37
HELSE Kurs for deltakarar i introduksjonsprogrammet i Voss kommune

HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

HELSE

Kurs for deltakarar i

introduksjonsprogrammet i

Voss kommune

Page 2: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Kva skal vi snakka om i dag?

o Kva er helse?

o Helsesystemet i Noreg o

Korleis kan eg halde meg

frisk o Psykisk helse

Kva er helse?

«Ein tilstand av komplett fysisk, psykisk og sosialt velvære og ikkje berre fråvær av sjukdom eller lyte» Verdens helseorganisasjon, 1948.

«Fråvær av sjukdom og redusert risiko for tidleg død»

Page 3: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

«Helse er evna til å leve med kvardagens krav»

Helse = frisk?

Kven har god helse?

Page 4: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Ida Fladen, programleiar. Depresjon og

Sarah Louise Rung, symjar, 4 gull i kystallsjuke.

Paralympics. Lam frå livet og ned.

Syn på helse og sjukdom i Noreg

- I Noreg er vi opptekne av at helsa vår inkluderar både det fysiske og det psykiske.

- Det er fokus på heile mennesket, og ikkje berre det medisinske.

- Vi kan ha sjukdomar og diagnosar, og likevel ha eit godt liv og god helse.

- Sjukdom skal ikkje setje grenser for korleis vi lev vårt liv. Til dømes skal arbeidsplassen leggje til rette for ulike behov og det finnes tilpassa idrettsutstyr for funksjonshemma.

- Vi ser på alle menneske som like mykje verd til tross for sjukdom, diagnosar og levesett.

Page 5: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Kva blir sett på som

god helse i andre land?

Page 6: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Helsesystemet i Noreg Den norske stat arbeidar for å bidra til betre folkehelse, redusera sosiale ulikheiter i helse og å fremja tilgongen til gode og trygge helsetenester.

Helse- og omsorgsdepartementet har det overordnade ansvaret for helsepolitikk, folkehelse, helsetenester, kommunale tenester til eldre og funksjonshemma, helselovgjevning og deler av sosiallovgivninga i Noreg.

Helse- og omsorgsminister Bent Høie ( H )

Page 7: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

helsenorge.no

Page 8: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Helsesystemet i Noreg I Noreg har vi eit offentleg helsevesen. Kommunane (Voss), fylket (Hordaland) og regionen (Helse Vest) har ulike ansvarsområder for helsetenester.

Kommunen: fastlege, legevakt, helsestasjon, rehabilitering, helse- og omsorgstenester som heimesjukepleie, personleg assistanse, sjukeheim og avlastningstiltak.

Fylket: Tannhelsetenester.

Region: Sjukehus og spesialisthelsetenesta.

Privat sektor: Sel helsetenester til privatpersonar og til staten.

Page 9: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

I kontakt med helsevesenet • Du må betala ein eigenandel etter at du har vært hjå legen eller på sjukehuset.

• Får du ein time du ikkje kan møta på MÅ du avbestilla timen minimum 24 timar før for å unngå å betala.

•Tilsette i helsetenester har teieplikt (taushetsplikt).

• Du har rett til å få informasjon om eigen helsetilstand og behandling på eit språk du forstår. Har du behov for tolk må du sjølv gi beskjed om dette i god tid.

• Skal du henvisast frå fastlegen til vidare utredning eller behandling, har du rett til å velga kvar du skal få dette.

Page 10: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Fastlege

Page 11: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

• Når du kjem til Voss, har du rett til ein fastlege, som er den legen du skal bruke viss du blir sjuk. Denne legen vel du sjølv.

• Bruk helsenorge.no eller ring 800 43 573 for å byte fastlege.

• Når du skal bestilla time hjå fastlegen må du oppsøke kontoret, ringje legekontoret eller bestilla time på nettet.

Hjå fastlegen • Forbered deg til timen. Skriv gjerne ned det du vil spørja om.

•Du kan snakke med fastlegen om både somatiske og psykiske problem.

Page 12: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

• Fastlegen spør gjerne spørsmål som ikkje berre har med problema du fortel om. Det er for å gjer ei heilheitsvurdering av din helsesituasjon.

• Det er ikkje sikkert du får medisinar av legen. Kanskje må du prøve andre tiltak først som for eksempel å vera i meir aktivitet, endra kosthaldet eller sove meir.

• Fastlegen er restriktiv med å skriva ut antibiotika for å unngå antibiotikaresistens.

•Fastlegen kan litt om mykje. Dersom fastlegen ikkje kan hjelpe deg vil du bli henvist til spesialist. Det kan vera lang ventetid.

Helsestasjon Helsestasjon for flyktningar

- Kommunen ved helsestasjon for flyktningar vil sørga for at nyankomne flyktningar får tilbud om

helsetenester. Ansvarleg helsesyster er Sigrun Rekve.

Helsestasjon og skulehelsetenesta

Page 13: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

- Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ein del av kommunehelsetenesta som utfører planmessig

helsefremjande og førebyggande helsearbeid for born 0-6 år, skuleborn 6-16 år, og for ungdom

mellom 16-20 år som bur eller oppheld seg i kommunen. Jordmortenesta er ein del av

helsestasjonstilbodet.

Helsestasjon- og skulehelsetenesta kan tilby psykologteneste. Det er eit lågterskeltilbod, der ein kan få

time utan tilvisning frå fastlege.

Voss helsestasjon

Uttrågata 15

5700 Voss

Telefon: 56533040

Page 14: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Legevakt - Ved behov for legehjelp når fastlegen ikkje er på jobb, kan du ringe

legevakta.

- Då må du ringa nummeret 116 117. Du vil få rettleiing i kva du skal gjera vidare.

- Lekevakta er lokalisert på Voss sjukeheim mellom kl. 16:00 – 08:00 på kvardagar og heile døgnet i helger og på heilagdagar.

Eksempel på gonger det er fornuftig å ringe legevakt:

- Høg feber, særleg hjå barn

- Pustevanskar

- Akutt sjukdom

- Alvorleg psykisk sjukdom

- Mistanke om brot

Page 15: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

- Kuttskadar

Medisinsk nødtelefon - 113 - Ved ulykker eller alvorlege hendingar ring 113 - Du vil få veileding i kva du skal

gjere.

- Det blir sendt ambulanse til der du er.

Når skal du ringe 113:

- Akutte lammelsar i ansikt eller arm

- Akutte språkforstyrringar

-Plutseleg og uforklarleg ustøheit

-Medvitslaus /bevisstlaus

-Brystsmerter i meir enn 5 minutt

Page 16: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Spesialisthelsetenesta Pasientar får behandling på sjukehus etter henvisning

frå fastlege eller legevakt. Du har rett til sjølv å velja

kva sjukehus du skal behandlas på.

Spesialisthelsetenesta omfattar:

- Somatiske og psykiatriske sjukehus - Poliklinikkar og

behandlingssenter

- Opptrenings- og rehabiliteringsinstitusjonar

- Institusjonar for tverrfagleg spesialisert behandling

for rusmiddelmisbruk

- Prehospitale tenester

- Privatpraktiserande spesialister

- Laboratorie- og røntgenverksemd

Page 17: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Må du betale for å bruke helsetenester?

• Som medlem av folketrygda har alle rett på hjelp frå helsetenesta.

• Ein betalar berre ein bestemt del av utgiftene ved helsetenester frå det offentlege. Dette kallas for eigenandel.

• Dersom du har betalt eigenandelar opp til et visst beløp, kan du få frikort. Då slepp du å betala eigenandel resten av kalenderåret. Det finnes to typar frikort.

•Frikort for eigenandel sendes automatisk i posten til di folkeregistrerte adresse når du har rett på det.

• Fritak frå å betala eigenandel: Du er friteken frå å betala eigenandelar ved blant anna svangerskapskontroll, undersøking og behandling av barn under 16 år,

Page 18: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

psykoterapeutisk behandling av barn og ungdom under 18 år, allmennfarlige smittsamme sjukdommar eller mistanke om slike.

Frikort for eigenandel

•Frikort eigenandelstak 1: gjeld for godkjente eigenandelar betalt til lege, psykolog, poliklinikk, røntgen, reise til undersøking og behandling (pasientreiser) og ved kjøp av medisinar og utstyr på blå resept. Frikort for eigenandelstak 1 sendes automatisk i posten til din folkeregistrerte adresse når du har rett på det. Eigenandelstak 1 for 2017 er 2 205 kr.

•Frikort eigenandelstak 2: gjelder godkjente eigenandeler betalt for fysioterapeut, enkelte former for tannsjukdommar, godkjente opptreningsinstitusjonar og behandlingsreiser til utlandet i regi av Oslo Universitetsjukehus - Rikshospitalet HF. Eigenandelstak 2 for 2017 er 1990 kr.

Page 19: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

•Har du ikkje nok pengar til å betala for eigenandelar kan du kontakta NAV.

Page 20: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Pasientreiser

Page 21: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

- Reiser du til eller frå offentleg godkjent behandling, dekkes dette hovedsakleg når avstanden til behandlingsstaden er på over ti kilometer, og reisa koster meir enn lokal minstetakst med offentleg transport.

- Satsane du får dekka ved pasientreiser, og eigenandelen du sjølv må betala, fastsettes årleg av Stortinget.

Sjå helsenorge.no – søknad kan leverast elektronisk eller via post.

Page 22: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta.

- Barn har rett på offentleg tannbehandling. All behandling, bortsett frå tannregulering, er gratis.

- Når du fyller 19 eller 20 år i behandlingsåret, bør du ta kontakt med den offentlege tannhelsetenesta. Du har rett til billegare tannbehandling.

- Som hovudregel må vaksne betala utgiftene til tannbehandling sjølv, men det finnes enkelte unntak dersom du har visse sjukdomar, tilstandar og skadar. Tannlegen skal vurdera om du fell inn under nokre av desse unntaka, og derfor har krav på stønad frå Helfo.

Page 23: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Korleis kan eg halda meg frisk?

- Mange sjukdomar kan vi påverke med måten vi lev, desse kallar vi livsstilsjukdomar.

Døme på livsstilsjukdomar: koronar hjartesjukdom (hjarteinfarkt og angina), hjerneslag, høgt blodtrykk, visse typar kreft, type 2-diabetes, KOLS, beinskjørhet, depresjon, medikamentmisbruk, overvekt, artrose (slitasjegikt).

- Andre sjukdomar smittar mellom menneske, desse kallar vi smittsame sjukdomar eller infeksjonar. Nokre av desse er det vanskeleg å verne seg mot, andre kan ein førebygge.

Døme på smittsame sjukdomar: Tuberkulose, HIV, seksuelt overførbare sjukdomar, legionella, influensa.

Page 24: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Kva er negativt for kroppen og helsa

vår?

Page 25: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Røyking

Usunn mat

Stillesitting Rusmidlar

Alkohol

Page 26: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Kva er bra for kroppen

og helsa vår?

Sunn mat

Page 27: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Sol / Vitamin DNok søvn

Fysisk aktivitet Sosialt fellesskap Amming

Kva kan vi gjera for å halde oss friske?

God hygiene

Page 28: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Vaksinering

Beskytting mot seksuelt

Vær bevisst på smittekjelder overførbare infeksjonar

Kle deg etter vêret

https://www.youtube.com/watch?v=jwEsLjN YNyc

Page 29: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling
Page 30: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Ernæring og kosthald

Page 31: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling
Page 32: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Enkle hjelpemiddel for eit sunnare kosthald

Nøkkelholet = meir fiber, mindre metta fett, salt og sukker enn tilsvarande varer utan merket.

Brødskalaen

5 om dagen: 5 porsjonar (500 g) frukt og grønt

kvar dag.

Page 33: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

D – vitamin - Inntaket av vitamin D i Noreg er i gjennomsnitt lågare enn anbefalt for store deler av befolkninga.

- Mangel på vitamin D kan hjå barn medføre rakitt og hjå vaksne for lite kalsium i skjelettet, skjelettsmerter og svak muskulatur.

- Vitamin D finnes i tran og feit fisk. Enkelte matvarer er berika med vitamin D, for eksempel ekstra lett mjølk, smør og margarin.

Page 34: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

- Tilstrekkeleg eksponering for sollys kan gje nok tilførsel av vitamin D i somarhalvåret.

Page 35: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

(515 minutt sol i ansikt og på armar, 2-3 gonger i veka).

Page 37: HELSEflyktningtenesta.no/wp-content/uploads/2017/04/HELSE.pdf · Tannlege - Det er fylket som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta. - Barn har rett på offentleg tannbehandling

Røyking - Røyking skader helsa og kan gje alvorlege sjukdommar. Hjarte- og karsjukdom, kols og lungekreft er blant dei alvorlige sjukdommane som kan forårsakas av røyking.

- Røyking er den viktigaste enkeltårsaka til kreft. Det er minst 40 ulike kreftframkallande stoffer i tobakksrøyk.

- Lungekreft er den kreftforma som tar flest liv i Noreg. Røyking er årsaka til om lag 85 prosent av tilfella.

- Skal du slutte, sjekk ut slutta.no

https://www.youtube.com/watch?v=8j29JraPqK4