Den digitale kvardagDiskusjonsspørsmål
Utarbeidd på bakgrunn av Play Decide, Digital life
Mitt første Internett Er det ein ideell alder for når
barn skal begynne å bruke Internett?
Popularitet Påstand: Du er nokon om du har
mange vener på Facebook. Er du einig i påstanden?
Kvifor/kvifor ikkje?
Drep Google magien? Påstand: Når vi googlar alt
mogeleg misser vi noko viktig – eventyrlysta vår.
Er du einig eller ueinig i at når vi alltid har tilgang til informasjon så har Internett-generasjonen mist kjensla si for undring og glede over å oppdage nye ting?
Kjempe eigne slag Ein av klassekameratane dine
har fått negative kommentarar og fått spreidd usanne og dårlege rykte om seg sjølv på Internett.
Er det hans/hennar ansvar å kjempe for seg sjølv og slå tilbake?
Kva ville du gjort i same situasjon?
Tagging Nokre gonger kan det vere moro
å tagge andre i bilete, men det er kanskje ikkje så moro for den det gjeld.
Kom med døme på slike situasjonar.
Anonymitet Påstand: Det vert sagt at yngre
gøymer seg bak kallenamn og avatarar på sosiale media, og at dei skjuler sitt sanne eg framfor å vere ærlege og opne om kven dei er.
Er du einig i påstanden? Diskuter.
Samle onlinevener Scenario: 3/4-deler av venene
dine online er menneske du aldri har møtt.
Kva er poenget med slike vener? Diskuter.
For ung for sosiale media Bør det vere ei aldersgrense for
når ein kan delta i sosiale media? Grunngje svaret.
MMORPG Påstand: Mange seier at slike
spel gjer at ein utviklar sosiale ferdigheiter.
Trur du dette er sant og trur du at dette er likt for gutar og jenter?
MMORPG = Massive(ly) Multiplayer Online Role-Playing Game (t.d. World of Warcraft)
Å kaste bort tid Vaksne klagar ofte over at barn
og unge brukar for mykje tid online.
Er det nokre online-aktivitetar som du personleg meiner er bortkasta tid? Kva og kvifor?
Pornografi Påstand: Det er ein myte at det å
sjå pornografi på nett vil hindre unge frå å vakse opp som ansvarlege, balanserte vaksne.
Er du einig i påstanden? Påstand: Å stenge for pornografi
er å bruke teknologi på noko som ikkje er eit teknologisk problem.
Er du einig i påstanden?
Foreldre på Facebook Ønskeleg eller skremmande? Er foreldre sitt nærvær på sosiale
nettverk ein god ting? Skal ein vere ven med foreldra
sine? Skal ein vere ven med lærarane?
Rykte på nett Dårleg omdøme kan nokre
gonger berre vere eit tastetrykk unna.
Kom med døme på når slikt kan skje.
Virtuelle verder og avatarar Utsegn: Eg kan forstå at barn
treng å late som om dei er nokon andre og lage fantasifulle, glamorøse avatarar i virtuelle verder. Men når ein blir tenåring er vel det litt barnsleg?
Er du einig i utsegna? Kvifor/kvifor ikkje?
«Like» Kor viktig er det at andre trykker
«like» på profilen din? Grunngje svaret.
Krafta i sosiale nettverk Påstand: Sosiale nettverk er
truleg viktigare når det gjeld å promotere sosiale og miljøvernmessige saker enn det som kjem frå styresmaktene.
Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?
Sensur Utsegn: YouTube og Facebook
skulle tillate porno. Lenge leve ytringsfridomen!
Kva bør sensurerast og ikkje sensurerast på nett?
Diskuter.
Multitasking Påstand: Multitasking er
ineffektivt. Ein kan ikkje konsentrere seg om meir enn ein ting om gongen.
Er du einig i påstanden? Diskuter.
«Fast-food»-informasjon Påstand: Auka tilgang på
informasjon gjer Internett-generasjonen latare og mindre eigna til å forstå informasjonen. Folk tenkjer ikkje sjølv lenger.
Er du einig i påstanden? Kvifor/kvifor ikkje?
Gøyme seg bak skjermen Er det feigt å seie ting på nett
som ein ikkje har mot til å seie ansikt til ansikt?
Grunngje svaret.
Forby sosiale media i skulen Mange ønskjer å forby sosiale
media i skulen fordi mange surfar på nett, oppdaterer profilar og chattar framfor å følgje med på undervisninga.
Er det å forby sosiale media i skulen ei god tilnærming? Diskuter.
Leve i ei digital boble Påstand: Folk har aldri vore så
åleine som dei er no i vår digitale tidsalder.
Diskuter kva som ligg i påstanden.
Kva er Wikipedia verd? Påstand: Wikipedia har mest
informasjon, men er samstundes ei av dei mest upålitelege kjeldene på Internett.
Diskuter påstanden.
Video-deling Nokre av videoane på YouTube
har blitt sett av millionar av menneske.
Kvifor har desse videoane så stor suksess?
Gode gamle dagar Påstand: Foreldre seier at livet
før Internett var betre. Korleis kan livet ha vore betre før
i tida? Er du einig i påstanden?
Kvifor/kvifor ikkje?
Tryggleik Korleis kan ein lære barn om
tryggleik på nett? Kva er den beste måten foreldre
kan gå fram på når dei skal lære barna sine å handtere risiko knytt til online-aktivitet?