musikkvitar HallgjerdAksnes ved Institutt for musikkvitskap i Oslo. Itillegg til at musikken lærer barn glede, gruppe-tilhøyrsle, lytting og rytme, kan han også læredei å spele på sitte eige kjensleregister, seier ho.Musikken kjem dessutan til oss tidlegare ennorda.

– Viss vi ser for oss at vi ikkje lever i bestemtealdersgrupper, men i domene av erfaring somoppstår i ulike aldrar og utviklingstrinn, så erdet siste domenet vi erobrar, det språklege. Barner mindre språkdominerte og meir bilete- ogfantasistyrte. Spedbarn forstår ikkje orda til mor,far eller den som har omsorg. Men dei forstårrytme og klang og har ein musikalsk form forkommunikasjon med oss.

I eit slikt bilete kan ein sjå for seg at musikkkan ha ein viktig funksjon for barn i sorg, seierAksnes og viser til ei historie frå eit foredrag avdoktorgradsstipendiat Ingeborg Lunde Vestad.Historia fortel om eit barn som mistar einomsorgsperson. Den vaksne døyr ikkje, ho for-svinn, og ingen veit kor ho er. Barnet, ei jente, ertilbakehalden med kjensler i denne tida, mensaknet etter den vaksne er der.

Før den vaksne forsvann, var ho med klassentil barnet og øvde inn songen «Tussa danser» fråJul i Blåfjell (NRK). Tussa er kona til Erke, deneldste i Blåfjell, og Tussa forsvann frå Blåfjell då

Farvel, Rune – Marit Kaldhol

Eg kan ikkje sove no – Lunde/Torseter

Eg er her – Bente Bratlund

Blodrik – Kari Stai

And, døden og tulipanen – WolfErlbruch

Kjære Timo – Elin Brodin

Alene på den andre siden – KatherinePaterson

Brødrene Løvehjerte – Astrid Lindgren

Jeg elsker deg – Hilde Hagerup

I et speil, i en gåte – Jostein Gaarder

Jeg savner deg, jeg savner deg – PeterPohl

Farvel, herr Muffin – av Ulf Nilsson

Appelsinpiken – Jostein Gaarder

Sommerlandet – Eyvind Skeie

Englepels – Iben Sandemose

Roy – Gro Dahle og Svein Nyhus

Gule roser til pappa – Anne KristinAasmundtveit og Hilde Kramer

Da pappen til Johanne hadde kreft –Svein Kåre Handeland

Mor og far i himmelen – Alf KjetilWalgermo

Når dinosaurer gråter – Sverre Henmo

Tror du pappa gråter? – Hilde RingenKommedal

Trollet Trym og den hemmelige farven– Linn Stokke

Barnet og treet – Anne KristinAasmundtveit

Skal det være sånn!? – Historien omElvis av Peter Schössow

Gullkulen – Torhild Moen og Helge Bøe

Pappaen min bor i himmelen – BjörgThorhallsdottir

Pelle og de to hanskene – Kari Vinje ogVivian Zahl Olsen

Har du tips til gode songar, bøkereller kanskje teater som passar i sorg-arbeid? Send ein e–post [email protected], så legg vi detut på www.pirion.no.

BOKTIPS – OM DØD, SORG OG SAKN, FOR BARN OG UNGDOM:

© iS

tockphoto

7_Pirion_2010_uncoated:1011 25-10-10 10:41 Side 3

Page 3: Teiking: Andrea Tobekkartikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjue - åring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart

Sov søtt, herr SpissAv Erna OslandIllustrert av Inger Lise BelsvikMangschou 2010

I boka Sov søtt, herr Spiss får mebåde historia om herr Spiss som leitaretter søvnen, og fakta om korleismenneske og dyr søv. Kvifor må mesove? Og kvifor drøymer me? Dette erei raus og innbydande fagbiletbok fordei minste.

Erna Osland har skrive om dyr før, i samband med tema som mat, forel-dre og vennskap. No er det altså søvnho fokuserer på. Den leikne og lette historia om herr Spiss er skriven påvers, noko som gjer forteljinga bådemusikalsk og lett å hugse. Det er eitgodt driv i teksten.

Og illustrasjonane til Belsvik erbåde varme, detaljrike og frodige. Deigir historia ei god ramme og byggjersamstundes opp om handlinga. Bådeliten og stor vil ha stor glede av å leseom herr Spiss, som ikkje klarer å sovepå grunn av halen. Han legg ut på eieventyrferd for å finne søvnen. Hermøter han både ein katt, ein hest,flaggermus, ender og ein torsk. Meningen kan hjelpe han med å sove. Detkan han berre sjølv.

Faktadelen bak i boka er interes-sant og lærerik. Og sjølv om dei min-ste borna truleg treng ein del forklaring for å forstå korleis alle desse dyra søv og drøymer, vil detvere noko nytt i denne boka for deifleste. Visste du til dømes at ei flagger mus kan sove opp mot 20 timar i døgnet?

Den hemmelege vegen til månen

Av Eivor VindenesIllustrert av Helena OhlssonSamlaget

Knut sit i trehytta si og er lei seg. Allevennene har reist på sommarferie, deter berre han som må vere heime heilesommaren. Men så dukkar heldigvisKlara opp og tek Knut med seg på eitheilt spesielt eventyr. Plutseleg var detikkje så kjedeleg lenger å vere heime isommarferien.

Boka er ein del av Komet-serien fordei i aldersgruppa 6 – 8 år. Ho eroversiktleg og enkel å fylgje med i.Teksten er lettlesen og passar likegodt for høgtlesing som eigenlesingfor dei minste, noko som kan verekjekt sidan ei bok som dette trulegkan bli eit vel stort prosjekt å kasteseg ut i åleine for ein 7-åring.

Teikningane er detaljrike. Dei skildrar ikkje berre historia, men klarer også å tilføre teksten noko nytt.Likevel har omslaget og uttrykket tilboka noko forsiktig over seg. Biletetpå framsida er tiltalande, samstundessom det skaper den gode stemninga.Men kanskje blir framsida litt for forsiktig med tanke på å kapre deiyngste lesarane?

Historia er både lun og varm. Detteer ei sterk forteljing om vennskap ogom korleis ein kan oppleve det mestutrulege, dersom ein berre har fantasitil det. Klarer ein det, er det ingenkunst å klatre opp på månen.

Judith Sørhus Litlehamar

BO

KM

EL

DIN

GA

R

ho ikkje rakk å kome seg inn i fjellet når den blå timenvar omme. I «Tussa danser» syng barnebarnet Turte omkorleis Tussa kjem tilbake til Erke i søvnen og bur innihjarta hans og har han i hjarta sitt.

Skulen til barnet vel å synge denne songen førsteskuledagen etter at den vaksne forsvann, og for barnetblir det nåla som punkterer ballongen, som LundeVestad skriv. Songen blir ein sorg-forløysande faktor,både fordi han er melodiøs og verkar roande, men ògfordi han er så sterkt knytt til barnet sitt minne om denvaksne ho har mista.

Farvel, RuneI 2006 markerte forfattar og redaktør Ragnfrid Trohaug20-årsjubileet for ei heilt spesiell bok med å skrive artikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjue -åring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart ny barnebok-redaktør i Det Norske Samlaget. Boka ho skreiv om, heiterFarvel, Rune og vart skriven av Marit Kaldhol i 1986.

I denne artikkelen fortel Trohaug om sine høgst per-sonlege opplevingar kring det å miste nokon og å få eibok i hendene som gir ho og ein veslebror ein knagg åhenge sorga si på. Trohaug fortel korleis ho får denneboka av mora og les ho høgt for veslebroren, og korleisFarvel, Rune blir ei bok som treff dei i kjenslene deiraog det med deira språk.

– Med slike munnlege avtrykk i skrifta kjente vi ossheime i den fiktive handlinga som stod oss nær. Denvanlege veggen mellom fiksjonen og oss var vekk, denne gongen handla det ikkje om nokon andre, menom oss, seier Trohaug.

Det er dette som går att i artikkelen: Opplevinga av åha ein tekst som fortel historia til den som er i sorg, nettslik ho er, utan omsveip. Farvel, Rune blir døra mellomdei sørgjande barna og sorga deira.

– Eg er ti år og glad for at orda framfor meg er somdei er; ikkje noko innpakking, forenkling eller bortfor-klaring. Ingen døde kaninar eller kanskje ser vi dendøde igjen som skytsengel, seier Ragnfrid Trohaug.

– Det er ein letnad at boka ikkje forsøker å innbillemeg noko anna. Sara kjem aldri til å sjå Rune igjen, detveit både boka og eg.

For ordens skuld: Styrar Kari i byrjinga av tekstenheiter ikkje eigentleg Kari. Både ho og miljøet hennarer anonymisert, men handling i historia er verkeleg.

Kjelder: Om barns forståelse av å miste noen og musikkens affordance – et eksempel fra kulturindustrien, Ingeborg Lunde Vestadhttp://ragnfridtrohaug.blogspot.com/2006/01/om-farvel-rune-i-dagensklassekampen.html

7_Pirion_2010_uncoated:1011 25-10-10 10:41 Side 4

Page 4: Teiking: Andrea Tobekkartikkelen Når sorga får ord. Om årets viktigaste tjue - åring. i Klassekampen, seinare publisert på bloggen hennar. Dette var månader før Trohaug vart

Tips oss på [email protected] Me vil gjerne ha tips og innspel om det er noko du synsme bør ta opp, eller om du har tips om bøker me bør skriva om. Sjå og www.pirion.no

PIRION 7/2010, 11. årgangen – ISSN 1502-3036 Utgivar:Stiftinga Pirion Adresse: Pirion, Næringsbedet i Vatlandsvåg,4235 Hebnes Tlf: 52 79 04 82, faks 52 79 04 81. Heimeside: www.pirion.no Ansvarleg redaktør: Astrid Eidhammer Hjelmeland, tlf 52 79 04 84, mob. 97 19 47 88 E-post: [email protected] Korrektur: Dag Gjerde Form gjeving: Salikat designPIRION ER STØTTA AV, KUNNSKAPSDEPARTEMENTET, FAGFORBUNDET OG LNK

PiRion

«Det finst så få bøker på nynorsk for barn og unge», høyrer eg oftefrå lærarar, foreldre, bokhandlarar og andre som burde vera nærasttil å formidla litteratur til den oppveksande slekta. Men det er jo ikkjesant! Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er rik og variert,men det er framleis mange, også i dei nynorskskrivande områda avlandet, som ikkje kjenner godt nok til han. Difor ønskte Stord kommune å løfta fram og feira den nynorske barnelitteraturen, ogalle dei som skriv han. RESULTATET VART FALTURILTU – NYNORSK BARNEBOKFESTIVAL, SOM GÅR AVSTABELEN FOR FJERDE GONG 8.–12. NOVEMBER

Stord er verdas største nynorskby, og mange flotte forfattarar hartrødd barneskoa sine her i regionen. Så mange at «sunnhordlands-forfattar» er blitt eit omgrep. Men under Falturiltu ønskjer me å feiraog visa fram nynorskforfattarar frå heile landet, og gje dei eit publikum på Stord, ei veke i året. Tidlegare festivaldiktarar har voreOskar Stein Bjørlykke, Rune Belsvik og Erna Osland. I år er det HansSande som er festivaldiktar – ein fantastisk forfattar, formidlar ogkunstnar, som har skrive for barn, unge og vaksne i mange sjangrar isnart 40 år. Kjenner du ikkje Hans Sande? Bli kjend med han på Stordi november! I tillegg til Hans Sande kjem Heikki Grøhn, Mary BenteBringslid, Roald Kaldestad, Marita Liabø, Maria Parr, Atle Hansen,Bjørn Sortland, Marit Kaldhol, Torvald Sund, Tor Arve Røssland,Ragnfrid Trohaug, Inger Lise Belsvik, Tone Birkeland, Lars Amund

Vaage, Solfrid Sivertsen, RagnarHovland, Per Olav Kaldestad, ogkanskje endå fleire.

Programmet under festivalen errikhaldig, med opplesingar, fram-føringar, musikkspel, forteljekvel-dar og mykje meir. Me har pro-gram for dei yngste og dei eldsteog vaksenkveldar med, men detviktigaste publikumet er barn ogunge, som får møta forfattarar ogbøker på skulen og i fritida heileveka. Fredag 12. november er detseminar på Høgskulen Stord/Haugesund, med tittelen Poesi og pro-vokasjon. Seminaret har eit spesieltfokus på poesi for førskuleborn, og innleiarar er Hans Sande, MaryBente Bringslid, Inger Lise Belsvik og Tone Birkeland.

Andre forfattarar du kan møta på Stord i veke 45, er Maria Parr,Marita Liabø, Bjørn Sortland, Marit Kaldhol, Atle Hansen, RoaldKaldestad, Per Olav Kaldestad, Tor Arve Røssland, Torvald Sund,Heikki Grøhn, Ragnar Hovland og Solfrid Sivertsen, og fleire kankoma til i løpet av hausten. Sjå fullt program og oppdateringar påwww.falturiltu.blogspot.com. Vel møtt til Stord i november!

www.pirion.no

OM KURSET Kulturavisa Pirion tilbyr kurs i kultur formidling for tilsette i arne hage ogsmåskule og elles andre som arbei-der med små barn.

Kurset skal veremed å bevisst-gjera deivaksne påkva kulturein ønskjer å for midle og synekorleis den lokale kulturenog historia er eit godt grunnlag for dette.

Samstundes blir det praktiske øvingar som dei vaksne kan ta med seg i sitt vidare arbeid.

Pirionkurset passar for både små og storegrupper. Kurset varar mellom 6 og 8

timar.

OM PIRION Stiftinga Piriongir ut kulturavisa Pirion åttegonger i året. Me bidreg og

fast til Fagbladet, seksjon kyrkje, kultur og oppvekst, åtte gonger årleg.

Pirionkursa er eit tilbod me har til alle,heilt uavhengig av abonnement.

OM KURSHALDARANE Kurshaldaranevåre har brei erfaring frå folkemusikk, forteljar studium, kulturskule og kulturlivgenerelt.

KONTAKT Vil du tinga kurs eller få meirinformasjon, ta kontakt med Pirion på epost [email protected] eller finn meir informasjon på www.pirion.no.

PiRionkurs

Korleis skapar me ein kulturbarnehage?

Ole Brum, Ola Tveiten eller Barbie,

kor hentar barna opp levingar frå?

P I T PA R I O N

FEST FOR DEN NYNORSKE BARNEBOKA

Hege Myklebust,komitéleiar forFalturiltufestivalen

© H

ege M

ykle

bust

7_Pirion_2010_uncoated:1011 25-10-10 10:41 Side 1