8
Bremanger Arbeidarparti Kommunevalprogram 2015 - 2019

Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti

Kommunevalprogram2015 - 2019

Page 2: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti2

Vi får til meir saman enn kvar for oss

Helsing frå ordførarkandidaten

Kjære veljar!

Nærmiljøa og lokalsamfunna er rammene for liva våre. Arbeiderpartiet trur på sterke fellesskapsløysingar, fordi vi får til meir saman enn kvar for oss. Det gir større tryggleik og fleire moglegheiter for den einskilde om vi stiller opp for kvarandre. Programmet vårt for 2015 til 2019 syner korleis Bremanger Arbeidarparti vil arbeide for innbyggjarane i kommunen.

Valet 14. september handlar om korleis heimstaden din, og ditt nærmiljø skal utvikle seg. Det handlar om di framtid. Gode og trygge lokalsamfunn er viktig for at det skal vere godt å vekse opp. Det må vere gode tilbod til alle alders- grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi få gode lokalsamfunn må vi samarbeide med frivillige krefter lokalt, og legge til rette slik at det er mogleg å få ting til å skje.

Hugs at den som stemmer – bestemmer. Så bruk røysteretten din. Røyst gjerne på oss, om du meiner vi har dei beste sakene. Vi ynskjer deg eit godt val. Om du møter oss på stand eller i andre samanhengar i tida framover, vonar vi at du har tid til å fortelje oss kva som er viktig for deg.

Espen SortevikOrdførarkandidat

Page 3: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Ny kommunereformVi er no midt i ei omfattande kommunereform. Vi veit enno ikkje om Bremanger vil bestå som eigen kommune i framtida, eller korleis ein eventuell ny stor- kommune vil sjå ut. For Bremanger Arbeidarparti er gode tenestetilbod, og attraktive nærmiljø eit hovudfokus uavhengig av kommunestruktur. Vi vil arbeide vidare med kommunereforma med fokus på det som vil gje det beste tilbodet til innbyggjarane i Bremanger kommune.

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti

Like moglegheiter for alle Arbeidarpartiet sin visjon er ei rettferdig verd utan fattigdom, der menneske er frie, likestilte og kan påverke sin eigen kvardag. Trygge menneske skapar trygge samfunn. Vi vil ha eit samfunn basert på fridom, solidaritet og like moglegheiter for alle.

3

Vårt verdigrunnlag:

Page 4: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Barnehage og skuleBremanger Arbeidarparti vil at det skal drivast gode barnehagar og skular som ivaretek trivsel, tilpassa opplæring og eit godt læringsmiljø for born, elevar og tilsette. Både barnehage og skule skal vere ein ressurs i nærmiljøet gjennom samarbeid med lokalsamfunnet. Bremanger Arbeidarparti vil:• Auke opp dei økonomiske rammene til oppvekstsektoren for å nå måla i

planane.• Oppretthalde dagens skulestruktur dersom tilbodet er fagleg og sosialt

forsvarleg.• Ruste opp skulebygg til tidsmessig standard.• Ha god oppfølging på gjeldande planar for oppvekstsektoren.• Starte planlegging av nytt badeanlegg i Svelgen.

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti4

Page 5: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Ung i Bremanger Bremanger Arbeidarparti vil at det skal leggast til rette for at ungdom og unge vaksne skal trivast i Bremanger kommune. Det er viktig at dei unge er kjende med tilbod og moglegheiter som finst i kommunen. Bremanger Arbeidarparti vil:• Involvere ungdomen, og ta dei med på råd i saker som vedkjem dei.• Sikre eigne, gode lokalar, og møteplassar som stettar ungdomen sitt

behov.• Ha eit velfungerande ungdomsråd som skal vere den lokale ungdomen sitt

talerøyr.• Auke ressursen til ungdomsarbeid.

Idrett og kulturBremanger Arbeidarparti ynskjer at innbyggarane i kommunen skal ha eit breitt idrett og kulturtilbod. Kommunen har eit rikt idrett og kulturliv, ein trivselsfaktor som er viktig både for fastbuande og besøkjande. Både idrett og kultur er med på å skape eit fellesskap mellom bygdene. Bremanger Arbeidarparti vil at:• Dei tilsette i kulturskulen skal få betre kontorarbeidsplassar.• Det offentlege skal vere ein aktiv støttespelar til små og store arrangement.• Det blir gjeve økonomisk støtte til kulturhus.• Kultursektoren blir styrka, og at tilboda blir utvida.

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti 5

Page 6: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Samferdsle og kommunikasjonGode kommunikasjonar er ein nøkkelfaktor for å sikre busetnad og nærings- utvikling. Ikkje minst er det viktig for at kommunen skal vere attraktiv for tilflytting. Bremanger Arbeidarparti skal arbeide for:• Ferdigstilling av Kystvegen med låglandslinje sørover, samt bru over ytre

Nordfjord.• Utbetring på strekninga Kalvåg – Klubben.• Å heve standarden på tilfartsvegane.• Fibernettutbygging og annan telekommunikasjon i heile kommunen.• Eit godt pendlartilbod - ferje-, buss- og båtavgangar, samt betre korrespon-

danse opp mot flyavgangane.• Å leggje til rette for bruk av elbilar.

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti6

Næring og verdiskapingBremanger skal vere ein attraktiv kommune for næringslivet. Bremanger Arbeidarparti skal vere pådrivar for at målsetjingane og prioriteringane i kom-munen sin Strategisk Næringsplan 2015 –2020 skal bli gjennomførte.

Bremanger Arbeidarparti skal arbeide for:• Realisering av Kalvøyaprosjektet.• Å legge til rette for nye arbeidsplassar og trygge eksisterande.• Tilflytting til kommunen og rekruttering. • At mangfaldet av arbeidsplassar blir synleggjort.• Likeverdige nett-tariffar i regional- og sentralnett for kraftkrevjande industri.• At kommunen skal vere ein aktiv samarbeidspart med det lokale

næringslivet.• At kommunen skal etablere byggeklare tomter i dei ulike bygdene.• At sentrumsplan for Svelgen vert gjennomførd.

Page 7: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Helse og omsorgGode og likeverdige helsetenester skal vere tilgjengelege for alle når ein treng det. Bremanger Arbeidarparti vil ha auka satsing innan helsefremjande og føre-byggjande arbeid. Bremanger Arbeidarparti vil at eldre skal få bu heime så lenge dei ønskjer det - og det er forsvarleg. Difor vil vi at det skal satsast meir på heimebuande eldre. Bremanger Arbeidarparti vil:• At brukarane alltid skal stå i sentrum, og vere trygge på at dei får teneste

på rett tid og rett nivå. • Ha auka fokus på førebygging. Aktivitet er god førebygging mot både fysisk

og psykisk helse.• At open omsorg skal ha kvelds- og natteneste.• At det skal etablerast eldresenter i ytre Bremanger slik som Keipenstova i

Svelgen.• Oppretthalde to legekontor i kommunen.• At det skal byggast nye bu-einingar knytt til Haugetun.• At det skal byggast nye omsorgsbustadar for unge i Svelgen. • Fylgje opp Strategisk plan for helse og omsorg.• Oppretthalde ambulansetilbod der responstida skal vere like god som no.

Arbeiderpartiet.noBremanger Arbeidarparti 7

Page 8: Kommunevalprogram 2015 - 2019 - Amazon Web Servicesbucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.… · grupper, slik at folk ynskjer å leve liva sine her. Skal vi

Våre kandidatar

1. ESPEN SORTEVIK 19602. ÅSE LEIRGULEN 19643. Per Helge Eikeland 19564. Anne Kristin Førde 19655. Leo H. Cirotzki 19706. Anne Sofie Igland 19747. Arvid Langeland 19518. Thomas S. Øvstedal 19819. Alice Beate Holm 199510. Bjørnar Førde 195911. Frank Midtbø 196612. Aina A. Førde 196613. Øyvind Grindheim 196314. Nils Jørgen Sagebø 196415. Camilla Gullhaugen 1981

16. Asle Jonny Førde 196017. Knut Sande 195818. Svein Klævold 197319. Nina Klara Grotle 196220. Espen Walter Gulliksen 196321. Svein Arne Sandvik 196222. Anita Løver 196323. Jarle Vilmar Frøyen 196524. Aud Berit Mulelid 196525. Gunnar Styve 197026. Ute Førde 196327. Anita Brevik 196428. Arild Igland 196329. Ellen Oline Isane 1970

Frå venstre: Åse Leirgulen, Thomas Øvstedal, Espen Sortevik, Per Helge Eikeland, Anne Kristin Førde, Alice Beate Holm

Følg oss på facebook

www.bremanger.arbeiderparti.no