21
Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera? Oddrun Grønvik Landsmøtet til Noregs Mållag 28.4.2007

Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

  • Upload
    darius

  • View
    37

  • Download
    5

Embed Size (px)

DESCRIPTION

Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?. Oddrun Grønvik Landsmøtet til Noregs Mållag 28.4.2007. Perspektiv. Leggja eit best mogleg grunnlag for at ny norsk skal vera eit samfunnsberande skriftspråk om hundre år (etter Norsk i hundre! Språkrådet 2005). 2000 2001 2002 2003. - PowerPoint PPT Presentation

Citation preview

Page 1: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Kvar går Språkrådet?

Kva vegval bør målrørsla gjera?

Oddrun Grønvik

Landsmøtet til Noregs Mållag 28.4.2007

Page 2: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Perspektiv

Leggja eit best mogleg grunnlag for at nynorsk skal vera eit samfunnsberande skriftspråk om hundre år

(etter Norsk i hundre! Språkrådet 2005)

Page 3: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Rettskrivingssaka – kva er skjedd?

2000

2001

2002

2003

Bokmålsseksjonen i Norsk språkråd vedtok å fjerne klammeformsystemet

KKD spør om klammeformsystemet kunne fjernast også i nynorsk

Referansegruppe for nynorsk nedsett. Punktgranskingar gjennomførde.

Drøfting i nynorskseksjonen i Norsk språkråd- Vedtak om å fjerne klammesystemet- To syn på kva rettskrivinga skal omfatte- Utgreiinga Nynorskrettskrivinga ut på høyring med

fleirtals- og mindretalsinnstillingVedtak om å halda på klammeformsystemet for nynorsk

rettskriving

Page 4: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Rettskrivingssaka etter omskiping av Språkrådet

2006

2007

Bokmålsrettskrivinga utan klammer lansertKKD ber Språkrådet melde inn "innhald og

omfang av dagleg vedlikehald av norsk”.Språkrådet melder normeringsbehov til KKD.

Prioriterer "En gjennomgripende revisjon av rettskrivningen for nynorsk".

Fire fagråd under Språkrådet oppnemnde av KKD

Spørsmålet om nynorskrettskrivinga på sakskartet til Fagråd for språkobservasjon og normering.

Page 5: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Språkrådet – kva er skjedd?

2002

2004

2005

20062007

Tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd oppheva

Årsmøte i Språkrådet der omdanning var hovudsakaLov av 18. juni 1971 om Norsk språkråd opphevaSpråkrådet skipa som råd under KKD med mandat til

å bli eit nytt kompetansesenter for norsk språkRapporten "Norsk i hundre" blir framlagdNye vedtekter for Språkrådet fastsette av KKDKonstituerande møte for dei fire fagråda under styret i

SpråkrådetStortingsmelding om språk lova seinare i år

Page 6: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Punkt å tenkje på

Status for nynorsk rettskrivingStatus for nynorsk bruksmål

Kva skal nynorskrettskrivinga femna om?Kven skal vera med og forma rettskrivinga?Kor viktig er rettskrivinga (symbolverdiar)?Kva verknad kan rettskrivingsendring ha på

språkbrukarar og målrørsla?

Page 7: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Status for nynorsk rettskriving

• Store rettskrivingsendringar 1850 - 1938• Små rettskrivingsendringar etter 1938• ”midtlinjenynorsk” = samling rundt dei

tradisjonelle formene innanfor læreboknormalen

• Talet på sideformer auka mykje på 70- og 80-talet

• Valfridomen i nynorskrettskrivinga blir i dag etter måten lite nytta – bra el ille?

• Er valfridom i rettskrivinga eit gode i seg sjølv, eller eit steg på vegen til ein fast normal?

Page 8: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Framlegga frå 2002

Rørte lite ved valfridom innenfor hovudformene

• Galdt klammeformene• i-målet går utUsemje om• valfri diftong/monoftong (flaum/flom,

øyre/øre)• j-lause former (legge, skjenke)• Fleirtal på –ar for ord som bunad og sofa• Fortidsform på –te for verb med –de

(kjenne, køyre)

Page 9: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Status for nynorsk bruksmål

• Alle lærer å lese og skrive nynorsk (ungdomsskulen)

• Målføra allment godtekne og brukte (på veg mot regionale talemål?)

• Fleire utgjevingar og sjangrar enn nokon gong før

• Færre opne forbod mot nynorsk• Område der nynorsken ikkje blir brukt?

Realfag, forretningsliv … Manglar oppfølging og kartlegging.

• Tal skuleelevar, studentar, rekruttar?

Page 10: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Kva skal nynorskrettskrivinga femna om?

• Offisiell norm – statleg vedteken rettskriving

• Uoffisiell norm – dominerande praksis mellom tunge (private) aktørar

• Offisiell norm er obligatorisk for offentleg målbruk og til undervisning

• Skal den offisielle norma vere ramme for skriftmålet til alle nynorskbrukarar i alle samanhangar?

Page 11: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Kven skal vera med og forma rettskrivinga?

• Open, offentleg, demokratisk prosess• Vedteken av folkevalde eller delegerte for dei

folkevalde (departement, fagråd mm)• I lukka rom og krinsar • Vedteken av dei som har makt til å realisera

ei rettskriving (forlag, ordboksredaksjonar, akademi, avisredaksjonar …)

• Praksis: ei blanding!

Page 12: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Kor viktig er rettskrivinga (symbolverdiar)?

• Rettskrivinga skal vera talemålsnær og ha stor valfridom så kvar kan forma sin stil

• Symbol for viktige politiske prinsipp • Høgt engasjement

• Rettskrivinga skal vera fast og systematisk slik at ho er lett å læra og kontrollera

• Ei teknisk administrativ tilretteleggingssak • Lågt engasjement

Page 13: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Moglege negative verknader av rettskrivingsendring 1

Høgt engasjement (sterk øsing)Strid om rettskrivinga kløyver målfolket og

tek merksemda vekk frå nynorsk som bruksmål

Vonbrot over å ikkje få ”eigne” former fører til avskaling og tap i utbreiing

Strid om rettskrivinga støyter folk vekkIrritasjon over manglande fastleik fører til

at folk vel bokmål

Page 14: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Moglege negative verknader av rettskrivingsendring 2

Lågt engasjement (likesæle)• Det blir utarbeidd ny rettskriving med

ordlister og ordbøker, men blir dei tekne i bruk?

• Folk gidd ikkje læra seg dei nye reglane og held fram som før (det går stort sett greitt)

• Folk går over til bokmål fordi det er lettare å gå med straumen

Page 15: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Moglege positive verknader av rettskrivingsendring

• Nynorsk får ei enklare form – lettare å lære• Nynorsk bli billegare i drift (mindre

kontrollapparat, mindre tvil)• Det blir lettare å lage gode språkverkty for

oppfølging og opplæring• Argument mot jamstelling i arbeidslivet

(domene, terminologiutvikling) får mindre vekt

• Meir innsats for bruksmål og språkodlingFøresetnad: streng norm, lite valfridom

Page 16: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Semje gjev styrke

Mine spørsmål til nynorskbrukarane:Kor omfattande rettskrivingsendringar

kan ein nå fram til semje om? Trengst det ei ny utgreiing om

nynorskrettskrivinga i tillegg til 2002-utgreiinga?

Kor omfattande bør den formelle prosessen vera? (høyringar, møte osb.)

Page 17: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Eit par språkprøver 1860 - 1920

Eg for meg heve fengjet mine Saar og Skraamor, og der er alt skotne mange Hestar under meg. Den sidste var, daa eg no vardt utjagad fraa Departementet. (A. O. Vinje: Skrifter i Samling III,135)

Lensmannen med sine Vitne stig inn paa Lofte hjaa Enkja og skal gjera "Execution". Det gjeld dei siste Restane; Gull-Ure ho fekk av Mor si ein Gong; Gull-Ringen ho fekk av Brudgomen sin; Vogga der Borni hennar hev sovi; den gamle Sofaen .. (Arne Garborg: Skriftir i samling VII s. 32. 1922)

Page 18: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Språkprøve 1917

sjølvstende-kunngjeringi … ber merke av det synet som upplysningsmennene i Europa målbar på dei tider, og segjer m.a. at alle menneske er skapte like og hev fått sine ukrenkjelege rettar, som retten til liv, fridom, framtak. (Eskeland, Severin: Soga um millomalderen og den nye tidi s. 236. Kristiania, Cappelen, 1926)

Page 19: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Språkprøver 1930-åraDuun, Olav: Siste leveåre. s. 58. Oslo, Norli, 1933Det vart ikkje så ho sa noko større med han var inne, anna enn litt vanlig

prat om vêre og om laksen, ja og så om krigen. -Men krigen og mannfolka skjønnar eg meg ikkje på, sa ho. Noko anna enn litt godprat vart det ikkje millom henne og Ragnhild heller etter det. Lea måtte få sjå over Stavsund ute og inne. Dei gjekk frå loft til bur og småsnakka, og Ragnhild hørtes rolig og fornøgd.

Vesaas, Tarjei: Fars reise. s. 113-114. Oslo, Norli, 1930Slik uro der var no fyre alt skulde stilne. Dei som sat på dammen sansa

det, dei såg uppyver i det myrke, såg ingenting, høyrde ikkje heller, på vanleg vis, berre sansa. Dyregodtmannen fekk liv i augo. I den gode tid, fyre angesten tok til sigle på himmelen hans, gjekk han vel einstad burt i dei stille strendene, so langt undan at damfossen var døyvd, for å lye med isen la.

Sveen, Åsmund: Svartjord. s. 136. Oslo, Gyldendal, 1937-Kast-ut likvaskaren, skreik dei til Tore, raude andlet kopte imot han.

Risen var veik som fausk, gjorde kje motstand, sa inkje, Tore støytte han ut gjenom døraholet så han tomla mot troppa. -God kar, god kar, skreik dei til Tore folk ikring, noen vilde skjenke han.

Page 20: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Språkprøver frå etterkrigstida

Så varmt hadde Vitskapsselskapet tala Aasens sak, at sjølve departementet no såg seg forplikta til å ta initiativet til å gje Aasen den årlege hjelp, 300 spd., som trongst til å føra det verket vidare, som selskapet i 9 år hadde bore fram med slik kjærleik. Men V. S. slepte ikkje Aasen før den tidlegare protesjéen vart gjord til likemann, dvs. då dei i 1852 valde han inn som medlem. (Øverås, Asbjørn: Frå virke og vitskap s. 85-86. Oslo, Aschehoug, 1956)

Måndag låg det føre tilråding om at eg var kvalifisert til eit professorat i nynorsk litteratur og målbruk. Tysdag godkjende fakultetet det som var gjort, og vedtok tilrådinga; det same gjorde kollegiet. Men fyrst 21. oktober tilsette departementet meg, frå 1. november. I bladmeldinga vart det særskilt sagt at utnemninga var gjord etter tilråding frå Universitetet; Devik hadde sytt for det, og han har fortalt at han fekk ein reprimande av den grunn. (Midttun, Olav / Livsminne. S. 137. Oslo, Samlaget, 1971)

Den 18. juni la president Bush fram ein plan for eit Homeland Security Department. Det er eit stort departement som, for betre å kunne ivareta alle dei nasjonale tryggingsinteressene, skal ta opp i seg mange av funksjonane som i dag er spreidde over mange av dei andre departementa. Denne veka stakk ein liberal republikansk senator kjeppar i hjula for presidentens rett til setje til side dei faglege rettane i det nye departementet. (Dag og Tid 2002)

Page 21: Kvar går Språkrådet? Kva vegval bør målrørsla gjera?

Litteratur

Norsk i hundre! Norsk som nasjonalspråk i globaliseringens tidsalder. Et forslag til strategi. Språkrådet 2005.

Nynorskrettskrivinga. Utgreiing om og framlegg til revisjon av rettskrivinga i nynorsk. Norsk språkråd 30.10.2002.

http://no2014.uio.no (følg peikarar til Nynorskkorpuset)