26

Farleg kreditt

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Krimroman av Thore Eithun Helland

Citation preview

Page 1: Farleg kreditt
Page 2: Farleg kreditt

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 1

Page 3: Farleg kreditt

Thore Eithun Helland

FARLEG KREDITT

Roman

SamlagetOslo

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 3

Page 4: Farleg kreditt
Page 5: Farleg kreditt

Til far og mor,Knut Helland og

Borgny Eithun Helland

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 5

Page 6: Farleg kreditt

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 6

Page 7: Farleg kreditt

Sørvesten slengde regnkulene mot stovevindauga medurytmisk kraft. Vêrmeldarane hadde varsla om bråttomskifte i vêret utan at spådommen hadde slått til. Vindenskulle slå kollbøtte i Nordsjøen og sige innover mot landetigjen frå nord. På få timar skulle det kome mykje snø, ogtemperaturen skulle gå djupt. Julehelga skulle bli kjortel -kvit og polarkald.

Men eg brydde meg ikkje. Eg skulle vere inne i varmenlikevel. Eg skulle skjerme meg frå vêret og livet – og berrejobbe med prosjektet.

Det ringte på døra. Eg la frå meg øyretelefonane oggjekk ut i gangen for å opne. Det måtte vere den helvetesleigetakaren på loftet. Ein sur, gammal ungkar med dårlegenervar som ville ha ro døgnet rundt. Eg var klar til å bjeffei han at musikarar ikkje kan ta omsyn til tid og stad. Musi-karar går på kveldsinspirasjon og nattbensin.

Eg vrei om låsen, dytta opp døra og såg rett på Wenche.Ho stod der i ei raud kåpe med skulderputer og breitt belteog med dei svarte støvlettane samla. Håret hennar varframleis ein kastanjebrun tornado, halde nede med fleireklemmer. Blikket hennar spurde meg om eg ikkje var gladfor å sjå henne.

«Eg kom tilbake,» sa ho. Eg lente meg mot dørkarmen utan å vite kva som var

smart av meg å seie. Eg kjende korleis kjenslene mine vippafram og tilbake mellom glede og irritasjon.

Ho løfta kofferten. «Skal du ikkje invitere meg inn?»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 7

Page 8: Farleg kreditt

«Kvifor det?»«Fordi eg er her.»Vi såg på kvarandre mens ho blei våt i regnet. Bak

henne drukna byen i vatnet som stupte ned frå dei groveskyene. Vinden kom inn frå havet, sopte over øylandskapetog gjennom gatene. Nede i hagen veiva eikene etter hjelpmed greinene.

Eg fekk ikkje til å gi henne ein klem då ho trengde seginn i leilegheita. Men eg hjelpte henne av med kåpa ogstøvlettane. Under det våte plagget hadde ho ein kvit, høg-halsa genser og eit skotskrutete skjørt.

«Er du ikkje glad for å sjå meg?»Eg lukka døra, støtta meg usikkert til veggen. «Det var

du som gjorde det slutt. Eg veit framleis ikkje kvifor.»«Det er lov til å ombestemme seg.»Irritasjonen fekk overtaket. «Eg har ikkje høyrt noko frå

deg på snart eitt år. Så står du berre her med kofferten ogkåpa di? Er du klar over kor mange gonger eg har ringt?Veit du kor mange tekstmeldingar du har fått?»

«Eg vil gi deg ein ny sjanse.» Ho visste kvar ho skulle, ho gjekk rett inn på det rotete

soverommet og sette frå seg kofferten. Ho snuste rundt pådei brukte kleda som var slengde rundt. Lakenet og dyne-trekket hadde eg ikkje skifta på eit par månader. Eg såg kor-leis ho mislikte rotet mitt.

Eg følgde etter henne inn på kjøkkenet. Der blei ho stå-ande og sjå ned i den fulle oppvaskkummen. Ho snuddeseg, myste mot dei tomme pizzaøskjene som var fint stablapå toppen av kjøleskapet. På golvet stod det ein hær medtomme pilsflasker og ølboksar.

«Eg forstår ikkje at du orkar å bu i dette holet,» sa hovendt mot meg.

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 8

Page 9: Farleg kreditt

Eg stod der med hendene i baklommene på dongeri-buksa. «Det er billeg her. Og eg får spele i fred.»

Wenche gjekk forbi meg, titta inn på badet og rista påhovudet. Så trampa ho inn i stova og stoppa. «Kva erdette?»

Eg følgde etter og stilte meg ved sida av henne. Instru-mentkaoset fylte rommet. «Eg skal spele inn plate.»

«Her?»«Nei. No skal eg berre spele inn demoar. Eg må prøve ut

songane, finne ut om dei fungerer. Så går eg i studio nåralt er klart.»

Wenche gjekk rundt trommesettet, studerte det som omdet var eit framandt dyr. «Her ser det forferdeleg ut. Slikkan du ikkje ha det. Ikkje når eg er komen på besøk. Dumå få bort instrumenta med ein gong.»

Vi sat på kjøkkenet og åt ferdigpizza med hendene. Egheldt på med den første ølboksen, mens Wenche var godtnede i den tredje. Ho åt, drakk og prata, mens eg sat påandre sida av bordet og tenkte på dei få dagane eg haddeunnt meg for å spele inn demoen til soloplata. Eg skulleskrive, arrangere og produsere alt. Eg skulle spele alleinstrumenta sjølv. Plata hadde eg drøymt om så lenge egkunne hugse. Så sat Wenche der og forstod ikkje kor viktigplateprosjektet var.

Straumen av ord stoppa. Ho studerte meg over toppenav ølboksen. «Sjå på håret ditt, Alvin. Du er år. Kor stiligtrur du eigentleg folk synest at det er?»

Eg kasta håret bak dei smale skuldrene mine. «Eg harnesten alltid hatt det slik.»

«Før farga du det ikkje.»«No må eg.»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 9

Page 10: Farleg kreditt

«Kvifor det? Eg synest menn med grått hår er fint. Deter verre at du nesten aldri vaskar det.»

«Eg vaskar det ofte nok.»«I kveld skal eg klippe deg. Eg skal klippe deg heilt kort.

Og eg skal gi deg intimbarbering. Eg gjorde det på megsjølv i dag tidleg.» Wenche reiste seg, drog av seg strømpe-buksa og trusa. Ho kom rundt bordet og sette seg overskrevs på meg, mens ho drog opp skjørtet. «Sjå, Alvin.Pusen min er heilt utan hår.»

Eg prøvde å få henne opp frå låra mine. «Slutt, Wenche.Set deg tilbake på plass.»

Ho la armane rundt halsen min og leitte innover i augomine med eit leikent blikk. «Er du ikkje kåt på meg?»

«Nei.»«Eg er kåt.»«Slutt.» Eg prøvde å ta bort armane hennar, men ho vrei

seg laus og drog opp genseren. Med peikefingrane vippaho ned brysthaldaren.

«Smak på brystvortene mine, Alvin. Eg vil at du skalsmake på dei.»

«Slutt.»«Kom igjen. Eg veit du liker det.»«Nei.» Eg drog ned genseren hennar og fekk henne opp

på beina. Men ho gjorde motstand. Vi tumla inn i kjøle-skapet. Der blei vi ståande og stire kvarandre inn i augo.

Først var augo hennar leikande, mens så kom dei mørkeskyene. Det var snart storm.

«Forbanna dritsekk,» sa ho. «Du er ein forbanna drit-sekk, Alvin. Her kjem eg heilt til Bergen for å gjere det godtigjen. Og så vil du ikkje ha meg.»

«Gi deg.»«Er det Torunn?»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 10

Page 11: Farleg kreditt

«Nei. Vi er kollegaer,» sa eg så roleg eg makta. «Vi job-bar saman med musikk. Vi speler julekonsertar. Det ergode pengar for meg.»

Utan eit ord fekk Wenche på seg kleda. Ho henta kof-ferten på soverommet og kom tilbake til kjøkkenet. Det varein rosa koffert. Ho likte å vere jente, men ho hadde blik-ket til ei kvinne som visste kva ho ville.

«Greitt,» sa ho og såg trøytt på meg. «Eg skal gå, Alvin.Viss det er det du vil. Din jævla tapar.»

«Eg er musikar.»«Du kunne ha vore jurist, ikkje musikar.»«Jussen var ikkje noko for meg.»«Walter har ny bil. Han har stort hus, og han kler seg

skikkeleg.»Eg undra meg over at ho nemnde gymnaskameraten

min, som eg ikkje hadde sett på lenge. Etter mange år i Oslovar han flytta tilbake til Hardanger. Han hadde opna advo-katpraksis i Grova, sentrum av Norheimsund. «Kvifor nem-ner du han no?» spurde eg.

«Fordi han er vellykka.»Dei måtte ha møtt kvarandre etter at Wenche hadde

gjort det slutt med meg. «Når blei du kjend med han?»«Han kjenner nokon i banken.»«Hald deg unna han,» sa eg.«Kvifor det?»«Fordi han er ein sleiping,» sa eg og meinte det, sjølv om

eg alltid hadde likt Walter Gravdal. Vi hadde hatt pultar vedsida av kvarandre i tre år, og vi hadde vore på same russebil.

«Du får finne deg ei dame som liker livsstilen din, Alvin.Den dama finst sikkert.» Wenche forsvann ut i gangen. Derfekk ho på seg kåpa og støvlettane. Så opna ho døra ogmarsjerte ut i regnet med kofferten i handa.

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 11

Page 12: Farleg kreditt

Eg kjende meg flat i heile kroppen. Det var som om egvar køyrd over av ein trailer. Seint følgde eg etter for ålukke igjen døra. Ei stund blei eg ståande og glane tomt uti mørket.

Brått forstod eg at eg hadde gjort ein stor tabbe. Eg varglad i Wenche. Ho var den mest spennande kvinna eghadde møtt. Saman med henne var alt mogeleg. Ingentingvar trist. Ingenting var vanskeleg.

Eg fekk på meg joggeskorne, kom meg rundt hushjør-net og opp den bratte trappa til gata.

Med bankande hjarte og fort pust såg eg den raude FiatPuntoen til Wenche sige nedover. Eg sprang opp på sida avbilen, slo handa mot sideruta. «Bli med inn igjen, Wenche.»

Ho såg ikkje på meg eingong. Hendene hennar låg høgtoppe på rattet, og blikket hennar var festa mot eit punkt ienden av gata. Eg sprang ved sida av den vesle bilen til egikkje hadde meir pust igjen og måtte la dei raude baklysaforsvinne nede i krysset.

Eg blei ståande midt i gata med hendene løfta mot sky-ene. Kald luft strauk meg over det sveitte ansiktet. Og då egsåg opp, kom dei første snøfnugga.

Tilbake i leilegheita gjekk eg rett i dusjen og vaska håretgrundig. Eg trimma den smale barten og det skarpe skjeg-get. Etterpå begynte eg å støvsuge alle rom og vaske opptallerkane i oppvaskkummen. Eg jobba med feber i krop-pen i tilfelle Wenche kom tilbake. Eg visste frå før at detikkje nytta å ringje henne etter ein krangel. Anten kom hotilbake av seg sjølv, og då skulle eg vere klar, eller eg måttereise etter henne.

Eg såg på armbandsuret. Det var gått ein time utan atho hadde vist seg. Ho ville snart vere tilbake i Strandebarm,og ho ville snart opne den første flaska med vin. Viss eg

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 12

Page 13: Farleg kreditt

skynda meg, ville eg rekke å dele den andre flaska medhenne.

På få minutt pakka eg kofferten og kledde på meg eintjukk ullgenser og militærjakka med alle lommene. Påbeina hadde eg dei velbrukte Dr. Martin-støvlane minemed jerntupp.

Eg skrudde av lysa i leilegheita og lét tekstane til song-ane mine liggje igjen på salongbordet i stova.

Eg låste ytterdøra og gjekk opp trappa. Dei tunge, nat-tegrå skyene låg med skuldrene inn mot dei sju fjella. Kvitecornflakes dala ned. Eg måtte sope snø bort frå rutene påbilen min. Ein sølvgrå Volvo frå . Ein dårleg vin-terbil som drakk bensin, men som eg likevel var glad i.

Eg slengde kofferten frå meg i baksetet og sette meg inn.Motoren starta på andre forsøket, samtidig med at mobi-len gav lyd frå seg i lomma. Eg var sikker på at det varWenche. Men det var det ikkje. Displayet fortalde meg atdet var far. Ei stund sat eg med telefonen i handa. Eg håpteat ringinga ville stoppe. Eg kunne ikkje snakke med hanno. Men så gav det dårlege samvitet mitt etter.

«Kom og hent meg på Nøstet,» sa far med ei stemmesom eg ikkje hadde høyrt sidan han ringte og fortalde atmor var død.

Eg blei overraska. Far var nesten aldri i Bergen. «Er duher i byen?»

«Eg har vore i eit møte. Det er fullstendig krise, Alvin.» «Eg har dårleg tid.»«Du må køyre meg heim. Dei knuste fingeren min med

ein hammar.»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 13

Page 14: Farleg kreditt

Far rava fram frå Knøsesmauet og ut i gata. Han trakka lik-som inn i frontlysa mine, veiva med den eine armen. Denandre armen hadde han tulla inn i den grå frakken. Slipsethang laust rundt skjortekragen. Han var kledd i den svarte,tredelte dressen han hadde hatt på seg under gravferda tilmor og den dagen vi var i banken for å ordne med lånetsom skulle gjere han rik. Han reiv opp døra på passasjer-sida og drog med seg snø inn i setet.

Det var far, som eg hadde sett tre veker tidlegare, medden runde magen, det kvitgrå skjegget og det grå håret iein lang hestehale. Likevel var han ein annan, ein skadamann.

«Køyr.»Eg stira på han.«Køyr meg rett heim til Øystese,» heldt han fram mens

han peika bakover med den venstre tommelen.Denne gongen reagerte eg. Eg snudde bilen og køyrde

same vegen tilbake, laga fleire ferske hjulspor i den snø-dekte gata. Ansiktet til far røpte at han hadde smerter, menhan tok det roleg. Han pusta jamt og lente seg bakover isetet.

Eg kjende på redselen som banka i meg. «Kven gjordedette?»

Far peika på huset vi passerte, som låg rett ved Knøse -smauet. Grunnmuren var høg, og det var avstengde vind-augo. Eit trehus som såg tomt ut, som om det snart skullerivast. «Det er eit ulovleg kasino der inne. Antanas «Bosas»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 14

Page 15: Farleg kreditt

Vanagas har kontoret sitt oppe på loftet. Ein litauar. Kri-minell. Mafiatype. Eg har vore der på eit møte. Eg har gjorteit desperat forsøk på å få utsett tilbakebetalinga av lånet.»

«Er det lånet i sparebanken du snakkar om?» Eg forstodikkje kva han meinte. Eg trudde eg hadde oversyn over kvafar heldt på med.

«Det er eit anna lån.»«Kva lån?»Far veiva med den friske handa. «Det var eit lån eg

måtte ta for at vi ikkje skulle gå konkurs.»«Men selskapet gjekk konkurs.»«Det såg ei god stund ut til at vi skulle klare oss.»Eg såg ned på frakken rundt handa til far. «Vi må rett til

legen.» «Eg klarer meg. Det er berre veslefingeren.»«Du må ta røntgen,» sa eg. «Du må gipsast.»«La meg berre få sitje her. Så køyrer du heim så fort du

kan.»

«Eg kunne ikkje betale gjelda mi til Johnny Tveit,» heldtfar fram då vi passerte Åsane senter.

«Entreprenøren? Kva har du med han å gjere?»«Han bruker å låne ut pengar som han har til overs. Mot

høg rente.»«Eg forstår ikkje. Sist vi snakka om pengar, var eg med

deg i sparebanken.»«Det skjedde meir etter det. Eg var tilbake i banken. Til

Wenche. For å låne meir. Så tok eg kontakt med Walter, dåbanken ikkje ville gi meg eit tredje lån.»

Eg kjende irritasjonen pumpe gjennom blodårene. «Dethar du ikkje sagt noko om. Walter formidla kontakt medJohnny Tveit?»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 15

Page 16: Farleg kreditt

«Ja. Han var mellommann.»«Kor mykje lånte du?»Far løfta verjande opp handa. «Vent. Først vil eg fortelje

om sparebanken. Eg har fått eit brev som seier at dei to lånakjem til å forfalle rett over nyttår. Betaler eg ikkje halvpar-ten av det eg skyldar, vil dei realisere pantet. Huset vårt blirtvangsselt.»

«Kor mykje må du betale banken?»«Minst . Helst meir.»«Du kan ikkje miste huset,» sa eg og kjende den svale

skuggen bak huset ein varm sommardag. Eg kunne høyrenynninga til mor inne på kjøkkenet mens ho laga middag.

«Eg kan ikkje gjere opp for meg, Alvin.»Eg pusta høyrleg ut i kupeen. «Kva faen er det du har

gjort bak ryggen min? Kvifor måtte du vere med på det hel-vetes idiotiske prosjektet til onkel?»

«Vi skulle tene pengar. Er det forbode å tene pengar no?»«Det er ikkje pengar å tene på turisme lenger. Den tida

er over. Men de skulle sjølvsagt drive hotell som engelskelordar. No blir barndomsheimen min tvangsseld. Helvete,far. Fy faen i helvete for ein idiot du er. Kor mykje skyldardu mannen i spelekasinoet?»

Far nølte.«Kor mykje?»

Far blei sitjande i bilen mens eg fylte bensin på Volvoen. Egkjende kvalmen og redselen presse på. Eg prøvde å pusteroleg, prøvde å fordøye det far hadde fortalt meg.

Johnny Tveit hadde gitt lånet, men han hadde selt kravetpå kr til Vanagas då han forstod at far ville bli einvanskeleg betalar. Pimpis, som jobba for litauaren, haddeknust fingeren til far og gitt han ein frist til midnatt laur-

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 16

Page 17: Farleg kreditt

dag. Dette var den tredje og siste fristen. Far hadde fåttfleire truande telefonar før, men han hadde berre lagt på.Heller ikkje hadde han sagt noko til meg. Eller til nokonandre. Og no var det for seint. Vi kunne ikkje betale. Farhadde ikkje vore i vanleg arbeid på mange år. Og eg visstealdri om eg hadde nok pengar til å betale husleiga. Ingen avoss hadde pengar.

Eg køyrde ut på vegen igjen og kjende alvoret i situa-sjonen som ein djup basstone i magen. Ei ekkel klokke varbegynt å tikke inne i hovudet. Nedteljinga var begynt. Mid-natt laurdag var målstreken. Skulle eg klare å hjelpe far,måtte eg kome meg over den streken i tide saman med densummen far skylda. Etterpå fekk eg ordne opp med ban-ken. Men der hadde eg betre tid på meg.

Eg hugsa kranglane som far og eg hadde hatt for tre årsidan. Den første krangelen hadde vi på telefonen då far for-talde om tilbodet han hadde fått av onkel, om å kjøpe seginn i driftsselskapet som skulle leige og drive Sandven Hoteli Norheimsund og Strandebarm Fjordhotel. Eg hadde tryglafar om å takke nei til tilbodet, men han ville ikkje høyre.

For å vere snill hadde eg blitt med far i NorheimsundSparebank for å ta opp eit lån. Det var i banken eg møtteWenche. Ho var kunderådgivaren som skulle ta seg av oss.På veg ut hadde eg fått mobilnummeret hennar. Samekveld køyrde eg ut til henne i Strandebarm.

Eg tenkte på mor. Hadde ho vore i live, ville far aldri harota seg opp i hotellprosjektet. Ho hadde sett foten ned. Ialle år jobba ho som saksbehandlar på trygdekontoret iNorheimsund, som seinare blei til NAV. Ho hadde tidleglært å styre pengar. Men den lærdommen hadde ho aldriklart å overføre til far.

Far tulla frakken tettare rundt handa og såg på meg med

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 17

Page 18: Farleg kreditt

augo som kjende smerte. «Eg skal snakke med Martin ikveld.»

«Onkel? Nei, gløym det. Han har nok med seg sjølv.» «Han har heilt sikkert ei eller anna løysing.» «Vi må få deg ut av landet,» sa eg og gira opp i fjerde.

«Med ein gong vi har fiksa handa di.»«Eg reiser ingen stader.» «Godt at dei tok ein finger på høgrehanda. Hadde dei

teke venstre, kunne du ikkje ha spelt fele meir.»«Vanagas veit eg er musikar. Dei kan kome når som

helst. Han sa at eg ikkje skulle kjenne meg trygg.»«Dei kan vel ikkje skade deg meir før dei veit om du

betaler?»«Dei veit at eg ikkje kan betale,» sa far og rista på hovudet. «Du kan iallfall gløyme onkel. Han har meir enn nok

med seg sjølv. Han kjem snart til å gå konkurs.»Eg sa ikkje meir, men skrudde varmeapparatet heilt opp

for å få bort resten av dogga på bilrutene.

Gjennom Arnanipatunnelen sa far og eg ingenting. Opp-over mot Gullbotnen snødde det tettare. Frontlysa måtteslite for å vise kvar eg skulle køyre. Fleire gonger fekk bak-parten på bilen sleng på det glatte snøføret, men eg rettaopp med rattet og heldt den tunge bilen trygt på vegen. Einbrøytebil låg framfor oss ei stund, det var til god hjelp formeg, men så køyrde lastebilen av på ein parkeringsplassned mot Samnanger, og eg måtte igjen køyre i front inn isnøveggen.

«Det verka så logisk,» sa far. «Det var berre å skriveunder på låneavtalen og ta med seg ein koffert med pengar.Eg trong ikkje stille sikkerheit eingong. Det var altfor lett.»

«Du skulle ikkje ha gjort det.»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 18

Page 19: Farleg kreditt

«Martin overtalte meg. Han insisterte på at det berrevar eg som kunne skaffe selskapet meir kapital.»

«Onkel er ein idiot,» sa eg. «Han har hjelpt oss mange gonger. Deg òg, Alvin.

Gløym ikkje det.»«Eg har takka han kvar gong.»«Då skal du ikkje kalle han ein idiot. Han prøver så godt

han kan.» Eg tenkte på den gamle klassekameraten min frå barne-

og ungdomsskulen, Erik Ødegard. «Den einaste som kanhjelpe oss no, er Erik.»

Far snøfta. «Eg stolar ikkje på den drapsmannen.»«Han har sona ferdig.»«Han er farleg. Han kan drepe igjen. Korleis skal han

hjelpe oss?»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 19

Page 20: Farleg kreditt

Eg køyrde seint oppover mot Kvamskogen. Fjellområdetlåg på nordsida av Hardangerfjorden og strekte seg frå Vossog utover mot Fusa. Eg lét bilen klatre i det tempoet sommotoren makta, mens far fortalde meg meir om hotell-prosjektet.

Det gjekk berre nokre månader før underskotet var såstort at det var nødvendig med fersk kapital, for å sikre atdet var mogeleg å halde hotella flytande gjennom den første sesongen. Om hausten det året burde det ha voreslutt, men Tom Angell insisterte på at sesongen neste årville gå mykje betre. Dei var alle ved inngangen til eit turist -eventyr, meinte Angell, som dreiv eit hotellselskap i Bergen.Ein sommar på -talet hadde han vore direktør på Nor-heimsund Fjord Hotel.

Det eventyret starta aldri. Halvveges sommaren ettergjekk selskapet konkurs, og all innskoten kapital var tapt tilkreditorane, som var mange og sinte. Dagen etter konkurs -opninga forsvann Tom Angell tilbake til Bergen. Åleineigjen stod onkel og far med gjelda og skamma.

Onkel tapte mykje. Ein del av pantet blei realisert medein gong, og onkel måtte seie opp sjåførar og selje fleire avtrailerane. Det var så vidt han klarte å drive sitt eige trans-portselskap vidare. No var det berre eit spørsmål om tidfør også dette selskapet gjekk konkurs. Med i dragsugetville alt anna som onkel hadde pantsett, gå med, bådehuset, bilane og hytta. Han og Margot ville ikkje ha nokoigjen.

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 20

Page 21: Farleg kreditt

«Det var altså onkel som overtalte deg til å ta opp detsiste lånet?» spurde eg.

«Også Tom Angell var på meg. Dei var begge på meg,fleire gonger.»

«Kvifor nekta du ikkje berre?»«Fordi eg blei pressa. Fordi eg ikkje ville tape det eg alt

hadde satsa.»«Men tapet blei berre større.»Far retta seg opp i setet. «Angell forsikra meg om at vi

snart ville vere over den verste kneiken.»

Vi passerte dei to bruene i Norheimsund. Så var vi nedeved fjorden. Kommunesenteret låg der som ein liten, tett byi enden av den smale bukta. Sveitsarhotellet var opplyst avlyskastarar, og det stod fleire bussar på haldeplassen. Oppei bakken låg Gamlebanken, ein bygning som minte om eingaudaost. Det var der Walter hadde kontoret sitt.

Eg hadde sett fram til at Walter skulle flytte tilbake. Meneg hadde ikkje hatt kontakt med han mange gongene. Hanvar for det meste på kontoret. Dei få gongene vi var saman,var han gjerrig på tida, såg ofte på klokka. Det verka somhan helst ville fakturere timane vi sat og drakk øl.

I Skipadalen slutta det brått å snø. Det var som om sky-ene ikkje hadde meir mjølk igjen i jura. Lufta blei rein ogkald. Lysa frå bygdene på andre sida av fjorden blei tyde-lege. Og stjernene blenkte mellom skyene. Oppover i byg-gjefelta var trea kledde opp i julelys då vi køyrde innovermot Øystese, barndomsbygda mi, den finaste bygda i Har-danger.

Sentrum var dominert av den kvite trekyrkja og det lågehotellet. Onkel hadde fått fylt ut ei kunstig halvøy der små-båthamna låg. Halvøya blei kalla for Evjo industriområde,

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 21

Page 22: Farleg kreditt

og på taket av den største bygningen blinka eit digert neon-lys, EVJO TRANSPORT AS.

Far ville køyrast bort til Helsebanken, som låg på over-sida av den gamle dampskipskaien. Murbygningen haddeein gong vore ein bank. Eg svinga opp på oversida av byg-ningen og stoppa.

Far opna bildøra, men blei sitjande. «Skal du ikkje veremed inn?»

«Eg går heller ned på puben og ser etter Erik.»«Du skal ikkje bry han.»«Han kan hjelpe.»«Det trur eg ikkje.» Far kom seg ut av bilen, sjangla bort

til glasdøra og forsvann inn. Eg låste bilen, gjekk over riksvegen og ned på den gamle

dampskipskaien. I første etasjen på den store trebygningenved kaien låg Øvreviken Pub. Eg opna døra og gjekk inn.Rommet var avlangt med vindaugo ut mot kaien og Øys-tesebukta. Bardisken var i den andre enden av rommet. Påden eine enden av disken sat det to menn. På den andreenden sat Erik med ein halvliter i handa. På ein annan bar-stol sat Berit, sekretæren til Walter, ei rund kvinne med eitlurt smil.

Erik myste mot meg då eg gjekk mot han. Han haddebarbert bort håret på hovudet. Nakken var tett, og skuld -rene var som slagskip under T-skjorta. På beina hadde hantennissokkar og joggeskor.

Erik sat ofte på pub, anten i Øystese eller i Norheimsund,eller ein annan stad der det blei servert alkohol. Han liktebest å vere ute på kvardagar, når det var mindre folk og hankunne dominere med praten sin. Helst ville han at nokonskulle spandere, men han hadde alltid pengar. Eg tvilte på atalle pengane kom frå NAV, men eg ville ikkje spørje.

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 22

Page 23: Farleg kreditt

Erik sette halvliteren tilbake på disken. «Å, faen. Her harvi musikaren vår. Kvifor er du her på ein torsdag?»

Eg stoppa, stakk hendene i jakkelommene og tenkte påsist eg hadde sett Erik, då han hadde blitt slept ut av kyrkjaav to lensmannsbetjentar.

«Eg treng hjelp.»«Av kven?»«Deg.»«Ser du ikkje at eg har ei dame med meg? Ser du ikkje

at eg snart skal heim til henne for å knulle? Har du ikkjesosiale antenner, Alvin, eller er du framleis ein like storidiot som du alltid har vore?»

Erik var framleis sint fordi eg hadde fått han kasta utfrå julekonserten tre veker tidlegare.

«Det er alvor,» sa eg. «Kva slags alvor?»«Eg kan ikkje seie det her,» sa eg og nikka mot barten-

deren og dei to mennene ved den andre enden av disken.Alle i rommet såg på meg, og bartenderen skrudde nedmusikken.

«Kvifor ikkje? Kjenner du ikkje nesten alle som er her?»«Du må vere med meg ut,» sa eg. «Ikkje helvete om eg vil.» Erik reiste seg og kom mot

meg. Eg kunne lese i augo hans at det var uvêr i hovudethans. «Viss du ikkje lèt meg få vere i fred, riv eg hovudet avdeg. Endeleg har eg funne ei dame som vil ha meg, og dåskal ingen få hindre meg i å gjere det eg vil.»

Eg gjekk heilt opptil Erik og sa lågt:«Nokre litauarar i Bergen har knust fingeren til far.

Fordi han ikkje kan betale.»Erik dytta meg hardt bakover med begge hendene. «Du

fekk meg kasta ut av kyrkja.»

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 23

Page 24: Farleg kreditt

Eg tok nokre nødvendige steg bakover. Ryggen mintrefte veggen. «Du var full. Eg var nøydd til å seie frå.»

«Eg trudde vi var kameratar, Alvin.»«Du klarte ikkje å halde kjeft. Mange snudde seg. Pres-

ten var rasande. Du kan ikkje møte opp på ein julekonsertdrita full.»

Erik tårna over meg og pusta alkohol ned i ansiktet mitt.«Eg har alltid stilt opp for deg, Alvin.»

«Derfor treng eg deg no,» sa eg.«Du treng ingen. Du skal berre halde deg inn i helvete

langt unna meg. Før eg bankar skiten ut av deg.»Erik tok tak i jakka mi og rista meg. «Du er ein jævlig

dårleg kamerat, Alvin. Eg er så forbanna på deg at har lysttil å skalle inn det dumme trynet ditt.»

«Ro deg ned.»Erik drog meg bort til utgangsdøra, pressa meg ut av

lokalet og ned i snøen på utsida. Han sette kneet sitt hardtned i brystet mitt og stod over meg som ein elgokse ogdampa varme og blindt raseri.

Han løfta knyttneven for å slå meg i ansiktet, men såstoppa han.

«Faen i helvete.» Erik reiste seg, stod der ved den opnedøra og heiv etter pusten. Det verka som han gret, men egvar ikkje sikker på kva slags kjensler som hadde velta oppi den massive kroppen. Han skulle til å seie noko meir, menså snudde han seg og gjekk inn igjen på puben.

Eg høyrde at nokon kom ned Torpevegen. Eg kom megopp på beina og gjekk bortover langs kaien. Eg ville ikkje atnokon skulle sjå at eg var blitt kasta ut av puben. Alle visstekven eg var. Eg var musikaren som hadde vore med påmange plater, og folk visste at eg spelte julekonsertar medTorunn Tone Neteland, kjend kvedar og songar frå Nor-

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 24

Page 25: Farleg kreditt

heimsund. Ho hadde gitt ut fleire album, og eg var hennarfaste sidemann i november og desember.

Eg kryssa riksvegen, gjekk opp igjen til Volvoen og settemeg inn. Eg starta motoren og sette varmeapparatet påfullt. Det var varmt i kupeen då far sette seg inn i passa-sjersetet ein halvtime seinare.

«La Erik vere,» sa far då eg fortalde kva som var hendt.Han løfta opp høgrehanda, som var blitt gipsa, slik at berretommelen og to av fingrane var frie. «Eg har ringt til Mar-tin. Han skal alt vere i gang med å måke oppkøyrsla vår.»

«Vi må ha Erik med,» sa eg.«Gløym han.»Far og eg krangla om Erik til eg parkerte i vegen på

oversida av Øystese gymnas, skulen eg sjølv hadde gått påi tre år. Eg plasserte Volvoen rett bak den svarte Mercede-sen til onkel. Far gjekk rett opp til broren, som stod medsnøskuffa i handa utanfor garasjen.

Garasjen kunne vi ikkje bruke fordi det inne i betong-mørket var parkert ein brannraud Ford Custom , medpanseret oppe. Bilen var som eit gapande monster medrustne tenner. I helgane på -talet hadde far og onkelragga rundt i den amerikanske doningen for å sjekke oppjenter. På dansane rundt om i fjorden var bilen det natur-lege midtpunktet. Far likte å fortelje om dei nattlege turanepå svingete grusvegar med baksetet fullt av jenter som bleibilsjuke, men som ikkje sa nei når han fekk dei på to -manns hand.

Mor var ei av jentene som etter kvart blei sett i bakseteti bilen nesten kvar helg. I framsetet sat onkel og far ogkrangla om kven som skulle ha henne. Onkel såg ut til åvinne, men så mønstra han på eit tankskip som skulle tilNew Orleans. Og då nytta far sjansen. Onkel blei rasande

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 25

Page 26: Farleg kreditt

då han kom tilbake til bygda og fekk vite at storebrorenhadde gifta seg med Solfrid.

Draumen til far var å få bilen ut på vegen igjen. Men detskjedde aldri. Mange gonger trua mor med å gå frå far omhan ikkje fekk skraphaugen ut av garasjen. Men då hemnafar seg ved å spele hardingfele heile natta, slik at mor ikkjefekk sove.

Farleg kreditt ferdig_Layout 1 28.08.13 16.27 Side 26