13
På tur med Botanisk hage: Vill rhododendron i Balsfjorden! Bakgrunnsskriv for ekskursjon til Holmvassfjell med staben i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage, 21. juni 2016. Det er naturleg at folk spreier seg under turen, så vi bed deltakarane om å lese gjennom dette skrivet først. Vi kan ikkje ta ansvar for skyss, så deltakarane må avtale skyss, t.d. gjennom Facebook-sida vår, og kvar bil må sørge for at dei avtalte personane blir med på returen. Finnest det vill rhododendron i Nord-Noreg? Det er nok ei overrasking for mange at svaret er ja, og det finnest faktisk to: Lapprose (Rhododendron lapponicum) og finnmarkspors (R. tomentosum). Den sistnemnde var i naboslekta Ledum inntil for eit-par tiår sidan, då denne blei slått saman med Rhododendron. Finnmarkspors er dominerande i fuktig skog og myrkanter når ein køyrer eit stykkje inn i Finland, og er ein vanleg, austleg plante, sjølv om den i Troms berre finnest i Dividalen og ved Altevatnet. Men lapprose er mykje meir eksklusiv! I 1991 var eg med og viste fram lapprose i fjella i Skibotn til Peter Cox. Han var nr. 2 av tre generasjonar Cox som framleis driv Glendoick Rhododendron- planteskole i Skottland, der Botanisk hage har henta nesten alle av våre eksklusive rhododendron (vi dyrkar sensasjonelt nok nærare 80 artar i Tromsø). Peter Cox hadde sett omkring 200 artar i naturen, serleg i Kina, men han blei stum av beundring over å sjå blomstrande lapprose i midnattsol. Den opplevinga bør du også unne deg! Og kor er lettaste alternativet? Fjellfloraen i Troms kan delast i tre ‘seksjonar’: Ytterkysten med fattig fjellflora på fattig gneis og granitt, men som kjent med vakre landskap. I låglandet er det lommar med rik og frodig flora der det er skjelsandavsetjingar og gjødsling frå sjørokket. I mellom-sonen, som på Fløya ved Tromsø, er floraen rik og fin, men ein god del eksklusive artar manglar eller er svært sjeldne. Dei finnest derimot i innlandet med kontinentalt klima og rik berggrunn, eigentleg langs grensen i heile Troms. For eksklusive botanikk-turar dreg vi derfor til Dividalen, Skibotn, Kåfjordfjellet, indre Nordreisa… Eigentleg var det Kristian Nyvoll blant oss som oppdaga at ein del av desse godbitane treng ein ikkje å reise så langt for å sjå, sjølv om den velkjente plante-entusiasten Ole Olsen brukte å gå dit i sine velmaktsdagar. Vi snakkar om Holmvassfjellet, kun 60 km frå Tromsø i retning Vollan. Ein tar av ved Seljelvnes-krysset, køyrer vegen retning Ullsfjorden, ca. 3,5 km rett forbi høgste punktet på vegen. Der står det eit kvitt lite skilt: ‘Ti på topp’ i Balsfjorden. Det er berre plass til få bilar på avkøyringa, så ein bør nok parkere på eine vegskuldra (kanskje ein varsel-trekant er på plass attom bakerste bilen..). Gå opp ein skogsbilveg der Ti på-

uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

På tur med Botanisk hage: Vill rhododendron i Balsfjorden!Bakgrunnsskriv for ekskursjon til Holmvassfjell med staben i Tromsø arktisk-alpine botaniske hage, 21. juni 2016. Det er naturleg at folk spreier seg under turen, så vi bed deltakarane om å lese gjennom dette skrivet først. Vi kan ikkje ta ansvar for skyss, så deltakarane må avtale skyss, t.d. gjennom Facebook-sida vår, og kvar bil må sørge for at dei avtalte personane blir med på returen.

Finnest det vill rhododendron i Nord-Noreg? Det er nok ei overrasking for mange at svaret er ja, og det finnest faktisk to: Lapprose (Rhododendron lapponicum) og finnmarkspors (R. tomentosum). Den sistnemnde var i naboslekta Ledum inntil for eit-par tiår sidan, då denne blei slått saman med Rhododendron. Finnmarkspors er dominerande i fuktig skog og myrkanter når ein køyrer eit stykkje inn i Finland, og er ein vanleg, austleg plante, sjølv om den i Troms berre finnest i Dividalen og ved Altevatnet.

Men lapprose er mykje meir eksklusiv! I 1991 var eg med og viste fram lapprose i fjella i Skibotn til Peter Cox. Han var nr. 2 av tre generasjonar Cox som framleis driv Glendoick Rhododendron-planteskole i Skottland, der Botanisk hage har henta nesten alle av våre eksklusive rhododendron (vi dyrkar sensasjonelt nok nærare 80 artar i Tromsø). Peter Cox hadde sett omkring 200 artar i naturen, serleg i Kina, men han blei stum av beundring over å sjå blomstrande lapprose i midnattsol. Den opplevinga bør du også unne deg! Og kor er lettaste alternativet?

Fjellfloraen i Troms kan delast i tre ‘seksjonar’: Ytterkysten med fattig fjellflora på fattig gneis og granitt, men som kjent med vakre landskap. I låglandet er det lommar med rik og frodig flora der det er skjelsandavsetjingar og gjødsling frå sjørokket. I mellom-sonen, som på Fløya ved Tromsø, er floraen rik og fin, men ein god del eksklusive artar manglar eller er svært sjeldne. Dei finnest derimot i innlandet med kontinentalt klima og rik berggrunn, eigentleg langs grensen i heile Troms. For eksklusive botanikk-turar dreg vi derfor til Dividalen, Skibotn, Kåfjordfjellet, indre Nordreisa…

Eigentleg var det Kristian Nyvoll blant oss som oppdaga at ein del av desse godbitane treng ein ikkje å reise så langt for å sjå, sjølv om den velkjente plante-entusiasten Ole Olsen brukte å gå dit i sine velmaktsdagar. Vi snakkar om Holmvassfjellet, kun 60 km frå Tromsø i retning Vollan. Ein tar av ved Seljelvnes-krysset, køyrer vegen retning Ullsfjorden, ca. 3,5 km rett forbi høgste punktet på vegen. Der står det eit kvitt lite skilt: ‘Ti på topp’ i Balsfjorden. Det er berre plass til få bilar på avkøyringa, så ein bør nok parkere på eine vegskuldra (kanskje ein varsel-trekant er på plass attom bakerste bilen..). Gå opp ein skogsbilveg der Ti på-topp-skiltet står. Det er ca ein halvtime opp til skoggrensa ved Holmevatnet. Litt før vatnet går skogsbilvegen over i ein merka sti. Den går på venstresida av vatnet og går så i ei bratt siste stigning opp til varden på c. 490 m. Høgdeskilnaden frå vegen opp til varden er berre omkring 250 m, så det er ein moderat tur, men litt bratt først og sist.

Utsyn frå Varden ein dag med skodde

Page 2: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Det er altså ein fin ettermiddags- eller kveldstur på kanskje 4 timar. Og kva kan du sjå? Det er i første rekkje vårblomstringa på fjellrabbane som er attraksjonen her. Turen bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans.

Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje inn ei forklaring på den fantastiske tilpasninga i form av kjemisk krigføring vegetasjon og jord er i ein ‘kjedeleg’ bjørkeskog, for dei som går saman med staben. Ved vatnet kjem ein inn på nokre halvrike rabbar med rik fyllittskifer i blanding med sur torv. Her finn ein derfor blanding mellom rik og fattig flora.

Vatnet på 460 moh med snøflekkar og bjørk i musøyrestadium 28. juni 2015

Rabb med det brunaktige graslignande sivet rabbesiv (Juncus trifidus) med den rosa greplyng i ganske store mengder.

Page 3: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Greplyng (Loiseleuria procumbens)

Greplyng (Loiseleuria procumbens) er ein vanleg art som mange kjenner. Den blei faktisk kalt Azalea procumbens av Linné, men nyare studier har slått slekta saman med ei planteslekt som serleg finnest i Nord-Amerika, slik at det gjeldande namnet er Kalmia procumbens, sjølv om dette ikkje er kome inn i floraer enno. Namnet ‘procumbens’ tyder nedliggjande. Arten er eviggrøn og veks veldig sakte på næringsfattige rabbar som attpåtil er tørre. Her veks den saman med rypebær, lyngarten med blad med nettmønster som blir knallraude om hausten og som har svarte smaklause bær. Som gutunge lærte eg at den var giftig, men det stemmer ikkje.

Fjellpryd (Diapensia lapponica), bilete riktignok tatt på Kvaløya

Page 4: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Den fjerde av dei typiske fattigbergsartane på rabbar er fjellpryd (Diapensia lapponica). Dette er også ein veldig vanleg art som mange kjenner, men den er alpin og går aldri heilt ned til havnivå slik mange andre fjellplantar gjer hos oss. Som greplyng er den tilpassa ein ekstrem veksestad, noko ein kan sjå på typiske fattigrabbar. Veldig lite næring og veldig tørt habitat gjer at få plantar klarer seg. Det blir lite konkurranse og artane klarer seg ved å vekse veldig sakte, ved å vere eviggrøn og ved berre å produsere nokre få nye blad kvart år. Studiar i Nord-Sverige konkluderte med at halvkuleforma individ på 10-15 cm i tverrmål kunne vere 400 år gamle! Så vis respekt for desse plantane, og prøv for all del ikkje å ta dei heim. Dei har naturleg nok kjempelange pelerøter og overlever ikkje flytting.

Men på Holmvassfjellet finn du fattigartane samen med rikartane. Alt på dei første rabbane finn du både fjelltettegras, reinrose og ganske snart kantlyng. Dei fleste kjenner det vanleg tettegraset (Pinguicula vulgaris) godt. Den veks som lysegrøne klebrige stjerner på fuktige stader, nesten ‘overalt’ og har skarpt blå til blåfiolette blomster. Blada er tett dekte av korte kjertelhår som fanger små insekt, og enzym løyser opp den lekre innmaten i insekta, noko som blir næringstilskot til planten. Slimet inneheld også enzym som set i gang surningsprosessen i den gammeldags seige ‘yoghurten’ som blei kalt tettemjølk og også ga namnet til planten.

Fjelltettegras (Pinguicula alpina) er derimot kvit med kontrastfarge i form av ein gul ganeflekk og gul honningsppore. Honningsporen er mykje breiare samanlikna med vanleg tettegras, og blada har ei svak raudbrun pigmentering. Den er vanleg i Troms på ope og litt kalkrik jord, i låglandet serleg langs grøfte- og myrkantar. Men ikkje la deg lure, arten har sitt norske tyngdepunkt nettopp i Troms, og er direkte sjeldan i Sør-Noreg.

Page 5: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Fjelltettegras (Pinguicula alpina)

Kantlyng (Cassiope tetragona) dukkar opp her, men blir vanlegare og nærmast dominant når du går opp den bratte skråninga litt lenger fram opp mot varden.

Page 6: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje
Page 7: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Kantlyng har nydelege, kvite og klokkeforma blomster. Den er ein hovudsakleg arktisk art, som er vanleg i indre Troms, på Svalbard, og rundt heile polområdet (manglar berre i Novaja Zemlya og litt vidare austover),. Den dominerer i mellomarktisk tundrasone, nord for der dvergbjørk, vier, krekling og blokkebær elles dominerer. Arten har sørgrense på Saltfjellet og manglar heilt i fjella i Sør-Noreg (også i Alpene), og blei vald som symbolplante for Tromsø arktisk-alpine botanisk hage når denne blei opna i 1994. Seinare blei det innskrenkingar på bruk av eigne logoar for enkelte einingar ved UiT, men kantlyngen står no framleis på dei gamle grøne hovudskilta ved Botanisk hage.

Blada står loddrett i fire rekkjer (derfor namnet tetragona, ‘4-kanta’), dei er innbukta på ein avansert måte for å minske vasstap, arten er eviggrøn. Sidan arten er eviggrøn, må den beskytte seg med masse kjemiske anti-beitestoff, lukt på blada, denne etest aldri av reinen! Eg kjenner lukta når eg skriv desse linene! Ein fantastisk plante!

Vi må heller ikkje glømme reinrose (Dryas octopetala), karakterplanten både for eksponert arktisk tundra og fjellheier lenger sør. Den er vanleg også i Alpene og har såkalla arktisk-alpin utbreiing.

Blada har grove tenner og liknar nærmast på eit mini-eikeblad. Blomsteren har parabol-fasong og snur seg etter sola, for at insekt på besøk skal få det varmt og godt og for at embryo og frøanlegg skal utvikle seg raskare – frøa er smånøtter med griflar omdanna til lange fjærhår, sjølvsagt for å lette vindspreiing av frø. Dei kan krysse fjordar. Botanisk hage har 8 ulike artar reinrose i samlingane, det er nesten alle som finnest.

På biletet ser du også den lause kalkgrusen opp mot varden. Varm sørskråning og spesielt veldrenert kalkjord som er skikkeleg tørr seinare på sommaren, er nok hovudforklaringa til at desse fjellplantane klarer seg såpass langt ut i fjorden og ved så lågt høgdenivå. Innimellom reinrose og kantlyng vil du finne kun enkelte andre blomstrande artar om våren, t.d. erteplanten setermjelt (Astragalus alpinus), på biletet under i sprekker i ei kalkblokk. Kalkfiolen Viola rupestris ssp. relicta, bør jo vekse der.

Page 8: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Men under: Rosinen i pølsa: lapprosa!

Page 9: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje

Med store, raudlilla blomster! Lapprosa blomstrar så tidleg at dei færraste fjellvandrarane ser den i blomstring. Den er i mellomsesongen mellom vinter og sommar. Blomstringstoppen på Holmvassfjellet er nok litt før St. Hans i eit normalår. Lapprosa er eigentleg ikkje veldig sjeldan i fjella i Indre Troms, men når den er avblomstra ser du den ikkje. Blada liknar blada til tyttebær, men med ein fin nettstruktur som faktisk er små, nedsenka, nærmast paraplyforma kjertelhår. Desse sender ut duftstoff som skal forhindre beiting, sidan også lapprosa er eviggrøn, og den hadde raskt blitt spist opp t.d. av rein på avblåste fjellrabbar utan kjemisk beskytting. Då vi botaniserte ved Alta/Kautokeino-vassdraget for Tromsø Museum først på 80-talet sa Ola Skifte at han kjente lukta av lapprose før han såg blada. Og det stemte, og arten var veldig sjelden der oppe. Det er den lenger sør også. Sørpå finnest den berre i eit lite område lengst nord rundt Gudbrandsdalen. Endå ein grunn til å setje pris på arten. Og den finnest ikkje blant dei talrike Rhododendron-artane som er i dyrking, med unntak for ein opprett underart frå Alaska.

Vi tenkjer å presentere lokaliteten for fjellplante-entusiastar og er på jakt etter eit betre lapprose-bilete. Vi utlyse derfor konkurranse om beste bilete og lovar eksklusiv botanisk premie!

Send bilete til underteiknaren. Velkomen!!!

Med helsing Arve Elvebakk

Page 10: uit.no20160205150722/På... · Web viewTuren bør gå i siste del av juni, omkring St. Hans. Oppstigninga er gjennom det vi vil kalle ein vanleg blåbærbjørkeskog. Men vi kan leggje