3
“Ein dag med Tore Aarseth” Tekst og bilete: Martin Håndlykken

Ein dag med Tore Aarseth

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Featurereportasje. Eit innblikk i korleis dagen til ein køyrelærar er.

Citation preview

“Ein dag med Tore Aarseth”

Tekst og bilete:Martin Håndlykken

Ein dag med Tore AarsethDagen til Tore Aarseth startar tidleg på morgonen når den eldste dottera skal kjørast på skulen. Turen går deretter innom den lokale bensinstasjonen for å fylle kaffi. Du lurar kanskje på kven dette er. Tore er ikkje rockestjerne, skodespelar, konsernsjef eller politikar. Heime er han trebarnsfar, på jobben er har køyreskulelærar.

Det er greitt å ha ein god bil og litt ekstra utstyr. Eg tilbringar jo mesteparten av tida i bilen.

sjeldan det er den grunnleggande opplæringa det blir satt spørsmål til. Det er staten som står i regi for programmet som er lagt opp for køyreskuleelevane.

- Det er kanskje rom for forbetring på akkurat dette området då? - Det er mogleg det, men korleis ein skal gjere det i praksis er kanskje vanskelegare å finne ut. Men det er rom for forbetring.

Statistisk sentralbyrå har i fleire år dokumentert vesentlig høgare ulykkesprosent hos unge sjåførar. Spesielt menn i atten-tjueårsal-deren. - Kvifor er dette den mest utsette gruppa? - Det kjem på grunn av at unge menn ofte overvurderar eigne evner. Når rus og sånt er med i bilete er jo det ei naturleg forklaring. Ofte er det at ein trur ein meistrar noko ein eigentlig ikkje meistrar. Fart og spenning er ofte noko som unge søkjar etter. Etter ein rundar tjue by-rjar ein ofte å reflektere litt rundt kva

du faktisk gjer og kva konsekvensar det kan ha.

- Korleis var du som ung sjåfør? - Eg var mykje meir villig til å ta sjansar og sånn. Eg har jo vore atten år sjølv.

- Kjenner du noko personleg ansvar for å lære dine elevar å køyre bil best mogleg og ha gode haldningar? - Ja, det er jo å lære opp ein person til å bli ein flink og dyktig sjåfør som er målet. Samtidig er det vanskeleg å endre på haldningar til attenårin-gar på eit få køyretimar.

Tore grublar litt for seg sjølv mens landskapet susar forbi. Etterkvart gir han instruksar til eleven som skal sette kursen heimover. - Eg håpar jo sjølvsagt at dei som har køyrd med meg blir ansvars-bevisste, flinke dyktige sjåførar som unngår å kome opp i alvorlige trafikkulykker. - Har du nokon gong vore i ei trafikkulykke? - Eg har aldri vore i ei alvorleg trafik-

kulykke sjølv. Har vore nær eit par gongar... Eg hadde ein kompis for mange år sidan som drap seg i trafik-ken. Eg var vel rundt nitten. Det var ikkje promille, men tullekøyring. Eg var og såg på vraket av bilen. Du såg ikkje kvar bilen var. Den var heilt most. Sånne ting gjer at du byrjar å tenke litt meir.

- Når ein byrjar å bli like gammal som meg og ein byrjar å få ungar blir ein mykje meir redd for livet sitt. Ikkje fordi eg sjølv skal dø, men tanken på at ungane mine skal vakse opp utan ein far skremmar meg veldig.

Køyretimen er over, og Tore er godt fornøgd med eleven. Eit par råd blir gitt før eleven får gå. Til slutt er det tid for meg å gå også. Tore må vidare til neste køyretime.

Det er mykje ein kan sei om køyre-opplæring, men som Tore seier. Førarkortet er berre byrjinga. Det er når ein har fått førarkortet at ein verkeleg byrjar å lære.

...tanken på at ungane mine skal vakse opp utan ein far skrem-mar meg veldig.

- Eg har haldt på sidan juni åtte-ognitti. Det blir faktisk fjorten år til sommaren. Tida går utruleg fort. Det er heilt vanvittig altså. Blir nest-en skremd av å tenke på det. Eg syns ikkje det er så lenge sidan eg starta. Tore smilar og mimrar tydlig tilbake til sine tidlegare dagar som køyrelærar. I det same augeblikk kjem eleven som skal kjøre denne timen. Det er på landevegen vi skal kjøre i dag. Eleven er snart ferdig med dei obligatoriske timane, og kan snart ta førarkortprøva.

Eg hugsar framleis min første bak-kestart med denne bilen med Tore. I dag skal eg ikkje lære meg å køyre, men eg skal prøve å forstå korleis dagen til min gamle kjørelærar ei-gentlig er.

Tore er utdanna som trafikkskule-lærar. Som 24-åring var han utlært, og byrja i jobben men ein gong. Ein del av dette er på grunn av far hans, som også er køyrelærar.

- Ligg det i familien å bli køyrelærar eller? - Det var vel eigentlig det då. Eg såg eigentlig at pappa trivst i jobben, og at det kanskje var ein jobb eg kunne trivst i. Eg trivst veldig godt, det gjer eg. Heime har Tore tre ungar, alle er framleis småbarn. Med spørsmål om han forventa at nokon av dei kom til å bli køyrelærarar som han og faren ler han godt. - Det får dei bestemme sjølv. Det ligg vel kanskje litt i genane?

I Noreg får ein førarkortet etter at ein har bestått ei praktisk førar-prøve hos biltilsynet. For å kunne ta denne prøva må ein ha eit bestemt antal køyretimar hos ein sertifis-ert køyreskule. I tillegg må ein ha bestått den teoretiske prøva for å kunne ta førarprøva. Tore driver ein køyreskule som driv både med praktisk og teoretisk undervisning.

I gjennomsnitt har Tore rundt tret-ti elevar i året som han følgjar frå første køyretime til førarkortprøva. Etter fjorten år som køyreskulelærar så har han hatt nærmare firehundre elevar totalt.

Is, snø og glatt føre er noko alle nordmenn må venne seg til. På grunn av det kalde klimaet ligg det ofte snø og is på vegane frå novem-ber heilt fram til mars.

- Er det noko obligatorisk opplæring på snø og isføre? - Nei, det er det ikkje. Det er full mogleg for nye sjåførar å ta førar-kortet utan i det heile tatt å køyrd på glatt føre med is og snø. Det er ikkje obligatorisk for køyreskuleelevar å køyre på trafikkert veg slikt føre. Den opplæringa du får på glatt føre er på ei glattkøyringsbane der ein simulerar ulike situasjonar på glatt føre.

Eg syns det er rart at dette ikkje er obligatorisk. Det er mykje fokus rundt tryggleik i trafikken. Det er

Køyreskulelærar i fjorten år: som køyreskulelærar har Tore eit stort ansvar, men han finn likevel stor glede i å lære opp nye sjåførar dag ut og dag inn.

Tekst og bilete: Martin Håndlykken

Eg trivst veldig godt, det gjer eg.