16

Fuglen som forsvann

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Undervisningshefte om kildesortering og gjenvinning, klima og miljø, for barnehage, 1. og 2. trinn.

Citation preview

Page 1: Fuglen som forsvann
Page 2: Fuglen som forsvann

PÅ TUR

Maria, Sobia og Pål er på tur. Dei vaksne heiter Anne og Are.Maria et druer.Ho spyttar druesteinar veldig langt.

Sobia ser ein fugl.Han ligg stille på bakken.

- Han søv, seier Pål. Fuglen rører seg ikkje. Han flyg ikkje. Han er daud.

- Stakkars fugl, seier Sobia.- Stakkars, stakkars fugl, seier Pål.- Vi må gravleggje han.

Page 3: Fuglen som forsvann

FUGLEN FÅR EI GRAV

Dei grev eit hol i bakken.Vi må lage teppe, seier Sobia.

Dei finn lauv. Blada har mange fargar. Dei pakkar inn fuglen i blada.Maria har funne ein stor, flat stein.

- Vi legg han oppå, seier ho.- Då kan ikkje reven ete fuglen, seier Pål.

Maria finn ikkje glaset sitt.Men dei må gå. Dei skal heim.Så kjem vinteren.

Page 4: Fuglen som forsvann

KVAR ER FUGLEN?

Det er vår. Sola har varma i mange veker.Det er fint å gå på tur.Pål undrast på korleis fuglen har det.- Skal vi grave han opp og sjå, spør han.Dei finn den store, flate steinen.

Pål grev og grev. Sobia og Maria grev djupare.Fuglen er vekk.Men Maria finn glaset sitt.Ho trakkar på det og fell.- Au, rompa mi! ler ho.

Page 5: Fuglen som forsvann

KVA BLIR VEKK?

Bålet brenn fint. - Kvifor vart fuglen vekk? spør Pål.- Glaset mitt blei ikkje vekk, seier Maria. - Men om vi grev det ned? seier Pål.- Kva med bananskalet? seier Maria.

- Det kjem an på om nokon et det opp, seier Anne.- Kven gjer slikt? spør Maria.- Ikkje eg, seier Sobia og Are.- No skal de høyre, seier Anne.

Page 6: Fuglen som forsvann

TYGG, TYGG, TYGG!

- Sjå på bladet til Pål, seier Anne. - Det er nesten borte. Mange tusen bakteriar har ete på det. Vi kan sjå dei i eit mikroskop. Små soppar har òg ete. Anne pirkar i ein roten trestokk.

Ho tek forsiktig opp eit lite dyr.- Eit skrukketroll, seier ho.- Meitemark og skrukketroll har ete. Småkrypa et. Så bæsjar dei. Då vert det jord, litt etter litt.- Har dei ete fuglen? spør Sobia.- Ja. Og då vart fuglen jord.

Page 7: Fuglen som forsvann

KVA VERT TIL JORD?

Sobia, Maria og Pål vil sjå kva som vert til jord. Dei grev mange hol.Der legg dei drikkekartongar, maisboks, glaset til Maria, ketsjupflaske og bananskal. Dei set opp små skilt.

- Det liknar blomebed, seier Maria.Pål ler. - Kanskje det veks opp hundre boksar med mais!- Og tusen mjølkekartongar, seier Maria.- Ketsjup ønskjer eg meg, seier Sobia.- Men kva liker meitemarken best, tru?

Page 8: Fuglen som forsvann

NOKO ER ETE OPP!

Det har vore sommar. Det er haust. Sobia, Maria og Pål er på tur attsaman med Anne og Are.Dei har grave opp tingasom dei grov ned da det var vår.Dei vil sjå kva som er blitt vekk.

Kartongane, glaset, boksen og ketsjupflaska er der.- Men bananskalet? spør Sobia.- Oppete! ropar ho.Pål finn det heller ikkje.- Tygd og bæsja ut! ler han.

Page 9: Fuglen som forsvann

Å SORTERE ER LURT

Maria, Pål og Sobia kan sortere.Dei kastar tinga der dei skal.- Men maten? seier Sobia. - Skal vi grave ned all maten? Slik som bananskalet?- Nei, seier Anne. - Det vert så mykje.

Folk gjorde det før.Smådyra rakk ikkje å ete opp alt. Det vart ein haug som lukta vondt.Det rann skite vatn frå han.Men vi kan ta maten i ei kasse.Vi kan gjere det rett. Vi kan lage kompost. Vil de vere med?

Page 10: Fuglen som forsvann

10

KOMPOST

Sobia, Maria og Pål har ei kasse. På botnen har dei lagt kvistar.I kassa legg dei potetskrellog mat som dei ikkje har ete opp. Så får kassa strø. Strø er kvistar som er kutta opp i småbitar.

Så rører dei med ein lang pinne. Då vert det fint for dei små dyra som skal ete maten. Bakteriane får det varmt og godt.Dei skal dele opp alt i kassa.Etter nokre veker er det jord.

Page 11: Fuglen som forsvann

11

DRAUMAR

- Kva skal vi dyrke i den nye jorda? spør dei vaksne.- Druer! ropar Maria. - Eg skal spytte druesteinar til fuglane.- Bananar! seier Pål. - Og godteri! Kjærleik på pinne og sukkertøy!

- Blomar! seier Sobia. - Store som fuglar og små som maur.Dei luktar bringebær.Og sommerfuglane bor i dei raudaste blomane.

Page 12: Fuglen som forsvann

1�

PÅL PANTAR

Pål pantar flasker og boksar.Ein bil hentar deiog kjører dei til ein fabrikk.Boksane vert smelta.Ein maskin lagar nye boksar.

Flaskene til Pål er laga av plast.Flaskene vert rivne i småbitar.Dei blir varma oppså dei nesten smeltar.Ein maskin lagar nye flasker.

SOBIA KASTAR KARTONGAR

Sobia liker mjølk og jus.Når kartongane er tomme,skyller ho dei.Ho kastar dei i ei kasse. Dei vert kjørt til ein fabrikk.

Der legg dei kartongane i vatn.Kartongane vert mjuke som graut og suppe. Papirsuppa vert papir. Sobia les i eit bladsom har vore kartong.

Page 13: Fuglen som forsvann

1�

SOBIA KASTAR GLAS

Sobia kastar glaset sitt.Det har vore syltetøy i det. Ho kan kaste flasker òg.Glaset vert kjørt til ein fabrikk. Glas og flasker vert knust.

Dei vert til små bitar. Bitane vert smelta i ein omn.Dei kan bli nytt glas.Maria tek syltetøy på brødet sitt.Ho har eit nytt syltetøyglas.

PÅL KASTAR EIN BOKS

Pål har ete mais. Han kastar boksen i ei kasse.Der ligg glaset til Sobia.I kassa kan han kaste boksarsom det har vore mat i.

Boksane vert smelta i ein veldig varm omn. Da kan dei lage nye boksar. Pål har ein slik boks.Pål et meir mais. Nam, nam!

Page 14: Fuglen som forsvann

1�

TEIKN! Har du vore på tur? Har du sett fuglar? Har du sett små dyr?

TEIKN! Kva kan vi bruke mjølkekartongen til?

Page 15: Fuglen som forsvann

1�

TEIKN! Du har laga fin jord. Kva skal vekse hos deg?

Page 16: Fuglen som forsvann

MILJØMERKET