4
Visjon: Vi skal fremje helse og livskvalitet www.helse-forde.no Mindre korridorproblem Medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har halvert talet på korridorpasientar det siste året. Feira seg sjølv Sist månad feira Psykiatrisk klinikk seg sjølv med samling. Klinikken vart formelt opna i august 1990. HELSA vår Internavis for Helse Førde nr 8 oktober 2010 Årgang 5 Sjeldan har sjukefråværet i Helse Førde vore så lågt som no. – Eg trur vi ser resultatet av ei medviten satsing for å få fleire i jobb, seier Eva Sunde. H else Førde er i ferd med å nå målet om at ikkje fleire enn 5,5 prosent av arbeids- stokken skal vere borte frå jobben på grunn av sjukdom. Nær sytti prosent av avdelingane i føretaket har nådd denne målsetjinga, men for heile organiasjonen sett under eitt er talet frå siste rapportering på 5,9 prosent i august. Stort fokus – Dette er vi veldig glad for og pila har, til liks med andre sektorar, peika i riktig retning lenge. Vi har hatt eit stort fokus på sjukefråvær og mange elemente i dette arbeidet har nok vore ein suksessfaktor, seier Sunde som er HMS-leiar. Ho viser til at Helse Førde har valt ei tredelt tilnæring av sjukefråværstiltak ut frå kva tiltaka er retta mot. Det første er tiltak retta mot struktur og kultur. Desse dannar så fundamen- tet for dei personretta tiltaka, som er meint for dei tilsette i føretaket. Til sist er det tiltak som er retta mot prioriterte grupper i Helse Førde. Oppfølging Tiltak som det har vore eit særskilt fokus på dei siste åra har mellom anna vore leiaropplæring, IA-modul i GAT, gravideprosjektet, arbeids- vurdering gjennom NAV og dagleg tilrettelegging. Ei av dei som har fått tilrettelagt arbeidsdagen sin er helsesekretær og hjelpepleiar Nelly Høyvik. I løpet av sine 26 år i Helse Førde har ho hatt to lengre sjukemeldingsperiodar. Første gong som følge av ein større ryggoperasjon, og seinare etter ein skulderoperasjon. – Heile denne tida har eg vore veldig opptatt av at mine ledd- og ryggpla- gar ikkje skulle føre til at eg ville bli arbeidsufør. Men for at eg skulle klare å kome tilbake i jobb var det naudsynt med litt tilrettelegging på arbeidsplassen. Arbeidsgjevar var positiv, og eg fekk tilpassa vakter som ikkje for mange dagar i strekk, fri før og etter arbeidshelg og ikkje dagvakt etter seinvakt. I tillegg har avdelinga fått sin eigen sparkesykkel som eg er ein flittig brukar av, seier Høyvik. Stor eigeninnsats Helsesekretæren har gjennom fleire møter fått god oppfølging både frå NAV og arbeidsgjevar. Likevel meiner ho det er ein viktig faktor korleis sjukmelde sjølv taklar situasjonen. – Eg trur det er avgjerande kva inn- stilling vi har for å kome oss tilbake i jobb. Uansett kva som gjeld i kvarda- gen så går ikkje ting av seg sjølv. Det krev stor eigeninnsats for å lukkast, og med positiv innstilling kan det meste gå, og vinsten du får er auka livskvalitet, seier ho. SPARKAR SPARKAR SEG TILBAKE SEG TILBAKE I JOBB I JOBB TILRETTELAGT: – Innstilling og god tilrettelegging er av- gjerande for å lukkast, meiner Nelly Høyvik.

Helsa vår 8-2010

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Personalavis for Helse Førde

Citation preview

Page 1: Helsa vår 8-2010

Visjon:

Vi skal fremje helse og livskvalitet

www.helse-forde.no

Mindre korridorproblemMedisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus har halvert talet på korridorpasientar det siste året.

Feira seg sjølvSist månad feira Psykiatrisk klinikk seg sjølv med samling. Klinikken vart formelt opna i august 1990.

HELSA vårInternavis for Helse Førde nr 8 oktober 2010 Årgang 5

Sjeldan har sjukefråværet i Helse Førde vore så lågt som no. – Eg trur vi ser resultatet av ei medviten satsing for å få fl eire i jobb, seier Eva Sunde.

Helse Førde er i ferd med å nå målet om at ikkje fl eire enn 5,5 prosent av arbeids-

stokken skal vere borte frå jobben på grunn av sjukdom. Nær sytti prosent av avdelingane i føretaket har nådd denne målsetjinga, men for heile organiasjonen sett under eitt er talet frå siste rapportering på 5,9 prosent i august.

Stort fokus– Dette er vi veldig glad for og pila

har, til liks med andre sektorar, peika i riktig retning lenge. Vi har hatt eit stort fokus på sjukefråvær og mange elemente i dette arbeidet har nok vore ein suksessfaktor, seier Sunde som er HMS-leiar.

Ho viser til at Helse Førde har valt ei tredelt tilnæring av sjukefråværstiltak ut frå kva tiltaka er retta mot. Det første er tiltak retta mot struktur og kultur. Desse dannar så fundamen-tet for dei personretta tiltaka, som er meint for dei tilsette i føretaket. Til sist er det tiltak som er retta mot prioriterte grupper i Helse Førde.

OppfølgingTiltak som det har vore eit særskilt fokus på dei siste åra har mellom anna vore leiaropplæring, IA-modul i GAT, gravideprosjektet, arbeids-

vurdering gjennom NAV og dagleg tilrettelegging.

Ei av dei som har fått tilrettelagt arbeidsdagen sin er helsesekretær og hjelpepleiar Nelly Høyvik. I løpet av sine 26 år i Helse Førde har ho hatt to lengre sjukemeldingsperiodar. Første gong som følge av ein større ryggoperasjon, og seinare etter ein skulderoperasjon.

– Heile denne tida har eg vore veldig opptatt av at mine ledd- og ryggpla-gar ikkje skulle føre til at eg ville bli arbeidsufør. Men for at eg skulle klare å kome tilbake i jobb var det naudsynt med litt tilrettelegging på arbeidsplassen. Arbeidsgjevar var positiv, og eg fekk tilpassa vakter som ikkje for mange dagar i strekk, fri før og etter arbeidshelg og ikkje dagvakt

etter seinvakt. I tillegg har avdelinga fått sin eigen sparkesykkel som eg er ein fl ittig brukar av, seier Høyvik.

Stor eigeninnsatsHelsesekretæren har gjennom fl eire møter fått god oppfølging både frå NAV og arbeidsgjevar. Likevel meiner ho det er ein viktig faktor korleis sjukmelde sjølv taklar situasjonen.

– Eg trur det er avgjerande kva inn-stilling vi har for å kome oss tilbake i jobb. Uansett kva som gjeld i kvarda-gen så går ikkje ting av seg sjølv. Det krev stor eigeninnsats for å lukkast, og med positiv innstilling kan det meste gå, og vinsten du får er auka livskvalitet, seier ho.

SPARKARSPARKARSEG TILBAKESEG TILBAKEI JOBBI JOBB

TILRETTELAGT:– Innstilling og god tilrettelegging er av-

gjerande for å lukkast, meiner Nelly Høyvik.

Page 2: Helsa vår 8-2010

HELSA VÅR nr 8 – 2010

KLINIKK FEIRA SEG SJØLV ETTER 20 ÅR

Under samlinga på Sunnfjord Hotell var mellom anna dei tre tidlegare og noverande

klinikksjef, samt klinikkdirektøren og tilsette tilstades. Også brukar-representanten frå Mental helse var der. Det var tid for hyggeleg samvær, talar og mimring om ”gamle dagar”.

SamanslåingarSjølv om ein reknar den formelle opninga til 1990 då sengeposten ved psykiatrisk klinikk starta opp, var det allereie ein poliklinikk på Førde sen-tralsjukehus frå 1988.

Siste halvdel av 1990-talet vart psy-kiatrisk poliklinikk, Florø og sen-geposten Eira ein del av psykiatrisk poliklinikk. I 1997 vart vaksenhabi-literinga etablert og Psykiatrisk kli-nikk, avdelinga Tronvik vart ein del av Psykiatrisk klinikk frå 2002.

SjefaneDen første klinikksjefen var Egil W. Martinsen (1990–2000) så følgde Per Grimeland fram til 2003. Deret-ter gjekk stafettpinnen til Øyvind Watne til 2009 før noverande kli-nikksjef Svein Ove Alisøy tok over.

– Psykiatrisk klinikk ved avdelingso-verlege Egil W. Martinsen var tidleg ute med fysisk aktivitet som ein del av behandlingsopplegget og dette er like viktig i dag, fortel Svein Ove Alisøy.

OversiktlegI sitt innlegg sa Egil W. Martinsen at det var enklare å starte opp ei avde-ling i Sogn og Fjordane på grunn av korte avstandar til styresmakter og ein meir oversiktleg struktur.Psykiatrisk klinikk er i dag den stør-ste eininga innan psykisk helsevern i Helse Førde. Med sine om lag 214 årsverk er dei både eit Distriktspsy-kiatrisk senter for 13 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn og har i tillegg eit sjukehusansvar innan områda akuttpost med ØH-plikt, tryggleikspost, ruseining og vaksen-habilitering.

GODT LAG: Annbjørg Gloppholm, Sigrid Bauge, Anh Loan Thi Le og Torunn Bakke Kvistad. Foto: Widar Bjerkaker.

FÆRRE KORRIDORPASIENTARMedisinsk avdeling ved Førde sentral-sjukehus har halvert talet på korridorpasientar det siste året. – Vi kjem til å ha auka fokus på dette framover, seier klinikkdirektør Arve Varden.

I framtida kan norske sjukehus bli bøtelagde for å ha pasientar liggande i korridorar eller andre

stader enn på pasientrom. ”Depar-tementet vil vurdere økonomiske sanksjonar for å unngå korridorpa-sientar”, heiter det i framlegget til statsbudsjett for neste år.

– Vi veit det er eit stort påtrykk frå sentrale styresmakter når det gjeld kvalitet på dei teneste vi leverer. Ikkje berre for å unngå korridorpasien-tar, men også at vi sikrar levelege ventetider, unngår fristbrot og får ned talet på uønska hendingar. I det store og det heile kjem vi til å bli målt mykje på kvalitet framover. Då er det gledeleg at vi har lukkast med å få ned talet på korridorpasientar på den største sengeposten i Helse Førde, seier fagdirektør Hans Johan Breidablik.

Klar nedgangI 2009 hadde medisinsk avdeling ved Førde sentralsjukehus om lag 635 pasientar som måtte liggje på korridoren. I byrjinga av september i år var talet 242.

– Vi kjem vel til å passere 300 innan nyttår, men då har vi altså halvert talet på eitt år. Årsakene er fl eire, men for eitt år sidan gjorde vi om eit administrativt rom til pasientrom med plass til tre senger. I tillegg har talet på heildøgnsopphald gått ned noko, seier avdelingssjef Finn Johan Halvorsen.

UtfordringarHan peikar på at dei ikkje har så my-kje å gå på når det gjeld kapasiteten. Klinikkdirektør Arve Varden ser at dei framleis vil ha utfordringar knytt til korridorpasientar, og seier det er

fl eire tilhøve det vil bli jobba med framover.

– Det pågår for tida eit stort arbeid med tanke på arealeffektivisering ved sjukehuset. Samstundes veit ein at veldig mange av pasientane våre er såkalla utskrivingsklare pasientar, så vi må halde eit sterkt fokus på at kommunane tar tilbake pasientane så raskt som råd etter behandling. Sett på spissen kan vi seie at det er om lag like mange ferdigbehandla pasientar som kor-ridorpasientar i Helse Førde, så dersom vi klarar å løyse det første

problemet, så gir mykje seg sjølv, seier Varden.

I tillegg til dette peikar fagdirektør Hans Johan Breidablik på at føreta-ket må sjå på moglegheitene for å plassere korridorpasientar i andre avdelingar.

– Det er viktig at avdelingane sam-handlar på dette området, og at dette er eit tema som må vurderast. I dag er Helse Førde åleine om ikkje å utnytte ledige senger ved andre avde-lingar, det syner statistikk frå Helse Vest.

BETRE: Oversjukepleiar Inghild Espeland Mowatt og avdelingssjef Finn Johan Halvorsen i medisinsk avdeling konstate-rer at det er færre korridorpasientar.

Sist månad feira Psykia-trisk klinikk seg sjølv. Kli-nikken vart formelt opna i august 1990. Mykje har skjedd i psykisk helsevern sidan den gong.

Page 3: Helsa vår 8-2010

STORT ARBEID

Innan 1. november skal heile administrasjonen i Helse Førde vere på plass i nye lokale.

Lokala ligg der Lotteritilsynet har vore sidan oppstarten deira for 10 år sidan.

Det er om lag 70 personar i Helse Førde sin administrasjon som skal fl ytte i løpet av oktober månad. Pasi-entreiser og Helse Vest IKT er alle-reie på plass slik at Helse Førde totalt vil ha nærare 100 tilsette i nye lokale.

Sist veke var ein delegasjon frå øko-nomi- og personalavdelinga for å sjå og gå gjennom romprogrammet i Førdegården som ligg i sentrum av Førde. Dei hadde teke med metermå-let for å sjå mellom anna kvar arkiv-skapa med meir kan stå.

Blir bra– Eg er positivt overraska over kor

bra desse lokala er. Dette blir veldig bra, seier under-visningsleiar Olav Aaraas.Han fortel at utfordringa for fl eire tilsette kan vere at det no blir fl eire opne kontorland-skap.

Eigar av Førde-gården Frode Hjel-meland og rekn-skapssjef i Helse Førde Tore Andre Dvergsdal gjekk igjennom rekne-skapsavdelinga sitt behov. Nokre endringar må til ved enkelte kontor var konklusjonen til Dvergsdal. Han ønskte nokre fl eire delingar av rom. Mellom anna mog-legheiter for arkivrom vart diskutert med huseigar.

Snart alt på plass– Vi kan starte innfl yttinga

frå 18. oktober, men eg reknar med at innan

1. november bør alle vere på plass. Det står noko arbeid att. Vi har mellom anna kjøpt dei gamle møblane til Stiftelsestilsynet.

Desse skal fl yttast frå 1. etasje til 2. og 3.

etasje og monterst på nytt. Vi må nok også re-

kne med litt etterarbeid når det gjeld straumut-tak på kontora. Alt i alt meiner eg at desse lokala har høg stan-dard, fortel Oddbjørn

Schei, seniorrådgjevar i prosjekt- og utviklingsavdelinga i Helse Førde.

Schei har vore med i arbeidet med nye lokale sidan starten i 2008.

TILSETTE PÅ FLYTTEFOT

LANDSKAP: Oddny Sønnesyn fl ytter snart frå brakke til kontorlandskap.

Det store prosjektet med oppgradering av EPJ i Helse Førde er i gang. Mykje av harmo-niseringa vil krevje stor innsats frå dei tilsette.

Som ein del av overgangen til regional løysing inneber det at avgjerslestyrt tilgang skal

innførast. Dette medfører at heile tilgangsstrukturen i Helse Førde i DIPS må settast opp på nytt, noko som er ei omfattande oppgåve. Det vil i tillegg vere eit ekstra fo-kus på brev og malar i prosjektet for å standardisere bruken.

I konverteringsprosjektet vil ein sikre at historiske data og plan-lagt aktivitet i dagens løysing ligg rett i ny. Innføringsprosjektet sin koordinator for integrasjon vil ha ansvar for at klinikkane si helse-faglege vurderingar vert tilgjenge-lege for integrasjonsprosjektet når det er påkravd eller hensiktsmes-sig og vil sikre at andre delprosjekt er med på vurderingar gjennom deltaking i ei arbeidsgruppe. Det er sett ned eit eige delprosjekt som er ansvarleg for å planlegge, gjennomføre og dokumentere test av ny DIPS-versjon og nye sys-temintegrasjonar. Utover dette har ei eiga prosjektgruppe fokus på opplæringsbehovet og det å legge til rette for forskjellige typar un-dervisning. I tillegg kjem vidare-føring av talegjenkjenning i heile Helse Førde.

– Det har vore kick-off for delpro-sjektleiarane i etableringsfasen og regelmessige møter. I denne fasen vart grunnsteinane for det vidare arbeidet lagt og det er særs viktig å vere nøysam med detaljane. Innfø-ringa vil krevje stor innsats frå dei tilsette, fortel prosjektleiar i Helse Førde, Tova Kjæmpenes.

Les meir om EPJ på:Helse Førde sitt intranett

METERMÅL: Olav Aaraas måler opp plassen på kontoret sitt

Page 4: Helsa vår 8-2010

HELSA VÅR – nr 8 - 2010

MittHelse Førde

Utgjevar: Informasjonsavdelinga i Helse Førde. Redaksjon: Arne Eithun, tlf: 970 55 223 • Finn Ove Njøsen, tlf: 920 71 060Trykk: Sogn og Fjordane Avistrykkeri • ISSN 1890-291X

Eg kom til Norge frå ei stilling i Te-leverket i Sverige i 1993. Der jobba eg mellom anna i fl eire år med In-tern Service. Dette var i tider då det statlege Televerket skulle tilpasse seg ein ny røyndom. Dei skulle gå frå monopol til full konkurranse. Denne omstillingen baud på store utfordringar. Det blei meir fokus på å bli rasjonelle på alle områder, slik at økonomien kunne styrkast til fordel for investeringar i ny teknologi. Alt måtte endrast. Kundane gjekk mot ein stadig større mobiltelefonbruk, i staden for fasttelefon. Behovet for dei som jobba med telefonkablar blei stadig redusert. Derimot planla ein meir kabel-TV, så her ville det likevel bli behov for kabelarbeidarar.

Gamle sentralar for mekanisk tek-nologi blei bytta ut med mindre plasskrevjande datasentralar. Desse trengte ikkje så mykje service på plas-sen, så her kunne ein fjernstyre og fjernreparere i mykje større grad.

Dette skapte stor uro i Televerket. Korkje kundar eller tilsette kunne sjå heilt klart kva som skulle komme. Mange ville ikkje ha nokon endring. Men i dag er det vel ikkje mogleg å gå tilbake til berre fasttelefon. Det som er rimeleg sikkert er at korkje Telia eller Telenor hadde vore så sterke om dei ikkje hadde gått gjennom desse prosessane.

Min jobb i Televerket var å leie ar-beidet med å fi nne alternative bruks-område for lokala Televerket ikkje lenger ville trenge. Vi måtte òg fi nne nye fl eksible løysingar for framtida. Det einaste som var sikkert var at ingenting ville vere som det hadde vore og mykje ville skje på vegen. Der vi lukkast best, var der dei tilsette var innstilte på forandring og var med i prosessen for å fi nne løysingane som skulle legge grunnen for framtida.

Det er kanskje desse erfaringane som har bidrege sterkast til at eg såg utfor-dringane, og gleda meg til å arbeide i Helse Førde. Å fi nne løysingar og ta tak i utfordringar er meir naturleg for meg, enn å fokusere negativt. Eg

må innrømme at det som kjem fram i media ikkje alltid gjev eit positivt bilete av min nye arbeidsgjevar. Dette har likevel blitt nyansert gjennom min sambuar som meiner Helse Førde er ein fortreffeleg arbeidsplass.

Mi avdeling, Trygging, Transport, Husøkonomi, Innkjøp og Lager, TT-HIL, er eit langt namn på ei avdeling, men speglar at vi har mange ulike oppgåver. Felles for alle er at vi er ser-vicefunksjonar for kjerneverksemda, helse. Vår oppgåve er å gjere defi -nerte oppgåver på ein mest mogleg økonomisk og kompetent måte, slik at anna fagpersonell kan fokusere på sine oppgåver.

Vi er støtte for avdelingane innan mellom anna innkjøp. Døme på ein aktivitet vi har starta er ”aktiv forsy-ning”. Saman med avdelingane blei det bestemt eit vareutval med faste mengder/nivå, og avdelingane bestil-ler ved å markere behov ved å snu eit kort. Vi handterer bestilling og påfylling for avdelinga. Dermed kan avdelinga konsentrere seg om andre oppgåver. Dagleg reinhald og spesial-reinhald på operasjonsavdelinga, blir og levert av oss. Vi handterer og tøy og tekstilar. Inkludert til dømes å sy nye ting som ikkje fi nst i sal. Vi driv ein omfattande logistikk av senger og pasientar på oppdrag av avdelingane. På LSH og NSH administrerer vi bustadane.

Eg har fått mykje positive tilbakemel-dingar, men og mange forslag om forbetringar. Vi er glade for at folk engasjerer seg i vår verksemd då vi er opptatt av å kunne gje god service. Men service er ingen konstant mål-bar verdi, men ei subjektiv oppleving hos mottakaren. Nokre gongar er forventningane kanskje ikkje i tråd med kva vi kan levere. Dette kan skuldast utydeleg kommunikasjon. Informasjon vil difor vere eit sat-singsområde for oss. Oppgåvene blir nok ikkje færre med tida. Difor gjeld det å tenke smart slik at dei kan løys-ast med et smil.

Karl-Eric Melander, avdelingsleiar.

OKTOBER-BILETE

FØRST UT: Sølvi Hansen og dei tilsette i administrasjonen sin ekspedisjon skal vere på plass i "Førdegården" allereie i veke 42. Flyttinga er i full gang med pakking av permar og papir.

HELSE FØRDEI VEUM-FILMDet manglar ikkje på dramatikk i kvardagen, men tilsette i ambulan-setenesta i Helse Førde, fekk i sommar oppleve å vere statistar i actionfylt fi lminnspeling.

Filmen ”Dødens drabanter” er basert på romanen til Gunnar Staalesen. Privatetterforskar

Varg Veum, som vanleg spelt av Trond Espen Seim, har denne gon-gen havna i Angedalen i Førde, der han er i ferd med oppklare ei for-svinningssak. Uforutsette ting skjer og det kan røpast så pass at det blir behov for ambulanse og personell frå Helse Førde.

Lokale skodespelarar– Vi kom til åstaden med ein av ambulansane til Helse Førde. Eg og kollega Ove Andre Tjønneland var sjåførar. Passande vil eg seie sidan vi begge er frå Angedalen, seier Rune Næss.

Han fortel at innspelinga var ei tolmodsprøve, men samstundes veldig interessant.

– Vi var der i 12-13 timar, og er vi heldige så får kanskje folk sjå oss nokre sekund i fi lmen. Uansett så var det svært interessant og eg lærte i alle fall mykje. Det var veldig spennande å sjå korleis dei lagar fi lm. Slik sett gjekk tida fort sjølv om det var mykje venting, seier Næss.

Del av gjengenAmbulansearbeidaren er imponert over dei profesjonelle folka som var ansvarlege for innspelinga.

– Også skodespelarane var proffe og greie. Vi følte oss fort som ein del av "gjengen".

Når fi lmen blir vist på kino neste år, er det all grunn til å tru at det vil det vere ein del ambulansearbeida-rar frå Helse Førde som er tilstades i salen.