4
www.vagsoy.kommune.no JUNI 2014 Stortingsbeh. Kommuneformen JUNI 2015 Stortingsbeh. Melding om nye oppgaver MAI 2016 Evt. sammenslåinger ved kgl.res JUNI 2017 St. behandling Ny kommunestruktur Lovprop. nye oppgaver AUGUST 2014 - DESEMBER 2016 Regional prosjektorganisasjon JULI 2015 - MAI 2016 Kommunale vedtak 2015 MAI 2014 JUNI 2017 2016 2017 VÅGSØY KOMMUNE KOMMUNEREFORM Kommunegrenser og kommunestruktur handlar nettopp om slike spørsmål. Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform der bodskapen er tydeleg: «Kommunen må ha kraft og størrelse til å møte dei utfordringane som ventar.» Det er forhandla fram ein intensjonsavtale om eventuelt ny kommune mellom Selje, Vågsøy og Vanylven. Forslag til namn på den nye kommunen er Stad/Statt/Stadt. Er du oppteken av kommunen du bur i? Er kvaliteten på barnehage, skule og eldreomsorg eller andre tenester viktig? I juni 2016 skal kommunestyret i Vågsøy avgjere om dei ynskjer ei kommune- samanslåing. Går ein eller fleire av dei andre involverte kommunane inn for dette, vert det sendt ein søknad til departementet. Etter å ha fått ei tilråding frå fylkesmannen, vil departementet gjere eit endeleg vedtak. Følg og med på kommunen si facebookside for oppdatert informasjon.

Vågsøy kommune - Kommunereform

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Vågsøy kommune - Kommunereform

www.vagsoy.kommune.no

JUNI 2014Stortingsbeh.

Kommuneformen

JUNI 2015Stortingsbeh.

Melding om nye oppgaverMAI 2016

Evt. sammenslåingerved kgl.res

JUNI 2017St. behandling

Ny kommunestrukturLovprop. nye oppgaver

AUGUST 2014 - DESEMBER 2016Regional prosjektorganisasjon

JULI 2015 - MAI 2016Kommunale vedtak

2015MAI 2014

JUNI 2017

2016 2017

VÅGSØY KOMMUNEKOMMUNEREFORM

Kommunegrenser og kommunestruktur handlar nettopp om slike spørsmål. Stortinget har vedteke at det skal gjennomførast ei kommunereform der bodskapen er tydeleg: «Kommunen må ha kraft og størrelse til å møte dei utfordringane som ventar.» Det er forhandla fram ein intensjonsavtale om eventuelt ny kommune mellom Selje, Vågsøy og Vanylven. Forslag til namn på den nye kommunen er Stad/Statt/Stadt.

Er du oppteken av kommunen du bur i? Er kvaliteten på barnehage, skule og eldreomsorg eller andre tenester viktig?

I juni 2016 skal kommunestyret i Vågsøy avgjere om dei ynskjer ei kommune-samanslåing. Går ein eller fleire av

dei andre involverte kommunane inn for dette, vert det sendt ein søknad til

departementet. Etter å ha fått ei tilråding frå fylkesmannen, vil departementet

gjere eit endeleg vedtak. Følg og med på kommunen si facebookside for oppdatert

informasjon.

Page 2: Vågsøy kommune - Kommunereform

www.vagsoy.kommune.no

Forhandlingsutvala for kommunane har drøfta ei rekke viktige punkt som har enda opp i ein intensjonsavtale. Den seier noko om korleis ein ønskjer det skal vere etter ei samanslåing:

• Halde fram å tilby tenester lokalt. Mellom anna skal barnehagar, sjukeheimar, skular, beredskap, vaktmesterteneste og servicekontor vere som i dag.

• Gje gode tenester med god kvalitet.

• Behalde stadidentiteten til innbyggjarane lokalt.

• Ha gode digitale løysingar som forenklar kommunikasjonen til trass for avstandane.

• Etablere ein arbeidsgjevarpolitikk som bidreg til å samle og utvikle arbeidstakarane i den nye kommunen.

• Alle delane av kommunen skal ha politisk påverknad gjennom auka tal representantar i kommunestyret.

• Utføre oppgåver i størst mogleg grad innafor eigen kommune. Ein må likevel rekne med å behalde noko av det interkommunale samarbeidet slik det er i dag.

Page 3: Vågsøy kommune - Kommunereform

Utfordringane ved å stå aleine vil vere å:

• Rekruttere nok og rett kompetanse. I pleie og omsorg vil vi til dømes om nokre år trenge dobbelt så mange sjukepleiarar som i dag.

• Utføre lovpålagde tenester innafor eigen kommune. I dag har vi ein stor del tenester ein må løyse interkommunalt.

• Ha eit avgrensa fagmiljø, der ein må kjøpe tenester frå andre kommunar.

• Ha mindre slagkraft inn mot regjering og fylke i høve store satsingar som er viktige for arbeidsmarknad og næringsutvikling.

Med forslag til nytt inntektssystem vil i yttarste konsekvens prognosane til dei tre kommunane vere: Vanylven vil gå med eit tap på 3 600 000 kroner, Selje vil få eit tap på 600 000 kroner og Vågsøy eit tap på 6 600 000 kroner.

Kommunar som bestemmer seg for å slå seg saman i denne stortingsperioden, får behalde basistilskot og regionalpolitiske tilskot som i dag uavkorta i 15 år, og deretter få ei nedtrapping over fem år.

Page 4: Vågsøy kommune - Kommunereform

www.vagsoy.kommune.no

ENGASJER DEG - BRUK RØYSTERETTEN DIN!Perioden mars – april 2016 vert ein viktig periode for deg som innbyggar. Måndag 25. april 2016 vert det rådgjevande folkerøysting. Dei som fyller 16 år i løpet av 2016 kan stemme.

vågsøy KommUne har 3 røystesetlar:

setel 1: Ja Ynskjer at Vågsøy skal slå seg saman med andre kommunar: Vanylven – Selje

setel 2: nei Ynskjer at Vågsøy ikkje skal slå seg saman med andre kommunar

setel 3: BlanK stemmesetel

røysting på valdagen:Bryggja grendahus kl. 12.00 - 18.00Skavøypoll skule kl. 12.00 - 18.00Frelsesarmeen i Måløy kl. 12.00 - 18.00Raudeberg skule kl. 12.00 - 18.00

førehandsrøysting

i påskeveka er rådhuset ope for førehandsrøysting:Mandag 21.mars kl.08-15.30Tysdag 22.mars kl.08-15.30Onsdag 23.mars kl.08-12.00

i tillegg vert det mogleg å førehandrøyste på rådhuset: Alle kvardagar fram til 25.april: kl.08.00-15.30Torsdag 21.april kl. 08.00-18.00Laurdag 23.april kl.10.00-14.00 Måndag 25. april 2016 vert

det rådgjevande folkerøysting!

Freq

uenc

y.no