17
5 Kultur

5 Kultur

Embed Size (px)

DESCRIPTION

5 Kultur. Kva er kultur?. Kultur er det som medlemmene i ei sosial gruppe må vite og kunne for å fungere godt i gruppa. Kultur kjem til uttrykk gjennom språk, klede, religiøse ritual osv. Kva er kultur?. Ein meir presis definisjon: - PowerPoint PPT Presentation

Citation preview

5 Kultur

Kultur er det som medlemmene i ei sosial gruppe må vite og kunne for å fungere

godt i gruppa.

Kultur kjem til uttrykk gjennom språk, klede, religiøse ritual osv.

Kva er kultur?

Ein meir presis definisjon:

Kultur er kunnskap, tru, kunst, lover, moral, skikkar, ferdigheiter og vanar som folk har lært i eigenskap av å vere medlemmer av eit

samfunn.

Kva er kultur?

Kulturen er altså dei skikkane, verdiane og veremåtane som blir overførte frå generasjon til generasjon.

Kulturen er menneskeskapt og tillært.

Kva er kultur?

Finst det ein norsk kultur?

Eller er det slik at fleire kulturar lever side om side i Noreg, men at somme kulturelle trekk dominerer?

Vi kan seie at vi har ein norsk hovudkultur og mange delkulturar.

Finst det ein norsk kultur?

Det finst fleire ulike etniske grupper eller minoritetskulturar i Noreg.

I Noreg lever mange minoritetar frå andre land. Vi bruker ordet minoritetar om grupper som er i mindretal.

Finst det ein norsk kultur?

Det norske samfunnet har endra seg frå å vere eit ganske homogent eller einsarta samfunn til å bli eit heterogent eller mangfelt samfunn med større variasjon og større skilnader i levemåte.

Finst det ein norsk kultur?

Religion forklarer korleis verda og menneska blei til.

Religion gir eit verdsbilete og forklarer kva funksjon menneska har i verda.

Religion – ein viktig del av kulturen

Religion gir eit grunnlag for verdiar og normer i samfunnet.

Religion har ritual ved viktige hendingar i livet, som fødsel, overgang frå barn til vaksen, giftarmål og død.

Religion – ein viktig del av kulturen

Etnisiteten seier noko om kva gruppe av menneske vi hører til – ei gruppe som har same språk og kultur.

Etnisiteten er også ein del av identitetsbiletet vårt.

Etnisitet

Samisk kultur

Den samiske folkegruppa omfattar i dag om lag 50 000 personar, busette i Noreg,

Sverige, Finland og Russland.

Samisk kultur

Samane i Noreg har politisk status som urfolk og har derfor visse særrettar som har til formål å ta vare på samiske næringar og tradisjonar.

Samisk kultur

Urfolk er folk som heilt eller delvis har halde på den tradisjonelle kulturen sin, og som levde i eit bestemt landområde før

storsamfunnet overtok det, eller før den staten dei no er ein del av, blei etablert.

Samisk kultur

Samisk kultur:

Ulik norsk kultur Eige språk Naturnære levevegar som reindrift og fiske Opphavleg med eit livssyn basert på ein naturreligion.

Samisk kultur

Frå midten av 1800-talet og fram til 1960-åra blei den samiske befolkninga i Noreg utsett for ein systematisk og kulturundertrykkjande fornorskingspolitikk.

Det er mange urfolk i verda i dag som ikkje har dei same rettane som samefolket har i

Noreg.

Samisk kultur