Upload
others
View
0
Download
0
Embed Size (px)
Citation preview
1
Kan kle vera berekraftige? Vil ei hue forsvinna i jord? Kva er det isåfall som gjer det?
Kva bør me tenkja på når me skal kjøpa nye kle?
Og, kva er det å vera berekraftig?
NYSGJERRIGPERPROSJEKT 2020 5.-7.klasse ved Eksingedalen skule
Gjennomført: August 2018 – februar 2020
Elevar: Vemund, Elias, Robert - og Silje (skuleåret 2018-19) Rettleiarar: Anna og Liv Anne
2
Eksingedalen er ein nesten 5 mil lang
dal, med ca. 160 folk som
bur. Me går på ein av
landet sine minste skular.
Det er Eksingedalen skule, i år med 8 elevar frå 1. -9. klasse.
Stort sett har me ein klasse for oss sjølve. Det er god plass
til fleire her! Me jobbar ofte med prosjekt der alle elevane
på skulen deltek. Slik er det med dette prosjektet også. I
januar var alle med på «ull-dagar» og på besøk hjå bedrifter,
og 1.-2.klasse jobba med sauerasar. Nysgjerrigperprosjektet
er det 5.- 7.klasse som har jobba med.
Slik vart prosjektet til:
Det starta heilt tilbake til august 2018. Det var nokon som hadde høyrt om at me er litt nysgjerrige
her på skulen i Eksingedalen, og me fekk eit spørsmål om me ville grava ned ei babyhue i ull for å
forska på kor lang tid det ville ta før denne hua ville brytast ned i jorda. Det ville me vera med på!
Me syns det høyrdest ut som eit spennande prosjekt. Me fann ut at me måtte grava ned fleire huer
også, for å ha noko å samanlikna ullhua med.
Me grov ned 5 huer.
Våren 2019 utvida me prosjektet: Me grov ned to ullhuer til, og i tillegg merinoull frå Australia og
pelssau-ull frå nabogarden her på Bergo.
Oktober 2019: Me avsluttar det praktiske forskingsprosjektet ute, og fortset med å finna forklaringar
på det me fann ut.
Avsluttar med ferdig rapport til 1.mars 2020.
I Eksingedalen er det meir dyr enn folk! Her er kyr, men aller flest sauar som beitar i fjella våre.
Sauane beitar også på bakkane rundt skulen om våren og om hausten. Me har tidlegare forska på
lam og livet til eit lam. No vil me sjå nærare på ulla. Ulla frå sauane vert det laga klede av, og det er
mykje bra ein kan laga av ull. Det vil me finna meir ut av.
Bileta er frå sauesanking me har vore med på, til venstre står ein
spelsau-flokk, i midten norsk kvit sau og til høgre er ein flokk pelssau på veg til Eksingedalen.
3
Kan kle vera berekraftige?
Innhaldsliste:
1 Dette lurar me på side 4
2 Me trur side 5
3 Plan for arbeidet side 6
4 Me hentar opplysningar side 7
4.1 Registreringar ute side 7
4.2 Kva har skjedd i jorda side 27
4.3 Faktaark om kvar hue side 30
4.4 Me tenner på side 37
4.5 Me snakkar og les meir om berekraft og me tenkjer side 40
4.6 Fakta om bomullsgenseren side 41
4.7 Fakta om syntetisk genser side 43
4.8 Fakta om ulltrøya side 45
4.9 Me lyttar og les om ull side 46
4.10 Temaveke om ull for heile skulen side 49
4.11 Me spinn ull til garn og lagar produkt av ull side 58
4.12 Pernille besøkjer oss side 62
4.13 Me besøkjer Hillesvåg Ullvarefabrikk side 66
4.14 Me besøkjer Dale of Norway side 68
4.15 Meir om berekraft: Kva ser me no? side 71
5 Dette fann me ut side 74
6 Me fortel til andre side 77
4
1 Dette lurar me på
På Eksingedalen skule går det 8 elevar. Tre av oss elevane går i 5.-7. klasse.
Me er nysgjerrige! Me blei spurt om å grava ned og følgja med ei babyhue av ull for å finna
ut kva som skjer med hua. Me fann ut at me måtte ha med andre ulike huer i forskinga for å
samanlikna ulike typar kle-materiale.
• Kan ei ullhue verkeleg bli til jord? For det trur dei som gav oss hua.
• Kan kle bli til jord?
• Vil huene forsvinna?
• I tilfelle, korleis skjer det og kor lang tid vil det ta?
• Blir det hol her og der?
• Går det fortare for nokon huer å bli brote ned, i så fall kvifor?
• Blir alle huene vekke?
Me lurar på om det er forskjell på produkt av ull og andre materiale. Me ville forska litt på
kva som skjer viss ei hue blir liggjande ute i naturen.
Me veit om den kvalen som var full av plastposar, og me har vore med på strandryddedagar
og sett kor mykje plast og ulikt søppel som ligg langs elva også her i Eksingedalen. Me er
opptekne av at det ikkje skal komma plast i naturen, og me vil ikkje at andre ting skal ligga å
slenga ute i naturen heller.
Mange snakkar om ordet berekraft og at det er viktig korleis me behandlar verda vår. Me
håpar me kan finna ut noko om dette også – og om korleis me kan vita kva som er bere-
kraftig når det handlar om kleda me brukar.
Kva hue er mest berekraftig?
Kan eit klesplagg gå tilbake til naturen?
Kva er kleda våre eigentleg laga av?
Korleis vert dei produserte?
Kva vert det av dei etter bruk?
Kva skjer naturleg med dei etter bruk?
5
2 Kvifor er det slik?
Å finna forklaringar på kva me trur vil skje er ikkje så lett. Men å gjetta ut frå ting me veit frå
før- det går ganske lett. Me hadde mange forslag til mogelege forklaringar på kva som kan
skje med huene i jorda.
Desse forklaringane lagde me hypotesar av.
Våren 2019 utvida me prosjektet vårt. Då lagde me fleire hypotesar.
Hypotesar august 2018:
Eg trur ullhua vert vekke først, fordi eg har sett at ull blir ganske fort vekke i naturen
Eg trur at fleecehua blir borte til slutt sidan fleece har plast i seg
Eg trur bomullshua blir brote ned før fleecehua
Eg trur det første som skjer er at det blir hol i huene
Eg trur at ull og bomull blir omtrent likt brote ned fordi dei begge kjem frå naturen
Eg trur at det ikkje er så veldig stor forskjell på huene.
Viss nokon av huene forsvinn, så trur me at det kan vera ei av ullhuene. Fordi når ein sau dør
ute i naturen brukar den ikkje så lang tid på å mista ull.
Det kan vera bomullshua også, for bomull er ein plante – og den kan nok brytast ned,
kanskje eigentleg fortare enn ull som kjem frå dyr?
Hypotesar frå våren 2019:
Viss nokon av huene vert holete i sommar, trur eg det er den ullhua me først la nedi og ho då
har lege der lengst.
Eg trur eigenleg ikkje det skjer så mykje i sommar sidan det ikkje har skjedd så mykje i vinter.
Eg trur det vil ta mykje lengre tid enn ein sommarferie.
Eg trur det skjer meir i sommar, fordi vinteren er nesten som ein fryseboks. Og i ein
fryseboks så heldt alt seg godt lenge.
6
3 Plan for arbeidet
Me grev ned huer og me skal følgja med dei
Me skal grava ned huer og så grava dei opp att og sjekka. Kvar gong vil me ta bilete og notera
i boka vår kva me ser. Me bestemmer oss for å gjera dette kvar onsdag, i den første av
naturfagstimane våre.
Me må finna ein bra plass ute til å ha hue-prosjektet vårt. Og me må laga til utstyr ute slik at
det er lett å gjennomføra registreringane. Me lagar ei treramme og i botnen legg me ei
metallrist. Oppå det skal huene liggja og oppå dei skal me ha rikeleg med jord.
Fakta om kvar hue
Me skal laga eit faktaark om kvar hue. Der må det stå viktige ting om hua, kva den er laga av,
korleis den er laga og kvar den er produsert.
Me bestemte oss for at viss nokon av huene blir vekke, så må me finna ut kvifor. Då må me
lesa, søka informasjon på nettet eller prata med folk – for å finna ut mest mogeleg.
Fakta om ull
Sidan det heile starta med ei hue av ull, så må me finna ut litt ekstra om ull. Sidan det er to
ull-bedrifter ganske nær oss, har me plan om å besøka desse to. Det er Hillesvåg
Ullvarefabrikk og Dale of Norway. Der kan me kanskje finna meir ut om korleis ullklede blir
laga. Me har òg kontakt med ei bedrift i Oslo, Lillelam, dei vil me òg sjå nærare på.
Viss me skal finna ut om noko er berekraftig, så må me iallfall finna ut kva det er laga av,
korleis det vert laga og kvar det er laga. Så må me finna meir ut kva det er å vera berekraftig
og sjekka kle opp mot det.
Me vil sjå, spørja og læra – og finn kanskje ut andre ting enn me trur før me startar.
Viss me får eit resultat av forskinga vår, så må me òg finna ut om det finns fakta som støttar
resultatet vårt.
7
4 Me hentar opplysningar
4.1 Registreringar ute
Me hadde i alt 14 registreringar ute, frå 22.august 2018 til 21.oktober 2019. Alle
observasjonar er gjort på onsdagar, med unnatak av den siste som var ein måndag.
Dei 5 huene som låg lengst i jord låg i jorda i 61 veker, eitt år og 2 månader.
Dei siste tre huene og ulla låg i jorda i 22 veker, ganske nøyaktig fem månader.
Dato OBSERVASJONAR: Kva hadde skjedd? 22.august 2018 Me grev ned 5 huer. Det er regn og vått. 5. september Me grev opp huene og ser på dei. Berre litt skitne. Regn. 12. september Me grev opp huene og ser på dei. Logoen på ullhua litt øydelagt. Regn. 19. september Me grev opp huene og ser på dei. Dusken på ullhua litt øydelagt. Regn. 26. september Me grev opp huene og ser på dei. Som før, men dusken var ramla av ullhua 3. oktober Me grev opp huene og ser på dei. Som før. Kaldare no. 24. oktober Me grev opp huene og ser på dei. Ikkje noko nytt, men det er kaldt ute. 31. oktober Me grev opp huene og ser på dei. Ikkje noko nytt å sjå. Frose nokon stader. VINTER 31.oktober 2018 til 3.april 2019: 22 veker
3. april 2019 Det er snø omkring oss, men kassa med huene er tint. Ikkje skjedd noko. 8. mai Litt planter veks gjennom den gule hua. Dusken er dotte av babyhua.
Me vil utvida forskinga vår og me spør om ei babyhue til. 22. mai Me grev opp huene og skyller av dei. Dusken som var ramla av legg me på plass
ved hua. Me har fått ei babyhue til og ei heimestrikka ullhue. Me legg ned 7 huer no. Me la også ned merinoull og pelssau-ull
12.juni Me grev huene opp. Det er ikkje noko som har endra seg, berre skitne. SOMMARFERIE 22.mai – 21. august: 13 veker
12.juni – 21.august: 10 veker 21.august 2019 Det var skjedd mykje! Babyhuene var nesten heilt vekke, men merkelappane
var like fine. Den heimestrikka hua var òg veldig øydelagt. Ulldottane av rein ull såg me berre litt av.
21. oktober 21.august 2019 – 21.oktober 2019: litt under 9 veker Det hadde skjedd meir! Nesten alt av dei to babyhuene var vekke. Merkelappane på babyhuene var like fine, saumen til babyhuene også. Strikkehua var meir øydelagt no enn sist, hang som filler. Den gule, tynne bomullshua var også meir øydelagt. Dei to ulldottane fann me ikkje att .
22.august 2018: 5 huer vert grave ned Frå 22.mai 2019: 7 huer og ull
8
22.august 2018: Me lagar hypotesar, plan, tek bilete og me grev huene ned for første gong.
Dei fem huene:
Gul bomull
Mørkblå fleece (Galdhøpiggen)
Grå babyhue i ull
Blå akrylhue
John Deer-kaps
Me skriv ned kvar våre hypotesar og
me noterer i bøkene våre kva huene er
laga av.
9
Det var litt arbeid med å laga til
forskingsplassen vår. Først måtte me grava
godt ned i jorda, før me la på treramma og til slutt metallrista oppi. Så la me huene oppi og
etter det grov me jord oppå. Huene har jord over og under seg. Rista er der slik at me lett
skal få tak i huene.
5.septemer 2018: Første gongen me grev opp huene
Me gjekk ut og tok på oss hanskar og fann spadane våre. Me grov forsiktig opp huene sånn
at me ikkje lagde hol i dei. Så sjekka me om det hadde skjedd noko, så grov me dei ned at.
Nett det same gjorde me kvar gong!
Det hadde ikkje skjedd noko med huene. Logoen på babyhua var litt vanskeleg å sjå, men det
var berre jord som hadde festa seg til logoen.
10
12.september 2018
Me grov huene forsiktig opp. Lammet på logoen
til babyhua var nesten borte, men det var ingen
hol i hua.
Dei andre huene var berre skitne. Me grov dei
ned att.
19.september 2018
Me grov huene forsiktig opp, studerte dei og
grov dei ned at. Dusken på ullhua var litt
øydelagt no, men hang fast til hua.
Med dei andre var det ikkje noko nytt.
11
26.september 2018
Me grov opp huene. Det var blautt og litt skittent. Dusken var ramla av babyhua og dusken
var gått litt i frå kvarandre. Det var kanskje nokon makkar som hadde gått gjennom den? For
det var nokre makkar i hue-bedet vårt. Me grov alt fint ned att, og hadde godt med jord på.
3.oktober 2018
No er det kaldt, snøen er på
fjella. Neste veke har me
haustferie.
Me grov opp huene og såg
på dei. Det er ikkje noko
nytt. Så grov me huene ned
att.
12
Det er lauv og litt gras oppå jorda.
24.oktober 2018
Det er kaldt, vinterdressane er komme på oss. Me grev opp og sjekkar, ikkje noko nytt.
31.oktober 2018
No er det kaldt! Det har ikkje skjedd noko nytt. Me trur ikkje det går an å grava huene opp
fleire gonger, fordi det byrjar med frost. Så me passar på at alt ligg fint og skikkeleg oppå
rista. Me er nøye med at det kjem godt med jord over alt saman. Me ristar litt i jorda slik at
den fordeler seg bra og ligg tett på alle huene. Klart til at snøen kjem.
13
3.april 2019
Det er snø hjå oss, men sola har varma slik att kassen med huene har komme fram. No er det
fem månader sidan sist me såg på huene. Me er litt spente, men trur ikkje det kan ha skjedd
så mykje. For me tenkte at vinteren er som ein fryseboks. Det har nok vore frost nesten
heile tida sidan sist.
Huene er veldig skitne, eigentleg heilt brune alle saman.
Det har vore vått i kassen, snøen har smelta vekk og
jorda hadde nok vore veldig våt. Det var komme nytt
lauv oppå sidan sist, og alt lauvet var grått og utan fargen
no.
14
8.mai 2019
I dag grov me huene opp på nytt. Den
gule hua hadde det begynt å gro litt
planter gjennom. Huene var ikkje
øydelagde, berre skitne.
I dag kom me på noko lurt og nytt:
ME VIL UTVIDA FORSKINGA VÅR!
Me lurar nemleg på om det kan vera
forskjell på sommar og vinter – og kor
lang tid ei nedbryting tek. Me trur at
ullhua er den som det skjer noko med først, for eigenleg er det nesten berre den det har
skjedd noko med. Og for å sjekka det, så er det er lurt å grava ned ei hue til som me kan
samanlikna med. Det har jo skjedd litt med den første ullhua.
Difor prøver me å få tak i ei babyhue til av ull, som er akkurat lik på den me grov ned i
august. Og så skal læraren vår strikka ei ullhue også!
22.mai 2019
I dag har me fått ei ny babyhue. Den er veldig fin og kvit. Me fekk ull også, merinoull, den ulla
som dei brukar for å laga slike huer. Den ulla er veldig mjuk og god. Den luktar ikkje sau, for
ulla er vaska, og ulla var heilt glatt og i eit langt stykke. Liv Anne har strikka ei ny hue av
pelssau-ull. Den er fin, men litt «stikkete». Hua er litt tjukkare og kraftigare enn babyhua. Liv
Anne hadde med ull frå pelssau også. Ulla frå pelssauen var krøllete og lukta flor, men den
var mjuk.
No skal me grava opp dei andre huene, skylda/vaska av dei og så skal me grava ned igjen dei
og dei nye huene og ulla.
Frå logg, Silje
15
Dei nye huene
og ulla dei er
laga av. Kvit
merinoull og
grå pelssau-ull.
I dag vart det
meir arbeid i
bøkene våre
også. Me skriv
ein kort logg
kvar gong me
grev opp
huene, men i
dag skreiv me
meir.
Me diskuterer og me lagar oss fleire hypotesar. Me er einige om nokon ting, men òg litt
ueinige. Det blei ulike hypotesar for oss. Me er spente på om det skjer noko i sommar!
16
Slik vart det oppå rista den 22.mai. Dei huene som har lege her frå før vart skylda av i lunka
vatn. Då fekk dei att fargen sin og såg fine ut att.
Dusken til den første grå babyhua la me på plassen sin i toppen av hua. Fremst til venstre er
den heimestrikka hua, pelsulla ligg rett over den. I midten framme er merinoulla. Den nye,
kvite babyhua ligg heilt framme til høgre. Me tek godt med jord oppå.
17
12.juni 2019
Det er tre veker sidan me la ned alle sju huene og
ulla. Me grev opp for å sjekka. Me tek opp alle
huene og ulla og ser nøye på alt saman. Det har
ikkje skjedd noko som me kan sjå, berre at dei er
litt skitne. Me såg makk og nokre svarte biller.
Dette er siste oppgraving før sommarferien.
21.august 2019: Første naturfagstime etter sommarferien
Det er tre månader sidan me grov ned dei sju huene. Me er faktisk veldig spente på om det
har skjedd noko. Det hadde komme litt gras i løpet av sommaren, men ikkje så mykje som på
bakken ved sida av.
18
Her har det skjedd ting! Kvar er det blitt av babyhuene???? Og ulla?????
Me ser makk, to svarte store biller og ein edderkopp i jorda.
Ulla og ullhuene er nesten heilt vekke. Bomullshua har forandra seg, men kapsen og dei to
blå huene er som før. Me tek alle huene opp og studerer dei nøye.
19
Fremst her ligg den heimestrikka hua, bak
babyhuene.
Begge babyhuene er nesten heilt borte, men
merkelappane er like fine. Av det som er att
av huene heng det meste fast til ein sytråd
som huene var sydd saman med.
Merinoulla fann me ikkje, og pelsulla som kom
rett frå fjøset er det berre litt att av.
20
Den heimestrikka hua er òg veldig øydelagt. Den har mange hol og ser nesten litt mygla ut.
Den heimestrikka hua har
mykje kvitt på seg. Me
syns den er litt ekkel.
21
Den gule bomullshua har mange hol og me kan sjå tynne kvite trådar i den. Det er kvite
trådar i hua som liknar på tynn strikk. Det gule mellom stoffet er det hol i fleire plassar, det
er der me ser strikken. Det veks litt planter gjennom hua.
Det har vore ein veldig varm sommar og det har regna i tillegg. Nedbrytinga har gått fort.
Dette hadde eg verkeleg ikkje trudd!! Logg Vemund
Me blei veldig overraska i dag! Det hadde skjedd mykje på kort tid i sommar. På ca tre månader vart
begge babyhuene nesten heilt vekke! Og det var rart, at det var begge to. Sidan den første hadde
vore nedgravd eit heilt år og den andre berre tre månader! Logg Elias
22
Me måtte faktisk henta Silje, som går i ungdomskulen no. Dette måtte ho òg få sjå!
21.oktober 2019: Me avsluttar prosjektet ute.
23
Frå 21. august til 21.oktober, det har gått nøyaktig to månader sidan sist. I dag skal me
avslutta prosjektet og grava opp det som er att. Sist haust skjedde det ikkje, så no er me
spente på om det er annleis i år.
Det er det! For det har skjedd meir sidan sist:
Nesten alt av
dei to
babyhuene
var vekke.
Lappane på
babyhuene
var der,
saumen også.
Strikkehua var
endå meir
øydelagt. Med
den har det
skjedd mykje
sidan sist
gong me såg
på den.
24
Den gule, tynne bomullshua hadde det også skjedd mykje med sidan i august. Meir av det
gule stoffet er vekke og den kvite «strikken» endå meir tydeleg.
Me fann ikkje noko att av ulla.
Dei andre tre
huene såg heilt
fine ut.
25
Huene vert skylt av og vaska.
Me skyl av det som er att av dei tre ullhuene og den gule, for å få vekk jord og skit. Me er
veldig forsiktige for ikkje å øydeleggja noko meir.
Babyhue grå Babyhue kvit
Heimestrikka hue
Gul hue
26
Dei tre huene som ser like fine ut vaskar læraren i
vaskemaskina. Då skjer det noko med John Deer-
kapsen. Den blir holete og øydelagt, og me ser at det
er ein plastskjerm inni den. Både plastskjermen og
metallet på kapsen er framleis like
fint. Det er stoffet til kapsen det
har skjedd noko med i jorda.
Dei andre to huene er faktisk like fine, etter 1 år og to månader i jorda. Det einaste er at
logoen på den blå hua er nesten borte. Saumen er der, men lappen er borte. Logoen på
Galdhøpiggen-hua er like tydeleg. Huene kan brukast vidare!
27
4.2 Kva har skjedd i jorda?
Sist haust fann Elias ein daud sau og ei daud ku i fjellet då han gjekk onsdagstur med idrettslaget.
Denne turen hugsar Elias ekstra godt fordi han fekk vita at onkelen og tanta hadde gifta seg. Kua og
sauen var nesten borte. Bonden som eigde kua visste om dette, og kua hadde vore daud sidan
sommaren før, altså meir enn eitt år. Det var berre bein att, og litt av skinnet. Sauen fann Elias
øyreklypa til, og denne klypa høyrte til eit lam frå denne sommaren. Dette lammet var også nesten
borte, Elias såg litt ull, men mest bein. Dette betyr at det rotnar fort om sommaren. Og at ulla og
kjøtet vart fort borte. Kjøtet hadde kanskje fuglar og andre dyr ete, men ulla har rotna av seg sjølv og
det som lever i jorda..
Tenkjer Elias
Det skjedde meir i haust enn sist haust. Eg trur det kanskje var varmare i haust, kanskje derfor. Og
meir biller og så var det meir makk der. Det virka som om det var mykje meir “liv” i heile hue-bedet
vårt i haust. Kanskje det skjedde meir fordi dei var begynt å gå i oppløysing før hausten starta?
Undrar Vemund
Den aller første dagen me jobba med huene hadde me om meitemarken. Meitemarken er ein viktig arbeidar i jorda. Han lagar gangar i jorda og hjelper til slik at det vert betre for planter og dyr i jorda med å eta, drikka og pusta. Og så et han og lagar maten sin om til jord.
28
Ordforklaringar:
Organisme er eit levande vesen, som eit dyr, ein plante, ein sopp eller mikroorganisme
Mikroorganisme er så små levande vesen som ein ikkje kan sjå med augo F.eks. er bakterie ein mikroorganisme
Mikrobe også kalla mikroorganisme
Småkryp er små dyr som lever i jorda, som f.eks. insekt, makk, sniglar
Nedbrytar - er organismar som hjelper til med å bryta ned ting som kan bli til jord - lever av døde organismar og avfall og bryt dette ned til ny jord og nye
næringsstoff
Nedbryting er når ting forsvinn i naturen ved at småkryp et det opp og bæsjar det ut Det kan ta 6 månader for eit appelsinskal før det blir borte, 20-30 år med plast i naturen, 3 månader for ull å bli nedbrote og 1 million år med glas.
Organisk materiale
Organisk materiale stammar frå levande organismar og det gjev næring
Rotne - er når noko blir gammalt og blir borte - er at døde planter eller dyr brytas ned
Molekyl eit molekyl er to eller fleire atom som er sett saman. Det er det som byggjer opp alle slags stoff rundt oss. I nedbryting bryt stoffa ned att til molekyl og atom. Atom er mindre enn molekyl.
Næringskjede Er ei rekkje av organismar. Kvart ledd i næringskjeda livnærer seg på leddet under og så er dei mat til leddet over.
Næringsstoff i jord
Jorda har i seg næring slik at planter kan gro og veksa. Plantene har næringsstoff som dyr og menneske et og lever og veks av
Det har skjedd nedbryting i jorda. Nedbryting er når noko som er i jorda blir til jord. Korleis det skjer nedbryting handlar om kva stoff som ligg i jorda og korleis småkryp-livet er. Jord er full av småkryp, makk, insekt og mikroorganismar. Det blir jord fordi småkrypa et det dei finn og likar, så bæsjar dei og det blir jord. Dei bæsjar “nesten jord”, og så blir bæsjen deira heilt til jord i jorda. Billene og småkrypa har ikkje lyst på alle slags stoff. Dei likar gras, gamle lauv, røter, bæsj, døde dyr, ull og bomull. Dei likar det som er naturleg, det som er organisk materiale – det som kjem frå noko som har vore levande og naturleg.
Det som ligg oppå jorda rotnar og døyr, småkrypa hjelper til her også. Viktige småkryp i jorda er meitemakken, biller, skolopender og edderkoppar. Me såg biller, edderkopp og meitemark. Sopp er også nedbrytar. Sopp kan laga lange trådar og hjelper i nedbrytinga. Bakteriar er det aller siste leddet i næringskjeda, dei klarer å bryta ned molekyla i stoffa sånn som dei ander småkrypa ikkje klarer. Bakteriar kan me ikkje sjå, men dei gjer ein stor og viktig jobb. Det kan vera opptil 10 kg bakteriar pr
kvadratmeter jord. Så stort var hue-bedet vårt, sånn cirka.
29
Nedbryting er viktig for at jorda skal få til seg næring til nye planter. I nedbrytinga leverer alle dei forskjellige nedbrytarane noko tilbake til jorda. Når nedbrytarane jobbar - og seinare når dei døyr, leverer dei jord og næringsstoff tilbake til heile økosystemet. Nye planter kan veksa, og nye dyr får mat. Småkrypa likte ikkje akryl eller fleece, fordi det er plast. Dei vel seg den maten dei kan fordøya i kroppen sin. Det som har plast i seg likar dei ikkje. Det er ikkje naturlege næringsstoff for dei og då et dei det ikkje. Alt som lever i jorda jobbar med nedbryting. Det skjedde mest i sommarferien. Når det er
varmt, rotnar ting. Når det er kaldt er jorda frosen. Når det er frose skjer det ikkje noko. Me
kan samanlikna det med ein frysar. Viss me puttar noko i frysaren vil det ikkje rotna eller
mygla. Det same er med huene. Om vinteren er bakken frosen, så då skjer det ikkje noko.
Det skjedde ikkje noko med huene i vinter. Det skjer ikkje noko i frysaren heller. Første
hausten var det kaldt, så kjøleg i jorda og i lufta at nedbrytinga ikkje kom i gang. Om
sommaren såg me meir levande småkryp i jorda.
Framover vil me sjå meir
på nedbryting i jord. På
skulen samlar me alt
matavfallet vårt i
bokashi-bøtter. Me har
samla sidan i haust. No
har me blanda dei første
bøttene i jord, og skal
følgja med på
nedbrytinga annakvar
veke framover.
Og, viss det vert jord
skal me planta i den til
sommaren.
30
4.3 Faktaark om kvar hue:
GRÅ BABYHUE OG KVIT BABYHUE
Huene var fine, mjuke og gode. Dei hadde ein saum bak i nakken, og i den var det festa
merkelapp. Framme på huene var det ein logo med Lillelam. På toppen hadde huene dusk.
Bortsett frå fargen var huene heilt like, med ei stripe i ein annan farge framme.
Den grå hua låg i jorda heile tida, 1 år og 2 månader. Denne hua vart nesten heilt vekke etter
1 år. Den kvite hua låg i jorda i 5 månader. Denne hua vart nesten heilt vekke etter 3
månader. Dei vart vekke samtidig.
Saumen og lappane var att på begge huene, så dei må ha vore laga av noko anna enn huene.
Den grå babyhua datt dusken av i løpet av første hausten og logoen vart litt veke. Lite
skjedde om vinteren og tideleg på våren. Men så når me grov den opp i august var heile hua
nesten vekke. Lappen var like fin. Siste gong me grov opp huene var det nesten ingen ting att
av hua. Men merkelappen var like fin, og det var den tråden som sydde hua saman også.
Den kvite og den grå babyhua vart eigentleg til jord på same tid. For då me grov ned den
kvite i mai, var dei like. Bortsett frå at dusken var av på den grå hua, då. I august og i oktober
var det ikkje mogeleg å sjå forskjell på dei. Det var nesten ingenting att av dei i august, og i
oktober var det endå mindre att.
Huene er maskinstrikka og er av merinoull. Dei er strikka i Europa, i Polen eller Litauen, på
ein av fabrikkane som Lillelam har avtale med. Lillelam er opptatt av å ha berekraftig
produksjon. Dei veit korleis kleda blir produsert og at det er miljøvenleg produksjon og at
alle som jobbar på fabrikken har det bra og gode arbeidsforhold. Alt skal vera trygt for alle.
Lillelam lagar også andre kle av same materiale som denne hua, sokkar, dressar, jakker mm.
Merinoulla kjem frå australske sauer, og Lillelam garanterer at merinoulla er mulesingfri.
31
Merinosauen er eigentleg ein spansk sauerase. Den er over 1000 år gammal og finns i heile
verden. Det er også nokre merinosau i Noreg. Dei fleste er i Australia og New Zealand. Dei
har merinosauen på grunn av ulla og ikkje kjøttet, sauen er liten med masse god mjuk ull.
Den kan ha mange fargar: kvit, grå, brun og svart. Ull frå merinosauen er spesielt fin og mjuk,
og blir brukt til produksjon av underkle, baby- og barnekle og andre spesielt mjuke
strikkeplagg. Mange av ullkleda som me brukar er av merinoull. Og mange strikkar av
merinoull.
«Eg trur det har gått like fort fordi det skjer mest nedbryting når det er varmt i lufta og i
jorda. Om vinteren er alt frose fast. Ting rotnar alltid meir når det er varmt. Eg veit at makk
og biller jobbar best om sommaren. Då jobbar dei så godt med jord at dei dreg ting frå huene
ned i jorda og det vert til god næring for jorda og det som lever i den.»
All ull har blitt til jord. Hua har gått tilbake i naturen, tilbake til økosystemet til verden.
Vel, det gjev eigentleg ikkje heilt meining, fordi i økosystemet i Eksingedalen er det ikkje
merino-sau. Her er det normale sauar. Hua har gått tilbake til verden sitt økosystem.
Dette er Vemund sine kloke ord.
32
HEIMESTRIKKA GRÅ HUE
Læraren vår, Liv Anne, strikka denne hua til forskinga vår.
Ho strikka den av dobbelt garn. Garnet ho brukte heiter
Sølje, og er laga på Hillesvåg Ullvarefabrikk, som er mellom
oss og Bergen ein plass.
Kanskje ulla til garnet kjem frå fjøset til Liv Anne, for ho har
sånne sauar?
Denne hua var ikkje så mjuk som babyhuene. Men sauane i
Norge har nok ikkje så mjuk ull som merinosauen har.
Hua er laga heime i stova til Liv Anne, og den er heilt heimelaga og kortreist. Av dette garnet
kan ein strikka alle slags klede, genserar, teppe, hue, vottar mm.
Hua låg i jorda i fem
månader, men mykje var
skjedd med den etter tre
månader.
Hua vart fort nedbrote,
og berre ruskete filler var
att til slutt. Den var
veldig øydelagt etter tre
månader, og endå meir
etter fem månader.
«Denne hua har gått tilbake til økosystemet. Og den har gått til Norge sitt økosystem ,
kanskje Eksingedalen sitt også. Viss ulla kjem frå sauane som har beita her på Bergo, iallfall.»
Det er Vemund sikker på.
33
GUL BOMULLSHUE
Dett er er ei gul bomullshue. Den er laga av 95% bomull
og 5% lycra. Lycra er eit kunststoff, eit syntetisk fiber.
Bomull kjem frå bomullsplanten, og det er den kvite
dusken på bomullsplanten som gjev fiber til kle. Bomull
er det mest etterspurde naturlege kle-fiberen i verda.
Bomull har vore dyrka og brukt til kle i mange tusen år.
Denne hua hadde nok lycra i seg for at den skulle halda
fasongen. Alle produkt av bomull inneheldt ikkje lycra.
Me såg at det gule stoffet i hua vart meir og meir vekke, så det er det som er brote ned.
Bomullsstoff vert brote ned i jorda.
Lycra er dei lange tynne strikkliknande trådane me ser i hua. Dei var ikkje synlege når hua var
heil og gul. Lycra er eit stoff som kan strekkast veldig langt og er slitesterkt. Tights og
strømpebukser har lycra i seg.
Denne hua låg i jorda heile tida, eitt år og to månader.
Den er laga i Kina, og har vore i bruk i Eksingedalen.
Det skjedde ingenting den
første hausten og vinteren,
men i vår starta det å
veksa litt planter i den.
Litt etter litt så blei den
meir og meir øydelagt.
Det var det gule stoffet,
som er bomull som vart
vekke i jorda,
ikkje lycraen.
Bomull forsvinn i jorda,
men ikkje så fort som ull.
34
JOHN DEER – KAPS
Denne kapsen er laga av bomull, med delar av
metall og plast. Skjermen er av plast og det er
metall bakpå kapsen.
Kapsen er laga i Kina, så den har reist langt før
den kom hit til Eksingedalen. Kapsen var godt
brukt og litt falma då me fekk den.
Bomull er ein plante, det er 39-40 forskjellige
artar bomull. Bomull veks i varme og tempererte klima i Eurasia, Amerika og Australia. Når
ein ser på miljøkonsekvensar av produksjonar er bomull er ein av dei verste vekstane i
landbruket på verdsbasis. 25% av sprøytemidlar mot insektangrep og ca. 11% av
sprøytemidlar mot plantesjukdommar vert brukt i bomullsproduksjonen. I tillegg brukar dei
enorme mengder kunstgjødsel og vatn. Produksjonen av bomull skjer som oftast der det er
tørt, så dette er ikkje bra for folka som skal gjera jobben – og som får lite vatn.
Bomull er verdens mest populære naturlege materiale. Alle delar av bomullsplanten er
nyttig, men det er den kvite bomullsdotten som bidreg med sjølve fiberen til produksjon av
klede.
Bomull vart kalla kvitt gull fordi det var så
verdifullt.
Denne kapsen låg i jorda heile tida, eitt år og to
månader. Den såg heilt bra ut då me tok den
opp av jorda, men tolte ikkje vaskinga i
vaskemaskina så godt. Så bomulla skjedde det
noko med. Men den vart ikkje att ute i jorda,
men i vaskemaskina og delar forsvann ut i
vaskevatnet. Den var holete og øydelagt men eg
kunne fortsett ha kapsen på meg.
Dette bomullsstoffet var tjukkare og kraftigare
enn den tynne bomullshua. Det tolte å liggja ute heile tida, men hadde fått skader slik at den
vart øydelagt i vaskinga.
35
BLÅ HUE, SUPPORTERHUE FOR KOLBOTN IL
Dette er ei fotballhue, og hua er laga av 100%
akryl. Akryl og akrylfibrar er syntetiske fibrar, det
vil sei at det kjem ikkje frå naturen slik ull og
bomull gjer. Syntetisk fiber er produsert i fabrikk.
Akrylfibrar toler sollys betre enn andre
tekstilfibrar og er motstandsdyktige mot
kjemikaliar.
Akryl er laga av plast. Bruken av syntetiske fiber har vokse raskt sidan 1980-åra og polyester
er i dag det mest brukte tekstilmaterialet.
Akryl, polyester og nylon er alle fiber som er laga av olje. Dei er rekna for å vera skadeleg kle-
fiber av olje. Dei er ikkje bra for miljøet vårt.
Me fann ikkje ut kvar denne hua er produsert, men me fann ut kva selskap som sel slike
sportshuer. Mest sannsynleg er denne hua laga i Kina. Det er ofte tilsett mange farlege
kjemikalie som dei som jobbar på fabrikkane pustar i seg, eller kjem i kontakt med.
Produksjonen er ofte dårleg for menneska som jobbar i fabrikkane. Det er faktisk viktig å vita
kvar produktet er laga for å vita korleis produksjonen har skjedd.
Eit problem er òg at alle tekstil mistar fiber i bruk og vask. Fordi syntetiske fiber er plast,
bidreg både bruk og vask av syntetiske fiber til spreiing av mikroplast i naturen. Vask av
klede er ein av dei større bidragsytarane til mikroplast i havet.
Hua låg i jorda heile tida,
eitt år og to månader.
Det einaste som skjedde med denne hua er at logoen forsvann. Dette skjedde i sommar.
Elles er ho fint brukeleg og utan hol. Den har ikkje falma fargen av heller. Og den var like fin
etter vaskinga.
36
DEN MØRKEBLÅ FLEECEHUA: GALDHØPIGGEN-HUA
Dette er ei mjuk og varm hue av fleece.
Hua er god å ha på seg.
Hua er laga av polyester som er ein måte å
laga fleece på. Fleece kan også lagast av
akryl, bomull eller ull. Polyester er eit
kunststoff, slik som akryl.
På merkelappen står det
«Idé House of Brands».
Det er ei bedrift som heldt til i Bergen, og
mange andre plassar i Noreg som sel utstyr
og klede for profilering.
«Idé House of Brands» sine fabrikkar føljer grundige reglar og lovar, skriv dei på heimesida si.
Dei har til og med sertifikat på at dei er ei miljøvenleg bedrift. Dei skriv ikkje om kvar i verda
dei har fabrikkar, men bileta tyder på at det ikkje er produsert i Europa.
Hua låg i jorda heile tida, eitt år og to
månader. Den var like fin og kunne
brukast etter vaskinga også.
37
4.4 Me tenner på!
Kva plagg er lurt å velja med tanke på branntryggleik?
Me bestemte oss for å
tenne på huene for å
sjekka kva som skjer om
det brenn. Me brann dei
tre huene om var att.
For å sjekka bomull utan
lycra i brann me også
sokkar av rein bomull.
Sidan det ikkje var
særleg att av ulla så
tente me på ullsokkar, ull
og ullgarn i staden for
ullhuer. Ullsokkane var
tynne «Ulvang-sokkar»,
med litt lycra i.
Dette skjedde:
Fleecehua: (Galdhøpiggen)
• Smelta fort
• Smelta fast, klistra seg til underlaget og det størkna
• Svart røyk med ekkel lukt
• Brann fort og med partiklar som flaksa i røyken
38
Akrylhua (Kolbotn)
• Vart fort til oske og likna på ein klump
• Brann fort
• Svart røyk
Bomull:
• Brann utan svart røyk
• Røyken var lys
• Brann litt seinare enn polyester og akryl
• Den gule hua brann med ein gong, men sokkane av rein bomull tok litt lang tid
Så då tenkjer me at rein bomull er litt meir branntrygt enn når det er andre stoff blanda i.
Ull
• Fyrstikka rett på sokkane gjorde at sokkane «smelta» litt, me trur det er
fordi dei har litt meir enn ull i seg. Det er lycra som smeltar, som i den gule hua.
• Ullgarnet og ulla: Dette tok ikkje fyr. Blei brunt og litt røyk, men slokna fort.
39
Me prøvde med
mange
fyrstikker.
Rein ull og
ullgarn brann
ikkje, berre
ulma
Me kasta ull
oppå noko som
brann, då
slokna det heilt.
40
Dette gav oss noko nytt å tenkja på. Særleg var det ekkelt å tenkja på kva som hadde skjedd
viss nokon har syntetiske fleece-kle på kroppen i brann. Det kan smelta inn i kroppen, og gje
store skader. Fleece brann frykteleg fort opp. Me tenkte på babyhuene me grov ned, og me
tenkte på at tenk om ein baby hadde hue av fleece på seg, som han ikkje ville greia å ta av
seg. Babyar må ikkje ha på seg klede av fleece!
Fleece er lette plagg, og har liksom mykje luft i seg. For å få det til å brenna godt trengs det
luft, akkurat som i eit bål. Det er difor fleece brenn så lett.
Alt det andre, bortsett frå ull, brenn også men annleis enn fleece. Det skjedde ikkje så fort og
smelta ikkje heilt på same måten.
Ull er veldig ulikt dei andre stoffa. Det tek ikkje skikkeleg fyr og det sloknar ut. Ull kan også
sløkka brann viss me hiv det oppå noko som brenn. Ullteppe eller ullpledd kan brukast som
brannteppe, til å slenga over det som brenn.
Me har lese at på fly brukar dei ullstoff i flyseta fordi dei tenkjer på branntryggleik. Mykje av
den norske ulla vert det laga teppe av. Berre 25 % av norsk ull kjem attende til Noreg etter
vasking i England. Resten av denne ulla går mykje til teppeproduksjon – og me veit at
ullteppe ikkje brenn. Så vegg-til-vegg-teppe i ull i kan rett og slett vera branndempande.
Fyll opp heile huset med sau, så er du trygg! Sa Vemund.
4.5 Me snakkar og les meir om berekraft og me tenkjer
EI KRAFT TIL Å BERA VERDA UTAN Å ØYDELEGGJA FOR DEI
ETTER OSS
• Me må ta vare på jorda
vår, på heile planeten
• Korleis me brukar verda
har noko å seia for mange
andre i heile verda no
• Me må ta vare på verda
og ta vare på den til dei
som skal leva i landa etter
oss.
«Å verna om livet på jorda og ta vare på behova
til menneska som lever i dag utan å øydeleggja for
at framtidige generasjonar skal kunna dekka sine behov.»
Å bera
Ei kraft
41
For å kunna seia noko om kva som er berekraftig må me tenkja på
miljøet, og me må tenkja på korleis folka har det. Og det som har
med pengar å gjera. Dette meiner FN noko om, og FN har laga
mange mål som landa skal prøva å følgja.
Robert illustrerte «Fotballen som ser heile verda før den ser
mål!» Det er eit eksempel på ei reise for fotballen som kan
vera veldig lang før forballen kjem til oss:
Materiala kjem får ein plass, logoen vert laga ein plass, den
får fargane ein plass – og blir sydd saman ein plass. Så blir
den sendt til butikkar over heile verda, me kjøper den og
den kjem i mål.
Verda toler ikkje alt lengre, for eksempel klimaet er i fare.
Det blir sleppt ut for mykje CO2. Og mange av naturlege økosystem er ikkje i balanse. Det
skjer mange ting, og alle må me tenkja meir på det. Ein ting er å vita meir om kva me kjøper
av kle og andre ting.
Livet sin sirkel – alt er eit stort økosystem: Jorda skal vera like bra til dei etter oss! Sa Vemund
Me må øva oss til å ta gode val og hugsa på å tenkja at «Dei vala eg tek har betydning»
4.6 Fakta om bomullsgenseren
Bomull blei kalla kvitt gull fordi det var så verdifullt. Årleg verdsproduksjon er om lag 25
millionar tonn bomull. Bomull er verdens mest populære naturlege materiale til å laga kle av.
Produksjon av bomull er
veldig krevjande for
miljøet på mange måtar.
1 kg bomull krev 10 000
liter vatn. Det er det
same som 15 badekar
med vatn. Bomull vert
ofte dyrka i tørre
område der det er lite
vatn. Difor er det ikkje
bra med alt vatnet.
Det er også enormt med
sprøytemiddel som vert
brukt for å produsera
bomull. Det går så mykje
som 1,6 dL med
sprøytemiddel for å
produsera ei T-skjorte
42
av bomull. ¼ av alle sprøytemiddel mot insekt angrep i verda - og over 10 % av sprøytemidla
mot plantesjukdommar vert brukt i bomullsproduksjonen. Plantene vert sprøyta opp til 20
gonger i sesongen for å hindra skadelege insekt, sopp og virus. Det er farleg for menneska og
for dyra og alt rundt. Sprøytemidla tek livet av nyttige insekt også. I tillegg brukar dei
enorme mengder kunstgjødsel for å laga bomull. Dyrkinga er som oftast der det er tørt, så
derfor er det ikkje bra med alt dette vatnet.
Mange bomullsarbeidarar vert utsette for fare og mange får sjukdommar og døyr av all gifta.
Det er ikkje berre på åkrane, men i jobb på fabrikkar som lagar kle av bomull. Der òg har dei
mykje gift og farleg arbeid.
Økologisk bomull er ca. 1 % av total bomullsproduksjon i verda. Dei som produserer
økologisk bomull dyrkar meir på lag med naturen, og brukar ikkje kunstgjødsel og
sprøytemiddel. Dei må tenkja lurt når dei produserer. Dei må også tenkja på at dei skal
produsera utan å bruka så mykje vatn. Produksjon av økologisk bomull er ikkje så farleg for
dei som dyrkar den, fordi det er mindre giftstoff i produksjonen.
Her er eg med ein
bomullsgenser og
den veg 400 gram.
Det er brukt ca
4000L vatn for å
laga den.
Og 1 glas med gift.
Bomull er et naturprodukt som blir brote ned fort i naturen, så på den måten er det bra.
Problemet er sjølve produksjonen. Bomull er nesten mindre naturleg enn naturleg fordi det
er så mykje gift med i sjølve bomullsproduksjonen.
Og i produksjonen av klede kan det vera mange fargestoff som heller ikkje er bra, og det blir
brukt ulike kjemiske middel når dei lagar bomullsstoffet på fabrikken.
43
Mange er meir opptatt no enn før av at klede ikkje skal ha så mykje gift i produksjonen.
For eksempel miljømerket GOTS (Global Organic Textile Standard) er
ei internasjonal merkeordning for økologiske tekstilar.
MINST 70% av det ferdige plagget må vera laga av økologiske fiber.
GOTS stiller miljø- og helsekrav under heile kle-produksjonen.
GOTS er veldig strengt, og set også krav til arbeidarane sine rettar
ØkoteX-merket er òg eit miljømerke. Det er ikkje eit økologisk
merke, men det betyr at plagget ikkje inneheldt restar av
helsefarlege kjemikaliar.
Me les at økologisk bomull er sterkare enn anna bomull. Men den kostar ofte meir. Så då
kjem det an på om dei som handlar vil betala meir for at den er giftfri og er produsert på en
betre måte for naturen og folka. Å laga bomull er veldig forureinande, så neste gong du skal
kjøpa bomull så bør du sjå etter økologisk bomull.
Bomull er ikkje så bra til å vera ute eller trena med fordi den lett blir våt og klam. Så det er
betre å bruka bomull når du er inne. Grunnen til at den blir våt og klam er fordi fibrane i
bomull blir trekt saman av vatn. Bomullsfibrane slepper ikkje fukt gjennom slik ull og
syntetisk gjer. Ein våt bomullsgenser er tung og den blir kald.
4.7 Fakta om syntetisk genser
Her har eg på meg ein fleece-genser. Den er laga
av fleece. Fleece kan vera laga av ull også, men
genseren min er syntetisk.
At den er av syntetisk stoff betyr at den ikkje er
naturleg, sjølv om den kjem fra olje. Men for å bli
til fiber som ein kan laga kle av må det tilsetjast
mange kjemikaliar. For å laga kle må desse fibrane
også spinnast og trekkast ut. Så kan maskiner laga
kle.
Plagg av fleece er populære fordi dei er gode og
varme og lette og fine å ha på seg. Fleece
transporterer fukt ut fra kroppen når ein sveittar,
og difor er fleeceplagg gode til trim og trening.
Mange brukar fleece i staden for ull, og mange
44
treningskle er laga av syntetisk materiale. Med å transportera fukt ut frå kroppen verkar ull
og syntetiske kle likt.
Problemet begynner mest når dei skal vaskast, fordi syntetisk materiale er laga av plast. Når
plast vaskast blir det masse mikroplast, og det kjem frå sånne klede eigentleg litt heile tida.
Og mikroplasten endar opp i havet, som er ikkje bra for havlivet. Kvart år vert det sleppt ut
600 tonn mikroplast på grunn av vasking av syntetiske kle.
Men me treng fortsatt regnklede og støvlar og dei er også laga av plast. Men desse kleda
treng me ikkje å vaska like masse som fleecekleda. Og sånne klede kan me ikkje så lett
erstatta med andre typar kle.
Ikkje kast slike kle i naturen. Det blir ikkje brote ned av naturen sjølv. Olje kjem frå naturen,
men frå eit økosystem langt under havet, når det er oppe hos oss er det ikkje i sitt naturlege
økosystem.
Derfor blir dei ikkje brote ned på naturleg vis, det tar veldig, veldig lang tid å bryta ned plast
i naturen. Eg veit ikkje kor lang tid det tar å bryta ned ein fleece-genser, men eg tipper på det
tar lang, lang tid.
Når plast kjem i havet tek det endå lengre tid. Ein plastpose tek 10 – 20 år og ei plastflaske
tek 450 år å bli brote ned.
I staden for å ta på deg fleece-klede, ta på deg ullklede. Og viss me tenkjer på korleis fleece
brenn er det ikkje lurt å bruka fleece. Særleg ikkje på babyar og små ungar som ikkje passar
seg for bål og heller ikkje forstår at dei må ta fort av seg viss det brenn. Det kan lett smelta
inn i huda og laga frykteleg stygg skade.
45
4.8 Fakta om ulltrøya
Her har eg på meg ei ullskjorte. Eg likar å ha på meg ull.
Ull er bra å ha på seg fordi:
− Det er eit lett klesplagg og godt å gå i
− Heldt godt på varmen
− Klør ikkje
− Isolerer godt
− Luktar ikkje sjølv om den er våt eller er sveitta i mange gonger
− Brenn ikkje
Eg brukar ulltrøye til vanleg, for då heldt eg meg varm. På tur brukar eg ull for ikkje å frysa.
Ull har spesielle fibrar som er spesielt gode for transport av fukt, og så er det plass til mykje
luft mellom fibrane slik at ull isolerer godt.
Sveitte finn vegen ut, slik at eg ikkje vert våt. Innimellom fibrane er det mykje luft, og denne
lufta isolerer slik at eg ikkje vert kald. Så om eg vert våt innerst på kroppen, transporterer
ullfibrane fukt ut og samtidig er eg varm. Det er spesielt for ull.
46
Ull er heilt
naturleg. Det
kjem frå sauar
som går på
beite. Sauane
produserer ull
heile tida!
Ulla må berre
ordnast litt
før me kan få
klede av den,
men det må
bomull og
syntetisk fiber
også.
Produksjon av noko belastar alltid miljøet vår. Det er viktig at me brukar dei materiala me
har til å laga kle av på ein bra måte. Då er det lurt å velja ull der me kan bruka det. For det
kjem frå naturen og går tilbake til naturen. Av alle dei stoffa me har testa så blir ull lettast
brote ned.
Og ull er også best fordi det ikkje brenn. Det kan stoppa ein brann.
4.8 Me lyttar og les om ull
Så langt har me funne ut at ull er veldig bra! Søndag 12. januar snakka forskaren Ingunn
Grimstad Klepp i radioprogrammet «Opptur». Ingunn Grimstad Klepp er ekspert på tekstilar.
Dette radioprogrammet høyrde me på på skulen.
Ingunn Grimstad Klepp snakka om at ull har heilt spesielle eigenskapar. Ingunn forklarte at
det som gjer ull så bra er måten fibrane er for luft og vatn. Bra med luft og lite vatn gjer deg
varm.
Ull har masse luft, og ull leiar vekk vatn. Difor er ull bra! Det isolerer.
I det same radioprogrammet snakka dei med Cecilie Skog, som er kjent for å klatra og gå
lange og tøffe fjellturar. Ho sa mykje om kor bra ull er og om korleis ull har spesielt bra for
folk som er ute. Ho sa at dei ikkje snakka om kor kaldt det var ute, men kor mange lag med
ull dei hadde på seg.
Me søkte om ull på nettet, og fann mange sider som fortel om at ull er bra, og om kvifor det
er bra.
47
Her er det me fann ut:
KVIFOR ER ULL BRA?
Ull passar heile året, også på sommaren
• Ull isolerer
• Ull hjelper oss med å halda ein stabil kroppstemperatur
• Ull regulerer både varme og kulde
• Ulla trekkjer til seg vatn raskt, slik at me heldt oss varme heile tida sjølv om me
sveittar
Ull er bra for born og vaksne
• Ulla bind kroppsvette og nøytraliserer den, noko som gjer ull perfekt for både kvile og
for fysisk aktivitet
• Dei anbefaler m.a. at babyar søv i ull fordi ulla bidreg til betre blodgjennomstrøyming
som gjev riktig og fin puls
• Ull er isolerande som gjer at babyar og små barn held på varmen også når dei er i
mindre aktivitet
• Merinoull er noko av det mjukaste du kan tenkje deg
• Ullplagga er mjuke og elastiske og perfekt til leik og bevegelse
• Ullplagga er slik at du kan veksa i dei
Ull gjer seg sjølv rein
• Ull har bakteriehemmande eigenskapar, og treng ikkje å vaskast så ofte
• Ull er sjølvreinsande og bør ikkje vaskast for ofte. Viss du er på tur og sveittar i ei
ulltrøye, kan du som oftast berre henga den opp for lufting, i staden for å vaska den.
Det er bra for miljøet også. For du treng ikkje vaska kleda sjølv om du sveittar i dei.
• Ull inneheldt lanolin, som er eit ullfeitt som er bakteriehemmande og sjølvreinsande
Ull er godt for huda
• Det finns mange forskjellige kvalitetar av ull og ullplagg, så alle kan finna noko som
ikkje klør
• Superfin merinoull kan hjelpa barn med eksem.
Ull er heilt naturleg
• Sauane går ute i naturen og beitar
• Sauane i Noreg har me mest på grunn av kjøtet, ulla er eit ekstra produkt.
• Ull eit fornybart produkt.
48
Men, det som er viktig er at me må vita kvar ulla kjem frå og korleis kleda er laga viss me skal
kunna seia om det er berekraftig produsert.
49
4.10 Me har temaveke om ULL for heile skulen
Ein vinterfôra sau
er ein mammasau som får
fòr inne om vinteren
og lam om våren. Så
beitar han ute om sommaren
og neste vinteren får
han fòr inne att….
og besøk av vèren i desember.
Sau i Eksingedalen:
9 gardar i Eksingedalen har sau, til saman ca. 600 vinterfôra sau som får ca. 1 000 lam.
1600 sau frå Eksingedalen beitar i fjella her, og like mange sauar frå andre plassar.
Til saman går det meir enn 3000 sauar i fjella her kvar sommar.
FAKTA OM NORSKE SAUAR OG ULL
• Sauane er det eldste husdyret i Noreg
• Sauen kom til Noreg for over 6 000 år sidan
• 14 000 norske gardsbruk har sau
• Det er ein million vinterfôra sau i Noreg
• Kvar sau får 1,5 lam i snitt
• Totalt er talet på sauar og lam 2,5 millionar på sommaren
• Sauane produserer til saman over 5 millionar kilo ull kvart år
• Nesten all ull vert samla inn til Norilia
• Sauen beitar i utmarka og på fjellet
og et mat som ikkje ville blitt ete av andre
• Det meste av maten som sauen et kunne ikkje folk ha ete, sauen
lagar kjøt og ull av gras og det andre den et på fjellet
• Norske sauar er friske sauar. Dei fleste sauane vert registrerte i
sauekontrollen, det er ein kontroll av dei
• Me veit korleis sauen har levd og at bonden steller sauane sine
godt,
det må bonden skriva ned og kryssa av på skjema i sauekontrollen.
Sauerasar: I sauekontrollen i Noreg er det 19 sauerasar. Dei fleste av desse er crossbred-
rasar. Det er ull som vert brukt til strikkegarn. Spel er ikkje crossbred fordi dei har 2 ulike
typar ull, det er tett botnull og lange dekkull. Spelulla høyrer til spel-rasen. Norsk ull er kjent
for god spenst, slitestyrke og glans.
50
Ulla frå sauane er eigentleg eit tilleggsprodukt i saueproduksjonen,
for eigentleg produserer sauen mest av kjøt!
Ull er fornybar, den veks om att og om att på same sauen!
Ull er heilt naturleg!
Ull er lett nedbrytbar!
Ull har fin farge!
Ull er mjuk!
Ull er fint!
Ull er slitesterkt!
Ull treng lite vasking!
Sauerasar: Me har sett på dei mest vanlege sauerasane i Noreg, og lagde plakatar av dei på
norsk eller engelsk, og 1. og 2.klasse lagde digitale bøker om sauerasane.
I Eksingedalen har me Norsk kvit sau, spelsau og pelssau.
Merinosauen kjem eigentleg frå Spania, og det er
ein sau som er til for å produsera ull. Merinoull vert
importert frå Australia eller New Zealand.
Merinosauen finns i Noreg, men det er berre nokre
få.
Merinoulla er veldig mjuk, og mykje av ull-kle me
kjøper kjem frå merinosauen.
Mykje strikkegarn er merinogarn eller frå
alpakka. Det er mjukt garn. Alpakka er ikkje ein sau, men høyrer til kamelslekta.
51
Dei mest eksklusive ullstoffa kjem frå Vikunja. Alpakka stammar frå Vikunja.
52
Den mest vanlege sauen i Noreg er Norsk kvit sau, NKS. Den er kryssa fram frå 1970-talet og
har lang hale. Det er ikkje nokon gammal rase, men liknar på Dalasauen som var mykje av
før.
Ein gammal rase er gammalnorsk spelsau, ofte kalla for villsau.
Den kom til Noreg for 5000 år sidan.
53
Miljømerking
«Dette er kva du burde sjå etter når du kjøper nye klede» er tittelen på ei digital bok me
laga. Den forklarer dei vanlegaste miljømerka som er brukt på klede i Noreg. Ullgarn har også
slike merke. Både dei som produserer klede og garn er opptekne av å ha miljømerke på
produkta sine, me kan for eksempel finna ut kva miljømerke Cubus og HM har.
Svanemerket er det offisielle nordiske miljømerket som føl heile
prosessen til eit produkt, frå råvare, produksjon, bruk og avfall
Svanemerket kan gjelda for mange ulike produkt, ikkje berre klede.
Det gjeld alle trinn i tekstilproduksjon • fiberframstilling • spinning • veving • strikking • bleiking • innfarging. • etterbehandling • kvalitet
Eu-blomsten er EU sitt offisielle miljømerke. Det føl heile prosessen
frå råvare, produksjon, bruk og avfall – og er som det nordiske
svanemerket.
54
ØkoteX er ikkje eit økologisk merke, men set krav til at det
ikkje skal innehalde kreftframkallande fargestoff og at det ikkje
skal innehalde allergiframkallande fargestoff
Du finn merket på kle, tekstilar og for eksempel handdukar.
GOTS er merkeordning for økologiske tekstilar
• Minst 70 % av fibrane skal vera økologisk dyrka • Strenge miljø og helsekrav under heile produksjonen • Fargestoff skal vera biologisk nedbrytbare og giftfrie
Woolmark er eit svært kjent kvalitetsmerke for ullprodukt
• Knallbra kvalitet på produktet • Slitesterkt produkt • Held fasong ved vask
Mulesing-fri
Mulesing har vore vanleg, særleg i Australia, og det er merinosauen som vert utsett for det. Mulesing er når det vert skåre kjøt frå bakbeina på sauen, utan bedøving. Dei gjer det for at ikkje spesielle fluger set seg i ulla og på kroppen til sauen. Dette er dyreplageri. Når eit produkt er merka med mulesingfri er det garantert utan mulesing på sauen. Det er lurt å sjekka dette viss du kjøper noko av merinoull.
55
Den berekraftige sauen? Verdikjede er alle ledda: Kva som skjer frå ull til garn, strikkeplagg eller vevd stoff
Sauen er klar for veren.
Eit lite lam blir fødd.
Lammet får mjølk av sauemora si.
Sauen og lammet går opp på fjellet. Der
kosar dei seg heile sommaren!
Veren må vera att på beite heime.
Sauen og lammet vert henta ned frå fjellet
og heim.
Så er det klyppinga. Lammet er litt spent, men det går bra.
Lammet si ull er pakka i ein sekk, og saman med andre ullsekkar er ulla klar for turen
sin.
56
Lastebilen kjem og tar ulla med seg, til sortering for å finna ut kva den skal vidare.
Ulla reiser til England med båt.
Vaskemaskina “etler” og vaskar ulla.Ulla
frå det vesle lammet blir til garn på
ullvarefabrikken.
I Noreg er det oversikt over verdikjeda til
ulla:
75 % av norsk ull ver levert inn til Norilia,
3 000 tonn ull kvart år
Norsk ull blir sendt til England for å bli
vaska, men samanlikna med kor langt
mykje ull reiser for å komma til Norge, er
dette ein kort tur.
Ca 25 % av norsk ull kjem tilbake frå
England til Noreg til produksjon av garn,
strikka stoff eller vevde stoff. Resten av ulla
vert til teppe og stoff, laga andre stader.
Sandnes Garn og Rauma Ullvarefabrikk er
dei to største norske spinneria. Hillesvåg Ullvarefabrikk er det tredje største i Noreg, mykje
mindre enn dei andre to.
57
Vemund skriv denne historia om sauen Dulla:
Dulla med gull-ulla
Dulla er eit lite lam, ho har gul ull som skin like masse som gull. Derfor kallar folk ho Dulla med gull-ulla.
Ho er ikkje som alle dei andre lamma. Ho er ikkje like sjølvopptatt som de andre jente-lamma er.
Når Dulla går ut om morgonen går ho til bonden sin solstol og sit i den. Ho er veldig smart, smartare
enn Elvis ulv, klokare enn Mugle ugle og raskare enn Robert rev.
Men ho er ikkje like smart som Øyvin ørn, den smartaste, klokaste og raskaste av dei tre dyra.
Ein god sommardag skulle ho til beite og etter det skulle ho på Dyre-fjellet. På Dyre-fjellet har alle dyra
sommarferie. Alle dyra har fred på fjellet, rovdyr angrip ikkje dei andre dyra. Det bonden ikkje viste om
denne sommarferien, var at det var solbriller, solstolar, god drikke og masse meir.
Etter sommarferien kom ho heim til den viktigaste tingen...KLYPPINGA! som var veldig skummelt for
ho, men til slutt var det ikkje so verst.
Etter dette er det å pakka ulla i sekkar, bilen kjem og hentar det på garden.
Ulla kjem til ull-mottaket, ulla hadde ikkje i det minste gøy der!
Ulla blei vaska, det var skummelt for ulla. Det var ikkje gøy ikkje litt en gang.
Når ulla kom til «plysen» vart det full fart og vindt i håret. Frå eit hol i bakken, gjennom ei stor maskin
og ned i ein sekk.
Karding, det var ikkje so verst syns ulla. Ganske irriterande, men ikkje verst!
Spinning til garn, det var ganske godt syns ulla, det var berre gøy å bli surra rundt og rundt og rundt.
Farging, var veldig bra. På ein måte, den mista jo fargen, men fargen vart jo lyseblå og fin.
Strikkinga var også bra!
Og sist men ikkje minst, produkt! Det var det beste som ulla har opplevd.
Å bli til ei hua var rart men også fint.
Dulla blei på ein måte FØDD med “gull-ulla” si.
Kvifor blei Dulla fødd med gul ull som ser ut som gull? Me seier at ull er gull. Dette er kanskje fordi ulla
er berekraftig, det er eit naturleg produkt og du kan lett vaska det. Ulla brenn ikkje like mykje som
bomull og fleece.
No fortset me med ulla, som kom frå Dulla.
Ulla ser mykje på dette tidspunktet av livet sitt. Og den som kjøper ulla til slutt, er bonden som kvar
dag passar på Dulla. Dulla såg ikkje at ulla var hennar, men var veldig glad og stolt når bonden ein dag
fortalde henne det.
Etter langt om lenge blei ulla endeleg ei hua. Dulla si gull-ull blei til ei hua,
bonden syns hua var heilt gull!
58
Sau som beitar lagar gras, lyng og lauv om til kjøt og ull og er bra for klimaet
• Sauen utnyttar masse ressursar i utmarka som elles ikkje hadde blitt utnytta, og utan
sau som beitar ville mykje gras grodd opp og mange buskar og tre også
• Dyra beitar og plantene veks på nytt. Beiting bind CO₂ fordi plantane som veks fortset
å veksa gjennom sesongen. Beiting gjer at det heile tida veks nytt gras som bind CO₂
• CO₂ som er bunde i grønt gras fyk ikkje opp i atmosfæren og det er bra for klimaet og
verden
Ulla frå Norske sauebønder får Svanemerket
• Dyra har hatt fått godt stell og har hatt det bra
• Det er krav om at sau skal gå på beite minst 16 veker i sommarsesongen
• Det er høge krav til dyrevelferd og helsa til sauen i Noreg
• Me veit kva som har skjedd med ulla frå den vart klipt av sauen, me veit korleis ulla
for eksempel er blitt til garn
• Det er oversikt over kvar ulla kjem frå og har reist
• Det vert brukt lite kjemikaliar ved vasking og reinsking av ulla
Det er mykje av garnet me kan kjøpa som ikkje er laga av norsk ull. Før tenkte dei at norsk ull
ikkje var så veldig bra til garn, men no er det fleire som lagar garn av norsk ull. Fordi det er
kaldt og mykje regn og vind får den norske ulla litt stivare og grovare fibrar. Det gjer ulla
sterkare. Og den er faktisk ganske mjuk likevel, syns eg.
Merinoull og alpakka er ikkje norsk ull, bortsett frå at det er litt av både alpakka og
merinosau i Noreg. Både merinoull og alpakka vert importert. Det er mange som likar denne
ulla fordi den er ekstra mjuk.
4.11 Me spinn garn og lagar produkt av ull
I januar lærte me korleis ull vart til garn i gamle dagar. Det er akkurat det same som skjer i
dag på fabrikkane, men no er det maskiner som gjer jobben.
Klasserommet vårt lukta ull og sau. For ulla me skulle
spinna av var ikkje vaska. Den har stått i papirsekkar
sidan sauane vart klypte i november.
Det første me måtte gjera var å karda ulla, så prøvde
me spinna den med både handtein og med rokk. Ulla
har lange fibrar, og viss me strekkjer dei så ryk dei fort.
Men, viss fibrane får tvinn på seg blir dei sterke.
Me hadde ull frå ulike sauar og sauerasar,
slik biletet frå tavla viser:
59
Me hadde besøk av «Spinnedama»
Bente Siv, ho var veldig flink til både å
forklara og hjelpa oss.
Me kardar ulla. Alle fibrane må liggja same
vegen. Når me har karda nok, rullar me det
saman til «tullar» eller «krullar».
Dei skal me bruka til å spinna av.
Her er det spinning med handtein.
60
Det var ikkje så lett å få til. Tråden blei
tjukk og ujamn. Tullen måtte trekkast ut
før det kom snurr i han, men då slitna den
også fort.
Ivrig
jobbing av
alle elevar
og lærarar
på skulen!
61
Så fekk alle prøva å spinna på rokk. Her må også «tullen» strekkast godt og jamt ut før det
kjem snurr i han.
Samstundes må me trø slik
at hjulet på rokken sviv
rundt i jamn fart og i rett
fart så det går bra.
«Tenk kor bra det var den gongen dei fann ut at ull
som fekk tvinn på seg vert sterk. Då kunne dei
bruka ulla til å laga tråd og veva og seinare lærte
dei seg å strikka» sa Bente Siv.
62
Bente Siv hadde spunne før. Her er garn ho
har laga av ulla til Bertina, eit spelsaulam frå
Bergo. Bertina si ull har ulike fargar. Når
Bente Siv karda dei ulike fargane saman vart
garnet grått.
Garn frå pelssauen Mona, også det har Bente
Siv laga. Under garnet ligg ull frå Mona.
Dette garnet laga me! Litt tjukt, litt tynt, ulike fargar frå ulike sauar. Det er karda, spunne og
tvinna til to-tråda strikkegarn her i klasserommet.
63
Me lagde fleire ting av ull også. Alle laga
kvar sitt vevde stykke av vaska ull. Det skal
me sy saman til ei pute.
Me har òg nålefilta og tova figurar og nokon
har laga fargerike sauar av ullgarn.
4.12 Pernille besøkjer oss
Pernille jobbar i Lillelam, ho er sjefen og designaren.
Pernille ville besøkja oss fordi me har forska på ullhuer
frå bedrifta hennar. Ho kom på besøk til oss i januar.
Pernille fekk ei gåve av oss. Inni den var alt som var att
av babyhuene, det var merkelappane og sytråden og litt
til.
Pernille fortalde at på grunn av det me har funne ut så
er Lillelam i gang med å laga nye merkelappar til plagga
sine. Det skal vera merkelappar av ull, slik at også dei
vert brote ned.
Pernille veit alt som skjer i Lillelam, det er viktig for
henne. Ho fortalde at idéen om Lillelam kom då ho sjølv blei mamma og ville ha gode
ullplagg til ungane sine. Etter kvart er det blitt ei større bedrift, og dei er no ni tilsette i
Noreg. Alle kleda er produserte av merinoull frå Australia eller New Zealand, og kleda vert
strikka og sydde på fabrikkar i Polen og Latvia. Dei veit at dei som jobbar på fabrikkane har
det bra, og at det ikkje vert brukt gift i produksjonen.
64
Pernille hadde med seg merinoull og ei lupe. Det var gøy å sjå på ull i lupe. Fibrane vart
nesten gjennomsiktige, blanke og likna på ein mellomting av glas og snø.
Pernille hadde med vareprøvar av vaska og karda merinoull og ukarda merinoull. Me
samanlikna det med den krøllete pelssau-ulla og den andre ulla me hadde. Merinoulla var
veldig mjuk, og i mikroskopet såg me at fibrane frå merinoulla var tynnare og meir
«glasaktige» å sjå på enn vår ull.
65
Det var spennande å
studera fibrane sånn!
Då me såg på fibrane frå
ulike ullsortar i
mikroskopet forstod me
kvifor merinoulla vart
vekke først i hue-
prosjektet vårt.
Den har tynnare fibrar
og toler mindre.
Merinoull, som er vaska. Til venstre er den ikkje karda, og me ser dei små krøllane.
Ulike kvalitetar karda merinoull: mjuk – mjukare – mjukast.
Ull frå Eksingedals-sau:
Bak er pelssau-ull med
ulike fargar.
Framme til venstre er
Norsk kvit ull, og til høgre
ull frå spelsau. Spelsau-ulla
er to ulike typar ull, innerst
er mjuk botn-ull og så har
den lang dekk-ull.
66
Lillelam er oppteken av kontroll over alle ledda. Pernille fortalde at til ein genser kan det
vera opptil 20 ulike leverandørar av alt frå merkelapp, trykk på merkelapp, knappar, tråd, ull
osv. Målet til Pernille er å ein gong laga eit heilt norsk teppe, av norsk ull i Noreg.
Elias og Pernille snakka om berekraft, Pernille fekk sjå alle ull-plakatane som me har laga.
Lillelam arbeider for å få til å kjøpa all merinoulla si frå ei gruppe bønder i New Zealand for å
kunna spora ull frå gard til ferdige kle. Dei er
opptekne av berekraft og etiske verdiar. Med
etikk meiner dei at alt skal vera rettferdig,
det skal vera miljøvenleg og at ein må tenkja
på både folk og natur. Pernille seier at å laga
kle slik Lillelam gjer, det tek litt lengre tid å
laga, det krev meir arbeid og det kostar meir.
Til dei som syns de er dyrt seier ho at kleda
varer lenge, dei kan arvast og dei kan seljast
og kjøpast brukt – og at det er mange brukte
Lillelam-kle på finn.no.
4.13 Me besøkjer Hillesvåg Ullvarefabrikk
Hillesvåg Ullvarefabrikk er ein veldig gammal fabrikk som vart bygd i 1898. Dei har mange
gamle maskiner som framleis er i bruk, og også nyare maskiner. Ulla som kjem dit har blitt
vaska i Storbritannia, før det kjem til Hillesvåg og blir farga i fargeriet. Dei spinn 20 000 kilo
ull i året. På ei veke spinn Hillesvåg like mykje ull som ein stor ull fabrikk spinn på ein time.
Hillesvåg har prøvd å spinne hår frå hund, moskus og hest. Hillesvåg er veldig flinke til å
tenke på miljøet og at produksjonen ikkje skader jorda. Tradisjonen til Hillesvåg er at etter
ein har eigd den så er det sonen hans som overtar. Tradisjon betyr at noko skjer år etter år.
Kvaliteten på det dei lagar er bra. Kvalitet betyr at noko er bra. Dei tenker på klimaet når dei
lagar nye ting. Miljøvennleg betyr at det ikkje skader jorda. Hillesvåg er flinke til å tenke på
dei neste som kjem etter oss, det er berekraftig.
Berekraftig betyr at det er miljøvenleg og ikkje øydelegg neste generasjon i verda.
Gammal tid på Hillesvåg – og oss på Hillesvåg i ny tid.
67
Me starta omvisinga ute. Videre gjekk me inn på fargeriet, der blir ulla farga. Så gjekk me til
«Plysen», der såg me ulla bli større, den blei blåst luft igjennom og så karda. Etter det gjekk
me til nokre gamle maskiner som er frå 1890, etter det gjekk me til spinninga der ulla ble
spunne. Videre gjekk me for å sjå på tvinninga der ulla vart tvinna, så gjekk me til hesping der
ulla vart hespa. Då me var ferdig med det, gjekk me til tørkeloftet der garnet fekk kvila og
tørka. Me gjekk til ei dame som sette merkelappar på produkta.
HILLESVÅG
Me var på Hillesvåg ullvarefabrikk fredag 10. Januar. Eg lærte mykje om fabrikken sin historie
og korleis produksjonen skjer. Dette er ein liten faktatekst om Hillesvåg ullvarefabrikk.
Historie/Tradisjon
Fabrikken blei bygd i 1898 av Mikkel Myhr, han bygde huset sitt av alle kassane som
maskinene kom i. Han hadde 11 ungar og ei kone. Ungane og kona hans hjelpte mykje til på
fabrikken. Den yngste guten til Mikkel tok over fabrikken då Mikkel var ferdig, han heitte
Birger Myhr. Han fekk barn også. Den eine guten hans heit Gunnar Myhr. Han har 2 gutar
som no driv fabrikken. Tradisjonen til Hillesvåg er at det er ei familiebedrift og at dei lagar av
norsk ull.
Berekraft
Hillesvåg har eit stort fokus på at alt skal vera berekraftig og miljøvennleg. Å være
miljøvennleg vil sei at ein prøver å forhindra CO2 utslepp og å tenka at ein skal gjera
produksjonen enklast mogleg. Berekraftig vil sei at ein ikkje forureinar verda til neste
generasjon. Det er strenge krav på fargestoffa dei bruker. Dei marker er dette med å gå over
til å bruka meir av GOTS- godkjente fargestoff. GOTS stiller krav til at fargestoff er biologisk
nedbrytbare og giftfrie, at det ferdige produktet ikkje inneheld allergen eller restar av farlege
kjemikaliar. GOTS (Global Organic Textile Standard) er ei internasjonal merkeordning for
økologiske tekstilar. Mykje av arbeidet på fabrikken er gjort for hand. Alt dei lagar på
Hillesvåg er laga miljøvennleg.
Produksjonen
Ulla går gjennom mange steg før den blir til eit ferdig produkt. Hillesvåg legg mykje handverk
i produkta sine. Dei kjøper ull ifrå Norge, men den blir vaska i Storbritannia. Dei vaskar
villsauull sjølv på fabrikken og ull frå private kundar. Alt startar i fargeriet, deretter skal det
tørka i 24 timar. Når det har tørka så går ulla gjennom “Plysen”. I Plysen så går ulla gjennom
eit rør med luft, deretter går ulla gjennom ei maskin som riv opp fibrane i ulla. Dette skjer 2
gongar, så kjem det inn i ein sekk. I 2 etasje blir ulla karda og spunne, Dei kan spinna ca 70
spolar på kvar side av “Spinnemaskina”. Dei spinn ca. 60 kg på ei veke. På ei veke spinn
Hillesvåg like mykje som andre fabrikkar spinn på 1 time. Vidare reiser garnet opp på
spinneloftet for tvinning. Etter dette skal det kvila i 48 timar. Etter denne prosessen så skal
68
hespene knytast. I fjerde etasje er det tørkeloft og eit arbeidsrom for å legga på etikett og
strek-kode på “hespene”.
Kvalitet
Produkta til Hillesvåg har god kvalitet. Det er slitesterkt og heldt godt på fargen. Ulla klør
lite. Kvaliteten er god fordi dei brukar norsk ull og tenkjer på fargestoffa.
4.14 Me besøkjer Dale of Norway
Dale of Norway heitte før Dale Fabrikker. Peder Jebsen kjøpte elva og grunnla Dale fabrikker på Dale i 1879. No heiter fabrikken Dale of Norway. Den første produksjonen var bomullsvareproduksjon, seinare gjekk dei over til ullvarer.
Peder Jebsen hadde over 20 born, men ingen av dei hadde til lyst å overta. Dale fabrikker har hatt veldig mange eigarar, og det er kort tid sidan sist eigarskifte. I 1892 kom det ei nasjonal lov om at ein måtte vera over 12 år for å få lov til å jobba i fabrikken. Før det hadde ganske små born jobba der, saman med foreldra sine. I 1894 starta fabrikken opp skule for arbeidarane sine born – og i 1949 starta dei barnehage for born som hadde mødrer som jobba på fabrikken. I 1956 vert Dale Fabrikker offisiell utstyrsleverandør til Norges Ski Forbund. Frå no leverer dei klede til alle OL og VM. Det vart eit stort gjennombrot med OL på Lillehammer 1994, etter det ville alle ha Dale-genserar. Etter dette har Dale satsa meir og meir på sal i utlandet.
Gard fortalde mykje spennande om Dale, her viser han oss utstillinga med alle OL- og VM-genserane.
69
Sidan 2009 har Dale retta seg meir mot mote- og luksusmarknad. Dei sel mykje til turistar og folk som har mykje pengar. Dei sel også til folk som er bevisste på at dei vil ha klede som er laga av ekte ull og har god kvalitet. Dei er opptekne av at produkta dei lagar skal vera unike i sin stil. Gamle tradisjonsrike mønster vert brukt på tynne merinogensarar. Strikkagensrane som vart suksess i OL og VM er inspirasjon for designaren som designar dei tynne merinogensarane i dag.
Genseren Gard har på seg er inspirert av OL.-genseren frå OL på Lillehammer i 1994. Mønsterborder er strikka med tynn, tynn tråd på maskin. No av merinoull, før av tjukt strikkegarn.
Før i tida jobba det masse folk på fabrikken, i 1963 er Dale fabrikker på sitt aller største med 1250 tilsette. No i 2020 jobbar det 88 folk på fabrikken. På grunn av at klede av ull er meir og meir populært har talet på tilsette på Dale auka siste åra.
70
Før laga Dale garn, så laga dei garn og strikka klede. No lagar dei berre klede. Garnproduksjonen til Dale er kjøpt opp, og no har ikkje Dale-garnet noko å gjera med denne fabrikken og Dale lengre. Berre namnet høyrer til Dale, garnet blir laga mange stader, men iallfall ikkje på Dale. På Dale of Norway planlegg dei alt om produkta sine. Dei designar og dei strikkar. Berre litt syr dei saman sjølv. Det kan ta mellom 20 minutt og 1 time å strikka ein genser, det kjem an på kor mykje mønster det er og korleis mønsteret er. Alle plagga vert stikka i delar som skal syast saman. Det kan ta mellom 20 minutt og 1 time “å samla saman ein genser”. Å samla saman ein grensar er det ein seier når ein syr saman heile genseren og syr i for eksempel glidelås. Glidelåsen dei bruker er av merke “YKK", som er god kvalitet. Dei er opptatt av at det skal vera kvalitet i alle ledd, frå ulla til glidelåsen.
Før fekk dei ull i frå bonden, vaska ulla og laga garnet sjølv. Då gjorde dei heile prosessen på Dale. No kjøper dei ferdig spunne garn. Alt garnet er spunne og farga i Europa.
I produksjon av kleda sine brukar Dale of Norway anten merinogarn eller norsk garn. Merinoulla er frå New Zealand, og er garantert mulesingfri. Merinogarnet er veldig tynt, nesten meir som sytråd. Av dette lagar dei tynne ullgensarar. Garnet av norsk ull er litt tjukkare, og kleda ver tjukkare. Desse kleda er meir slitesterke enn dei tynne av merino.
71
4.15 Meir om berekraft: Kva ser me no?
Etter å ha jobba så lenge med ull og produkt snakka me meir om berekraft. Me gjorde ferdig
ein plakat som me starta på i haust. Elias skreiv opp dei tinga me snakka om som er viktig og
han laga figurar. Figurane er modell av noko Elias fann, men han har laga dei heilt sjølv og
orda er våre. Det er eit diagram som er sett saman av tre delar: miljø, sosial og økonomi.
Desse tre delane er det me må tenkja på for å vita om noko er berekraftig.
Midten av sirkelen viser
berekraft. Då er alle tre punkta
bra. Når det er sånn er alt sånn
som det skal vera. Men det er
det ikkje alltid så lett å få til for
dei som skal laga noko.
Me kan tenka på det når me skal
kjøpa noko, og me må øva oss til
å bli flinkare til å tenkja på det.
Me må på ein måte ha tre tankar
i hovudet på ein gong:
Er det bra for folka som produserer?
Er det bra for økonomien?
Er det bra for miljøet?
Her viser kva me har funne ut at er viktig i dei tre sirklane for produksjon av kle:
Dei bedriftene me har snakka med er alle opptekne av å ha sertifikat for god miljømerking.
72
Hillesvåg er oppteken av å produsera garn av norsk ull. Det meste dei lagar er garn av norsk
ull. Dei produserer litt merinogarn og bomullsgarn også, og då er dei oppteken av kvar ulla
vert kjøpt inn, garantert mulesingfri. Når dei går tom for ein farge og må bytte ut fargestoff,
handlar dei fargar som er GOTS-godkjente. Hillesvåg gjer alle tinga på fabrikken sin, ulla er
for det meste veldig kortreist – men den har vore ein tur til England og vaska seg. Dei som
jobbar på fabrikken var blide og syns dei jobba på ein bra plass. Eigarane jobba der og alle
kjente kvarandre. Garnet frå Hillesvåg kan me seia er berekraftig, dei heldt seg innafor
sirklane.
Lillelam er veldig opptatt av heile verdikjeda, alle sirklane i figuren. Pernille såg på sirklane
saman med Elias – og dei snakka om korleis alt måtte henga saman for å vera berekraftig.
Dei importerer merino som garantert er mulesingfri, og Pernille jobbar med avtale om å
kjøpa merinoull direkte frå ei gruppe bønder slik at ulla kan sporast frå garden sauen kjem
frå til klesplagget. Lillelam veit nøyaktig korleis produksjonen skjer og korleis arbeidarane har
det. Pernille var oppteken av at kleda skulle vara lenge, dei kan arvast eller seljast. Og etter
dei er ferdig brukte går dei tilbake til jorda: «Ull er helt naturlig. Ull kommer frå naturen og
går tilbake til naturen», sa Pernille. Det fann me ut i dette Nysgjerrigperprosjektet vårt. Ulla
som Lillelam brukar har reist langt, men på ein måte under Lillelam sin kontroll.
Forskinga vår har gjort at Lillelam jobbar med ny merkelapp til plagga sine, som gjer dei endå
meir berekraftige. Me anbefaler at dei lagar meir klede av norsk ull.
Dale of Norway strikkar klede av norsk ull eller av merinoull frå New Zealand. Dei kjøper
ferdig spunne ullgarn frå Europa. Kleda vert designa og strikka på Dale. Dei ferdig strikka
delane vert pakka og sendt til fabrikkar i Europa, som syr det saman til plagg. Så kjem plagga
attende til Dale, og vert seld til heile verda. Dale er oppteken av miljømerking, og har nok
kontroll over prosessen. Alt skjer i Europa, og då veit ein korleis produksjonen skjer og
korleis arbeidarane har det. Men, det er mykje transport her. Faktisk veldig mykje fram og
tilbake. Dei er opptekne av at det er sin stil, kvalitet og at det er ekte.
Syntetiske kle er ikkje så berekraftige. Problemet er både mikroplast som kjem på feil plass i
naturen - og at dei er laga kunstig. Dessutan har slike kle ofte reist veldig langt.
Bomull er naturleg, men produksjonen er ikkje så miljøvenleg. Fibrane til bomull er annleis
enn fibrane til ull og syntetisk, dei leier ikkje vatn på same måten. Bomull er ikkje berekraftig
med tanke på bruk av vatn, kjemikalie og arbeidarane, og bomull har reist langt. Dei brukar
opp meir enn det vatnet dei har til å dyrka bomull.
Me har funne ut at ull er mykje meir berekraftig enn bomull og syntetiske kle. Ull treng
heller ikkje vaskast så mykje. Og viss det går av partiklar frå ull, så vert dei lett brotne ned.
Babyhuene av merinoull vart raskast og mest vekke i jorda. Det kjem av at merinoulla har
tynnare og finare fibrar, slik me såg i mikroskop. Tynne ullkle av merinoull heldt seg godt
lenge. Men, litt tjukkare plagg av norsk ull heldt seg aller lengst. Norsk ull er meir slitesterk
på grunn av sterkare fibrar. Og det er nok meir berekraftig, kortreist og varer lenge.
Norsk ull er berekraftig fordi det er eit heilt naturleg stoff og lett å bryta ned. Me veit mykje
om produksjonen og heile verdikjeda til ulla, og norsk ull har fått svanemerket.
73
Verdikjeda til ulla, til garnet og til kleda er det faktisk viktig å vita noko om. Viss me skal få
vita om dyra som har laga ulla har hatt det bra, må me vita kva land dei lever i og korleis
kontrollen er der. Og me må vita korleis og kvar kleda er laga, for det er tryggare i
berekraftig retning viss kleda er produserte på fabrikkar i Europa. Aller best er det om heile
prosessen skjer i Noreg.
Først når me veit om alle dei tre sirklane, veit me om det er berekraftig.
Gjenbruk: Uansett er det lurt å bruka kle lenge, arva av kvarande eller gje dei vidare. Det er
meir berekraftig enn å kjøpa mykje nytt.
Og me er einige om at det er meir berekraftig å eta eple frå Hardanger enn frå Italia, Polen
eller Australia.
Berekraft er ei kraft til å bera verda utan å øydeleggja for dei etter oss
Korleis me brukar verda
har noko å seia for
mange andre i heile verda. Og
det vil ha noko å seia for
framtida til verda.
74
5 Dette fann me ut
Stemte hypotesane?
Eg trur ullhua vert vekke først, fordi eg har sett at ull blir ganske fort vekke i naturen
SANN
Eg trur at fleecehua blir borte til slutt sidan fleece har plast i seg SANN Eg trur bomullshua blir brote ned før fleecehua SANN Eg trur det første som skjer er at det blir hol i huene SANN Eg trur at ull og bomull blir omtrent likt brote ned fordi dei begge kjem frå naturen
USANN
Eg trur at det ikkje er så veldig stor forskjell på huene. USANN Viss nokon av huene forsvinn, så trur me at det kan vera ei av ullhuene. Fordi når ein sau dør ute i naturen brukar den ikkje så lang tid på å mista ull.
SANN
Det kan vera bomullshua også, for bomull er ein plante – og den kan nok brytast ned, kanskje eigentleg fortare enn ull som kjem frå dyr?
USANN
Viss nokon av huene vert holete i sommar, trur eg det er den ullhua me først la nedi og ho då har lege der lengst.
USIKKER
Eg trur eigenleg ikkje det skjer så mykje i sommar sidan det ikkje har skjedd så mykje i vinter. Eg trur det vil ta mykje lengre tid enn ein sommarferie.
USANN
Eg trur det skjer meir i sommar, fordi vinteren er nesten som ein fryseboks. Og i ein fryseboks så heldt alt seg godt lenge.
SANN
Alt starta med huene, og det var den store forskinga vår. Me fekk eit resultat, der ull og
ullhuer skilte seg ut frå dei andre huene. Denne oppdaginga gjorde at me ville finna endå
meir ut om kle og om ull.
Ull kjem frå naturen, frå sau, alpakka eller vikunja. Det er mange ulike raser som produserer
ull. Merinoull er den aller mjukaste ulla. Fibrane til ulla avgjer om ulla klør eller ikkje. Ulike
sauerasar har ulike fibrar. Lamma har mjukare fiber enn dei vaksne sauane. Norske sauar har
grovare fiber fordi dei går ute i mykje vêr og vind. Merinosau har mjuke fibrar. Dersom
merinosauen går på beite i Noreg får også den grovare fiber. Me har sett på fibrane til ull i
mikroskop, og me har sett at fibrar er ulike. Dei ser heilt blanke og litt gjennomsiktige ut i
mikroskopet, men er ulikt tjukke. Den mjuke og tynne merinoulla hadde tynnast fibrar.
Ull vart fort brote ned til jord, den går tilbake til verda sitt økosystem.
Ull er svært lite brennbart.
Bomull er også heilt naturleg, og kjem frå ein plante. Når ein produserer bomull så brukar ein
frykteleg mykje vatn og gift. Bomull gjekk også til jorda men det tok litt lengre tid enn med
ulla. Bomull brenn berre litt, men meir enn ull. Produksjonen av bomull er problemet.
Økologisk bomull er meir berekraftig.
Akryl og polyester er stoff om vert kalla syntetiske. Det er fordi dei er laga. Dei kjem av olje,
men det skjer veldig mykje før det vert til fibrar til å laga kle av. Dei syntetiske huene (akryl-
og fleecehua) var like fine etter 1 år og to månader i jorda, økosystemet vårt greier ikkje
bryta dei ned. Det er fordi dei ikkje er naturlege stoff her. Slike kle har plast i seg. Vasking av
75
syntetiske kle gjer at seg masse mikroplast forsvinn til havet. Det er ikkje bra for
økosystemet.
Me fann ut at nokre av huene var som «fotballen som har reist hele verden før den kom i
mål». Slik er det med kleda våre også. Den mest kortreiste hua var den som var heimestrikka
i Eksingedalen, av norsk ullgarn som var laga på næraste ullvarefabrikk. Kanskje kom ulla frå
Eksingedalen også?
Nedbrytinga skjedde fort i sommar. Me blei kjempeoverraska over at det skjedde så fort. Det
meste skjedde mellom mai og august. Det var varmt og godt i jorda og mykje liv i jorda.
Hausten og vinteren verkar som ein fryseboks, det skjer ikkje noko. Det såg me av forskinga
vår. Om våren vaknar naturen etter vinteren og alle småkrypa og mikroorganismane et,
formeirar seg, bæsjar og gjer organisk materiale om til jord. Så difor går nedbrytinga fort om
sommaren.
Me har lært at fibrane i stoffa er viktige for korleis dei verkar på kroppen vår. For å halda seg
varm er det viktig med luft og å unngå å bli våt. Bomullsfibrane trekkjer seg saman av vatn
og kjennest fort kalde ut. Både syntetisk fiber og ull verkar bra, dei har luft i seg og dei
transporterer vatn vekk frå kroppen.
I forskinga vår fekk me fram at ull og huene av ull var annleis enn dei andre huene me såg
på. Me har lese og snakka med folk og funne ut masse meir om ull. Ull er faktisk kjempebra
med mange gode eigenskapar. Ull er heilt naturleg og ull passar heile året.
Me har jobba praktisk med ull. Me har tova, nålefilta, karda, spunne og vevd. Me har kjent
på uvaska ull og på vaska ull. Me har kjent på ulik lukt og kjent at uvaska ull kan vera seig
eller feit å ta på. Me har laga vårt eige garn og me har sett korleis garn vert spunne på
ullvarefabrikk. Den aller mest naturlege ulla var den me sjølv karda og spann og laga garn
av. Den kom frå sau som har beita i fjella her i Eksingedalen.
Me har lært om sauerasar og om miljømerking. Me har lært om kva verdikjede er, og først
når me veit heile verdikjeda så veit me om produktet er berekraftig. Norsk ull har
svanemerket, som er eit veldig bra miljømerke å ha. Norske sauar har det bra og ein kjenner
verdikjeda til den norske ulla. Sauen beitar og lagar gras og lyng om til kjøt og ull. Det at
sauen beitar i fjella gjer sauen bra for miljøet også.
Me har lært mykje om berekraft. Og me har lært at
det billegaste og enklaste valet ikkje alltid er det
rette. For det gjeld å sjå alle sirklane. Dei tre
bedriftene me har vore i kontakt med har alle vore
opptekne av berekraft. Dei to bedriftene som lagar
klede er opptekne av berekraft, og forklarer ut frå
det at produkta deira er litt dyrare.
Alle bør vita meir om korleis kle vert laga. Det er lurt å sjekka om kle har miljømerke.
76
Ull må brukast mykje, mykje meir!
For ull har gode eigenskapar, varer lenge og går lettast
tilbake til naturen.
Ull går inn i den evige sirkelen – det store økosystemet.
Det er naturen – og det er heile verda vår.
Viss me kan seia at me kan gjera nok
om og om att
og for evig og alltid,
så er det berekraftig.
77
6 Me fortel til andre
Film om prosjektet: Kan kle vera berekraftige?
Det dukka opp eit filmtilbod! Det kom ein kar ifrå Voss då me skulle grava opp huene for
siste gong. Så denne dagen vart ekstra spennande.
Dette vart til ein film som fekk tittelen: «Kan kle vera berekraftige?» og undertittel «Vil ei
hue brytast ned til rein jord?» I filmen får alle sjå at det er ulla og ullhuene som vert brote
ned og vekke i jorda. Denne filmen viser me på temakveld på skulen 12.mars, og den vert
78
sendt inn saman med Nysgjerrigper-rapporten vår.
Dei som skal endra merkelappen sin
Forskinga vår gjorde at Pernille og bedrifta jobbar
med ny merkelapp. Dei vil no laga merkelapp av
ull slik at den også vert brote ned. Det bestemte
Pernille seg for i august.
Me anbefaler merkelapp av norsk ull, det er aller
mest miljøvenleg, men ein merkelapp som klør er
ikkje bra. Så då må det i tilfelle vera mjuk, norsk
lammeull.
Tips til lærar Anna Anbefaling til lærar Anna som skal ha baby:
10 gode grunnar til å bruka ull
• Ull gjev betre blod-gjennomstrøyming i kroppen. • Ull brenn ikkje, det berre smuldrar opp. • Det er bra å leika i ull. • Ull er varmt sjølv om den er våt, så då kan barn leike i regnet utan å bli så kald. • Ull pustar, dette betyr at den raskt tilpassar seg endring i temperatur
• Dei fleste ullkleda som vert produsert til barn i dag kan maskinvaskast • Ull er elastisk, og den heldt godt på fasongen • Merinoull er veldig mjuk og behageleg mot sensitiv barnehud • 93 % av alle norske mødrer brukar ull på babyen sin (2012) • Ullklede er lett å halda reine
79
Me fortel til lokalavisa
På den første av ull-dagane kom avisa Hordaland på besøk. Dei lagde fire sider om ull i
vintermagasinet sitt, og dei skreiv om Nysgjerrigperprosjektet vårt også.
80
Temakveld for bygda:
Dette hadde me gledd oss til!
Borda var dekka,
maten var laga.
Plakatar var hengt opp
på veggane i gymsalen.
Me hadde rigga opp
projektor for å visa filmen
«Kan kle vera
berekraftige?»
Me hadde laga PowerPoint-
presentasjon der me skulle
fortelja om alt etter filmen.
Me hadde klar «Kahoot!»
med spørsmål frå prosjektet
– og med spørsmål om ting
me har funne ut.
81
Så skjedde det: Kl. 12 denne dagen, 11.mars 2020, fekk me beskjed om at Vaksdal Kommune
har sett inn nye retningslinjer for å førebyggja korona. Det skal ikkje vera fleire enn 25 -30 i
same rommet.
Temakvelden måtte avlysast, og me var veldig, veldig
lei oss. Me var frykteleg leie oss.
Og så snakka me om at det var frykteleg dumt at dette
med korona som spreier seg skjer – og at det faktisk er
mykje me ikkje veit no om korleis våren blir.
Me rigga ned at utstillinga og rydda opp
alle borda. Så åt me kaker og tok
skulebussen heim.
Nysgjerrigper har vore veldig kjekt!
Me har lært masse, berre synd at me kjem til å hugsa avslutninga slik.
Me håpar at ikkje nokon blir sjuke – og me håpar at me kan visa fram alt me har gjort og lært
på ein temakveld seinare, til våren ein gong!