8

Jakob og Neikob

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Moderne biletbokklassikar!

Citation preview

Page 1: Jakob og Neikob
Page 2: Jakob og Neikob

Kari Stai

Det Norske SamlagetOslo 2008

stai_jakob og neikob_book.indd 1 28-02-08 16:38:06

Page 3: Jakob og Neikob

Dette er Jakob og Neikob. Dei bur saman i eit hus på ein bakketopp.

Jakob og Neikob er gode venner sjølv om dei er veldig forskjellige. Jakob seier JA til alt, og Neikob seier NEI til alt.

stai_jakob og neikob_book.indd 2-3 28-02-08 16:38:13

Page 4: Jakob og Neikob

Huset til Jakob og Neikob er fullt av Jakob sine ting. For Jakob svarer alltid JA når seljaren kjem på døra og vil selje ting. Særleg lamper. Men Neikob synest det blir for mykje lamper.

Ein dag seier Neikob NEI. Dei må sette opp ein vegg slik at dei får kvar sitt rom. Da kan Jakob ha så mange lamper han berre vil. – JA, svarer Jakob.

stai_jakob og neikob_book.indd 4-5 28-02-08 16:38:21

Page 5: Jakob og Neikob

Ein annan dag bankar ein trommeseljar på døra. Han spør om Jakob vil kjøpe ei tromme. – JA, seier Jakob ivrig. Ei tromme må det vere fint å ha.

Neikob får snart nok av trommelyden. Han seier til Jakob at dei må dele huset i to. – JA, seier Jakob straks.

stai_jakob og neikob_book.indd 6-7 28-02-08 16:38:29

Page 6: Jakob og Neikob

Jakob må bygge nye etasjar for å få plass til alle tinga. Huset blir kjempehøgt. Til slutt kan ikkje Neikob sjå sola frå huset sitt. Da seier Neikob at Jakob må ta med seg huset til ein annan stad. – JA, seier Jakob.

Jakob sett huset sitt oppå bilen og køyrer det bort til haugen ved sida av. Det blir ein JA-haug og ein NEI-haug. Det blir god plass. Og det blir stille. Sola skin ned på begge to.

Men ein dag synest Jakob at det blir kjedeleg.

stai_jakob og neikob_book.indd 8-9 28-02-08 16:38:36

Page 7: Jakob og Neikob

Jakob køyrer og spør om Neikob vil ha bollar. – NEI, seier Neikob. Jakob spør om Neikob vil ha ei lampe. – NEI, seier Neikob. Så spør Jakob om Neikob vil vere med på biltur. – NEI, seier Neikob.

No blir Jakob lei. Neikob svarer alltid NEI. Neikob kan seie NEI på hundrevis av språk, til og med.

stai_jakob og neikob_book.indd 10-11 28-02-08 16:38:44

Page 8: Jakob og Neikob

Jakob tenker. Kan han lage ein plan som kan få Neikob med på noko fint?

Jakob tenker heile kvelden og heile natta.

Om morgonen er planen ferdig.

stai_jakob og neikob_book.indd 12-13 28-02-08 16:38:51