2
Vegar og samferdsel – eit statleg ansvar

bompengar

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Vegar og samferdsel – eit statleg ansvar

Citation preview

Vegar og samferdsel – eit statleg ansvar

Hordaland er bompengefylke nummer éin i Noreg. I fylket vårt er det under planlegging og bygging bompengeprosjekt til ein samla verdi på over 20 milliardar kroner. Tek ein med ny ferjefri kyststamveg, Arnatunnel eller vidare utbygging av bybanen i Ber-gen vert summen endå høgare.

Nokre av bompengeprosjekta er miljømessig dårlege eller medfører unødig trafikkauke. Det gjeld mel-lom anna Hardangerbrua og Ring-veg vest i Bergen. Men langt dei fleste bompengepakkane repre-senterer nødvendige investeringar i samferdsle og infrastruktur.

I Hordaland fylkesting har Raudt konsekvent røysta nei til godkjenning av bompen-gepakkar. Raudt vil i valperio-den 2011–2015 vidareføre denne politikken. Vårt prinsipielle ut-gangspunkt er at statlege riksvegar skal finansierast av det statlege riksvegbudsjettet. Dei kommunale og fylkeskommunale vegane må finansierast av dei kommunale og fylkeskommunale investerings-budsjetta.

Terje Kollbotn (f. 1951) er Raudts tredjekandidat ved fyl-kestingsvalet.

FaktaI 2010 vart det kravd inn over 662 millionar kroner i bom-pengar i Hordaland. Fleire prosjekt er godkjent eller under godkjenning:

Nytt Sotrasamband. Totalramme 6,5 milliardar kroner, passeringspris 35,-.Askøypakken. Totalramme 1,3 mil-liardar kroner, passeringspris 18,-.Nordhordlandspakken. Totalram-me 3,8 milliardar kroner, passerings-pris 40,-.Vossapakko. Totalramme 1,1 mil-liardar kroner, passeringspris 40,-.Kvammapakken. Totalramme 423 millionar kroner, passeringspris 40,-.E39 Svegatjørn-Rådal. Totalram-me 4,2 milliardar kroner, passerings-pris 38,-.E134 Haukelivegen. Totalramme 2,5 milliardar kroner, passeringspris 75,-.

Ingen fleire bompenge-prosjekt i Hordaland

Les heile programmet på raudt.no/hordaland