2
Kunst og kultur for alle!Den kulturelle skulesekken skal sikre mangfald av kunst- og kulturopplevingar for elevane. Også i år er tilbodet sett saman av ulike kunst- og kulturutrykk, og har eit stort tematisk spenn frå Nasjonalmuseet si utstilling «Byplansjefane», prisløna italiensk teater, konsertar, forfattarbesøk, og til det å lage gode videofilmar med mobiltelefonkamera.
Frå skuleåret 2015-2016 får også elevar ved vg1 tilbod frå DKS. Dermed vil alle elevar i fylket frå 1. steg i grunnskulen til siste år på vidaregåande få årlege møte med profesjonell kunst og kultur gjennom DKS.
Vi håpar tilboda frå DKS det komande skuleåret vil vere eit godt supplement til elevane si oppleving av kunst og kultur i skulen, og ynskjer lukke til med arbeidet!
Godt skuleår!
Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane
Øyvind Høstaker, koordinator DKSTrygve Apalset, rådgjevarGuro Høyvik, rådgjevarSolfrid Bygstad, turnèkonsulent DKSØyvind Lyslo, produsent skulekonsertar
Foto: David Zadig
5.–7. steg
1.–4. steg
vg2
Produksjon Uttrykk Innhald Alderssteg Kommunar
Katta i sekken Teater/litteratur
Teaterframsyning med opplesing, musikk og gjøgleri
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Vesleblakken TeaterDramatisering av novella «Vesle-blakken»
Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Tanke-laboratoriet
TeaterSong, musikk, teater og teikning på storskjerm
Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Black Sheep TeaterTeater om ein svart sau som lever sitt eige liv i si eiga verd
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Cirkus Agora ScenekunstSirkusdirektør og sjonglør på skule-besøk
Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
To menn og ei tavle
Crossover Vill og morosam teikneforteljingAskvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Daisy Jopling Musikk Klassisk fiolinist utanom det vanlegeAurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Fart! MusikkMusikk kan ha ulik fart og kan til dømes spelast skikkeleg fort
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Alo - alltid MusikkSamisk musikk i tradisjonsrik og moderne form
Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Trekkspel på tur MusikkDenne konserten inneheld alt anna enn tradisjonell trekkspelmusikk
Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærd-al, Sogndal, Vik, Årdal
Giovanni frå Dalen
Musikk Konsert med Distriktsmusikarane i SognAskvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Drumdrum MusikkTre jazzmusikarar med stor musikalsk breidde
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Dit pepperen gror
FilmMøte med filmskaparen si reise gjennom Austafrika
Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Hvem er samene?
LitteraturSamisk kultur formidla av forfattar av samiske fagbøker for barn
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Byplansjefane Visuell kunst Elevane får forme sin eigen miniatyrby Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Møteplass himmel og jord
KulturarvRessurskasse som skulane kan bestille med tema: dei fire verdsreligionane På bestilling
Filmhjelp.no FilmEit kort kurs om film og det å lage film. Elevane lagar sjølve ein kortfilm
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Hemmeleg helt LitteraturTungtvannsaksjon og Kon-Tiki: For-fattar fortel om Knut Haugland sitt eventyrlege liv
Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Bawke FilmFilmskaparen tek oss med inn i- og bak filmen Bawke
Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Så vakker du er Teater/litteratur
Teater om det å gripe dei sjansane livet gir
Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Snakk om språk LitteraturMålet er å diskutere og skaperefleksjonar kring språk
Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Entre dos aguas Musikk Klassisk gitarmusikk på øvste hylle Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Cameleonte Musicale
MusikkKonsert i musikalsk grenseland mellom den klassiske og rytmiske musikken
Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Chili Vanilla MusikkMusikalske kontrastar mellom hot og søtt, hardt og mjukt, raskt og rolig
Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Mhoo MusikkTo jenter, to gitarar og tostemt song om støvete solnedgongar og mexikansk landskap
Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Hemmeleg helt LitteraturTungtvannsaksjon og Kon-Tiki: For-fattar fortel om Knut Haugland sitt eventyrlege liv
Alle dei vidaregåande skulane i fylket
Metropolis Film/musikkHistorisk stumfilm med live musikk som speglar filmens science-fiction sjanger i våre eiga
Alle dei vidaregåande skulane i fylket
Drone FilmFilm som tek oss med til innsida av CIA sin hemmelege dronekrig
Alle dei vidaregåande skulane i fylket
vg1 vg38.–10. steg
Program Den kulturelle skulesekken
Innhald
Kunst og kultur for alle! 2Programoversikt 4Om Den kulturelle skulesekken 6Kontakt oss 7DKS-konferansen 7Framsyningar i 2015–2016 8Katta i sekken – Lurivar og kjærleiken 9Vesleblakken 10Tankelaboratoriet 11Black sheep 12To menn og ei tavle 14Daisy Jopling 15Fart! 16ALO 17Trekkspel på tur 18Giovanni frå Dalen 19
DRUMDRUM! 20Dit pepperen gror 21Hvem er samene? 22Byplansjefane 23Møtepunkt himmel og jord 24Filmhjelp.no 25Hemmeleg helt 26Bawke 27Så vakker du er 28Snakk om språk 29Entre Dos Aguas 30Cameleonte musicale 31Chili Vanilla 32Mhoo 33Metropolis 34Drone 35
5
Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til barn og unge. Eit hovudmål er å medverke til gode vilkår for å formidle kunst og kultur. Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem frå.
Fylkeskommunen administrerer ordninga i Sogn og Fjordane. Her i fylket får kvar elev i grunnskulen fire profesjonelle kunst- og kulturtilbod kvart skuleår. I tillegg er det tilbod til lærlingar og elevar i denvidaregåande skulen.
Elevane møter mange ulike kunst- og kulturuttrykk gjennom Den kulturelle skulesekken
• musikk• scenekunst• visuell kunst• litteratur• film • kulturarv
Nasjonale og lokale aktørarFylkeskommunen samarbeider med nasjonale aktørar som Rikskonsertane, Nasjonalmuseet og Norsk kultur-råd om tilboda i Den kulturelle skulesekken. I tillegg samarbeider vi sjølvsagt tett med eit stort nettverk av utøvarar og grupper frå Sogn og Fjordane. For skuleåret 2015–2016 er mellom andre Sogn og Fjordane teater, Distriktsmusikarane, Fylkesbiblioteket med i Den kulturelle skulesekken.
ØkonomiDKS vert finansiert av overskotet til Norsk tipping. Kommunane disponerer 1/3 av midlane for grunnskulane og 2/3 av dei vert brukte til turnèar i regi av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ansvar for å dekke kostnadene knytte til administreringa av ordninga, og Rikskonsertane finansierer musikkproduksjonane og stillinga som musikkprodusent. Les meir om Den kulturelle skulesekken her
Om Den kulturelle skulesekken
6
7
Kontaktinfo NettsideDen kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har nettsida www.skulesekken.no med informasjon om skulesekken og dei ulike produksjonane. FacebookPå facebook kan du følgje sida vår, gje tilbake-meldingar og få nyhende om aktuelt saker. [email protected] Telefon57 63 80 00 PostadresseSogn og Fjordane fylkeskommuneKulturavdelinga, Den kulturelle skulesekkenPostboks 173, 6801 Førde
KulturkonferansenKvar haust vert det arrangert ein konferanse for alle som arbeider med og er interesserte i Den kulturelle skulesekken. I år vert konferansen arrangert saman med UKM og kulturskulane, og temaet er «Felles barn, felles ansvar». Konferansen vert 17.–18.september på Thon hotell Jølster. Meir informasjon ligg på www.skulesekken.no
7
1.–4. steg
9
Katta i sekken – Lurivar og kjærleikenDette er ei framsyning der opplesing, musikk og gjøgleri rettar merksemda mot den gode teksten og inviter-er elevane til å delta aktivt. Ein formidlar med kompetanse innan barnelitteratur og pedagogikk har med seg tunkatten Lurivar på nye vegar inn i språk og litteratur. Tunkatten vert spela av ein skodespelar i kostyme.
Uttrykk: Teater/litteraturMålgruppe: 1.–4. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet
Foto: David Zadig
10
1.–4. steg
VesleblakkenFramsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødeleg då Nordahl Rolfsen tok den med i boka «Lesebok for folkeskolen.»
Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: ein bror er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Hesten Vesleblakken er både den raskaste hesten på garden og borna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok.
Medverkande: Markus Tønseth og Peder Opstad
Uttrykk: Teater Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet
Foto: Atle Knudsen
11
1.–4. steg
Tankelaboratoriet
Møt Reddharen, Sinnataggen, Firkanten og Hermegåsa. Alle ønskjer å bli forstått, men opplever stadig det motsette.
I “Tankelaboratoriet” leitar vi etter vegen ut av misforståing gjennom ei humoristisk og sårbar undersøking av å vere til.
Vi forskar i eksistensielle og gjenkjennelege problem - ved hjelp av Anne Marit Sæther sine levande teikningar, Gro Dahle sine undrande songtekstar, og Ragnhild Faanes og Erlend Smalås sitt undersøkande lydunivers.
Medverkande: Anne Marit Sæter, Ragnhild Faanes og Erlend Smalås
Uttrykk: Teater Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet
Foto: Atle Knudsen
Foto: Gilles Berger
Black sheepI denne framsyninga møter vi ein svart sau som lever sitt eige liv i si eiga verd. Han har litt uvanlege vener, prøver å forstå kva som er normalt, men strevar med å bli akseptert slik han er.
Stykket stiller spørsmål om mangfald, om evne og vilje til å tilhøyre ei gruppe samtidig som ein tek vare på eigen identitet. Den italienske framsyninga «La Pecora Nera» («Black Sheep») er resultat av eit kreativt prosjekt ilag med barn i skular og barnehagar i 2011.
Teatrodistinto høyrer heime i Milano, teateret lagar framsyningar som alle kan forstå - utan ord vert historia iscenesett, kjensler og moral blir formidla gjennom gester og handlingar. Utøvarar: Alessandro Nosotti og Michele Puleio
Uttrykk: TeaterMålgruppe: 1.-7. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet
5.–7. steg
1.–4. steg
12
Foto: Teatrodistinto
Cirkus Agora Det heile starta med ein ambisiøs gut som hadde spent opp ei line mellom eple-treet og utedoen heime på garden i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Guten heitte Jan Ketil Smørdal og vart etter kvart ein av Europa sine mest ettertrakta artistar, og sirkusdirektør i eige sirkus i ein alder av 24 år. Etter 30 år på vegen har Jan Ketil opplevd bortimot alt ein kan oppleve som profesjonell artist, det som enno er uprøvd er å turnere Cirkus Agora i Den kulturelle skulesekken!
Malte Knapp er ein sirkusartist som gjorde sin første profesjonelle opptreden på einhjulssykkel allereie som 14 åring, og Cirkus Agora vart Malte sin første arbeids-givar som 17 åring. Etter den tid har han hatt oppdrag på nokon av dei største sirkusa i verda. Desse to er no saman igjen og har tilpassa Cirkus Agora til skuleformat. Gym-salar og aulaer rundt i fylket får besøk der ein ekte sirkusdirektør presenterer ein sjonglør og sykkelfantom i verdsklasse.
Medverkande: Jan Ketil Smørdal og Malte Knapp
Uttrykk: ScenekunstMålgruppe: 1.–7. stegKommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal Les meir om tilbodet
1.–4. Steg
5.–7. Steg
13
14
5.–7. steg
1.–4. steg
To menn og ei tavleTo menn og ei tavle er ei vill og morosam teikneframsyn-ing der teiknarane og tvillingbrørne Svein og Egil Nyhus teiknar og fortel for og med publikum.
Medverkande: Svein og Egil Nyhus
Uttrykk: CrossoverMålgruppe: 1.–7. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet
Foto: Svein og Egil Nyhus
15
Daisy JoplingDaisy Jopling er ein klassisk fiolinist utanom det vanlege. Den Londonfødde musikaren debuterte i Royal Albert Hall då ho berre var 14 år gammal. Sidan har Daisy flytta til New York og etablert seg som ein ettertrakta artist i musikkmetropolen. Daisy sitt musikalske utgangspunkt er å gjere den klassiske musikken tilg-jengeleg for flest mogleg gjennom kryssing av sjangergrenser, virtuositet, speleglede og ikkje minst: Massevis av energi!
Daisy Jopling - fiolin og elfiolin
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 1.–7. stegKommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet
5.–7. steg
1.–4. steg
Foto: Jowan Gauthier
16
5.–7. steg
1.–4. steg
Fart!Fart påverkar oss heile tida. Til dømes roterer jordkloden med ein fart på godt over 200 meter pr. sekund, men denne farten merkar vi ikkje. Lyden går endå fortare, omlag 300 meter pr. sekund. Men kva fart har ein kjedeleg skuletime? Kan noko kjennast fort for deg, medan det kjennast sakte for andre? Har kjensler fart? På konserten vil distriktsmusikarane i Førde syne at musikk også kan ha svært ulik fart, og at opplevinga av lyd i forhold til tid kan variere alt etter kvar ein er og ikkje minst kven ein er. Dessutan kan det hende at det vert spelt skikkeleg, skikkeleg fort!
Helga Lied Wyrtz - fløyteArvid Anthun - trompetAkiko Anazawa - piano
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 1.-7. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet Foto: Øyvind Lyslo
17 17
5.–7. steg
1.–4. stegALO
I konserten Alo blir vi kjende med dei tre barndomsvenene Marit, Kari og Klemet. Dei fortel om oppveksten sin og om å vere vener, og dei fortel om å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikken dei spelar, i både tradisjonsrik samisk form og moderne klangdrakt. ”Alo” er eit samisk ord, og kan omsetjast med ”alltid”. Slik vi ynskjer at venskap frå barndomen skal vere - for alltid.
Marit Hætta Øverli - joikKari Heimen - joik og trommerKlemet Anders Buljo - joik, gitar og lyd
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 1.–7. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet
Foto: Rikskonsertane
5.–7. steg
Trekkspel på turMange trur at trekkspel berre har med gammaldans å gjere. Denne konserten inneheld alt anna enn akkurat det! Her får vi høyre musikk frå Russland, Frankrike, Italia, Balkan og Sør-Amerika, i tillegg til både orgelmusikk og samtidsmusikk. Det finst mange slags trekkspel, og på konserten vil vi bli kjende med både det store akkordeonet og det franske musette-trekkspelet som har ein heilt spesiell klang. I tillegg har musikarane med seg eit mindre 3-raders akkordeon som passar fint for litt unge fingrar. Kanskje nokre av elevane får prøve seg på det i løpet av konserten?
Stian Aase - trekkspelLars Røyseng - trekkspel
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 1.-7. stegKommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet 18
1.–4. steg
Foto: Røyseng Aase
Giovanni frå DalenPå denne konserten vil elevane få møte Distriktsmusikarane i Sogn i ei fram-syning med musikalske sjekketriks pakka inn i eit skrått blikk på kjærleik i musikken. Ein berømt cellist og ein konsertpianist møter ein sauebonde frå Jostedalen med skjulte talent. Då kan alt skje.
Bjørn Gisle Seter - songHans Holgersson - celloDorina Komani - piano
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 8.-10. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet 19
8.–10. steg
Foto: Øyvind Lyslo
DRUMDRUM!Den karismatiske trommeslagaren Benita Haastrup er kvinna bak DRUMDRUM! Ho har med seg to toppmusikarar frå Danmark: den virtuose vibrafonisten Kaare Munkholm, og den garva bassisten Jens Skou Olsen. Musikarane har alle tre spelt tallause konsertar rundt om i heile verda, og dei er inspirert av nokre av dei største namna i jazzhistoria. På konserten vil du få høyre tonar inspirert av både Duke Ellington i tillegg til brasiliansk og afrikansk musikk, danske folkesongar og ikkje minst nokre av Benita sine eigne melodiøse komposisjonar.
20
1.–4. steg
5.–7. steg
Benita Haastrup – perkusjonKaare Munkholm – vibrafonJens Skou Olsen - bass
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 1.-7. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet
Foto: Rikskonsertane
Dit pepperen gror
Eli Gunnvor Grønsdal, journalist og filmskapar viser ni ulike filmklipp frå TV2 serien “Dit peppern gror”. Eli G var programleier i serien som tok sjåarane med på ei reise gjennom Aust Afrika, på motorsykkel. Turen startar i Addis Abeba, Etiopia, gjennom Kenya, Tanzania og til krydderøya Zanzibar, 3000 km. Mål; å vise eit annleis og meir positivt bilete av Afrika.
Mellom klippa samtalar Eli G og elevane rundt haldningar, forestillingar og meiningar om mennesker, kultur, skikkar og fakta om Afrika. Utøvar snakkar også om kva som dannar haldningane våre og skilnaden på dokumentar og fiksjonsfilm.
Medverkande: Eli Gunnvor Grønsdal
Uttrykk: Film Målgruppe: 5.-7. stegKommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet
21
5.–7. steg
Foto: Eli Gunnvor Grønsdal
22
5.–7. steg
Hvem er samene?“Hvem er samene?” byggjer på boka ”Samer”, som er ei faktabok for born. Opplegget er todelt og blir gjennomført i løpet av ein dobbeltime. Første del har form som eit miniforedrag basert på boka ”Samer”. Elevane får ein kjapp gjennomgang av samisk historie. I tillegg får dei innføring i dagens samiske sam-funnsliv, og får lære ein god del om til dømes samiske draktskikkar, samisk musikk, kulturliv og idrettsliv. Andre del er eit minikurs i nordsamisk. Elevane får ei innføring i det nordsamiske alfabetet, slik at dei kan uttale orda korrekt. Deretter vil dei lære nokre enkle samiske fraser som er nødvendige for å kunne helse og føre ein liten samtale.
Medverkande: Forfattar Sigbjørn Skåden
Uttrykk: LitteraturMålgruppe: 5.-7. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet
Foto: Ketil Selnes
5.–7. steg
ByplansjefaneKvifor ser byane ut slik dei gjer? Korleis burde dei ha vore? Kva er ein berekraftig by? Korleis bør byar sjå ut i framtida? Og kva er det viktig å tenke på når ein er byplansjef og skal planlegge ein god by?
“Byplansjefane” er ei utstilling som består av ein by i miniatyr. Elevane arbeider i grupper som får utdelt kvar sin bydel og ei rekkje ulike typar bygningar, som kulturhus, kjøpesentre, kyrkjer, einebustadar, bygardar og bustadblokker. Saman skal gruppa lage ein bydel med uterom, vegar, plassar og gode stader å bu. Byen er utgangspunkt for ein samtale mellom elevane og formidlaren om kva som er viktig for å vidareutvikle og plan-legge ein god by. Til slutt blir alle bydelane sett saman til ein stor by som er utvikla i samsvar med elevane sine tankar om kva som er ein god by å bu i.
Medverkande: Linn Magnhild Valderaune
Uttrykk: Visuell kunstMålgruppe: 5.-7. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet
23
Foto: Brendeland og Kristoffersen Arkitekter
Møtepunkt himmel og jord”Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk ” - Tenish (24) fødd og oppvak-sen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka.
«Møtepunkt himmel og jord» består av ei innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytt til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion. Ressurskassa vert sendt kostnadsfritt til dei skulane som melder interesse.
Sentrale emne i ”Møtepunkt himmel og jord” er religiøst mangfald og integre-rings-problematikk, og er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for KRL- og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege settingar.
Uttrykk: KulturarvMålgruppe: 5.–10. stegKommunar: På bestilling
Les meir om tilbodet
24
5.–7. steg
8.–10. steg
25
8.–10. steg
Filmhjelp.noGjennom verkstaden får elevane høve til å bli meir medvitne dei mulegheitene som film gir. Målet er å inspirere dei til sjølvstendig utforsking av filmmediet.
Verkstaden skal syne korleis elevane, ved hjelp av eige utstyr, kan lage film utan at det kostar noko. Eleven kan nytte eigne mobiltelefoner og datamaskiner.
Kurset tek føre seg dei mest grunnleggande trekka innan filmarbeid og viser elevane vegen mot eit ferdig produkt. Elevane skal utarbeide filmar, frå ide til ferdig produkt. Målet er at dei skal sitte igjen med nyttig kunnskap om film og filmproduksjon.
Dagen vert avslutta med premiere på filmane elevane har laga.
Medverkande: Andreas Aldermark og Runar Tafjord
Uttrykk: Film Målgruppe: 8.–10. steg Kommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje,Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn Les meir om tilbodet
Foto: Anderas Altermark
26
vg3
vg2
Hemmeleg heltKnut Haugland deltok på verdas mest kjente sabotasjeaksjon; tungtvannsaksjonen mot Nazi-Tysklands atombombeprosjekt. Etter krigen deltok han på verdas mest berømte ekspedisjon, om bord på Kon-Tiki over Stille-havet.
Først da han var 90 år, bestemte Knut Haug-land seg for å fortelje. Han kontakta forfattaren Svein Sæter, og resultatet vart boka Operatøren. I Hemmeleg helt fortel Svein Sæter om mannen som levde eit så eventyrleg liv at det er skildra i fire spelefilmar, men som likevel heldt seg i bakgrunnen. Under det heile ligg ei enda større historie, om kva ressursar som finst i mennesket.
Medverkande: Forfattar Svein Sæter Uttrykk: LitteraturMålgruppe: 8.–10. steg + vg2 og vg3Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal + alle dei vidaregåande skulane i fylket
Les meir om tilbodet
8.–10. steg
27
8.–10. steg
BawkeBawke er ein film som handlar om eit sentralt og aktuelt tema. Vi blir introduserte for ein far og ein son på ei dramatisk flukt som endar på eit asylmottak i Noreg. Filmen legg vekt på forholdet mellom far og son, og viser oss ei rekkje etiske og menneskelege dilemma som hovudpersonane kjem opp i.
Dette blir gjort på ein måte som først og fremst framhevar det universelt menneskelege. Vi kan alle kjenne oss att; på tvers av landegrenser og kulturell bakgrunn. Bawke er ein open film, då han korkje fortel korleis det endar eller kva vi skal meine om problema som blir tekne opp.
Bawke gir ikkje svar, men stiller ei rekkje viktige spørsmål.
Medverkande: Filmskapar Hisham Zaman
Uttrykk: FilmMålgruppe: 8.–10. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet
8.–10. steg
Så vakker du erDet er sommar, og alt er annleis. Onkel Simon flyttar inn hos Henrik og mora. Simon og Henrik har alltid hatt eit nært forhold, men no er Simon sjuk, veldig sjuk. Henrik fortel Simon at han har kyssa Kjersti, ei jente i klassen, men sanninga er at han ikkje torde. No har Kjersti vore på ferie i Italia, og Henrik lurer på om ho har sakna han.
Eit ungt kraftlag frå fylket står bak denne framsyninga frå Sogn og Fjordane teater, når musikar Thea Hjelmeland og regissør Miriam Prestøy Lie går saman om å iscenesetje Brynjulf Jung Tjønn sin brageprisvinnande ungdoms-roman. Så vakker du er fortel historia om ein gut som er i ferd med å bli ein mann, medan ein annan ung mann visnar bort. Men mest av alt handlar det om at ein må gripe dei sjansane livet gir.
Uttrykk: TeaterMålgruppe: 8.-10. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora
Les meir om tilbodet
28
Foto: SoFt
29
Snakk om språk!Elevane får møte rapparen Runar Gudnason og formidlar Aase Digernes. Opplegget har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane.
Snakk om språk! er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å diskutere og skape refleksjonar kring språk, og gjere elevane bevisste på at språk er viktig! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala ein gjer.
I tillegg til å gje elevane ei oppleving i klasserommet, vil vi også leggje til rette for refleksjon og diskusjon i etterkant av besøket.
Medverkande: Runar Gudnason og Martin Aarseth
Uttrykk: LitteraturMålgruppe: 8. –10. stegKommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet
8.–10. steg
30
8.–10. steg
Entre Dos AguasDuo Montes Kircher er ein internasjonal gitarduo som har tre tiår bak seg som kunstnarar i tillegg til 20 CD-innspelingar. Dei har spelt konsertar over heile verda og har hausta mange lovord for det særprega repertoaret sitt som inneheld både latin-amerikansk, rytmisk og klassisk musikk. Dei spelar på eit svært høgt nivå og er kjende som svært dyktige formidlarar av klassisk gitarmusikk på øvste hylle.
Irina Kircher - gitarAlfonso Montes - gitar
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 8.-10. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet
31
8.–10. steg
Cameleonte musicale Bli med distriktsmusikarane i Gloppen inn i eit musikalsk grenseland mellom den klassiske og rytmiske musikken! Cameleonte Musicale er italiensk og tyder musikalsk kameleon. Ein kameleon skiftar farge alt etter kva omgjevnader den er i. Slik kan det også vere med musikk.
Dei fire dyktige utøvarane vil syne korleis musikksjangrar har påverka og inspirert kvarandre på ulikt vis opp gjennom musikkhistoria, og syne korleis ein melodi kan endre uttrykk etter eit møte med ein ny sjanger.
Synnøve Nordvik - songTone Holgersson - piano, keyboards Otto Ose - elbass, trompet, flygelhorn, sagThomas Aanonlie - trommer, vibrafon
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 8. – 10. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet Foto: Øyvind Lyslo
32
8.–10. steg
Chili VanillaChili er sterkt. Vanilje er søtt. Chili Vanilla er ein slik kontrast; hot og søtt, hardt og mjukt, raskt og roleg. Dei er ikkje eit jazzband. Ikkje pop. Ikkje korps. Ikkje prog. Men høyrest litt ut som alt dette på ein gong. Chili Vanilla har valt ei noko uvan-leg besetning med trommer, tuba og song. Det gjer at musikken deira også blir original og ikkje høyrest ut som noko anna. Synne syng vakrare enn nokon, Siv er ein av dei beste unge trommeslagarane i Noreg akkurat no, og Steffen har den mest groovy rytme-tubaen som finst. Chili Vanilla er noko heilt for seg sjølv. Heldigvis.
Synne Sanden – vokalSteffen Granly – tubaSiv Øyunn Kjenstad - trommer
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 8. – 10. stegKommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal
Les meir om tilbodet
MhooMusikken til Mhoo høyrest mest ut som om han er skriven på reiser til Nashville i USA, til Mexico, Cuba, Spania og Brasil. Det høyrest ut som cowboyar i støvete solnedgangar, tog som køyrer gjennom flate kaktuslandskap, mexicanske trompetar, flamencokledde damer med svart hår og djupraude roser bak øyret. Mens gitarfingerspelet leikar lett og for-ventningsfullt av stad, høyrer vi også spor av lengt og triste farvel i den tostemte songen med dei lange linjene.
Miriam Kjølen - song, gitar, trompetOda Karoline Dahl - song, gitar
Uttrykk: MusikkMålgruppe: 8.-10. stegKommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn
Les meir om tilbodet
8.–10. steg
33
MetropolisMetropolis er ein science-fiction film som vart laga i Tyskland i 1925 av Fritz Lang. Handlinga i filmen er lagt til den oppdikta byen Metropolis i 2026.
Metropolis har gjennom dei siste tiåra inspirert filmskaparar og kunstnarar, noko som kan sjåast i musikkvideoar som Madonnas Express Yourself og Queens Radio Ga Ga.
Korleis såg ein filmskapar i mellomkrigstidas Tyskland for seg framtida? Filmen er spekka med spesialeffektar som framleis kan ta pusten frå oss. Men Fritz Lang sin framtidsvisjon er òg full av peikarar mot han som skulle blir Tysklands sterke mann og starta andre verdskrig.
Metropolis er ein stumfilm, og det er komponert ny musikk som speglar filmens sci-ence fiction-sjanger i vår eiga tid. Musikken vert framført live av ein trio under leiing av Didrik Ingvaldsen. Didrik Ingvaldsen - trompetAnders Gjerde - elektronikaDag Magnus Narvesen - slagverk
Uttrykk: Film/musikkMålgruppe: vg3Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket
34
vg3
Les meir om tilbodet
35
vg1
DroneFilmen Drone tek oss med til innsida av CIA sin hemmelege dronekrig. Vi får fortrulege historier frå krigen mot terror fortalt av menneske som lever under dronane i Pakistan og av dronepilotar som slit med å drepe med ein joystick i USA.
Vi får innblikk i korleis unge pilotar blir rekrutterte, vi får høyre dei moralske standpunkta til ingeniørane bak teknologien og vi møter statsmenn som gir grønt lys til eit av historias største program for målretta drap. Men vi møter også menneske som kjempar for eit opnare samfunn og for større rettferd. Medverkande: Tonje Hessen Schei og Brandon Bryant
Uttrykk: FilmMålgruppe: vg1Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket
Les meir om tilbodet Foto: Flimmerfilm
KulturavdelingaDen kulturelle skulesekkenPostboks 173, 6801 Førde
57 63 80 [email protected]
www.sfj.nowww.skulesekken.no