8
Suldal Arbeidarparti PROGRAMMET VÅRT 2015-2019

ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

  • Upload
    others

  • View
    0

  • Download
    0

Embed Size (px)

Citation preview

Page 1: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

Suldal Arbeidarparti

PROGRAMMET VÅRT

2015-2019

Page 2: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

2

Page 3: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

Kjære veljar!

Suldal er ein god kommune å bu i. Me har god økonomi og gode inntekter frå store kraftutbyggingar i kommunen vår. Dette er midlar som kjem oss alle til gode.

Suldal skal også i framtida vera ein god plass å bu. Til det treng me verdiskaping, skatteinntekter og god styring. Derfor vil me arbeida for utvikling av nærings- livet, styrka landbruket og gi aktiv støtte til etablering av nye arbeidsplassar.

Oppvekst, kultur og helse er prioriterte oppgåver i eit velferdssamfunn. Helse- og eldrepolitikken skal vera tilpassa til beste for kvar enkelt. Barnehage og skule skal gi barn og unge læring og tryggheit slik at dei blir godt rusta for vidare utdanning og arbeid.

Klima og miljøperspektivet kjem stadig meir inn på livet til kvar enkelt. Som samfunn må me leggja til grunn ei berekraftig forvaltning av dei rike naturressursane våre. Miljø- og klimaomsyn skal vera ein del av styringsgrunn-laget for alt planarbeid. Me vil ta vare på det heilskape- lege natur- og kulturlandskapet vårt.

Godt å bu i Suldal

Vennleg helsing

Kari Vaage Gjuvsland Ordførarkandidat

3

Page 4: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

4

Godt å bu i Suldal!

Suldal skal vere ein god kommune å bu i med eit sterkt kommunesenter oglevande grender.

Suldal Arbeidarparti vil :

• Ha god tilgang på attraktive tomter og stimulere til auka bygging av bustader for sal og utleige.• Auke talet på kommunale rekrutteringsbustader. • Støtte tiltak som legg til rette for at innbyggarane kan utøve fysisk aktivitet. Det er godt folkehelsearbeid, trivselsfremmande og sparer samfunnet for kostnader. • Arbeide for å realisere tursti/sykkelveg frå Suldalsosen til Sand.• Sikre allemannsretten til å bruke naturen, særleg i strandsona.• Ta vare på kulturarven vår og samstundes gje plass til fleirkulturelt fellesskap.• Vidareutvikle Suldal som kulturkommune. • Støtte arbeidet til frivillige lag og organisasjonar, særleg det som rettar seg mot barn og unge.

Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope, demokratisk og rettferdigsamfunn. Suldal Arbeidarparti har tru på sterke fellesskapsløysingar fordi me får til meir saman enn kvar for oss. Me vil utvikla eit demokratisk og rettferdig samfunn der alle, uavhengig av kjønn, sosial bakgrunn,religion, funksjonsevne, seksuell identitet og etnisk bakgrunn skal ha same høve til eit godt liv.

Page 5: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

55

• Vidareføre ein god kulturskule og ei god distriktsmusikarordning.

• Føre ein aktiv oppvekstpolitikk med gode barnehage- og skuletilbod med god kvalitet.

• Føre ein aktiv ekdrepolitikk med gode og individuelt tilpassa helse- og omsorgstilbod• Førebygge isolasjon og passivitet blant heimebuande unge og eldre, og tilby møteplasser med aktivitet, gjerne i samarbeid med frivillige lag og organisasjoner.

• Føre ein aktiv integreringspolitikk og ha god tilgang på husvære.

Berekraftig utviklingSuldal skal ha ei berekraftig utvikling der ein brukar og ikkje forbrukar na-turressursane. Areal er den viktigaste naturressursen i Suldal.

Suldal Arbeidarparti vil :

• At miljø- og klimaomsyn skal inngå som ein del av styringsgrunnlaget for alt planarbeid. • Ha heilskapleg risikostyring for all arealbruk

• Vere restriktive til bygginga i strandsona.

• Vere restriktive til motorisert ferdsel i fjell og utmark.

• Ta vare på heilskaplege naturmiljø og kulturland-skap ved tilpassa bruk.

Næring og sysselsettingEi god utvikling i næringslivet er avgjerande for all utvikling i Suldal.

Suldal Arbeidarparti vil :

• Støtte aktivt bedriftsetableringar og nye arbeidsplassar.

• Styrke og utvikle eksisterande næringsliv.

Page 6: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

• Delta aktivt i interkommunalt samarbeid om næringsutvikling.

• Legge til rette for auka tilgang på arbeidskraft til verksemder i kommunen.

• Gje landbruket ekstra merksemd i dei store utfordringane det står overfor.

• Arbeide for styrking av lokal matproduksjon basert på lokale ressursar.

• Stimulere til auka inntak av lærlingar i privat og offentleg verksemd.

• Unngå ufrivillig deltid og mellombelse stillingar i kommunen.

• Gi støtte til vidareutdanning som kommunen har trong for.

Kommunikasjonar

Gode og trygge vegar og kommunikasjonar er svært viktig for

næringslivet og for innbyggarane i Suldal.

Suldal Arbeidarparti vil:

• Ras-sikre og utbetre Rv 13 på strekninga Erfjord – Sand og på Suldalsvegen

• Utvide kapasiteten på ferjesambandet over Jøsenfjorden til to ferjer og nattsegling.

• Best mogeleg kollektivtilbod der hurtigbåten til Sand/Sauda utgjer berebjelken i tilbodet.

• Suldal skal ha tilfredstillande breiband- og mobildekning

Kommunesamarbeid/kommunesamanslåingSuldal er i dag ein kommune med store avstandar. Ei eventuell kommunsamanslåingmed nytt kommunesenter vil både fysisk og mentalt gjere avstanden til sentrum ennå større.

Suldal Arbeidarparti vil:

• Behalda Suldal som eigen kommune. Utvikle forpliktande samarbeid i staden for samanslåing.

6

Page 7: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

1. Kari Vaage Gjuvsland 1961

2. Henrik Halsne 1946

3. Klara Holmestad Nerheim 1967

4. Johne Johnsen 1965

5. Christiane Elmies-Jansky 1964

6. Oddvin Marvik 1960

7. Silje Færøy 1979

8. Jan Helge Moe 1959

9. Magnhild Hoås 1959

10. Håkon Nielsen 1958

11. Reidun Korsvoll 1946

12. Odd Vanvik 1952

7

Kandidatane Våre

Page 8: ÅRT 2015-2019bucketeer-872a238d-0b7b-4798-b9c6-e4c3017eac3e.s3.amazonaws.…Suldal er ein kommune med gode framtidsutsikter. I fellesskap kan me nytta dei til å skapa eit meir ope,

Velkommen til vårt program for 2015-2019!

Her finner du dei viktigsta sakane vi går til val på den 14. september. Er du interessert i meir informasjon, kan du gå til suldal.arbeiderparti.no

Her kan du også lese mer om kandidatene våre.

Ha eit godt val!