8
www.floro-ror.no Vi feirar 25 år I desse dagar er det 25 år sidan Florø Rør vart etablert av Inge Ellingsund. Med 25 års erfaring, og alle nødvendige godkjenningar er vi ein trygg samarbeidspartnar. Vårt mål er at du skal bli meir enn nøgd etter at Florø Rør har gjort arbeid for deg. Rør og veg Dette er oss Løysingar Om arbeidet i Kinnvegen Litt om kven vi er Kva vi har levert? 2 4 7 Foto: Egil Aardal

Florø Rør

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Jubileumsmagasin

Citation preview

Page 1: Florø Rør

1

www.fl oro-ror.no

Vi feirar 25 årI desse dagar er det 25 år sidan Florø Rør vart etablert av Inge Ellingsund.

Med 25 års erfaring, og alle nødvendige godkjenningar er vi ein trygg samarbeidspartnar.

Vårt mål er at du skal bli meir enn nøgd etter at Florø Rør har gjort arbeid for deg.

Rør og vegDette er oss Løysingar Rør og vegOm arbeidet i KinnvegenLitt om kven vi er

LøysingarKva vi har levert?

2 4 7

Foto

: Eg

il A

ard

al

Page 2: Florø Rør

2

Dette er

Florø RørFlorø Rør har 13 rørleggarar, og av desse er 3 lærlingar. Til saman er vi 17 medar-beidarar i staben. For oss har det heile tida vore viktig å utvikle bedrifta og ta til oss ny kunnskap og å vere oppdatert på verktøy og utstyr.

Vi utfører alt av VVS-arbeid og installerer varmeanlegg og alternative oppvarmings-kjelder - både for einebustader og indus-tri. Dei siste tre åra har vi jobba med meir enn 200 bueiningar.

Staben har brei kompetanse og vi tar på

oss alt frå dei minste servicejobbane til store prosjekt innan industri og VA-an-legg. Rørlageret vårt er stort og effektivt, slik at vi aldri skal gå tomme for delar. Hovudgrossisten vår er Ahlsell, som også er lokalisert i Florø.

Med 25 års erfaring, og alle nødvendige godkjenningar er vi ein trygg samarbeids-part. Om du er privat- eller fi rmakunde, skal du og dine ønskjer bli ivaretatt på best mulig måte. Målet vårt er at kunda-ne skal bli meir enn fornøgde.

Florø Rør vart etablert i 1989 av Inge Ellingsund. Sidan den tid har fi rmaet vokse og utvikla seg. Etter 25 år står vi fram som eit topp moderne rørleggarfi rma med brei erfaring og kompetanse. I dag er det Robert Ellingsund som er dagleg leiar.

Robert EllingsundDagleg leiarrobert@fl oro-ror.no97 14 91 19

Thomas ThunesProsjektansvarlegthomas@fl oro-ror.no95 73 55 58

Christian HammersethServiceansvarleg

Lageransvarlegchristian@fl oro-ror.no

94 88 83 22

Therese VårdalØkonomiansvarleg

Ansvarleg for total-rehabilitering / Ansvarleg

for tilbod nybygg og kundegjennomgangar

therese@fl oro-ror.no47 64 34 48

Page 3: Florø Rør

3

1. Vi kjem heim til deg for å sjå på badet – saman fi nn vi ut kva du treng og kva som er praktisk mu-lig. Vi går gjennom kva som må gjerast og kva du kan gjere sjølv.

2. Ei kort tid etter vil du få eit komplett tilbod frå oss, med forslag til løysingar og tredimensjonale teikningar som vi-ser kor fl ott badet ditt kan bli. Du får ein pris, som er fast og omfattar snek-kar, murar, rørleggar og elektrikar.

3. Dersom du aksepterer tilbodet, av-taler vi tid for start og ferdigstilling.

4. Den dagen vi har avtalt at vi er fer-dige, ryddar vi ut etter oss og du får ein 10 års garanti på fuktskadar, og vedlikehaldsinformasjon for dine nye produkt.

Er badet ditt gammalt og slitt - kanskje du har hatt skadar og det trengs utbetringar?

Robert EllingsundDagleg leiarrobert@fl oro-ror.no97 14 91 19

Thomas ThunesProsjektansvarlegthomas@fl oro-ror.no95 73 55 58

Ansvarleg utgjevar: Florø Rør AS - www.fl oro-ror.noTekst, grafi sk utforming, design og produksjon: A til Å Grafi sk Design og Media - www.atilaa.noFoto: Egil Aardal

heile jobben

Perspektivskisse frå Florø Rør

Før

Vi har

rehabilitert

60 bad

dei tre siste år

10 års garanti

Vi har

rehabilitert

60 bad

dei tre siste år

10 års garanti

Page 4: Florø Rør

4

Florø Rør leverer komplette løysingar til bustadhus og industri

EWOS:Florø Rør og EWOS har følgt kvarandre gjennom 25 år. Florø Rør har gjennom alle år vore EWOS sin hovudleverandør på industrirørlegging og VVS for både små og store prosjekt. EWOS nyt godt av vår allsidige kompetanse på rør og vi leverer jamnleg service og vedlikehold på fôrfabrikken i Gunhildvågen.

SAR:Til det nye industriområdet på Botnastranda har vi hatt eit omfattande arbeid med vatn og avløp utvendig. Innvendig har vi hatt ansvaret for sanitæranlegget, varmeanlegg med radiatorar og luft - vatn varmepumpe. Prosjekteringa av anlegget er utført i samarbeid med iVest Consult.

Horne Brygge:Dette er blitt eit signalbygg i Strandgata, som vi er stolte av å ha i vår portefølje. Her har vi alt av vatn og avløp utvendig i tillegg til innvendig sanitæranlegg og varmeanlegg. Vi har vore med heilt frå starten av og har prosjektert i lag med iVest Consult. Kontora i Horne Brygge ligg rett ved sjøkanten og får oppvarminga si frå sjødjupet utanfor.

Foto

: Ew

os

3D v

isu

alis

erin

g: K

inn

Ark

itek

ter

/ Es

kil F

røye

n N

ybø

frå Vik i Sogn

– frå Vik i Sogn

Dro

nef

oto

: A t

il Å

Page 5: Florø Rør

5

Florø Rør leverer komplette løysingar til bustadhus og industri

Kransebakken:Moderne terrassehus på Solheim som inneheld 18 leilegheiter. Vi har prosjektert det i lag med iVest Consult og har levert VA-anlegg på utsida og innvendig sanitæranlegg. Kransebakken har satsa på luft - vatn varmepumper, som vi har levert og montert.

Markegata 46:Dette er boligbyggelaget BOB sitt nybygg med 20 leilegheiter midt i byen. Vi har stått for prosjektering i lag med iVest Consult. Det utvendige VA-anlegget er levert av oss, i tillegg til varmeanlegg med golvvarme, innvendig sanitæranlegg og varmepumpe luft - vatn.

Hamnegata 5 - Florø Apartments:www.leilighetshotellet.noDette bygget inneheld 29 leilegheiter for langtids- og korttidsleige (leilighetshotellet). Vi har prosjektert dette bygget i tett samarbeid med iVest Consult, og vi har levert VA-anlegget utanfor bygget i tillegg til sprinkleranlegg og dei topp moderne sanitæranlegga.

frå Vik i Sogn

– frå Vik i Sogn

Page 6: Florø Rør

6

T E MA B A D

Største

rørleggar-lageret

Han sit på kontoret og tar i mot service-jobbane, samtidig som han bestiller inn nye rørdelar og dirigerar kvar dei 11 rør-leggarane skal på oppdreg. Kvar morgon får rørleggarane ein bunke med oppdrag - frå saksbehandlaren - slik at dei har full oversikt over kva jobbar som ventar dei. Ei liste med oppdraga og lappane fagar-beidarane får med seg ut på jobb, er om-trent det einaste som skjer på papir.

Alt skjer digitaltNår rørleggarane hentar ut delar frå lage-ret blir det skanna og registrert på kunde, og kjem rett inn på datamaskina til Chris-

tian Hammerseth. – Dette gir oss god oversikt og forenklar jobben med å faktu-rere. Når rørleggarane er ute på oppdrag registrerer dei jobbane og tek bilde, som og blir sendt elektronisk over til maskina mi, fortel Hammarseth.

Betre oversikt - betre jobb- Dette systemet er med og kvalitetssikrar arbeidet og varestraumen vår, og gir oss god oversikt. Eg trur vi gjer ein betre jobb, når vi slepp unna ein del papirarbeid og notatar som lett kan forsvinne undervegs. Dessutan sikrar det oss at vi aldri går tom for delar på lageret.

Christian Hammerseth er saksbehandlar hos Florø Rør, og har oversikt over alt av mannskap og rørdelar som strøymer inn og ut av bedrifta i Evjegata. – Vi har det største rørleggarlageret i Florø, og systemet vårt er veldig effektivt, fortel Hammerseth.

Sjølv om Christian Hammerseth har full oversikt over lageret og sit i kulissane og dreg i trådane, er han også ute på rørleggaroppdrag. – Ja, eg er rørleggar og tar oppdrag ute når det trengs. I tillegg har eg 24 timars vakter annankvar veke.

Spyling ogfi lming

Ta «vann-sjekken»

Florø Rør har kvalitetsutstyr for rørspyling og inspeksjon av alle typar rør. Vi har spyleeiningar som kan spyle med både varmt og kaldt vatn. Vi tek og inspeksjon med kamera, og kvalitetsikrar alt arbeid med video og bilde. Vi har lang erfaring frå tette rør i alle størrelsar. Ring oss på 57 75 20 40 eller vakttelefonen 415 52 370 om du har probleme med tette rør og avløp. Vi kan hjelpe deg.

Kvar dag opplever 200 familiar å få huset sitt oversvømt av vatn. Vi gjennomfører ein sjekk av bustaden din, for å førebygge lekkasjar og skadar. Du får vite korleis det står til med røropplegg, kranar og koplingar i heile huset. Ta dei nødvendige grepa før det er for seint.

Florø Rør har 24 timars vakttelefon 415 52 370

Page 7: Florø Rør

7

Rør og vegsom hand i hanske i Kinnvegen- Vi har jobba som hand i hanske, fortel Thor Arne Ullaland om arbeidet med utbetringa av Kinnvegen, mellom sjukehuset og fl yplassen. Firmaet Trygve Ullaland har hovudentreprisen og har mange maskiner på gang langs vegen som vi vil gi byen eit stort løft. Florø Rør er underleverandør, og står for alle dei viktige elementa som vi ikkje ser - røra som ligg skjult i vegen. Dei er like viktige som vegen.

Robert Ellingsund og Thor Arne Ullaland samarbeider godt for at utbetringa av Kinnvegen skal gå raskt og effektivt.

Langs med den nye Kinnvegen går det kilometervis med rør nede i bakken, som sikrar ny hovudforsyning til Havreneset. - Robert Ellingsund og medarbeidarane hans er på plass og leverer når dei skal, fortel Ullaland som er kjempefornøgd med samarbeidet. Det er mykje som skal klaffe når dei kommunale leidningane for vatn og spillvatn skal bytast ut. I tillegg har Florø Rør levert nytt dreneringssystem for Statens Vegvesen, langs Kinnvegen.

Kunnskap og samarbeid er nøkkelen til VA-suksess- Dette er den største VA-jobben vi har hatt av dette slaget fortel prosjektleiar Ellingsund. Byggetida på 2 ½ år er ei stor påkjenning for bebuarane langs vegen, og dei har vist stor forståing. - Vi har så langt ikkje motteke klagar, fortel Ullaland. Det er store utfordringar med å kople om rørsystemet på same tid som det er i drift. - Stenging av vatn har vi prøvt å legge til

nattetid for at ulempene skal bli minst muleg, og kommunen har utvikla eit godt varslingssystem. I tillegg til solid arbeid er smidigheit og samarbeid nøkkelen til suk-sess for eit så omfattande prosjekt, mei-ner dei to leverandørane.

FAKTABOKS:- Heile Kinnvegen skal gravast opp- Det skal byggast fortau på eine sida av fylkesveg 545 Kinnvegen frå Michael Sarsgate til Thor Solbergsveg.- Byggetid 30 månader midt i bymiljø- Fornying av teknisk infrastruktur, (vatn/avløp) er ein del av prosjektet.

Foto

: A t

il Å

T E MA B A D

Page 8: Florø Rør

Dette er oss

A t

il Å

- w

ww

atila

a.n

oFo

to: E

gil

Aar

dal

• Nybygg• Rehabilitering• Sanitæranlegg• Varmeanlegg• Sprinkleranlegg• Trykkluftanlegg• VA anlegg• Servicejobbar (alle typar)• Varmepumper

• Industri• Sjøledninger• Spyling• Filming• Røyktesting• Prosjektering• Butikk• Lager med rør og deler

Vakttelefon: 415 52 370

Det meste innen rørleggerfaget som:

Florø Rør ASEvja Vest - Postboks 464, 6901 FlorøTlf: 57 75 20 40 - Mob: 971 49 119 - Vakt: 415 52 370 - Faks: 57 74 26 34E-post: post@fl oro-ror.no - www.fl oro-ror.no