8
PASIENT OG PÅRØRANDEOPPLÆRING AKTIVITETSOVERSIKT 2014 LÆRINGS- OG MEISTRINGSSENTERET Helse Førde

Aktivitetsoversikt LMS 2014

Embed Size (px)

DESCRIPTION

 

Citation preview

Page 1: Aktivitetsoversikt LMS 2014

PASIENT OG PÅRØRANDEOPPLÆRING

AKTIVITETSOVERSIKT2014

For meir informasjon om opplæringa og tidspunkt kan du kontakte:Lærings- og meistringssenteret (LMS) Tlf 578 39 870.

Telefontid 09.00 – 13.00

www.helse-forde.no/pasient/laeringogmestringwww.helse-forde.no

LÆRINGS- OG MEISTRINGSSENTERET

Helse Førde

Page 2: Aktivitetsoversikt LMS 2014

Medisinsk behandling kan ikkje avhjelpe alle helseproblem når ein får ein kronisk sjukdom. Opplæring har til hensikt å bidra til meistring av sjukdommen.

Gruppebasert opplæring skjer i samhandling med brukar, fagfolk og dei tilbodet gjeld for. Erfaring frå brukarar og kunnskap frå helsepersonell er grunnlaget for opplæringa.

For all opplæring gjeld;

l Tilvising frå fastlege eller innkalling/invitasjon frå sjukehuset.

l Pris: Eigendel på kr 315,- dersom over 16 år. Gjeld ikkje tilbod innan psykisk helse.

l Lunsj: kan kjøpast.

l Utgifter til reiser, kost og overnatting dekkast etter faste takstar.

l Ta kontakt med pasientreiser på telefon 05515 eller www.pasientreiser.no ved behov for overnatting og/eller tilrettelegging av reisa.

For meir informasjon om opplæringa og tidspunkt kan du kontakte:

l Lærings- og meistringssenteret (LMS) Tlf 578 39 870 - telefontid 09.00 - 13.00. l www.helse-forde.no/pasient/laeringogmestring

2

Page 3: Aktivitetsoversikt LMS 2014

BarneavdelingaBarneavdelinga, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukar-representant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Astma, opplæring for foreldre. 1 dag l Autisme, opplæring for foreldre til barn i alderen 0-10 år. 1-2 dagar l Cøliaki, opplæring for foreldre. 1 dag l Cøliaki, opplæring for skule- og barnehagetilsette. 1 dag l Diabetes, opplæring for foreldre og/eller barn/ungdom med ulike tema. 1 dag l Diabetes, opplæring for deg som omgåast eit barn med diabetes (tanter, onklar, naboar og andre). Blir arrangert på ettermiddag etter behov/etterspørsel. l Diabetes, opplæring for tilsette i skule, barnehage og helse- stasjonar. 1 dag l Epilepsi, opplæring for foreldre. 1 dag l Epilepsi, opplæring for tilsette i skule, barnehage og helsestasjonar. 1 dag l Enurese, opplæring for foreldre. 1 dag l ME/kronisk utmattelsessyndrom, opplæring for foreldre. 1+1 dag l ”Starthjelp”, opplæring for foreldre til barn med nedsett funksjon. 4 dagar

For å delta på opplæringa treng ein tilvising til Helse Førde, Barneavdelinga, postboks 1000, 6807 Førde.

3

Førde sentralsjukehusStad for opplæring: Lærings- og meistringssenteret (LMS) Helse Førde

ved Rema 1000 (Viesenter) i Førde

Augeavdelinga, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukar-representant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Synsvanskar, opplæring til pasient og pårørande. 1. dag

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Augeavdelinga, postboks 1000, 6807 Førde

Augeavdeling

Page 4: Aktivitetsoversikt LMS 2014

4

Avdeling for nevrologi, revmatologi og rehabilitering (ANRR)

ANRR, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukarrepresentant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Revmatoid artritt, opplæring for pasient. 2 dagar l Småleddsartritt, opplæring for pasient. 1 dag l Osteoporose, opplæring for pasient. 3 dagar l Spondylartritt, opplæring for pasient. 2 dagar l Multippel sklerose, opplæring for pasient og pårørande. 2 dagar l Hjerneslag, opplæring for pasient og pårørande. 2 dagar

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, ANRR, postboks 1000, 6807 Førde

Øyre, nase, hals avdeling (ØNH)ØNH, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukarrepresentant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Tinnitus, opplæring for pasient og pårørande. 1-2 dagar l Søvnapne, opplæring for pasient og pårørande. 1 dag

Medisinsk avdelingMedisinsk avdeling, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukar-representant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Diabetes type 1, opplæring for pasient. 2 dagar l Diabetes type 2, opplæring for pasient og pårørande. 3 dagar l Diabetes type 2, forkorta opplæring for pasient og pårørande. 1 dag l INR (antikoagulasjonsbehandling), opplæringsprogram for pasient. l Kronisk nyresvikt, opplæring for pasientar som skal få dialyse. 2 dagar l Cøliaki, opplæring for pasient. 1 dag

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Medisinsk avdeling, postboks 1000, 6807 Førde

HudavdelingHudavdelinga, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukarrepresentant arrangerer i samarbeid opplærging for; l Atopisk eksem, opplæring for foreldre. 1 dag.

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Hudavdeling, postboks 1000, 6807 Førde.

Page 5: Aktivitetsoversikt LMS 2014

5

Psykiatrisk klinikkVaksenhabiliteringa/sentralt ressursteam gjev følgjande tilbod til; l Gruppe med unge vaksne personar med diagnose autismespekter/ Asberger syndrom. Møte kvar andre veke i Førde l Gruppe med vaksne personar med diagnose autismespekter/ Asperger syndrom. Møte ein gong kvar månad i Sogndal. l Gruppe med vaksne personar med diagnose autismespekter/ Asperger syndrom. Møte ein gong kvar månad i Førde. l Gruppe med vaksne personar med diagnose autismespekter/ Asperger syndrom. Møte ein gong kvar månad på Eid. l Gruppe for foreldre til unge vaksne med diagnose autismespekter/ Asberger syndrom. Møte kvar andre veke i Førde l Gruppe med unge kvinner med særskilte behov. Møte kvar tredje veke i Førde.

Vaksenhabiliteringa gjev tilbod om opplæring direkte til pårørande.

Kirurgisk avdelingTverrfagleg fedmepoliklinikk, Lærings- og meistringssenteret (LMS) og brukarrepresentant arrangerer: l Kurs for pasientar tilvist til spesialisthelsetenesta for sjukleg overvekt. 1 dag.

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Tverrfagleg fedme-poliklinikk postboks 1000, 6807 Førde. Tilvisinga finn ein på nettsida: www.helse-forde.no/behandling/sjukelegovervekt/tilvising. Fastlege må nytte tverrfagleg fedmepoliklinikk sitt eige tilvisingsskjema som ein finn på nettsida til Helse Førde. l Gruppeopplæring- og rettleiing 1-2 år etter operasjon for sjukleg overvekt. 1 dag

Pasienten får innkalling frå Tverrfagleg fedmepoliklinikk. Andre tidlegare opererte pasientar kan også ta kontakt med Tverrfagleg fedmepoliklinikk for påmelding. Telefon 57839910/57839274

l Høyrselsnedsetting; opplæring for pasientar som brukar høyre- apparat og deira pårørande. 1 dag l Teknisk kurs/gjennomgang av hjelpemidlar til pasientar med hørselsnedsegging. 4 timar

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, ØNH avdeling, postboks 1000, 6807 Førde

Page 6: Aktivitetsoversikt LMS 2014

6

Nordfjord sjukehusStad for opplæring: Nordfjord sjukehus.

Medisinsk poliklinikk, Lærings- og meistringssenteret og brukarrepresentant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Diabetes type 2, opplæring for pasient og pårørande. 3 dagar

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Medisinsk avdeling, merk Nordfjord Sjukehus, 6770 Nordfjordeid.

Utviklingsprosjektet «Framtidas lokalsjukehus» har til oppgåve å utvikle lærings og mestringstilbod ved Nordfjord sjukehus. Følgjande tilbod er planlagt:

I samarbeid med Barneavdelinga og brukarrepresentant l Cøliaki, opplæring for foreldre. 1 dag l Cøliaki, opplæring for tilsette i skule, barnehage og barnehage. 1 dag l Diabetes, opplæring tilsette i skule, barnehage og helsestasjonar. Blir arrangert i løpet av 1.veke etter skulestart. 1 dag l Diabetes, opplæring for deg som omgåast eit barn med diabetes (tante, onklar, naboar og andre). Arrangerast på ettermiddag etter behov/etterspørsel

For å delta på opplæringa treng ein tilvising til Helse Førde, Barneavdelinga, postboks 1000, 6807 Førde.

I samarbeid med Tverrfagleg fedmepoliklinikken i Helse Førde og brukar-representant l Gruppeopplæring og -rettleiing 1- 2 år etter operasjon for sjukleg overvekt. 1 dag.

Pasienten får innkalling frå Tverrfagleg fedmepoliklinikk. Andre tidlegare opererte pasientar kan også ta kontakt med Tverrfagleg fedmepoliklinikk for påmelding. Telefon 577839910/57839274

I samarbeid med BUP Nordfjord og brukarrepresentant l ADHD, opplæring for foreldre. 3 dagar l Oppfølgingskurs for dei som tidlegare har delteke på opplæring for foreldre til born med ADHD. 1 dag

Page 7: Aktivitetsoversikt LMS 2014

7

Florø sjukehusStad for opplæring: Florø sjukehus.

Medisinsk poliklinikk, Lærings- og meistringssenteret og brukar-representant arrangerer i samarbeid opplæring for; l Kroniske smerter, opplæring for pasient. 6 gangar l KOLS, opplæring for pasient. 9 gangar l Astma, opplæring for pasient. 3 gangar l Osteoporose, opplæring for pasient. 3 gangar l ”Livstyrketrening”. 10 gangar l Nettverkssamling for oksygenkontakt, brukarar og pårørande. 2 dagar.

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Medisinsk poliklinikk, merk Florø sjukehus, 6900 Florø.

Lærdal sjukehusStad for opplæring: Lærdal sjukehus.

Medisinsk poliklinikk, Lærings- og meistringssenteret og brukar-representant arrangerer i samarbeid opplæring for;

l Diabetes type 2, opplæring for pasient og pårørande. 3 dagar l KOLS, opplæring for pasient. 3 dagar

For å delta på opplæring treng ein tilvising til Helse Førde, Medisinsk avdeling, Lærdal Sjukehus, 6887 Lærdal.

Nordfjord BUP gjev tilbod om opplæring direkte til foreldre.

Elles deltar prosjektet i samarbeid med medisinsk avdeling og fysiotera-pitenesta i tilbodet om Hjarterehabilitering.

Page 8: Aktivitetsoversikt LMS 2014

For meir informasjon om opplæringa og tidspunkt kan du kontakte:Lærings- og meistringssenteret (LMS) Tlf 578 39 870.

Telefontid 09.00 – 13.00

www.helse-forde.no/pasient/laeringogmestringwww.helse-forde.no