32
LingDys Lingvistisk basert stavekontroll for dyslektikarar Versjon 2.0 ©LingIT AS, Trondheim 2004

LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

  • Upload
    others

  • View
    13

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

LingDys

Lingvistisk basert stavekontroll for

dyslektikarar

Versjon 2.0 ©LingIT AS, Trondheim 2004

Page 2: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Bruksrettar Innehavarane av bruksretten til LingDys er LingIT AS Postboks 2810 Elgeseter 7432 Trondheim www.lingit.no Det er ikkje tillete å vidaredistribuere eller kopiere denne programvaren,heilt eller delvis, utan skriftleg løyve frå LingIT AS. Brot på desse vedtektene vil føre med seg strafferettsleg ansvar.

Atterhald Programvaren er kontrollert så godt det let seg gjere, m.a. med omsyn til virus. LingIT har likevel ikkje noko ansvar for skadar som måtte bli tilført maskinvaren eller anna programvare mens LingDys er i bruk. Oppgraderinger: Dei som kjøper versjon 2.0 av LingDys, vil kunne laste ned påfølgjande oppgraderingar frå www.lingit.no. Dette gjeld alle oppgraderingar av versjon 2.0.

2

Page 3: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Innhald 1 Kva er LingDys? ................................................... 5

1.1 Korleis fungerer LingDys? ............................... 5 1.2 Kva er forskjellen mellom LingDys og andre stavekontrollprogram? ........................................... 5 1.3 Korleis oppstod LingDys? ................................ 6 1.4 Kva kan ikkje forventast av LingDys?................ 7

2 Tilrådd maskinkonfigurasjon................................... 7 3 Installasjon.......................................................... 8

3.1 Installasjon frå CD ......................................... 8 3.2 Installasjon frå nettstad.................................. 8 3.3 LingDys for systemadministratorar. .................. 9

4 Bruken av LingDys................................................ 9 4.1 Deaktivere LingDys saman med Word............... 9 4.2 Aktivere LingDys frå Word............................. 10 4.3 Oppstart saman med Word............................ 11 4.4 Forslagsvindauget........................................ 11 4.5 Skriftstorleiken i forslagsvindauget................. 13 4.6 LingDys som vanleg stavekontrollprogram....... 13 4.7 Stavekontroll og grammatikk......................... 14

5 Feiltypar............................................................ 15 6 Nokre vanlege spørsmål ...................................... 16

6.1 Lang innlastingstid....................................... 16 6.2 Raud strek under ord som er riktig stava ........ 16 6.3 LingDys finn ikkje riktig ord!.......................... 16 6.4 Kan LingDys foreslå fleire ord?....................... 18 6.5 Legge til eigne ord ....................................... 18

7 Ressursar og tips................................................ 19 8 Tilpassing av LingDys .......................................... 20

8.1 Oppsett ...................................................... 20 8.1.1 Basiskontroll........................................... 20 8.1.2 Erstatningsreglar..................................... 22 8.1.3 Basiskontroll-påbygg ............................... 22 8.1.4 Både erstatningsreglar og basiskontroll ...... 22 8.1.5 Kombinert oppslag .................................. 23 8.2 Eigendefinerte feiltypar................................. 23

3

Page 4: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

8.2.1 Opprett eigendefinert gruppe.................... 23 8.2.2 Legg til egendefinerte feiltyper.................. 23 8.2.3 Aktiver eigendefinerte feiltypar ................. 24

9 Talesyntese ....................................................... 25 10 Oppslag i ordbok .............................................. 27 11 Fleire feiltypar ................................................. 28 12 Ordlistene som LingDys brukar........................... 29 13 Programfeil...................................................... 32

4

Page 5: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

1 Kva er LingDys?

LingDys er eit stavekontrollprogram. Det er spesielt utvikla for dyslektikarar og andre med behov for meir hjelp enn tradisjonelle stavekontrollprogram kan tilby. Med tradisjonell stavekontroll meiner vi stavekontrollen i t.d. Microsoft Word. LingDys er å få i to versjonar, LingDys og LingDys Stavekontroll. LingDys Stavekontroll er stort sett identisk med fullversjonen, men den støtter ikkje talesyntese, oppslag i ordbok eller definisjon av eigne feiltypar.

1.1 Korleis fungerer LingDys?

Etter at LingDys er installert på datamaskina, kan programmet køyrast saman med Microsoft Word (sjå under avsnittet installasjon nedafor). Mens ein skriv inn teksten, vil LingDys kome med stavingsforslag i eit eige vindauge. Alternativt kan ein sjå forslaga via dei vanlege menyane som følgjer med Microsoft Word (høgreklikk over ordet, og forslaga kjem opp i ein meny). Viss ein vil ha eit stavingsforslag lese opp ved kunstig tale, kan ein be om det. Det er òg mogleg å få vite kva eit ord tyder.

1.2 Kva er forskjellen mellom LingDys og andre stavekontrollprogram?

Vanlege stavekontrollprogram er berekna på folk som ikkje har skrivevanskar. Slike program er godt egna til å rette opp småfeil, til dømes når ein gløymer eit teikn, blandar saman to teikn som ligg ved sida av kvarandre på tastaturet til maskina, og så bortetter. Oftast vil slike stavekontrollprogram rette ein teiknfeil per ord. Døme:

• masin -> maskin • masskin -> maskin

5

Page 6: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

• maksin -> maskin • maskinskjef -> maskinsjef

Men dersom det er fleire feil i ordet, fungerer ikkje vanlege retteprogram så bra:

• masinskjef -> * Ingen forslag * • masjinsjæf -> * Ingen forslag *

LingDys klarer å rette opp fleire feil i eit ord, noko som tyder at LingDys foreslår at masinskjef og masjinsjæf blir retta til maskinsjef. I tillegg til å finne fleire feil, kan LingDys tilpassast behova til den einskilde brukaren. Dette er særs viktig for feil som kjem av dialektbakgrunnen, til dømes når nordlendingar og trønderar kan hende skriv kæm, kræm, bestæm istaden for hvem, krem og bestemme. Sørlendingar kan gjere andre typar dialektbestemte feil, som eblekage for eplekake, og fodbalkamp for fotballkamp. Slike feil finn LingDys ut av, dersom ein vel dei riktige dialektparameta.

1.3 Korleis oppstod LingDys?

LingDys vart sett i gang hausten 1999 som eit prosjekt knytta til IT for funksjonshemmede (IT-FUNK), som er ei fleirårig satsing i Norges Forskningsråd (NFR). Utgangspunktet var eit ønske om å definere og implementere eit stavekontrollkonsept som kunne hjelpe dyslektikarar og andre som strevar med rettskrivinga. NFR-prosjektet resulterte i ein demonstrator som vart utvikla av professor Torbjørn Nordgård ved NTNU og 1.amanuensis Lars G. Johnsen ved Universitetet i Bergen. Denne demonstratoren vart så vidareutvikla og tilpassa Microsoft Word. Bruksrettane til programvaren høyrer til programvareselskapet LingIT AS i Trondheim (www.lingit.no).

6

Page 7: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

1.4 Kva kan ikkje forventast av LingDys?

LingDys er eit vanleg dataprogram, og som alle dataprogram har det ikkje ordentleg intelligens. Det kan berre manipulere med symbol, og det kan ikkje resonnere seg fram til kva den som skriv ”eigentlig har meint å seie”. Difor vil programmet kunne kome til å foreslå ord som ikkje passar i den samanhengen ein er inne i. Dette kjem rett og slett av at programmet ikkje kan tenkje. Spesielt tydeleg er dette i forslaga til samansette ord ("nye" ord som ein kan lage, t.d. fotballidiot). Om slike forslag blir plagsame, og etter ei stund ikkje ein gong har komisk skjær over seg, kan ein be LingDys om ikkje å kome med forslag til samansette ord (meir om det seinare). Det er diverre slik at dei som strevar aller mest med rettskrivinga, kan oppleve at heller ikkje LingDys hjelper så mykje som ein skulle ønske. LingDys forsøk å finne fram til alternativ ved å byte ut nokre teikn med andre. Viss avstanden frå det ein meiner å skrive til det ein faktisk har skrive blir for stor, klarer ikkje programmet å gjette riktig. Dette gjeld særleg korte ord. Men LingDys vil i alle tilfelle vere atskilleg betre enn dei vanlege stavekontrollprogramma - òg for dei som slit aller mest.

2 Tilrådd maskinkonfigurasjon

Det er tilrådd at ein installerer LingDys på maskiner som køyrer Windows 2000 eller Windows XP. LingDys fungerer òg under Windows 98, men her er det større sjansar for at tekniske problem kan oppstå. Viss så skulle hende, ta kontakt med LingIT AS.

7

Page 8: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

3 Installasjon

Det er fleire typar installasjon som kan vere aktuelle. Dei fleste skal installere på berre ei datamaskin, og treng difor ikkje lese det som står om installasjon i nettverk.

3.1 Installasjon frå CD

Gå fram slik: Slå av alle programma på maskina di, bortsett frå operativsystemet. Sett CD-plata i CD-ROM-lesaren. Eit installasjonsprogram vil starte opp, og du følgjer instruksjonane på skjermen. Du må leggje inn det registrerte brukarnamnet ditt og lisenskode. Desse skal følgje med CD-plata du har fått. Viss du får problem, kan du sjå etter på nettstaden www.lingit.no/lingweb/lingdys/problemer. Viss du ikkje finn svar der, skriv du epost til [email protected].

3.2 Installasjon frå nettstad

Logg inn på den nettstaden du har fått oppgitt. Skriv inn brukarnamn og passord (ver nøye med store bokstavar og tal). Viss alt går bra, finn du ei fil som heiter LingDys.exe. Klikk på ho, og du blir beden om å lagre ho på maskina di. Gjer det. Når du er ferdig, slår du av nettlesaren din og dobbeltklikkar på LingDys.exe. Et installasjonsprogram vil starte opp, og du følgjer instruksjonane på skjermen. Du treng ikkje bestemme deg for å aktivere støtte for Microsoft Word under installasjonen - det er noko du kan gjere seinare. Når installasjonsprogrammet er fullført, er du klar til å bruke LingDys. Viss du får problem, kan du sjå etter på nettstaden www.lingit.no/lingweb/lingdys/problemer. Viss du ikkje finn svar der, skriv du epost til [email protected].

8

Page 9: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

3.3 LingDys for systemadministratorar.

Avsnittet er tatt ut av dette dokumentet, men du kan laste det ned i PDF-format frå nettstaden www.lingit.no. Sjå under ”Produkter” og ”Produktoppdateringer” på venstre side av skjermen.

4 Bruken av LingDys

Det er mest vanleg å bruke LingDys saman med tekstbehandlingsprogrammet Microsoft Word.

4.1 Deaktivere LingDys saman med Word

Viss du har valt støtte for Word under installasjonen av LingDys, vil LingDys starte når Word startar. Vil du slå av denne funksjonaliteten, gjer du det slik: 1. Pass på at Word ikkje køyrer 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem

opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten kan ta noko tid,

avhengig av eigenskapane til maskina. 7. Trykk på OK-knappen kor du stadfestar at du er

lovleg registrert LingDys-brukar (vi føresett at du er det, ikkje sant?)

8. Nede til høgre vil du sjå ein lite blyantfigur med navn LD

9. Dobbeltklikk på blyantfiguren 10. Vel Innstillingar 11. No kjem det opp eit panel som ser ut om lag som i

figur nr 1 nedanfor. Vel Støtte for Word, og trykk på knappen Deaktiver.

9

Page 10: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

12. Høgreklikk på ikonet blyantfiguren, og vel Avslutt LingDys.

13. Neste gong Word startar opp, vil LingDys ikkje følgje med.

4.2 Aktivere LingDys frå Word

Her gjer du omtrent det same som når du deaktiverer Word, men vel Aktiver i staden. Etter dette vil ikkje LingDys starte opp saman med Word.

Figur 1.

10

Page 11: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

4.3 Oppstart saman med Word

Etter at LingDys er sett til å køyre saman med Word, er det berre å starte opp Word på vanleg måte.

4.4 Hurtigtastar

Ved klikk på denne knappen, kan du definere hurtigtastar for ulike funksjonar i LingDys. Sjå figur 2.

Figur 2

4.5 Forslagsvindauget

Etter kvart som du skriv, vil du sjå at LingDys kjem med framlegg til ord i eit eige vindauge, jamfør figur 3.

11

Page 12: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Figur 3 Du kan navigere i vindauget ved å klikke på dei einskilde orda som kjem opp der. Det ordet du klikkar på, blir sett inn i teksten når du trykkjer på pil-knappen øvst til venstre i vindauget. Denne knappen fungerer òg som angreknapp, så trykk på denne om du vil ombestemme deg. Trykkjer du på lyd-knappen, blir ordet lese opp. Ved å trykkje på ordboksknappen får du informasjon om ordboksdefinisjonar og brukseksempel. Knappen med LingDys-logo tek deg til kontrollpanelet. Knappen heilt til høgre tek deg til hjelpefunksjonen. Du aktiverer eller fjernar dette vindauget i det same panelet som du brukar til å aktivere eller deaktivere støtte for Microsoft Word.

4.6 Vis prediksjon

Om du vil at LingDys skal gi forslag til ord allereie i det du begynner å skrive eit ord, krysser du av for ”Vis prediksjon”. Ord som du ser er rangerte etter frekvens, dvs. orda i toppen av lista er hyppigare i norsk skrift enn orda som ligg lenger ned i lista. Lista viser 10 ord.

12

Page 13: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

4.7 Skriftstorleiken i forslagsvindauget

Du kan endre skrifttypen og -storleiken i forslagsvindauget ved å høgreklikke mens muspeikaren er inne i det. Som eit alternativ kan du klikke på Font-knappen nest lengst til høgre i vindauget. Du kjem då inn i Windows sin vanlege skriftredigeringsmeny.

4.8 LingDys som vanleg stavekontrollprogram

Dersom du ikkje liker å bruke forslagsvindauget, kan du anten skru det av, eller flytte det unna den synlege delen av skjermen ved å sette musepeikaren over namnet LingDys i forslagsvindauget, og dra vindauget dit du vil ha det. Viss du får raud strek under eit ord, sett du musepeikaren over ordet, og klikkar på høgre mustast. Du får opp ein meny med maksimalt fem forslag som du kan velje frå, sjå figur 4.

Figur 4 Det er Microsoft som har bestemt at Word ikkje viser meir enn fem forslag i denne menyen. Dersom du vil sjå fleire forslag, kan du velje undermenyen LingDys (sjå figur 4) og sjå etter der, viss du har late LingDys få lov til å kome med meir enn fem forslag.

13

Page 14: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Du kan òg undersøkje undermenyen til LingDys for ord som ikkje er markert med raud strek. På denne måten kan du slå opp ord som du er usikker på.

4.9 Stavekontroll og grammatikk

Enkelte likar best å skrive seg ferdig, og sette i gang stavekontrollen etterpå. Dette gjer du ved å slå på Stavekontroll. Du startar Stavekontrollen ved å trykkje på tasten F7, eller velje Stavekontroll frå Verktøymenyen i Word.

Figur 5 Ver merksam på at stavekontrollen berre varslar om ord som ordlista til programmet ikkje kjenner igjen. Du får ikkje melding om ord som kan stavast på andre måtar, til dømes om du har skrive vanne, men meinte å skrive vannet.

14

Page 15: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

5 Feiltypar

Det som kanskje i størst grad særpregar LingDys samanlikna med standard stavekontroll, er bruken av såkalla feiltypar, det vil seie teiknkombinasjonar som ein ofte finn i ord som er stava gale. Desse feiltypane modellerer velkjende stavefeil i norsk, til dømes ord med dobbel konsonant, stumme konsonantar og skj-lydar. Desse feiltypane er samla i grupper som kan aktiverast frå panelet Grupper, sjå figur 6 nedanfor. Namnet på gruppene er nokså sjølvforklarande.

Figur 6

15

Page 16: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Nokre av feiltypane er dialektavhengige. De fleste er relatert til trønderske og nordnorske dialekter, men det er òg nokre for Østlandsområdet og Bergen. Kryss av dei feiltypane som er aktuelle, og LingDys vil arbeide målretta mot dei feila som ein går ut i frå skaper problem for brukaren. Du kan definere eigne feiltypar. Forklaring og rettleiing finn du lengre ut i denne manualen.

6 Nokre vanlege spørsmål

6.1 Lang innlastingstid

LingDys bruker meir omfattande ordlister enn stavekontrollen som følgjer med Word, og det tek litt tid å laste dei inn.

6.2 Raud strek under ord som er rett stava

Det kan hende at LingDys set raud strek under ord som er riktig stava. Det kjem av at ordet som er skrive, ikkje finst i LingDys si ordliste. Du kan leggje ordet til ordlista, og då vil det ikkje førekomme raud strek under akkurat dette ordet fleire gonger. Vi er takksame om du melder frå om slike tilfelle til LingIT. Send gjerne epost til [email protected]. Då kan vi unngå at feilen blir gjenteken i seinare versjonar av programmet.

6.3 LingDys finn ikkje riktig ord!

Dette kan ha fleire grunnar.

• Sjå til at du har kryssa ut dei riktige gruppevala i LingDys-panelet, sjå figur 6.

16

Page 17: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

• Sjå til at Oppsettet er komponert på ein måte som passar deg, jamfør figur 7. Vel du Både erstatningsreglar og basiskontroll, vil LingDys finne fram til nokså mykje.

• Viss du skriv eit langt ord, kan det vere at samansetningsanalysen er slegen av. Slå han på som vist i figur 8.

Figur 7

17

Page 18: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Figur 8

6.4 Kan LingDys foreslå fleire ord?

Ja, det er fullt mogleg. I Oppsett-panelet vel du sjølv kor mange forslag som skal kome opp. Men ver merksam på at i "høgreklikkmenyen" vil det maksimalt vere fem forslag, jamfør utgreiinga ovanfor.

6.5 Legge til eigne ord

Du legg til eigne ord ved å gå inn i panelet som heiter Brukarordliste. Skriv inn dine eigne ord, og LingDys vil ta omsyn til disse for ettertida. Alternativt kan Word sin eigen funksjon "Legg til" brukast. Sjå figur 9.

18

Page 19: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Figur 9

For at brukarorda skal kome med i forslagsvindauget ved stavekontroll, kan du sette frekvensen til orda relativt høgt i panelet Oppsett. Vel ønska frekvens under Frekvensen til brukarorda. Om du ønskjer å slå av brukarordlista kryssar du av for Ignorer brukaren si eiga ordliste.

7 Ressursar og tips

På nettstaden www.lingit.no vil du finne enda meir informasjon om LingDys, tips frå andre brukarar, løysing på problem som andre har hatt, og så bortetter. Her kan du òg sjølv fortelje om inntrykka du har av LingDys, og stille spørsmål til LingDys-utviklarane.

19

Page 20: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Etter kvart vil det òg bli mogleg å hente ned nye ordlister og feiltypar frå LingIT-nettstaden.

8 Tilpassing av LingDys

ÅTVARING: Tilpassingane som er skildra i dette avsnittet, bør utførast i samarbeid med norsklærar, spesialpedagog eller andre som har god greie på rettskriving. Feiltilpassingar kan føre til at programmet ikkje fungerer på ein akseptabel måte.

8.1 Oppsett

I Oppsett-menyen kan du styre ein del viktige LingDys-eigenskapar, sjå figur 6 nedanfor. Den viktigaste er Kontrollstrategien. Dei to mest bruka alternativa for dyslektikarar, er Basiskontroll-påbygg og Både erstatningsreglar og basiskontroll. Begge har sine fordelar, men òg nokre ulemper. De som ønskjer mange alternativ, bør velje Både erstatningsreglar og basiskontroll.

8.1.1 Basiskontroll

Når vi talar om basiskontroll, meiner vi standardalgoritmane for stavekontroll. Desse består av fire operasjonar som blir utført i jakta på feilstava ord. OBS: Vel Berre basiskontroll eller Både erstatningsreglar og basiskontroll dersom du vil at LingDys skal illustrere eksempla nedanfor.

• Erstatt eit vilkårleg teikn med eit anna vilkårleg teikn, og sjå om resultatet er ord som er tillete på norsk. Eit døme kan vere at f blir erstatta med d i meflem, noko som gir medlem.

20

Page 21: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

• Fjern eit vilkårleg teikn i et feilstava ord. Døme er ekssempel, som gir eksempel dersom ein s blir fjerna.

• Legg til eit vilkårleg teikn på ein eller annan stad i ordet. Dette kan illustrerast med at mskinen blir foreslått retta til maskinen fordi algoritmen legg til ein manglande a.

• To teikn som står ved sidan av kvarandre. byttar plass, som med eksepmel, som blir retta til eksempel.

Basiskontrollen vil ikkje prøve å endre første teiknet i eit ord. Den går ut i frå at det første teiknet er korrekt. Basiskontrollen vil berre manipulere eit teikn om gongen noko som tyder at ekksepmel ikkje blir foreslått retta til eksempel (i LingDys er det mogleg å få opp riktig forslag ved å velje Kombinert oppslag - meir om dette nedanfor).

Figur 10

21

Page 22: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

8.1.2 Erstatningsreglar

Erstatningsreglane er på mange måtar det som gjer at LingDys fungerer betre enn konvensjonell stavekontroll. Det er lagt inn informasjon om vanlege rettskrivingsfeil i programmet, og dei såkalla erstatningsreglane brukar denne informasjonen til å gjette kva type feil som kan ha vorte gjort i stavinga av eit ord. Vi kan illustrere med feilstavingar som involverer j mellom k og i, som i kjino og skjino. Basiskontrollen vil rette kjino til kino, men vil ikkje klare å rette skjino til kino, fordi det er meir enn eitt teikn som må fjernast, og fordi basiskontroll ikkje vil endre første teikn i eit ord. Men erstatningsreglar som endrar kji til ki og skji til ki vil gjere jobben for oss. Når fleire erstatningsreglar fungerer saman, oppnår vi ei markant kvalitetsforbetring samanlikna med konvensjonell stavekontroll. Prøv til dømes ord som kvellskjino og natkjino, som LingDys vil foreslå at blir retta til kveldskino og nattkino. Merk: Du må ha valt Berre erstatningsreglar, Basiskontroll-påbygg eller Kombinert Oppslag for at desse rettingane skal bli gjort. Dessutan må du ha aktivert dei vanlegaste feiltypane.

8.1.3 Basiskontroll-påbygg

Dersom du vel Basiskontroll-påbygg, vil LingDys først prøve å bruke erstatningsreglane. Dersom dette gir resultat, vil disse bli presenterte. Viss ikkje, vil LingDys prøve standardalgoritmen (basiskontroll).

8.1.4 Både erstatningsreglar og basiskontroll

I denne konfigurasjonen vil LingDys prøve begge strategiane, og dei høgast rangerte resultata blir presenterte. Nedanfor vil vi greie meir ut om kva "høgast rangerte resultat” tydar.

22

Page 23: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

8.1.5 Kombinert oppslag

Dette er den kraftigaste søkeopsjonen til LingDys, fordi den både gjer bruk av erstatningsreglar og basiskontroll. Dette kan føre til for mange forslag, og programmet kan kome til å jobbe tregt med lange ord. Vi tilrår difor at ein prøver å unngå denne parameteren, men dei som gjer særs mange feil, kan ha nytte av denne opsjonen. Dersom ein vel å bruke denne søkestrategien, bør samansetningsmotoren vere slegen av.

8.2 Eigendefinerte feiltypar1

Dersom du ikkje er nøgd med dei feiltypane som LingDys tilbyr, kan du lage dine eigne. Vi kan illustrere med å lage feiltypar som konverterer såkalla SMS-språk til nynorsk.

8.2.1 Opprett eigendefinert gruppe

Gå inn under menyen Grupper og vel Ny. Gi den nye gruppa namnet Mine feil (eller eit anna namn) og klikk OK.

8.2.2 Legg til eigendefinerte feiltypar

Vi går ut i frå at du har etablert ei gruppe der du skal plassere dei eigendefinerte feiltypane dine (du kan leggje eigendefinerte feiltypar i dei gruppene du vil) . Vel menyen Erstatningar. Bla gjennom rullegardinmenyen til du finn riktig gruppe. Når du vel denne gruppa, kjem dei feiltypane som er definert for gruppa fram. Viss gruppa er ny, er ho naturleg nok tom. Vel knappen Ny, og ein redigeringsboks kjem opp på skjermen. Vi ønskjer å lage ein regel som erstattar bokstavkombinasjonen eu med au, slik at seu blir erstatta med sau. Gjer som i figur 11:

1 Dette avsnittet gjeld berre fullversjonen av LingDys.

23

Page 24: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Figur 11 Det er ikkje naudsynt å skrive kommentar til regelen, men vi tilrår at du gjer det viss du skal definere mange reglar.

8.2.3 Aktiver eigendefinerte feiltypar

Dei nye feiltypane har vi plassert i ei gruppe. Denne må aktiverast for at ho skal virke, og det gjer du ved å velje ho under menyen Grupper. Vi kan no sjå om programmet gjer jobben sin. Skriv inn seu. Dersom alt er gjort på rette måten, vil programmet foreslå sau.

24

Page 25: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

9 Talesyntese2

LingDys har støtte for talesyntese (kunstig tale). Ved å bruke ho, kan du få opplest forslaga som stavekontrollen finn fram til, og du kan få lest opp ein tekst. Merk: Talesyntesen fungerer berre dersom maskina har maskinvare og programvare som støttar lyd under Windows. Dersom talesyntesen ikkje fungerer, må du undersøkje om maskina støttar tale. Vel panelet som heiter Tekst til tale (sjå figur 12) dersom du vil endre på nokon av eigenskapane til talesyntesen. Du kan justere farten på ein slik måte at maskina snakkar langsamare. Her kan du òg justere lydstyrken. Vel du stavingsmodus, vil maskina lese opp eit ord staving for staving. Vel du Bokstav-uttale les talesyntesen kvar bokstav etter kvart som du skriv. Vel du Orduttale les talesyntesen opp ordet du har skrive etter at du har trykka på mellomromtasten. Dersom et ord ikkje blir lese opp riktig, eller kvaliteten er dårleg, skyldes det at ordet ikkje finst med lyd-skildring i ordlista.

2 Talesyntesen er utviklet av Telenor. Funksjonaliteten er ikkje tilgjengeleg i LingDys Stavekontroll.

25

Page 26: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

Figur 12 Dersom du ønskjer å få lest opp ein tekst, går du fram slik:

• Merk av det du vil ha lest opp mens du er inne i Word

• Klikk høgre mustast over det området som er markert

• Vel Tekstuttale, og gå vidare til Start uttale av merka tekst. Teksten blir lesen opp av Talsmann.

• Du kan òg få den merka teksten lesen opp ved å klikke på Talsmanntasten på verktøylinja. Dette krev at verktøylinja Tekst til tale er aktivert (gå frå menyen Vis til Verktøylinjer og aktiver Tekst til tale)

26

Page 27: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

• Talesyntesen klarer ikkje meir enn 1000 teikn om gongen

• Viss du vil ha lest opp ein tekst frå ei anna datakjelde (til dømes ein nettlesar), kopierer du teksten inn i Word, markerer den og får Talsmann til å lese den opp.

10 Oppslag i ordbok3

Dersom du vil ha informasjon om kva eit ord tyder, kan du slå opp direkte i definisjonar og eksempel henta frå Nynorskordboka. I forslagsvindauget trykkjer du på ordboksknappen for å få opp informasjon om det ordet som er markert i vindauget. Alternativt kan du få informasjonen ved å gå inn i LingDys-menyen som kjem opp når du høgreklikkar på eit ord i Word-dokumentet. Du kan òg gå inn i kontrollpanelet LingDys-innstillinger og velje panelet Oppslag. Sjå figur 13. Her kan du gjere dette:

• Slå opp ord: Skriv inn ordet i det øvste tekstfeltet og klikk ”Slå opp” eller trykk alt+s på tastaturet. Resultatet kjem opp i lista til venstre.

• Førre ordet: Viss ”Ta omsyn til ”førre ordet”-informasjon” er kryssa av i Oppsett-panelet, kan du også skrive inn eit ”førre ord”. LingDys vil da sjå om dei to orda satt i hop til eitt finst i ordlista. Skriv ordet ”data” i boksen under Førre ord, og ”maskin” i boksen under Slå opp. Trykk så på Slå opp. Denne funksjonen krev at det første av orda er stava riktig. Ord som blir skrivne inn i dette feltet kan også verke inn på sorteringa av forslaga viss ”Sorter resultat etter frekvens” er kryssa av i Oppsett-panelet.

3 Denne funksjonaliteten er ikkje tilgjengeleg i LingDys Stavekontroll.

27

Page 28: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

• Ord-2: Verker førebels berre inn på sorteringa av forslaga viss ”Sorter etter frekvens” er kryssa av i Oppsett-panelet.

• Uttale: Viss det er installert støtte for tekst-til-tale på systemet (Telenor Talsmann), kan du få høre uttalen av eit resultat frå oppslaget ved å merke det og klikke på denne knappen.

• Ordbok: Viss eit resultat frå oppslaget finst i ordboka, kan du få sjå oppslaget ved å merke oppslaget og klikke på denne knappen.

Figur 13

11 Fleire feiltypar

Det vil etter kvart bli lagt ut fleire feiltypar på nettstaden www.lingit.no. Desse kan du laste ned og installere på

28

Page 29: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

maskina din. Følg instruksjonane på nettstaden. Viss du synest dette er vanskeleg, tilrår vi at du får hjelp av nokon som kan ein del om data, som til dømes datakyndige foreldre, lærarar, naboar eller kollegaer.

12 Ordlistene som LingDys brukar

LingDys brukar to ordlister som du kan hende kjenner frå før: Nynorskordboka og Framandordboka. Kvart av oppslagsorda i disse ordlistene er bøygd ut, i den grad det er mogleg. Det er disse utbøygde ordlistene som LingDys i hovudsak baserer arbeidet sitt på. I tillegg har utviklarane av programmet lagt til namn og ein del andre ord.

29

Page 30: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

13 Teksteditoren i LingDys

LingDys-editoren er eit enkelt program som du kan bruke til å lage og redigere tekst med. Den kan lese og skrive til tekstfiler (.txt) og til rikt tekstformat (.rtf), som kan brukast til å utveksle tekst med formatering med andre tekstbehandlingsprogram, t.d. Word eller OpenOffice. Editoren kan berre opne eit dokument i gongen, og det er lagt vekt på å halde grensesnittet så enkelt som mogeleg. Forslagsvindauget til LingDys fungerer saman med LingDys-editoren på same vis som med Word. Du kan også høgreklikke på feilstava ord for å få opp ei liste over forslag til rett staving. Litt om dei ulike menyvala:

• Fil-menyen lar deg lage eit nytt, tomt dokument, opne eit dokument og lagre eit dokument. Du kan også skrive ut dokumentet frå denne menyen.

• Frå Rediger-menyen kan du angre tekstinnsetting, du kan kopiere, klippe ut og lime inn tekst. Du kan også fjerne tekst, merke all tekst og søkje etter tekst frå denne menyen.

• Vis-menyen lar deg slå av og på visning av verktøylinjene. Desse blir forklart nedanfor.

• Under LingDys-menyen kan du: o Slå av og på stavekontroll i bakgrunnen (som

set strek under feilstava ord) o Vise LingDys sitt kontrollpanel og slå opp i

ordboka. o Endre målform for oppslaga (hoppe mellom

nynorsk og bokmål). • Talsmann-menyen lar deg starte og stoppe uttale

av merka tekst. Verktøylinjene fordeler seg som i det følgjande:

30

Page 31: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

• Standard-linja har knappar for fil-operasjonar, redigering av tekst og LingDys/Talsmann-funksjonar.

• Formaterings-linja lar deg formatere teksten, med funksjoner for font-valg, tekstjustering, nummerering og innrykk.

• Tabell-linja lar deg sette inn tabellar, merke rader og kolonner, sette inn rader, dele celler og legge kantlinjer på tabellar.

Figur 14 under vis korleis teksteditoren ser ut.

Figur 14

31

Page 32: LingDys · 2. Vel knappen Start 3. Vel deretter Programmer 4. Så vel du mappa LingDys 5. Eit gult programikon med namnet LingDys kjem opp. Vel dette. 6. LingDys startar opp. Oppstarten

32

14 Programfeil

Feil under installasjon eller under bruk av programmet kan ein sjeldan gong hende. Opplever du fleire gonger at LingDys og Word krasjar eller "heng seg opp”, ber vi om at du tek kontakt med oss. Send e-post til [email protected].

Lukke til!