15

Vente på fuglen

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Fødsel. Død. Sorg. Glede. Kjærleik. Utruskap. Hengemagar. Trofékoner. Ungkarar. Augustkveldar. Søndagsturar.

Citation preview

Page 1: Vente på fuglen
Page 2: Vente på fuglen
Page 3: Vente på fuglen
Page 4: Vente på fuglen

Frode GryttenVente på fuglen

Noveller

Page 5: Vente på fuglen

© 2014 Kagge Forlag AS

Omslagsdesign: Trine + KimLayout: Dag Brekke | akzidenz as

Papir: Print Cream 80 gBoka er satt med: Minion Pro 11,5/13,5

Trykk og innbinding: ScandBook | Falun

ISBN: 978-82-489-1462-4

Kagge Forlag ASStortingsg. 12

0161 Oslo

www.kagge.no

Page 6: Vente på fuglen

ei kvinne, to menndu kjenner historia

vel, her kjem ho igjenei kvinne, to menndu kjenner historiavel, her er ho igjen

Page 7: Vente på fuglen

– 7 –

Page 8: Vente på fuglen

– 7 –

Ein dag i livet til nyttårsbarn (22 timar): Skrike. Sove. Ete. Sove. NRK. Sove. NTB.

Ete. Sove. TV 2. Drite. Bade. Skrike. Sove. Ete. Sove.

Page 9: Vente på fuglen

– 8 – – 9 –

I drømmen siglar jente (2 md.) ned floder av morsmjølk, babycall slått på, fjell av

hekla ull, månen ein diger pupp. Så ser ho fossefallet.

Page 10: Vente på fuglen

– 8 – – 9 –

Nokon har strødd eit lag melis i gata. Litt ut på dagen kan ein sjå

fotspora til leikande jenter (3). Ingen djupe tankar, bare litt lykke.

Page 11: Vente på fuglen

– 10 – – 11 –

Dei har ikkje henta gut (3) i barnehagen på eit par veker. Sant å seie,

han søler, rotar, grin. Sant å seie, han er ikkje det dei drømte om.

Page 12: Vente på fuglen

– 10 – – 11 –

Beina hennar er fulle av skrubbsår og sebraplaster. Munnen hennar er ein

lykkelig stad, alltid open for is. Jente (3) er årets lysaste dag.

Page 13: Vente på fuglen

– 12 – – 13 –

– Du er henta! ropar dei til Spiderman (4). Karnevalet har tatt alle superkreftene.

Heime vil Spiderman ha Nugatti-skive og sjå Sauen Shaun.

Page 14: Vente på fuglen

– 12 – – 13 –

Sola stig opp 05:55, mens det er mørkt ute og snøen fell under gatelysa. Sola er fire år i dag, ho vil ha på kjole

og ta med is i barnehagen.

Page 15: Vente på fuglen

– 14 – – 15 –

Leggetid, så nær jul. Kva ønsker du deg? spør far. Jente (4) tenker, veit at no, ja no gjeld det. Endelig svarar ho: Nesten alt.