8
GREENT Leksjon 11. Degradering av jord I. Kort samandrag Denne leksjonen varer i 45 minuttar Kva skal elevane lære? o Grunnane til Jord Degradering o Løysingar som kan stoppe eller forsinke degradering av jord og gjere jorda meir fruktbar Kva skal elevane gjære i løpet av denne timen? o Sjå på videoar, bli kjente med berekraftige jordbruksentreprenørar og bedrifter og delta i eit eksperiment som skal demonstrere viktigheita av jord beskyttelse for å unngå jord erosjon og at det ikkje skal gå tomt for næring. Kva for nokre ferdigheitar skal elevane forbetre? o Analyse og syntese av informasjon o Empati og emosjonell intelligens o Digital kompetanse og bli betre på å finne informasjon på internett o Lagarbeid o Holistisk og systematisk tenking o Ansvar o Presentasjon og diskusjon o Berekraftig tankegong o Forretningsanalyse o Lesekompetanse Tverrfagleg lenkjer o Biologi o Entreprenørskap og økonomi o Geografi o Filosofi o Informasjonsteknologi o Engelsk Essensielle materiale o Projektor o Bærebar datamaskin med høgtalarar o Tilgang til internett i klasserommet. (om det ikkje er internett i klasserommet ditt, kan du laste ned videoane på førehand før timen og ta den med på ein minnepenn. Alternativ er at du kan be elevane forme grupper og bruke deira mobiltelefonar til å sjå videoane)

GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

GREENT Leksjon

11. Degradering av jord

I. Kort samandrag

Denne leksjonen varer i 45 minuttar

Kva skal elevane lære? o Grunnane til Jord Degradering o Løysingar som kan stoppe eller forsinke degradering av jord og gjere jorda meir fruktbar

Kva skal elevane gjære i løpet av denne timen? o Sjå på videoar, bli kjente med berekraftige jordbruksentreprenørar og bedrifter og delta i

eit eksperiment som skal demonstrere viktigheita av jord beskyttelse for å unngå jord erosjon og at det ikkje skal gå tomt for næring.

Kva for nokre ferdigheitar skal elevane forbetre? o Analyse og syntese av informasjon o Empati og emosjonell intelligens o Digital kompetanse og bli betre på å finne informasjon på internett o Lagarbeid o Holistisk og systematisk tenking o Ansvar o Presentasjon og diskusjon o Berekraftig tankegong o Forretningsanalyse o Lesekompetanse

Tverrfagleg lenkjer o Biologi o Entreprenørskap og økonomi o Geografi o Filosofi o Informasjonsteknologi o Engelsk

Essensielle materiale o Projektor o Bærebar datamaskin med høgtalarar o Tilgang til internett i klasserommet. (om det ikkje er internett i klasserommet ditt, kan du

laste ned videoane på førehand før timen og ta den med på ein minnepenn. Alternativ er at du kan be elevane forme grupper og bruke deira mobiltelefonar til å sjå videoane)

Page 2: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET)

Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er eit medium av støtte og næring av sjølvdyrka plantar, og er nødvendig i livets sirkel til planeten fordi den bidrar til veksten av plantar.

Det er viktig å studere dei naturlege og antropegene årsaker som fører jord degradering fordi det er berre 10% av jorda som er dyrkbar og den dyrkbare jorda speler ei nøkkelrolle for dyrking av mat.

Det er like viktig å gi forslag/løysingar på individuell og eit kollektivt nivå slik at vi kan redusere dette fenomenet og hjelpe jorda til å bli meir fruktbar. Dyrkbar jord er kjernen til sikker matproduksjon og utviklinga av jordbruk, så jordas restorasjon og bevaring bør vere ein global prioritet.

Du kan bruke dette biletet til å illustrere kva degradert jord ser ut som. Du kan enten vise det på projektoren eller skrive det ut i ein stor format og plassere biletet i klasserommet.

Source: http://www.un.org/News/dh/photos/large/2011/October/20-10-2011-drylandcommunity.jpg

Spør elevane:

● Kjenner du til om jord som er degradert? (Dei treng ikkje å sjå så degradert som det biletet illustrer, men det betyr ikkje at dei ikkje lid av ein form for degradering.)

● Kva for nokre årsaker og konsekvensar for jorddegradering for menneske og biodiversitet?

● Kor viktig trur du kvaliteten på maten vi et er for helsa vår?

Etter du har samla nokre av svara og skrive dei ned på tavla, fortsett til neste del.

Page 3: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

III. Teorien (10 min.) (KJERNEAKTIVET)

Du kan velje å presentere denne delen på ein av to måtar. Du kan enten vise elevane ein video som skal

utvikle elevane sin lyttekompetanse, eller gje dei ein tekst som skal utvikle elevane sine leseforståing.

1) Alternativ 1: Teorien gjennom leseforståinga

Fortel elevane at dei skal lese ein tekst om jorddegradering, som er tilgjengeleg her: http://greenfieldgeography.wikispaces.com/Soil+and+change.

Sei til elevane at dei skal lese teksten individuelt og skrive ned svara på spørsmåla medan dei les:

● Kva er definisjonen av jord degradering?

● Kva er dei ulike måtane jord kan bli degradert på?

● Kva viser kartet av jorddegradering?

● Kvifor er dyrkbar jord så viktig?

● Kva for nokre handlingar utført av menneske forårsakar degradering av jord?

● Kva for naturlege årsaker fins det til degradering av jord

● Kva er problema og konsekvensane som vert forårsaka av jorddegradering?

● Kva er dei to moglege løysingar av jorddegradering som du trur er dei mest effektive?

2) Alternativ 2: Teorien gjennom lytteforståing

Fortel elevane at dei skal sjå ein video om jorddegradering. Sei til elevane at dei skal følje med på desse spørsmåla :

“The Value of Soil”: https://www.youtube.com/watch?v=403sT9CGRl0 (4:45 min.)

● Kvifor blir produktivt land meir og meir sjeldan? (fordi mykje land blir brukt til dyreoppdrett og produksjon av avling for biodrivstoff.) MY NAM JEF

● Kva er årsakene til degradering av jord? (Vi prøver å utvinne eit maksimalt utbytte frå jorda utan å vere merksam på korleis vi tek vare på jorda. Vi overforbruker land og dyrkar uegna jord. Andre grunnar til degradering av jord er avskoging, overbeiting, monokulturar, salting av jord, overforbruk av gjødsel og kjemikaliar. Dyrking av jord i skråningar kan også leie til jorderosjon. Klimaendringar er også med på å degradere jord, og jorddegradering forverrar klimaendringane. Her kan vi vise til den negative spiralen frå systemteorien.

● Kor fort «veks» den fruktbare jorda på det øvste laget til jordskorpa? (Omtrent 2000 år trengs for å generere 10cm fruktbar jord på toppen av jordskorpa)

● Kva er konsekvensane av jorddegradering? (vi kan ikkje nytte oss av økosystemtenestar som fruktbar jord gir oss, degradert jord gjer oss sårbare. Klimaendringane er også forverra fordi degradert jord lagrar mindre C02. Til dømes : Niger mister 8% av deira brutto nasjonalprodukt på grunn av overdriven beite og salting av ris åkrane – støvstorm, vassmangel og mangel på utbytte. Dette kan føre til hungersnød, tvangsmigrasjon og konflikt.)

Page 4: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

● Korleis kan vi unngå dette problemet? (Vi kan starte med å kalkulere kostnaden av vår passivitet – vi må inkludere betydninga av økosystemtenestene som vi får av fruktbar jord, og kostnaden av degradert jord. Vi kan ha betre ordningar for administrasjon av berekraftig land og vi kan innføre ein tangegang basert på systemtenking der alle interessentar får komme til orde.

IV. Praktisk aktivitet (15 min.) (KJERNEAKTIVITET)

Denne praktiske aktiviteten er eit vitskapeleg eksperiment som viser skilnaden på erosjon av jord som

er dekka av vegetasjon versus jord om ikkje er det.

For å gjennomføre denne aktiviteten må du i utgangspunktet gjere nokre førebuingar og skaffe deg

nødvendig materiell. Følg stega som vert vist i videoen. Ta med deg materiellet inn i klasserommet

og utfør eksperimentet framfor elevane. Du kan velje ein frivillig elev som skal gje vatn til dei tre

jordtypane.

“Erosion and Soil”: https://www.youtube.com/watch?v=im4HVXMGI68 (7:35 min.). Bruk denne videoen

til å førebu deg sjølv. Ikkje spel av denne videoen i klassen.

Etter at eksperimentet er utført kan du stille elevane fylgjande spørsmål, og starte ein diskusjon:

● Var det skilnadt på vatnet som kom ut av kvar av dei tre plastpottene der plasten vart samla? Kva

var skilnaden? Kva for eit av vatna var reinast?

● Kvifor var jorda som hadde planter dyrka i seg meir i stand til å unngå at jord strøymer ut i

behaldaren saman med vatnet? (Du kan ta ut jorda i den tredje plastflaska saman med

vegetasjonen for å illustrere kva måte dei held seg saman.)

● Kva trur du dette betyr for landbrukssystemet? Korleis meinar du at landbruket bør sjå ut dersom

jorderosjon vart mogeleg å forhindre?

V. Casestudie (12 min.) (VALFRI AKTIVITET)

Du kan velje mellom case studiane og presentere ein av dei til klassen. Du kan også dele opp klassen i

grupper og gi kvar gruppe ulike case studier. Lat kvar gruppe rapportere til kvarandre etter dei har fullført

undersøkinga sine.

1) Alternativ 1: Slow Food vs. Fast Food

Spør elevane om dei har høyrt om Slow Food, og om dei veit kva det er. Fortel at Slow Food er

ein internasjonal rørsle som starta i Italia i 1986. Slow Food sitt oppdrag er å forhindre at lokale

matkulturar og tradisjonar forsvinn. Dei er motstandarar mot fast food (hurtigmat) og rettar

fokus mot folket sitt synkande interesse for maten dei et og korleis val av mat påverkar verda

rundt oss. Slow Food trur at vi, gjennom vår val av matvarer, kan påverke korleis mat er dyrka,

produsert og fordelt. Dette kan vere med å endre verda i ein positiv retning.

Page 5: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

La elevane utforske nettsida til Slow Food http://www.slowfood.com/ og finne svar / skaffe seg eigne

meiningar om dei fylgjande spørsmåla:

● Kva er prinsippa til Slow Food? (http://www.slowfood.com/about-us/our-philosophy/)

● Kor viktig synest du bønder og småbønder er for det globale matproduksjonssystemet?

● Kva synest du er betre for jorda og for oss som forbrukarar – gardar kor det berre er ein type

avling som blir dyrka eller gardar med fleire typar avlingar?

● Veit du om stader i ditt samfunn der du kan få tilgang til mat som vart produsert ved å halde på

Slow Food prinsippa? (Elevane kan søkje på internett ein liten periode og prøve å finne slike

matbutikkar, bønder, marknader eller restaurantar.)

Elevane kan svare på desse spørsmåla :

2) Alternativ 2: Greening av ørkenen gjennom smartdesign og permakultur.

Spør elevane om dei har høyrd om Permakultur - ein filosofi som oppmodar om å spele på lag med

naturen i staden for å motarbeide den. Permakultur er eit system samansett av ulike prinsipp for

jordbruksdesign. Desse prinsippa fokuserer på å stimulere til og bruke mønster og eigneskapar som vert

observert i naturlege økosystem.

Geoff Lawton frå Australia er ein leiande verdsekspert på permakultur. Fortel elevane at dei skal sjå ein

video som viser korleis Geoff har gjort ørken og tørre område om til aktive matsystem verda rundt.

Fortel elevane at dei skal tenke over desse spørsmåla når du viser videoen :

“Permakulturelle prinsipp i anvendelse ‒ Geoff Lawton”:

https://www.youtube.com/watch?v=N225HDyIUe8 (5:15 min.).

● På eit tidspunkt seier Geoff : «Viss ein kan leve med det vesle rotet som dette skapar, kan vi leve

på denne planeten for alltid, og det i eit system vi kan være stolte av». Syns du garden hans er

rotete?

● Kva er skilnaden på dette systemet og det systemet som blir nyta innan dagens jordbruk ?

● Kor mykje innsats er nødvendig for å skape eit sjølvdrivande system som dette?

● Kva kan fordelane være av å bruke dei permakulturelle metodane?

Page 6: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

VI. Entreprenørprofilar (12 min.) (VALFRI AKTIVITET)

Her vil du sjå fleire døme på store og små bedrifter har etablere ein jordbrukspraksis der målet er å regenerere jord i staden for å tømme den.

Du kan dele klassen inn i fire grupper og fordele ei bedrift til kvar gruppe. Deretter kan du la gruppene utforske og finne ting ut om dei.

La dei tenke gjennom fylgjande spørsmål medan dei utforskar og la kvar gruppe halde ei kort «framføring» ved slutten av utforskinga.

● Kva er forretningsidéen?

● Kva for eit problem prøver bedrifta å løyse?

● Kva er den leiande filosofien/prinsippet til bedrifta?

● Kvifor hadde du kjøpt eit produkt frå denne bedrifta?

1) Neptune’s Harvest: http://www.neptunesharvest.com/. Dette er ei bedrift som produserer organisk gjødsel av verdifulle biprodukt frå fisk utan bruk av kjemikaliar.

2) Unilever: https://www.unilever.com/, https://www.unilever.com/sustainable-living/ og https://www.unilever.com/sustainable-living/the-sustainable-living-plan/reducing-environmental-impact/sustainable-sourcing/our-approach-to-sustainable-sourcing/our-sustainable-agriculture-programme.html. Dette verdens tredje største produsent av forbrukarprodukt. Dei produserer omtrent 400 ulike merker som varierer mellom såpe, sjampo, vaskemiddel og is. Bedrifta imponerer også ved at dei er på veg mot å bli ei berekraftig bedrift. Dei har innført målbare tiltak for å redusere miljøpåverknaden og forbetre levebrødet til små produsentar som er avhengige av bedrifta.

3) Polyface Farm Inc.: http://www.polyfacefarms.com/. Polyface, Inc. Er familieeigd, fleirgenerasjonell, beite-basert, organisk, lokal-marknadsgard og ei kjelde av informasjon til Virginia sin Shenandoah Valley. Hovudprodukta er: egg, grisekjøtt, kalkunkjøtt, storfekjøtt, osv.

4) Grove Garden: https://grovegrown.com/. Ein innovativ heimegard inspirert av naturen for å hjelpe deg til å dyrke din eigen ferske mat året rundt.

VII. Refleksjon (5 min.) (KJERNEAKTIVITET)

Du kan stille elevane desse spørsmåla :

● Frå ditt perspektiv : er jord ei fornybar eller ikkje-fornybar kjelde?

● Er det mogeleg å brødfø ein populasjon på omtrent 9 milliardar folk og halde på berekraftig jordbruk på same tid?

● Med kunnskap om dei farane som industrialisert masseproduksjon i jordbruket inneber, kva er sjansen for at du endrar dine val som matforbrukar?

Page 7: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

VIII. Eit blikk inn i framtida

Fortel elevane at neste gong skal dei starte med eit nytt kapittel i GREENT kurset der dei gradvis skal byrje å lære mykje om berekraftig utvikling som eit rammeverk, ein måte å tenkje på og ein måte å gjere ting som kan bidra til å finne riktig balanse som kan sikre ein blomstrande framtid for både miljøet og det menneskelege samfunnet.

IX. Lekse (kjerneaktivitet)

Vel eit av alternativa nedanfor som lekse, og forklar det til elevane dine:

● Fortel elevane at dei skal gå på internett og ta den berekraftige mat-quizen som lekse:

http://environment.nationalgeographic.com/environment/green-guide/quizzes/sustainable-

food/, Dei kan også ta den grøne sesongmessige mat-quizen som du finn her:

http://environment.nationalgeographic.com/environment/green-guide/quizzes/seasonal-

food/. Etter å ha svart på kvart spørsmål vil dei få verdifull informasjon som vil hjelpe dei med å

gjere meir informerte og berekraftige val om maten som dei kjøper og et. På den måten vil dei

også støtte bønder som tek vare på landområdet sitt og helsa til dyra sine.

● Spel nettspelet “Third world farmer”. Spelet lar deg utforske nokon utfordringar med oppdrett i

eit fattig land. Vil du trivast til tross for korrupsjon og mangel på grunnleggjande

nødvendigheiter? Eller vil endeløyse krigar, sjukdommar, tørke og upålitelege marknader føre til

økonomiske ulemper og føre til undergang? “3rd World farmer” er eit seriøst spel som baserer

seg på trange økonomiske rammer. Spelet er utvikla av elevar frå Danmark. Det er ikkje presist

i alle detaljar, men dekkjer eit stort spekter av emner. Det er meininga at det skal vere både

pedagogisk og litt provoserande, få folk til å tenkje over desse emna samt å få oss til å forstå at

alle kan utgjere ein skilnad når det kjem til å få slutt på fattigdom. Her er ein link til spelet :

http://3rdworldfarmer.com/.

● Sjekk ut nettsida FoodMyths: http://foodmyths.org/. Dette er eit prosjekt utarbeida av Anna

Lappe. Det oppstod frå behovet for eit prosjekt som kunne spreie den verkelege historia om

maten vår og avslører vedvarande myter om berekraftig mat og oppdrett gjennom overtydande

medium : eit nytt nettbasert informasjonssenter og grasrot arrangement. Du kan til og med

oppmuntre elevane til å invitere Anna til å levere et webinar for klassen. Dei kan bruke dette

elektronisk skjemaet for å sende sende ein førespurnad til henne:

http://foodmyths.wpengine.com/host-an-event/.

Page 8: GREENT Leksjon 11. Degradering av jord 11...II. Introduksjon – Kjernen av det (3 min.) (KJERNEAKTIVET) Fortel elevane at jorda er det øvste laget på planetens jordskorpe, som er

X. Ekstra lenkjer

Dette er ekstra lenkjer som du som lærar kan bruke for å førebu deg før timen. Du kan også dele lenkjene

ut til elevane og oppmode dei om å bruke dei som sjølvstudie.

● Ein videoleksjon om “Soil Conservation: Fighting Soil Erosion With Sustainable Soil Use”:

http://study.com/academy/lesson/soil-conservation-fighting-soil-erosion-with-sustainable-soil-

use.html#transcriptHeader. Eit skreven transkripsjon og ein quiz er også tilgjengeleg. Krev gratis

registrering for å låse opp heile innhaldet.

● “Korleis gjere verden grønare og hinder klimaendringar | Allan Savory”:

https://www.youtube.com/watch?v=vpTHi7O66pI. "Forørkning er eit moderne ord for eit land

som vert til ørken, ‘’sa Allan Savory i denne stille og sterke samtalen. Det er skremmande å sjå

kva som skjer med 2/3 av verdas grassletter. Akselererande klimaendringar forårsakar

øydelegging av tradisjonelle beitesamfunn. Savory har via sitt liv til å stoppe det. Han trur at

hans arbeid så langt kan vere med å beskytte grassletter, og til og med gjenvinne degradert

land som ein gong var ørken.

● “Nøkkelskilnader mellom organisk & berekraftig mat’’:

https://www.thebalance.com/difference-organic-sustainable-food-2538316. Sjølv om dei ofte

vert brukte om kvarandre, er organisk og berekraftig ikkje det same.

● “Forplikte seg til berekraft med Unilever CEO, Paul Polman”:

https://www.youtube.com/watch?v=nShlnBJko5s (4:03 min.). Mengda ressursar vi nyttar for

augeblikket er 1,5 gonger verdens ressurskapasitet. Er det berekraftig? Ein milliard menneske

går fortsett i seng svoltne. Er det berekraftig? Dei 85 rikaste menneska i verda har same rikdom

som dei 3,5 milliardar fattigaste. Er det berekraftig? I dette intervjuet med McKinsey's Rik

Kirkland diskuterer Paul Polman kvifor kapitalismen må utvikle seg. Han snakkar om selskapet

sin innsats for å forandre seg, og korleis bedriftsleiarar er avgjerande for å løyse vanskelege

problem.

● “OBS Matelskarar ! : Økologisk bevisst konsum av mat handlar ikkje om distanse”:

https://www.nrdc.org/stories/attention-food-lovers-eco-conscious-eating-isnt-all-about-

distance. Vil du gjere ein reell forskjell med dine matvarepengar? Finn ut kvar og korleis maten

din blir produsert.

● “Matvarer: plantevernmidlar”: https://www.nrdc.org/stories/food-matters-pesticides. Korleis

disse giftene kan gjere meir skade enn godt.

● “Industrialisert versus berekraftig Landbruk”:

https://www.youtube.com/watch?v=7TRI7yeeYQQ (6:29 min.). Berekraftige gardar beskyttar

jorda og helsa til dei som jobbar der mykje betre enn det industrialiserte landbruket. Men kan

eig berekraftig landbruk skaffe mat til alle menneska i verda? Forsking viser at dette er mogleg.

Og vi som forbrukar kan hjelpe ved å vere bevisste i vårt val av mat.