3
Foto: Terje Aamodt ▸▸ Oppdragsavtale ▸▸ Formål Formålet med oppdragsavtalen er saman med skolane å sette felles målsettingar, og saman med Kristiansund vidaregåande skole å sette resultat- og prosessmål for tenesteutviklinga ved skolen. Fylkesutdanningssjefen skal følgje opp skoleleiinga gjennom året slik at ein saman vurderer dei behova skolen har for støtte og oppfølging for å nå målsettingane. Avtalen skal såleis bidra til å fremje eit godt samarbeid mellom den enkelte skole og skoleeigar. Skoleleiardialogen Skolen har mange utdanningsprogram og aktivitetar knytt til opplæring av elevar og vaksne og fagskoledrift, det er ein kompleks organisasjon. Det er krevjande med mange ulike yrkesfag der elevane har varierande føresetnader og høge forventningar om læreplass og arbeid. Det blir difor ekstra viktig med prioriterte utviklingsmål og tydelege felles satsingar i skolens handlingsplan. Skolen har ei god utvikling i gjennomføring, og auken skjer sjølv om føresetnadane til elevane er like, noko som viser at skolen jobbar systematisk og målretta. Skolen opplever framleis psykisk helse og rusproblematikk som den største utfordringa for gjennomføringa, og har sett i verk mange gode tiltak her. Men skolen ser at det er stor variasjon mellom utdanningsprogramma når det gjeld arbeidet med tilpassa opplæring og gjennomføring, og vil difor analysere forskjellen nærare, og sjå på kva tiltak som ser ut til å fremme gjennomføringa. Dette for å kunne utarbeide tiltak for å betre gjennomstrauminga på skolen totalt. Fokus på dei tiltaka og prosessane som skolen arbeider med gjer at det ligg godt til rette for det. Skolen har i sin organisasjon lagt vekt på å ha ei god elevteneste som gjer at elevane kan få hjelp og støtte når dei treng det. Fylkesutdanningssjefen meiner at denne organiseringa med samla ressursar i ei elevteneste legg godt til rette for at elevane vil få eit godt og trygt skolemiljø. Skolen har gode resultat i elevundersøkinga, med framgang på nesten alle område. Særleg på indikatorane felles reglar og læringskultur merkar fylkesutdanningssjefen seg at framgangen er stor, noko som viser at det har vore jobba godt med dette. Når det gjeld elevdemokrati og medverknad er utviklinga også god, men det blir viktig å halde fram arbeidet med dette feltet. Formidlingsarbeidet er viktig for skolen, og skolen vil framover ha meir fokus på koordinering av YFF-faget og betre samarbeid med arbeidslivet. Samarbeidet med rådgjevartenesta i kommunen fungerer godt. På ein stor skole med mange avdelingar blir det ekstra viktig å jobbe godt med profesjonsfellesskapet og felles kultur. Skolen arbeider no med tema som overordna del av læreplanverket, digitale kompetansepakkar, fagfornyelsen og lærande møter. for Kristiansund videregående skole for skoleåra 2019/2020 og 2020/2021

dragsavtale - Kristiansund VGSkristiansund.vgs.no/content/download/359914/... · Kristiansund vidaregåande skole å sette resultat- og prosessmål for tenesteutviklinga ved skolen

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

  • Foto

    : Ter

    je A

    amod

    t

    ▸▸

    Oppdragsavtale

    ▸▸

    FormålFormålet med oppdragsavtalen er saman med skolane å sette felles målsettingar, og saman med Kristiansund vidaregåande skole å sette resultat- og prosessmål for tenesteutviklinga ved skolen. Fylkesutdanningssjefen skal følgje opp skoleleiinga gjennom året slik at ein saman vurderer dei behova skolen har for støtte og oppfølging for å nå målsettingane. Avtalen skal såleis bidra til å fremje eit godt samarbeid mellom den enkelte skole og skoleeigar.

    SkoleleiardialogenSkolen har mange utdanningsprogram og aktivitetar knytt til opplæring av elevar og vaksne og fagskoledrift, det er ein kompleks organisasjon. Det er krevjande med mange ulike yrkesfag der elevane har varierande føresetnader og høge forventningar om læreplass og arbeid. Det blir difor ekstra viktig med prioriterte utviklingsmål og tydelege felles satsingar i skolens handlingsplan.

    Skolen har ei god utvikling i gjennomføring, og auken skjer sjølv om føresetnadane til elevane er like, noko som viser at skolen jobbar systematisk og målretta. Skolen opplever framleis psykisk helse og rusproblematikk som den største utfordringa for gjennomføringa, og har sett i verk mange gode tiltak her. Men skolen ser at det er stor variasjon mellom utdanningsprogramma når det gjeld arbeidet

    med tilpassa opplæring og gjennomføring, og vil difor analysere forskjellen nærare, og sjå på kva tiltak som ser ut til å fremme gjennomføringa. Dette for å kunne utarbeide tiltak for å betre gjennomstrauminga på skolen totalt. Fokus på dei tiltaka og prosessane som skolen arbeider med gjer at det ligg godt til rette for det.

    Skolen har i sin organisasjon lagt vekt på å ha ei god elevteneste som gjer at elevane kan få hjelp og støtte når dei treng det. Fylkesutdanningssjefen meiner at denne organiseringa med samla ressursar i ei elevteneste legg godt til rette for at elevane vil få eit godt og trygt skolemiljø. Skolen har gode resultat i elevundersøkinga, med framgang på nesten alle område. Særleg på indikatorane felles reglar og læringskultur merkar fylkesutdanningssjefen seg at framgangen er stor, noko som viser at det har vore jobba godt med dette. Når det gjeld elevdemokrati og medverknad er utviklinga også god, men det blir viktig å halde fram arbeidet med dette feltet.

    Formidlingsarbeidet er viktig for skolen, og skolen vil framover ha meir fokus på koordinering av YFF-faget og betre samarbeid med arbeidslivet. Samarbeidet med rådgjevartenesta i kommunen fungerer godt.

    På ein stor skole med mange avdelingar blir det ekstra viktig å jobbe godt med profesjonsfellesskapet og felles kultur. Skolen arbeider no med tema som overordna del av læreplanverket, digitale kompetansepakkar, fagfornyelsen og lærande møter.

    for Kristiansund videregående skole for skoleåra 2019/2020 og 2020/2021

  • Foto

    : Ter

    je A

    amod

    t

    ▸▸

    Prioritering av mål og tiltak for alle dei vidaregåande skolaneFor å utvikle kvaliteten og få endå betre gjennomføringa skal følgande prioriterast:

    • Gjennomføring. Hovudmålsettinga er at talet på elevar og lærlingar som gjennomfører vidaregåande opplæring med greidd resultat etter 5 års opplæring skal aukast til 79 prosent ved utgangen av planperioden.

    • Arbeid med læring og trivsel. Det skal arbeidast systematisk med tilpassa opplæring, skolemiljø, læringsmiljø, psykososialt miljø, psykisk helse, læreplanverket, klasseleiing, vurderingspraksis og grunnleggande ferdigheiter for alle elevar og lærlingar. Spesialundervisning. Hovudmålet er at mest mogeleg av utfordringane elevane har, skal løysast ved førebyggande og operativt arbeid i klassekvardagen.

    • Digital kompetanse. Det skal arbeidast for å auke digital kompetanse og dømmekraft på ein systematisk og målretta måte for å møte endringane i samfunn og arbeidsliv.

    • Elevdemokrati og medverknad. Det skal arbeidast med at elevane vert lytta til og har ein reell innflytelse i skolekvardagen.

    • Overgangar. Det skal arbeidast med å vidareutvikle varige samarbeidsstrukturar både når det gjeld overgangar frå ungdomsskole til vidaregåande skole, frå vidaregåande skole til opplæring i bedrift og til høgare utdanning. Saman med lokalt og regionalt arbeidsliv arbeide for å skape fleire lære- og

    opplæringsplassar. Formidlingsarbeid skal stå særleg i fokus.

    • Profesjonsfellesskap og skoleutvikling. Det skal arbeidast med vidareutvikling av pedagogisk leiing og profesjonsfellesskap som fremjar delings- og læringskultur med elevanes læring og utvikling i fokus.

    Prioritering av mål og tiltak for Kristiansund vgsGrunnlaget for fylkesutdanningssjefen si forventning til skolen er korleis skolen arbeider med kvalitetsplanen og oppfølginga av kvalitetsmeldinga for vidaregåande opplæring for å utvikle opplæringa, og spesielt innanfor gitte kvalitetsområde skolen må forbetre.

    Fylkesutdanningssjefen har i samråd med skolen peika på følgjande område som ein spesielt må utvikle tiltak for å betre kvaliteten:

    • Skolen skal ha fokus på førebyggande arbeid når det gjeld mobbing for å sikre eit godt og trygt læringsmiljø for alle elevane. Det blir også viktig å fortsette arbeidet med å sikre tilpassa opplæring for alle elevane. Skolen skal også vidareutvikle VIP-deltakinga og vidareføre ordninga med gratis frokost.

    • Skolen skal styrke elevmedverknaden gjennom utvikling av samarbeidet mellom elevråd og skole, sterkare fokus på god vurderingspraksis og oppretting av ulike fokusgrupper der elevrådet er representerte, t.d. innanfor vurderingspraksis, mobbing og digitale ferdigheiter.

  • Erik Brekken Fylkesutdanningssjef

    Marit Bjerkestrand Rektor

    • Skolen vil vere ein tydeleg aktør som påverkar elevar, tilsette og eksterne samarbeidspartnarar til å gjere val som fremmar berekraftig utvikling og ein meir miljøvenleg skolekvardag.

    • For kvart trinn skal minst 85 % av elevane fullføre og bestå skoleåret. Færre enn 3 % av elevane skal slutte i løpet av skoleåret. Faget YFF skal følgast opp spesielt gjennom fokus på samarbeidsavtalar med næringsliv og andre aktørar der elevane er utplasserte.

    • Kristiansund vgs. må aktivt arbeide med måla i samfunnskontrakten. Skolen har eit godt samarbeid med lokalt næringsliv. Dette er viktig for å skaffe fleire plassar for lærlingar, samt å tilpasse kapasiteten i skolen til behovet til bedriftene.

    • Skolen må fortsette å arbeide systematisk med vurdering for læring, klasseleiing og regelhandtering gjennom å utvikle nokre grunnleggjande reglar for pedagogisk praksis, klasseleiing og reglar som skal etterlevast av heile skolemiljøet.

    • Skolen skal styrke relevans og yrkesretting av fag gjennom FYR-satsinga.

    • Skolen skal ha fokus på nytilsette og spesielt nytilsette lærarar gjennom kollegavegleiing og tett oppfølging frå næraste leiar.

    • Skolen driv eit godt arbeid med eigen leiarutvikling og har vært blant dei første til å etablere ei pedagogisk leiing tett på med vekt på kva som fremjar læring hos elevane. Det er viktig at dette arbeidet held fram og utviklast vidare.

    • Skolen skal auke elevane si digitale kompetanse gjennom å auke lærarane si kompetanse.

    • Skoleleiinga må legge til rette for at det nye læreplanverket og VIS vert implementert på ein forsvarleg og god måte

    • Det skal etablerast innsatsteam mot mobbing og det er viktig å involvere elevane i dette arbeidet og forankre det i heile personalgruppa.

    • Skolen skal styrke arbeidet med språkutfordringar hos elevar. Spesielt fleirspråklige elevar med kort botid i Norge har store utfordringar med å fullføre og bestå.

    Fylkesutdanningssjefen forventar at skolen set i verk tiltak innanfor områda for alle dei vidaregåande skolane og spesielt for Kristiansund vgs. Når ein skal prioritere tiltak er det viktig at dei er heilskaplege og samordna.