82
Status for Hjelmeland kommune pr. 01.10.13. Folkehelsekartlegging

kommune pr. 01.10.13. - Kommunetorget.no - for … c...Folkehelsekartlegging 2013 III Omgjevnadar Omgjevnadar er ein faktor som kan gjera stor innverknad på helsa, ved å drive gjennomtenkt

Embed Size (px)

Citation preview

I Folkehelsekartlegging 2013

Status for Hjelmeland

kommune pr. 01.10.13.

Folkehelsekartlegging

I Folkehelsekartlegging 2013

I Folkehelsekartlegging 2013

FORORD:

01.01.2012 trådte Lov om folkehelsearbeid i kraft. Under kap. 2 Kommunens ansvar, § 5, står det at

kommunen skal ”ha nødvendig oversikt over helsetilstanden i befolkninga og dei positive og negative

faktorar som kan virke inn på denne”. I Forskrift om oversikt over folkehelsen, § 3, står krava til kva

oversikta skal innehalda:

“Oversikten skal omfatte opplysninger om og vurderinger av:

a) befolkningssammensetning b) oppvekst- og levekårsforhold c) fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø d) skader og ulykker e) helserelatert atferd og f) helsetilstand.”

I same forskrift under § 5, “Krav om oversiktsdokument hvert fjerde år”, står det også at oversiktsdokumentet skal føreliggja ved oppstart av arbeidet med planstrategi etter plan- og bygningsloven §§ 7 – 1 og 10 – 1.

Oversikta skal vera skriftleg og identifisera folkehelseutfordringane i kommunen, herunder vurdera

konsekvensar og årsaksforhold. Dei neste paragrafane i folkehelselova seier noko om krav til mål og

planlegging, samt iverksetjing av ”folkehelsetiltak”, men i denne omgang konsentrerer vi oss om

kartlegging av helsetilstand. Handlingsplan for tiltak kjem som følgje av denne kartlegginga.

Hjelmeland, oktober 2013

Annbjørg B. Egeland John N. Nessa Kultur- og folkehelsekoordinator Kommuneoverlege

Foto: Pål Christensen/Stavanger

Aftenblad

II Folkehelsekartlegging 2013

SAMANDRAG:

Demografi

Hjelmeland er arealmessig den nest største kommunen i Rogaland, og den 6. minste når det gjeld

befolkningsantal. Frå 2001 – 2011 var det ein befolkningsvekst på 0,2 %, og 01.01.13 var det 2799

innbyggjarar i Hjelmeland kommune. I 2010 var i overkant av 50 % av befolkninga i Hjelmeland i

yrkesaktiv alder, medan andelen unge pensjonistar (67 – 79 år) og pensjonistar over 80 år var mindre

enn for 10 år sidan. Dette vil snu att, og vi vil få ei auke i andelen unge pensjonistar, medan den

yrkesaktive andelen vil gå litt ned. Andelen over 80 år vil også gå ned ytterlegare dei neste 10 åra, før

også denne gruppa aukar att. Når det er sagt så er aldersframskrivinga for Hjelmeland kommune

usikker, grunna store samferdselsprosjekt som t.d. Ryfast.

Hjelmeland er ein av dei kommunane i Rogaland som har størst andel av befolkninga med

innvandrarbakgrunn, med ein andel på 16 % pr. 01.01.13. Hovudandelen av desse er

arbeidsinnvandrarar frå Europa, men det kjem også ein del flyktningar til kommunen. Dette gjev

positive ringverknadar, som t.d. befolkningsauke og høve til å utvikla næringslivet, men det fører

også til nokre utfordringar når det gjeld integrering, døme på dette er språk og kulturforskjellar.

Levekår

Utjamning av dei sosiale skilnadane i helse blant heile befolkninga er viktig for å få ei god folkehelse.

Det viser seg at utdanning, yrke og inntekt er av relativt stor betydning for om vi har god eller mindre

god helse – dess høgare utdanning og inntekt, dess betre helse. Dette viser seg når det gjeld forventa

levealder og førekomsten av dei vanlegaste kroniske sjukdommane, samt for den psykiske helsa.

Andelen med vidaregåande skule som høgaste utdanning var i 2010 44,2 % for Hjelmeland

kommune.

Hjelmeland var i 2009 blant dei kommunane i Rogaland med flest låginntektshushaldningar, med ein

andel på 9,6 %. Når det gjeld sosialhjelp var det ca. 80 personar i Hjelmeland kommune som mottok

dette i 2010, også her ligg vi i øverste enden blant Rogalandskommunane. Det kan vera ulike årsaker

til dette, men ei av årsakene kan vera den høge andelen av befolkninga med innvandrarbakgrunn,

gjerne spesielt flyktningfamiliar, då ein del av denne gruppa treng sosialhjelp i ein kort periode.

Men når det gjeld arbeidsløyse og sjukefråver er me av dei beste i fylket. Det var i 2011 berre 0,8 %

arbeidsløyse, og eit sjukefråver på kun 3,4 %. I tillegg var Rogaland i 2011 det “friskaste fylket” –

Hjelmeland var dermed i 2011 friskast i Rogaland, og Rogaland friskast i landet! Hjelmeland ligg også

lågt på statistikken over andelen av befolkninga som mottek uførepensjon, 6,6 % i juni 2011. Ser ein

statistikkane som er referert til over i ein samanheng, ser vi ein særs positiv tendens. Årsaka til dette

er uviss, men det kan sjå ut som om det har med kultur og mentalitet å gjera.

III Folkehelsekartlegging 2013

Omgjevnadar

Omgjevnadar er ein faktor som kan gjera stor innverknad på helsa, ved å drive gjennomtenkt og god

samfunns- og arealplanlegging bidreg vi difor til ei god folkehelse.

Hjelmeland er ein av dei kommunane som har lite anmeldte lovbrot. Når vi ser på fordeling av

kriminalitet i Hjelmeland i 2012, så er det vinning som dominerer. Dette dreiar seg om tjuveri av ulik

alvorsgrad, og utgjorde ca. 80 % av sakene i 2012.

Når det gjeld bustadar så kan det sjå ut til at det er ei utfordring å finne utleigebustadar i kommunen.

Hjelmeland var i 2010 den kommunen i Rogaland som disponerte flest kommunale bustadar, men

sidan den gong er mykje seld – eller skal seljast. Denne typen bustad er alikevel ikkje aktuelle for alle,

då dette er bustadar som vert leigde ut etter visse prioriteringar. Når det gjeld tomter så er det ein

del ledige fleire stadar i kommunen, i tillegg til reguleringsplanar som gir høve til salg av tomter.

Fysisk aktivitet er ein viktig faktor for å ha ei god folkehelse, og dei mange turstiane som er spreidd

rundt i kommunen gjer høve for dei fleste som ynskjer å vera aktive ute i naturen. Det er også ein del

gong- og sykkelstiar, men lange avstandar gjer at mange ikkje nyttar dei til skule og jobb. Ein finn

også leikeplassar og nærmiljøanlegg rundt om i kommunen, men dei fleste er nok tilknytt skule og

barnehage – sjølsagt til glede for befolkninga også utanom opningstid.

Ei utfordring som er verdt å nemne er at det er lite kollektivtransport i Hjelmeland. Ein har eit visst

buss- og båttilbod, men ein må alikevel kome seg til dei aktuelle avgangsstadane på eigenhand, noko

som kan vera ei utfordring dersom ein ikkje har tilgong til bil.

God luft- og vasskvalitet er også ein viktig faktor for god helse. Luftkvaliteten i Hjelmeland er relativt

bra, men det finnes ein del radon i kommunen. Frå og med 2014 kjem det nye rutinar for innmelding

om radonmålingar for kommunane, og vi vil då få eit større grunnlag for å seia noko om korleis

Hjelmeland ligg an i forhold til andre kommunar. Når det gjeld vasskvalitet kjem Hjelmeland svært

dårleg ut på statistikkar, noko som tilsynelatande har med rapporteringsfeil å gjera. Denne

statistikken vil difor mest sannsynleg visa andre tal frå og med 2012.

Oppvekst

Det er svært vanskeleg å sei noko om levevanane i Hjelmeland. Det er ikkje statistikk for Hjelmeland på dette feltet, og det er heller ikkje enkelt for fagfolk å kommentere det. Generelt sett er helsa blant barn og unge god i dag. Talet på mødre som røykjer i graviditeten har gått ned, tannhelsa er blitt betre, og rusmiddelbruk blant ungdom er gått ned. Overvekt derimot er eit aukande problem, 9-åringane bevegar seg nok, men aktiviteten minkar med alderen. Ein ser same tendens i Hjelmeland som elles i landet når det gjeld barn og overvekt. Når det gjeld tannhelsa, så har det i Hjelmeland vore ei negativ utvikling dei siste åra, og ein ser færre kariesfrie 5-åringar. Helsestasjonen og tannhelsetenesta arbeidar difor aktivt med å informere foreldre om korleis ein får ei god tannhelse. Helsestasjonen har eit stort ansvarsområde, og er eit særs viktig ledd i det førebyggjande og helsefremjande arbeidet, i tillegg til å vera ein viktig faktor i integreringsarbeidet. Etter normtall skulle kommunen hatt ei 100 % stilling til som helsesøster, noko ein til no ikkje har sett seg råd til.

IV Folkehelsekartlegging 2013

Barnevernet i Hjelmeland har dei siste 5 - 6 åra gått frå å ha 20 – 25 saker til 60 i 2012. Ei slik auke treng ikkje vera negativt, då mellom anna større tiltaksspekter enn før gjer at fleire kan nytte seg av tilbod frå barne- og familieseksjonen på eit tidleg tidspunkt, og unngå at problema hopar seg opp og krev meir omfattande tiltak. Ein ser også i barnevernet at språk- og kultur forskjellar kan føra til utfordringar for innvandrarfamiliar som kjem til Hjelmeland. I 2010 låg Hjelmelandsbarnehagane nedst på statistikken i Rogaland over andel styrarar og pedagogiske leiarar med godkjent førskuleutdanning, med ein andel på berre 41,7 %. Når det gjeld skulane er situasjonen noko annleis. Her låg Hjelmeland i 2010 rett over snittet, med ein andel på 80,8 % av avtalte årsverk som har universitets-/høgskuleutdanning og pedagogisk utdanning. Når det gjeld barne- og ungdomsmiljø rapporterer skular og barnehagar om relativt godt miljø, sjølv om det også her oppdagas mobbing. Internett og sosiale medier fører til nye typar utfordringar, og gjerne problemstillingar ein ikkje hadde tidlegare. Skulane og barnehagane i Hjelmeland har etterkvart fått ein internasjonal karakter og er dermed også ein viktig arena for integrering. Stort sett fungerer det greitt, men språk- og kulturforskjellar kan til tider gje utfordringar, både med elev og foreldre. Ein ser også at sosial kompetanse i skulen er viktig, og kan bidra til at problemløysing skjer på eit tidlegare tidspunkt. I 2010 var det 16,4 % av elevane frå Hjelmeland som ikkje fullførte vidaregåande skule, medan det på fylkes- og landsnivå var henhaldsvis 23 % og 25,6 %. “Drop out” - andelen er difor mindre i Hjelmeland enn mange andre stader, til tross for at vi ikkje har vidaregåande skule i kommunen.

Vaksne og eldre

Det er også vanskeleg å sei noko om levevanane blant vaksne og eldre i Hjelmeland. Pr. mars 2013 var det registrert ca. 70 ulike lag og organisasjonar på kommunen sine adresselister, noko som tyder på eit stort frivillig engasjement. Kommunen samarbeider med fleire av desse laga, både i forbindelse med folkehelsearbeid og ulike andre tilbud for innbyggjarane i Hjelmeland. Mykje av dette samarbeidet foregår via Frivilligsentralen, som også er ein viktig arena for integrering, og som har stort fokus på å inkludere innvandrarar i frivillige lag og organisasjonar. Når det gjeld livsstilsendringar- og råd, ser ein generelt sett tendensar på at folk i distrikta ofte ligg litt etter, men det kan sjå ut som om folk i Hjelmeland, som elles i Rogaland, i aukande grad er fysisk aktive. Ein ser alikevel at tendensen med overvektsproblematikk nok er den same i Hjelmeland som elles i landet. Hjarte- og karsjukdommar og kreft er våre største folkesjukdommar målt i dødsfall og sjukdomsbelastning. Statistiske tal for Hjelmeland viser at dødelegheiten er blant dei høgaste i Rogaland for begge desse sjukdomsgruppene, men det må nemnast at slik statistikk for ein så liten kommune som Hjelmeland er svært usikker. Det vert generelt sett brukt lite legemidlar i Hjelmeland, med unntak av legemidlar mot hjarte- og karsjukdommar. Det er lite legemiddelbruk mot KOLS og Diabetes – 2 i Hjelmeland, og ein er flinke til å følgje opp pasientar som har fått, eller står i fare for å få, slike diagnosar. Når det gjeld psykiske lidingar vert det heller ikkje brukt mykje legemidlar i Hjelmeland. Ulukker som t.d. lårhalsbrot kan gje store utfordringar både for den enkelte og samfunnsmessig. Statistikken for Hjelmeland når det gjeld sjukehusopphald i forbindelse med lårhalsbrot viser til tider høge tal, men ser ein det over lang tid er kurva nokså gjennomsnittleg. Med ein stor andel eldre i befolkninga, må ein også rekna med at slike ulukker skjer oftare enn dei ville gjort i ei yngre befolkning.

V Folkehelsekartlegging 2013

VI Folkehelsekartlegging 2013

INNHALD FIGURLISTE: ............................................................................................................................................ IX

1 INNLEIING: ............................................................................................................................................ 1

2 DEMOGRAFI .......................................................................................................................................... 2

Stort areal, men få innbyggjarar ..................................................................................................... 2

Eldre enn før og stadig meir sjølvhjelpte? ....................................................................................... 3

Usikker befolkningsutvikling og aldersframskriving ........................................................................ 4

16 % av Hjelmelandsbefolkninga har innvandrarbakgrunn ............................................................ 5

Med eller utan plikt/rett til norskopplæring? .................................................................................. 7

Større andel yrkesaktive menn ........................................................................................................ 7

Vi får lengre og lengre liv................................................................................................................. 8

3 LEVEKÅR .............................................................................................................................................. 10

Sosiale skilnadar i helse ................................................................................................................. 10

Mange låginntektshushaldningar ................................................................................................. 13

Lite arbeidsløyse ............................................................................................................................ 15

Friske Hjelmelandsbuar ................................................................................................................. 16

Få som mottek uførepensjon ......................................................................................................... 17

4 OMGJEVNADAR .................................................................................................................................. 22

Få anmeldingar .............................................................................................................................. 22

Utfordrande å finne leigebustad? ................................................................................................. 23

Ledige tomter ................................................................................................................................ 24

Ut i naturen.................................................................................................................................... 25

Lite kollektivtilbod ......................................................................................................................... 25

Luftforureining ............................................................................................................................... 26

Støy og arealplanlegging ............................................................................................................... 27

Usikker vasskvalitet ....................................................................................................................... 27

5 OPPVEKST ........................................................................................................................................... 28

VII Folkehelsekartlegging 2013

Levevanar .......................................................................................................................................... 28

Myta om “den sunne landsbygda” ................................................................................................ 28

Gravid i Hjelmeland ....................................................................................................................... 28

Fødselsvekt .................................................................................................................................... 29

God effekt av tidleg innsats ........................................................................................................... 30

Færre kariesfrie 5-åringar .............................................................................................................. 31

Stort behov for ei til helsesyster .................................................................................................... 32

Auke i antal barnevernsakar treng ikkje vera negativt ................................................................. 33

Kvalitet i barnehage og skule ........................................................................................................ 35

Barne- og ungdomsmiljø ................................................................................................................... 37

Førebyggjande arbeid allereie på barnehagenivå ......................................................................... 37

Positivt for miljøet med felles aktivitetar ...................................................................................... 37

Sosial kompetanse er viktig ........................................................................................................... 37

Ein skule med internasjonal karakter ............................................................................................ 38

Ungdom og rus .............................................................................................................................. 38

Ørebro Preventionsprogram .......................................................................................................... 39

Ny handlingsplan om rus – eit samarbeid mellom lokale NAV-kontor .......................................... 39

Få “drop-out’s” frå Hjelmeland ..................................................................................................... 40

“Ny giv” .......................................................................................................................................... 40

6 VAKSNE OG ELDRE .............................................................................................................................. 41

Levevanar .......................................................................................................................................... 41

Lite konkret informasjon om vanane våre ..................................................................................... 41

Stort frivillig engasjement i mange lag og organisasjonar ........................................................... 43

Sosial inkludering ........................................................................................................................... 43

Integrering og ”Bulyst” .................................................................................................................. 44

Sjukdommar og dødelegheit ............................................................................................................. 45

“God helse, men kroppen sviktar” ................................................................................................. 45

VIII Folkehelsekartlegging 2013

Lite legemiddelbruk ....................................................................................................................... 46

Hjarte- og karsjukdommar ............................................................................................................ 47

Kreft ............................................................................................................................................... 50

Type 2 – diabetes........................................................................................................................... 53

Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS) ...................................................................................... 55

Psykiske lidingar ............................................................................................................................ 57

Ulukker .......................................................................................................................................... 60

Gode helse- og omsorgstilbod....................................................................................................... 63

KJELDAR: ................................................................................................................................................ 64

Hovudkjeldar ..................................................................................................................................... 64

Kjeldar demografi .......................................................................................................................... 64

Kjeldar levekår ............................................................................................................................... 64

Kjeldar omgjevnadar ..................................................................................................................... 64

Kjeldar oppvekst ............................................................................................................................ 65

Kjeldar vaksne og eldre ................................................................................................................. 65

IX Folkehelsekartlegging 2013

FIGURLISTE:

Figur 1: Befolkningsutvikling i Hjelmeland frå 1986 til 2011. Kjelde: Pandamodellen, SSB, Asplan Viak.

................................................................................................................................................................. 2

Figur 2: Befolkningas samansetning i Hjelmeland i 2000, 2010, 2020, 2030 og 2040. Begge kjønn.

Kjelde: Pandamodellen, SSB, Asplan Viak................................................................................................ 3

Figur 3: Gjennomsnittleg årleg vekst i fylka, 2001 – 2011. Kjelde: Pandamodellen, SSB, Asplan Viak. .. 4

Figur 4: Innvandrarane sin andel av samla befolkning i 2011. Kommunane i Rogaland, Rogaland og

heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak ...................................................................................................... 5

Figur 5: Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, etter landbakgrunn, pr. 01.01.13.

Kjelde: SSB ............................................................................................................................................... 6

Figur 6: Befolkningssamansetninga i Hjelmeland i 2010. Begge kjønn. Kjelde: Pandamodellen, SSB,

Asplan Viak .............................................................................................................................................. 7

Figur 7: Forventa levealder i Hjelmeland og Finnøy, 2011 – 2040. Kvinner og menn. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsakregisteret, Asplan Viak. ................................................................................ 8

Figur 8: Forventa levealder for menn. 1995 – 2009. Kommunane i Rogaland, Rogaland og heile landet.

Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsakregisteret, Asplan Viak. .................................................................... 9

Figur 9: Andelen over 16 år med uoppgitt eller ingen fullført utdanning i 2010. Alle fylke. Kjelde: SSB,

Asplan Viak. ........................................................................................................................................... 10

Figur 10: Utdanningsnivå i Hjelmeland. 1980 – 2010. Begge kjønn. Kjelde: SSB, Asplan Viak. ............ 11

Figur 11: Andelen over 16 år med grunnskule som høgaste utdanning i 2010. Begge kjønn. Alle

kommunane i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak. ..................................... 12

Figur 12: Andel personar i låginntektshushaldningar (EU skala) i 2009. Alle kommunane i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak............................................................................... 13

Figur 13: Hushaldningane si gjeldsbelastning i Hjelmeland, 2009. Kjelde: SSB, Asplan Viak. ............... 14

Figur 14: Andel arbeidsledige av arbeidsstyrka pr. september 2011. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak............................................................................... 15

Figur 15: Andel tapte dagsverk, grunna sjukefråver, av avtalte dagsverk pr. 2. kvartal 2011. Begge

kjønn, alle aldrar. Alle fylke og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak. ................................................ 16

Figur 16: Andel tapte dagsverk, grunna sjukefråver, av avtalte dagsverk pr. 2. kvartal 2011. Begge

kjønn, alle aldrar. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak. .. 16

Figur 17: Årsakar til uførepensjon etter diagnose i 2009. Begge kjønn, alle aldrar. Kjelde: NAV, Asplan

Viak. ....................................................................................................................................................... 17

X Folkehelsekartlegging 2013

Figur 18: Antal uførepensjonistar i aldersgruppa 18 – 29 år, pr. juni 2011. Begge kjønn, 18 – 29 år.

Kjelde: NAV, Asplan Viak. ...................................................................................................................... 18

Figur 19: Antal uførepensjonistar fordelt på alder i Hjelmeland, pr. juni 2011. Kjelde: NAV, Asplan

Viak. ....................................................................................................................................................... 18

Figur 20: Andel av befolkninga mellom 18 – 67 år som mottok uførepensjon pr. 30. juni 2011. Alle

kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak. ...................................... 19

Figur 21: Endring i andelen av befolkninga som mottok uførepensjon frå 2010 – 2011. Alle kommunar

i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak. ......................................................... 19

Figur 22: Andelen av befolkninga som mottok sosialhjelp i 2010. Alle aldrar. Alle kommunar i

Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak. ............................................................ 20

Figur 23: Mottakarar av sosialhjelp fordelt på aldersgrupper. 1997 – 2010. Kjelde: SSB, Asplan Viak. 21

Figur 24: Anmelde lovbrot pr. 1000 innbyggjarar i 2010. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile

landet. Kjelde: Kommunehelsa/Kriminalstatistikk SSB, Asplan Viak. .................................................... 22

Figur 25: Andelen av kommunalt disponerte boligar pr. 1000 innbyggjarar i 2010. Alle kommunar i

Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak. ............................................................ 23

Figur 26: Andel av bustadmassen pr. 2011 bygde i år 2001 og etter. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak............................................................................... 24

Figur 27: Utslepp av partiklar i tonn pr. 1000 innbyggjarar i 2007. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: Kommunehelsa/SSB, Statens Forurensningstilsyn (SFT). ................. 26

Figur 28: Andel av tilfredsstillande analyseresultat på drikkevasskvalitet i Hjelmeland og Finnøy. 2006

– 2011. Kjelde: Folkehelseinstituttet/Kommunehelsa. .......................................................................... 27

Figur 29: Andelen gravide som røykjer dagleg ved svangerskapets begynnelse og ved svangerskapets

slutt, for Rogaland og heile landet. 1999 – 2010. Kjelde: Medisinsk fødselsregister (MFR), Asplan Viak.

............................................................................................................................................................... 28

Figur 30: Andelen fødde med fødselsvekt over 4,5 kg. 1976 – 2006. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og

heile landet. Kjelde: Medisinsk fødselsregister (MFR), Asplan Viak. ..................................................... 29

Figur 31: Andelen fødde med fødselsvekt under 2,5 kg. 1976 – 2006. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og

heile landet. Kjelde: Medisinsk fødselsregister (MFR), Asplan Viak. ..................................................... 30

Figur 32: Andelen 8-åringar med overvekt og fedme i 2010. Jenter og gutar. Helseregionar og heile

landet. Kjelde: Undersøkinga “Barns vekst i Norge”/Norgeshelsa, Asplan Viak. .................................. 30

Figur 33: Andelen 5-åringar utan karieserfaring i 2010. Ulike kommunar og regionar i Rogaland, og

Rogaland. Kjelde: Tannhelse Rogaland, SSB, Asplan Viak. .................................................................... 31

Figur 34: Årsverk av helsesystre, målt i årsverk pr. 10 000 innbyggjarar i alderen 0 – 5 år. 2004 – 2008.

Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Kjelde: Kostra/SSB, Asplan Viak. ................................. 33

XI Folkehelsekartlegging 2013

Figur 35: Andel barn med barnevernstiltak i forhold til innbyggjarar i alderen 0 – 17 år. 2000 – 2010.

Hjelmeland, Finnøy og Stavanger. Kjelde: Kostra/SSB, Asplan Viak. .................................................... 33

Figur 36: Andel barn med barnevernstiltak i forhold til innbyggjarar i alderen 0 – 17 år i 2010. Alle

kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde, Kostra/SSB, Asplan Viak. ............................ 34

Figur 37: Andel styrarar og pedagogiske leiarar med godkjent førskuleutdanning i 2010. Alle

kommunar i Rogaland, gjennomsnittet for Rogaland og alle norske kommunar. Kjelde: SSB, Asplan

Viak. ....................................................................................................................................................... 35

Figur 38: Andel lærarar i grunnskulen med universitets-/høgskuleutdanning og pedagogisk utdanning

av avtalte årsverk i grunnskulen i 2010. Alle kommunar i Rogaland og gjennomsnittet for alle norske

kommunar. Kjelde: SSB, Asplan Viak. .................................................................................................... 36

Figur 39: Utdrag frå spørjeundersøking blant 8. – 10. kl. elevar i 2012. Kjelde: Kulturseksjonen. ....... 39

Figur 40: Andelen som ikkje fullførte vidaregåande skule i 2010. 2 års glidande gjennomsnitt. Alle

kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: Kommunehelsa, SSB, Asplan Viak. ............. 40

Figur 41: Fysisk aktivitet i Agder og Rogaland. 1998, 2002, 2005 og 2008. Kjelde: Helse- og

levekårsundersøkelsen, SSB, Asplan Viak. ............................................................................................. 41

Figur 42: Andel daglegrøykjarar (16 – 74 år) i Rogaland og heile landet. Menn og kvinner. Frå

tidsperioden 1995 – 1999 til 2006 – 2010. Kjelde: SSB, Asplan Viak. .................................................... 42

Figur 43: Rusvanar i Agder og Rogaland. 1998, 2002, 2005 og 2008. Menn og kvinner. Kjelde: SSB,

Asplan Viak. ........................................................................................................................................... 43

Figur 44: Antal pr. 1000 innbyggjarar (0 – 74 år) som brukar legemidlar i 2010. Alle kommunar i

Rogaland, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn.

Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak. ........................................................................ 46

Figur 45: Antal pr. 1000 innbyggjarar (0 – 74 år) som brukar midlar mot hjarte- og karsjukdom. 2007

– 2010. Kvinner og menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande

gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

............................................................................................................................................................... 47

Figur 46: Antal døde av hjarte- og karsjukdommar pr. 100 000 innbyggjarar (0 – 74 år) i 2009. Alle

kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande

gjennomsnitt. Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak. ......................................... 48

Figur 47: Antal døde av hjarte- og karsjukdommar pr. 100 000 innbyggjarar (0 – 74 år) pr. år. 1995 –

2009. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Begge kjønn. Alders- og kjønnsstandardisert. 10

– årige glidande gjennomsnitt. Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak. .............. 49

Figur 48: Antal døde av hjarte- og karsjukdommar i Hjelmeland og Finnøy, pr. 100 000 innbyggjarar (0

– 74 år) pr. år. 1995 – 2009. Kvinner og menn. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande

gjennomsnitt. Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak. ......................................... 49

XII Folkehelsekartlegging 2013

Figur 49: Nye krefttilfeller i Hjelmeland og Finnøy, pr. 100.000 innbyggjarar pr. år. 2005 – 2010. Alle

aldrar. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde: FHI, Kreftregisteret.

............................................................................................................................................................... 50

Figur 50: Antal døde av kreft pr. 100 000 innbyggjarar i 2009. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland

og heile landet. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak. ............................................................................ 51

Figur 51: Antal døde av kreft i Hjelmeland og Finnøy, pr. 100 000 innbyggjarar pr. år. 1995 – 2009.

Kvinner og menn. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak. ............................................................................ 52

Figur 52: Antal pr. 1000 innbyggjarar som brukar blodglukosesenkande midlar, ekskl. insulin (diabetes

type – 2 legemidlar), 2009 – 2011. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Kjelde:

Kommunehelsa/SSB. .............................................................................................................................. 53

Figur 53: Antal pr. 1000 innbyggjarar (45 – 74 år) som brukar midlar mot KOLS og astma. 2007 –

2010. Kvinner og menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt,

standardisert for alder og kjønn. Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak. ................... 55

Figur 54: Antal døde av KOLS, emfysem og kronisk bronkitt pr. 100 000 innbyggjarar i 2009. Alle

kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Alders- og kjønsstandardisert. 10 – årige glidande

gjennomsnitt. Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak. ......................................... 56

Figur 55: Antal pr. 1000 innbyggjarar som brukar antidepressive legemidlar pr. år, 2007 – 2010.

Kvinner og menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt,

standardisert for alder og kjønn. Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak. ................... 57

Figur 56: Antal pr. 1000 innbyggjarar som brukar antipsykotiske legemidlar pr. år, 2007 – 2010.

Kvinner og menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt,

standardisert for alder og kjønn. Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak. ................... 58

Figur 57: Antal pr. 1000 innbyggjarar (0 – 74 år) som brukar sovemidlar og beroligande midlar. 2007

– 2010. Kvinner og menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande

gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

............................................................................................................................................................... 59

Figur 58: Antal sjukehusopphald pr. 1000 innbyggjarar forårsaka av lårhalsbrot. 1999 – 2010.

Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Kjelde: Norsk Pasientregister, Asplan Viak. ................ 60

Figur 59: Antal yrkesskadar i 2010. Alle kommunar i Rogaland. Kjelde: Arbeidstilsynet, Asplan Viak. 61

Figur 60: Yrkesskadar fordelt på næring i Hjelmeland i 2010. Kjelde: Arbeidstilsynet, Asplan Viak. .... 61

Figur 61: Antal ulukker i trafikken i 2010. Alle kommunar i Rogaland og Rogaland. Kjelde: Statens

Vegvesen/SSB, Asplan Viak. .................................................................................................................. 62

Figur 62: Andelen av befolkninga som mottek heimetenestar i Hjelmeland, fordelt etter alder. 2007 –

2010. Kjelde: SSB, Asplan Viak. .............................................................................................................. 63

1 Folkehelsekartlegging 2013

1 INNLEIING:

Rogaland Fylkeskommune utarbeidde i 2012 rapporten ”Kartlegging av helsetilstanden i Rogaland”. Rapporten tek utgongspunkt i ei rekkje utvalgte indikatorar som er utarbeida av sekretariatet for Regionalplan for Folkehelse i Rogaland på bakgrunn av mellom anna anbefalingar frå Helsedirektoratet. Statistikken tek utgongspunkt i allereie eksisterande datakjeldar og hovudkjeldane som er brukt er SSB/Panda-modellen, Kommunehelsa, Norgeshelsa og Folkehelseinstituttet. Rogaland Fylkeskommune har samstundes gjort det mogleg for kommunane i fylket å bruke same statistikkgrunnlag i sine kartleggingar, noko som er gjort i dette dokumentet. I tillegg byrja Folkehelseinstituttet i 2012 og gje ut folkehelseprofilar for kvar kommune, som eit bidrag til kommunane sitt arbeid med å skaffe seg oversikt over helsetilstanden i befolkninga, dette er også med og dannar grunnlaget for kartlegginga av helsetilstanden i Hjelmeland.

I og med at Hjelmeland Kommune er ein relativt liten kommune, med sine om lag 2.800 innbyggjarar, vert statistiske tal ofte usikre. Dette kan skuldas personvernhensyn eller at talgrunnlaget blir for spinkelt til å gi rimeleg påliteleg statistikk. Ein bør helst vera mellom 10.000 og 20.000 personar for å få sikker – signifikant – statistikk. For å kunne få eit reelt bilde av situasjonen i Hjelmeland tar me difor utgongspunkt i ei rekkje utvalde indikatorar som talgrunnlag, men utfyllar det med å la fagfolk innan dei ulike felta få kommentere statistikken og deira erfaringar kring dei ulike emna.

2 Folkehelsekartlegging 2013

2 DEMOGRAFI

Stort areal, men få innbyggjarar

Hjelmeland Kommune er arealmessig ca. 15 gonger større enn Stavanger, og dermed den nest

største kommunen i Rogaland. Når det gjeld befolkningsantal ligg vi i motsett ende av skalaen, vi er

den 6 minste kommunen i Rogaland i forhold til folkemengd. Denne kombinasjonen gjev oss ein del

utfordringar, mellom anna med tanke på skulestruktur og samferdsel.

2 550

2 600

2 650

2 700

2 750

2 800

2 850

2 900

1986 1987 1988 1989 1990 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011

Folk

em

en

gde

pr

1. j

anu

ar

Befolkningsutvikling i Hjelmeland

Velg år

Velg kommune/Rogaland

Figur 1: Befolkningsutvikling i Hjelmeland frå 1986 til 2011. Kjelde: Pandamodellen, SSB, Asplan Viak.

Befolkningsantalet har sidan midten av 80 – åra gradvis minka, men i 2008 snudde trenden. Det var

da ei auke att fram til 2011 og har sidan vore ein liten nedgang. I gjennomsnitt har det vore ein årleg

befolkningsvekst på 0,2 % frå 2001 – 2011 i Hjelmeland kommune. Pr. 01.07.13 var

befolkningsantalet i Hjelmeland 2790 personar.

3 Folkehelsekartlegging 2013

Eldre enn før og stadig meir sjølvhjelpte?

7,5 %

9,9 %

4,7 %

6,3 %

6,8 %

47,1 %

10,0 %

7,6 %

8,5 %

9,6 %

4,4 %

5,3 %

6,2 %

51,4 %

9,2 %

5,3 %

8,3 %

10,0 %

3,8 %

5,3 %

6,3 %

49,8 %

11,9 %

4,6 %

8,0 %

9,6 %

4,0 %

5,4 %

5,9 %

48,7 %

12,0 %

6,5 %

7,6 %

9,0 %

4,0 %

5,3 %

6,1 %

48,5 %

11,8 %

7,9 %

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60%

Barnehagebarn 0-5 år

Barneskolebarn 6-12 år

Ungdomsskolebarn 13-15 år

Videregående skole 16-19 år

Unge voksne 20-24 år

Yrkesaktiv alder 25-66 år

Unge pensjonister 67-79 år

Over 80 år

Begge kjønn

Andel av befolkningen

Fremtidig alderstruktur i Hjelmeland

2040

2030

2020

2010

2000

Velg år

Velg kommune Velg kjønn

Figur 2: Befolkningas samansetning i Hjelmeland i 2000, 2010, 2020, 2030 og 2040. Begge kjønn. Kjelde: Pandamodellen,

SSB, Asplan Viak.

I 2010 var 51,4 % av befolkninga i yrkesaktiv alder (25 – 66 år), medan 5,3 % var over 80 år. I 2040 er

det forventa at 48,5 % av befolkninga er i yrkesaktiv alder, medan 7,9 % er over 80 år. Ein ser også

ein svak nedgong i antal barnehageborn (0 – 5 år) fram mot 2040, frå 8,5 % av befolkninga i 2010 til

7,6 % i 2040.

Kunnskap om befolkningsutvikling og befolkningas samansetning er ein viktig føresetnad for å kunna

sei noko om kva helseutfordringar vi har i dag, og kva som mest sannsynleg kjem til å komma

framover. Det er og eit viktig utgangspunkt for å kunne vurdere moglegheiter i folkehelsearbeidet, og

for å finne førebyggingspotensial. Mellom anna kan det verta ei utfordring dei kommande tiåra

dersom mangelen på sjukepleiarar og anna helsepersonell vedvarar. Med ein mindre andel av

befolkninga i yrkesaktiv alder er det færre personar til å ta seg av den aukande andelen eldre, noko

som kan gje store utfordringar i helse- og omsorgssektoren. Men det er likevel såpass lenge til denne

auka i eldre kjem i Hjelmeland, at situasjonen mest sannsynleg vil vera ein annan en den er i dagens

samfunn. Velferdsteknologien er med å gjer at folk bur lenger heime hjå seg sjølv, demens- og

kreftbehandlinga vert stadig betre, og generelt sett gjer utviklinga at folk er sjølvhjelpte lengre og

klarar seg lengre på eigenhand. Dei fleste ynskjer å bu heime lengst mogleg, og i tillegg sparar

samfunnet store summar på å heller hjelpe folk i heimen, enn å tildele dei institusjonsplass.

Ein institusjonsplass kostar om lag kr. 1.000.000 i året, medan

full heimehjelpsteneste har ein kostnad på om lag kr. 100.000.

4 Folkehelsekartlegging 2013

Usikker befolkningsutvikling og aldersframskriving

Aldersframskrivinga for Hjelmeland er nok relativt usikker grunna store endringar i

samferdselsstrukturen regionalt. Med nye prosjekt som Ryfast, Sandsfjordbru, og mest sannsynleg

Årdalstunellen, kan prognosane for framtidig aldersstruktur i Hjelmeland fort endra seg. Med

vesentleg kortare reis til/frå Stavanger/Sandnes-området vil ein nok på sikt kunne få ei

befolkningsauke. Vi kan få fleire fastbuande pensjonistar no som vegen til hytta vert kortare, noko

som potensielt kan føra til ei auke i ulike behov innafor helse- og omsorgstenesta. Mest sannsynleg

vil ein og få ei auke i barnefamiliar som vil bu i Hjelmeland og pendla til meir attraktive arbeidsplassar

i andre deler av regionen, noko som igjen vil føra til auka behov for barnehageplassar i dei ulike

grendane.

Figur 3: Gjennomsnittleg årleg vekst i fylka, 2001 – 2011. Kjelde: Pandamodellen, SSB, Asplan Viak.

Rogaland var frå 2001-2011 blant dei fylka med høgast årleg befolkningsvekst. Oljenæringa gjev

mange arbeidsplassar i Stavanger-området, og er nok den største grunnen til auka. Når Ryfast er på

plass må nok Hjelmeland også rekne med å få fleire innbyggjarar med arbeid i denne regionen, og me

vil nok sjå ein større vekst-prosent i åra etter 2019, når Ryfast skal stå ferdig, enn vi har gjort til no.

0,01 %

0,17 %

0,22 %

0,23 %

0,35 %

0,38 %

0,40 %

0,68 %

0,86 %

0,86 %

0,89 %

0,93 %

0,93 %

1,03 %

1,05 %

1,34 %

1,43 %

1,53 %

-2% -1% 0% 1% 2% 3%

Finnmark

Nordland

Sogn og Fjordane

Oppland

Hedmark

Telemark

Nord-Trøndelag

Troms

Møre og Romsdal

Aust-Agder

Vestfold

Hele landet

Buskerud

Østfold

Vest-Agder

Sør-Trøndelag

Hordaland

Rogaland

Akershus

Oslo

Gjennomsnittlig prosentvis årlig vekst

Gjennomsnittlig årlig vekst 2001-2011

- 0,07%

- 0,08%

5 Folkehelsekartlegging 2013

16 % av Hjelmelandsbefolkninga har innvandrarbakgrunn

Hjelmeland er ein av dei kommunane i Rogaland med størst andel av befolkninga med

innvandrarbakgrunn, med ein andel på 16 % pr. 01.01.13. Hovuddelen av desse er

arbeidsinnvandrarar frå Europa, men det kjem også ein del flyktningar til Hjelmeland.

Innvandrarbakgrunn er definert som personar som sjølv er født i utlandet, med foreldre som også er

det, eller personar født i Norge men der begge foreldra er født i utlandet. I eit folkehelseperspektiv

kan dette gje både positive og negative utslag. Mellom anna gjev innvandring høve til å utvikle

næringslivet og å auka befolkningstalet, medan språk, kulturforskjellar og integrering kan verta ei

utfordring. Det er spesielt viktig å ha fokus på å utjamne dei sosiale skilnadane i helse når befolkninga

vår består av så mange ulike kulturar, då utdanning, inntekt, språk, kulturforskjellar osb. ofte

medverkar til at skilnadane vert større. Desse forskjellane gjeld sjølvsagt også mellom etniske

nordmenn, men gapet er ofte større når ein går over landegrenser. Ein positiv tendens vi ser her i

Hjelmeland, som bidreg sterkt til god integrering og som er med på å utjamne desse forskjellane, er

at mange av innvandrarane deltek i frivillige lag og organisasjonar. Mange er aktivt med i ulike lag, og

fleire har også tillitsverv i styrer.

3,3

5,4

5,7

5,9

6

6,3

7

7,2

7,3

7,3

7,4

7,9

8,1

8,3

8,4

8,9

8,9

9

9,9

10,4

10,8

12,5

12,6

13,8

13,9

14,7

17,7

24,4

0 5 10 15 20 25 30

Sokndal

Sauda

Forsand

Bokn

Bjerkreim

Tysvær

Karmøy

Strand

Suldal

Lund

Kvitsøy

Vindafjord

Time

Utsira

Randaberg

Rennesøy

Gjesdal

Eigersund

Klepp

Finnøy

Rogaland

Haugesund

Sola

Hjelmeland

Sandnes

Stavanger

Hele landet

Andel av befolkningen

Innvandrernes andel av samlet befolkning i 2011

Velg år

Figur 4: Innvandrarane sin andel av samla befolkning i 2011. Kommunane i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB,

Asplan Viak

Frå 2007 til 2013 har innvandraranes andel av befolkninga i Hjelmeland gått frå 7,8 %

til 16 %.

Hovudårsaka til dette er nok utviding av EU, og dermed større internasjonal flyt av

arbeidskraft.

6 Folkehelsekartlegging 2013

På figuren under ser vi fordeling etter landbakgrunn pr. 01.01.13, og ser at det er flest innbyggjarar

frå Litauen, Tyskland og Polen. Dei fleste som kjem til Hjelmeland frå desse landa, kjem hit for å

arbeide.

Figur 5: Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, etter landbakgrunn, pr. 01.01.13. Kjelde: SSB

7 Folkehelsekartlegging 2013

Med eller utan plikt/rett til norskopplæring?

Ein ser at språk er ei utfordring, både for ungar og vaksne, når dei kjem til Norge. På ungdomsskulen

er det fleire ulike språk, og ein ser at dei som snakkar same språk kan ha ein tendens til å danne

“klikkar”. Det same skjer også i stor grad ute i arbeidslivet, og er ei viktig årsak til at mange slit med å

læra seg norsk. Utan god kommunikasjon er det også vanskeleg å ta del i lokalsamfunnet, og ein kan

ha lett for å falle utanfor fritidsaktivitetar og arrangement som ikkje skjer gjennom

skule/arbeidsgjevar. Dette kan vera einsamt for mange, då vår kultur for dei fleste er framand, i

tillegg til at dei fleste er langt frå familie og vener. Det er heller ikkje mykje avlastning i familiane, når

nettverket er for lite.

Flyktningar og personar som kjem til landet på grunn av familiegjenforening har både plikt og rett til

norskopplæring. Personar med opprinnelsesland utanfor EØS/EU-områder har plikt til

norskopplæring, men ikkje rett til det. Når det gjeld personar innanfor EØS/EU- områder har dei

verken plikt eller rett til norskopplæring, med mindre dei har eit ynskje om å bli norske statsborgarar.

Dette vil seie at storparten av innvandrarane i Hjelmeland ikkje har verken plikt eller rett til

norskopplæring, då det er fleire arbeidsinnvandrarar enn flyktningar i kommunen. Dei kan gå på

norskkurs, men må då ta kostnaden sjølv. Førebels er det lite tilrettelagt for å tilby slike kurs, men

gjennom prosjektet “Frå innvandrar til innbyggjar” vert det jobba konkret med dette.

Større andel yrkesaktive menn

124

140

52

72

90

689

128

85

115

130

71

78

85

758

132

65

0 100 200 300 400 500 600 700 800

Barnehagebarn (0-5 år)

Barneskolebarn (6-12 år)

Ungdomsskolebarn (13-15 år)

Videregående skole (16-19 år)

Unge voksne (20-24 år)

Yrkesaktiv alder (26-66 år)

Unge pensjonister (67-79 år)

Over 80 år

Aldersstruktur - Hjelmeland i 2010

Menn

Kvinner

Velg kjønn

Velg år Velg kommune/Rogaland/region

Figur 6: Befolkningssamansetninga i Hjelmeland i 2010. Begge kjønn. Kjelde: Pandamodellen, SSB, Asplan Viak

Av dei 16 % av befolkninga i Hjelmeland som er

av innvandrarbakgrunn, har berre ca. 1/3 rett

og/eller plikt til norskopplæring.

8 Folkehelsekartlegging 2013

At det er meir menn enn kvinner i yrkesaktiv alder i Hjelmeland kan ha med at kvinnene reiser ut av

kommunen for å utdanne seg, og ikkje kjem attende til kommunen for å jobbe. Det er stor andel av

jordbruk- og handverksyrke i Hjelmeland, og dette er arbeidsplassar som ofte er mannsdominerte.

Det er ikkje så mange arbeidsplassar for høgare utdanna kvinner, noko som kanskje fører til at dei

finn seg arbeid og bustad i andre kommunar. Det kan også vera tilfeldigheter eller ha andre

forklaringar, men framskrivinga av aldersstrukturen viser uansett at dette mest sannsynleg vil vera

likt i 2040.

Vi får lengre og lengre liv

76

78

80

82

84

86

88

2011 2015 2020 2025 2030 2035 2040

Forv

en

tet

leve

ald

er

Forventet levealder

Kvinne - Finnøy

Kvinne - Hjelmeland

Mann - Finnøy

Mann - Hjelmeland

Velg kjønn

Velg kommune/Rogaland/Norge

Velg år

Figur 7: Forventa levealder i Hjelmeland og Finnøy, 2011 – 2040. Kvinner og menn. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsakregisteret, Asplan Viak.

Vi veit meir idag om kva som er bra og dårleg for helsa vår enn det vi gjorde tidlegare – noko som

igjen fører til at den forventa levealderen på både kvinner og menn aukar. Tradisjonelt sett ser ein til

dømes at enker har ein tendens til å leve lenger enn enkemenn, noko som kan gjere utslag på

levealderstatistikk. Det kan sjå ut til at eldre menn oftare har dårlegare fysisk helse enn eldre kvinner.

Dei har gjerne eit mindre sosialt aktivt liv og også gjerne eit dårlegare kosthald. I tillegg har dei oftare

slitasjeyrke, og oppsøkjer lege seinare, noko som igjen kan føre til at ein oppdagar sjukdom seinare.

God fysisk form gjer ofte den psykiske helsa betre,

men ein kan likevel ha god psykisk helse om den

fysiske er dårleg.

9 Folkehelsekartlegging 2013

76

76

76

76

77

77

77

77

77

77

78

78

78

78

79

79

79

79

79

79

79

79

79

79

79

79

80

80

74 75 76 77 78 79 80 81

Eigersund

Haugesund

Sauda

Karmøy

Hele landet

Rogaland

Hjelmeland

Stavanger

Gjesdal

Sokndal

Time

Sandnes

Strand

Lund

Kvitsøy

Rennesøy

Bjerkreim

Finnøy

Suldal

Klepp

Sola

Vindafjord

Bokn

Forsand

Tysvær

Randaberg

Utsira

Forventet levelader

Forventet levealder - menn i perioden 1995-2009

Velg år Velg kjønn

Figur 8: Forventa levealder for menn. 1995 – 2009. Kommunane i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsakregisteret, Asplan Viak.

Den forventa levealderen i perioden 1995 – 2009 var 77 år for menn og 83 år for kvinner her i

Hjelmeland. I 2040 er den forventa levealderen 84,18 år for menn, og 86,85 år for kvinner.

Det som er litt interessant er at menn “tek att” kvinnene, slik at det i 2040 vil vera litt over 2,5 år i

forskjell på levealderen, medan det i dag er ca. 7 år! Årsaka til dette er nok i hovudsak så enkel at

forskjellen minkar fordi mennene vert flinkare enn før til å ta vare på helsa, medan kvinnene allereie i

dag er ganske flinke.

Alderen aukar på begge kjønn, men forskjellen på

levealder mellom kvinner og menn vert mindre.

10 Folkehelsekartlegging 2013

3 LEVEKÅR

Sosiale skilnadar i helse

Å utjamne sosiale helseforskjellar er ein nødvendigheit for å oppnå ei god folkehelse blant heile

befolkninga. Det viser seg at sosioøkonomisk bakgrunn - utdanning, yrke og inntekt - har stor

betyding for helsa. Dei siste 20 åra har helsetilstanden blitt betre for alle befolkningsgrupper, men

det viser seg at betringa for personar med lang utdanning og høg inntekt generelt sett har vore

høgare enn for personar med kort utdanning og låg inntekt. Dei sosiale forskjellane i helse viser seg

både for forventa levealder og for førekomsten av dei vanlegaste kroniske sjukdommane, samt for

den psykiske helsa.

For å få eit bilete av den sosioøkonomiske statusen er det difor mest nærliggjande og sjå på

utdanning og inntektsnivå.

3%

3%

3%

4%

4%

4%

4%

5%

5%

5%

5%

5%

5%

6%

6%

6%

6%

6%

8%

12%

0% 5% 10% 15% 20% 25% 30% 35% 40% 45% 50%

Nord-Trøndelag

Hedmark

Nordland

Oppland

Telemark

Troms Romsa

Aust-Agder

Østfold

Sør-Trøndelag

Vest-Agder

Sogn og Fjordane

Vestfold

Møre og Romsdal

Finnmark Finnmárku

Hordaland

Buskerud

Norge

Akershus

Rogaland

Oslo

Andel over 16 år med utdannelse

Begge kjønn - 2010

Høyeste utdannelse-Uoppgitt eller ingen fullført utdanning, 2010Velg kjønn Velg lengde på utdannelse Velg år

Figur 9: Andelen over 16 år med uoppgitt eller ingen fullført utdanning i 2010. Alle fylke. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Rogaland var i 2010, nest etter

Oslo, det fylket i Norge med høgast

andel av befolkninga med uoppgitt

eller inga fullført utdanning.

11 Folkehelsekartlegging 2013

0%

10%

20%

30%

40%

50%

60%

1980 1982 1984 1986 1988 1990 1992 1994 1996 1998 2000 2002 2004 2006 2008 2010

An

de

len

ove

r 1

6 å

r m

ed

utd

ann

els

e

Utdannelsesnivå - Begge kjønn

Grunnskolenivå - Hjelmeland

Videregåendeskole-nivå -HjelmelandUniversitets- og høgskolenivå kort -HjelmelandUniversitets- og høgskolenivå lang -Hjelmeland

Velg utdanningslengde

Velg kommune

Velg år

Velg kjønn

NB! Turkis kurve viser ”Uoppgitt eller ingen fullført utdanning – Hjelmeland”.

Figur 10: Utdanningsnivå i Hjelmeland. 1980 – 2010. Begge kjønn. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Statistikken syner at det i Hjelmeland i 2010 var 44,2 % som hadde vidaregåande skule som høgaste

utdanningsnivå. Andelen med grunnskule som høgaste utdanning er stadig synkande, medan vi ser ei

lita auke i andelen som tar kort- og lang universitets- og høgskuleutdanning.

Både her i Hjelmeland, og i Rogaland, ser vi at det over dei siste tiåra har vore ei auke i andelen

personar som har uoppgitt eller inga fullført utdanning. Ei av forklaringane på dette kan vera at

andelen innvandrarar i befolkninga stadig aukar. Det er lite informasjon om utdanning tatt i utlandet

blant innvandrarar, men ei undersøking gjort av SSB i 2011 viser at det er store variasjonar i

utdanningsnivået blant denne gruppa. Andelen med lang høgare utdanning er større blant

innvandrarar enn blant resten av befolkninga. Kvar tiande innvandrar hadde i 2012 lang høgare

utdanning, medan 8 % hadde det blant resten av befolkninga. Men i motsett ende av skalaen ser vi

også at ein stor andel av denne gruppa ikkje har fullført utdanning, dette gjeld spesielt kvinner. I

tillegg er det og ein stor del av innvandrargruppa det manglar utdanningsinformasjon om. I

Hjelmeland ser vi ei auke i aldersgruppa 25 – 50 år utan fagbrev/kompetanse. Dette kan komma av at

vi har stor arbeidsinnvandring, der ein del personar manglar relevant utdanning eller har papirer som

ikkje er oversette/godkjende i Norge. I ein del tilfelle snakkar dei ikkje tilstrekkeleg norsk, og endar

ofte opp med tunge industrijobbar med auka fare for slitasje og sjukdom.

12 Folkehelsekartlegging 2013

22,1 %

24,4 %

24,9 %

25,7 %

26,1 %

26,1 %

26,3 %

26,5 %

26,9 %

26,9 %

27,5 %

27,7 %

27,7 %

27,7 %

29,6 %

30,3 %

30,8 %

30,9 %

31,1 %

31,2 %

31,2 %

31,3 %

31,4 %

31,7 %

33,0 %

33,3 %

34,4 %

35,2 %

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70%

Stavanger

Haugesund

Sola

Finnøy

Rennesøy

Suldal

Randaberg

Rogaland

Sandnes

Hjelmeland

Time

Norge

Vindafjord

Tysvær

Sauda

Utsira

Klepp

Bokn

Eigersund

Lund

Gjesdal

Karmøy

Bjerkreim

Strand

Kvitsøy

Sokndal

Forsand

Andelen over 16 år med utdannelse

Begge kjønn - 2010

Høyeste utdannelse- GrunnskolenivåVelg år Velg utdanningslengde Velg kjønn

Figur 11: Andelen over 16 år med grunnskule som høgaste utdanning i 2010. Begge kjønn. Alle kommunane i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Hjelmeland ligg mellom fylkes- og landsgjennomsnittet når det gjeld andel av befolkninga som har

grunnskule som høgaste utdanning. Dette fører for mange til at det vert vanskelegare å få seg fast

jobb, då krava til utdanning er høgare i dag enn før. Ofte er jobbar innan reinhald og industri aktuelle

når ein ikkje har så høg utdanning, dette er slitasjeyrke som i seg sjølv kan føra til auka risiko for

helseplager. Det finnes gode lokale eksempel på firma der førebygging vert høgt prioritert, der ein

har gode trivselstiltak og fokus på å få ned sjukefråveret. At arbeidsgjevar aktivt legg til rette for eit

godt arbeidsmiljø er med å gjer at folk klarar seg betre i både psykisk- og fysisk harde jobbar.

13 Folkehelsekartlegging 2013

Mange låginntektshushaldningar

Det er uklart kva årsakene er, men forsking visar at inntektsnivå har betydning for helsetilstand. Låg

inntekt aukar sannsynligheiten for mellom anna dårleg sjølvopplevd helse, psykiske problem,

sjukdom og for tidleg død. Også i Hjelmeland, slik som på fylkesbasis, er det par med barn 0 – 17 år

som har høgast medianinntekt, medan aleinebuarar har lågast.

4,5

5

5,2

5,2

5,7

6

6

6,2

6,2

6,4

6,6

6,6

6,7

6,9

7,4

7,5

8

8,1

8,1

8,9

8,9

9

9,5

9,5

9,6

9,6

9,8

9,9

0 2 4 6 8 10 12 14 16 18

Forsand

Randaberg

Bjerkreim

Gjesdal

Tysvær

Sola

Time

Rennesøy

Klepp

Eigersund

Sauda

Sandnes

Strand

Rogaland

Utsira

Kvitsøy

Karmøy

Stavanger

Sokndal

Vindafjord

Suldal

Bokn

Hele landet

Hjelmeland

Lund

Finnøy

Haugesund

Andel av befolkningen

Personer i lavinntektshusholdninger (EU skala) i 2009

Figur 12: Andel personar i låginntektshushaldningar (EU skala) i 2009. Alle kommunane i Rogaland, Rogaland og heile

landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Med ein andel på 9,6 %, var vi i 2009 ein av dei kommunane i Rogaland som har flest personar i

låginntektshusholdningar. Det er rett over landsgjennomsnittet på 9,5 %, og eit stykke over

fylkesgjennomsnittet som på 7,4 %. Dette har nok ulike årsakar, men det er nærliggande også i dette

tilfellet å tru at ein av grunnane er at vi har ein relativt stor andel av befolkninga som er av

innvandrarbakgrunn. Av desse er det ein del flyktningfamiliar, samstundes som vi har stor

arbeidsinnvandring. Som nemnt tidlegare har mange i desse gruppene utfordringar når det kjem til

utdanning, og dei hamnar difor lettare i lavtlønsyrke. Personar som går på introduksjonslønn

(vaksenopplæring) bidreg nok også til at desse tala er høge, men sjølv om løna er relativt låg anser

mange seg likevel ikkje som fattige. Ein har i Hjelmeland også ein stor andel av bønder, som også kan

gje utslag på denne statistikken grunna store investeringar på gardsbruka.

Uansett årsak så ser ein at det i Hjelmeland er ein del personar som får supplerande sosialhjelp på

toppen av eiga inntekt.

14 Folkehelsekartlegging 2013

28

32

19

10

12

0

5

10

15

20

25

30

35

An

de

l hu

sho

ldn

inge

r

Husholdningenes gjeldsbelastning i Hjelmeland - 2009

Ingen gjeld

Gjeld mindre eller lik samla inntekt

Gjeld 1-2 ganger inntekt

Gjeld 2-3 ganger inntekt

Gjeld større enn 3 ganger inntekt

Velg kommune

Figur 13: Hushaldningane si gjeldsbelastning i Hjelmeland, 2009. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Andelen av befolkninga i Hjelmeland med gjeld større enn 3 gonger inntekt var i 2009 på 12 %. Dette

er under både lands- og fylkesgjennomsnittet som var på 14 % og 15 %. 32 % av befolkninga i

Hjelmeland, og dermed den største andelen, hadde i 2009 gjeld mindre eller lik samla inntekt, medan

28 % ikkje hadde gjeld i det heile.

Ein hadde i Hjelmeland, som i nabokommunane, også forventa auke i gjeldsrådgivningssakar i 2012,

men den forventa auken har ikkje kome. Det kan sjå ut som folk i Hjelmeland er flinke til å klara seg

sjølv, og prøver så langt det lar seg gjera å ordna opp i problem på eigenhand.

15 Folkehelsekartlegging 2013

Lite arbeidsløyse

0,4

0,8

0,8

0,8

0,8

0,9

1

1,2

1,2

1,3

1,3

1,4

1,5

1,6

1,6

1,6

1,7

1,7

1,8

1,8

1,8

1,8

2

2

2,2

2,5

2,7

3,9

0,0 0,5 1,0 1,5 2,0 2,5 3,0 3,5 4,0 4,5

Kvitsøy

Hjelmeland

Bjerkreim

Suldal

Utsira

Finnøy

Rennesøy

Randaberg

Vindafjord

Time

Strand

Sauda

Lund

Klepp

Sola

Forsand

Tysvær

Stavanger

Gjesdal

Eigersund

Sokndal

Rogaland

Sandnes

Bokn

Hele landet

Karmøy

Haugesund

Andel av arbeidsstyrken

Arbeidsledighet - Begge kjønn pr 2011M09

Velg kjønn Velg år/Måned

Figur 14: Andel arbeidsledige av arbeidsstyrka pr. september 2011. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet.

Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Sidan 2011 har arbeidsløysa i Hjelmeland auka noko, men den er fortsatt låg. Fleire store

industribedrifter bidreg i Hjelmeland til mange arbeidsplassar, både for folk med høg og låg

utdanning. Ein opplever også at folk i Hjelmeland ikkje er kresne på kva jobbar dei tek. Når det er sagt

så kan ein, på generell basis, sjå tendensar på at ungdom i dag har meir forventningar til kva type

jobb dei skal ha enn før. Folk tek lengre utdanning enn før, og ynskjer nok i større grad enn før å gå

rett frå fullført utdanning og direkte inn i ”den rette jobben” utan å ha særleg stor arbeidserfaring i

forkant.

At Hjelmeland har så pass lite arbeidsløyse kan kanskje også skyldas at folk ikkje flyttar hit dersom dei

ikkje først har fått seg ein jobb, eller motsett – at folk flyttar dersom dei ikkje har jobb.

Rogaland var i 2011 det fylket med nest minst arbeidsløyse i landet, med 1,9 % pr.

desember 2011.

Hjelmeland var igjen den kommunen i Rogaland med nest minst arbeidsløyse –

berre 0,8 % pr. september 2011.

16 Folkehelsekartlegging 2013

Friske Hjelmelandsbuar

4,7

4,9

5

5,4

5,5

5,7

5,7

5,8

5,8

5,8

5,8

5,8

6

6,4

6,4

6,5

6,6

6,6

6,7

6,9

0 2 4 6 8 10 12

Rogaland

Oslo

Sogn og Fjordane

Akershus

Vestfold

Aust-Agder

Landet

Hordaland

Vest-Agder

Sør-Trøndelag

Møre og Romsdal

Telemark

Buskerud

Nord-Trøndelag

Nordland

Hedmark

Oppland

Østfold

Finnmark

Troms

Begge kjønn - Alle aldre

Andel tapte dagsverk per 2. kvartal

Sykefravær - 2011Velg alder Velg år Velg kjønn

Figur 15: Andel tapte dagsverk, grunna sjukefråver, av avtalte dagsverk pr. 2. kvartal 2011. Begge kjønn, alle aldrar. Alle

fylke og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

3,4

3,4

4,1

4,1

4,2

4,3

4,3

4,4

4,6

4,6

4,7

4,7

4,7

4,8

4,8

4,8

4,9

4,9

5

5

5

5

5,1

5,4

5,4

5,7

6,3

6,3

0 1 2 3 4 5 6 7

Finnøy

Hjelmeland

Sola

Sokndal

Vindafjord

Rennesøy

Stavanger

Gjesdal

Forsand

Suldal

Strand

Rogaland

Randaberg

Sandnes

Utsira

Sauda

Klepp

Bokn

Time

Eigersund

Tysvær

Karmøy

Bjerkreim

Haugesund

Landet

Lund

Kvitsøy

Andel tapte dagsverk per 2. kvartal

Begge kjønn - Alle aldre

Sykefravær - 2011Velg kjønn Velg alder Velg år

Figur 16: Andel tapte dagsverk, grunna sjukefråver, av avtalte dagsverk pr. 2. kvartal 2011. Begge kjønn, alle aldrar. Alle

kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

Rogaland var i 2011 det fylket i landet som hadde lågast sjukefråver, med ein andel på 4,7 %.

Hjelmeland var same året den kommunen i Rogaland som hadde lågast sjukefråver, ilag med Finnøy,

med berre 3,4 %. I Hjelmeland har det vore lågt sjukefråver sidan 2008. Årsakar til dette kan ha med

at fokuset på dette temaet, og kva som gjev god helse generelt sett, har auka dei siste åra.

Røykeloven og kampanjar om kosthald og fysisk aktivitet kan ha ført til at fleire har valt ein sunnare

”Hjelmeland er

friskast i

Rogaland –

Rogaland er

friskast i

landet!”

17 Folkehelsekartlegging 2013

livsstil. Det kan også vera andre faktorar som verkar inn på desse tala. Som t.d. at NAV og dei ulike

arbeidsplassane har god oppfølging og tiltak i forhold til sjukefråver, at det er godt arbeidsmiljø rundt

om i bedriftene, og at vi har lett tilgong til naturen og turstiar – som igjen fører til god fysisk og

mental helse. Ein annan ting som kanskje kan gjenspegla sjukefråveret er mentaliteten blant

befolkninga. Det verkar som om folk i Hjelmeland prøver så langt det lar seg gjera å gå på jobb, og

sjølv ta ansvar for å komme seg på føtene att dersom dei har blitt sjuke. Vi er ein liten kommune og

vert fort sakna om vi ikkje er på arbeidsplassen, dette fører nok også til at folk føler eit større ansvar

for å gå på jobb. Ein kan nok også drøfte om ei av årsakene til det låge sjukefråveret kan vera at vi har

stor innpendling til kommunen, og at det difor er ein del sjukemeldingar registrerte i andre

kommunar. Dette er nok heller tvilsamt, rett og slett fordi dei store innpendlingsbedriftane i

kommunen ser ut til å ha relativt stort fokus på tilrettelegging, førebygging og oppfølging. Tendensen

med få sjukemeldte har vore ein stabil tendens i Hjelmeland, så mest sannsynleg har dette, som

nemnt tidlegare, meir med kultur og mentalitet å gjera.

Få som mottek uførepensjon

Statistikken viser at sjukdommar i muskel-skjelettsystemet og psykiske lidingar står for dei fleste

uførediagnosane. Det same gjeld her i Hjelmeland.

0,2

0,3

0,6

0,7

1,1

1,2

1,5

1,6

1,7

2

2,4

2,5

4,2

4,3

4,7

6,2

6,9

30,6

31,4

0 5 10 15 20 25 30 35

Sykdommer i blod og bloddannende organer

Sykdommer i urin- og kjønnsorganene

Alle andre diagnoser

Infeksjons- og parasittsykdommer

Symptomer, tegn

Sykdommer i fordøyelsessystemet

Sykdommer i øyet og øret

Sykdommer i hud og underhud

Endokrine, ernærings- og metabolske sykdommer

Medfødte misdannelser og kromosomavvik

Sykdommer i åndedrettssystemet

Svulster

-Organiske psykiske lidelser/schizofrene og paranoide lidelser

Diagnose mangler foreløpig

Skader, forgiftninger, og vold

Sykdommer i sirkulasjonssystemet

Sykdommer i nervesystemet

Psykiske lidelser og adferdsforstyrrelser

Sykdommer i muskel-skjelettsystemet og bindevev

Prosent

Diagnose uføre 2009 - Begge kjønn - Alle aldre

Velg kjønn Velg alder

Figur 17: Årsakar til uførepensjon etter diagnose i 2009. Begge kjønn, alle aldrar. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

Personar som har rett til uførepensjon er både folk som er fødde uføre og folk som vert det i løpet av

livet.

Statistikken syner at Rogaland ligg godt an når det gjeld mottakarar av uførepensjon fordelt på alle

aldrar, med berre 7,2 % uførepensjonistar.

18 Folkehelsekartlegging 2013

Figur 18: Antal uførepensjonistar i aldersgruppa 18 – 29 år, pr. juni 2011. Begge kjønn, 18 – 29 år. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

Når det gjeld uførepensjonistar i aldersgruppa 18 – 29 år derimot, ligg vårt fylke øvst i landet med

838 personar pr. juni 2011.

I Hjelmeland ser vi ikkje denne tendensen. Det er uførepensjonistar under 45 år i Hjelmeland også,

men det er så få personar at dei på grunn av anonymitet ikkje kjem med i den offisielle statistikken.

Her ser vi at det hovudsakleg er dei mellom 55 – 65 år som står for majoriteten av uførepensjonane,

noko som også kan sjåast i samanheng med at det er aldersgruppa 50 + som oftast er plaga med

slitasjeskadar.

Figur 19: Antal uførepensjonistar fordelt på alder i Hjelmeland, pr. juni 2011. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

15

8

24

26

19

0

5

10

15

20

25

30

18-19 år 20-24 år 25-29 år 30-34 år 35-39 år 40-44 år 45-49 år 50-54 år 55-59 år 60-64 år 65-67 år

An

tall

pe

rso

ne

r

Juni 2011

Antall uførepensjonister fordelt på alder i HjelmelandVelg juni/År Velg kommune

126

177

251

267

291

304

333

375

376

464

474

514

528

620

623

654

732

825

838

0 100 200 300 400 500 600 700 800 900

Finnmark

Sogn og Fjordane

Aust-Agder

Troms

Oppland

Nord-Trøndelag

Vest-Agder

Møre og Romsdal

Hedmark

Telemark

Nordland

Vestfold

Buskerud

Sør-Trøndelag

Oslo

Østfold

Akershus

Hordaland

Rogaland

Antall personer

Antall uførepensjonister i aldersgruppen 18-29 år (Kilde: NAV)Velg aldersgruppe

Juni 2011

19 Folkehelsekartlegging 2013

5,0 %

5,6 %

5,6 %

6,2 %

6,5 %

6,6 %

6,6 %

6,8 %

6,8 %

6,8 %

7,2 %

7,2 %

7,4 %

7,6 %

7,6 %

7,8 %

8,0 %

8,0 %

8,2 %

8,3 %

9,0 %

9,1 %

9,5 %

9,5 %

9,7 %

10,0 %

10,4 %

10,7 %

0,0 % 2,0 % 4,0 % 6,0 % 8,0 % 10,0 % 12,0 %

Rennesøy

Gjesdal

Sola

Stavanger

Utsira

Hjelmeland

Sandnes

Finnøy

Kvitsøy

Klepp

Vindafjord

Rogaland

Randaberg

Time

Strand

Bjerkreim

Sauda

Suldal

Tysvær

Haugesund

Lund

Hele landet

Eigersund

Karmøy

Forsand

Bokn

Sokndal

Andel av befolkningen 18 - 67 år

Mottakere av uførepensjon per 30. juni 2011

Velg Juni/År

Figur 20: Andel av befolkninga mellom 18 – 67 år som mottok uførepensjon pr. 30. juni 2011. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

Trass vanskeleg tilgong på lettare arbeid og omskulering, ligg vi i Hjelmeland lågt på uførestatistikken.

6,6 % av befolkninga mellom 18 – 67 år i Hjelmeland er på uførepensjon, mot 7,2 % i Rogaland og 9,5

% i heile landet. Ei årsak til dette kan vera at folk i Hjelmeland beheld jobbane så lenge dei kan. Folk

hadde kanskje også i visse tilfelle hatt rett til hjelp, men vegrar seg for å ta kontakt med NAV. Det kan

i dette tilfellet, som med sjukefråver, kanskje ha med mentalitet å gjera. Folk ynskjer å vera friske, og

ynskjer ikkje å gå på NAV i frykt for å verta ”sjukeleggjort”. I tillegg bur vi i ein liten, gjennomsiktig

kommune der det er vanskeleg å forsvinna i mengden.

Ein postitiv tendens er at fleire og fleire har delvis uføretrygd og delvis arbeid. På den måten beheld

dei tilhøyrigheiten til arbeidsplassen og opplever at det er behov for dei, samstundes som dei

meistrar arbeidet dei skal gjera.

-10% -8% -6% -4% -2% 0% 2% 4% 6% 8% 10%

Sauda

Finnøy

Strand

Vindafjord

Hjelmeland

Sola

Bokn

Sandnes

Rennesøy

Bjerkreim

Kvitsøy

Tysvær

Rogaland

Klepp

Forsand

Stavanger

Gjesdal

Karmøy

Haugesund

Hele landet

Eigersund

Utsira

Randaberg

Time

Suldal

Lund

Sokndal

Endring i uføreandel fra 2010 til 2011

Figur 21: Endring i andelen av befolkninga som mottok uførepensjon frå 2010 – 2011. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland

og heile landet. Kjelde: NAV, Asplan Viak.

20 Folkehelsekartlegging 2013

Vi ser at det frå 2010 til 2011 har vore ein nedgong i uføreandelen. Denne nedgongen kan vera

tilfeldig, men ein ser at det generelt sett har vore nedgong etter at NAV vart oppretta i 2008. Då vart

sosialkontoret, trygdekontoret og Aetat samla under eitt, og ein fekk betre verkemidlar og

tiltaksordningar.

0

0

5

15

17

17

17

18

20

20

21

22

23

23

24

25

25

25

27

27

27

28

28

30

31

32

37

39

0 5 10 15 20 25 30 35 40 45 50

Kvitsøy

Bokn

Utsira

Finnøy

Klepp

Rennesøy

Vindafjord

Bjerkreim

Karmøy

Forsand

Sola

Sokndal

Sandnes

Eigersund

Suldal

Time

Rogaland

Lund

Strand

Gjesdal

Randaberg

Hjelmeland

Hele landet

Stavanger

Tysvær

Sauda

Haugesund

Antall pr 1000 innbyggere

Mottakere av sosialhjelp i 2010 - alle aldre

Velg aldersgruppe Velg år

Figur 22: Andelen av befolkninga som mottok sosialhjelp i 2010. Alle aldrar. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile

landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

I Hjelmeland var det i 2010 ca. 80 personar som fekk sosialhjelp. Ein har sett ei auke også i 2012,

dette grunna ein del nye tilflyttarar.

21 Folkehelsekartlegging 2013

0

20

40

60

80

100

120

1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010

An

tall

pr

10

00

inn

byg

gere

Mottakere av sosialhjelp i Hjelmeland

16-17 år

67 år eller eldre

50-66 år

alle aldre

40-49 år

18-24 år

30-39 år

25-29 år

Velg aldersgruppe

Velg år

Velg kommune

Figur 23: Mottakarar av sosialhjelp fordelt på aldersgrupper. 1997 – 2010. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Her ser vi statistikk over sosialhjelpsmottakarar i Hjelmeland fordelt på aldersgrupper, og ser at dei i

alderen 25 – 29 år ligg høgast. Det er vanskelig å sei noko heilt konkret om kvifor det er slik, delvis

grunna anonymitet. Men ei av forklaringane kan vera at dette er ei gruppe som har lite tilknyting til

arbeidslivet, lite utdanning og dermed slit med å få ein varig jobb.

22 Folkehelsekartlegging 2013

4 OMGJEVNADAR

Omgjevnadar er ein faktor som kan gjera stor innverknad på helsa. Plan- og bygningslova (PBL) seier

at planar skal ”fremme befolkningas helse og motverke sosiale helseforskjellar, samt bidra til å

førebygge kriminalitet” (§ 3), og ”legge til rette for god forming av bygde omgjevnadar, gode bumiljø

og gode oppvekst- og levekår i alle deler av landet”.

Ved å drive gjennomtenkt og god samfunns- og arealplanlegging bidreg vi med andre ord til ei god

folkehelse. Til dømes er det ein samanheng mellom kriminalitet og fysisk utforming, men gjerne meir

i byane enn på bygda, der sentrumsområda ofte er tilhaldsstad for kriminelle. Men når vi snakkar om

omgjevnadar så er omfanget av kriminalitet ein faktor som påverkar vårt syn på desse. Eit

nærområde prega av mykje kriminalitet kan føra til at folk føler seg utrygge, noko som gjev negativt

utslag på helsa. Dette er også noko vi ser mindre av i Hjelmeland, då omfanget av kriminelle er

mindre, og difor ikkje ”fargar” nærområda like mykje.

Få anmeldingar

Hjelmeland har få melde lovbrot. Det er ein trend at små kommunar generelt sett har mindre

kriminalitet enn dei store, sjølv om enkelte kommunar kan oppleva spesielle problem. At Haugesund

har såpass mykje kriminalitet er eit eksempel på dette. Ein kan også gjere seg tankar om at folk

kanskje har ein litt høgare barriere for å anmelde nokon i mindre, meir ”gjennomsiktige” kommunar,

men det ser ein imidlertid litt av i dei fleste kommunar, uansett størrelse. Det er uansett ei

oppfatning av at mindre alvorlege hendingar vert betre ivaretatt av politiet på mindre stadar, sidan

politiet i byane dessverre må prioritere hardare enn i utkantane.

0

24,4

24,4

32,1

35,6

35,8

37,7

38,7

39,9

41,6

43,3

43,6

47,7

48,1

49,9

50,6

51

53,1

53,2

53,7

53,8

54,7

66,2

69,9

78,4

79,3

84,7

118,2

0 20 40 60 80 100 120 140 160

Kvitsøy

Hjelmeland

Forsand

Utsira

Suldal

Finnøy

Sauda

Sokndal

Bjerkreim

Rennesøy

Bokn

Strand

Randaberg

Klepp

Sola

Tysvær

Eigersund

Gjesdal

Lund

Karmøy

Vindafjord

Time

Rogaland

Sandnes

Hele landet

Stavanger

Haugesund

Anmeldte lovbrudd per 1000 innbyggeer

Anmeldte lovbrudd i 2010

Velg år

Figur 24: Anmelde lovbrot pr. 1000 innbyggjarar i 2010. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Kjelde:

Kommunehelsa/Kriminalstatistikk SSB, Asplan Viak.

23 Folkehelsekartlegging 2013

I figuren over ser vi antal anmeldte lovbrot i 2010, der vi er ein av dei kommunane med færrast

anmeldingar. Når vi ser på fordeling av lovbrot i Hjelmeland i 2012, så er det vinningsforbrytingar

som dominerar. Dette dreiar seg om tjuveri av ulik alvorsgrad, og utgjorde ca. 80 % av sakene i 2012.

Ein ser også at enkeltpersonar kan stå for store delar av kriminaliteten i eit område. Eit tidlegare år

sto 3 personar for nesten 100 saker åleine, noko som gjev store utslag på statistikken.

Generelt sett opplever ein at befolkninga i vårt politidistrikt (Hjelmeland, Strand og Forsand) er nokså

gjennomsnittlege. Vi er kanskje litt meir sjølvhjelpte og har ein litt sterkare dugnadsånd enn

gjennomsnittet, og innbyggjarane er stort sett også trivelege og opptatt av kvarandre sitt ve og vel.

Folk kjenner kvarandre betre, og vi unngår dei typiske storbyproblema.

Utfordrande å finne leigebustad?

For folk som vurderar å busetja seg i kommunen, eller som av andre årsaker ikkje ynskjer å kjøpa seg

bustad, kan det sjå til at det er ei utfordring å finna leigebustad. På det opne markedet er det pr. juni

2013 tilsynelatande lite leigebustadar, noko som sjølvsagt vil variere frå tid til annan i forhold til kor

mykje som er ledig. Det kan også sjå ut som om slik utleige ofte går via “jungeltelegrafen”, noko som

gjer at det ikkje er lett å få kjennskap til desse bustadane dersom du ikkje har kjennskap til

Hjelmeland frå før.

0 5 10 15 20 25 30 35 40

Sola

Kvitsøy

Bjerkreim

Rennesøy

Sandnes

Klepp

Gjesdal

Karmøy

Time

Haugesund

Sokndal

Strand

KA11 Gj.snitt Rogaland

Tysvær

Vindafjord

Finnøy

Randaberg

AK Gj.snitt alle kommuner

Stavanger

Lund

Utsira

Eigersund

Bokn

Forsand

Sauda

Suldal

Hjelmeland

Boliger per 1000 innbygger

Kommunalt disponerte boliger i 2010

Kommunalt disponerte boliger Velg år

Figur 25: Andelen av kommunalt disponerte bustadar pr. 1000 innbyggjarar i 2010. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og

heile landet. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Hjelmeland var, i 2010, den kommunen i Rogalande med flest kommunale bustadar. Sidan då er det

seld, og skal seljast, fleire av desse. Dette er bustadar som vert utleigde etter visse prioriteringar:

Personar med lovmessig krav på bustad

Flyktningar

24 Folkehelsekartlegging 2013

Eigne tilsette

Unntaksvis andre Utfordringa med desse bustadane er at ein del av dei er forholdsvis slitne. I tillegg er dei ofte for store, noko som fører til at husleiga vert høgare for dei som skal leiga dei. Ein ser at det hadde vore tenleg med nokre mindre, ein-persons hybelleilegheiter. I og med at dette er bustadar som vert leige ut etter visse prioriteringar, er dei ikkje disponible for folk flest.

Ledige tomter

Det er pr. april 2013 ein del kommunale tomter ledige rundt om i kommunen, mellom anna i

Jøsenfjorden, på Hjelmeland, i Årdal og nokre få på Fister. Forutan dei kommunale tomtene har også

lokale byggfirma og privatpersonar nokre ledige tomter. Ei mindre regulering på Breidablikk på

Hjelmeland, som skal gje 4 bustadtomter og 10 bueiningar i rekkjehus, er nettopp ferdig. Det same er

regulering av Eikehaugen II på Fister. Her er det regulert inn 54 bustadtomter, samt to store tomter

til leiligheitsbygg. Det er og fleire private reguleringsplanar. Det er her opp til grunneigar/utbyggjar å

bestemma om tomtene vert opparbeidde og selde.

Når det gjeld hus for salg er det nokre av dei også til ei kvar tid, og foreløpig er prisane relativt låge

samanlikna med mellom anna Stavanger. Ein kan til dømes få tak i eit lite småbruk i Jøsenfjorden til

rett under 1,3 mill.

På tala under ser ein at 15 % av bustadmassen pr. 2011 vart bygde i 2001 og etterpå, medan

folketalet sidan den gong berre har aukt med 0,2 % årleg. Dette kan tyde på at det i hovudsak er

bustadar til fritidsbruk som utgjer mesteparten av desse.

1 %

5 %

7 %

9 %

11 %

13 %

13 %

14 %

15 %

15 %

15 %

16 %

16 %

17 %

17 %

18 %

19 %

19 %

21 %

21 %

22 %

22 %

24 %

24 %

25 %

26 %

28 %

29 %

0 % 5 % 10 % 15 % 20 % 25 % 30 % 35 %

Utsira

Sauda

Suldal

Kvitsøy

Sokndal

Bokn

Hele landet

Lund

Stavanger

Hjelmeland

Haugesund

Eigersund

Finnøy

Karmøy

Randaberg

Rogaland

Bjerkreim

Forsand

Vindafjord

Strand

Tysvær

Sandnes

Sola

Gjesdal

Klepp

Time

Rennesøy

Andel av boligmassen pr 2011

Boliger bygget i år 2001 og etterVelg byggeår

Figur 26: Andel av bustadmassen pr. 2011 bygde i år 2001 og etter. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet.

Kjelde: SSB, Asplan Viak.

25 Folkehelsekartlegging 2013

Ut i naturen

Hjelmeland er, som nemnt tidlegare, ein stor kommune med liten folkemengd. Vi har difor store område med flott natur, og har gode moglegheiter for å bevega oss ute i frisk luft, noko som også gjer godt for den mentale helsa. Fysisk aktivitet er i dagens samfunn viktigare enn nokon gong. Livsstilssjukdommar som overvekt, hjerte- og karsjukdommar og diabetes aukar, og det er særs viktig å leggje til rette for at folk i alle aldrar har anledning til å vera fysisk aktive. Døme på slik tilrettelegging er gong-, sykkel- og turstiar. Slike tilbod er i tillegg stort sett lågterskeltilbod som kan nyttast av dei fleste. Turstiar finn ein mange av rundt omkring i Hjelmeland. Både turstiar med eigne kart og merking heilt

fram til målet, og mindre, relativt umerka turar i nærområda rundt om i grendane. Nokre turstiar er

også universelt utforma. Gong og sykkelstiar finn vi fleire av, og enda fleire er under planlegging, men

av ulike årsakar er det ikkje alle som kan nytte desse, mellom anna gjer lange avstandar det

vanskeleg for mange å sykle til skule og jobb. Ved butikken på Fister burde det til dømes vore

fotgjengarovergang, men Vegvesenet finn ikkje plassering til den. Dette resulterer i at skuleelevane

som burde gått til skulen på Fister får tilbod om gratis skuleskyss, sjølv om dei i utgangspunktet bur

for nær skulen til å ha rett på det.

Når det kjem til leikeplassar og nærmiljøanlegg har vi nokre, men ikkje veldig mange. I tilknyting til

skular og barnehagar er det sjølvsagt leikeareal, mellom anna har både Hjelmeland, Fister og Årdal

skule fått eigne “Tarzan-junglar”. Desse leikeareala er sjølvsagt tilgjengelege også utanom opningstid!

I tillegg er det leikeplassar i nokre kommunale bustadfelt, men her er standarden noko ulik. Ein

følgjer kommuneplan og nasjonale veiledarar for kor ein skal ha leikeplassar. Ofte står det i

reguleringsplanen at utbyggjar skal opparbeide leikeplassen, medan velforeininga for området driftar

leikeplassane sjølv, men det er lite konkrete krav til kva leikeplassen skal innehalde, og heller ikkje

særs stor oppfølging på om dei vert vedlikehaldne. Når det er nemnt så er nok ikkje behovet for

leikeplassar like stort i ein kommune som Hjelmeland, der innbyggjartalet er lågt og arealet stort,

kontra ein storby med mykje bebyggelse og trafikk. Det er likevel viktig å ta med seg at leikeplassar

og nærmiljøanlegg også er uformelle møteplassar, der små og store kan møtast for fysisk aktivitet og

sosial omgang, i tillegg er det viktig med tanke på integrering av nye innbyggjarar.

Det er også ein del kommunale badeplassar rundt om i kommunen, både i Tøtlandsvik (Vormedal), på

Nesvik, Sande (Hjelmeland), Kjelavika (Fister) og ved Riskedalsvatnet (Årdal).

Lite kollektivtilbod

Det er pr. april 2013 i alt 5 bussavgangar pr. dag frå måndag til fredag tur/retur Tau-Hjelmeland.

Nokre av turane går om Fister og inn til Vormedalen. Dette gjer at ein kan komma seg fram og tilbake

til Tau/Stavanger i løpet av dagen, men for dei som ikkje bur langs ruta – og ikkje har sertifikat – kan

det vera ei utfordring å kome seg dit ein skal. Ein del av desse avgangane går heller ikkje i skulen sine

feriar, då mange har fri og høve til å reisa til byen. På laurdagar og sundagar ser ein at

kollektivtilbodet er svært mangelfullt for dei som er avhengige av buss. Då er det berre ein

bussavgang kvar ettermiddag, utan retur.

26 Folkehelsekartlegging 2013

Det er også hurtigbåtar med ruter tur/retur Stavanger kvar dag, med anløp i store delar av Ryfylke,

men ein må også då kome seg til dei ulike avgangsstadane i kommunen, på eigenhand. Også

fergesambandet Hjelmeland – Nesvik – Ombo nyttast som kollektivtilbod.

Ei felles utfordring for alle typar kollektivtransport er at det er få rabattløysingar som kombinerer

ulike transportmåtar. Eit kombikort der ein kunne reist med både buss og båt til rabattert pris ville

nok gjort kollektivtransporten meir attraktiv.

Luftforureining

Forurensing finn vi overalt, også i Hjelmeland. Vi kom i 2007 relativt høgt ut på statistikk over utslepp

av partiklar pr. 1000 innbyggjarar, noko som i og for seg ikkje er så rart då vi er ein kommune med ei

lita befolkning. Vi har også nokre store industriarbeidsplassar, noko som også medfører auka

luftforureining, det er alikevel ikkje i så stor grad at det utgjer helserisiko.

15,8

16,3

18,7

25,3

25,6

27,7

28,3

29,7

29,9

32,3

33,4

33,5

34,7

37,5

39,1

41,8

43,5

44,4

45,8

49,4

50,4

52,2

55,5

76,5

78,1

119,5

202,5

212,7

0 50 100 150 200 250

Stavanger

Haugesund

Randaberg

Time

Sandnes

Sola

Utsira

Kvitsøy

Klepp

Rogaland

Eigersund

Hele landet

Gjesdal

Rennesøy

Lund

Finnøy

Sauda

Vindafjord

Karmøy

Bjerkreim

Bokn

Strand

Sokndal

Tysvær

Hjelmeland

Forsand

Suldal

Tonn per 1000 innbyggere

Utslipp partikler - 2007

Velg type utslipp Velg år

Figur 27: Utslepp av partiklar i tonn pr. 1000 innbyggjarar i 2007. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet.

Kjelde: Kommunehelsa/SSB, Statens Forurensningstilsyn (SFT).

Radon er også ein type forureining, og vi veit at det finnes ein del av det i Hjelmeland. Radonstråling

utgjer ein helserisiko, og kan i verste fall føre til lungekreft. Slik stråling er berre eit problem

innomhus, og oftast i eldre hus, då husa som vert bygde i dag har krav som gjer at dette ikkje vert eit

problem. Utomhus er verdiane så låge at det ikkje vil ha betyding for helsa. I 2013/2014 skal det tas

radonmålingar i dei fleste kommunale bygg, og vi vil etter det ha eit større grunnlag for å seie noko

om korleis situasjonen er for Hjelmeland kommune.

27 Folkehelsekartlegging 2013

Støy og arealplanlegging

Generelt sett representerer ikkje støy eit stort problem i Hjelmeland, då det ikkje er store definerte

støykjeldar i kommunen. Men støy er eit tema i alle detaljreguleringsplanar for bustader, og klare

retningslinjer frå Miljøverndepartementet definerer kor grensene skal gå og om evt. avbøtande tiltak

må utførast. I tilknyting til større næringsområde kan støy til tider vera tema i høve til naboar, både

bustadar og fritidsbustadar.

Usikker vasskvalitet

Dersom ein ser på statistikk over drikkevannskvaliteten i Hjelmeland, vil ein sjå at vi kjem svært

dårleg ut. Det seg viser seg at dette kjem av rapporteringsfeil, spesielt i to av vassverka - Jøsenfjorden

og Årdal. Denne statistikken vil difor mest sannsynleg visa andre tal frå og med 2012.

Figur 28: Andel av tilfredsstillande analyseresultat på drikkevasskvalitet i Hjelmeland og Finnøy. 2006 – 2011. Kjelde:

Folkehelseinstituttet/Kommunehelsa.

På tabellen over ser vi at det dei siste åra har vore stor variasjon i tala, noko som harmonerer med at

det har vore mangelfull rapportering. Når det er sagt så har dei prøvane som er leverte stort sett

vore utan avvik, men det er pr. i dag ein del stader der fargetal og kimtal ikkje er tilfredsstillande.

Dette arbeidas det med å betre, men det er ikkje noko som er helseskadeleg.

For ti år sidan vart det drøfta i Miljøretta helsevern at det var for mange private vassverk, og det vart

laga ein utbyggingsplan for kommunalt vatn, “Helse i kvar drope”. Denne planen sa også noko om at

dei som ikkje hadde høve til å knyta seg til kommunalt vatn, kunne få tilskot til å byggja eige vassverk.

Denne planen er ikkje oppdatert sidan den gong. Pr. i dag får ca. 33 % av innbyggjarane i Hjelmeland

vatn frå private vassverk.

Det ligg også i planane at ein skal byggje liknande renseanlegg for kloakk i Årdal og på Fister, slik det

pr. i dag er på Hjelmeland.

28 Folkehelsekartlegging 2013

5 OPPVEKST

Levevanar

Myta om “den sunne landsbygda”

Det er svært vanskeleg å seie noko om levevanane i Hjelmeland. Det er ikkje statistikk for Hjelmeland

på dette feltet, og det er heller ikkje enkelt for fagfolk å kommentere det. Når det er nemnt så kan

det sjå ut til at myta om “den sunne landsbygda” ikkje er sann. I Folkehelseinstituttet si undersøking

“Barns vekst i Norge” vart det sett på om barn på bygda var meir eller mindre overvektige enn barn i

byar. Her kjem det fram at det er større andel av 3. klassingane frå bygda som er overvektige, enn

det er frå meir urbane strøk. Dette kan ha med sosioøkonomiske faktorar som foreldra si utdanning

og inntekt, men det kan også ha med lange avstandar til skule og barnehage, samt utrygge

vegstrekningar, og dermed meir køyring og mindre fysisk aktivitet.

Generelt sett er helsa blant barn og unge god i dag. Talet på mødre som røykjer i graviditeten har gått ned, tannhelsa er blitt betre, og rusmiddelbruk blant ungdom er gått ned. Overvekt derimot er eit aukande problem, 9-åringane bevegar seg nok, men aktiviteten minkar med alderen.

Gravid i Hjelmeland

Generelt sett opplever ein at gravide Hjelmelandskvinner er bevisste på helsa si. Dei fleste veit at dei

bør ha eit godt kosthold og vera i fysisk aktivitet. Dei fleste veit også at dei ikkje bør røyke eller drikke

alkohol, og jordmor informerer også om det på svangerskapskontrollane. I 2010 var det rett under 20

% av gravide i Rogaland som røykte ved svangerskapets start, medan det i Hjelmeland var rett over

20 %. Ved svangerskapets slutt var det i Rogaland i 2010 6,3 % som fortsatt røykte. Mest sannsynleg

er desse tala også representative for Hjelmeland, men det er ikkje statistikk på dette for vår

kommune.

0

5

10

15

20

25

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010

An

de

l rø

yke

re i

svan

gers

kap

Dagligrøyking i svangerskap

Ved svangerskapets begynnelse - Hele landet

Ved svangerskapets begynnelse - Rogaland

Ved svangerskapets slutt - Hele landet

Ved svangerskapets slutt - Rogaland

Velg røyking ved svangerskapets begynnelse eller slutt

Velg fylke

Velg år

Figur 29: Andelen gravide som røykjer dagleg ved svangerskapets begynnelse og ved svangerskapets slutt, for Rogaland og

heile landet. 1999 – 2010. Kjelde: Medisinsk fødselsregister (MFR), Asplan Viak.

På lands- og fylkesbasis viser

trenden det siste tiåret at sjølv om

kurva varierer når vi ser på

dagligrøyking ved svangerskapets

start, så går den jamt og trutt

nedover når det kjem til røyking

ved svangerskapets slutt.

29 Folkehelsekartlegging 2013

Når det gjeld fysisk aktivitet blant gravide ser ein at det er ein del som er redde for å vera fysisk

aktive, spesielt blant kvinner med innvandrarbakgrunn. Dette er eit område ein ser at det er

nødvendig å gi informasjon om, slik at gravide kvinner fortset å vera i jobb under svangerskapet og

samstundes er i aktivitet også på fritida.

Ein ser at språk er ei utfordring også hjå jordmor, då ein del av dei utanlandske kvinnene snakkar

dårleg norsk. Dette resulterer i at dei fysiske undersøkingane på svangerskapskontrollane går greit,

medan det å snakke om det mentale ikkje er så enkelt. Dette er også ein viktig del av kontrollane, då

mange kvinner har behov for å snakke om svangerskapet og den komande fødselen.

Pr. idag får gravide kvinner i Hjelmeland tilbod om følgeteneste, altså at jordmor følgjer deg til

sjukehuset. Dette er på grunn av den lange avstanda til nærmaste sjukehus, og er ei ordning som gjev

tryggleik til dei som bur ute i distrikta.

Fødselsvekt

Fødselsvekt er ofte genetisk betinga, og kan også ha medisinske grunnar som ikkje har med levevanar

å gjera. Men røyking i svangerskapet, svangerskapsforgiftning og medisinske grunnar, som til dømes

morkakesvikt, fører ofte til lav fødselsvekt (under 2,5 kg.), medan svangerskapsdiabetes og usunt

kosthald kan føre til høg fødselsvekt (over 4,5 kg.).

0

1

2

3

4

5

6

7

8

1976 1979 1982 1985 1988 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006

An

de

l

Fødselsvekt - Andel over 4,5 kilo

Finnøy

Hjelmeland

Rogaland

Hele landet

Velg kommune

Velg år

Velg fødselsvekt

Figur 30: Andelen fødde med fødselsvekt over 4,5 kg. 1976 – 2006. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Kjelde:

Medisinsk fødselsregister (MFR), Asplan Viak.

Statistikken over viser at Hjelmeland, i likheit med heile landet, Rogaland og Finnøy, har hatt ei

stigande kurve når det gjeld andel ungar med ei fødselsvekt over 4,5 kg. sidan slutten av 80-talet.

Sidan byrjinga på 2000-talet har alle desse tre snudd denne trenden, og fått ein nedgong i denne

andelen, medan Hjelmeland, etter ein liten nedgong, fortsatt aukar. Denne statistikken syner berre

situasjonen fram til 2006, men dei siste åra har det berre vore nokre få ungar med for høg eller låg

fødselsvekt, av ca. 35 – 40 årlege fødslar. Tendensen ser difor ut til å ha snudd også i Hjelmeland. Det

er ein del fødslar over 4 kg., men ikkje mange over 4,5 kg.

Etter 2006 har det blitt meir informasjon om kosthald, røyking og fysisk aktivitet, noko som mest

sannsynleg også verkar inn på fødselsvektstatistikken.

30 Folkehelsekartlegging 2013

0

1

2

3

4

5

6

1976 1979 1982 1985 1988 1991 1992 1993 1994 1995 1996 1997 1998 1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006

An

de

l

Fødselsvekt - Lav fødselsvekt

Finnøy

Hjelmeland

Rogaland

Hele landet

Velg kommune

Velg år

Velg fødselsvekt

Figur 31: Andelen fødde med fødselsvekt under 2,5 kg. 1976 – 2006. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Kjelde:

Medisinsk fødselsregister (MFR), Asplan Viak.

Når det gjeld låg fødselsvekt har kurva sidan midten av 90-talet vore nokså stabil for Hjelmeland, og

er det også etter 2006.

God effekt av tidleg innsats

15

18

17

17

22

21

19

22

25

24

0 5 10 15 20 25 30

Helseregion Sør-Øst

Helseregion Vest

Norge

Helseregion Midt-Norge

Helseregion Nord

Andel 8-åringer med overvekt og fedme

overvekt og fedme

Overvekt og fedme blant 8 - åringer i 2010

jenter

gutter

Velg kjønn

Velg år Velg vektkategori

Figur 32: Andelen 8-åringar med overvekt og fedme i 2010. Jenter og gutar. Helseregionar og heile landet. Kjelde:

Undersøkinga “Barns vekst i Norge”/Norgeshelsa, Asplan Viak.

Ein ser også i Hjelmeland, som elles i landet, ein del ungar med overvektsproblematikk. Overvekt hjå

born er eit stadig aukande problem, og det medfører for mange både fysiske og psykiske helseplager.

Døme på dette kan vera astma, leddplagar, vekstforstyrringar, dårleg sjølvtillit- og sjølvbilete, osb.

Gjennom helsestasjonen får ungar oppfølging med måling og veging. Foreldre til ungar med behov

får tilbod om hjelp, som til dømes kosthaldsråd og bassengtilbod. Generelt sett søkjer helsestasjonen

og følgja nasjonale retningslinjer så godt det lar seg gjera. 1. kl. screening for 2012 er det første året

der det ikkje er nyoppdaga tilfelle av overvekt eller motoriske problem, noko som betyr at

31 Folkehelsekartlegging 2013

helsestasjonen har fanga opp problema tidlegare. Ein vonar at ein ved å leggja vekt på tidleg innsats

vil redusera overvektsproblematikken blant unge, og resultata i løpet av desse første åra tyder på

effekt.

Færre kariesfrie 5-åringar

Tannhelsetenesta spelar ei viktig rolle i folkehelsearbeidet, og god tannhelse er ei velferdsoppgåve.

Alle tannhelsedistrikt i Rogaland har vist ei solid betring i tannhelsa over dei siste åra, og andelen 5-

åringar utan hol i tennene har stabilisert seg på eit høgt nivå. Betringa gjeld og 18-åringar, men her

har vi litt igjen før vi som fylke når landsgjennomsnittet. I 2010 var gjennomsnittet for 18-åringar 5,2

tenner med karies og fyllingar, medan det for landet er 4,6.

71,2

72,0

73,0

73,3

75,8

77,8

78,3

78,4

78,5

78,8

80,0

80,6

81,4

81,7

81,7

83,6

84,3

84,9

85,0

87,0

88,0

97,7

0 10 20 30 40 50 60 70 80 90 100

KLEPP

HJELMELAND

SAUDA

ØLEN

EGERSUND

HAUGESUND

RANDABERG

SOKNDAL

SØR JÆREN

NORD ROGALAND

BOKN

JØRPELAND

TANNHELSE ROGALAND

BRYNE

STAVANGER

NORD-JÆREN /RYFYLKE

TYSVÆR

SANDNES

SOLA

GANDDAL

FINNØY

RENNESØY

Andel uten karieserfaring

Tannhelse blant 5-åringer

Velg alder

Figur 33: Andelen 5-åringar utan karieserfaring i 2010. Ulike kommunar og regionar i Rogaland, og Rogaland. Kjelde:

Tannhelse Rogaland, SSB, Asplan Viak.

For Hjelmeland er utviklinga negativ og det har dei siste åra blitt færre 5-åringar som er kariesfrie. Ei

av hovudgrunnane til dette kan vera at det i Hjelmeland kommune er auka andel ungar med

opprinnelsesland utanfor Vest-Europa, der ein også veit at tannhelsa er dårlegare. Tannhelsetenesta

og helsestasjonen er klar over utfordringane dette fører med seg, og arbeidar aktivt med å informere

foreldre om korleis ein får god tannhelse. Forhåpentlegvis vil dette arbeidet resultere i at utviklinga

snur og går i riktig retning.

Ein positiv tendens er at skular og barnehagar har blitt meir oppmerksame på sunn mat, samt vatn

som tørstedrikk. Men fortsatt er det mange ungdommar som drikk brus/juice/saft, som kan gje

syreskadar (erosjonskadar). Dette kan gje utfordringar på sikt, då dei kan få problem med

tenner/emalje når dei vert eldre.

Når det gjeld den vaksne delen av befolkninga i Hjelmeland er det vanskeleg å seie noko om

tannhelsa. Det er for lite kapasitet på tannklinikken, og mange får tannhelsetenestar i andre

32 Folkehelsekartlegging 2013

kommunar. Det kan det sjå ut som om at mange ikkje går til tannlegen før dei får vondt, noko som

kanskje er eit resultat av manglande kapasitet på tannklinikken i Hjelmeland.

Stort behov for ei til helsesyster

Helsestasjon og skulehelsetenesta har eit stort ansvarsområde, og er eit særs viktig ledd i det

førebyggjande og helsefremjande arbeidet. Helsesyster følgjer ungar og foreldre frå ungane vert

fødde til dei er 18 år. Det er difor ein svært viktig arena for å formidle kunnskap om kva ein bør gjera

for å få ei god helse, i tillegg til oppfølging som veging/måling, heimebesøk, vaksinasjon, osb.

Helsestasjonen er og ein viktig arena for integrering, då helsesyster har tett kontakt med foreldre og

barn av innvandrarbakgrunn.

I Hjelmeland har vi ei 100 % stilling som helsesyster, men skulle ut ifrå normtall hatt ei 100 % stilling

til. Mange nasjonale rettleiarar og retningslinjer krev meir av helsesyster enn det ein klarar med den

kapasiteten ein har idag, noko som fører til at ein gjer “må”-oppgåvene, medan andre oppgåver vert

nedprioriterte, til dømes revidering av prosedyrar og kvalitetssikring. Godt samarbeid med jordmor

gjer at helsesyster vert avlasta, til dømes med ammeprosedyrar og EPDS (oppdage depresjon i

svangerskap/barseltida). Men dersom “Nasjonal retningslinje for barselomsorgen - nytt liv og trygg

barseltid for familien” vert vedteken, vil også det føre til meir arbeid både for helsesyster og jordmor,

mellom anna gjennom meir heimebesøk.

Psykisk helse har fått midlar til styrking av skulehelsetenesta, og er også behjelpelege med å gjere

“helsesysteroppgåver”. Dette fungerer greitt, men fører til at det vert mindre tid til arbeid hjå avd.

for psykisk helse, som også er svært viktig. Ein registrerer at skulane i aukande grad bruker både

helsesyster og avd. for psykisk helse til krevjande samtalar med elevane og ein ser at det er behov for

meir tid på skulane, spesielt på ungdomsskulen. Dette er av dei tinga som pr. i dag vert nedprioritert

pga. for liten kapasitet.

Når det gjeld familiar med innvandrarbakgrunn, så ser ein at nokre av desse barna treng tettare

oppfølging på helsestasjonen en norske barn, pga. vaksinering, språk eller andre utfordringar som

følgjer det og vere ny i landet. Den generelle auka i barnevernssaker i Hjelmeland fører også til

meirarbeid for helsesyster, og ein registrerer at ein del av desse sakene gjeld familiar av

innvandrarbakgrunn. Helsestasjonen arbeidar difor med å auke kunnskapen om minoritetsspråklege,

gjennom Bulyst-prosjektet “Frå innvandrar til innbyggjar”, slik at dei etterkvart kan ha

foreldreveileiingskurs også for denne foreldregruppa.

Behovet for ei til 100 % stilling som helsesyster har vorte nedprioritert grunna budsjettsituasjonen.

33 Folkehelsekartlegging 2013

0

10

20

30

40

50

60

2004 2005 2006 2007 2008

Årsverk pr. 10 000 innb. 0-5 år

Årsverk av helsesøstre

Finnøy

Hjelmeland

Hele landet

Rogaland

Velg kommune

Velg år

Velg indikator på kvalitet ved helsestasjon- og skolehelsetjeneste

Figur 34: Årsverk av helsesystre, målt i årsverk pr. 10 000 innbyggjarar i alderen 0 – 5 år. 2004 – 2008. Hjelmeland, Finnøy,

Rogaland og heile landet. Kjelde: Kostra/SSB, Asplan Viak.

Auke i antal barnevernsakar treng ikkje vera negativt

På landsbasis har det sidan år 2000 vore ei stigande kurve på barnevernssaker. Slik er det også i

Hjelmeland, der ein dei siste 5-6 åra har gått frå å ha 20 – 25 saker til 60 i 2012. Årsakane til dette er

fleire. Mellom anna gjer større tiltaksspekter enn før at fleire kan nytte seg av tilbod frå barne- og

familieseksjonen, også gjerne tidlegare i fasen enn før, både med små og store problem. Det at ein

gjev fleire familiar tilbod, fører også til at statistikken på antal saker stig, sjølv om tiltaket kanskje er

eit foreldreveiledningskurs og ikkje omplassering av ungar. Ein ser og at folk i dag er flinkare til å be

om hjelp eller ytra bekymring for andre.

0

1

2

3

4

5

6

7

8

2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010

An

de

l

Andel barn med barnevernstiltak ift. innbyggere 0-17 år

Finnøy

Hjelmeland

Stavanger

Velg kommune

Velg år

Figur 35: Andel barn med barnevernstiltak i forhold til innbyggjarar i alderen 0 – 17 år. 2000 – 2010. Hjelmeland, Finnøy og

Stavanger. Kjelde: Kostra/SSB, Asplan Viak.

34 Folkehelsekartlegging 2013

Men ei auke i saker kan også komma av at foreldra støyter på andre utfordringar i dagens samfunn

enn tidlegare, noko som kanskje fører til at fleire treng rettleiing. Til dømes er auka internett- og

mobilbruk ei utfordring for mange, både unge og vaksne, og noko som kan føra til vanskelege

situasjonar for begge parter. Men ein må også ta i betraktning at mange barnevernssaker og fleire

ungar “i systemet” også kan vera positivt, då ungane det gjeld kanskje får hjelp tidlegare enn dei fekk

før. Tidleg innsats kan førebyggja mange potensielle situasjonar som kunne ha eskalert og kome på

eit seinare tidspunkt. Det er eit relativt godt tverrfagleg samarbeid i kommunen, noko som gjer at

tidleg innsats vert lettare å få til. Utfordringa er å ha nok ressursar til å ta seg av alle sakene.

Ein ser også i barne- og familieseksjonen at språk – og kulturforskjellar kan vera ei utfordring både for

foreldre og barn, då det er ulik oppfatning av kva som er akseptert og ikkje alt etter kor du kjem frå i

verda.

0

0

0

2,3

2,7

3,2

3,2

3,3

3,3

3,4

3,6

3,7

3,9

3,9

4,1

4,3

4,5

5

5,1

5,3

5,4

5,5

5,9

5,9

6,1

6,9

10,4

10,6

0 2 4 6 8 10 12

Ølen (t.o.m. 2005)

Vindafjord (t.o.m. 2005)

Kvitsøy

Bokn

Rennesøy

Sola

Sandnes

Karmøy

Klepp

Randaberg

Stavanger

Time

Sokndal

Gjesdal

Vindafjord

Tysvær

Eigersund

Haugesund

Suldal

Bjerkreim

Strand

Finnøy

Lund

Sauda

Hjelmeland

Forsand

Utsira

Andel barn med barnevernstiltak ift. innbyggere 0-17 år i 2010

Velg år

Figur 36: Andel barn med barnevernstiltak i forhold til innbyggjarar i alderen 0 – 17 år i 2010. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde, Kostra/SSB, Asplan Viak.

35 Folkehelsekartlegging 2013

Kvalitet i barnehage og skule

41,7

50,0

60,5

63,6

63,6

66,7

67,5

67,9

68,9

69,9

70,1

71,4

74,5

75,0

75,4

75,6

76,5

76,6

78,0

83,4

83,8

84,6

86,7

87,4

91,4

96,6

100,0

100,0

0 20 40 60 80 100 120

Hjelmeland

Lund

Strand

Rennesøy

Finnøy

Kvitsøy

Klepp

Eigersund

Vindafjord

Gjesdal

Forsand

Sola

Suldal

Randaberg

Sandnes

Sokndal

Time

Gj.snitt Rogaland

Stavanger

Tysvær

Gj.snitt alle kommuner

Bjerkreim

Karmøy

Haugesund

Sauda

Bokn

Utsira

Andel/m2

Andel styrere og pedagogiske ledere med godkjent førskolelærerutdanning i 2010

Velg år Velg indikator på kvalitet i barnehage

Figur 37: Andel styrarar og pedagogiske leiarar med godkjent førskuleutdanning i 2010. Alle kommunar i Rogaland,

gjennomsnittet for Rogaland og alle norske kommunar. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Kvalitetsbegrepet er ofte subjektivt, og dermed også vanskeleg å måle. Når ein snakkar om kvalitet i

forhold til barnehagar, så snakkar ein ofte om andelen av styrarar og pedagogiske leiarar som har

godkjent førskuleutdanning, noko som er ein meir målbar kvalitet. I løpet av dei siste 10 åra har

denne andelen svinga i barnehagane i Hjelmeland kommune, men trenden har vore at det har blitt

gradvis færre med fullverdig utdanning. I 2010 låg Hjelmeland nedst på statistikken i Rogaland, med

ein andel på berre 41,7 %. Dette har ein vore bevisst på i lengre tid, og har også gjennom

støtteordningar fått personar til å ta førskuleutdanning. Planen er at ein i løpet av dei neste åra skal

ha 4 pedagogiske leiarar klare, då desse er under utdanning no. I motsetnad til tidlegare har ein no

“sett binding” på desse, slik at dei går inn i barnehagar og ikkje skular når dei er ferdige med

utdanninga. Dette er med andre ord eit område som er sterkt prioritert, trass den økonomiske

situasjonen i kommunen som i utgangspunktet gjer at det er tiltaksstopp på slike støtteordningar.

36 Folkehelsekartlegging 2013

57,8 %

58,4 %

64,3 %

66,7 %

68,1 %

72,9 %

73,0 %

74,3 %

74,6 %

75,3 %

76,3 %

76,5 %

78,5 %

78,5 %

78,6 %

79,6 %

79,8 %

80,7 %

80,8 %

80,8 %

81,4 %

81,9 %

83,1 %

83,1 %

84,9 %

85,6 %

94,5 %

0% 10% 20% 30% 40% 50% 60% 70% 80% 90% 100%

Bokn

Kvitsøy

Rennesøy

Forsand

Eigersund

Suldal

Strand

Finnøy

Gjesdal

Sokndal

Sandnes

Haugesund

Vindafjord

Klepp

Estimat alle kommuner

Time

Tysvær

Utsira

Hjelmeland

Stavanger

Bjerkreim

Sola

Karmøy

Sauda

Lund

Randaberg

Andel av avtalte årsverk i grunnskolen

Lærere grunnskole, med universitets-/høgskolekoleutdanning og pedagogisk utdanning i 2010

Velg år Velg indikator for kvalitet i grunnskolen

Figur 38: Andel lærarar i grunnskulen med universitets-/høgskuleutdanning og pedagogisk utdanning av avtalte årsverk i

grunnskulen i 2010. Alle kommunar i Rogaland og gjennomsnittet for alle norske kommunar. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Når det gjeld denne type kvalitet i skulen, så er situasjonen annleis. Her ligg Hjelmeland i 2010 rett

over snittet, med ein andel på 80,8 % av avtalte årsverk som har universitets-/høgskuleutdanning og

pedagogisk utdanning. Ei av årsakene til dette er at det er høgare utdanningskrav i skulane enn i

barnehagane, og då spesielt i ungdomsskulen. Lærarane som vert tilsette skal ha fagutdanning,

medan assistentane ikkje treng det på same måte då dei går på ekstrastillingar.

37 Folkehelsekartlegging 2013

Barne- og ungdomsmiljø

Omfanget av mobbing, generelt sett, er kartlagt gjennom ei rekkje undersøkingar. Forsiktig anslås det

at mellom fem og ti prosent av elevane vert utsett for mobbing regelmessig (www.ungdata.no). Det

er ikkje gjort konkrete undersøkingar i Hjelmeland, men det kan nok tenkjast at tendensane er nokså

like her også.

Førebyggjande arbeid allereie på barnehagenivå

Dei ulike barnehagane i Hjelmeland gjev tilbakemeldingar på at dei opplever at det er godt miljø og

relativt lite mobbing, om ein kan kalla det mobbing, i barnehagen. Dei ser alikevel tendensar til det,

deriblant er utestenging til tider eit problem. I 2013 startar alle barnehagane i Hjelmeland opp med

eit program som heiter “Være sammen”. Dette er eit verktøy til bruk i arbeidet med sosial

kompentanse i barnehagar, og vil forhåpentlegvis koma godt med i arbeidet med å førebyggja

mobbing.

Positivt for miljøet med felles aktivitetar

Når det gjeld miljøet på barneskulane, så oppleves også det som bra. Mobbing førekjem, men ikkje i

veldig stor grad. Det er jevnleg episodar som må tas tak i, og skulane har “mobbeplanar” om korleis

ein går fram for å hindre at dette skjer vidare. Det hender også at det er episodar med andre typar

konfliktar mellom elevane, då hender det at helsesyster/psyk. sjukepleiar vert involverte for å snakke

med elevane. Ho har fast helsesystertime på dei ulike skulane, og då kan også elevane sjølv komme

til henne for samtale. I tillegg har nokre klassetrinn også ulike opplegg som går på sosial kompetanse,

til dømes ART og “Steg for steg”.

Tilbakemeldingane frå dei fleste skulane viser at felles aktivitetar på tvers av trinn/alder oppleves

som svært positivt og haldningsskapande. I tillegg er organiserte aktivitetar i friminutta, felles

temaprosjekt osb. tiltak som gjev positive ringverknadar.

Sosial kompetanse er viktig

Miljøet og trivselen på ungdomskulen oppleves også som bra, men her er utfordringa større når det

gjeld mobbing som føregår på sosiale media, som t.d. Facebook. Bruken av dette føregår oftast på

fritida, men gjev negative ringverknadar inn i skuletida. I tillegg ser ein at det hadde vore nødvendig

med meir kunnskap og ressursar for å verta betre på å handtera den såkalla “jentemobbinga”, som

ofte inneber utestenging og ryktespreiing, og som i tillegg er relativt skjult for omverda. Slik mobbing

finn vi heilt ned i barnehagealder, og er noko som må arbeidast aktivt med heile tida. Dette er også

eit område som er vanskeleg for lærarar å ta tak i, då elevane ofte ikkje torer å fortelje om det. Ein

ser at ei stilling innafor sosial kompetanse, ein tilgjengeleg person som elevane sjølv kan ta kontakt

med, er viktig både for lærarar og elevar. Med tanke på utfordringane som er nemnde over, i tillegg

til den generelle tendensen med auke i psykiske problem blant ungdom, bør ein vera observant på

den psykososiale utviklinga i ungdomsskulen. Når det er sagt ser ein ikkje spesielle tendensar i den

generelle psykiske helsa blant ungdom i Hjelmeland. Det verkar som om dei som ynskjer hjelp får det,

noko som kan skyldast at samarbeid mellom skule og helsestasjon/psykisk helse fungerer godt, og at

tilbodet er lett tilgjengeleg for ungdom og foreldre.

38 Folkehelsekartlegging 2013

Ein skule med internasjonal karakter

Nokre av skulane og barnehagane i Hjelmeland har etterkvart fått ein internasjonal karakter. Når det

gjeld integrering i barnehagane så går dette stort sett greitt for dei fleste, men språk er ofte ei

utfordring - det er vanskeleg å ikkje forstå kvarandre. Når det gjeld integrering i skulen er også her

språket ei utfordring, både når det gjeld kommunikasjon med elev og med foreldre, og ved behov

vert det nytta tolk for å betra kommunikasjonen. Nye minoritetsspråklege elevar får undervisning i

særskild norsk, og skulen kartlegg behov og tilrettelegg undervisninga etter elevane sitt nivå til ei

kvar tid. Stort sett går det greitt, men nokre av elevane søker mot andre elevar frå same land, noko

som fører til at det vert vanskelegare å lære språket og ta del i det sosiale nettverket. Skulen

oppfordrar til å ta del i fritidsaktivitetar utanom skulen, då dette er viktig for å lære språk og for å

verta kjent med andre sambygdingar. Helsesyster har og samtalar med alle nye elevar på skulen, og

har moglegheit til å snakke med elevane om personlege ting som kanskje kan vere vanskelege som ny

i Norge.

Når det gjeld integrering i sin heilhet, ikkje berre språkutfordringar, kan det vera greitt å skilja

mellom flyktningar og arbeidsinnvandrarar. Utfordringane som følgjer integreringa er ofte ulike,

språk er ein fellesnemnar, medan kulturbakgrunna er ulik. Dei sistnemnde kjem på grunn av jobb, og

har ein nokså lik kulturbakgrunn som den norske. Flyktningar derimot kan vera prega av opplevingar

der dei kom frå, samstundes som dei ofte har ei svært ulik kulturbakgrunn og religion enn det

majoriteten i Norge har. Dette, saman med at det meste elles også er nytt for dei, kan føra til

utfordringar. Ein ser også at nokre ungar, spesielt jenter, er lite ute med andre jamnaldrande på

fritida. Dette gjer at dei fell utanfor når dei andre i skuletida pratar om felles opplevingar frå fritida. I

tillegg fører det at dei ikkje deltek på fritidsaktivitetar også til at dei lærer språket seinare enn dei

elles ville gjort, noko som igjen får følger for den faglege utviklinga. Når det gjeld barn av

arbeidsinnvandrarar er situasjonen noko annleis. For mange, spesielt dei som kjem frå ein storby i

Europa, er overgangen stor når ein kjem til ein så liten kommune som Hjelmeland. Med spreidd

busetjing og lite offentleg transport er ein som regel avhengig av eigen transport for å delta på

fritidsaktivitetar, noko som ofte er problematisk då begge foreldra jobbar mykje og samstundes ikkje

er vant til at ungdommar må køyrast med bil. Dette fører til at dei ofte vert sitjande heime, noko som

går utover trivselen. Kort oppsummert kan ein seia at begge desse framandspråklege gruppene vert

forholdsvis greitt integrerte i skuletida, men det er faktorar utanfor skulen som kan leggja hindringar

for at situasjonen ikkje alltid vert optimal.

Ungdom og rus

Tendensane generelt sett viser at ungdom i dag drikk mindre alkohol enn før. Alkoholforbruket auka

gjennom 80 – og 90 - talet, men har gått ned i løpet av 2000 – talet (ungdata.no). Det er nærliggjande

å tru at tendensen er den same også her i Hjelmeland, men det er vanskeleg å seia heilt sikkert då vi

er ein liten kommune der det er vanskeleg å føreta gode nok undersøkingar. I 2010 hadde vi ei

ungdata-undersøking, som er eit kvalitetssikra og standardisert system for lokale

spørjeskjemaundersøkingar, tilpassa skuleelevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Her var svarprosenten veldig låg, og tala vart difor usikre. I 2012 hadde vi ei sjølvprodusert

spørjeundersøking, som inneheldt spørsmål om fritidsaktivitetar, ungdomstaxi og rusbruk. Her var

det god svarprosent, men kvaliteten vert ikkje på same nivå som ungdata sine undersøkingar, mellom

anna fordi denne føregjekk i klasserommet der elevane kunne snakke saman. Vi nemner alikevel

39 Folkehelsekartlegging 2013

nokre tal frå denne undersøkinga, som eit utgangspunkt for å seie noko om dette temaet i

Hjelmeland:

Kor ofte drikk du?

Aldri

Har prøvd 1 - 2 gonger det siste året

Har drukke 2 - 6 gonger det siste året

Drikk om lag 1 gong i månaden

Drikk 2 - 3 gonger i månaden

Drikk nesten kvar helg

Drikk fleire gonger i veka

Prosent:

60

19

6

6

4

3

0

Har du prøvd andre rusmidlar enn alkohol? I tilfelle ja:

Kva:

Røyk

Snus

Prosent:

10

7

Kor får ein i såfall tak i dette:

Får kjøpt i Hjelmeland:

Får kjøpt i nabokommunar:

Prosent:

7

6

Figur 39: Utdrag frå spørjeundersøking blant 8. – 10. kl. elevar i 2012. Kjelde: Kulturseksjonen.

Det er stort sett 9. – 10. klassingar som drikk alkohol, gjerne dei som er med eldre ungdommar. Det

kan også sjå ut som om det er færre som røykjer no enn før, medan snusbruken har auka. Ein ser at

elevar heilt ned i 7. kl. prøver snus, og det vart på vårparten i 2013 sendt ut informasjonsskriv til

ungdomsskuleforeldre der dei vart gjort bevisste på snusbruk blant elevar.

Ørebro Preventionsprogram

I 2012 starta Hjelmeland Kommune med eit førebyggingsprogram som heiter Ørebro

Preventionsprogram, også kalla ØPP. Dette er ein foreldremøtemetode som har til hensikt å

førebyggja tidleg alkoholdebut og redusera alkoholbruk og normbrudd hjå ungdommar. Grunntanken

bak dette programmet er at ein skal redusera ungdoms alkoholbruk ved å henvenda seg til foreldra.

Oppstarten av dette har gått veldig greitt, og tilbakemeldingane frå foreldra har vore gode. På desse

møta vert det også gjeve rom for at foreldra kan drøfta grensesetjing, også på ande område enn

alkohol.

Ny handlingsplan om rus – eit samarbeid mellom lokale NAV-kontor

6 lokale NAV-kontor utarbeidar, i lag med Rogaland A-senter, ein felles handlingsplan om rus.

Prosjektet er økonomisk støtta med midlar frå Fylkesmannen, og det er ansatt ein prosjektleiar til å

skriva planen for kommunane. Planen skal innehalda ein fellesdel, samt ein lokaldel, og skal vera eit

arbeidsverktøy for rusarbeidet i dei ulike kommunane. Dette gjeld både det som går på førebygging

og behandling, og vil forhåpentlegvis verta eit godt verktøy i det tverrsektorielle rusarbeidet i

kommunen.

40 Folkehelsekartlegging 2013

Få “drop-out’s” frå Hjelmeland

Hjelmeland har ingen vidaregåande skular, og elevane må difor ut av kommunen når dei er ferdige

med ungdomsskulen. Ein kunne kanskje antatt at det fører til at fleire “droppar” ut, men det kan sjå

ut som det snarare er tvert imot. I 2010 var det berre 16,4 % av elevane frå Hjelmeland som ikkje

fullførte vidaregåande skule, medan det på fylkes- og landsnivå var henhaldsvis 23 % og 25,6 %. Kva

som er årsaka til det er vanskeleg å seia, men ein ser og at sjukefråveret i Hjelmeland er lågt. Som

nemt tidlegare kan det ha med kultur og mentalitet å gjera, det same er kanskje årsaka til at

ungdommane i Hjelmeland oftare fullfører vidaregåande skule enn ein del andre plassar.

0

0

0

0

14,5

16,4

18

18,2

20,2

20,5

20,7

20,8

21,1

21,1

21,4

21,5

21,6

21,6

21,9

22,4

22,4

23

23,3

24,9

25,2

25,6

28

30,1

0 5 10 15 20 25 30 35

Forsand

Bokn

Kvitsøy

Utsira

Sauda

Hjelmeland

Bjerkreim

Suldal

Lund

Eigersund

Rennesøy

Finnøy

Haugesund

Strand

Randaberg

Tysvær

Sola

Karmøy

Gjesdal

Vindafjord

Sokndal

Rogaland

Stavanger

Time

Sandnes

Hele landet

Klepp

Andel som ikke fullfører videregående skole

Frafall i videregående skole i 2010Velg år

Figur 40: Andelen som ikkje fullførte vidaregåande skule i 2010. 2 års glidande gjennomsnitt. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Kjelde: Kommunehelsa, SSB, Asplan Viak.

“Ny giv”

Ny Giv er eit nasjonalt prosjekt som Hjelmeland kommune er med i, der målet er å hindre fråfall i vidaregåande skule. Forskning viser at dersom ein går ut av ungdomsskulen med under 3 i snittkarakter, er risikoen for å “droppe” ut av vidaregåande skule i løpet av 5 år på 87 %. 10 % av dei svakast presterande elevane til jul, blir difor tatt ut i såkalte Ny Giv-grupper det siste halvåret i tiande klasse. Då får dei tilbod om eit 10-vekers intensivt lese-, skrive- og matematikkurs, som skal gje elevane ny giv i skulearbeidet, føre til større meistring i faga, og kanskje også høgare karakterar. Ny Giv har fokus på lærestrategiar og studieteknikk, og brukar meir pedagogisk leik enn “vanleg” undervisning. Med desse kursa skal elevane vere betre førebudd til å meistre det faglege nivået i vidaregåande skule, noko ein trur vil gje større trivsel og mindre “drop-out’s”. Elevane vil bli merka som Ny Giv-elevar når dei kjem til vidaregåande skule, og vil få vidare oppfylgjing i skulegongen der.

41 Folkehelsekartlegging 2013

6 VAKSNE OG ELDRE

Levevanar

Lite konkret informasjon om vanane våre

Når det gjeld levevanar, spesielt det som går på fysisk aktivitet, kosthald og tobakk/rus, er det

vanskeleg å seia noko sikkert om korleis dette er i vår kommune. Det er lite, eller ingen, statistikk for

Hjelmeland på desse områda, og det er heller ikkje enkelt for fagfolk å kommentera dette.

27

24

12 12

28 27

19

13

58

67

78 77

54

59

7072

3 44 3

0

10

20

30

40

50

60

70

80

90

1998 2002 2005 2008

Pro

sen

t

Fysisk aktivitet i Agder og Rogaland

Mosjonerer aldri (prosent) -Kvinner

Mosjonerer aldri (prosent) -Menn

Mosjonerer ukentlig eller oftere(prosent) - Kvinner

Mosjonerer ukentlig eller oftere(prosent) - Menn

Antall dager per uke i aktivitet -Kvinner

Antall dager per uke i aktivitet -Menn

Velg mosjonsfrekvens

Velg kjønn

Velg år

Velg landsdel

Figur 41: Fysisk aktivitet i Agder og Rogaland. 1998, 2002, 2005 og 2008. Kjelde: Helse- og levekårsundersøkelsen, SSB,

Asplan Viak.

Ser ein på statistikk for fysisk aktivitet i Agder og Rogaland så ser ein at andelen personar som aldri

mosjonerer gjekk ned mellom 1998 – 2008, medan andelen som mosjonerer ukentleg eller oftare går

opp. Dette er nok ein trend som er lik også i Hjelmeland, men det kan sjå ut som om vi “kviler litt på

lauvbæra” og anser oss sjølv som meir aktive enn vi i realiteten er. Primærnæringane, som til dømes

bønder og industriarbeidarar, har ein del fysisk aktivitet i kvardagen. I tillegg er mange vane med å gå

i heia, gjerne etter dyr, bær, og liknande. Spørsmålet er om dette er “den rette” fysiske aktiviteten,

altså aktivitet med såpass høg intensitet at ein vert andpusten, og dermed får ein helsegevinst av

det? Antakelegvis er det ikkje nok. Anbefalingane frå Helsedirektoratet er 30 min. fysisk aktivitet pr.

dag, m/ hastigheit tilsvarande rask gange, altså må vi vera i meir jevnleg aktivitet.

42 Folkehelsekartlegging 2013

Når det er nemnt så kan det generelt sett sjå ut som om folk i aukande grad er i fysisk aktivitet.

Spesielt ser ein tendensar til at dei som nærmar seg pensjonsalder er meir bevisste enn før på kor

viktig det er å halda seg i god fysisk form for å få ein god alderdom.

Ein antar også at det er ein del overvektsproblematikk blant vaksne i Hjelmeland, slik trendane på

landsbasis viser. Befolkningas gjennomsnittsvekt aukar og helseundersøkingar frå 2002-2003 visar at

ein av fem vaksne i Norge kan ha fedme. Sannsynlegvis har endringar i miljø og levevanar

(Wangensteen, 2005) ført til at det er fleire enn tidlegare som er overvektige og som slit med fedme.

0

5

10

15

20

25

30

35

40

1995-1999 1996-2000 1997-2001 1998-2002 1999-2003 2000-2004 2001-2005 2002-2006 2003-2007 2004-2008 2005-2009 2006-2010

An

de

l rø

yke

re (

16

-74

år)

Andel røykere (16-74 år)

Andel dagligrøykere

Rogaland - Menn

Rogaland - Kvinner

Hele landet - Menn

Hele landet - Kvinner

Velg fylke

Velg kjønn

Velg tidsperiode

Velg røykevane

Figur 42: Andel daglegrøykjarar (16 – 74 år) i Rogaland og heile landet. Menn og kvinner. Frå tidsperioden 1995 – 1999 til

2006 – 2010. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Når det kjem til tobakk viser statistikken at andelen daglegrøykarar minkar. Det er flest andel av

daglegrøykarar blant dei med låg utdanning.

43 Folkehelsekartlegging 2013

Når det gjeld alkoholbruk så ser ein at forbruket aukar blant menn, men her er forbruket størst blant

det dei med høgare utdanning og inntekt.

20

31

18

23

10

20

1211

2

01

2

8

0

4

6

0

5

10

15

20

25

30

35

1998 2002 2005 2008

Pro

sen

t

Rusvaner i Agder og Rogaland

Drikker alkohol 2 eller flere ganger per uke(prosent) - Menn

Drikker alkohol 2 eller flere ganger per uke(prosent) - Kvinner

Drukket så en har følt seg beruset en eller flereganger pr uke (prosent) - Kvinner

Drukket så en har følt seg beruset en eller flereganger pr uke (prosent) - Menn

Velg rusvane

Velg kjønn

Velg år

Velg landsdel

Figur 43: Rusvanar i Agder og Rogaland. 1998, 2002, 2005 og 2008. Menn og kvinner. Kjelde: SSB, Asplan Viak.

Situasjonen er mest sannsynleg nokså lik i Hjelmeland, som det ein ser på figuren over. Når det gjeld

alkohol vert vi nok meir og meir “kontinentale” i drikkevanane, noko som fører til at grunnforbruket

aukar. Folk drikk ikkje lenger berre i helgene, men tek seg gjerne “eit glas” ein vekedag også,

summen vert nok difor eit større forbruk.

Stort frivillig engasjement i mange lag og organisasjonar

Det føregår mykje frivillig arbeid blant innbyggjarane i Hjelmeland kommune. Pr. mars 2013 var det

om lag 70 frivillige lag og organisasjonar registrert på kommunen sine adresselister, mange av desse

er religiøse lag/foreiningar. Ein ser tendensar til at fleire små lag vert nedlagt, og at det er ei auke i

samanslåing av lag i området, så dette talet kan kome til å endre seg framover. Men uansett

organisering så betyr dette at frivillig arbeid blant befolkninga er vanleg. Mange arrangement i

kommunen er i regi av frivillige lag og organisasjonar, og i mange tilfeller også i samarbeid med ulike

kommunale avdelingar. Hjelmeland Frivilligsentral er eit viktig knutepunkt mellom kommunen og dei

frivillige laga, og det vert arbeida aktivt for å vidareutvikle dette samarbeidet, spesielt med tanke på

det helsefremjande og førebyggjande arbeidet. Partnarskapsavtalar om folkehelse og andre former

for samarbeid har vore drøfta, og kjem nok også til å vera i fokus i tida framover.

Sosial inkludering

Kombinasjonen lange avstandar og lita befolkning gjer at det ikkje er enkelt og oppretthalda

uformelle møteplassar i Hjelmeland. Det er forsøkt med både kafé- og restaurantdrift, men ofte

minkar besøkstala fort og fortenesta like så. Uformelle møtestader i Hjelmeland er det difor ikkje

mange av, men det finnes nokre serveringsstader, samt to bibliotek. Når det er sagt finnes det ulike

typar nærmiljøanlegg utandørs rundt om i kommunen, som også kan reknas som uformelle

møteplassar. Møteplassar generelt sett finn ein ganske mange av, men dei er gjerne ikkje så

uformelle då ein som regel må låne/leige lokalar. Eksempel på slike møteplassar er skular,

samfunnshus, aktivitetshus, kyrkjer og bedehus.

44 Folkehelsekartlegging 2013

Folk er og ulike når det kjem til behov for sosial omgang, for nokon betyr det svært mykje, medan

andre gjerne vel det vekk sjølv. Ein ser og at det er forskjell på dei ulike grendane i kommunen. Nokre

stadar er innbyggjarane veldig aktive og støttar opp om det som skjer uansett kva tilstelling det er,

medan det andre stadar ikkje er så stor oppslutning. I mange av desse tilfella er det frivillige lag/org.

som er arrangørar, og mange i grenda har difor eit forhold til dei som bidreg til arrangementet.

Når det gjeld kulturelle arrangement så er det relativt mange av desse i løpet av eit år. Ein forsøker å

ha arrangement for alle aldersgrupper, men det ser ut til at ungdomsarrangement er vanskelegare å

få til enn andre arrangement. Når det gjeld U-ROM, som er eit meir uformelt ungdomstilbod i

Hjelmelandshallen, så er det derimot veldig godt oppmøte. Det kan difor sjå ut til at ungdommen

føretrekk faste møteplassar, som fungerer meir som ein fritidsklubb, enn større, meir spesielle

arrangement. Det viser seg og at kulturtilbod i eller om naturen er spesielt populært blant

Hjelmelandsbefolkninga, både blant unge og gamle. Det kan ha noko med at desse arrangementa

som regel er lågterskelarrangement som det er enklare å møte på, i tillegg er du litt meir “usynleg”

på arrangement som er ute. Det kan også kanskje ha med at Hjelmeland kommune gjennom fleire år

har vore den kommunen som har flest andel av befolkninga som er medlemmar i Den Norske

Turistforening, men uansett årsak så er det ein positiv trend som ein vil forsøke og halde på. På

småbarnsarrangement plar det også vera svært godt oppmøte. Det kan sjå ut som om desse

arrangementa vert brukte som ein uformell møteplass for foreldre og småbarn, uavhengig av kva

type arrangement det er.

Generelt sett er deltakinga varierande på dei ulike arrangementa, enkelte arrangement har god

deltaking sett i forhold til innbyggjartalet, andre arrangement skulle ein ønskt større deltaking på. Ein

positiv tendens er at det kan sjå ut til at innvandrarar i aukande grad deltek.

Likt for alle kulturarrangement er at ein forsøker å halda deltakaravgifta så låg som mogleg, eller

gratis, slik at flest mogleg kan delta og som eit tiltak for å redusere sosiale helseforskjellar.

Integrering og ”Bulyst”

I og med at andelen av befolkninga i Hjelmeland med innvandrarbakgrunn er relativt høg, vert det også jobba aktivt i høve til denne samansette gruppa. Vi har i Hjelmeland for tida to større prosjekt, hovudsakleg finansiert via ”Bulystmidler” frå Kommunaldepartementet. Det eine, ”Frå innvandrar til innbyggjar”, har arbeidsinnvandrarar som særleg målgruppe. I samarbeid med lokale arbeidsgjevarar, Strand vidaregåande skule og ei tverretatleg prosjektgruppe vert det jobba konkret med språkopplæring, informasjon, deltaking i samfunnslivet på ulike arenaer, osb. Dei største innvandrargruppene i kommunen kjem frå Litauen, Polen og Tyskland, dei fleste som arbeidsinnvandrarar. Hjelmeland Frivilligsentral er også ein del av Bulyst-prosjekta. Frivilligsentralen er ein viktig arena for integrering, og har stort fokus på å inkludere innvandrarar i frivillige lag og organisasjonar. Pr. i dag er det ein tendens til auke i medlemmar med innvandrarbakgrunn i nokre frivillige lag, fleire deltek også i ulike verv og styrer. Ein annan positiv tendens er at treningssenteret på Hjelmeland ser ut til å vera ein god arena for integrering. I tillegg til å vera i fysisk aktivitet kan ein vera sosial, og ein vert gjerne kjend med folk ein ikkje treff på andre måtar.

45 Folkehelsekartlegging 2013

Sjukdommar og dødelegheit

“God helse, men kroppen sviktar”

Om ein vurderer helsa si som god eller dårleg varierer frå person til person, men jamt over opplever

ein at Hjelmelandsbefolkninga vurderer helsa si som god. Sjølv om ein vurderer helsa si som god kan

ein vera fysisk sjuk, og vi ser at levevanane våre faktisk gjev oss livsstilssjukdommar. Hjerte- og kar

sjukdommar og kreft er våre største folkesjukdommar målt i dødsfall og sjukdomsbelastning, og

forekomsten av diabetes 2 og kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols) aukar. Når det gjeld psykiske

lidelsar har forekomsten av desse vore stabil dei siste åra, men fokuset på denne typen sjukdommar

har auka.

Informasjon om tidleg død (her definert som død før 75 års alder) av gitte sjukdomsgrupper gjev oss

viktig informasjon om kor det kan setjast inn førebyggjande tiltak. For fleire sjukdomsgrupper er det

vanskeleg å få full oversikt over sjukdomsbiletet. Ein måte å sjå på utbredelsen av livsstils-og

folkesjukdommar er mellom anna gjennom legemiddelbruk, som igjen kan vera ein indikator på

sjukdomsførekomst, og dødelegheit.

Det er viktig å ta med seg at all statistikk for ein kommune med så få innbyggjarar som

Hjelmeland vert relativt usikker! Tilfeldigheiter kan gje store svingningar i tala, og optimalt

sett bør ein vera mellom 10.000 og 20.000 innbyggjarar for å få signifikante tal.

Statistiske tal, som vist under, må difor sjåast i ein kombinasjon med faglege betraktningar og

tiltak må vurderast ut i frå det.

46 Folkehelsekartlegging 2013

Lite legemiddelbruk

379

401

402

412

412

413

417

423

423

428

432

434

435

439

443

445

446

447

449

450

451

452

454

456

465

468

475

559

0 100 200 300 400 500 600

Vindafjord

Hjelmeland

Rennesøy

Sola

Suldal

Finnøy

Bokn

Klepp

Time

Tysvær

Eigersund

Gjesdal

Sokndal

Rogaland

Bjerkreim

Sauda

Stavanger

Randaberg

Sandnes

Hele landet

Lund

Haugesund

Strand

Forsand

Utsira

Karmøy

Kvitsøy

Antall per 1000 innbyggere

(Alle)

Legemiddelbruk (0-74 år) blant begge kjønn i 2010Velg legemiddel Velg alder Velg år Velg kjønn

Figur 44: Antal pr. 1000 innbyggjarar (0 – 74 år) som brukar legemidlar i 2010. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile

landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde: Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan

Viak.

Denne figuren seier noko om den generelle legemiddelbruken, og inkluderer også antibiotika. Dette

er eit hyppig brukt legemiddel til bruk mot bakterieinfeksjonar, men tendensen er at ein forsøker å

bruka det mindre. Dersom vi held tilbake på antibiotika, vil det slå positivt ut på statistikk som dette.

På generell legemiddelbruk ligg vi veldig godt an, som den kommunen i Rogaland som brukar minst

legemidlar, berre forbigått av Vindafjord.

47 Folkehelsekartlegging 2013

Hjarte- og karsjukdommar

35 % av dødsfalla i Norge skuldast hjarte- og karsjukdommar. Dei siste 20 åra er dødelegheiten omlag

halvvert, men denne type sjukdommar er alikevel ei av dei hyppigaste dødsårsakene og er framleis

eit folkehelseproblem (FHI).

Aktive med blodtrykksmålingar

Me er i Hjelmeland aktive med blodtrykksmålingar og aktive med å dela ut legemidlar mot det. Det er

nok forklaringa på dei høge tala på statistikken under. Dette vert gjort for å førebyggja mot til dømes

slag og hjarte- og karsjukdom. På neste side ser ein at det i Hjelmeland er relativt høg hjarte- og kar-

dødelegheit, og denne ville nok vore endå høgare dersom ein ikkje hadde gitt ut legemidlar mot til

dømes høgt blodtrykk. Erfaringane lokalt viser at trening gjer bra generelt sett, men at det i dei fleste

tilfella ikkje gjev særs store utslag på blodtrykket i seg sjølv. I dei tilfella der fysisk aktivitet

kombinerast med vektreduksjon, slår det derimot oftare positivt ut på blodtrykket. Det er blant

fagfolk generelt sett svært ulike meiningar rundt kva tid det er hensiktsmessig å gje ut

“blodtrykksmedisinar”, men retningslinjene er nokså like mellom dei ulike legekontora - regelen er at

ein skal basera behovet for legemidlar på meir enn ei blodtrykksmåling og at ein i første omgang skal

prøva å få til ei livsstilsendring. Generelt sett så ser ein tendensar på at folk i distrikta ofte ligg litt

etter når det gjeld livsstilsendringar- og råd. Det kan difor tenkast at dette er ein av grunnane til at

ein i Hjelmeland har høg andel brukarar av legemidlar mot hjarte- og karsjukdom. Dersom pasientane

ikkje har tru på eller er villige til å gjera ei livsstilsendring vert medisinar det naturlege valet for å

førebyggja mot sjukdom.

0

20

40

60

80

100

120

140

160

2007 2008 2009 2010

An

tall

pe

r 1

00

0 in

nb

ygge

re

Legemiddelbruk (0-74 år) - Midler mot hjerte- og karsykdom

menn - Hele landet

menn - Rogaland

menn - Hjelmeland

menn - Finnøy

kvinner - Hele landet

kvinner - Rogaland

kvinner - Hjelmeland

kvinner - Finnøy

Velg kjønn

Velg kommune

Velg år

Velg legemiddel Velg alder

Figur 45: Antal pr. 1000 innbyggjarar (0 – 74 år) som brukar midlar mot hjarte- og karsjukdom. 2007 – 2010. Kvinner og

menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde:

Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

48 Folkehelsekartlegging 2013

Ser vi på statistikken over ser vi at Hjelmeland ligg over både Finnøy, fylkes- og landsgjennomsnittet,

når det gjeld legemidlar mot hjerte- og karsjukdom. Vi har ein relativt høg andel eldre, og det kunne

tenkjast at dei høge tala har med alderssamansetninga å gjera - jo større andel av eldre, jo meir bruk

av legemidlar mot hjerte- og karsjukdomar. Dette er ikkje tilfellet, då det er snakk om personar under

75 år, dei eldste er dermed ikkje med i denne statistikken.

Hjarte- og kardødeligheit

Figur 46: Antal døde av hjarte- og karsjukdommar pr. 100 000 innbyggjarar (0 – 74 år) i 2009. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak.

Ser vi på tala for hjarte- og kardødelegheit blant begge kjønn i 2009, så ligg Hjelmeland nest øverst

blant kommunane i Rogaland, med berre Sauda over. Det er vanskeleg å seia noko om kvifor det er

slik. Vi veit, som nemnt tidlegare, at vi har ein relativt høg andel av eldre i Hjelmeland, og jo eldre ein

vert, jo større er risikoen for å døy av hjerte- og karsjukdom - men denne statistikken gjeld derimot

ikkje dei over 75 år, og er difor i kategorien “tidleg død”. Ei årsak kan vera at ein i Hjelmeland har

lenger avstand til sjukehus. I nokre situasjonar tel kvart minutt, og då kan avstand til nærmaste

sjukehus vera avgjerande. Når det er sagt er ikkje dette spesielt for Hjelmeland, og mest sannsynleg

er det heller ikkje grunnen til at tala er så høge.

På figuren under ser ein statistikk for begge kjønn i Hjelmeland og Finnøy samanlikna med Rogaland

og heile landet. På lands- og fylkesbasis ser ein at tala har gått jamnt og trutt nedover sidan 1970-åra,

Finnøy følgjer same nedadgåande kurve frå ca. 2003, medan det mellom 1995 – 2009 har vore nokså

stabilt i Hjelmeland. Men ein skal då også ta med seg at Hjelmeland er ein av fleire kommunar som i

utgangspunktet var på eit lågt nivå samanlikna med landet for øvrig og fylkessnittet fram til

begynnelsen av 2000 - talet.

49 Folkehelsekartlegging 2013

Figur 47: Antal døde av hjarte- og karsjukdommar pr. 100 000 innbyggjarar (0 – 74 år) pr. år. 1995 – 2009. Hjelmeland,

Finnøy, Rogaland og heile landet. Begge kjønn. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak.

Figur 48: Antal døde av hjarte- og karsjukdommar i Hjelmeland og Finnøy, pr. 100 000 innbyggjarar (0 – 74 år) pr. år. 1995 –

2009. Kvinner og menn. Alders- og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak.

Statistikken over syner at det også i Hjelmeland, som elles i landet, er flest menn som døyr av hjarte-

og karsjukdommar. Dersom ein ser på figuren ser ein at menn under 75 år i Hjelmeland har hatt ei

stabil kurve dei siste 15 åra, medan Finnøy har gått gradvis nedover sidan år 2000, noko som gjer at

det kan vera grunn til å sjå nærmare på tendensen lokalt for å finna ut om det er konkrete årsakar

eller berre tilfeldigheiter som er grunnen.

50 Folkehelsekartlegging 2013

Kreft

Kreftdødelegheiten generelt sett har endra seg lite frå 1950 til i dag - når vi ser på antal dødsfall per

100 000 innbyggjarar og korrigerer for auka levealder. Kreftførekomsten har derimot auka. Ei årsak til

dette er mellom anna ei eldre befolkning. Jo eldre vi vert, jo større er risikoen for at vi får ein

kreftsjukdom i løpet av livet. Omtrent åtte av ti krefttilfelle oppstår i aldersgruppa over 55 år. Det er

dessutan større sosioøkonomiske forskjellar i kreftdødelegheit i dag enn for 40 år sidan, særleg gjeld

det lungekreft. Målt i antal dødsfall og sjukdomsbelastning er kreft ein av våre største

folkesjukdommar (FHI).

Figur 49: Nye krefttilfeller i Hjelmeland og Finnøy, pr. 100.000 innbyggjarar pr. år. 2005 – 2010. Alle aldrar. Alders- og

kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde: FHI, Kreftregisteret.

I Hjelmeland var det i 2010 registrert 604 nye krefttilfelle pr. 100.000 innbyggjarar. Til samanlikning

vart det registrert 587 pr. 100.000 på fylkesnivå, og 554 pr. 100.000 på landsnivå. I Hjelmeland var

auka størst hjå kvinnene. Finnøy ligg også lågare enn Hjelmeland med sine 560 pr. 100.000

innbyggjarar (FHI).

Det vart i Hjelmeland i 2010 oppdaga 110 nye tilfeller av tjukk- og endetarmskreft, pr. 100.000

innbyggjarar. Ser ein dette opp mot fylkes- og landsnivå, med henholdsvis 84 og 76 pr. 100.000

innbyggjarar, ligg vi relativt høgt. Dersom vi samanliknar oss med Finnøy som hadde 102 nye tilfeller

pr. 100.000 innbyggjar ligg vi nokså likt.

Kreftdødelegheit

Når det gjeld kreftdødelegheit ser vi at Hjelmeland ligg høgt oppe på statistikkane. På statistikken

under ser vi at det i 2009 var 161,3 pr. 100.000 innbyggjar som døde av kreft i Hjelmeland. Til

samanlikning var det i Finnøy 90,9 pr. 100.000. Den mest nærliggande årsaka til at statistikken er så

høg som det i 2009 er nok tilfeldigheiter.

51 Folkehelsekartlegging 2013

Figur 50: Antal døde av kreft pr. 100 000 innbyggjarar i 2009. Alle kommunar i Rogaland, Rogaland og heile landet. Alders-

og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak.

Ser ein derimot på statistikken under (figur 52) vil ein sjå at Hjelmeland sidan begynnelsen av 2000-

talet har hatt ei relativt kraftig auke, spesielt blant kvinner. Dette kan også vera på grunn av

tilfeldigheiter, då ein eller to personar meir enn “normalt” slår kraftig ut på statistikk i små

kommunar, men ein skal alikevel ta tendensen på alvor for å finna ut om det kan vera andre årsaker.

Ein veit at det finnes enkelte arvelege variantar av kreft, mellom anna av tjukk- og endetarmskreft.

Ein veit også at det i Rogaland finnes eit brystkreftgen, BRCA 1/2, ein genetisk mutasjon som går over

fleire hundre år, som difor også er arveleg. Ei årsak til at det er fleire kvinner enn menn som døyr av

kreft kunne vore at symptomsbiletet hjå kvinner kan gjera det litt vanskelegare å setja ei diagnose –

men dette er ikkje spesielt for Hjelmeland og er nok difor ikkje årsaka til dei høge tala.

Ein kan også stilla spørsmål om systemsvikt på legekontoret, men då ville det nok ha slått ut på andre

område også, i tillegg ville ein nok ha registrert at mange pasientar hadde kreft som vart oppdaga for

seint. Ei anna årsak kan vera den typiske “vestlandskulturen” der folk på bygda tenkjer at “det går

over av seg sjølv” og difor gjerne kjem for seint til legen. På andre område, som til dømes sjukefråver,

“drop out’s” og uførestatistikk, ligg Hjelmeland lågt, noko ein mistenkjer har med denne type kultur

og moralitet å gjera. Men dersom dette var tilfellet også når det gjeld legebesøk burde andre

distriktskommunar, som til dømes Suldal, også låge høgt på statistikken.

Mest sannsynleg er dette difor tilfeldigheiter, men ein bør nok granska denne tendensen nøyare, for

å utelukka andre årsaker.

52 Folkehelsekartlegging 2013

Figur 51: Antal døde av kreft i Hjelmeland og Finnøy, pr. 100 000 innbyggjarar pr. år. 1995 – 2009. Kvinner og menn. Alders-

og kjønnsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde: Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak.

53 Folkehelsekartlegging 2013

Type 2 – diabetes

Gode på førebygging og oppfølging

Figur 52: Antal pr. 1000 innbyggjarar som brukar blodglukosesenkande midlar, ekskl. insulin (diabetes type – 2 legemidlar),

2009 – 2011. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. Kjelde: Kommunehelsa/SSB.

Denne figuren viser bruk av legemidlar for type 2-diabetes, den typen sukkersjuke som i seg sjølv

ikkje vert rekna som svært alvorleg. Den typiske pasienten får det når han vert 50 år eller eldre, og

får det som følgje av livsstilen sin. Ofte er det eit teikn på feil kosthald kombinert med for lite fysisk

aktivitet.

Som vi ser på tala ligg Hjelmeland lågt, ei av årsakene til det er nok at vi er flinke på og følgja opp

pasientar som står i faresona for og (vidare-)utvikla diabetes-sjukdom. Rutinane for dette er slik:

Blodsukkeret vert målt på pasienter som er i faresonen for å utvikle diabetes pga.: 1. overvekt 2. alder 3. arv

og som har symptom som nemnt under:

54 Folkehelsekartlegging 2013

1. auka tørste 2. auka vannlatning 3. redusert vekt

Ein sjekkar og blodsukkeret på pasientar som kjem inn med høgt blodtrykk og er i faresona for å

utvikla diabetes (alder 50 +). Mange oppsøkjer og lege sjølv og ynskjer å få tatt ein kontroll av

blodsukkeret.

Dei som får konstatert diabetes type 1 og 2 får hyppig oppfølging ved oppstart med medisiner for diabetes (både tablettar og insulin) til blodsukkeret vert stabilt. Ved godt regulert blodsukker får dei oppfølging kvar 3. mnd. med en ½ times samtale med sjukepleiar, som inkluderer blodprøvar, blodtrykk, vekt, blodsukker og langtidsblodsukker (som er gjennomsnittet fra dei 3 siste mnd.). Dette vert fulgt opp med ein kontroll hjå fastlege. Ein gong i året vert det også gjennomført ein årskontroll med utvida blodprøvar, kontroll av føter, osb. Hvis det er snakk om diabetes type 2 som ikkje skal medikamentell-behandlast, forsøker ein først å få til ei livsstilsendring i form av vektreduksjon, kostendring og auka/innføring av aktivitet. Dette held ein fram med i 3 til 6 mnd., og ved positiv endring følgjer ein desse opp som nemnt ovanfor. Hvis ikkje dette fører fram, startar ein med medikamenter.

55 Folkehelsekartlegging 2013

Kronisk obstruktiv lungesjukdom (KOLS)

Om lag 200 000 nordmenn har truleg kronisk obstruktiv lungesykdom (KOLS), av desse har meir enn

halvparten diagnosen utan at dei veit det. Førekomsten er aukande, særleg blant kvinner.

Hovudårsaka er røyking, men arbeidsmiljø og arvelege eigenskapar spelar også ei rolle. (FHI)

0

20

40

60

80

100

120

2007 2008 2009 2010

An

tall

pe

r 1

00

0 in

nb

ygge

re

Legemiddelbruk (45-74 år) - Midler mot KOLS og astma (45-74 år)

menn - Hele landet

menn - Rogaland

menn - Hjelmeland

menn - Finnøy

kvinner - Hele landet

kvinner - Rogaland

kvinner - Hjelmeland

kvinner - Finnøy

Velg kjønn

Velg kommune

Velg år

Velg legemiddel Velg alder

Figur 53: Antal pr. 1000 innbyggjarar (45 – 74 år) som brukar midlar mot KOLS og astma. 2007 – 2010. Kvinner og menn.

Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde:

Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

Generelt sett er tendensen at kvinner får oftare KOLS enn menn, og difor mest sannsynleg røykjer

meir. I Hjelmeland ser vi at kvinnene ligg litt over menn, men at dei ligg godt under både fylkes- og

landsgjennomsnittet når det gjeld bruk av legemidlar mot KOLS. Mennene i Hjelmeland ligg i denne

figuren nedst, på lik linje med kvinner frå Finnøy.

56 Folkehelsekartlegging 2013

Figur 54: Antal døde av KOLS, emfysem og kronisk bronkitt pr. 100 000 innbyggjarar i 2009. Alle kommunar i Rogaland,

Rogaland og heile landet. Alders- og kjønsstandardisert. 10 – årige glidande gjennomsnitt. Kjelde:

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret, Asplan Viak.

Det har vore såpass få dødsfall knytt til KOLS i Hjelmeland at statistikken ikkje kan brukast pga. anonymifisering. Her, som på statistikken over KOLS-legemidlar, ser ein at Hjelmeland ligg godt under fylkes- og landsgjennomsnittet.

57 Folkehelsekartlegging 2013

Psykiske lidingar

0

10

20

30

40

50

60

70

80

90

100

2007 2008 2009 2010

An

tall

pe

r 1

00

0 in

nb

ygge

re

Legemiddelbruk (0-74 år) - Antidepressiva

menn - Hele landet

menn - Rogaland

menn - Hjelmeland

menn - Finnøy

kvinner - Hele landet

kvinner - Rogaland

kvinner - Hjelmeland

kvinner - Finnøy

Velg kjønn

Velg kommune

Velg år

Velg legemiddel Velg alder

Figur 55: Antal pr. 1000 innbyggjarar som brukar antidepressive legemidlar pr. år, 2007 – 2010. Kvinner og menn.

Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde:

Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

Tradisjonelt sett brukar kvinner meir antidepressive legemidlar enn menn, noko statistikken for

Hjelmeland også syner. Menn i Hjelmeland ligg under både fylkes- og landsgjennomsnittet for sitt

kjønn, det same gjer Hjelmelandskvinnene.

Her kan ein tolka dette som at vi har eit dårleg helsevesen der folk ikkje får den hjelpa dei treng. Når

det er sagt så har folk i Hjelmeland god tilgong til helsevesenet, og vi har tilsynelatande ein kultur for

at det er akseptert å be om hjelp dersom ein treng det. Det er difor mest sannsynleg andre grunnar

til at vi ligg under gjennomsnittet. Det kan mellom anna ha med alderssamansetning å gjera, vi har

mange eldre, og antidepressiva vert nok i større grad brukt av den yngre delen av befolkninga. Men

mest sannsynleg handlar nok dette om at vi oppfattar legemidlar som ei siste løysing på problemet,

og at samtale og terapi er betre. Ein ser til dømes at KID-kurs (Kurs i mestring av depresjon) stort sett

alltid er fullt. Dette er eit teikn på at folk ynskjer å gjera noko med problema sine sjølv, og tek imot

den hjelpa og dei tilboda dei får.

58 Folkehelsekartlegging 2013

0

5

10

15

20

25

2007 2008 2009 2010

An

tall

pe

r 1

00

0 in

nb

ygge

re

Legemiddelbruk (0-74 år) - Antipsykotika

menn - Hele landet

menn - Rogaland

menn - Hjelmeland

menn - Finnøy

kvinner - Hele landet

kvinner - Rogaland

kvinner - Hjelmeland

kvinner - Finnøy

Velg kjønn

Velg kommune

Velg år

Velg legemiddel Velg alder

Figur 56: Antal pr. 1000 innbyggjarar som brukar antipsykotiske legemidlar pr. år, 2007 – 2010. Kvinner og menn.

Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde:

Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

Antipsykotika er tyngre nervemedisinar. For Hjelmeland har desse kurvane dei siste åra vore relativt

stabile, med ein tendens som viser mindre bruk. Vi er også her under fylkes- og landsgjennomsnittet,

det same er Finnøy. Dette er legemidlar for personar som er alvorleg psykisk sjuke, og det er nok ei

større opphoping av slike sjukdommar i byane enn på landsbygda.

59 Folkehelsekartlegging 2013

0

20

40

60

80

100

120

140

2007 2008 2009 2010

An

tall

pe

r 1

00

0 in

nb

ygge

re

Legemiddelbruk (0-74 år) - Sovemidler og beroligende midler

menn - Hele landet

menn - Rogaland

menn - Hjelmeland

menn - Finnøy

kvinner - Hele landet

kvinner - Rogaland

kvinner - Hjelmeland

kvinner - Finnøy

Velg kjønn

Velg kommune

Velg år

Velg legemiddel Velg alder

Figur 57: Antal pr. 1000 innbyggjarar (0 – 74 år) som brukar sovemidlar og beroligande midlar. 2007 – 2010. Kvinner og

menn. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland og heile landet. 3 – års glidande gjennomsnitt, standardisert for alder og kjønn. Kjelde:

Kommunehelsa/Reseptregisteret, Asplan Viak.

Her ser ein tydeleg at det, generelt sett, er kvinner som brukar mest sovemidlar og beroligande

midlar. Kvinnene i Hjelmeland er ikkje unntak, men har dei siste åra brukt mindre enn fylkes- og

landsgjennomsnittet. Menn i Hjelmeland ligg også under snittet, og held ei relativt stabil kurve.

Fordelen med å gje ut slike midlar er at det kan fungera som problemløysing på kort sikt, og ofte er

eit betre alternativ enn å til dømes måtte bruke midlar for depresjon. Problemet med sovemidlar er

at dei har potensiale for vanedanning. Desse legemidla står også i fare for å havne i det illegale

markedet, då dei kan misbrukast av narkomane.

60 Folkehelsekartlegging 2013

Ulukker

Lårhalsbrot gjev store utfordringar

Det vi veit om lårhalsbrot er at det oftast råkar eldre folk, som i mange tilfelle vert pleietrengande

etterpå. Ofte fører det til at pasienten ikkje kjem seg på beina att, og i ein del tilfelle går vegen mot

eit dødsfall raskare etter eit lårhalsbrot. Vi veit også at slike brot er svært dyrt for samfunnet,

nettopp på grunn av behovet for pleie i etterkant.

Strøing på glatte inngongsparti vert ofte brukt som eit eksempel på førebygging av lårhalsbrot, men

ofte skjer slike brot også på institusjonar eller i heimen. Det er difor viktig å tenkja førebygging

innomhus, i tillegg til utandørs på vinterstid.

0

1

2

3

4

5

6

7

8

9

1999 2000 2001 2002 2003 2004 2005 2006 2007 2008 2009 2010

An

tall

pe

r 1

00

0 in

nb

ygge

re

Lårhalsbrudd - antall sykehusopphold

Finnøy

Hjelmeland

Rogaland

Norge

Velg kommune

Velg år

Figur 58: Antal sjukehusopphald pr. 1000 innbyggjarar forårsaka av lårhalsbrot. 1999 – 2010. Hjelmeland, Finnøy, Rogaland

og heile landet. Kjelde: Norsk Pasientregister, Asplan Viak.

Statistikken for Hjelmeland når det gjeld sjukehusopphald i forbindelse med lårhalsbrot er svingande.

Med ein liten befolkning slår det ofte sterkt ut på statistiske kurvar når tala varierar, og med relativt

mange eldre i befolkninga kjem vi ikkje lågt på denne statistikken. Når det er sagt så ser ein på

kurvane at vi ligg relativt gjennomsnittleg dersom vi ser det over lang tid.

61 Folkehelsekartlegging 2013

Flinke til å melda ifrå om yrkesskadar?

1

3

3

5

6

7

10

10

12

14

17

20

21

21

22

40

42

63

63

67

84

133

156

184

418

0 50 100 150 200 250 300 350 400 450

UTSIRA

FINNØY

BOKN

RENNESØY

FORSAND

SULDAL

HJELMELAND

BJERKREIM

LUND

RANDABERG

GJESDAL

STRAND

SOKNDAL

SAUDA

TYSVÆR

VINDAFJORD

KLEPP

EIGERSUND

SOLA

TIME

KARMØY

HAUGESUND

SANDNES

STAVANGER

Antall yrkesskader

Yrkesskader i 2010

Velg år

Figur 59: Antal yrkesskadar i 2010. Alle kommunar i Rogaland. Kjelde: Arbeidstilsynet, Asplan Viak.

Når det gjeld yrkesskadar ligg vi relativt høgt, i og med at denne statistikken syner absolutte tal (ikkje

tal i forhold til antal innbyggjarar), noko som kan ha fleire grunnar. Mest sannsynleg er det fordi vi er

ein jordbrukskommune, noko som ofte fører til større andel av yrkesskadar. Alle som driv med

næringsvirksomheit er plikta til å melde frå om yrkesskadar, så dersom folk i Hjelmeland er flinkare til

å melde frå i forhold til andre kommune, kan det virka inn på statistikken.

Dersom vi ser på figuren over yrkesskadar fordelt på næring ser vi at det er flest yrkesskadar i

jordbruk, skogbruk og fiske. Det er i desse næringane ofte undrerapporteringar, tala kan difor vere

større en det vi ser på figuren.

1

1

1

2

2

3

0 0,5 1 1,5 2 2,5 3 3,5

HELSE- OG SOSIALTJENESTER

VAREHANDEL, REPARASJON AV MOTORVOGNER

BYGGE- OG ANLEGGSVIRKSOMHET

INDUSTRI

OFF ADMINISTRASJON OG FORSVAR OG TRYGDEORDNINGER I OFF FORVALTNING

JORDBRUK, SKOGBRUK OG FISKE

Antall ulykker

Yrkesskader fordelt på næring i HJELMELAND i 2010

Velg år Velg kommune

Velg (all) ved "velg kommune" for å få tall for Rogaland

Figur 60: Yrkesskadar fordelt på næring i Hjelmeland i 2010. Kjelde: Arbeidstilsynet, Asplan Viak.

62 Folkehelsekartlegging 2013

Lite trafikkulukker

4

4

8

8

12

12

12

24

28

32

52

56

64

68

68

72

72

104

112

172

184

236

348

1752

0 200 400 600 800 1000 1200 1400 1600 1800 2000

Bokn

Forsand

Finnøy

Hjelmeland

Suldal

Rennesøy

Sokndal

Bjerkreim

Sauda

Randaberg

Strand

Lund

Eigersund

Time

Gjesdal

Klepp

Vindafjord

Tysvær

Sola

Karmøy

Haugesund

Sandnes

Stavanger

Rogaland

Antall ulykker

Antall ulykker i trafikken i 2010

Velg skadekategori Velg år

Figur 61: Antal ulukker i trafikken i 2010. Alle kommunar i Rogaland og Rogaland. Kjelde: Statens Vegvesen/SSB, Asplan

Viak.

Me er ein kommune med få innbyggjarar, og då også færre bilistar, men i både helger og sommarsesong aukar trafikkmengda betrakteleg. Det spesielle med helgetrafikken er at den første delen av helga stort sett “går innover”, medan den siste del av helga stort sett går motsatt veg. Det er altså auka trafikkmengde, men mykje av trafikken går i same retning, så risikoen for møteulukker er kanskje mindre enn mengden kunne tilsei. I tillegg gjer ferjene at trafikken ofte kjem puljevis, så når ein møter trafikk kan det ofte vera ei heil rekkje bilar samtidig. Ein kunne tru at det var auka risiko for ulukker ved forbikøyring, men det er ikkje spesielle tendensar til det. Dette kjem truleg av at det er fleire oversiktlege strekningar som normalt sett er eigna for forbikøyring. Samtidig må det nemnast at dei fleste klagene frå innbyggjarane faktisk gjeld høg fart og “uvettig” forbikøyring. Ein ser elles ein tendens til at ulukkene ofte skjer på glatt veg, så evna til raskt å måke og strø vegbana er avgjerande, og det er difor viktig å oppretthalde eit godt nivå på slikt vintervedlikehald. Sjølv om ein ynskjer enda mindre, er nok ikkje 8 ulukker i Hjelmeland i 2010 noko høgt tal, med tanke på trafikkmengde og vegstandard.

63 Folkehelsekartlegging 2013

Gode helse- og omsorgstilbod

Ein har i Hjelmeland lenge hatt eit helse- og omsorgstilbod som ligg langt over ein gjennomsnittleg

kommune. Dette har gjort at mange har fått tilbod om plass på omsorgssenter- og sjukeheim,

omsorgsbustad eller heimetenestar. Grunna økonomi har kommunen gjennomgått ein

omstillingsprosess, som har ført til ei anna organisering av desse tilboda. No vil Hjelmeland

omsorgssenter ta imot korttids- og rehabiliteringspasientar, medan Årdal omsorgssenter vil ta imot

langtidspasientar. Det vil ikkje lenger vera tilbod om omsorgsbustadar for heildøgnspleie og omsorg i

Årdal, i tillegg vil det gjennomførast ei nedbemanning på ca. 12 årsverk på dei to omsorgssentra

samla. Ein vil fortsatt ha eit godt helse- og omsorgstilbod i kommunen, men framover vil ein vera

nøydd til å sjå meir på reelle behov enn før. I tillegg vert det og arbeida med velferdsteknologi som ei

førebygging slik at folk kan bli verande lengre i heimen.

0%

5%

10%

15%

20%

25%

30%

35%

40%

2007 2008 2009 2010

Mottakere av hjemmetjenester i Hjelmeland

Mottakere av hjemmetjenester 0-66 år (andel)

Mottakere av hjemmetjenester 67 år og over (andel)

Mottakere av hjemmetjenester 67-79 år (andel)

Mottakere av hjemmetjenester 80 år og over (andel)

Mottakere av hjemmetjenester i alt (andel)

Velg aldersgruppe

Velg år

Velg kommune/Rogaland

Figur 62: Andelen av befolkninga som mottek heimetenestar i Hjelmeland, fordelt etter alder. 2007 – 2010. Kjelde: SSB,

Asplan Viak.

64 Folkehelsekartlegging 2013

KJELDAR:

Hovudkjeldar

Asplan Viak/Rogaland Fylkeskommune

Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Folkehelseinstituttet (FHI)

Folkehelserapporten 2010

Norgeshelsa

Kommunehelsa

Panda

Avdelinger internt i kommuneorganisasjonen

Kjeldar demografi

Asplan Viak

Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Folkehelseinstituttet (FHI)

Kommunehelsa/Dødsårsaksregisteret

Panda

Kommunesjef Omsorg og levekår

Kommunesjef Bygdeutvikling

Kommuneoverlege

Avd. leiar Vaksenopplæring

Leiar Frivillig Sentral

Kjeldar levekår

Asplan Viak

Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Folkehelseinstituttet (FHI)

NAV

Leiar NAV Hjelmeland

Kjeldar omgjevnadar

Asplan Viak

Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Folkehelseinstituttet (FHI)

Kommunehelsa/Kriminalstatisikk

Statens Forurensningstilsyn (SFT)

Lensmannen i Hjelmeland

Kommunesjef Bygdeutvikling

Rådgjevarar/saksbehandlarar Bygdeutvikling

Teknisk leiar

Kommuneoverlege

Enkel Bygg

www.hjb.no (Hjelmeland Bygg)

65 Folkehelsekartlegging 2013

www.finn.no

Kjeldar oppvekst

Asplan Viak

Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Folkehelseinstituttet (FHI) o “Barns vekst i Norge”

Kostra

Norgeshelsa

Medisinsk fødselsregister (MFR)

Tannhelse Rogaland

Tannpleiar Hjelmeland Tannklinikk

Jordmor

Leiande helsesyster

Avdelingsleiar Psykisk helse

Psykiatrisk sjukepleiar

Leiar/Rettleiar NAV Hjelmeland

Leiar Barne- og familieseksjonen

Kommunesjef Oppvekst

Lærarar/rådgjevar/rektor Hjelmeland ungdomsskule

Inspektør Hjelmeland barneskule

Rektor Jøsneset skule

Rektor Fister skule

Inspektør Årdal skule

Styrar Hjelmeland barnehage

Styrar Jøsneset/Jøsenfjorden barnehage

Styrar Fister barnehage

Styrar Årdal barnehage

Kulturseksjonen

Rusførebyggjande forum

www.ungdata.no

Kjeldar vaksne og eldre

Asplan Viak

Statistisk Sentralbyrå (SSB) o “Helse- og levekårsundersøkelsen”

Folkehelseinstituttet (FHI)

Kommunehelsa/Reseptregisteret/Dødsårsaksregisteret

Norsk Pasientregister

Arbeidstilsynet

Statens Vegvesen

www.nhi.no – Norsk Helseinformatikk

Kommuneoverlege

Kommunelege III

Sjukepleiarar, Hjelmeland Legekontor

Kommunesjef Omsorg og levekår

Kommunesjef Bygdeutvikling

66 Folkehelsekartlegging 2013

Kulturleiar

Leiar Frivillig Sentral

Avdelingsleiar Psykisk helse

Lensmannen i Hjelmeland