24

Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Laga av Medium og kommunikasjon ved Volda vgs, januar 2008.

Citation preview

Page 1: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs
Page 2: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs
Page 3: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

VOLDA VGS er ein skule med mange moglegheiter. Hausten 2006 starta skulen opp med desse utdanningsprogramma i Kunnskaps-løftet:

Studiespesialisering (ST)- Programområde for realfag- Programområde for språk, samfunnsfag og økonomi

Musikk, dans og drama (MD)Medium og kommunikasjon (MK)Service og samferdsel (SA)Påbygging til generell studiekompetanseTilrettelagt klasse

Volda vgs har om lag 500 elevar, 70 pedagogisk tilsette og eit drifts-personale på 15. Skulen har to undervisningsbygg: øvre bygget som du ser til venstre på biletet, og nedre bygg. I tillegg brukar skulen Volda-hallen til undervisning i kroppsøving og idrett.

VOLDA vidaregåande skule

Page 4: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

om skulenPÅ VOLDA VIDAREGÅANDE SKULE finn du ei rekkje tilbod. I kantina kan du få kjøpt billeg mat og drikke som du kan nyte anten i festsalen eller vestibylen. Kantina leiger også ut kortstokkar.

Skulen har eit flott bibliotek der elevar og lærarar kan finne fagstoff til stilar, prosjektarbeid, særemne osv. Biblioteket tilbyr også fred og ro slik at det er mogleg å gjere lekser, drive gruppearbeid, bruke leksikon og andre oppslagsverk. I tillegg finst det eit breitt utval aviser og tidsskrift.

Skulen har fleire organisasjonar og lag for elevane. To av desse er elevrådet og idrettslaget. Elevrådet på skulen skal fungere som eit bindeledd mellom elevane og skulesamfunnet.

Idrettslaget arrangerer ulike turneringar i Voldahallen i midttimane. Høgdepunktet er aktivitetsdagen 16. mai kvart år, der mellom anna tautrekkingskonkurranse mellom alle klassene, russeshow og fotball-kamp mellom russen og lærarane står på programmet.

Page 5: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

SOSIALT. Elevane får delta på mange spennande arrangement, mellom anna Internasjonal Dag, Yrkesmesse, dokumentarfilm-festival, musikal, teater og kino. Skulen arrangerer dessutan pizzakveldar for hybelbuarar.

VARDEFESTEN. Like før jul vert den tradisjonelle Varde-festen halden. Då pyntar både elevar og lærarar seg i finaste finstasen. Her er det god mat, dans og mange gode programinnslag.

TURAR. Skulen arrangerer fjelldag på hausten og skidag om vinteren. Mange klasser samlar dessutan inn pengar til å reise på studietur. Elevar frå Volda vgs har mellom anna vore i Paris, London, Praha, Berlin og New York.

FASILITETAR PÅ SKULEN. Ny realfagsavdeling vert teken i bruk skuleåret 2008-2009. I tillegg til bibliotek, kantine og festsal har vi språklab, rådgjevar- og helsesysterkontor, personal-rom, administrasjonsfløy og vaktmeisterkontor/-verkstad. Kroppsøving går føre seg i Volda kommune sin idrettshall, og symjing i høgskulen sin symje-hall.

Volda vidaregåande skule har nådd målsetjinga om at alle elevar skal ha eigne bærbare datamaskiner. Skulen er godt tilrettelagt for bruk av digitale verkty, mellom anna finst det fastmontert videokanon på alle undervisningsrom.

Page 6: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Studiespesialisering

Page 7: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Studiespesialisering

STUDIESPESIALISERING gir deg høve til å fordjupe deg i teoretisk fagstoff, lære nye språk og setje opp fagkombinasjonar etter interesse, evner eller planar for fram-tida. ST er programmet som gir deg det breiaste grunnlaget for vidare studium.

Er kvardagen din full av teoretiskespørsmål, likar du realfag, samfunnsfag og økonomifag, ønskjer du å lære deg nye språk og tileigne deg gode allmennkunnskapar?

Page 8: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

om stSTUDIESPESIALISERING. Inntakskrav for ST er fullført grunnskule. Er du interessert i å gå studiespesialisering på Volda vgs, må du i utgangspunktet like å arbeide med teoretiske fag.

Dette utdanningsprogrammet gir deg det breiaste grunnlaget for vidare studium ved høg-skular og universitet. Har du spesielle framtidsdraumar, bør du sjekke nøye kva for fag-kombinasjonar som krevst før du vel programområde og -fag. Alt etter kva programområde og programfag du vel kan du oppnå generell eller spesiell studiekompetanse.

Page 9: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Kva kan du bli etter å ha gått studiespesialisering? Det du kan verte etter å ha gått ST, er avhengig av kva programområde og programfag du vel på Vg2 og Vg3. Ettersom dette er det programmet som tilbyr det breiaste grunnlaget for vidare studium, har du gode høve til å følgje framtids-draumane dine.

Kvifor skal DU velje ST? Dersom du likar samfunnsfag, språk, historie og naturfag, eller du veit du vil trenge realfag for å kome inn på ønska utdanning etter vidaregåande skule, så bør du velje studiespesialisering. På ST får du breie fagkunnskapar innanfor dei fleste fagfelt, og opparbeider deg nyttige all-mennkunnskapar.

FAG PÅ VG1 Fellesfag4 Norsk 2 Kroppsøving 4 Framandspråk5 Engelsk5 Matematikk T/P 5 Naturfag 2 Geografi3 Samfunnsfag

Totalt 30 timar/veke

Andre året vel du fordjuping innan eitt av dei to programområda realfag eller språk, samfunnsfag og økonomi. Retninga med realfag gir spesiell stud-iekompetanse som krevst ved mange utdanningsinstitusjonar. Viktige ting å tenkje over når du har bestemt deg for studiespesialisering er å vite kva for framandspråk og matematikkvariant som passar best for deg. Innan språk kan du velje mellom tysk, fransk og spansk, og innan matematikk kan du velje mellom teoretisk eller praktisk variant.

På Vg1 er det 30 timar undervisning i fellesfag kvar veke, medan Vg2 og Vg3 har 15 timar fellesfag og 15 timar programfag i veka.

Page 10: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Musikk, dans og drama

Page 11: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Musikk, dans og drama

MUSIKK, DANS OG DRAMA gir deg sjansen til å utvikle ditt musikalske talent og gir deg innblikk i musikken si verd gjennom teoretisk fagstoff. Du vil oppleve eit sosialt samvær som vil gi gode minne og opplevingar for resten av livet.

Likar du å synge i dusjen ogdanse framfor spegelen, likar duskodespel og teater, spelar du eit musikk-instrument eller kanskje i eit rockeband?

Page 12: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

om MDMUSIKK, DANS OG DRAMA. Inntil halvparten av Vg1-elevane vert tatt inn på grunnlag av inn-taksprøve. Musikklinja i Volda er kjend for å ha eit godt sosialt miljø, og vil gi deg ei lærerik og opplevelsesrik erfaring.

Du bør i utgangspunktet ha evner og anlegg innanfor dette utdanningsprogrammet, du bør vere uthaldande og vere innstilt på å øve mykje. Det er ein fordel om du meistrar eit instrument før du tek til. I tillegg bør du like å arbeide med teoretiske fag. Det vert lagt like stor vekt på det teoretiske som på det praktiske.

Page 13: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Utdanningsprogrammet gir generell studiekompetanse og høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Fagtilbodet er sett saman av to typar fag: fellesfag og programfag. Musikklinja har eit kor som er sett saman av elevar frå alle tre årstrinna, og det er ikkje uvanleg at elevar også dannar eigne band i løpet av skuletida.

Musikklinja stiller flittig med program til sosiale arrangement på skulen og arrangerer konsertar både på skulen og i lokal-miljøet elles. Musikklinja er også kjend for musikalen dei årleg set opp, der alle elevar og lærarar på alle årstrinna deltek.

Kva kan du bli etter å ha gått musikk, dans og drama? Med generell studiekompetanse har du grunnlag for vidare studium på høgskule og universitet. Mange musikkelevar held fram med vidare musikkstudium etter vidaregåande, og fleire har valt musikk, dans eller drama som levebrød.

Kvifor skal DU velje MD? Dersom du er interessert i å spele instrument individuelt eller ilag med andre, eller om du likar skodespel og dans, då er dette retninga for deg. Du vil møte mange kreative med-elevar, og du får høve til å vise og utvikle ditt eige musikalske talent.

FAG PÅ VG1 Fellesfag4 Norsk 5 Engelsk 5 Matematikk T/P 5 Naturfag 4 Framandspråk

Programfag 5 Musikk (kor), dans, drama 2 Lytting 5 Musikk (musikklære, instrument, samspel)

Kroppsøving går inn i programfaga.

Totalt 35 timar/veke

Page 14: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Medium og kommunikasjon

Page 15: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Medium og kommunikasjon

MEDIUM OG KOMMUNIKASJON gir deg innblikk og fordjuping i produksjons-område innanfor tekst, lyd og bilete på ein artig og lærerik måte. Gjennom praktisk produksjon, både sjølvstendig og i grupper, får du knytt teori til yrkesretta praksis.

Har du ein nyfiken journalist ideg, vil du lære meir om korleis design, produksjon og kommunikasjon heng ihop, vil du få utløp for dine kreative evner?

Page 16: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

om MKMEDIUM OG KOMMU-NIKASJON. Inntakskrav for MK er fullført grunnskule, men konkurransen er stor, så ein bør ha gode karakterar. Dersom du er interessert i media, er Volda vgs rette staden for deg. Her får du spennande, artige og lære-rike utfordringar innan ulike område, som f.eks: foto, film, animasjon, lyd, avis, design, multimedia og web. Kreative evner, gode samarbeidsevner, fleksibilitet og evne til kritisk tenking og analyse er viktige eigenskapar.

Undervisninga legg stor vekt på tverrfagleg prosjektarbeid som metode.

Page 17: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Kva kan du bli etter å ha gått medium og kommunikasjon? Etter 3 år på MK får du generell studiekompetanse som gir høve til vidare studium ved høgskular og universitet. Ein kan også gå ut i lære etter Vg2, og såleis få yrkeskompetanse. Det finst eit hav av ulike yrke i mediebransjen, som er i stadig utvikling.

Kvifor skal DU velje MK? Media høver for deg som er kreativ, samarbeidsviljug, sjølvstendig, positivt innstilt, tek utfordringar på strak arm og er interessert i og vil lære meir om ulike medium. Du bør ha planar om å jobbe i medie-bransjen, og må vere innstilt på mykje hardt arbeid.

FAG PÅ VG1 Fellesfag2 Norsk 3 Matematikk 2 Naturfag 3 Engelsk 2 Kroppsøving

Programfag 5 Mediekommunikasjon 6 Mediedesign og medieuttrykk 6 Medieproduksjon 6 Prosjekt til fordjuping

Totalt 35 timar/veke

Utdanningsprogrammet har 35 timar per veke alle 3 åra. Prosjekt til fordjuping er eit nytt programfag som gjev elevane høve til å prøve ut enkelte eller fleire sider av aktuelle lærefag innanfor medieutdanning, og ein får mykje erfaring i medieinnhald, oppgåver og arbeidsmåtar innanfor dei ulike medieyrka.

På MK får du delta på ulike festivalar, som dokumentarfilmfestivalen og animasjonsfilmfestivalen i Volda - både med eigne produkt og som publikum. MK har eige radioprogram på bygderadioen som vert kalla «Radiohaud», samt ei skuleavis med namnet «Svampen». Den årlege musikalen er eit omfattande og lærerikt prosjekt også for MK, der Vg1-elevane marknadsfører og dokumenter musikalprosjektet frå A-Å, gjennom avis, radio, web, foto, dokumentarfilm osv.

Page 18: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Service og samferdsel

Page 19: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Service og samferdsel

SERVICE OG SAMFERDSEL gir deg sjansen til å utvikle dine økonomiske kunnskapar. Den lærer deg å vere serviceinnstilt og korleis du skal behandle kundar av alle slag. Du vil også få sjansen til å selje ditt eige produkt gjennom ei ungdomsbedrift.

Har du ambisjonar om åstarte di eiga bedrift, bli din eigensjef, føre din eigen økonomi og klare å meistre god kundebehandling?

Page 20: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

om SASERVICE OG SAMFERDSEL. Inntakskrav for SA er fullført grunnskule. Om du er interessert i marknadsføring, sal, økonomi, møte nye menneske og kanskje har ambisjonar om å starte di eiga bedrift ein dag, så er dette programmet noko for deg.

Vel du service og samferdsel, vil du seinare vere den som møter kundane der du arbeider. Du bør difor vere høfleg, imøtekomande og serviceinnstilt, og du må like å ha med andre menneske å gjere.

Du må òg kunne vise respekt for ulike kulturar, tradisjonar og etiske normer.

Page 21: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Kva kan du bli etter å ha gått service og samferdsel? Etter eventuelt fullført læretid, så er vegen ofte kort til fast arbeid innanfor butikkfaget, kontor og administrasjon eller tryggleik/vektar. I staden for å gå ut i lære kan du velje påbygging til generell studiekompetanse og studere vidare på høgskular og universitet.

Kvifor skal DU velje SA? Om du går SA vil du få opplæring i korleis du skal selje og oppføre deg overfor kundane. Du vil lære å starte eiga bedrift der de lagar, marknadsfører og sel eit produkt. Ungdomsbedrifta plar delta på den regionale fylkes-messa, der ein kan avansere til både nasjonale og internasjonale finaler.

FAG PÅ VG1 Fellesfag2 Norsk 3 Engelsk 3 Matematikk 2 Naturfag 2 Kroppsøving

Programfag 6 Drift og oppfølging 5 Kommunikasjon og service 6 Planlegging 6 Prosjekt til fordjuping

Totalt 35 timar/veke

Utdanningsprogrammet fører fram til yrke i eit breitt spekter av servicebransjar, mellom anna innanfor sal, reiseliv, transport, IKT, kontorarbeid og tryggleik (vektartenester). I desse bransjane står kunnskap om lover og forskrifter sentralt. Det same gjer evne til å analysere kva kundane treng, for dermed å kunne foreslå både tradisjonelle og nye løysingar. Alt dette vil du lære på SA.

På Vg2 vil Volda vgs satse hovudsakleg på Sal, service og tryggleik. Etter fullført Vg2 kan du velje eit tredje år med påbygging til generell studiekompetanse eller å gå ut i lære i butikkfaget, kontor og administrasjon eller tryggleik/vektar.

Page 22: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Fritidstilbod i voldaVOLDA KOMMUNE har om lag 8400 innbyggjarar. I tillegg er det mange studentar ved Høgskulen, noko som gir Volda eit aktivt studentliv. Volda har også eit rikt kulturliv, der du til stadigheit kan delta på ulike arrangement. Nokre av desse er dokfilmfestival, studentveke og diverse konsertar.

Kommunen markerer seg sterkt innan idrett og har lag innan dei fleste idrettsgreiner, mellom anna fotball, volleyball, handball, ballett, symjing og tennis. Bygda har fleire treningssenter og idrettsarenaer. Volda har også kulturtilbod for kor, korps, band og ulike organisasjonar, samt skianlegg og idylliske friluftsområde. Volda har óg eit yrande kafè- og uteliv.

Elvadalen og vegen rundt Rotevatnet vert aktivt nytta av turgåarar. Årneset er ein aktivitetsplass ved Rotevatnet der ein om sommaren kan nyte livet, spele vollyeball på sandbane, sole seg eller bade. Om vinteren kan du gå på skøyter på same vatnet, eller du kan drive anna vintersport i den frie naturen eller på Volda skisenter.

Det er ikkje spesielt dyrt å bu i Volda, og det er ikkje vanskeleg å finne hyblar/leilegheiter nær skulen eller sentrum.

Page 23: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

ROKKEN. Rokken arrangerer hyppig konsertar, diskotek og andre arrangement. Kaféen på Rokken er ein kjend møtestad for både unge og gamle, med mykje godt på menyen.

TRENING VOLDA. Trening Volda er eit tilbod til alle over 15 år. Du får tilgang til styrkesal frå 08.00 – 22.00 alle dagar heile året og gruppetimar på etter-middag etter kl. 17.00.

TELEBYGGET. Telebygget ung-domshus er eit tilbod for ungdom mellom 13 og 18 år. Det vert halde konsert om lag ein gong i månaden, der øvre aldersgrense er 20 år. Her kan du sjå på tv, spele konsollspel og brettspel, biljard, fotballspel eller air-hockey, spele data og danse på diskotek.

VOLDA SKISENTER. Volda skisenter er eit tilbod for folk i alle aldrar. Anlegget har eit stort trekk og eige barnetrekk, varme-stove, flombelyst skibakke, preparert lysløype og turløyper.

IDRETT. Volda stadion har 3 kunstgrasbaner og Voldahallen har internasjonale handballmål. Idrettsbygget like ved skulen har symjehall, og det finst også eigen tennishall i bygda.

SPINNERIET. Spinneriet er kjøpesenteret i Volda med m.a. sportsbutikkar, kolonialbutikk og studenthuset Rokken.

SAMFUNNSHUSET. Volda filmteater er lokalisert på Volda Samfunnshus og har kinovising 5 dagar i veka. Du kan lese meir på www.volda.org/kino.

Page 24: Informasjonsbrosjyre for Volda vgs

Volda vidaregåande skuleVevendelvegen 356100 VoldaTlf: 70059300 Fax: 70059350 E-post: [email protected]

www.volda.vgs.noDu finn meir informasjon på:

UTFORMING: MK Volda vgs