4
Under rehabiliteringa av Voss Sjuke- heim vart ei mengd produkt overflødige. Takka vera flott innsats frå ildsjeler, er utstyr for mange millionar kroner no på veg mot eit nytt liv i Moldova! Les meir på side 2 Traileren vert fylt med overflødig utstyr frå Voss Sjukeheim. Om nokre månader vil barn i Moldova kunna nytta seg av produkta og få ein betre kvardag. (Foto: Ellen T. Astrup) Differensiering av gebyr for fritidsbustader IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader skal differen- sierast i tre klassar, med utgangspunkt i tre kriteria: Storleik, veg og innlagt straum. Sjå sistesida IHM starta året med nye nettsider og info- ark i ny form! Sjå www.ihm.no Dei flunkande nye renovasjonsbilane har no lagt eit par må- nader bak seg på vegane. Renovatørane hos Torstein Øvst- hus og Søner er nøgde med endeleg å ha teke fatt på rutene med nye bilar og ny teknologi! Les meir på side 3 Nytt liv i Moldova Nye nettsider Dei nye renovasjonsbilane er i farta… Info IHM informerer mai 2007 Foto: Sjur Herre

IHM informerer mai 2007 - RASDALEN · Velkomen til din miljøstasjon! Differensiering av gebyr for fritidsbustader IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader

  • Upload
    others

  • View
    1

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: IHM informerer mai 2007 - RASDALEN · Velkomen til din miljøstasjon! Differensiering av gebyr for fritidsbustader IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader

Under rehabiliteringa av Voss Sjuke-heim vart ei mengd produkt overfl ødige. Takka vera fl ott innsats frå ildsjeler, er utstyr for mange millionar kroner no på veg mot eit nytt liv i Moldova!

Les meir på side 2

Traileren vert fylt med overfl ødig utstyr frå Voss Sjukeheim. Om nokre månader vil barn i Moldova kunna nytta seg av produkta og få ein betre kvardag.(Foto: Ellen T. Astrup)

Differensiering av gebyr for fritidsbustader

IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader skal differen-sierast i tre klassar, med utgangspunkt i tre kriteria: Storleik, veg og innlagt straum. Sjå sistesida

IHM starta året med nye nettsider og info-ark i ny form!

Sjå www.ihm.no

Dei fl unkande nye renovasjonsbilane har no lagt eit par må-nader bak seg på vegane. Renovatørane hos Torstein Øvst-hus og Søner er nøgde med endeleg å ha teke fatt på rutene med nye bilar og ny teknologi! Les meir på side 3

Nytt liv i Moldova

Nye nettsider

Dei nye renovasjonsbilane

er i farta…

InfoIHM informerermai 2007

Foto

: Sju

r H

erre

Page 2: IHM informerer mai 2007 - RASDALEN · Velkomen til din miljøstasjon! Differensiering av gebyr for fritidsbustader IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader

Valborg Nummedal, Nils Gjeraldstveit og John Børven ser med glede på på utstyret som vil hjelpa mange barn i Moldova i staden for å havna i deponiet. (Foto: Ellen T. Astrup)

Haug på dunken

Dersom dunken din er overfyldt kan dette føre til at bos ramler av dunken når den vert tømt. Slik kan det verte søl både på og rundt dunken.

Treng du meir plass?

● Ekstra sekk merka“avgift betalt”, kan du få kjøpt for kr 34,- hos kommunen eller IHM.

● Dersom du ofte har dårleg plass kan du endre til eit større abonnement. Ta kontakt med IHM for meir info.

Under rehabiliteringa av Voss

Sjukeheim vart ei mengd pro-

dukt overfl ødige. Med ein mil-

jømedviten byggeleiar frå Voss

Kommune, var vegen til Indre

Hordaland Miljøverk kort.

Det er ikkje kvar dag ein får spørsmål om ombruk av 200 dører, 200 vindauge, og ei rekkje toalett, servantar og radia-torar! Med velvillig innsats frå tømrarar og røyrleggjarar som utførte rivingsar-

beidet på sjukeheimen, og umiddelbar respons frå Valborg Nummedal som for-midla kontakt med Misjon Uten Grenser, er utstyr for mange millionar kroner no på veg mot eit nytt liv i Moldova! I løpet av eit halvår reknar John Børven frå Mi-sjon Uten Grenser med at utstyret er på plass, og mange foreldrelause barn kan gle seg til ei ljosare og varmare kvardag. [email protected]

Fakta● Misjon Uten Grenser er ein del av den internasjonale misjons- og bistandsorganisa- sjonen Mission Without Borders.

● Organisasjonen driv misjons- og bistandsarbeid i 7 land, hovudsakleg i Aust-Europa.

● Moldova er eit av landa orga- nisasjonen er sterkt inne i. Djup sosial og økonomisk kri- se pregar landet, og mange foreldre overlet barna sine til staten fordi dei ikkje har mog- legheit til å ta seg av dei.

● Dei rundt 60 barneheimane i Moldova manglar det meste, t.d. anitærutstyr, dører og vindauge, ljos og varme…

● Her i Noreg går slikt utstyr frå store rivingsprosjekt til deponi eller forbrenningsovnar kvar einaste dag.

Tida etter nyttår har vore uvanleg hek-tisk hos IHM. To store prosjekt samstun-des har sett sitt preg på organisasjonen. Som ein del av arbeidet med differensi-ering av gebyr for fritidsbustader, har om lag 4 500 hytteeigarar fått brev der vi ber om tilbakemeldingar på gjennom-førte registreringar. Mange har sendt oss svar, noko som skal følgjast opp. Vi

Kåre Flatlandsmo [email protected]

har óg sett at for mange fritidsbustader har kome i høg gebyrklasse, og arbei-der no med å rette opp dette i samsvar med intensjonen i avfallsplanen og bud-sjettet.

Samstundes har vi fått nye einmanns-betjente bosbilar, noko som er ei utfor-dring for alle involverte partar. Sjølv om det kan vere problem i startfasen, er vi sikre på at dette vil gå seg til. Dette er eit godt prosjekt som vi har stor tru på! Vi arbeider for å fi nne best mogelege løysingar, og vi er derfor avhengige av tilbakemeldingar for å få dette til.

Leiar

Nytt liv i Moldova

I travle

tider ….

Page 3: IHM informerer mai 2007 - RASDALEN · Velkomen til din miljøstasjon! Differensiering av gebyr for fritidsbustader IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader

Dei fl unkande nye renovasjonsbi-

lane har no lagt eit par månader

bak seg på vegane. Renovatørane

hos Torstein Øvsthus og Søner er

nøgde med endeleg å ha teke fatt

på rutene med nye bilar og ny te-

knologi!

- Veldig spanande er det å sjå korleis dette går! Det største framsteget for oss på bilen, er utan tvil at arbeidsmiljøet vert mykje betre på mange område, sei-er Almeland. Å vere sidemann på bosbil i barsk vestlandsnatur når vinterstor-mane herjar, er ingen spøk! Heller ikkje gloheite sommardagar har det vore frei-stande å hengje etter bilen. Det er klart

at vi no vert spart for både tafi kkfarlege situasjonar og helseplager. I tillegg slepp vi å dra tunge dunkar bort til bilen. Med tøming av oppimot 1000 dunkar enkelte dagar, slit det sjøl på sterke kroppar.

- Men teknologien på dei nye bilane stiller litt andre krav til korleis dunkane skal plasserast når dei skal tømast. Det er eit par ting som er viktig, seier Almeland.

Dersom det er mogeleg ønskjer vi at dunken står slik:● På høgre side av køyreretninga til bilen ● Dunkar med same avfallstype skal stå parvis, to og to ● Avstanden mellom para må vere ca. 30 cm, eller så stor at ein kan gå imellom para ● Lokopninga fram mot vegen

- For nokon kan dette kanskje skape for-virring, men mange abonnentar har alt fått innarbeidd dei nye rutinane. Vårt største

problem no i innkøyringsfasen, har vore at dunkane ikkje står med lokopninga mot vegen. Då må vi ut av bilen og plassere dunken rett veg. Teknologien er slik at ein og kan styre ar-men frå utsida av bilen. Men dersom vi må ut av bilen for kvar tøming, er det jo lite meining i dei nye bilane, seier renovatøren, som vonar at folk legg godviljen til for å få overgangen til å gå best mogleg.

- For oss krev det og ekstra innsats for å få dette til å gå knirkefritt seier Almeland. Vi har m.a. fått meldingar frå enkelte som har opplevd at det ligg avfall att i botn av dunken etter tøming. Dette kan hende dersom avfallet frys fast i dunken, eller dunken er stappa så full at avfallet kiler seg fast på veg ut. Utfordringa vår er å lære og ”kjenne” om dunkene er tomme og å følgje med tøminga på monitoren.

- Med felles innsats trur vi dette skal gå bra, seier ein lett frustrert, men optimis-tisk renovatør. [email protected]

Dei nye renovasjonsbilane er i farta…

Med dei nye bilane kan boset tømast på ein meir effektiv måte. (Begge foto: Sjur Herre)

Ella Miljøbil kjem til Voss i veke 19 for å gje elevar viktig undervisning om farleg avfall og ee-avfall.

Jon Almeland syner korleis dei nye bilane fungerer. Med den nye ordninga treng ein ikkje stå bakpå bilen, og når dunkane står rett veg treng ikkje sjåføren gå ut av bilen. Dette gjev eit betre arbeidsmiljø for renovatørane.

Hausten 2005 vitja Ella Miljøbil skulane i vår region. I løpet av dei to vekene Ella var her, fekk over 1600 elever på barne- og ungdomssteget undervisning om farleg avfall og ee- (elektrisk – og elektronisk) avfall. Undervisningsopplegget hausta god respons både frå elever og lærarar.

I veke 19 kjem Ella att. På dagtid vert ho å fi nne på skulane i regionen. Tida vert noko knapp til at alle skulane kan få besøk.

Mottak for farleg avfall og ee-avfall på

kveldstid: Onsdag 9. mai og torsdag 10. mai vert det mottak frå hushald i Voss sentrum og i Skulestadmo (sjå annonse i Hordaland, veke 18 og 19). Her kan du levere farleg avfall og ee-avfall gratis mellom kl. 17 og kl. 20.

NB. Ella Miljøbil kan ikkje ta imot større einingar som komfyrar, vaskemaskiner, fjernsyn og liknande. [email protected]

kjem att!

Foto: IHM

Page 4: IHM informerer mai 2007 - RASDALEN · Velkomen til din miljøstasjon! Differensiering av gebyr for fritidsbustader IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader

Indre Hordaland Miljøverk er eit interkommunalt avfallssel-skap for kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Ullensvang, Ulvik og Voss.

Redaksjonskomité:Kåre Flatlandsmo, dagleg leiarHelen K. Søbye, kontorleiarGunnar Bråten, driftsleiarEllen T. Astrup, leiar info og miljø

Kontakt: Telefax: 56 52 99 01Adresse: Postboks 161, 5701 Voss E-post: [email protected] Kontor: Bjørkemoen 60, 5700 Voss Heimeside: www.ihm.noTelefon: 56 52 99 00

Frisk luft, reint vatn, grøne bakkar...

det er slik dei fl este av oss vil at sommaren skal vera!

Som ditt lokale avfallsselskap er målet vårt å ta hand om alt avfall på ein forsvarleg måte.

Velkomen til din miljøstasjon!

Differensiering av gebyr

for fritidsbustader

IHM sine eigarkommunar har vedtatt at gebyret for fritidsbustader skal differen-sierast i tre klassar, med utgangspunkt i tre kriteria: Storleik, veg og innlagt straum. Det har vore gjennomført eit re-gistreringsarbeid basert på desse krite-ria, og alle eigarar av fritidsbustader har fått tilsendt brev der vi har bede om tilba-kemelding på registrerte opplysningar.

Vi har fått mange tilbakemeldingar, slik at det ikkje har vore råd å få til ein skik-keleg gjennomgang av desse før utsen-ding av renovasjonsgebyret for 1.halvår. For kommunane Eidfjord, Granvin, Ulvik og Voss vert det difor sendt ut rekning med akonto for fritidsbustader denne gongen. Dersom gebyret då evt. vert for høgt eller lågt, vil dette verte avrekna ved utsending av renovasjonsgebyr for 2. halvår. For Ullensvang herad vert det ei utsending av renovasjonsgebyr for fritidsbustader. Denne rekninga kjem til

hausten. For Jondal kommune er det ik-kje avklara kva for løysing som vert valt.

Det har og vist seg at for mange av fri-tidsbustadene har kome i høg gebyrklas-se, noko som ikkje var intensjonen. Det vert difor arbeidd for å fi nne ei løysing som er i tråd med intensjonen i avfalls-planen og budsjettet.

[email protected]

EIDFJORDKOMMUNE

GRANVINHERAD

JONDALKOMMUNE

ULLENSVANGHERAD

ULVIKHERAD

VOSSKOMMUNE

Indre Hordaland Miljøverk arbeider med kom-munale renovasjonsordningar og miljøvenleg avfallshandsaming i desse kommunane

Opningstider:

Eidfjord Simadalen torsdag 12.00 - 18.00

Granvin Røynstrand onsdag 12.00 - 17.45

Jondal Pineskår torsdag 14.00 - 17.00

Ullensvang Husemoen og Øyjordet torsdag 12.00 - 18.00

Ulvik Gjelet torsdag 12.00 - 18.00

Voss IHM sitt avfallsanlegg, måndag - onsdag

og fredag 08.00 - 15.30

torsdag 08.00 - 18.00

Bjørkemoen

Foto: Inge Draugsvoll

Trykt på Hippo Returkartong 150g, minimum 80% returfi ber frå innsamla drikkekartong. Design & trykk: Voss Prenteverk